TVEITA, gardsnr. 14.

Garden skifter i utmarka mot vest til Hebnes gardsnr. 13, mot nord og aust mot Mehus gardsnr. 15 og Østhus i Bygda gardsnr. 16. Mot sudaust til Sandsfjorden. Det er bra med skog både i utmarka mot Hebnes og i Tveitaneset. Eit laksefiskeri høyrer til garden.

Tveita var frå gamalt adelsgods og var på 1 1½ 1. sm. Adelsgods var Tveita til 1672. Då kjøpte brukaren av Tveita Jon Pederson garden:

«Sommertinget på Follerøen 24. juli 1672.

Jon Tveede lod forkynde et kjøbebrev på 1 ½ 1. sm. i Tvede, kjøbt av tolderen Erik Jørgensen for 226 rd.

Dateret Toldboden her i Ryfylke 25. juli 1672.»

Frå den tid har Tveita vore odelsgods og odelen fylgd brukaren av garden.

Frå midten av 1800 talet vart fleire småbruk skild ut frå garden. Desse bruka var små og låg for det meste i utkanten av garden, i utmarka og ned til sjøen. Det største skifte av Tveita var i 1839 då eigaren selde 2/3 parter av garden og held att Norebøen og Haugen. Seinare vart også Norebøen seld. Difor har nå Haugen br.nr. 1 av Tveita. Sjølve hovedbruket har br.nr. 5. Dei einskilde br.nr. vil gå fram av brukarlista.

I jordeboka frå 1649 heiter det om Tveita: «Adelen følger denne gård med bygsel og landskyld.»

Etter matrikkelen 1668: Tveita matr.nr. 41, halvannen laup smør. Adelsgods. Sår 4 tønner. Før 16 naut og 2 hestar. Bjerke- og brenneskog til husbehov. Landskyld 1 laup 18 m. sm. Leidang 2 geitskinn og 2 kalvskinn. Tiende 4 spann korn. Småreidsle 10 skilling.

Etter matr.utkastet 1723: Tveita 1½ 1. sm. Sjølegd. Skog til husreparasjon. 1 bekkekvern. Tung å vinna. Stein sår 4 tn. og haustar 20 tn. korn. Før 1 hest, 13 naut og 18 sauer.

I matr. frå 1838 vart smørskyld erstatta med skylddaler, ort og skilling. Då får Tveita matr.nr. 77 med løpenr. 9a og 9b. Det er Reiphammar som då er seld frå garden og får ei skyld på 23 skilling. Hovedbruket 9a får ei skyld av 3 dl. 4 ort og 16 skilling. Tilsaman 4 dl. 15 skilling.

I ny matrikkel 1851 får Tveita nytt matr.nr. 59. Då er det 3 bruk på garden: Løpenr. 138, Norebøen, 1 dl. 1 ort 13 sk. Løpenr. 139, Tveita, 2 dl. 3 ort 3 sk. Løpenr. 140, Reiphammar, 23 skilling.

I førebuinga til ny matrikkel, som tok til i 1863, var det 7 bruk på Tveita som skulle vurderast:

            Løpenr. 138a, Tveita (Haugen og Norebøen), eigar Lars Nilsson, gamal skyld 4 ort 4 sk. Sår 2 tn. havre og haustar 8 tn. 2 tn. poteter, haustar 9 tn. Før 3 kyr, 1 ungnaut og 12 sauer. 8 mål åkerland, 32 mål engslått. Innmarka vurdert til 170 spd. Tillegg for lett adkomst 19 spd. Frådrag for tung å vinna 37 spd. Beite 70 spd. Skog 88 spd. Heile bruket vurdert til 310 spd. Framlegg til ny skyld 106 skilling.

            Løpenr. 138aa, Bjørnevåg, eigar Bjørns enke, gamal skyld 11 skilling. Sår 1 tn. havre og haustar 3 tn. 2 tn. poteter og haustar 6 tn. Før snaut 1 ku og 3 sauer. 2 mål åkerland, 1 mål engslått. Innmark vurdert til 46 spd. Frådrag for dårleg dyrkningsjord 11 spd. Tillegg for lett adkomst 11 spd. Beite 15 spd. Frådrag for mangel på brenne 3 spd. Heile bruket vurdert til 45 spd. Framlegg til ny skyld 15 skilling.

            Løpenr. 138b, Kringlemyra, eigar Jone Jonson, gamal skyld 14 sk. Sår 1 ½ tn. havre og haustar 5 tn. 2 tn. poteter og haustar 6 tn. Før ku og 4 sauer. 7 mål åkerland. Innmarka 57 spd. Frådrag for vanskeleg med nydyrkning 7 spd. Tillegg for lett adkomst 8 spd. Beite 15 spd. Frådrag for mangel på brenne 5 spd. Heile bruket vurdert til 70 spd. Framlegg til ny skyld 24 skilling.

Løpenr. 138c Jektevik, eigar Håvard Hansson, gamal skyld 16 sk. Sår 3/8 tn. havre og haustar 2 tn. 1 tn. poteter og haustar 6 tn. Foster til ½ ku og 4 sauer. 1 mål åkerland og 2 mål engslått. Innmarka vurdert til 37 spd. Frådrag for lite dyrkningsjord 8 spd. Tillegg for lett adkomst 8 spd. Frådrag for tung å vinna 8 spd. Beite 14 spd. Frådrag for mangel på brenne 3 spd. Heile bruket vurdert til 40 spd. Framlegg til ny skyld 14 skilling.

            Løpenr. 138d Berget, eigar Knut Tovson, gamal skyld 8 skilling. Sår ¼ tn. havre og haustar 1 tn. ½ tn. poteter og haustar 3 tn. Foster til ½ ku. Akerland 2 ½ mål, engslått ½ mål. Innmarka vurdert til 23 spd. Frådrag for lite dyrkningsjord 5 spd. Tillegg for lett adkomst 5 spd. Frådrag for tung -å vinna 5 spd. Beite 15 spd. Frådrag for mangel på brenne 2 spd. Heile bruket vurdert til 30 spd. Framlegg til ny skyld 10 skilling.

