YTRE JÅRVIK, gardsnr. 33.

Garden ligg vest av Indre Jårvik, mot syd grensar han til Hamra og Lovraslåtta, mot nord til Sandsfjorden.

Ytre Jårvik var som Indre Jårvik krongods. Ytre og Indre Jårvik vart frå gamalt av rekna som eit bruk. Det som er skrive om Indre Jårvik gjeld òg for Ytre Jårvik. Hadle Larsson Hamra kjøpte desse to bruka ikr. 1690 av oberst Fredrik Gersdorf. Kona til Hadle Hamra hadde før vore gift med Halvar Hamra og hadde med han ei dotter, Inger Halvarsdotter, g. m. Peder Larsson Røykjenes i Vats. Peder Larsson var frå Landsnes. I arveskiftet etter Siri Osmundsdotter Hamra ikr. 1710 skulle Ytre Jårvik saman med anna gods falla til eldste dotter hennar, Inger Halvarsdotter. Ho var død då, så hennar arvepart tilfalt sonen, Lars Pederson Røykjenes. Lars Pederson var då soldat i Kongens teneste og døydde som soldat nokre år etter. Faren Peder Røykjenes arva son sin.

I 1722 selde Peder Røykjenes Ytre Jårvik 18 m. sm. til Kristen Gudmundson Bergeland. I arveskiftet etter Kristen Bergeland i 1758 vart Ytre Jårvik saman med anna jordegods utlagt dottera, Anna Kristensdotter, g. m. Ola Gudmundson Håland i Erfjord. I 1769 selde Ola Råland Ytre Jårvik til oppsitjaren der, Jakob Øysteinson, for 100 rd. Skjøte dat. og tgl. 2. nov. 1769. Frå då har brukar og eigar vore same mann.

Etter matrikkelen frå 1668 har Ytre Jårvik matr.nr. 85, 1 pd. sm., de Gjedders gods. Sår 1 tn. korn. Før hest og 5 kyr. Der er eindel sag og hustømmer, nok av brennevedskog. Ein kvernstad til eige bruk. Vart sett i landskyld 1 pund smør, leidang 3 kalvskinn, tiende 1 spann korn, småreidsla 3 skilling.

Om matrikkelutkastet frå 1723 sjå Indre Jårvik.

I ny matrikkel 1838 får Ytre Jårvik matr.nr. 23, løpenr. 87. Den gamle matrikkelskylda 18 m. sm. vart då til 1 dl. 3 ort 6 sk.

Etter matrikkelen 1851 får Ytre Jårvik matr.nr. 2 løpenr. 2.

I førebuinga til ny matrikkel som tok til i 1863 vart Ytre Jårvik vurdert såleis: Ytre Jårvik matr.nr. 2, eigar Lars Jårvik, skyld 1 dl. 3 ort 6 sk. Sår 4 tn. havre og haustar 17 tn. 4 tn. poteter og haustar 17 tn. Før 1 hest, 3 kyr, 1 ungnaut og 30 sauer. På husmannsplassane sår dei 1/8 tn. havre og 2 5/8 tn. poteter, haustar 3 ¾ og 10 ½ tn. Før 1 ku og 1 ungnaut. På Ytre Jårvik var det 12 mål åkerland og 25 mål engslått. Innmarka vurdert til 309 spd. Frådrag for lite dyrkningsjord. På husmannsplassane var det 12 mål jord som vart vurdert til 43 spd. Tillegg for lett åkoma til 34 spd. Frådrag for tung å vinna 34 spd. Tillegg for beite 125 spd. Skogen til 330 spd. Vassfall 10 spd. Heile brukets verdi 795 spd. Framlegg til ny matr.skyld 2 dl. 31 skilling.

Resultatet vart matrikkelen av 1886: Ytre Jårvik gardsnr. 33, bruksnr. 1. Ny matr.skyld 4 mark 5 øre. Likeeins i 1906.

Ytre Jårvik har alltid vore einmannsbruk, bortsett frå nokre år i midten av 1800 talet då garden vart delt i to bruk, men vart snart etter slått saman til eit bruk att.

