Vatland ligg midt i Refsbygda på austsida av Grytevatnet eller Vatlandsvatnet som det og vart kalla. I vest går grensa mellom Vatland og Kjølvik langs elva i Sagdalen. Mot nord ligg gardane Haug og Skimling, mot sør Kalvik.
Vatland var fullgard, 3 laup smør i skyld. Av det var 2 pd. sm. benefisert gods og benefisert Jelsa prestebol, resten var odelsgods. Av odelsgodset høyrde minst 1 ½laup smør til Orm i Byre sitt gods.
I odelsjordeboka 1617 er desse eigarar av Vatland: Oluf Vatland 3 ½ pund 6
mark smør, Anna Foss 2 pd. 6 m. sm., hr. Peder på Jelsa 2 pd. sm.
(prestegodset), Erik Byre ½ 1. sm., Knut Sørhidle ½ 1. sm.
Det kan sjå ut til at Vatland i 1617 var på 3 1. 2 pd. sm., om då ikkje dei to siste Erik Byre og Knut Sørhidle berre åtte ½ pd. sm. kvar i staden som oppført ½ 1. sm.
Oluf Vatland var soneson av Orm i Byre og Anna Foss er dotter til Orm. Tilsaman eig dei 2 1. sm. i Vatland.
På ei målstemna i Marvik 16. desember 1630 stemner Nils Fister, Per Trevland, Siri Rossåen, Stein Hesby, Anna Ånonsdotter og Olav As på eigne, koners og brødrebarns vegne, inn Ånon Marvik, Olav Helland, Olav Fuglestein, Orm Bjørnson, Klaus Nilsson, Olav Vatland, Per Foss og Knut Bjørheim, alle saman arvingar eller gifte med arvingar etter Orm i Byre
«anlangende noget odelsgods i
hatland og Marvik som deres salige godfader Orm Byre åtte. Hvilket gods i
lang tid med uret er været dem fraholdt, menendes dem likesåvel deres aneart
derudi å tilkomme som de andre. Derfor nu å møte med all deres adkomst de
sig samme gods kan med tilholde.»
Det var Ånon Marvik som møtte og svara for seg og sine søsken, Per Foss for seg og Knut Bjørheim, og så Olav Vatland på eigne vegne. Dei svara at godset som det her var tale om var fallen til arvs etter den gamle lov for ikring 29 år sidan. Då det ikkje var kome noko krav på så lang tid, meinte dei innstemnde dei burde få halda på sitt odelsgods som var skift dei etter den lov som galdt då. Det vart på tinget rekna opp barna til Orm Byre: Ånon og Ola Ormsøner, Marita og Anna Ormsdøtre. Orm Byre åtte 1 ½ 1. sm. i Vatland og 1 ½ 1. sm. i Marvik. Men det spørs om ikkje Orm har skift med barna gods før 1601, utanom det gods som nå vart tretta om.
Dei vart forlikte på målstemna om at godset skulle fylgja den ættgrein som nå sat med det. Men for det som kunne tilfalla motparten etter den nye lova, skulle dei betala ½ rd. marka.
«Og deretter skal godset angerløs
for fødte og ufødte følge innstevnte parter og deres arvinger til evig tid.
Derpå de toge hverandre i hånd.»
Etter jordeboka 1649 er Vatland på 3 1. sm. Av det eig det geistlege 2 pd. sm. Garden er delt mellom to oppsitjarar med 1 ½ 1. sm. på kvar.
Etter matrikkelen 1668 har Vatland matr.nr. 7, er på 3 1. sm., av det 2 pd. benefisert Jelsa prestebol, resten odelsgods, kvar rår med bygsla av sin part. Dei sådde 12 tn. korn, fødde 30 naut og 2 hestar. 1 kvernstad. Tømmer og brenneskog det dei har bruk for til husa. Garden vart som før sett i 3 laup smør i landskyld, leidang 1 hud og 2 geitskinn, tiende 12 spann korn, småreidsla 1 ort.
Etter matrikkelutkastet 1723 høyrer Vatland militært til landlegda. Er på 3 1. sm. i landskyld. To husmannsplassar, Saga og Sildeli. Likeeins ein seter. Skog til husvøling. Garden er tung å vinna. Ola Vatland sår 8 tn. og haustar 40 tn. korn. Før 2 hestar, 20 naut og 24 sauer.
Ola Saga sår ½ tn. og haustar 2 tn. korn. Før ei ku.
Jon Sildeli sår ¼ tn. og haustar 1 ¼ tn. korn. Før ei ku og 6 sauer.
I 1893 vert så tilsist Skåtevik skyldsett og utskild frå br.nr. 2.
Bruket vart sett i 20 øre i skyld og fekk br.nr. 7 av Vatland.
Etter matr. 1838 får Vatland nytt matr.nr. 82, løpenr. 17, eigar Samuel Samuelson, gl. skyld 4 pd. 12 m. sm., ny skyld 3 dl. 3 ort 14 sk. Løpenr. 18, Villum Danielson, gl. skyld 4 pd. 12 m. sm., ny skyld 4 dl. 15 sk.
I matr. 1851: Vatland nytt matr.nr. 64. Løpenr. 151 (gl. 17), Samuel Samuelson, skyld 3 dl. 3 ort 14 sk. Løpenr. 152 (gl. 18), Villum Danielson, skyld 3 dl. 1 ort 5 sk. Løpenr. 153, Sildelid, Svein Danielson, skyld 2 ort 7 sk. Løpenr. 154, Danborg og Holmsund, Ingebret Jakobson 14 sk. Løpenr. 155, Torflåt, Lars Thorson, skyld 1 ort 13 sk.
I førebuinga til ny matrikkel som tok til i 1863 vart bruka på Vatland vurdert således
Løpenr. 151, gl. skyld 3 dl. 3 ort 14 sk. Samuel Samuelson, sår 5 tn. havre og haustar 28 tn., 4 tn. poteter og haustar 25 tn. Før 1 hest, 6 kyr, 3 ungnaut og 30 sauer. 17 mål åkerland, 90 mål engslått. På husmannsplass sår dei 13/g tn. havre og haustar 5 tn., 2 ½ tn. poteter og haustar 12 tn. Før 2 kyr og 16 sauer. Innmarka på løpenr. 151 vurdert til 497 spd. Verdi av husmannsplass 74 spd. Tillegg for lett framkomst 38 spd. Beite vurdert til 190 spd. Skogen 460 spd. Tillegg for vassfall 390 spd. Heile bruket vurdert til 1650 spd. Framlegg til ny matrikkelskyld 4 dl. 81 sk.
Løpenr. 152, gl. skyld 3 dl. 1 ort 5 sk., Villum Danielson, sår
51/z tn. havre og haustar 26 tn. 5 tn. poteter og haustar 25 tn. Før 1 hest,
5 kyr, 3 ungnaut og 25 sauer. På husmannsplass under bruket sår dei 1 ½ tn.
havre og haustar 6 ½ tn., 2 ½ tn. poteter og haustar 14 tn. Før 2 kyr og 6
sauer. Innmarka på løpenr. 152 vurdert til 14 mål åkerland og 70 mål
engslått og verdsett til 443 spd. Verdi av husmannsplass 51 spd. Tillegg for
lett framkomst 38 spd. Frådrag for tung å vinna 48 spd. Beite sett til 107
spd. Skogen til 326 spd. Vassfall sett til 100 spd. Heile eigedomen vurdert
til 1020 spd. Framlegg til ny skyld 2
dl. 107 skilling.
Løpenr. 153, Sildelid, gl. skyld 2 ort 7 sk., eigar Sven
Danielson. Sår 1 ½ tn. havre og haustar 9 tn., 2 tn. poteter og haustar 12
tn. Før 2 kyr, 1 ungnaut og 10 sauer. 5 mål åkerland og 9 mål engslått.
Innmarka vurdert til 147 spd. Frådrag for dårleg dyrkningsjord 21 spd.