            Løpenr. 138e, 139, 140, eigar Daniel Albertson, gamal skyld 2 dl. 3 ort 21 sk. Sår 6 tn. havre og haustar 35 tn. 8 tn. poteter og haustar 55 tn. Før 1 hest, 8 kyr, 1 ungnaut og 36 sauer. 20 mål åkerland, 75 mål engslått. Innmarka vurdert til 518 spd. Verdi av husmannsplassar, 9 mål, sett til 52 spd. Tillegg for lett å koma til 115 spd. Beite 175 spd. Skog 242 spd. Heile bruket vurdert til 1100 spd. Framlegg til ny skyld 3 dl. 15 skilling.

            Løpenr. 139a Tveitasjøen, eigar Gabriel Jakobson, gamal skyld 13 skilling. Sår ½ tn. havre og haustar 3 tn. ½ tn. poteter og haustar 3 tn. Foster til ½ ku og 4 sauer. 1 ½ mål åkerland og 5 ½ mål engslått. Innmarka vurdert til 38 spd. Frådrag for lite dyrkningsjord 4 spd. Tillegg for lett å koma til 4 spd. Frådrag for tung å vinna 4 spd. Beite 19 spd. Frådrag for mangel på brenne 10 spd. Heile bruket vurdert til 40 spd. Framlegg til ny skyld 14 skilling.

Resultatet av denne førebuinga var matrikkelen av 1886: Tveita gardsnr. 14 av skyld 7 mark 75 øre.

Br.nr. 1 Haugen, Bård Jakobsen, gamal skyld 1 ort, ny skyld 33 øre.

- 2 Kringlemyra, Orm Kristofferson, gl. skyld 14 sk. ny sk. 32 øre.

- 3 Bjørnevåg, Ole Østenson, gamal skyld 11 sk. ny skyld 20 øre.

- 4 Berget, Knut Tovson, gamal skyld 8 sk. ny skyld 13 øre.

- 5 Tveita, Daniel Albertson, gl. sk. 2 dl. 3 ort 21 sk. - 5,32 m.

- 6 Jektevik, Håvar Hansson, gamal skyld 16 sk. ny skyld 18 øre.

- 7 Norebøen, Jakob Bårdson, gl. sk. 3 ort 4 sk. ny sk. 1,09 mark.

- 8 Tveitasjøen, Anna Tostensdtr. gl. sk. 13 sk. ny sk. 18 øre.

Ny matrikkel 1906. Då er det 9 br.nr. på Tveita.

- 1 Haugen, Bård Jakobson, 33 øre.

- 2 Kringlemyra, Alfred Bjørnevåg, 32 øre.

- 3 Bjørnevåg, Ole Østensons enke, 20 øre.

- 4 Berget, Knut Tovson, 13 øre.

Br.nr. 5 Tveita, Albert Danielson, 4 mark 66 øre.

- 6 Jektevik, Rasmus Knutson, 18 øre.

- 7 Norebøen, Bård Jakobson, 1 mark 9 øre.

- 8 Tveitasjøen, Villum Osmundson, 18 øre.

- 9 Tveitaneset, Johannes Danielson, 66 øre.

Under brukarane nyttar eg dei br.nr. som kvart bruk fekk i 1886 frå 1 til 9.

Brukarar.

1. Villatz på Thuedt

betalar 3 ort ½ lodd sølv i skatt i 1563. Dette er truleg Tveita då han er oppført i rekkjefylgje mellom oppsitjarane på Hebnes og Bygda.

 

2. Jon på Tveita

er brukar frå før 1603 og til 1617. Han er gift med Karina Toresdtr. På Jelsa skipreideting 16. november 1621 krev futen Jon Tveita sine arvingar for 3 ½ rd. i galleiskatt. Lensmannen Stein Jelsa seier frå at Odd Landsnes tok halve arven etter Jon Tveita, enka Karina Toresdtr. den andre halvparten. Ho var nå reist ut or skipreidet og budde på Tandrevoll i Sjernarøy.

I 1624 er og nemnd Karina Tveita. Ho vitnar då saman med tenestegjenta si, Birgitte Tveita, i ei sak mot Helga Kjølvik og sonen hennar. Det kan difor godt vera at Karina Toresdtr. er komen attende til Tveita, kanskje gift med Kristoffer, neste oppsitjaren på Tveita.

 

3. Kristoffer Tveita

er nemnd første gong i tingboka i 1623. Det året sonar han 10 dalar til Kongen for «leiermål.» Kristoffer budde berre 2-3 år på Tveita.

 

4. Svein Tveita

skattar av Tveita i 1625. Han var ofte med som lagrettesmann på skipreidetinget og også utsending frå Jelsa til lagtinget i Stavanger. Han var mellom dei som presten, herr Markus, ikkje ville skulle få lov å vitna i ei sak mellom herr Markus og Stein Jelsa, då dei anten var skyld Stein eller kona hans.

Svein Tveita er avliden ikr. 1635. Siste gong han møter som domsmann på tinget var 24. november 1634.

 

5. Mikkel Torgautson,

Mehus i Bygda f. ikr. 1607, gifter seg med enka etter Svein Tveita. Han skatta av Tveita frå 1636. Han brukte Tveita bortimot 15 år.

Det gjekk så reint ut med Mikkel Torgautson på Tveita. Han flytte attende til Mehus i Bygda med kona og levde der nærmest som ein fattig husmann. Seinare fekk han bygsla ½ 1. sm. i Mehus. I kyrkjerekneskapen vart det fortald at det sto ei kyrkjeku på Tveita. Det var så med kyrkjekyr at dei helst skulle vara evigt. Når ei kyrkjeku vart for gamal skulle ei ny setjast på. Denne kua på Tveita var dau 20 år før Mikkel vart gift med enka. Likevel hadde Mikkel betalt 1 ort årleg i 20 år etter han kom til Tveita. Men då futen hadde teke dei to siste kyrne hans og seld dei på auksjon på Nedstrand for skyldig skatt, måtte han flytta frå Tveita og hadde nå ikkje krettur. Han meinte, og det var kyrkjevergene samd med han i, at han nå måtte vera fri for kyrkjekua. (Sjå elles Mehus).