Brukarar.

Frå første halvpart av 1600 talet ser det ut til det er same brukar båe Jårvikgardane. Først ikr. 1640 kan me skilja mellom brukarane i Ytre og Indre Jårvik. Om dei første brukarar sjå Indre Jårvik.

 

1. Henrik Erikson,

59 år i 1666, bygslar 18 m. sm. i Jårvik i 1638. I lensrekneskapen 1639/40 står det: «Den 12. desember har jeg leiet Henrik Ottøen 18 m. sm. i Jårvik og gården å oppbygge. Gav 6.rd» I tredjeårsbygsla seinare betalar Henrik Ottøy for både Ytre og Indre Jårvik ½ l. sm. Truleg har Henrik Erikson helst budd på Ottøy og har nytta lotbrukarar i Jårvik. I 1666 bur han i Ytre Jårvik, men i 1670 er han attende i Ottøy. Det året skriv lensherre Below til han at eigarane av Ottøy ikkje vil ha han buande der, og ber han flytta til sin eigen leigegard Jårvik. Om Henrik Erikson sjå Ottøy.

 

2. Kjell Gunnarson

brukte Ytre Jårvik etter Henrik Erikson. Han er gift med ei søster av Anfinn Knutson i I. Høyvik.

Me kjenner ikkje mykje til barna etter Kjell Jårvik. Ein son var Gunnar Kjellson som budde i Stavanger. Han døydde på Hidlekalven då han med kona var på reis attende til Stavanger i 1729. I kyrkjeboka for Sjernarøy står det 24. sept. 1729: «Gravlagt Gunnar Kjellsen, født i Liarvik (Jårvik) a Jelse sogn. Kom i ekteskap med sin etterlevende enke Elen Andersdtr. og har bodd med henne i Stavanger i 25 år 8 md. og 3 uker. Har avlet tilsammen 4 drengebarn. De 3 er i Guds gjemme. Har levet her i verden 55 år 2 md. 3 uker. Døde på Hidlekalven da han med sin hustru var på reis til Stavanger!»

 

3. Per Sveinson

f. ikr. 1663, bygsla Ytre Jårvik ikr. 1696. Han var frå Midvik i Sand, men far hans, Svein Olson, var frå Bergenhus len og var litt av ein farande fant, Store Svein var han og kalla. Etter at sonen kom til Jårvik fekk faren bu i Grønnevik u. Jårvik.

I 1706 stemner Sr. Gunbjørnsen Store Svein og son hans Per Jårvik fordi dei hadde stole tømmer frå han. Truleg var det rektømmer som er kome rekande frå Sand. 5 stokkar hadde dei drege på land i Midvik og den 6. flaut på sjøen, vitnar Per og Ola Sand. Då dei ei stund etter kom til Midvik hadde dei skore opp alle 6 stokkane til stavbutt.

Per Sveinson gift 1696 med Malena Persdotter. Barn:

a.Magla Persdtr. f. 1697, død same år.
b.Magla Persdtr. f. 1699.
c.Per Person f. 1701, død same år.
d.Siri Persdtr. f. 1703.

Per Sveinson er flytt frå Jårvik før 1710.

 

4. Ola Jonson

bygsla Ytre Jårvik i 1710 av Ola Olson Hamra. (Ola Olson var gift med enka etter Hadle Hamra).

I ekstraskattelista frå 1711 er han oppført med kona, men ingen barn. Han brukte garden til 1726. Då har han levert garden til Ove Nilsson og sett seg i folga. I 1727 stemnde han Ove til tinget. Det er eit naust og kvernhus som Ola Jonson sjølv har sett opp og som han meinte han åtte, men Ove har teke dei i bruk og vil ikkje betala for dei. Dessutan har ikkje Ove betalt folga korkje for 1726 eller 1727. Det var 2 tn. havrekorn og for til 1 ku og 6 sauer.

Ove møtte ikkje på tinget og saka vart utsett. Truleg er det kome til forlik, saka kom ikkje opp att.

