TVEITARÅ, gardsnr. 42.

Garden ligg nordaust for Prestegards-Nådland og når til sjøen i Økstrafjorden. Tveitarå er nemnd under innleidinga om Barkeland.

I Norske Rigsregistranter (N. R. R.) er nemnd eit makeskiftebrev mellom adelsmannen Henrik Brockenhus og Kongen frå 1584. Henrik Brockenhus fekk eindel krongods på austlandet «hvorimot han underdanigst igjen vil utlegge til oss og Norges krone disse etterfølgende gårde og gods uti Jelsø sogn en gård kalles Fulsteen, en gård kalles Landsnes og en gård kalles Thunderen . . . » Denne siste er av dei skriftlærde utlagt å vera Tveitarå. Sist eg ser det nemnd er i Halvar Bjørkvik si avhandling om jordeiga og jordleiga i Ryfylke i eldre tid (trykt i 1958).

Tveitarå må Kongen anten ha seld eller makebytt mot gods i andre gardar. Ikr. 1600 er det Olav på Skiftun g. m. Bergitta Sevatsdotter, sonedotter til Odd på Fevoll, som eig Tveitarå.

I 1623 er Sevat Olavson, son til Olav på Skiftun, innstemnd til Jelsa skipreideting for å stå til ansvar for Tveitarå

«Sevat Sandanger var tilstevnet av Anders Hansen tiltalt for Tveteråen han hadde innsatt en mann på ved navn Henrik, som gir ham årligen 1 dl. i leie derav, og derfor formente han at han derav burde gi Ko : Ma :s leding. Imot hvilket han møtte og berettet det å være en skogteig og ikke et vinterhus førenn fornevnte Henrik hadde det bebygget. Erbød sig at dersom dannemenn i tilkommende sommer kunne derpå sette nogen leding, skulle fornevnte Henrik det utgive.»

I odelsmanntalet frå 1624 står broren HoIger Olavson Lindanger som eigar av 18 m. sm. i Tveitarå. Truleg er då ikkje godset etter Olav på Skiftun retteleg delt arvingane imellom, for både Sevat Sandanger og sønene hans er etter den tid med og sel godset i Tveitarå.

På fjerdingstinget 15. febr. 1627 set Sevat Sandanger 18 m. sm. i Tveitarå i pant til Stein Jelsa for 8 ½ rd. Pantet skulle stå til han fekk pengane sine att. På Jelsa skipreideting 1628 vart same pant tinglese, men nå var summen auke til 16 rd.

Stein Jelsa må ha kjøpt opp gods og odelsrett til Tveitarå, eller lånt pengar mot pant i Tveitarå. I 1655 finn me dette brevet: Stathaldararkivet, lause dokumenter 1580-1769.

«Ydermere kjennes vi etterskrevne Ole og Hans Sevatsønner på Skiftun at vi endnu påny på innbemelte gods i Tveteråen av den dannemann Steen Sivertsen på Jelsøe har annammet og oppebåret 7 gode riksdaler, på det all ting om det ovenskrivne kjøp oss imellem skal være trygg, sikker og upåtalt, og bemelte gods ham og hans arvinger til evig odel og eie skal forblive, så den ganske summa som han til vår fader og farbroder og oss selv utgivet har på tidtbemelte gods er pendinge 1/2 hundre og 7 rd. hvorfor han og hans arvinger samme gods angerløs har å nyte følge og beholde til evig odel og eie, upåtalt i alle måter. Til sanningen herom har vi våre signetter herunder trykt. Jelsa 27. nov. 1655.»

I 1671 let Lars Barkeland tinglesa eit kjøpebrev på 18 m. sm. i Tveitarå, kjøpt av verfar sin, Stein Siverson Jelsa mot 24 rd. og 4 spann korn i Ladstein på Finnøy. Kjøpebrevet dat. Jelsa 25. juli 1671.

Frå den tid gjekk Tveitarå i arv frå far til son på Barkeland til Bjørn Larsson Barkeland i 1859 selde Tveitarå til Torstein Torkelson for 600 spd. og årleg folga.

Ingen av eigarane før 1859 hadde sjølv brukt Tveitarå, men sette inn leiglending eller lotbrukar der.

            Matrikkel 1649: Tveitarå 18 m. sm. odelsgods og odelsmennene fylgjer bygselen. Brukar Einar.

            Matrikkel 1668: Tveitarå matr.nr. 94, 18 m. sm. Odelsgods. Sår 1 tn. korn. Før 3 naut. Brenneskog og bjelkeskog til husbruk. Landskyld 18 m. sm., leidang 2 kalvskinn, tiende 1 spann korn, småreidsle 2 skilling.