 

6. Jon Pederson

Trevland f. ikr. 1613 på Fogn, son av Peder Larsson Trevland, bygsla Tveita ikr. 1652. Han møter som lagrettesmann første gong i 1653.

I 1656 vart han saka av hebnesbøndene for han hogg skog over i deira mark. Jon kravde retten sett på åstaden, så ville han føra fram vitne og syna lovlege skiftesteinar mellom Hebnes og Tveita.

Som leiglending på Tveita var det berre eit visst kvantum skog han hadde lov å hogga. På Kjølviksaga skar han i 1663 250 bord og i 1665 300 bord.

I 1662 vart han vald til å vera med å vurdera og samla inn skatten i Jelsa skipreide. År 1672 vart han innstemnd til tinget av futen. Det galdt eit jordekjøp på Nedstrand. Jon Tveita hadde kjøpt 3 ½ pd. sm. i Dalva og dertil bunestadretten til 3 1. sm. Det var soldaten Ola Nilsson som selde. Men då Ola hadde fått pengane rømde han frå krigstenesten og for til Bergen. Futen meinte Jon Tveita måtte ha hatt kjennskap til at soldaten ville røma såsnart han fekk pengar mellom hendene. Jon Tveita nekta dette og baud seg til å gjera eiden sin på det. Men på neste ting sa Jon at han ikkje ville ha meir med saka å gjera. Han meinte å kunne finna ut kor guten var i Bergen, og så la øvrigheta få det å vita, så fekk dei ta guten for det han hadde gjort og ikkje han. Til dess ville han avstå godset i Dalva som han hadde kjøpt.

Jon Tveita vart innkalla til lagmannen i Stavanger for dette godset i Dalva. Han hadde ikkje betalt skatt av det dei siste åra. Jon sa korleis det hadde seg, godset var konfiskert av futen etter ordre frå amtmannen. Det ser ut til at lagmannen er komen til det resultat at Jon Tveita skulle ha godset i Dalva:

«Bemeldte pantebrev i alle måter bør ved makt bli og fornevnte Jon Tveede samme jordegods å nyte og beholde.»

Jon Tveita må ha vore ein velstandsmann. Han kjøpte Tveita i 1672 for 226 rd. Det var overpris. Den vanlege prisen var 1 eller 1 ½ rd. for marka.

I 1673 makebyter han ½ l. sm. i Nevøy, som han hadde fått av verfar sin, mot 4 spn. korn i Lastein på Finnøy og 12 rd. attåt. Verbrørne hans protesterar på dette, då konene deira også åtte 1 m. sm. kvar i Nevøy. Det kan sjå ut til at dette makebyte ikkje er kome istand, for i 1678 sel Jon Tveita godset i Nevøy til verson sin, Sevat Vatland.

Jon Tveita var g. m. Marit Steinsdotter Jelsa, dotter til lensmann Stein Siverson. Etter alt å døma var ho god på munnléret, vel ein arv etter far sin. Ei dotter hennar var gift med Per Jonson Sand. Det var ikkje ein verson etter Marit Tveita sitt lynne. Ho hadde fått han inn i prestestova på Sand for rett å lesa han teksten, og for å merkera orda sine betre trødde ho hardt i golvet. Men Per sette fingrane i øyro, skuva opp døra med kneet og for ut, står det i tingboka. Dei siste åra ho levde budde ho hjå dotter si på Haug.

Jon Pederson Tveita døydde i 1697. Barn:

a.Stein Jonson f. ikr. 1663, bonde Tveita.
b.Per Jonson f. ikr. 1666, bonde Mehus i Bygda.
c.Birgitte Jonsdtr. g. m. Sevat Navarson Vatland.
d.Berta Jonsdtr. g. m. Nils Klausson Kyle i Sjernarøy. Ho vart grl. i Sjernarøy i 1736. Presten skriv i kyrkjeboka: «grl. Berte Jonsdtr. Kyle f. 1657 på Tveede i Jelse sogn av foreldre Jon Pedersen og Marit Steensdtr. døpt i hellag treenighetens navn, vært hjemme i 30 år, vært gift med hennes sal. mann Nils Clasen i 18 år, avlet med ham 3 drenge og 2 piger som alle lever. Har sittet enke i 35 år og 4 md. Hun levet her i verden 83 år og 4 måneder.»
e.Anna Jonsdtr. g. 1. g. m. Ola Josteinson Haug, g. 2. g. m. Per Torkildson, budde på Haug.
f.Marta Jonsdtr. g. 1702 m. enkemann Per Jonson Sand.

 

7. Stein Jonson

f. 1663 overtok Tveita etter far sin ikr. 1697. Truleg g. same året m. Malena Rasmusdotter. Indre Amdal på Nedstrand. På skipreidetinget 1698 må han bøta 3 rd. 11/2 ort fordi kona hans kom fortidleg i barselseng. Han var ikkje åleine om skamma og skaden, 6 andre bønder måtte betala det same på same ting. Det var ein god dag for futen.

Stein Tveita kom straks i strid med grannen sin Halvar Østhus i Bygda. Far til Stein hadde i 1693 leigt beite i Bjørnevåg, skulle betala ½ rd. årleg for det. Men då Stein overtok så beita han det same i Bjørnevåg utan å betala noko leige til Halvar. Halvar svara med å setja opp skiftesgar, men like fort reiv Stein Tveita og bror hans Per Mehus garen ned att. På tinget i 1698 sa Stein at han ikkje betre visste enn at Tveita hadde rett til beite i Bjørnevåg. Hadde han misfare seg så var det av fåkunna. Retten kom til at Stein og Halvar i fellesskap skulle setja opp skiftesgaren, dessutan skulle Stein betala omkostningane ved denne sakshandsaminga: «Så og har foynevnte tvende dannemenn og granner Sten Tveden og Halvar Østhus heretter å leve tilsammen som fredelige og skikkelige granner og naboer vel sømmer og anstår i alle måter under videre tiltale og straff etter loven som kan påfølge om anderledes mot forhåpning heretter skulle befinnes.»

