YTRE HØYVIK, gardsnr. 36.

Vest av Indre Høyvik ligg Ytre Høyvik på sørsida av Sandsfjorden. Mot vest grensar garden til Berakvam.

Ytre Høyvik vart kyrkjegods etter eit gåvebrev frå 1325. Biskop Eirik av Stavanger opptek Gyrid Oddsdotter i provent (opphald) i bispegarden mot å få gardane Kingestad på Finnøy og Høyvik i Jelsa. Brevet dat. 19. juli 1325. D.N. 4/1 side 153.

Garden var på 1 pd. sm. I 1668 høyrer han til lektors stilling i Stavanger, i 1706 til bispen i Kristiansand.

Etter jordeboka 1649: «Geistligheten eier godset og råder med bygselen., Leiv og Knut brukar ½ pd. sm. kvar.

Etter matrikkelen 1668 har Ytre Høyvik matr.nr. 88. Er på 1 pd. sm. og høyrer til lektors stilling i Stavanger. Sår 2 tn. korn. Før 6 naut og hest. Har brenneskog det huset treng. Vert rekna god for: Landskyld ½ 1. sm., leidang 4 kalvskinn, tiende 2 spann korn, småreidsla 4 skilling.

I sjømilitært manntal 1706 er Ytre Høyvik 1 pd. sm. og høyrer til Kristiansands kyrkje. Marinelegd. Då er det ein husmannsplass under garden, Træ.

Etter matr.utkastet 1723: Ytre Høyvik 1 pd. sm. Sjølegd. 1 bekkekvern. Tung åvinna. Bård sår 2 tn. og haustar 11 tn. korn. Før 5 naut og 12 sauer.

I matrikkelen 1838 får Ytre Høyvik matr.nr. 26 og skylda, 1 pd. sm., omgjort til 1 dl. 3 ort 6 skilling. Ola Olson brukte då garden.

I matrikkelen 1851 får garden matr.nr. 6. Elles som før.

I førebuingsarbeidet til ny matrikkel som tok til i 1863 vart Ytre Høyvik vurdert såleis

Ytre Høyvik matr.nr. 6, brukar Ola Olson, gamal skyld 1 dl. 3 ort 6 sk. Sår 4 tn. havre og 3 tn. poteter, haustar 14 tn. havre og 12 tn. poteter. Før 5 kyr, 1 ungnaut og 20 sauer. På husmannsplassane sådde dei 1 tn. havre og 1 tn. poteter, haustar 5 og 4 ½ tn. Før 2 kyr og 6 sauer. På garden var det 7 mål åkerland og 20 mål engslått. Innmarka vurdert til 278 spd. Arealet av husmannsplassane var 7 mål og sett til 78 spd. Tillegg for lett å koma til og frå 53 spd. Beite vurdert til 90 spd. Skogen til 176 spd. Vassfall 10 spd. Heile eigedomen vurdert til 685 spd. Framlegg til ny skyld 1 dl. 113 sk.

Resultatet var matrikkelen av 1886, då gjekk ein over til skyld nemninga mark a 100 øre. Ytre Høyvik fekk gardsnr. 36, skyld 3 mark I1 øre.

I 1835 får brukaren Ola Olson kgl. skjøte på Ytre Høyvik. Kjøpesum 423 spd. og årleg jordavgift til kyrkja.

Av husmannsplassar var det i 1875 to: Træ som låg på same plass som Træ u. Indre Høyvik. Skiftet mellom Ytre og Indre Høyvik gjekk gjennom denne plassen slik at halvparten høyrde til kvar gard. Østebøflåta var den andre plassen. Der fødde dei i 1875 1 ku og 4 sauer, sådde ½ tn. havre og 2 tn. poteter. Ned ved Ytre Høyviksjøen var det óg bustadhus, men det var ikkje jord til desse.

Brukarar.

1. Nils Høyvik

nemnd i lensrekneskapen 1603.

 

2. Anders Høyvik

bur der i 1611.

 

3. Nils Ytre Høyvik

er oppført i lensrekneskapen frå 1625 til og med 1636. Kanskje sone- eller dotterson av Nils Høyvik (1).