Tillegg for lett framkomst 31 spd. Tillegg for lett å vinna 16 spd. Beite
sett til 35 spd. For mangel på brenne 10 spd. i frådrag. Heile bruket
verdsett til 200 spd. Framlegg til
ny skyld 68 skilling.
Løpenr. 154, Holmen, gl. skyld 14 sk. Eigar Ingebret Jakobson.
Sår 1 1/8 tn. havre og haustar 4 tn., 2 tn. poteter og haustar 10 tn. Før 1
ku og 10 sauer. 5 mål åkerland og 2 mål engslått. Innmarka sett i 78 spd.
Frå drag 6 spd. for lite dyrkbar jord. 1 spd. i frådrag for vanskeleg
framkomst. 17 spd. i frådrag for tung å vinna. Beite sett til 5 spd. For
mangel av brenne 11 spd. i frådrag. Heile bruket verdsett til 50 spd.
Framlegg til ny skyld 17 skilling.
Løpenr. 155, Torflåt, gl. skyld 1 ort 13 sk. Eigar Ånon
Haraldson. Sår 1
½ tn. havre og haustar 7 tn. 2 tn. poteter og haustar 12 tn. Før 1 ku, 1
ungnaut og 8 sauer. 4 mål åkerland, 16 mål engslått. Innmarka sett til 99
spd. Frådrag for vanskeleg framkomst 1 spd. Beite sett til 21 spd. Frådrag
for mangel på brenne 7 spd. Heile bruket versett til 110 spd. Framlegg til ny skyld 37 skilling.
Resultatet var ny matrikkel av 1886: Vatland gardsnr. 19. Br.nr. 1, Samuel Samuelson, ny skyld 6 mark 52 øre. Br.nr. 2, Ole Villumson, ny skyld 4 mark 54 øre. Br.nr. 3, kvernfall med tomt, Ole Villumson, ny skyld 52 øre. Br.nr. 4, Sildelid, Sven Danielson, ny skyld 91 øre. Br.nr. 5, Holmen, Ingebret Jakobson, ny skyld 22 øre. Br.nr. 6, Torflåt, Ånon Haraldson, ny skyld 49 øre.
I matrikkelen for 1906 er Skåtevik komen med som br. nr. 7 av Vatland
Br.nr. 1, Vatland, Samuel Samuelson, 6 mark 52 øre. Br.nr. 2, Vatland, Ole Villumson, 4 mark 33 øre.
Br.nr. 3, kvernfall med tomt, Johs. Bjørklund, 52 øre. Br.nr. 4, Sildelid, Olai Svenson, 91 øre. Br.nr. 5, Holmen, Enok Jonson, 22 øre. Br.nr. 6, Torflåt, Samuel Larsson, 49 øre. Br.nr. 7, Skåtevik, Tormod Ånonson, 21 øre.
betalte 1 dl. i skatt i 15 63. I 1567 må han ut med 1 ½ dl. ekstra avdi «han
tog Gurine til sig før presten liuste for dennem.»
betalte likeeins 1 dl. i skatt i 1563. Det vart ikkje likare for han enn
for grannen. I 1567 må han bøta 1 ½ dl. avdi han «belå Raignille Thorsdtr. før presten liuste for dennem.» Det var nok 1
½ dl. som var den faste takst den tid når kona lagdest fortidleg i
barselseng.
Foss i Hjelmeland budde på Vatland ikr. 1600. Han var dotterson av Orm
Byre eller Orm Stokka som han og vart kalla. Orm Stokka skriv bygselsetel til
dottersonen i 1600: «Orm Stokkes
bygselseddel til Jon Tormodsen på hatland og des underliggende elver og
sauggrunnen.» Dat. 12. jan. 1600.
Jon Tormodson var g. m. Ingegjerd Nilsdtr. Fister. Magnus Våge: Auklandsætta side 6. Jon døydde i 1601, truleg av den store pestsotta som då herja i landet. Jon og Ingegjerd var barnlause. 20. nov.
1601 kvitterte Jakob Jørstad og Peder Tormodson Foss for arv etter sal.
Jon Tormodson på Vatland.
kom til Vatland i 1601. Kanskje vart han gift med enka etter Jon Tormodson.
Han brukte Vatland til 1614-15. Då flytte han til Barkeland. Han var då gift
med Ingrid Reidarsdtr. Barkeland. Sjå meir om Tallak Larsson under Barkeland.
son av Ola Ormson Byre, er komen til Vatland før 1617. Farfar hans, Orm Ånonson Byre, åtte 1 ½ l. sm. i Vatland og i skifte etter han i 1601 fekk sonen Ola Ormson godset i Vatland, eller om Ola Ormson var avliden då, sonesonen Ola Olson. I 1617 eig Ola Olson 3 ½ pd. sm. i Vatland, det vil seia halve garden når prestegodset ikkje vart medrekna. Det er mogeleg at Orm i Byre har ått meir enn 1 ½ l. sm. i Vatland. I jordeboka 1617 er det ættlingar etter Orm som eig mesteparten i garden. I så fall må Orm ha skift gods mellom barna før det endelege skifte i 1601.
Etter odelsjordeboka 1625 eig Ola Vatland 1 ½ l. sm. i Vatland, 1 l. sm. i Dalva og 1 vett tak (never) i Ørland. Seinare pantar han til seg av Henrik Blank nok 1 vett tak i Ørland.
På tinget 1629 skuldar Ola Finnvik Ola Vatland for at han vog inn med ei vekt og ut ei annor.
Ola Olson møtte ofte som lagrettesmann på tinget. Han er avliden ikr. 1638. I 1639 skattar enka av Vatland.
I 1641 vart enka, Kari hatland, stemnd til tings av Jelsapresten Markus Pedersen. Han er av den meining at nå då sal. Ola Vatlands gods vart skift arvingane mellom så skulle han, som på embets vegne sat med 2 pd. sm. i Vatland, vera den som rådde med bygsla av Vatland. Kari Vatland møter med laugverge og seier at sal. Ola Vatlands gods ennå ikkje var skift arvingane mellom. Kari Vatland vert pålagt å skifta med barna sine.
Kari Vatland gifter seg oppatt med Truls Tjerandson ikr. 1641.
Etter det jordegods som Ola Vatland sat med skulle ein helst tru at Kari kona hans var dotter til Orm i Bokn. Truls Tjerandson vart og kalla svoger til Stein Ørland, som var gift med Gyri Ormsdotter i Bokn. Sjå nr. 6.
Vatland vart delt i to like bruk då enka Vatland gifter seg oppatt. Jakob Vatland, truleg sonen, overtek det eine bruk.
f. ikr. 1614, var frå Sand, son av Tjerand Fatnes. Tingbok A 27 fol. 21 b 1658. Ikring 1641 vart han gift med Kari hatland og overtok halve Vatland.
1 1652 på Suldal skipreideting i Vanvik 26. oktober stemner Truls Vatland inn Stein Ørland for 2 vett tak (never) som hans formann har kjøpt og panta i Ørland. Den eine vett hadde Ola Olson Vatland panta av Henrik Blank for 10 rd. Stein Ørland møtte og meinte at det var gjort utret mot han på arveskifte, og ville halda på det han hadde i Ørland til han fekk likt med dei andre medarvingane sine.
«Om denne sak er så for rette avsagt at Stein Ørland skal være pliktig
å betale sin svoger all hans resterende landskyld som han resterer av Ørland
og slikt innen månedsdag betale eller ved adferd av hans formue utsøkes.
Item etterdi at det befinnes Ørland ikke er mere enn 4 vett tak og Truls eier
halvparten, da bør han udi det ringeste nyte bøgselen av hans eget.»
I skattelista 1662 er Truls Vatland oppført med dette jordegodset: 2 pd.
sm. i Vatland, 2 ½ pd. sm. i Dalva, 4 ½ vett korn i Lunde og 3 vett tak i
Ørland. Dette kunne nok tyda på Kollgods arva etter Orm i Bokn og Eli
Jakobsdtr. Koll.