 

5. Ove Nilsson

f. 1690, son av Nils Person som ei tid hadde bruka ein part av Fuglestein og seinare budde på Flåta u. Erøy, kom til Jårvik i 1726.

Ove Nilsson gifte seg i 1716 med Kari Torresdotter. Dei budde i Lervik u. Erøy. Ho døydde i 1723 og let då etter seg barna:

a.Tørres f. 1717, busett Rottenes u. Tednes.
b.Nils og
c.Marta.

Ove gifte seg oppatt i Sjernarøy i 1725 med Berta Persdotter. Ho tente då på Nesheim. I annet ekteskap ei dotter d. Kari f. 1727. Ove Nilsson er ofte kalla Ove snekker. Han døydde i 1732.

 

6. Elling Olson

gifte seg med enka i Ytre Jårvik Berta Persdotter i 1733. I 1734 får han bygselbrev på 18 m. sm. i Jårvik av Kristen Bergeland.

Elling Jårvik møtte som lagrettesmann i 1735 og 1736, seinare ser me ikkje meir til han og han er truleg flytt frå Jårvik før 1740.

 

7. Lars Nilsson

f. 1716, son av Nils Olson Indre Jårvik, bygsla Ytre Jårvik etter Elling Olson. Han gifte seg ikr. 1740 med Magnhild Sjursdotter. Ho døydde i 1761, 62 år gamal. Ho let då etter seg sonen Nils Larsson, f. 1746. Nils budde seinare på Skeie i Sand og var g. m. Sigborg Olsdotter Prestegards Nådland.

Lars Nilsson gifte seg oppatt i 1762 med Kari Mortensdotter Holmane u. Ropeid. Ho hadde før tent i Indre Jårvik hjå mor og stefar til Lars.

Under Indre Jårvik er nemnd at Lars Ytre Jårvik kjøpte Indre Jårvik i 1759 til sonen Nils Larsson. Men Lars Nilsson bygsla I. Jårvik til Lars Levardson med det atterhald at når Lars Nilsson eller sonen ville overta bruket skal Lars Levardson flytta der i frå og få att dei 10 rd. han hadde betalt i førstebygsel. Indre Jårvik vart seinare seld til Lars Levardson.

Lars Nilsson vart grl. 18. nov. 1768. Han let då etter seg enka Kari Mortensdotter og barna:

a.Nils f. 1746 (1. ekteskap), budde seinare Skeie.
b.Morten f. 1762, budde seinare på Stampen u. Kyle.
c.Marta f. 1764, g. 1788 m. Levard Larsson I. Jårvik.
d.Lars f. 1766, budde på Dalva i Nedstrand.
e.Anders f. 1768, døydde i 1792 i Kongens teneste i Kjøbenhavn.

Enka Kari Mortensdotter g. 2. g. m. enkemann Jakob Øysteinson Israelneset.

 

8. Jakob Øysteinson

f. 1732, frå jelsaneset, hadde før budd i Israelneset, då g. 1757 m. Liva Olsdotter. Ho døydde i 1769. Jakob gifte seg då same året med enka i Ytre Jårvik Kari Mortensdotter og flytte til Jårvik.

I 1769 får Jakob kjøpa Ytre Jårvik av Ola Gudmundson Håland som då åtte garden. Prisen var 100 rd.

Jakob Øysteinson hadde tri barn med Liva Olsdotter:

a.Ola,
b.Guri og
c.Knut.

Med Kari Mortensdotter hadde han barna:

d.Liva f. 1770, g. m. Sjovat Person Toftøysundet.
e.Ingeborg f. 1772, g. m. Lars Larsson Indre Jårvik (9 c).
f.Jakob f. 1774, død same år.
g.Anna f. 1776, død same år.
h.Kari f. 1777, g. m. Johannes Ellingson Mehus i Bygda.

Jakob Øysteinson døydde i 1788. Han let då etter seg dei to sønene i første ekteskap, enka Kari Mortensdotter og dei tri døtrene hennar, Liva, Ingeborg og Kari.