Stein Tveita møter første gang som lagrettesmann på tinget i 1699. Barn:

a. Marta Steinsdtr. f. 1697, g. 1720 m. Per Steffenson, Mehus i Bygda.
b. Marta Steinsdtr. f. 1700, g. m. Erik Østebø.
c. Eli Steinsdtr. f. 1706, død ugift i 1738.
d. Malena Steinsdtr. f. 1710, g. m. Stein Pederson Toftøy.
e. Brita Steinsdtr. f. 1712, grl. 1717.
f. Jon Steinson f. 1714, bonde Tveita.
g. Ingrid Steinsdtr. f. 1717, død 1737.
h. Berta Steinsdtr. f. 1720, død 1737.
i. Rasmus Steinson f. 1723, død same år.
j. Kirsten Steinsdtr. f. 1723, tvilling.

Stein Tveita vart grl. 30. desember 1727. Enka Malena Rasmusdtr. gifte seg oppatt året etter med Lars Jonson.

 

8. Lars Jonson

gifte seg 3. juli 1728 med enka på Tveita, Malena Rasmusdtr. Lars Jonson var frå Asland i Hjelmeland. Dei brukte Tveita til ikring 1738. Malena Rasmusdtr. er avliden i den tid. I 1739 gifte Lars Jonson seg med enke Kirsten Sjursdtr. på Helgøy i Sjernarøy. Han flytte då til Helgøy.

 

9. Jon Steinson

f. 1714 (sjå nr. 7 f) overtok Tveita då mora fall frå. Han lever som ungkar til 1751, då gifter han seg med Sissel Jensdotter Marvik f. 173 1. Same året, 29. desember 1751, gjev han si festarmøy gåvebrev på garden Tveita.

Jon Steinson vart grl. 26. sept. 1768 53 år gamal. Barn:

a.Jens Jonson f. 1755, døydde i 1760.
b.Malena Jonsdtr. f. 1752, g. m. Johannes Reinertson Tjelmeland.
c.Anna Jonsdtr. f. 1757, døydde ugift i 1789.
d.Kari Jonsdtr. f. 1762, g. m. Øystein Olson Mehus i Bygda.
e.Marta Jonsdtr. f. 1763, døydde ugift i 1785.
f.Jens Jonson f. 1766, døydde same året.
g.Sissel Jonsdtr. f. 1768, g. 1789 m. Gunnar Jonson Asland i Hjelmeland.

Enka Sissel Jensdtr. gifte seg oppatt i 1771 med Jens Osmundson Kjølvik.

 

10. Jens Osmundson

f. 1744, g. 1771 m. enke Sissel Jensdtr., overtok då Tveita. Dei hadde ei dotter, Anna Jensdtr. f. 1772. Ho vart i 1792 g. m. Ingebret Ingebretson Storstov. Jens Osmundson døydde i 1790 46 år gamal. Sissel Jensdtr. året etter 60 år gamal.

 

11. Ingebret Ingebretson

f. 1765, (sjå Storstov nr. 9), gifte seg 3. juli 1792 med Anna Jensdotter Tveita. Ho var så godt som jordagjenta. Dei to halvsøstrene hennar som var i live var gifte til gardar i andre bygder. Dessutan hadde ho arva mest i Tveita, både etter far og mor. Ingebret og Anna busette seg på Tveita.

I 1798 kom det søksmål om odelen til Tveita. Det var Johannes Tjelmeland, mannen til Malena jonsdtr. Tveita (sjå 9 b), som reiste søksmålet med krav på odelen då han var gift med eldste søstera. For å undgå prosess om saka betalte Inge­bret Tveita 200 rd. til Johannes Tjelmeland for odelsretten. Men skulle Ingebret verta driven frå garden av andre odelsmenn skal desse 200 rd. koma i tillegg til løy­singssumen som var 600 rd.

Ingebret kjøper inn det godset i Tveita som versøstrene hans åtte og i 1805 står han som eigar av heile garden.

I 1807 overtok Ingebret farsgarden sin Hebnes Storstov og flytte dit. Han for­paktar då Tveita til bror sin Jakob Ingebretson. (Sjå Storstov nr. 8 og 9).

 

12. Jakob Ingebretson

f. 1782 vart i 1803 g. m. Anna Nilsdotter. Hauskje på Finnøy. I 1807 forpaktar dei Tveita. Forpaktningstida skulle vera 4 år. Då den tid var ute i 1811 reiste dei til Jelsa og forpakta prestegarden. Jakob vart frå den tid ofte kalla Jakob Prestegarden. Barn:

a.Ingebret Jakobson f. 1804 g. 1835 m. Astrid Jakobsdtr. Åserød, busett Holmen u. Vatland.
b.Marta Jakobsdtr. f. 1808, g. 1833 m. Odd Haldorson Kjølvik.
c.Nils Jakobson f. 1810.
d.Nils Andreas Jakobson f. 1812, g. 1844 m. Rannveig Aslaksdtr. Sandane.
e.Jakob Jakobson f. 1816, g. m. Anna Kristoffersdtr. Sjå Foldøy nr. 53.
f.Ola Jakobson f. 1821, reiste i 1841 til Stavanger i handelslære. Budde seinare på Sandane.
g.Erik Jakobson f. 1818.
h.Ommund Andreas Jakobson f. 1825, fekk i 1852 utflytningsattest til Stavanger. Sjå også prestegarden Jelsa.

 

13. Kristoffer Gudmundson

f. 1789, son av Gudmund Larsson Barkeland og Kari Villumsdtr., (Ola Gudmundson i Østhusbygda var bror hans), vart i 1810 g. m. Sissel Ingebretsdtr. Storstov. Ingebret Storstov åtte Tveita (sjå Tveita nr. 1 l).

Kristoffer Gudmundson får skjøte på Tveita 4-6-1810. I 1811 overtek Kristof­fer og Sissel bruket etter Jakob Ingebretson.