Truls Tjerandson flytte ikr. 1665 til Kalvik. Truleg er kona Kari Vatland død ikr. 1662-63 og godset hennar skift hennar arvingar mellom. Truls er ikkje oppført med noko gods etter han flytte til Kalvik.
overtek halve garden Vatland ikr. 1640. I hovedskatten 1645 er han ugift og
har berre ei tenestgjenta hjå seg. Me må difor gå ut frå at han er son til
Kari og Ola Vatland, kanskje er det Jakob Koll som er oppkalla.
Jakob Vatland finn me òg i jordeboka 1649. Brukar 1 ½ 1. sm. Truleg er
han avliden før 1655.
Ein Ola Vatland eig i 1662 2 pd. sm. i Dalva og 1 pd. sm. i Kallevik. Kanskje dette òg er ein son av Ola Olson Vatland. Denne Ola Vatland i 1662 brukar visstnok ikkje jord i Vatland.
g. m. Anna Vatland
overtek Jakob sitt bruk i Vatland ikr. 1655. Dei kalla eldste son sin Jakob og
min første tanke var at Anna var enka etter Jakob Vatland. Men i skifte etter
andre mannen til Anna seier Anna at ingen av mennene hennar har hatt gods med
seg inn i buet, godset ho set med er hennar odelsgods. Anna Vatland må difor
vera dotter av Ola og Kari Vatland og søster til Jakob og Ola Vatland. Det er
mogeleg at brørne hennar er døde utan livsarvingar, iallfall set Anna
seinare med alt gods i Vatland, 7 pd. sm.
Per Vatland var truleg av Marvikætta. I 1673 let Bjørn Marvik tinglesa eit kjøpebrev på 11. sm. i Marvik, kjøpt av Ola Fuglestein 1 pd., av Orm Marvik 1 pd. og av Jakob og Ola Persøner på Vatland 1 pd. sm.
Per Vatland brukar 11 ½ 1. sm. i Vatland i 1657. Han døydde i ung alder i 1662. To søner let han etter seg:
a. Jakob Person f. 1660 og b. Ola Person f. 1661.
Anna Vatland gifter seg då med Torbjørn Hadleson Vanvik.
Vanvik, f. ikr. 1632, vart i 1662-63 g. m. enka Anna Vatland. Det ser ut til at alt odelsgods i Vatland då er
innløyst. Etter at Truls Tjerandson (nr. 6) flytte til Kalvik bruka Torbjørn
og Anna heile garden, 3 laup smør.
Med Torbjørn hadde Anna ein son Per Torbjørnson f. 1663.
Torbjørn Hadleson døydde i 1666 34 år gamal. Det er skifte etter han 10. okt. 1666. Truleg har enka Anna før skift med dei to eldste sønene sine. I dette buet er det Anna og sonen Per som skifter.
I skiftet etter Torbjørn Hadleson er broren Johannes Ørland tilstades som verje for brorsonen. Det vart der sagt at Anna Vatland var ei helseveik kvinne og ho ville gjerne sjå sonen forsørgd om ho skulle falla frå. Johannes Ørland, farbroren, skulle ta seg av guten og få vederlag i buet for det. Hennar odelsgods i Ørland 3 vett never skal Johannes få til odel og eiga mot å fostra opp barnet og sørgja for det med kler og mat til han er 18 år og lenger og om han vil vera hjå han. Døyr barnet før den tid som er nemnd får Johannes anten godset eller betaling for kvart år etter godtfolks skjønn. Ein annan farbror, Torkel Vanvik, skulle vera formyndar for guten.
Så vart alt lausøyre delt i to like parter, krettur, reidskap og kler. Mellom klerne var ein ny kledes kledning med 29 sølvknappar og ei raud ullskjorte vurdert tilsaman til 13 rd.
Odelsgodset gjorde dei ingen ting med på skiftet, då det var uvisst om barnet hadde rett til det medan mora levde. Det var hennar odelsgods. Lova var noko uklar på dette punktet og lagmannen skulle seinare greia ut om dette.
I 1673 set enka Anna Vatland med alt odelsgods i Vatland, 7 pd. sm. I 1674 er ho død. Det året tingles borgar Laurits Jonsen eit kjøpebrev på 4 pd. sm. i Vatland, kjøpt av Anna Vatland. Sonen Jakob sannar på tinget at mor hans hadde seld dette godset før ho døydde. Om salet av resten av Vatland sjå innleidinga om Vatland.
Det kan sjå ut som om Jakob og Ola Persøner (sjå 7 og 8), som var i 13-14 års alderen då mora døydde, har bygsla ein part av Vatland etter dei hadde seld også sitt gods 2 pd. sm. i Vatland i 1678. I salet tek dei i allfall unda rett til beite for ein del krettur. Dei bruka truleg Vatland 2-3 år. Me høyrer lite til dei etter 1680.
Me har før nemnt at Morten Seehusen og futen Nils Christensen hadde kjøpt opp alt odelsgods i Vatland i 1674-1678.
f. 1636, kjøper 3 ½ pd. sm. i Vatland i 1679 av Morten Seehusen og Nils
Christensen. Han flytter då til Vatland og får samstundes bygsel over 1 pd.
sm. av prestegodset. Bruket hans var på 1 ½ l. sm.
Før Sevat flytte til Vatland hadde han butt på Ropeid og seinare bruka han 1 l. sm. i Haug. Dette godset i Haug hadde han kjøpt – ½ 1. sm. av Stein Jelsa og ½ l. sm. av Torgils Brommeland. Same året han kjøper halve Vatland sel han 2 pd. sm. i Litle Aksland til Ola Vormestrand for 68 rd.
Sevat Naverson var g. m. Birgitta Jonsdtr. Tveita, dotter til Jon Pederson Tveita. Dei var difor nær skyld med folket på Haug då Anna Haug var søster til Birgitta. Det var nok av den grunn at Sevat kom inn på Haug. Det ser ut til at det har gått tåleg bra mellom verbrørne på Haug, men mellom desse og Nils Rosseid var det ofte strid og trette. Nils Endreson Rosseid var verbror til Ola Haug, gift med søster hans. Sumtid slepte dei Haug krettura sine inn i åkrane på Rosseid og sumtid gjorde dei Rorseidmannen andre pek. Nils Rosseid stemnde dei til tinget.
På tinget samanlikna Sevat Naverson Nils Rosseid med eit terre Terre = tver, vrangvillig, ertelysten, hissig. svin og gjorde elles slik «ulyd» i tingstova at tinget måtte avlysast.
På neste ting reiste Nils Rosseid krav mot Ola og Sevat Haug for ulovlig
fedrift, grasbeite og åkerskade. Dessutan for utilbørleg framferd på førre
ting. Akerskaden hadde Jon Gryte og Per Rødne taksert til 3 tønner
havrekorn. Sevat nekta for at han hadde kalla Nils Rosseid for eit svin. Det
han hadde sagt var at når ein tok aldri så lite borti Nils skreik han opp
som eit terre svin. Om «ulyden» på tinget kunne han ikkje nekta då det alt
var innført i tingboka.
På tinget vart dømt at Sevat og Ola Haug skal erstatte Nils Rosseid med 3
tn. havre. Og fordi Sevat hadde kalla Nils eit terre svin betalar han til Nils
½ rd. og for «ulyden» i tingstova 3 mark sølv til Kongen.
Det er skifte etter Birgitte Jonsdtr. Vatland 12. okt. 1696. Av jordegods var det i buet 3 ½ pd. sm. i Vatland, 1 l. sm. i Haug og ½ l. sm. i Nevøy, det siste hadde Sevat kjøpt av verfar sin Jon Tveita. Barn:
Dei to verbrørne Johannes Erikson og Johannes Larsson brukte båe Sevats part av Vatland nokre år, men seinare flytte Johannes Erikson til Rødne.
f. 1660 på Fuglestein, son av Lars Johannesson og Ingeborg Olsdtr.