Enka Kari Mortensdotter g. 3. g. m. enkemann Osmund Olson Kalvikneset. Det er skifte etter Kari Mortensdotter i 1803.

 

9. Ola jakobson

f. 1759, eldste son av Jakob Øysteinson, overtok Jårvik Ytre i 1785. Kjøpesumen var den same som faren hadde gjeve, 100 rd., og dessutan folga til foreldra.

Ola Jakobson gift 1789 med Anna Torgilsdotter Kjølvik. Ola og Anna sat med garden til 1829. Då let dei sonen Jakob få skjøte og sette seg i folga. Barn:

a.Jakob Olson f. 1790, bonde Jårvik.
b.Øystein Olson f. 1791, g. m. Gundla Torgersdtr. Tednes, busett der.
c.Liva Olsdtr. f. 1794, g. m. Osmund Osmundson Soland, busett Beita.
d.Gjertrud Olsdtr. f. 1796, g. 1830 m. Knut Jonson Eskevik u. Hamra. Ho døydde barnlaus i 1832.
e.Torgils Olson f. 1799, døydde 1805.
f.Ola Olson f. 1802, g. m. Gitlaug Jakobsdtr. Tednes, budde Sauaneset u. Tednes.
g.Lars Olson f. 1805, døydde 1831.
h.Anna Margrete f. 1808, g. m. Tore Torkelson Nordnes, busett Eikeflåta u. Jårvik.

Anna Torgilsdotter døydde i 1833, 73 år gamal, Ola Jakobson i 1847, 88 år gamal.

 

10. Jakob Olson

f. 1790, får skjøte på Ytre Jårvik i 1829. Han betalte 200 spd. og folga til foreldra.

Jakob Olson vart g. 1830 m. Marta Andersdotter Nevøy, dotter av Anders Jonasson Nevøy. Ho var då 28 år gamal. Kjenner berre ei dotter

a. Anna Oline f. 1831, g. 1848 m. Bjørn Erikson Høyvik.

I 1853 delte Jakob Olson garden i to like partar med ei skyld på 4 ort 3 sk. på kvar. Han selde den eine parten til Knut Torbjørnson Lovraslåtta for 525 spd. Den andre parten til broren Torbjørn Torbjørnson Lovraslåtta for same pris.

Jakob Olson døydde hjå dotter si i Høyvik i 1875, 85 år gamal. Marta Andersdotter bur og hjå dotter si i 1875, bur i Seljestadstova.

 

11. Knut Torbjørnson

Lovraslåtta, f. 1812, son av Torbjørn Sveinson, vart i 1842 g. m. Brita Larsdotter Føljesvoll, f. 1809. Dei budde ei tid på Lovra, hadde eit bruk der, men kjøpte halvparten av Ytre Jårvik i 1853. I 1863 kjøpte han av bror sin halvparten av hans bruk i Ytre Jårvik (sjå nr. 12). I 1865 selde han til Lars Haldorson Kjølvik. Knut og kona reiste då til Amerika.

 

12. Torbjørn Torbjørnson

Lovraslåtta, f. 1814, kjøpte i 1853 andre halvpart av Jårvik Ytre. Torbjørn delte bruket sitt i 1863 1 to like partar. Den eine selde han til søsterson sin Torbjørn Omundson, den andre parten selde han til bror sin Knut (nr. 11). Pris for kvart bruk 200 spd.

Torbjørn kjøpte då Gjerde på Jelsa, men makebyter straks etter med enka i Indre Jårvik og flytte dit. I 1865 selde han I. Jårvik til Lars Larsson Føljesvoll og reiste med kona til Amerika. Kona var Marta Henriksdotter As i Erfjord, f. 1798.

 

13. Torbjørn Omundson

f. 1830, son av klokkaren Omund Thomson og kona Sønnøve Torbjørnsdotter Lovraslåtta, vart i 1857 g. m. Helga Hansdotter Lovraslåtta. Dei budde først i Lovraslåtta der far til Helga då var husmann. I 1863 får han kjøpa 11, av Ytre Jårvik av morbror sin.