 

4. Kleng Høyvik

med kona er oppført i hovedskatten i 1645.

 

5. Leiv og Knut

Ytre Høyvik brukte kvar ½ pd. sm. etter jordeboka frå 1649. Ei enke, Sønnøve Larsdotter, Ytre Høyvik, skattar av Ytre Høyvik ikr. 1660. Truleg var ho enke etter ein av desse.

 

6. Tormod Dagfinnson

frå Hovda på Fogn var gift med enka i Indre Høyvik. Sjå Indre Høyvik nr. 4. I 1663 får han bygselbrev og på Ytre Høyvik. Han brukte då både Indre og Ytre Høyvik nokre år, men overlet seinare Indre Høyvik til steson sin, Anfinn Knutson, og flytte då truleg til Ytre Høyvik.

Husbond hans, lektor og kannik i Stavanger Jens Pederson, var ikkje nøgd med leiglendingen sin. I 1667 vart Tormod kalla inn til skipreidetinget.

«Hederlig og høylærd mann Jens Pedersøn, lektor og kannik i Stavanger, ved skriftlig stevning hadde hitstevnet hans lensbonde Tormod Høyvik, havende taltale mot ham for hans leiejord ikke så forestår som landsloven foreskriver, enten med rettighets leverende og jordens vedlikeholdelse, men tvertimot finnes husenes nedrådnelse, skogens forhuggelse og tredjetages forsømmelse, så vel som formedels Tormod husmenn på gården innsatte. Formente udi alt gården burde haves forbrudt. Med videre stevningens formeld. Dat. 21. okt. 1667.

Herimot å svare møtte i rette Tormod Høyvik som i rette la hans bygselseddel av velb. mester Jens utstedt, derved Tormod gården Ytre Høyvik, som er 1 pd. sm., til leie forunntes etter landsloven. Dat. Stavanger 20. okt. 1663.

Hernest berettede Tormod at da han kom til gården var den nedråtten, skogen uthuggen, mens han intet deri hadde hugget til uplikt.

Hadde siden han den bekom latt laden oppbygge, såvelsom et fehus forbedret, såvelsom herefter efter hans evne gården vel skulle holde vedlike at den upåklagelig skulle være. Med videre hans beretning, så han mente han gården ei hadde forbrudt. Til tredjetage blev svaret at betr. Tormod forleden vår, såvelsom i vår, velbetr. hr. Jens tredjetage tilbød. Om hvilken tilbydelse Omund Finnvik var vitterlig, nu ustevnet hans vitneskap frembar.

Da efter at vi saken med flid overveiet, befinner vi saken ikke udi den viktighet at en leilending sin leiejord derved kan forbryte, ti endog velbetr. gode mann mester Jens meget strikt på skogskade og bristfeldighet påstår, er dog aldeles intet oss bevisligt til efterretning forekommet. Derfor Tormod sin leiejord bør beholde inntil ham dens for­brytelse lovligen overbevises.»

I 1675 er Tormod nemnd i tingboka som Tormod Hovda. Truleg er Tormod då flytt til Hovda.

 

7. Ingebret Rasmusson,

17 år i 1666, son Rasmus Ingebretson i Romsbotn, kom etter Tormod Dagfinnson til Ytre Høyvik. Ingebret Høyvik møtte første gong som lagrettesmann i 1679.

Truleg var det vanskeleg for Ingebret å greia seg i Ytre Høyvik. Husbond hans i Stavanger var heller ikkje så lett å gjera til lags. I 1701 finn me han som husmann på Træ u. Høyvik.

Kona var Anna Mikkelsdotter. Ho bur som enke på Træ i 1706. Ingebret Ras­musson døydde i 1706. Anna Træ døydde i 1727. Barn:

a.Osmund Ingebretson f. 1695.
b.Ingebret Ingebretson f. 1699, død 1719.
c.Guro Ingebretsdtr. f. 1699, (tvilling), g. 1735 m. Endre jensson Indre Høyvik.

 

8. Kjell Ormson

f. ikr. 1660 på Prestegards Nådland, son av Orm Larsson, kom til Ytre Høyvik før 1693. Det året er han nemnd i skiftet etter vermor hans, Bir­gitte Rasmusdotter Hebnes Klovning. Kjell var g. m. Randi Siverstdotter Hebnes Klovning.