Fuglestein, vart ikr. 1695 g. m. Marita
Sevatsdtr. Vatland.
I 1701 makebyter han med verbroren Johannes Rødne det gods dei har arva etter verfaren. Johannes Larsson skal ha 3 ½ pd. sm. i Vatland med bunestad og bygsel til 1 ½ l. sm. (Det 1 pd. sm. av prestegodset han har rett til å bygsla). Johannes Erikson skal ha 4 pd. sm. i Haug og 8 rd. imellom. Det er alt godset etter Sevat Naverson dei skifter, så både verfar og verbror Stein Sevatson må då vera avlidne. Godset i Nevøy er her ikkje nemnd, men derimot finn me 1 pd. sm. i Haug meir enn Sevat Vatland åtte. Det kan vera makebytt mellom Haug og Nevøy der Markus Erikson, bror til Johannes Erikson, budde.
Det var helst tungt økonomisk for Johannes og Marita på Vatland. Stadig
er det krav oppe på tinget, siste gong i 1710. Tingålmugen vitna då at
Johannes Vatland var død det året. Han døydde i armod og kona med barna
laut gå frå garden. Barn:
I skiftet etter farmor deira på Fuglestein 1720 lever Lars, Ingeborg og Berta.
Sonen, Lars Johannesson, prøver seinare å ta att odelsgodset i Fuglestein, får og rettens medhald i dette. Det vart skrive ut skjøte i 1721 av Lars Danielson, Ola Danielson og Hermann Landsnes på 2 pd. 6 ½ m. sm. med bygsel til Lars Johannesson, men då det skorta på pengar kom han aldri til å løysa inn godset. I den tid er han kalla Lars Johannesson Kolstø, så han har nok butt der ei tid.
bur i 1711 med kona og eit barn på denne parten av Vatland. Truleg budde
han der berre i 2-3 år. Elles har me ikkje noko kjennskap til han.
Me har sett at det gjekk reint ut med Johannes Larsson (sjå nr. 11). Verbroren, Johannes Erikson, har nok overteke eigedomsretten til bruket att, men må ha seld det vidare til Ola Olson Barkeland i 1712 eller 13. Ola Olson var steson til Lars Barkeland. Ola hadde nokre år vore gift med ei enka på Hamra, Siri Osmundsdtr. som døydde i 1711. Ola Olson flytte då frå Hamra og budde kanskje på Vatland eit års tid, flytte så til Finnesand på Mosterøy. I 1713 bygsla han bort sin part av Vatland til Sjur Olson Haug.
bygsla 1 ½ 1. sm. i Vatland av Ola Olson Finnesand i 1713. Sjur bruka
Vatland til 1716. Då bygsla han Gryte og flytte dit. Om Sjur Olson sjå Gryte
nr. 6.
Landsnes, f. ikr. 1677, får bygselbrev på 1 ½ l. sm. i Vatland av Lars
Larsson Barkeland på vegne av steson hans, Ola Olson Finnesand, som då var i
Kjøbenhavn. Bygselbrevet dat. 16. april 1716.
Bård Erikson var gift med Brita Kjellsdtr. Ytre Høyvik, og då Ytre Høyvik vart bygselledig i 1719 flytte han dit. Sjå Ytre Høyvik.
Lars Larsson Barkeland fekk i 1719 skjøte av steson sin, Ola Olson, på 3 ½ pd. sm. i Vatland. Lars Barkeland sto som eigar av halve Vatland til 1752 då han sel til oppsitjaren på Vatland.
Denne halvpart av Vatland var i 1674 kjøpt av jens Ånonson Marvik. Det er mest truleg at denne parten vart ei tid bruka av Jakob og Ola Persøner (sjå 8 a-b). Noko før 1690 vart bruket bygsla til Nils Endreson Roseid.
Rosseid var frå Røykjenes, son av Endre Nilsson. Då han vart gift med Oddbjørg
Josteinsdtr. Haug fekk han Rosseid til bruks. Verfaren hadde før brukt
Rosseid.
Det er mogleg at namnet Oddbjørg i talemålet har gått over til Gudbjørg som var eit meir vanleg namn i Jelsa. Då ho vart grl. er ho kalla Gudbjørg, og alle barna hennar har ei dotter kalla Gudbjørg.
Då eldste son til Nils, Øystein Nilsson, vart g. m. ei dotter av jens Ånonson Marvik kom Nils Endreson til å flytta til Vatland og fekk bygsla eller kjøpa garden. Sonen Øystein skulle då overta Rosseid. Det kom ei semje i stand mellom dei to fedre som tingboka frå 1690 fortel om:
«Jens Marvik og hans svoger Nils Rosseid for retten fremkom og angav at om
hva tvistigheter dem i mellom har vært er venlig forenede. Nemlig at Nils
Rosseid lovet og sig fullkommelig tilforpliktet at hans søn Østen Nilsen som
til ekte har Jens Marviks datter, skal etter hans bygselseddels formeld nyte,
bruke og i all deres livstid besitte gården Rosseid med alle de huse som nu
på gården er stående. Og om så skjer at Østen Nilsen ved døden før hans
kone Malene Jensdtr. avgår, skal den mann hun igjen bekommer bygsle den av
Nils Rosseid eller hans arvinger. Derimot har Jens Marvik solgt og avhendt fra
sig og sine arvinger og til Nils Rosseid og hans arvinger i den jord hatland
som skylder årlig smør 1 1. ½ pd., hvorfor Nils skal gi ham rede penger 93
rd. Og alt så lenge de halve penge er ubetalte skal Nils ikke betale Jens
videre enn som den ordinære landskyld og tredjetage av betrefne 3 ½ pd. sm.,
likesom Østen Nilsen i like måte betaler sin far av Rosseid. Men når Nils
betaler de halve penge for hatland skal han av den andre halve summa gi Jens
Marvik rente etter loven inntil så lenge den er betalt.
Belangende et nøst på Rosseid, da skal det tilkomme Nils. Hvorpå de nu for retten tok hinannen i hånd.»
Truleg vart kjøpesummen aldri betalt. Marvikfolka sto som eigarar til halve Vatland til ikr. 1720.
Nils Endreson Vatland er grl. 7. sept. 1698, 72 år gamal, Gudbjørg Josteinsdtr. grl. 1709, 69 år gamal. Om Nils Rosseid sjå òg nr. 10. Barn me kjenner til:
f. 1680, overtok Vatland 3 ½ pd. sm. etter faren. Han var gift med Marta
Jakobsdtr. Nils er død før 1711. Det året gifter enka seg oppatt med
Odd Larsson Berakvam. Ei dotter hadde Nils og Marta, Gudbjørg
f. 1708. Ho bur hjå mora og stefar sin også etter dei flytte til
Berakvam. I skiftet etter mora i 1747 er ho blind.
Berakvam, f.
1683,
g. m. enke Marta Jakobsdtr., fekk bygselbrev på 1 ½ 1. sm. i Vatland av Ånon
Jensson Marvik i 1712. Dei budde på Vatland til 1718 eller 19. Då flytte dei
til Berakvam der han overtok farsgarden. Sjå Berakvam.
Etter Odd Larsson og Bård Erikson (nr. 14) går Vatland over til einmannsbruk, meddi at neste brukar bygsla båe bruka på Vatland.
Vormestrand, f. ikr. 1681, får bygsla 1 ½ 1. sm. i Vatland av Ånon
Jensson Marvik i 1719. På same ting han tineles dette tingles han åg sitt
bygselbrev på andre 1 ½ 1. sm. i Vatland bygsla av Lars Larsson Barkeland.
(Lars Barkeland hadde tidlegare på same ting tinglese sitt skjøte på 1 ½
1. sm. i Vatland kjøpt av Ola Olson Finnesand). Ola Knutson har såleis frå
hausten 1719 bruksrett over heile Vatland, 3 1. sm.