            Matr.utkastet 1723: Tveitarå 18 m. sm. Sjølegd (Militært). Tung å vinna. Knut sår 2 tn. og haustar 6 tn. korn. Før 5 naut og 9 sauer. I dette matr.utkastet er det framlegg om å leggja 6 m. sm. i tillegg på Tveitarå, men då denne matrikken aldri vart nytta fall dette bort.

            Matr. 1838: Tveitarå, gl. matr.nr. 94, nytt matr.nr. 33, løpenr. 102. Bjørn Larsson eigar. Den gamle smørskyld omgjort til 1 dl. 1 ort 5 sk.

            Matr. 1851: Tveitarå 1 dl. 1 ort 5 sk. Bjørn Larsson eigar. Nytt matr. 12, løpenr. 15.

I førebuinga til ny matr. som tok til i 1863 vart Tveitarå vurdert såleis

Tveitarå matr.nr. 12, løpenr. 15, eigar Torstein. Gamal skyld 1 dl. 1 ort 5 sk. Sår 1/8 tn. bygg, haustar ½ tn. 3 tn. havre, haustar 12 tn. 3 tn. poteter, haustar 12 tn. Før 3 kyr og 20 sauer. 6 mål åkerland, 11 mål engslått. Innmarka vurdert til 189 spd. Tillegg for lett å koma til 21 spd. Frådrag for tung å vinna 11 spd. Eit ekstra frådrag for tungbrukt 42 spd. Beite sett til 80 spd. Skogen til 286 spd. Vassfall 5 spd. Heile bruket vurdert til 530 spd. Framlegg til ny skyld 1 dl. 61 skilling.

            Resultatet var matr. av 1886: Tveitarå gardsnr. 42. Eigar Torstein Torkelson. Ny skyldeining 2 mark 41 øre.

Brukarar.

1. Henrik Tveitarå

var, ettersom husbonden hans Sevat Sandanger sa, den første som sette opp hus på Tveitarå og bygsla jorda der. Men truleg er dette eit eldre nedlagt bruk. Mange av dei mindre bruka vart nedlagt etter svartedauden.

Henrik er komen til Tveitarå før 1606. Det året er han oppført i lista over skatt­ytarar til Grønlandsskatten.

Henrik Tveitarå var skrivefør. Hans skreddar kalla han inn til skipreidetinget i 1621 for eit brev som Henrik hadde skrive etter Jon smeds munn. Jon smed i Grønne­vika var best på det munnlege og måtte ofte svi for det, men nå måtte Henrik stå tilrette for alle skjeldsord i brevet diktert av Jon smed.

Henrik la seg og bort i ei tretta mellom presten hr. Peder Henriksen og tollaren Paul og brukte grov munn. Presten stemnde han inn på tinget i 1619. Henrik Tvei­tarå møtte og sa: «at dersom han i noen måte hadde enten fortørnet eller uførmet hr. Peder, da var det skjedd i hans overflødige drukkenskap, ham nu aldeles uvitendes. Begjærede derfor gjerne at han ikke ville regne ham hans drukkenskaps dårlighet til onde. Det skulle aldri etter denne dag skje mere.»

Henrik Tveitarå er død eller flytt frå Tveitarå før 1629.

 

2. Gaute Tveitarå

er første gong nemnd i tingboka for 1629. Det året måtte han bøte til kongens kasse 2 mark sølv for « føringsulydighet». Elles var han i 1632 saka av futen for tømmer han hadde hogt mot kongens forbod (eiketømmer). Det var Sevat Skiftun og Stein Jelsa som hadde ført tømmeret bort og som på tinget måtte ta hardaste støyten for dette.

Kona til Gaute heitte Anbjørg, ho møtte på tinget ein gong Gaute var innkalla som vitne. Siste gongen Gaute Tveitarå er oppført i lensrekneskapen er i 1636. I 1640 er det komen ny mann på Tveitarå.

 

3. Einar Tveitarå

måtte i 1641 bøte 2 mark sølv fordi han ikkje hadde møtt opp då han var tilsagt å føra skipperen på Ko: Ma: bøyert.

Einar bur på Tveitarå truleg til ikr. 1660. Då flytter han til Kvaløy i Fister. I Kvaløy var det ikkje brukande hus. Difor hadde Einar fått lov av Lars Barkeland å ta med seg eit hus på Tveitarå og setja opp i Kvaløy mot at Einar antan skulle setja opp eit hus på Tveitarå eller betala verdien av huset. Dette huset vart det seinare ein del krangel om. Då Einar var død i 1667 hadde husbonden hans Tore Sandanger teke huset ned og seld det til Stavanger. Lars Barkeland stemnde Tore Sandanger inn for skipreidetinget og Tore vart der dømd til å skaffa huset attende eller betala verdien av det innan 14 dagar.