I Jårvik budde dei i to år. Selde så bruket sitt til Lars Haldorson Kjølvik. Tor­bjørn Omundson reiste til Hjelmeland og kjøpte eit bruk der.

 

14. Lars Haldorson

Kjølvik, f. 1822, son av Haldor Larsson Kjølvik, vart i 1848 g. m. Ragnhild Kristoffersdotter Hervik i Tysvær, f. 1819, stedotter til Holger Bjørnson Askvik.

Lars og Ragnhild budde dei første åra på eit bruk av Randistova på Hebnes, Myra. I 1865 kjøpte han Ytre Jårvik av dei to oppsitjarane som då budde der. For Knut Torbjørnson sin part gav han 900 spd. For Torbjørn Omundson sin part 280 spd.

Lars Haldorson tok del i det politiske liv i bygda og var ei tid varaordførar, møtte og eit år på fylkestinget. Barn:

a.Haldor Larsson f. 1848, g. m. enke Brita Jakobsdtr. Åserød budde i 1886 i Skipevåg, Imsland.
b.Kristoffer Larsson f. 1855, bonde Jårvik.
c.Rasmus Ludvig Larsson f. 1858, busett Vik, Nedstrand.
d.Sven Henrik Larsson f. 1862, busett Vik, Nedstrand.
e.Anna Sofie Larsdtr. f. 1866, gift til Kråkedal i Imsland.
f.Rasmine Henrikke Larsdtr. f. 1866, g. m. Bjørn Bjørnson d. y. Sandvik, busett Nådlandshagen, Ombo.
g.Karen Larsdtr. g. m: Bjørn Bjørnson d. e. Sandvik i Erfjord, busett der.

I 1884 skjøtte Lars Haldorson garden over på sonen Kristoffer Larsson.

 

15. Kristoffer Larsson

f. 1855, får skjøte på Ytre Jårvik i 1884. Kjøpesum 3 200 kr. og folga rekna i 5 år til 800 kr.

Kristoffer Jårvik g. m. Berta Ragnhilde Andersdotter Lovra, f. 1857. Barn:

a.Johanna Jårvik f. 1884, busett Stavanger.
b.Rasmine Jårvik f. 1886, busett Stavanger.
c.Lars Jårvik f. 1887, busett Ogna, landhandlar der.
d.Anders Jårvik f. 1890, grosserar, Klepp.
e.Malena Jårvik f. 1889, busett Stavanger.
f.Konrad Jårvik f. 1891, bonde Jårvik.
g.Ragnhild Jårvik f. 1894, busett Stavanger.
h.Karen Jårvik f. 1895, busett Oslo.
i.Anna Laurentsa f. 1897, busett Stavanger.
j.Johan Jårvik f. 1899, agentur, busett Stavanger.
k.Henriette Jårvik, busett Stavanger.

 

16. Konrad Kristofferson

f. 1891, g. m. Hilda Gautesdotter Soland, er bonde i Jårvik etter faren.

Husmannsplassar u. Jårvik Ytre.

Åredalen.

Plassen ligg i skiftet mellom Jårvik og Hamra i Erfjord. Både Hamra og Jårvik eig i Aredalen. Det er mogeleg at det har vore to husmenn ei tid i Åredalen, då ein under Jårvik og ein under Hamra. Men oftast budde det berre ein mann som bygsla plassen av Jårvik og Hamra. I Erfjordboka har Magnus Våge teke med husmennene i Aredalen. Eg tek difor her berre dei som seinare har hatt tilknytning til Jelsa.

 

17. Knut Knutson

Tyskevik u. Hamra, g. 1810 m. Brita Gautesdotter Jelsavågen, budde først ei tid i Tyskevik, men flytte seinare til Aredalen. Kjenner ein son til Knut og Brita:

a.Knut Knutson, f, 1815, busett Åredalen,

Dessutan hadde Brita ei dotter med Lars Hadleson Hamra:

Brita Larsdotter, f. 1825, g. 1. g. m. Johannes Johannesson Prestegards-Nådland. Johannes døydde toår seinare, i 1854, og enka Brita Larsdotter g. 2. g. m. Elling Ellingson Hamrane u. Erfjord. Elling og Brita reiste seinare til Amerika. Sjå Magnus Våge: Erfjordboka, Tyskevik og Aredal u. Hamra.