Ola Knutson var son av Knut Olson Vormestrand og soneson av Ola Asmundson Vormestrand og Kari Johannesdtr. frå Stokka i Vats. Faren, Knut Olson, var gift med Sissel Jensdtr., dotter av Jens Marvik, og hadde i skiftet etter jens arva ein part i Vatland. Knut Olson budde på Helland i Vikedal, men åtte gods i Vormestrand etter faren. Då Ola Knutson var vaksen fekk han bygsla 1 1. sm. i Vormestrand der han bur i 1706 og budde der til han i 1719 flytte til Vatland.
I 1720 kjøpte Ola Knutson det godset i Vatland som Marvikfolket åtte. Det var 1 1. 12 m. sm. Seljaren var Ånon jensson Marvik som åg selde på vegne av søsterbarna sine, Jens og Sønnøve Østhus i Bygda, Ånon Gunnarson Finnvik, Knut Olson Helland og Daniel Karlson Vassende (eller Ohm), alle av Marvik-folket eller gift med ei frå Marvik. Med i handelen fylgde og retten til å bygsla halve prestegodset i Vatland, 1 pd. sm.
Ola Knutson må vera gift to gonger. Det er berre siste kona, Magla Persdtr., me kjenner til. I eit skifte på Østebøtræ i Vikedal i 1731 etter Marta Jonsdtr. arva dei 3 søsken hennar:
1.Bror Per Jonson, død og etterlete seg ein son Ola Person Bratland og ei dotter Magla Persdtr. g. m. Ola Vatland.
2.Søster Marta Jonsdtr. over 50 år og ugift.
3.Halvsøster Anna Jonsdtr. gift i Karmsund.
På sine eldre dagar kjøpte Ola Knutson ein part av Fjetland og busette seg der. Det er skifte etter Magla Persdtr. på Fjetland i 1742. Ho let då etter seg barna:
Ola Knutson må ha hatt ein son i første ekteskap, Lars Olson, som i 1746 sel odelsretten til Vatland til bror sin Knut Olson. Sonen, Torbjørn Larsson, møter i retten på Jelsa 20. juni 1766 og krev odelsrett til Vatland som faren i 1746 har seld til Knut Olson. Når faren døyr vil han løysa inn godset. Men noko innløysing av godset vart det ingenting av. Truleg er ei semje kome i stand.
Ola Knutson overlet Vatland til sonen Knut Olson i 1734.
f. ikr. 1708, fekk i 1734 gåvebrev av faren Ola Knutson på 1 pd. 18 m.
sm. i Vatland. Same år på same ting får Knut Olson skjøte på 1 pd. 18 m.
sm. i Vatland. Det er tils. 3 ½ pd. sm. og er det som faren Ola Knutson åtte
i Vatland. Samstundes bygslar Knut det som Lars Barkeland eig, 3 ½ pd. sm. i
Vatland. Prestegodset, 2 pd. sm. fylgjer med i bygsla.
I 1752 skjøter Lars Barkeland 3 ½ pd. sm. i Vatland til Knut Olson for
100 rd. i curant mynt. Skjøtet dat. og tgl. 2 .novbr. 1752.
Då åtte og bruka Knut heile Vatland, 3 l. sm. (unnanteke 2 pd. prestegods som han brukte, men ikkje åtte). Han vart litt av ein kakse i bygda, rik og mektig. Var elles ofte nytta som doms og skjønnsmann og var ein vel vyrd mann i skipreide.
Han fekk seg og eit godt gifte: Siri Olsdtr. Fuglestein f. 1711, dotter av Ola Sveinson og Kari Ormsdtr. Barn:
Knut Olson døydde i 1779, Siri Olsdtr. i 1786.
f. 1752, får i 1776 gåvebrev av far sin på 1 pd. 18 m. sm. i Vatland.
Då faren døydde får Svein skjøte på resten av Vatland, 1 l. 2 pd. 6 m.
sm., av mor si Siri Vatland, og dertil overbygsel til 2 pd. sm. Jelsa
prestebol benefisert. Skjøte dat. og tgl. 20. juni 1781.
Svein Knutson gifte seg i 1779 med Gitlaug Danielsdtr., dotter av lensmann Daniel Søndenå i Vikedal og kona Marta Torbjørnsdtr. Dei får 10 barn, men 6 av dei døydde som småbarn:
Svein Knutson Vatland døydde i 1813, Gitlaug Danielsdtr. i 1825, 68 år gamal. I 1806 skifte Svein Knutson garden Vatland i to like parter mellom tvillingane Daniel og Siri. Siri er då trulova med Gudmund Nilsson Rosseid. Gudmund og Siri overtek sin part i 1807. Daniel overtek sin part i 1809. Frå nå av er hovedgarden Vatland delt i to bruk, og seinare fleire, og me nyttar nå dei bruksnr. som dei einskilde bruk fekk i 1886.
gifte seg i 1807 med Siri Sveinsdtr. Vatland.
Alt mens han er trulova med henne hadde han fått lov på halve Vatland, men
han skulle ikkje overta bruket før dei var gifte. Han gav verfar sin ein
obligasjon i bruket på 600 spd. D. C. Dette var kjøpesumen for bruket.
Dessutan folga til verfar og vermor. Odelsretten som den mindreårige Daniel
Sveinson hadde, løyste han inn med 200 daler. Barn:
På ein bytur i 1823 selde Gudmund Vatland bruket sitt til Samuel Samuelson Bratland. Kjøpesum 450 spd. og folga både til seljar og kona og den folga vermora Gitlaug skulle ha av bruket. Skjøte tgl. 3. mars 1824. Kona Siri Sveinsdtr. sender inn til tinget protest mot dette gardsalet. Det var hennar odelsgods og seld mot hennar vilje og samtykke, det var ulovleg etter gamal norsk lov. Protesten vart ført inn i tingboka 3. mars 1824, men salet kom likevel til å stå ved makt.
Gudmund Vatland døydde i 1828, 61 år gamal.
f. 1794, g. m. Kirsti Johannesdtr. Byrkjeland
i Imsland, f. 1800, flytte i 1824 inn på br.nr. 1 av Vatland.
Same året var det utskiftning på Vatland. Den gamle store fellesløa på Vatland var falleferdig og måtte rivast. Det hadde vore krangel mellom Gudmund og verbror hans, Daniel Vatland, om dette åra før, og det var kanskje ei årsak til at grannane nå fann ut at det var best å få garden utskift, så kvar kunne byggja dei hus dei hadde bruk for.
Av heimebøen fekk Samuel den austre eller øvre part av Vatland, Daniel
den vestre eller nedre part. Av husmannsplassane skulle Sildelid høyra til
Daniel sin part, mens Slåtta og Saga skulle høyra til Samuel sin part. Men
Daniel skulle ha eit stykke langs elva der kvernhusa sto. Dette jordstykke
høyrde Daniel til og han hadde rett til veg til det. Men Samuel skulle ha
rett til å mala på kverna det mjøl han hadde bruk for til huset.
Samuel selde ikkje bort nokon part av bruket sitt, så hans bruk vart
snart det største på Vatland. I ny matr. 1838 har bruket ei skyld av 3 dl. 3
ort 14 sk. Udelt er bruket og i 1886 med ny skyld 6 mark 52 øre. Det same i
matr. frå 1906.
Samuel Samuelson Vatland døydde i 1872, Kirsti Johannesdtr. i 1889. Barn:
f. 1838, vart i 1865 g. m. Torborg
Torkelsdtr. f. 1842, dotter av Torkel Klengson Erfjord. Han overtok br.nr.
1 av Vatland i 1866. Kjøpesum 700 spd. og folga til foreldra rekna i 5 år
til 300 spd. I 1875 fødde han på garden hest, 6 kyr, 2 ungnaut, 30 sauer og
2 griser. Sådde 7 tn. havre og 5 tn. poteter. Samuel Samuelson hadde også
bruket i 1906. Barn:
f. 1784 (sjå nr. 20 d), får skjøte på andre halvpart av Vatland 11.
juni 1806, tgl. 12. okt. 1811. Han skulle, gje 400 rd. D. C. og folge til
foreldra.