Kristoffer Tveita var mykje nytta i sokna. Han skreiv godt for seg og var ofte forlikskommissær når ein av dei faste hadde forfall.

Kristoffer sel Reiphammar 5 m. sm. i 1827 til Nils Larsson. I 1844 vart Reip­hammar kjøpt attende til hovedbruket på Tveita. (Sjå Reiphammar).

Kristoffer Gudmundson døydde i 1833 43 år gamal. Skifte etter han same året. Barn som då lever:

a.Gudmund Kristofferson f. 1815, bonde Tveita.
b.Ingebret Kristofferson f. 1819, døydde av spedalskhet i 1858.
c.Orm Kristofferson f. 1822, brukte ei tid Myra u. Tveita.
d.Vilhelm Skår Kristofferson f. 1825, flytte i 1850 til Stavanger.
e.Kristoffer Kristofferson f. 1828.
f.Ole Andrias Kristofferson f. 1831, busett Hebnes, ugift.

Enka Sissel Ingebretsdtr. brukar Tveita til 1836. Då gifter ho seg med ungkar Osmund Knutson Kromshagen i Hjelmeland. Osmund var då 28 år. Sissel 42 år. Same året skjøter ho Tveita over på eldste sonen Gudmund Kristofferson for 600 spd. og folga. Osmund og Sissel budde som folgefolk på Tveita i mange år. Osmund Knutson døydde i 1878. Sissel Ingebretsdtr. lever då i Stavanger.

 

14. Gudmund Kristofferson

f. 1815 overtok Tveita i 1836. I 1839 gifter han seg med Marta Jonsdtr. Tysselandslia i Sand. Ho var då 21 år gamal.

Det var vanskeleg for Gudmund å greia seg på Tveita. Alt same året han gifte seg sel han 2/3 parten av Tveita til Johannes Jonson Skimling for 596 spd. og  2/3 av følga som kvelde på garden. Dette nye bruket fekk i 1851 løpenr. 189 av skyld 2 dl. 3 ørt 3 sk. I 1886 br.nr. 5.

Gudmund Tveita sat då att med nordre parten av Tveita, Norebøen kalla, skyld 1 dl. 1 ørt 13 sk.

I 1853 sel Gudmund eit nytt bruk av Tveita, Kringlemyra, til bror sin Orm Kristofferson for 55 spd. Matr.skylda på dette bruket vart sett til 14 sk. Skjøte dat. 7-6-1854. I 1886 får dette bruket br.nr. 2. I 1848 skifter han og ut eit nytt bruk av Tveita, Bjørnevåg, matr.skylda på dette bruk vart sett til 11 sk. og fekk i 1886 br.nr. 3. Bruket vart seld til Bjørn Paulson Kolstø i Erfjord. Skjøte utskrive først i 1860.

Resten av jorda sel og skjøter Gudmund i 1860 til Jakob Olson (Vormestrand ?). Kjøpesum 455 spd. Kjøpekontrakten til dette siste sal er skriven i 1855, men skjøte er først tinglese i 1860 etter at Bjørnevåg er seld frå.

Jakob Olson skjøter sin part 1 dl. 12 sk. over til Lars Nilsson i 1860.

Gudmund Kristofferson reiste same år til Amerika. Kona var då avliden, ho døydde i 1855 40 år gamal, men tri søner fylgde med han over havet:

a. Jon Gudmundson 16 år.
b. Kristoffer Gudmundson 12 år og
c. Gudmund Gudmundson 7 ½ år.

 

15. Lars Nilsson

Kjerringtveit i Sauda f. ikr. 1820 var g. m. Ingegbjørg Jonsdtr. Drarvik Sjå Magnus Våge: R.H. årsskrift 1942 side 40. f. 1818. Dei kjøpte Norebøen av Tveita i 1860. Lars Nilsson sel i 1863 frå eit bruk i Bjørnevåg kalla Berget. Det vart seld til Knut Tovson som budde som husmann på Sanderstykket u. Tveita. Bruket vart sett i 8 sk. i skyld og betalt med 30 spd. I 1886 får dette bruk br.nr. 4 av Tveita med 13 øre i skyld.

Likeeins sel Lars i 1863 eit stykke til Daniel Albertson Tveita. Stykket vart skyldsett til 8 sk. og betalt med 45 spd. Dette bruk gjekk i matr. 1886 inn i hovedbruket på Tveita, br.nr. 5.

Same tid sel Lars Nilsson plassen Jektevik til Håvard Hansson. Bruket vart skyldsett til 16 sk. og fekk i matr. 1886 br.nr. 6 av skyld 18 øre.

Lars Nilsson døydde i 1869 47 år gamal. Enka sat med bruket til 1872. Då sel ho Norebøen til Jakob Bårdson for 210 spd. Bruket ho selde var på 3 ørt 6 sk. og fekk i 1886 br.nr. 7. Ein part av bruket sitt held ho att. Det var Haugen av skyld 1 ørt, som i 1886 fekk br.nr. 1 av Tveita. Haugen åtte Ingebjørg Jonsdtr. til ho døydde. Arvingane sel Haugen i 1888 til Bård jakobson for 460 kr. Skjøte dat. 4. des. 1888.

Ingebjørg let då etter seg barna:

a.Martin Johannes Larsson, busett Auklend i Hetland.
b.Ingeborg Larsdtr.
c.Borghild Larsdtr., konf. 1866.

 

16. Bård jakobson

f. 1859, son av Jakob Bårdson som tidlegare hadde kjøpt Norebøen, busette seg på Haugen då han gifte seg. Han fekk skjøte av lensmannen i 1888, men har truleg ein eldre kjøpekontrakt. I matr. 1886 er han oppført som eigar av Haugen br.nr. 1 av Tveita med ny skyld 33 øre. Då Bård overtok farsgarden Norebøen br.nr. 7 vart desse to bruka slegne saman. Om Bård Jakobson sjå br.nr. 7.

Kringlemyra, bruksnr. 2 av Tveita.