Kjell Ormson bur med kona og fire barn i Høyvik i 1711. Kan ikkje sjå korkje Kjell eller kona innført i kyrkjeboka som gravlagde, men dei kan kanskje være flytt bort frå Høyvik på sine eldre dagar. I 1720 er det komne nye brukarar i Ytre Høyvik. Barn:

a.Sjur Kjellson f. 1695, utskriven til teneste i marinen i 1716.
b.Ingeborg f. 1697.
c.Torborg f. 1700, g. m. Hadle Kalvik.
d.Brita f. 1693, g. m. Bård Erikson Landsnes.

 

9. Bård Erikson

Landsnes, f. 1677, son av Erik Bårdson og Ingeborg Bjørns­dotter, og bror til Bjørn Erikson Indre Høyvik, vart i 1714 g. m. Brita Kjellsdotter Ytre Høyvik. I 1706 var Bård matros i Kongens teneste.

Bård Erikson hadde i 1716 fått bygselbrev på 1 ½ 1. sm. i Vatland i Refsbygda og budde der til ikr. 1720. I 1720 tinglyser han sin bygselsetel på 18 m. sm. i Høyvik utskrive av Lars Smith, ombodsmann for kyrkjegodset. Han har kanskje fått eit bygselbrev tidlegare, for i 1720 kom ein lov om at alle bygselbrev skulle fornyast på stempla papir.

I eit skattemanntal frå 1720 finn me to brukarar i Ytre Høyvik, Bård Erikson og Knut Ormson. Dei betalte like mykje skatt og må ha hatt kvar sin halvpart av gar­den. Det mest rimelege å tru er at det er ei misskriving for Kjell Ormson. Verfaren har brukt halve garden ei tid. I 1723 brukte Bård Erikson alt. Bård og Brita hadde barna:

a.Erik f. 1715, bonde Kalvik.
b.Sjur f. 1717, bonde Ytre Høyvik.
c.Ingeborg f. 1726, ugift i 1760.

Bård Erikson grl. i 1760, 82 år gamal.

 

10. Sjur Bårdson

f. 1717, overtok og fekk bygselbrev på Ytre Høyvik då han i 1756 gifte seg med Torborg Danielsdotter Kjølvik. Torborg var ikkje så heilt ung då ho gifte seg. Ho døydde i 1784, 74 år gamal.

Sjur Bårdson gifte seg oppatt i 1786 med Kari Osmundsdotter, dotter til Osmund Romsbotn. Ho døydde i 1791, 30 år gamal. Sjur Bårdson grl. 1796. Han var barnlaus i båe ekteskap.

 

11. Osmund Osmundson

Romsbotn f. 1758, fekk bygselbrev av Gabriel Kielland 31. mai 1791. I 1792 vart han gift med Marta Johannesdotter, f. 1764, dotter av Johannes Paulson på Jelsaneset. Barn:

a.Kari f. 1793, g. m. Herman Bjørnson Indre Høyvik, busett Træ.
b.Brita f. 1796, g. m. Jon Person Apeland, budde Høyviksjøen, seinare Hebnes.
c.Osmund f. 1798, g. 1832 m. Marta Johannesdtr. Håla u. Jelsa.
d.Ola f. 1801, død same år.
e.Marta f. 1803, død same år.
f.Lars f. 1804, budde Ytre Høyvik.
g.Johanna f. 1806, død 1830.

I 1835 vart Ytre Høyvik seld til Ola Olson Foss frå Suldal. Det vart vedteke ved salet at son til Osmund Ytre Høyvik, Lars Osmundson, skal få festa ein liten plass under Ytre Høyvik og at foreldra skulle få bu hjå han så lenge dei levde.

Osmund Osmundson døydde i 1837.

 

12. Ola Olson

Foss f. 1810, kom til Ytre Høyvik i 1835 og kjøpte garden. Kgl. skjøte får han 26. mai 1835. Kjøpesum 423 spd. og årleg jordavgift til kyrkja. Han var g. m. Marta Albertsdotter Hiim, f. 1810.