 

4. Orm Arneson

f. ikr. 1626 bur på Tveitarå i 1666. I 1657 var Orm Arneson Barkeland mellom dei utskrevne marinegastar. Truleg tente han då på Barkeland.

Kjenner ein son:

a.Arne Ormson.

tinget 1683 vart det sagt at Arne Ormson var reist til Bergen og der verva seg som soldat. Ei Ingrid Tveitarå er og nemnd på same ting, kanskje kona eller dotter til Orm Arneson.

 

5. Daniel Tveitarå

har eit barn til dåpen i 1696. Truleg den same som Daniel Steinson som seinare budde på Sandane. Truleg var han g. m. ei dotter til Orm Arneson. Daniel Sandane har og ein son Orm til dåpen i 1706. Sjå elles under Sandane.

 

6. Lars Johannesson

f. 1668, g. 1698 m. Siri Simonsdotter bur på Tveitarå i 1701. Berre nokre år budde dei på Tveitarå. I 1706 er det komen ein suldøl til Tveitarå.

 

7. Osmund Knutson

f. på Nordmark i Suldal ikr. 1677 er lotbrukar på Tveitarå i 1706. G. 1703 m. Marta Nilsdotter.

Barn:

a.Ingeborg f. 1704.
b.Knut f. 1708.
c.Nils f. 1712.
d.Osmund f. 1716, d. s. å.
e.Jorunn f. 1718.

Osmund Knutson er truleg død ikr. 1720. Me finn han ikkje innført mellom dei gravlagde i kyrkjeboka, men det hende rett ofte at presten gløymde å føra dei inn.

I matr.utkastet 1723 er ein Knut oppgjeven som brukar av Tveitarå. Det må vera den unge sonen til Osmund Knutson, men mora må likevel vera den rette brukaren. I ein udattert matrikkel frå 1720-30 åra, er enka på Tveitarå brukar. I matr. frå 1731 står det at enka Marta brukar alt.

Elles er det smått med opplysningar om brukarane på Tveitarå mellom 1730 og 1760. Garden vart brukt på lot og det er mogleg den einskilde ikkje har brukt så mange år.- Imellom 1740-50 vantar både kyrkjebok og tingbok.

I 1732 gifte Ola Knutson Tveitarå seg med Guri Omundsdotter. Han var frå Romsbotn og busette seg seinare på Nådland u. prestegarden. Truleg var han dreng på Tveitarå då han gifte seg.

Ein Sigbjørn Tveitarå døypte sonen Gunnar i 1753. Meir finn me ikkje om han.

Det kan elles vera at Tveitarå ei tid har vore brukt frå Barkeland og dei berre sette inn tenestfolk der.

 

8. Kjetil Johannesson

f. ikr. 1722 kom frå Hausland i Erfjord, g. m. Berta Andersdotter f. ikr. 1724. Dei budde først i Kjelsvik u. Fuglestein, seinare i Økstraslåtta og kom ikr. 1763 til Tveitarå. Truleg flytte dei attende til Slåtta på sine gamle dagar. Då Kjetil vart grl. i 1790 er han kalla frå Økstraslåtta.

Barn:

a.Johannes Kjetilson f. 1756, g. 1784 m. Jorunn Ivarsdtr., busett Foreneset og Grønnevik.
b.Gunvor f. 1750, d. 1789 i Økstraslåtta.
c.Herborg f. 1753, g. 1791 m. Jakob Navarson Tveitarå, busett Rongarvik.

 

9. Navar Jakobson

f. ikr. 1743 kom til Tveitarå ikr. 1770. Truleg er han son av Jakob Navarson Li f. 1711. Navar Li flytte til Sjernarøy og Jakob truleg gift der, budde seinare på Ropeidholmane. Navar jakobson g. m. enke Malena Johannesdotter f. ikr. 1739.

Barn me kjenner til:

a.Jakob Navarson f. 1771, busett Rongarvik u. Barkeland.
b.Malena f. 1774.
c.Elisabet f. 1775, g. m. Jon Person, budde Tveitarå.
d.Sønnøve f. 1777.

Navar Jakobson grl. 1815, Malena Johannesdotter i 1881.

 

10. Jone Person

f. 1770 var son av Per Jonson frå Eskedalen u. Fuglestein. Per Jonson var g. m. Eldri Torkelsdotter. Dei budde visstnok i Erfjord. Per var son til Jon Person som iallfall ei tid budde i Eskedalen og døydde der (sjå Eskedalen u. Fuglestein 80). Det er mogleg at Per Jonson ei tid har lotbrukt Tveitarå, enka etter han Eldri Torkelsdtr. er det skifte etter på Tveitarå i 1809. Ho er då kalla folgeenke. Barna hennar i skiftet var:

Torkel Person, husmann u. Segedal i Hjelmeland.

Jone Person Tveitarå.