Dette bruket vart utskift frå Tveita i 1853. Gudmund Kristofferson selde bruket til bror sin Orm Kristofferson. (Sjå nr. 14).

 

17. Orm Kristofferson

f. 1822 på Tveita. Han busette seg i 1853 i Kringlemyra. Men Orm hadde den vanlagnad å verta spedalsk og døydde i 1875 på Hospitalet i Bergen.

 

18. Steingrim Pederson

g. m. Gunla Jonsdtr. kjøpte Kringlemyra etter Orm Kristofferson. I 1862 reiste dei til Karmsund. Steingrim Pederson hadde før butt og bruka br.nr. 8 av Foldøy. Om Steingrim, kona og barn sjå Foldøy nr. 43.

 

19. Jon Jonson

Bjødland f. 1827 vart i 1862 g. m. Anna Haldorsdotter Kjølvik f. 1837. Dei kjøpte Kringlemyra og busette seg der. Det var ikkje så mykje dyrka jord i Myra i den tid. I 1875 fødde dei 1 ku og 11 sauer, sådde 1 tn. havre og 3 ½ tn. poteter. Barn:

a. Johan Jonson f. 1862, reiste seinare til Amerika.
b. Helmik Jonson f. 1864, reiste seinare til Amerika.
c. Anna Margrete Jonsdtr. f. 1866, gift og budde på Barkeneset.
d. Hanna Sofie Jonsdtr. f. 1869, budde i Myra seinare.
e. Johanna Amalia Jonsdtr. f. 1871, g. til Helgeland, Sandeid.
f. Henning Jonson f. 1874.
g. Karen Jonsdtr. f. 1880, g. m. Ola Føljesvoll.

Det er skifte etter Anna Haldorsdtr. i 1891. Mannen og dei 7 barna lever etter henne.

I 1900 er åg Jon Jonson avliden. Alle barna er då bortreist så nær som Hanna Sofie som då er kalla «gårdbrugerske». Ho vart seinare g. m. Edvardt Larsson Bakken på Hebnes.

Alfred Rasmusson Bjørnevåg kjøpte seinare dette bruket av Tveita og budde der.

Bjørnevåg, bruksnr. 3 av Tveita.

Dette bruket vart utskift og seld frå Tveita i 1860. (Sjå nr. 14). Bruket skyldsett til 11 sk. I ny matr. 1886 vart det br.nr. 3 av Tveita av skyld 20 øre.

 

20. Bjørn Paulson

Kolstø i Erfjord f. 1816 vart i 1844 g. m. Anna Nilsdotter Kjølvik f. 1809. Dei busette seg i Bjørnevåg u. Tveita. I 1848 fekk dei kjøpekontrakt på bruket, men skjøte fekk dei først i 1860 etter at Bjørn Paulson var avliden.

Bjørn Paulson døydde i 1859. Skifte etter han i 1963. Dei var då barnlause, men hadde hatt nokre barn som døydde som spebarn. Enka Anna Nilsdtr. gifte seg oppatt straks etter med suldølen Ola Øysteinson. Han var 27 år yngre enn henne.

 

21. Ola Øysteinson

f. 1836 på Austerå i Suldal, g. m. Anna Nilsdtr., bur på bruket i 1875. Dei fødde då 1 ku og 6 sauer, sådde 1/16 tn. bygg, ½ tn. havre og ½ tn. poteter.

Anna Nilsdtr. døydde 7. april 1882. I skiftet vart bruket verdsett til 800 kr. Ola Øysteinson løyste det inn. Han gifte seg 2. g. m. Gonla Jonasdtr. Haug eller Kleppa f. 1848. Med henne hadde han dottera

Martine Olsdtr. f. 1888.

Etter at Gonla og Ola båe var døde vart bruket, som vanleg vart kalla Gonlastykket, seld til brukaren av br.nr. 6 (Jektevik).

Berget, bruksnr. 4 av Tveita.

Dette bruk, som ligg i Bjørnevåg, vart eige bruk i 1863. Det var Lars Nilsson (nr. 15) som selde det til Knut Tovson. Bruket vart skyldsett til 8 sk. Ved ny matr. i 1886 vart det br.nr. 4 av skyld 13 øre.

 

22. Knut Toveson

g. m. Serina Tormodsdtr. Madlastove kjøpte bruket i 1863. Far hans hadde butt det før som husmann. Knut Tovson bygsla seinare Sanderstykke u. Tveita og budde der, men bruka båe plassane. Etter at Knut var død vart Berget seld til eigaren av br.nr. 2 og høyrer nå til dette bruket. Om Knut og Serina sjå Sanderstykke u. Tveita.

Tveita, bruksnr. 5.

Dette er hovedbruket på Tveita. I matr. 1886 fekk bruket ei skyld på 5 mark 32 øre. I 1905 fekk ein av sønene på Tveita, Johannes Danielson, utskift ein part kalla Tveitaneset av skyld 66 øre. Hovedbruket hadde då att 4 mark 66 øre i matr.skyld.

 

23. Johannes Jonson

Skimling, dpt. 24. jan. 1813, kjøpte 2/3 av Tveita i 1839 av Gudmund Kristofferson (nr. 14). I skyldsetninga vart bruket sett i 2 dl. 3 ort 2 2/3 sk. Kjøpesum 596 spd. og 2/3 av gamal folga.

Johannes Skimling var son av lensmann Jon Kristenson Skimling. Johannes var ei tid kalla futefullmektig og har nok sote på kontoret til futen. Han gifte seg i 1839 med Eli Larsdotter Barkeland f. 1809. Då er han kalla kontorist. Same året busette dei seg på Tveita.