Som så mange suldølar var han smed, dertil felemakar og spelemann. Mang ei brudeferd drog til kyrkja med Ola Olson som spelemann. Etterpå spela han opp til dans i brudlaupsgarden. Han smidde seg og ei tong til å trekkja tenner med, og brukte ho visstnok flittig. Dottera, Liva Kalvik, tok tonga med seg då ho flytte heimmanfrå. Tannlægetonga er nå hamna på bygdemuseet i Kjølvik. Barn:

a.Marta f. 1835.
b.Albert f. 1837.
c.Liva f. 1839. Desse tri første barna døydde i meslingar 19. 20. og 25. jan. 1842.
d.Ola f. 1841, død same år.
e.Marta Oline f. 1842, g. 1863 m. Knut Osmundson Beita u. Marvik.
f.Liva Oletta f. 1844, g. m. Henrik Haldorson Kjølvik, busett Kalvik.
g.Albert f. 1846, død same år.
h.Marta Johanna f. 1847, g. m. Jone Tormodson Hebnes.
i.Martin Olai f. 1856, bonde Høyvik.

Ola Olson Ytre Høyvik døydde 30. jan. 1875.

 

13. Martin Olai Olson

f. 1856, overtok Høyvik etter foreldra. Gift med Serine Samuelsdotter, f. 1867, frå Marvik. Barn 1900:

a.Olaf. 1894.                                                                  
b.Johannes f. 1896.
c.Marta f. 1886.
d.Severine f. 1888.
e.Albertine f. 1891.
f.Oletta f. 1900.

Etter 1900:

Kristian,
Magnus og
Monrad.

Husmannsplassar.

Træ.

Ingebret Rasmusson

flytte til Træ då han slutta av som leiglending i Ytre Høyvik. Sjå Ytre Høyvik nr. 7.

 

14. Elias Hermanson

f. 1761 i Midvik i Sand, gift med enka Johanna Johannesdotter, f. 1768, dotter av Johannes Paulson på jelsaneset, budde i 1801 på Træ u. Ytre Høyvik. Johanna hadde før vore gift med Jon Nilsson Skimling. Dei hadde ein son Nils Jonson f. 1788. Jon Nilsson døydde i 1791, 31 år gamal. Enka gifte seg då med Elias Hermanson. Dei budde ei tid på Jelsa Nordnes, men flytte ikr. 1796 inn på Træ. Barn:

a.Jon f. 1793.
b.Johannes f. 1795.
c.Herman f. 1798, død same år.
d.Marta f. 1800.
e.Johanna f. 1802, g. 1835 m. mundur og strandsitjar Ola Alfson Rørvik.
f. Magnhild f. 1805, g. 1832 m. Bjørn Johannesson Nådland u. prestegarden. g. Herman f. 1809.

Elias og Johanna flytte attende til Jelsaneset ikr. 1814.

 

15. Herman Bjørnson

Indre Høyvik (9 f) vart i 1814 g. m. Kari Osmundsdotter Ytre Høyvik (11 a). Dei busette seg på Træ u. Ytre Høyvik etter Elias var flytt derfrå.

Herman Bjørnson døydde i 1839, 56 år gamal. Kari budde vidare på plassen med mange barn og i små kår. Barn:

a.Kari f. 1814, død 1815.
b.Bjørn f. 1815.
c.Marta f. 1817, g. 1859 m. enkemann Ola Mikkelsen Eskedalen.
d.Osmund f. 1819, død 20 år gamal.
e.Kari f. 1821, g. 1851 m. ungkar Ola Mikkelson Eskedalen d. y.
f.Bjørn f. 1823, g. 1851 m. Siri Bjørnsdtr. Skreddarneset, budde Rota u. Indre Høyvik.
g.Brita f. 1825, g. 1858 m. Åge Olson Hebnes, budde Reiphammar.
h.Siri f. 1828.
i.Kari d. y. f. 1830, g. 1857 m. Anders Taraldson Eskedalen.
j.Herman f. 1832.

Enka Kari Osmundsdotter gifte seg i 1848 med enkemann Lars Andersson Grønnevik u. Prestegards-Nådland.