Ola Person, husmann u. Erfjord.

Kari Persdtr. 33 år og ugift i 1809.

Jone Person vart gift med Elisabet Navarsdotter Tveitarå (9 c). Dei overtok Tveitarå og brukte garden på lot. Barn:

a.Per Jonson ,dpt. 11. jan. 1801, busett Tveitarå.
b.Malena Jonsdtr. f. 1805, g. 1840 m. Ole Omundson Hidleren u. Barkeland.
c.Eldri Jonsdtr. f. 1808, g. 1831 m. Tollef Eliasson Nyvoll u. Barkeland, budde Bjødland u. Østhusbygda, Reiphammar u. Tveita og tilsist på Hebnes.
d.Jakob Jonson f. 1812, g. 1845 m. Ingeborg Olsdtr. Kvalen på Talgøy.
e.Lars Jonson f. 1816, får i 1840 utflyttningsattest til Håland prestegjeld.

Jone Person Tveitarå døydde i 1837, Elisabet Navarsdotter i 1838.

 

11. Per Jonson

f. 1800 (10 a) vart lotbrukar på Tveitarå etter faren. Han vart i 1832 g. m. Guri Olsdotter f. 1801, dotter av Ola Larsson Gudllsmedvik i Erfjord.

Guri Olsdotter døydde i 1850 49 år gamal. Ho let då etter seg ei dotter med Per Jonson, Lisbet Persdotter f. 1832, seinare g. m. Thore Paulson på Jelsanesct. Men før Guri var gift til Tveitarå hadde ho ei dotte Liva f. 1828 med Gudmund Faltinson Aubø. Denne dottera voks opp på Tveitarå og vart i 1849 g. m. Falting Olson Flåta u. Hebnes Framigard. Mange ættlingar etter dei.

Per Jonson g. 2. 1851 m. Ragnhild Nilsdotter Stølen u. Marvik. Ingen barn med henne.

Per og Ragnhild døydde med to dagars mellomrom. Han den 25. juni og ho 27. juni 1877. Gravlagde båe 30. juni. Dei budde som strandsitjarar på Tveitarå.

 

12. Torstein Torkelson

f. 1837, son av Torkel Olson Økstraslåtta, vart i 1866 g. m. Brønla Kristensdotter Barkelandsberget (sjå Barkelandsberget 34).

Torstein kjøpte Tveitarå av Bjørn Barkeland i 1859. Han var då ungkar og berre 22 år gamal. Skjøtet dat. og tgl. 5. april 1859. Kjøpesum 600 spd. og folga. Folgebrevet til Bjørn Barkeland tgl. same dato. Barn:

a.Torkel Torsteinson f. 1868, busett Tveitarå.
b.Kristen Torsteinson f. 1870, busett Rongarvik.
c.Edvard Torsteinson f. 1872.
d.Bjørn Torsteinson f. 1875.
e.Berta Torsteinsdtr. f. 1879.
f.Knut Torsteinson f. 1882.

I 1897 skjøtte Torstein garden over på sonen Torkel. Unnanteke kvernhus m. kvern og husbygningane på plassen Haugen. Kjøpesum 2 800 kr. og årleg folga til foreldra verdsett i 5 år til 500 kr.

 

13. Torkel Torsteinson

f. 1868, g. m. Elen Vilhelmsdotter Kjelsvik, overtok Tveitarå i 1897.

Barn:

a.Trygve Tveitarå f. 1899, maskinsjef i utanriksfart, nå brukar av Tveitarå (1963).
b.Bergliot f. 1894.
c.Vilhelm f. 1903.
d.Johan f. 1905.
e.Torkel Ernst f. 1908, d. 1954.
f.Kristoffer f. 1911.
g.Jostein f. 1916.

 

14. Ola Torkelson

f. 1827, bror til Torstein Torkelson (12) bur som sjøleigar på Tveitara i 1875. Truleg er det på Haugen som Torstein tok unna då han skjøtte garden til sonen. Ola Torkelson var ungkar og hadde mor si Ingeborg Torsteinsdotter hjå seg i 1875. Likeeins hadde han ei fosterdotter Inger Johanne (Hanna) f. 1863, seinare gift med Hermann Øspevik u. Tveita.

Ola Torkelson bur der og i 1900, har då søster si Lisbet som hushaldar, ho var då enke. Ei dotter hennar, Berta Knutsdotter f. 1876 bur der og. Lisbet hadde vore gift med Knut Kristenson Barkelandsberget. Berta Knutsdotter vart seinare gift med Berdines Høyviktræ og budde på Ullestad u. Fuglestein.

Ola Torkelson hadde ikkje skjøte på bruket. Då han fall frå kjøpte brorsonen Torkel Torsteinson denne jordeparten attende til Tveitarå.