Johannes Jonson døydde 28-3-1842 30 år gamal. Enka Eli Larsdtr. får løyve til å sitja i uskifta bu med dei to umyndige barna sine. Men i 1846 gifte ho seg oppatt og måtte då halda skifte. Eli Larsdtr. hadde som enke i 1844 kjøpt attende Reiphammar som tidlegare var seld frå Tveita. Betalte 100 spd. for Reiphammar. I skiftet vart jordegodset, som då var på 2 dl. 4 ort 1 2/3  sk., vurdert til 740 spd. Heile buet på 949 spd. Enka Eli Larsdtr. løyste inn jordegodset. Barn:

a.Johan Ludvig Johannesson 7 år i 1846.
b.Johanna Margrete Sofie Johannesdtr. 4 ¾ år. Seinare g. m. klokkar Jakob Adneson i Hjelmeland.

 

24. Steinar Kristofferson

f. 1824 på Hervik i Tysvær, steson til HoIger Bjørnson Askvik, vart i 1846 g. m. enka Eli Larsdtr. Tveita. Dei bruka Tveita til 1852. Då sel dei til Daniel Albertson Hiim. Skjøte dat. og tgl. 27. sept. 1852. Kjøpesum 600 spd.

To barn fekk dei då dei budde på Tveita:

a.Camilla Mathilde Steinarsdtr. f. 1848.
b.Stine Josefine Edvarda Steinarsdtr. f. 1847.

 

25. Daniel Albertson

Hiim, f. 1823, kom så til Tveita. Han var då gift med Siri Halvarsdotter Brommeland f. 1828. Det er skifte etter Siri Halvarsdtr. Tveita i 1869. Ho let då etter seg barna:

a.Albert Danielson f. ikr. 1850, var i Amerika i 1869.
b.Marta Helena Danielsdtr. f. 1854, reiste seinare til Amerika.
c.Liva Martine Danielsdtr. f. 1862, reiste seinare til Amerika.

Daniel Albertson gifte seg ikr. 1870 med Marta Johannesdotter Bjørnevåg f. 1846, dotter av Johannes Thorson Øvre Bjørnevåg. Barn:

a.Dorte Serina Danielsdtr. f. 1871, g. m. Ingebret Storstov Hebnes.
b.Albert Danielson f. 1873, bonde Tveita.
c.Johannes Danielson f. 1875, landhandlar Tveitasjøen.

Då Daniel Tveita let garden frå seg til sonen Albert, let han yngste sonen Johannes få Reiphammar og ein part av Tveitaneset skyldsett ialt til 66 øre. I matr. 1906 er Tveitaneset nemnd som br.nr. 9.

 

26. Albert Danielson

f. 1873, g. m. Berta Knutsdotter Høyvik f. 1872, overtok Tveita etter faren. I hans tid brann det gamle stovehuset på Tveita. Albert sette då opp huset som nå står på Tveita.

Albert Tveita var mykje nytta i alt kommunalt styr og stell, tok også mykje del i det religiøse liv i bygda. Han døydde i 1935. Barn:

a.Daniel f. 1900, lærar i Sjernarøy, ordførar der i mange år.
b.Konrad, småbrukar Sanderstykke.
c.Magnus, bonde Tveita.
d.Albert, fabrikant, Tveita.
e.Anbjørn, rudningsmann Tveitaneset.
f.Borghild, gift og busett Madla.
g.Marta, gift til Kjølvik.
h.Gerda.

Jektevik, bruksnr. 6 av Tveita.

Bruket vart skyldsett og seld i 1863 (sjå nr. 15). Det var Håvard Hansson som fekk skjøte på det, men faren Hans Håvardson budde i den tid på Haugen br.nr. 1, og det var vel for å få Haugen fri til seg sjølv at Lars Nilsson selde Jektevik. Om Håvard har bruka Jektevik kjenner eg ikke til, men det er faren Hans Håvardson som bur der i 1875.

 

27. Hans Håvardson

f. 1805 i Sandeid, hadde i 1834 fått bygsla Norebøen av enka Sissel Ingebretsdtr. Tveita. Seinare budde han ei tid på Haugen og så tilslutt i fektevik. Han var g. m. Magla Jakobsdtr. f. 1809 i Sandeid. Barn me kjenner:

a.Håvard Hansson f. 1828, g. 1864 m. Marta Ånonsdtr. Straumberg.
b.Jakob Hansson f. 1833, død same år.
c.Magla Karina Hansdtr. f. 1836, g. 1861 m. Helge Jonson Gryte.
d.Jakob Hansson f. 1838.
e.Marta Hansdtr. f. 1841, døydde i 1842.
f.Hans Hansson f. 1847, reiste i 1869 til Amerika. Kalla seg kveker. Ikr. 1890 er bruket seld til Rasmus Knutson Høyviktræ.

 

28. Rasmus Knutson

Høyviktræ f. 1842 var g. m. Anna Osmundsdotter f. 186( i Kalvik. Rasmus Jektevik var jekteskipper og åtte jekt. Rasmus Knutson har bruket i 1906. Barn:

a.Karen Rasmusdtr.
b.Alida Rasmusdtr. g. m. Olaus Golf, Ombo.
c.Osmund Rasmusson.
d.Knut Rasmusson.
e.Rasmus Rasmusson.
f.Adolf Rasmusson.
g.Bertilde Rasmusdtr.
h.Anna Rasmusdtr. g. m. Bernt Tveita. (Sjå nr. 30).

Dei fleste av barna reiste til Amerika. Mora Anna Osmundsdtr. reiste også på sine gamle dagar til Amerika.

Norebøen, bruksnr. 7 av Tveita.

29. Jakob Bårdson

f. 1831, son av Bård Sjurson Foss i Suldal, kjøper dett bruket av enka etter Lars Nilsson (sjå nr. 15). Skylda på bruket var då 3 ort 6 sl; Han betalte 210 spd. for det. Jakob hadde før butt på Varås i Erfjord. Han var snekke og tømmermann ved sida av gardsbruket. Jakob Bårdson var gift med Mallin Olsdotter Rød av Herabakka f. 1832. Barn:

a.Bård Jakobson f. 1858, bonde etter faren.
b.Brønla Jakobsdtr. f. 1861, g. m. Johan Lund, Høyvik.
c.Guro Jakobsdtr. f. 1862, g. m. Ola Reiphammar.
d.Ola Jakobson f. 1864, reiste til Amerika.
e.Mallin Jakobsdtr. f. 1866, reiste til Amerika.
f.Johanna Jakobsdtr. f. 1868, g. m. Ola Vormestrand.
g.Barbro Jakobsdtr. f. 1870, reiste til Amerika.
h.Marta Jakobsdtr. f. 1872, g. m. Govert Pederson Vik, farmar i U. S. A. i 1900.
i.Jakobine Jakobsdtr. f. 1875, død ung.