Daniel vart i 1807 g. m. Sissel Villumsdtr. Skartveit, f. ikr. 1784. 7 år etter vart ho gravlagt, 30 år gamal. Ho let då etter seg to søner
Daniel gifte seg oppatt i 1815 med Magla Oddsdtr. Kjølvik (sjå Kjølvik 24 a). Ekteskapet vart endå kortare enn det første: Ho døydde same året, 22 år gamal.
Tredje gifte til Daniel Vatland var Talborg Johannesdtr. Finnvik, søskenbarnet sitt. Valborg var enke då etter Bjørn Olson Brakahaugen u. Finnvik. I første ekteskap hadde ho sonen Ola Bjørnson som fylgde med mor si til Vatland. Då Ola voks til fekk stefaren mykje bry med guten. Han kalla steson sin inn for forliksrådet i Jelsa. Lars Jelsa skreiv i protokollen at Ola hadde brukt grove verbale injurier med skjellsord ikkje berre mot stefaren men åg mot husfolket hans. Dei vart forlikte på dei vilkår at Ola skulle halda seg borte frå Vatland, minst ein fjerdings veg, så lenge Daniel levde.
Med Valborg hadde Daniel sønene
Både Daniel og desse sønene døydde av tyfus i 1838. Johannes døydde 21. mai, Daniel og Knut same dagen 8. juli 1838. Ei dotter til grannen Samuel Vatland, Ingeborg, døydde i februar same året av tyfus. Det vart fortalt at Daniel møtte opp i gravferda med plagg for munn og nase for åverja seg mot smitte. Men av gravferdsfolka var det berre Daniel og sønene hans som fekk sotta.
Valborg Johannesdtr. døydde i 1840, 62 år gamal.
Daniel Sveinson selde garden til eldste son sin, Vilhelm Danielson, i 1832. Daniel tok unna Holmen og Holmsund til folgejord for seg og kona. Han kalla bruket for Danborg (den første staving i hans namn og den siste staving i kona sitt). Utskift og skyldsett vart dette bruket først i buet etter Daniel Sveinson i 1839.
f. 1808, får skjøte på 1 l. 12 m. sm. og overbygsel til 1 pd. sm.
(prestegodset) i 1832. Kjøpesum 450 spd. og folga til foreldra. Same året
skreiv Vilhelm ein forpaktningskontrakt med faren, faren kan bruka garden så
lenge han vil utan avgift. Men då Vilhelm i 1835 gifte seg med Marta
Olsdtr. Fatnes overtok han garden.
I 1839 skifter Vilhelm Vatland ut to bruk og sel dei frå hovedbruket. Det
var Sildelid og Holmen. I 1846 skifter han ut eit tredje bruk, Torflåt, frå
hovedbruket. Av bruket til Vilhelm var det nå att 3 dl. 1 ort 5 sk.
Vilhelm Danielson døydde i 1870, 63 år gamal, Marta Olsdtr. i 1876, 70 år gamal. Barn
Enka Marta Olsdtr. skjøter garden i 1872 over på eldste sonen Ola Vilhelmson.
f. 1836, får skjøte av mor og brørne sine på br.nr. 2 av Vatland i
1872. Kjøpesum 350 spd. og folga rekna i 5 år til 150 spd.
Ola Vilhelmson vart i 1865 g. m. Gundla Salmundsdtr. Refsekra u. Marvik f. 1841.
Vassfall med tomter og jordstykke i Sagdalen vart utskift og skyldsett ikr. 1870. Det vart skyldsett til 1 ort 16 sk. I 1886 fekk dette bruk br.nr. 3 av Vatland og seld til Rasmus Østhusbygda og Østen Eik.
I 1893 var det igjen deling og skyldsetningsforretning på br.nr. 2 av
Vatland. Det var Skåtevik som vart skyldsett til 20 øre og seld til Tormod
Ånonson Haug (Bakkane) for 420 kr. Det nye bruk fekk br.nr. 7 av Vatland.
Dette var det siste bruk som vart skild ut frå Vatland før 1906.
Ola og Gundla Vatland hadde barna:
Gundla Salmundsdtr. Vatland døydde i 1912, Ola Vilhelmson i 1929.
Etter Ola Vilhelmson vart dette bruk delt mellom brørne Vilhelm (3 mark 7 øre) og Ola (1 mark 26 øre).
f. 1872, død 1952, g. m. Anna
Birkeland, f. 1884, død 1929. Barn:
f. 1882, g. m. Berta Vrålsdtr. Klungtveit,
f. 1889. Bruket er br.nr. 8 av Vatland og kalla Vatne.
Barn:
Dette bruksnr. av Vatland var kvernstaden med eit jordstykke på austsida av elva i Sagdalen. Det vart skyldsett i 1867 og seld til Rasmus Gudmundson Østhusbygda og Østen Eik. Skylda vart sett til 1 ort 16 sk. Etter ny skyldnemning i 1886 vart det 52 øre i skyld. Dette bruket gjekk seinare over til son av Rasmus Gudmundson, Johannes R. Bjørklund. I matr. 1886 er det framleis Ola Vilhelmson Vatland som står som eigar, men er retta i matr. 1906.
Dette bruket ligg til sjøen i Vatlandsvåg og var før plass under Vatland. Då det var utskiftning på Vatland i 1824 kom Sildelid til å høyra til Daniel sin part.
Første gongen me ser Sildelid nemnd i manntal er i sjømilitært manntal frå 1706. Men truleg har det butt folk i Sildelid lenge før den tid. Ein Jon Sildelid budde der før 1700 talet. Ein son hans, Anders Jonson, f. 1691, var med 5 år som matros i den store nordiske ufred. Anders budde i 1734 i Rønnevik og bruka 1 l. sm. der.
bur i Sildelid i 1706, 46 år gamal. Han var frå Laugaland i Hjelmeland.
Før hadde han vore husmann i Ytre Høyvik og visstnok òg ei tid på Sand.
Truleg var han gift med Ingeborg
Jonsdtr. Hauge i Hjelmeland. Han var verbror til Per Jonson Hauge som
hadde bygsla garden Sand av soknepresten i Jelsa, då Nils Tjurholm. Det var
ofte krangel mellom Per Sand og husbonden hans. Verbrørne til Per måtte ofte
hjelpa han ut or knipa og då er og Ola Sildelid med. I ei trette på Sand
mellom Per og presten der Per kjem med harde trugsmål mot presten, står det
i tingboka at Ola Sildelid tok bror (verbror) sin om halsen og så: For Jesu
død og pine tak deg i vare for kva du gjer.
Ola Kristenson bur i Sildelid i 1720 (krigsstyrskatten). Men i 1723 er det ein ny mann på plassen.
Ola og Ingeborg Sildelid hadde barna:
bur i Sildelid med kona og eit barn i 1711. Det er Ove Abrahamson som i
1708 16 år gamal skulle utskrivast til marinen, men dei fann han forliten. I
1709 finn me han som soldat i major Steens kompani, er då kalla Ove
Abrahamson Lie.
Ove vart i 1709 g. m. Marita Olsdtr. I 1710 har han dottera
til dåpen. Er då komen til Sildelid. Det er lite truleg det er sjølve plassen han brukar, truleg strandsitjar.
bur og i Sildelid med kona og to barn i 1711. Truleg er dette og ein
strandsitjar. Det er Ola Kristenson som brukar plassen.
brukar plassen Sildelid i 1723. Han er nemnd i matr.utkastet frå 1723. I
1732 er grl. Jon Sildelids enke.
Ein Andreas Jonson (Paulson?) som i 1734 bruka 1 l. sm. i Rønnevik i Imsland var fødd i Sildelid ikr. 1691. Han hadde tent som soldat i 5 år. Kanskje er han son av Jon Sildelid, nr. 32.