 

16. Ivar Knutson

f. 1839 på Træ u. Indre Høyvik, vart i 1866 g. m. Laurentsa Larsdotter, f. 1840, dotter av Lars Jonasson Tysse og Torunn Øysteinsdotter Herabakke. (Torunn vart seinare g. m. Bård Bårdson Bjørnevåg). Dei busette seg på Træ, men denne plassen høyrde til Ytre Høyvik.

Ivar Knutson var matrialhandlar, fiskar og husmann. Han døydde i 1924, 95 år gamal. Laurentsa døydde i 1937, 97 ½ år gamal. Barn

a.Tomas Ivarson f. 1869, trelasthandlar, busett Finnvik.
b.Knut f. 1870, busett Træ.
c.Berdines f. 1872, busett Ullestad.
d.Liva f. 1874, g. 1. g m. Johan Naustvik, g. 2. g. m. Jakob Tveita.
e.Ivar f. 1877, busett Åserød.
f.Karen Oline f. 1880 , busett Lilledal.
g.Bertine f. 1884, budde Høyvik.

 

17. Knut Ivarson

f. 1870, budde seinare på Træ.

Østebøflåta.

18. Bjørn Olson

Sildeli d. e. f. 1807, vart i 1842 g. m. Marta Jonsdotter Ytre Høyvik, f. ikr. 1820. Dei busette seg på Ostebøflåta. Sjå nr. 31.

a.Osmund f. 1842, g. 1867 m. Borghild Sevatsdotter Jårvik. Budde visstnok på Buøy eller Hundvåg.
b.Ola f. 1845.
c.Valborg f. 1846.
d.Jonas f. 1849.
e.Johannes f. 1855.

Bjørn Olson døydde i 1855. Enka sat med plassen seinare. I 1900 bur ho på plassen med dei 4 ugifte barna. Barna brukte Østebøflåta så lenge dei levde. Dei var fiskarar og Jonas vert endåtil kalla kapitalist i 1900 manntalet.

Ytre Høyviksjøen.

19. Lars Osmundson

f. 1804 (11 f), fekk bygsla ein plass i Ytre Høyvik då Ola Olson kjøpte garden i 1835. I bygselbrevet står at foreldra til Lars òg skal få bu på plassen. Truleg skulle den nye eigaren gje folga til den førre brukaren Osmund Osmundson. I 1875 bur Lars på Hauen u. Berakvam med kona Sissela Tomasdotter. Broren Osmund, enkemann då, bur og hjå han.

 

20. Knut Osmundson

Beita u. Marvik, f. 1828, g. m. Marta Oline Olsdotter Ytre Høyvik (sjå 12 e). Dei budde i Høyviksjøen. Knut var jekteskipper.

Barn:

a.Liva Osmine f. 1864, g. 1883 m. landhandlar Thomas Thorsen Jelsa.
b.Ola f. 1866, død som barn.
c.Marta Oline f. 1867. d. Olaf. 1872.

Knut Osmundson døydde i 1885. Enka får lov til å sitja i uskifta bu. Ingen bur på denne plassen i 1900.

 

21. Jon Person

Apeland frå Sandeid vart i 1820 g. m. Brita Osmundsdotter f. 1796 (sjå 11 b). Dei budde ei tid i Høyvik.

Barn:

a.Marta f. ikr. 1820, g. m. Bjørn Olson Østebøflåta (18).
b.Per f. 1822, (sjå Myra br.nr. 8 av Hebnes).
c.Osmund f. 1824. d. Jonas f. 1829, (sjå Randistova br.nr. 9 av Hebnes).
e.Johannes f. 1832.
f.Margret f. 1839.
g.Guro f. 1842. Jon Person budde seinare på Hebnes.

 

22. Ola Alfson

Rørvik g. 1835 m. Johanna Eliasdotter Høyviktræ (14 e) budde òg i Høyvik Ytre.

Barn:

a.Ola Johan f. 1845, g. 1866 m. Brita Svalesdotter Fjetland, bur på ein plass u. Sandvik i Erfjord i 1875. Faren Ola Alfson bur då hjå dei.
b.Kirsti Oline f. 1840.