Knut Knutson døydde i Aredalen 1855, 85 år gamal.

 

18. Knut Knutson

f. 1815 (17 a), g. 1837 m. Kirsti Larsdotter, f. 1808, truleg dotter til Lars Larsson Jårvik Indre (sjå der nr. 9 c), busette seg i Aredalen. Barn:

a.Lars f. 1838,
b.Brita f. 1846,
c.Ingeborg f. 1850, g. 1873 m. Johannes Gunnarson Vassbøen u. Vatland.

Knut Knutson døydde i 1850, 35 år gamal, Kirsti Larsdotter i 1862, 54 år gamal.

 

19. Bjørn Omundson

f. 1840, son av klokkar Omund Thomsen på Jelsa, g. 1864 m. Ragna Reinertsdotter Tengesdal i Sand, busette seg i Åredalen, I 1875 fødde dei i åredalen 1 hest, 2 kyr, 1 ungnaut, 23 sauer og 24 geiter. Sådde 1 tn. havre og 2 tn. poteter.

Ragna døydde i 1877 og let etter seg barna:

a.Omund f. 1867
b.Berta Serina f. 1864
c.Berta Sofie f. 1870, døydde 1880
d.Rasmine Bertine f. 1872, døydde 1880.

Bjørn Omundson g. 2. g. 1878 m. Anna Olsdotter Tengesdal. Barn:

e.Ragna f. 1878, f. Ola f. 1879.

Bjørn og Anna flytte frå Aredalen i 1880, kjøpte då Østabø i Sand og busette seg der.

Grønnevik.

20. Markus Markusson

Foss i Suldal, f. ikr. 1814, var g. m. Kari Jakobsdtr. Ramsfjell i Hjelmeland. I 1859 kjem til dei Jelsa og bygsla då Grønnevik u. Jårvik. Barn me kjenner:

a.Kirsti Markusdtr. f. 1849, død 1872.
b.Sofie Markusdtr. f. 1852, budde heime i 1875.
c.Jakob Markusson, fartyeigar.

Kari Jakobsdotter budde som enke i Grønnevik i 1875.

Eikeflåta.

21. Tore Torkelson

f. 1811 i Bjørnevik i Sand, g. 1836 m. Anne Margrete Olsdotter Jårvik, dotter av Ola Jakobson Jårvik Ytre. Dei slo seg ned på Eikeflåta og rydda seg ein plass der. Barn:

a.Anna f. 1836, budde heime ugift i 1875, skreddar.
b.Anne Margrete f. 1839, døydde 21 år gamal.
c.Johanna Oline f. 1842, død 1853.
d.Sissel f. 1844, død 1869. Datt frå dekket og ned i lasterommet på eit farty som låg på Hamraeidet og døydde 3 dagar etter.
e.Liva f. 1847.
f.Rannveig f. 1851.

Tore Torkelson døydde i 1874, 64 år gamal. I 1875 bur Anna Margrete Olsdotter som enka på Eikeflåta og lever av å spinna garn. Ho har dottera Anna heime.

 

22. Per Larsson

Øvrebø, f. 1852, g. m. Anne Oline Johannesdotter Kvernevik u. Berakvam, f. 1868, bygsla Eikeflåta i 1894. Per bur på Eikeflåta i 1900, er husmann, tømmerhoggar og bøkker. Barn:

a.Serina Persdtr. f. 1888, g. m. Hans Høyvik, busett Jelsa.
b.Birgit Persdtr. f. 1890, døydde ugift i spanskesjuka.

Anne Oline Johannesdotter døydde på Jelsa hjå dotter si Serina i 1960, 93 år gamal.