Vatland (sjå Vatland nr. 19 c), f. 1734, fekk Sildelid til bustad då han
i 1760 gifte seg med Berta Kristensdtr. Det
var vel meininga at han skulle overta odelsgarden sin, Vatland, då faren fall
frå. Han dreiv sjøen og i 1773 drukna han. Skifte etter han 4. mai 1773.
Barn:
Enka flytte frå Sildelid. I 1784 då sonen Knut døydde, budde dei på ein plass kalla Bjørnevangen u. Vatland (Bjørnevågen ?).
Hamra vart i 1761 g. m. Margrete
Knutsdtr. Lovra. Dei bygsla Sildelid etter Ola Knutson. Før den tid hadde
dei butt på Kolstø i Karmsund der alle barna kom til.
Nils Larsson døydde i 1797, 72 år gamal. Enka Margrete Knutsdtr. og 7 barn lever etter han:
Enka Margrete Knutsdtr. gifte seg oppatt i 1797 med Askild Askildson, son av Askild Knutson Okstrasaga.
var 34 år gamal då han gifte seg med enka i Sildelid, Margrete
Knutsdtr., då 60 år gamal.
Dei bur i Sildelid til ikr. 1814. Då vart plassen bygsla bort påny.
Høyvik, f. 1773,
son av Bjørn Indre Høyvik og Kari Knutsdtr. Vatland (sjå nr. 19
b), vart i 1800 g. m. Talborg
Osmundsdtr. Soland, dotter av Osmund Johannesson Soland og Siri Knutsdtr.
Vatland (sjå Vatland nr. 19
d). Dei var således søskenbarn og begge mødrene frå Vatland. Dei budde
først på Soland, så på Marvikhaugen og tilsist frå 1814 i Sildelid. Ola
Bjørnson var fiskar og fekteskipper. Barn:
Alle sønene etter Ola og Valborg Sildelid var fiskarar og jekteskippere.
Ola Bjørnson Sildelid døydde 1833, 62 år gamal. Valborg Osmundsdtr. døydde i 1866, 91 år gamal.
f. 1809, kjøper Sildelid av Vilhelm Danielson Vatland i 1839.
Bruket vart skyldsett til 2
ort 7 sk. og betalt med 200
spd. Nils Trondson var gift med Magla
Hadlesdtr. Finnvik. Barn fødd i Sildelid:
Nils Trondson brukar Sildelid til 1846. Då sel han bruket til Svein Danielson Vatland og flytter til Finnvik.
Vatland, f. 1814,
gifte seg i 1846 med Oline Olsdtr. Fatnes
f. 1819, dotter av Ola Albertson Fatnes. Same året kjøper han Sildelid og
buset seg der. Kjøpesum for bruket 200
spd. Dei bur i Sildelid i 1875. Då
før dei på bruket 4
kyr og 8
sauer, sår 1 ½ tn. havre og
2 tn. poteter. Barn:
Svein Danielson døydde i 1880, 67 år gamal, Oline Olsdtr. lever i 1900.
f. 1855, g. 1877 m. Kari Ellingsdtr. Stølen,
f. 1851, dotter av Elling Johannesson Stølen u. Østhusbygda. Barn:
f. 1888, overtok Sildelid. Gift med Berta
Haug, Ombo, enke etter Johan Samuelson Vatland.
Holmen ligg ute i Vatlandsvatnet, nå landfast med ei bru. Eit sund mellom
Holmen og fastlandet var kalla Holmsund. Seinare vart Holmsund namn på den
del av bruket som låg på fastlandet. Daniel Sveinson Vatland tok Holmen til
folgestykke til seg og kona Valborg og kalla plassen for Danborg. Sonen Knut
Danielson fekk festesetel av far sin på Holmen i 1831. Knut var ugift og det
er truleg at han har brukt plassen saman med foreldra til 1839.
Daniel Sveinson og sonen Knut døydde same dagen, 8. juli 1839. 1 buet etter Daniel vart Danborg og Holmsund skilt ut som eige bruk av Vatland med skyld 14 sk. Aret etter, 1840, vart bruket seld på auksjon.
f. 1804, son av Jakob Ingebretson frå Hebnes Storstov (sjå Tveita nr.
12), vart i 1835 g. m. Astrid Jakobsdtr.
Ytre Åserød, f. 1815. Dei budde først i Nevøy, men kjøpte Holmen på
auksjon i 1840 og flytte dit.
Ingebret døydde i september 1873. Enka sat i uskifta bu med bruket til 1879. Då let ho sonen Jakob overta bruket. Folga skulle vera slik at Jakob forplikta seg til å yta mor si Astrid Jakobsdtr. husrom og opphald ved å gå til hans bord så lenge ho levde. Barn:
f. 1836, overtek Holmen i 1879. Etter ny skyldnemning i 1886 vart bruket
br.nr. 5 av Vatland av skyld 22 øre.
Jakob Holmen gift 1876 med Berta Malena Eriksdtr. Kalvik. Dei bur i Holmen år 1900. Ein son Ingebret f. 1880 døydde same året. Truleg var dei barnlause i 1900.
Haug, f. 1877, kjøper Holmen i 1908. Han var son av Nils Haldorson
Kjølvik og kona Eli Jonasdtr. Haug. Fleire barn etter Jonas Nilsson Holmen.
Jonas var g. m. Ane Kristensdtr. Fjetland.
Dette er truleg den plass som i 1831 vart kalla Øvre Vatland. Daniel Sveinson Vatland fester son sin Svein Øvre Vatland i 1831. Vilkår: Slå eit dalarstykke, skjera 10 lass korn, arbeida 6 dagar i hogballen og 6 dagar i vårvinna, 2 spd. årleg i kontanter. Svein Danielson bruka truleg Torflåt til han i 1846 kjøpte Sildelid og flytte dit (sjå Sildelid).
Finnvik, g. 1842 m. Eli Mikkelsdtr. Bratland,
kjøpte Torflåt i 1846 av Vilhelm Danielson Vatland. Bruket vart sett i 1
ort 13 sk. i skyld og betalt med 100 spd. I ny matr. 1886 vart Torflåt
br.nr. 6 av Vatland, skyld 49 øre.
Lars Thorson selde i 1872 bruket sitt til Ånon Haraldson.
Tveitasjøen, f. 1820 i Hjartdal i Telemark, vart i 1849 g. m. Ase
Isaksdtr. f. 1825 i Hjelmelandsvågen. Faren Isak Andersson flytte inn til
Jelsa i 1835 og busette seg på ein plass u. Marvik.
Ånon og Ase budde ei tid på plassen Brurstolen u. Vatland. Men i 1872
kjøpte dei Torflåt og flytte dit. Barn:
Ånon Haraldson døydde ikr. 1890. I 1893 er det enka som skattar av bruket.
f. 1868, g. m. Talborg Johannesdtr. f.
1876 på Tveit i Erfjord, dotter av Johannes Nilsson Tveit som seinare budde
på Maribu, hadde Torflåt seinare. År 1900 er Harald Ånonson i Amerika, men
kona bur på Torflåt med to barn: a. Ånon
f. 1896 og b. Berta f. 1898,
båe fødd i Amerika. Kona og barna reiste seinare attende til Amerika.
Fjetland, g. m. Karen Helgesdtr. Saga,
budde seinare på Torflåt. Barn:
f. 1798 i Saga u. Vatland, son av Knut Knutson og Siri Jonsdtr., fester
Skåtevik av Daniel Vatland i 1827.
Knut var g. 1824 m. Anna Andersdtr. Ormannsvik u. Landsnes f. ikr. 1800. Knut Knutson døydde i 1847, 48 år gamal. Barn:
I 1875 er ikkje nemnd nokon huslyd i Skåtevik.
Kleppeadaln u. Haug, f. 1850, vart i 1875 g. m. Liva Olina Faltinsdtr. Hebnes, f. 1855, dotter av Faltin Olson
Hebnes. Tormod var son av Ånon Knutson Kleppadalen, halvbror til Knut Knutson
i Skåtevik (49). Tormod var steinarbeidar og bygde mange husmurar rundt om i
Ryfylke.
Tormod Ånonson kjøpte Skåtevik av Ola Vilhelmson Vatland i 1893. Bruket vart sett i 20 øre i skyld og betalt med 420 kr. Bruket vart br.nr. 7 av Vatland.
Ei dotter hadde Tormod og Oline Skåtevik, Lisbet Tormodsdtr. g. m. Tormod Paulson Skimling. Dei budde seinare i Skåtevik. Ein son deira har nå Skåtevik (1962).
f. 1824 i Sauda, bygsla denne plassen av Ola Vilhelmson etter han i 1849
gifte seg med Magla Tormodsdtr. Bakkane
u. Haug. Gunnar var son av Johannes Gunnarson som visstnok budde i Marvik ikr.
1850. Gunnar og Magla budde i Hellevikneset første året dei var gifte. Barn:
Gunnar og Magla bur på Vassbø i 1875 og har dei fire yngste barna heime. I 1900 bur Gunnar hjå Jakob Ingebretson Holmen.
I 1875 fødde dei på Vassbø 1 ku og 2 sauer, sådde 1/12 tn. bygg og ½ tn. havre og 6/8 tn. poteter.
f. 1825 Nedre Haugland i Imsland, bygsla Leite i 1852. I 1851 vart han g.
m. Ingeborg Bjørnsdtr. Hustveit, f.
1832. Plassen høyrde til Ola Vilhelmson sitt bruk i 1875. Barn:
Ingeborg Bjørnsdtr. Leite døydde i 1 889.
Knut Kolbeinson gifte seg oppatt med enka i Stuvik, Asgjerd Olsdtr. Ho bur som enke på Leite i 1900. Asgjerd Olsdtr. var fødd i 1842 på Prestegards Nådland. Gift 1866 med Bjørn Kristenson Håla på Fuglestein. Bur i 1875 i Stuvik u. Fuglestein. Ei dotter har ho heime på Leite i 1900, Asgjerd Bjørnsdtr. f. 1871. Likeeins bur moster til Asgjerd Olsdtr. der, Anne Karine Johannesdtr. f. 1813.
Plassen er truleg rydda ikr. 1820-30 åra og ligg ned mot Vatlandsvågen.
f. ikr. 1803, gifte seg 1827 med Brita Rasmusdtr. Lovra, f. 1796. Dei budde på ymse plasar men hamna tilslutt i Myra u. Vatland. Plassen bygsla han av Samuel Vatland. Barn:
Jens Erikson døydde i 1845, 42 år gamal. Brita Rasmusdtr. i 1885, 90 år
gamal.
f. 1833 i Hjelmeland, son av Kristoffer Jonson Sæbø (sjå «Andre
oppsitjarar på Hebnes» nr. 13).
Jon var murar og vervstømmermann, var og ei tid kalla skomakar. Dei hadde
ord på seg for åvera uvanleg sterke og spreke Kristoffersønene. Dei hadde
elles godt å likna på. Far deira, Kristoffer Sæbø, vart oftast kalla
Store-Kristoffer, og morfar deira, Kristoffer Steinsland i Hjelmeland, var
kjent for sin styrke, dertil sprek. Kristoffer Steinsland var tømmermann.
Når dei hadde reist sperrene på eit hus kunne han lett gå langs møne på
sperretoppane. Etter Johannes Arneson: Signe
Ulladalen ho er mi.
Jon Kristofferson som bygsla Tømmermyra ikr. 1870 var og ein kraftkar. I 1867 vart han g. m. Taletta Sjursdtr. Slåtta u. Vatland, f. på Fisketjøn i Suldal i 1837.
Både Jon og Taletta lever i 1900. Barn:
Enok Jonson bur heime i Tømmermyra i 1900, er då nett gift med Ane Osmundsdtr. f. 1882. Enok Jonson var skomakar. Budde seinare i Bjørnevåg, flytte til Sjernarøy og tilsist til Finnøy.
er nå småbrukar i Myra.
Dette er truleg eldste plassen under Vatland. Plassen ligg på austsida av elva frå Grytevatnet. Elva er grenselev mellom Vatland og Kjølvik. Kjølvik sagbruk sto på austsida av elva, altså på Vatlands grunn, men alltid like frå ho vart bygd på 1500 talet kalla Kjølvik sag. Sagmeisteren har likevel butt på plassen som høyrde Vatland til og vanlegvis oppført som husmann under Vatland.
f. ikr. 1630, I 1666 oppført 25 år, i 1701 70
år. bur der i 1666, husmann under Vatland og sagmeister på Kjølvik
sag. Ein Knut sagmeister er same år oppført som husmann u. Kjølvik, 70 år
gamal, så det er mogeleg Tjerand då hjelper den gamle sagmeisteren.
Tjerand Sanderson er truleg son til den Sander Skotte som i 1626 måtte
bøta 2 rd. fordi han «belå» Andy Kjølvik. Tjerand var gift i 1666 og
hadde ein son Asbjørn, 3 år gamal. Me finn han att i 1701. Då er han 70 år
og har to fostersøner:
Tjerand sagmeister hadde og to døtre, tvillingar, til dåpen 1696. Tjerand
sagmeister døydde 13. des. 1708.
løyser av Tjerand som sagmeister og husmann u. Vatland Brita, Ola sagmeisters kvinne, døydde i 1703, I 1700 døyper han
dottera Marite. Det er mogeleg at
den Ola Syvertson som i 1704 gifter seg med Ingrid Olsdtr. er Ola sagmeister.
I 1705 har Ola sagmeister sonen Syvert til
dåpen. Ola sagmeister er husmann u. Vatland
i 1711. Har då kona og 4 barn. Nemnd som husmann på Sagplassen i
matrikkelutkastet 1723.
f. ikr. 1700 på Hustveit i Imsland, son av Markus Anfinnson Høyvik og
Magnhild Torgilsdtr. Hustveit, vart sagmeister og husmann på Sagplassen
etterpå. Torgils var 1. g. g. m. Anna
Margrete Tygesdtr. Ho døydde i l756, 60 år gamal. Torgils 2. g. g. m. Berta Nilsdtr. f.
ikr. 1704.
I første ekteskap hadde Torgils desse barna:
Torgils Markusson døydde 1766, skifte 12. jan. 1767.
Sæbø, f. ikr. 1749, vart i 1768 g. m. Marta
Larsdtr. Jelsa. Han var sagmeister og husmann på Sagplassen den tid Per
Larsson Rød, gjestgjevaren på Jelsa, åtte Kjølvik sag. Daniel g. 2. g. m. Lisbet
Gudmundsdtr.
Daniel Danielson flytte seinare til jelsalandet og var gjestgjevar der. Sjå jelsalandet.
f. 1747, son av Lars Bjørnson Jelsa, kjøper ein part av Kjølvik sag og
buset seg på Sagplassen som sagmeister. Han hadde før vore gjestgjevar i
Hjelmelandsvågen. Gift med Anne Karane
Haldorsdtr., dotter av gjestgjevar Haldor Samsonson på Sand. Ho døydde i
1804, 57 år gamal.
Lars g. 2. g. m. Anna Kolbeinsdtr. Soland. Barn:
Anna Kolbeinsdtr. døydde i 1816, 46 år gamal. Lars Larsson døydde 26-12-1831, 86 år gamal.
f. 1807 (sjå nr. 60 f), bygsla Sagplassen av Samuel Vatland i 1832. 1
bygselavgift skulle han slå eit dalai-stykke på Vatland kalla Dugnestykket,
slå eit halvdalarstykke kalla Torflåtstykket, skjera 12 lass korn, arbeida
12 dagar og attåt sy 4 par sko.
Lars Sagen var i mange år omgangsskulehaldar i Jelsa. Han fekk ein liten
pensjon då han slutta. Det fekk kona ba etter Lars var avliden.
Lars var gift 1. g. m. (1834) Eli Olsdtr. Soland, dotter av Ola Gauteson. Ho var 2