 

30. Bård jakobson

f. 1858 overtok bruket etter faren. Han hadde etter han gifte seg kjøpt Haugen br.nr. 1 av Tveita og busette seg der. Då faren døydde slo han Haugen og Norebøen saman til eit bruk. Bård var tømmermann som faren og hadde i ungdomen arbeid på skipsverven i Rosendal. Stor og sterk var han og som dei fleste av den ætta pryda med heilskjegg.

Bård var g. m. Marta Agesdtr. Reiphammar f. 1859. Barn:
a.Jakob Bårdson f. 1885, bonde Norebøen.
b.Åge Bårdson f. 1887, reiste til Amerika.
c.Malenius Bårdson f. 1893, reiste til Amerika.
d.Bertine Bårdsdtr. f. 1896, g. m. Syvert Knutson Høyvik, Stavanger.
e.Bernt Bårdson f. 1900, g. m. Anna Jektevik, reiste til Amerika.

 

31. Jakob Bårdson

f. 1885, g. m. enke Liva Naustvik, bruka seinare Norebøen. Han var norskamerikaner.

Tveitesjøen, bruksnr. 8 av Tveita.

Tveitasjøen vart utskild frå hovedbruket Tveita i 1863. Det var Daniel Albertson som selde dette bruket til Gabriel Jakobson. Bruket vart skyldsett til 13 sk. I 1886 får Tveitasjøen br.nr. 8 av skyld 18 øre.

 

32. Gabriel jakobson

frå Røynevarden i Suldal flytte inn til Jelsa i 1861. Gabriel var då 34 år og hadde kona Ane Tosteinsdtr. f. 1829 med seg. Ho var truleg frå Litlehammar i Suldal. I 1863 kjøpte dei Tveitasjøen og busette seg der. Dei kjøpte eit hus i Vik i Erfjord og flytte det til Tveitasjøen. Skjøte på bruket får Gabriel først i 1871. Kjøpesumen er då oppgjeven til 95 spd.

Gabriel Jakobson døydde i 1874. To søner hadde dei

a.Jakob Gabrielson f. 1862, seinare g. m. Marta Hadlesdtr. Hebnes, busett Porsmyra, Vormestrand.
b.Tostein Olai Gabrielson f. 1868.

Enka Ane Tosteinsdtr. gifte seg oppatt med Villum Osmundson Hamborneset.

 

33. Villum Osmundson

f. 1834, son av Osmund Olson Hamborneset, g. m. enka Ane Tosteinsdtr., selde bruket til Knut Olson. Dei tok unda eit stykke av bruket som dei seinare budde på. Huset deira sto der som kaiplanen nå er.

Ei søster til Villum, Eli, budde hjå dei. Båe foreldra til Villum døydde hjå dei ved Tveitasjøen. Villum var sjølv spedalsk. Det stykke dei budde på vart seinare seld til Johannes Tveita, som dreiv landhandel der.

 

34. Knut Olson

Sjøbuhåla f. 1842, son av Ola Olson Sjøbuhåla u. Østhusbygda, kjøper Tveitasjøen br.nr. 8 av enka Ane Tosteinsdtr. (sjå nr. 32 og 33). Han var g. m. Brønla Kristensdtr. Finnvik f. 1852. Barn:

a.Ola Knutson f. 1875, bonde på bruket etter faren.
b.Kristen Knutson f. 1878, døydde som ungkar i 50 års alderen.

 

35. Ola Knutson Tveita

f. 1874, g. m. Kristine Knutsdtr. Bjørnevåg (Sanderstykke) hadde seinare dette bruket av Tveita.

Husmannsplasser u. Tveita.

Sanderstykke

Dette er den eldste plassen me kjenner til u. Tveita. Ein Sander med kona er oppført som husmann under Tveita i 1645. (Hovedskatten). Truleg har plassen fått namnet sitt etter han.

 

36. Ola Olson,

son av Ola Knutson Vatland som budde i Sildeli, vart i 1793 g. m. Anne Margrete Nilsdtr., dotter av Nils Larsson Hamra som òg ei tid budde i Sildeli. Ola og Anne Margrete busette seg på Sanderstykke. Ola Olson døydde i 1795 35 år gamal. Ingen barn etter han. Enka, som då var 25 år, gifte seg oppatt i 1798 med Ola Simonson på Sandslandet.

 

37. Johannes Olson

f. 1772, son av Ola Ellingson Mehus i Bygda, gifte seg i 1800 med Marta Andersdtr. Nevøy f. ikr. 1768. Dei var søskenbarn. Dei bygsla Sanderstykke og busette seg der. I 1815 er Johannes Olson avliden. Det året gifter enka Marta Andersdtr. seg med enkemann Ingebret Larsson Tandranes u. Barkeland. Ho var barnlaus i båe ekteskap.

 

38. Jon Ingebretson

f. ikr. 1788, son til Ingebret Larson Tandranes, får bygsla Sanderstykke då enka der Marta Andersdtr. gifte seg med far hans. Bygselsetel får han av Kristoffer Tveita i 1815. Same år gifte han seg med Guri Salomonsdtr. Krossvik f. 1782. Guri Salomonsdtr. døydde i 1829. Den einaste dotter deira Guri Johanne døydde straks etter mora, så Jon arva heile buet. Han gifte seg oppatt med Lisbet Levardsdtr. Krossvik f. 1809, brordotter til første kona.

Det er skifte etter Jon Ingebretson 10. februar 1837. Han let då etter seg enka og 4 barn:

a.Levard Jonson 7 år.
b.Jon Jonson 5 år.
c.Jens Jonson 11 veker, seinare gift med Ida Emilie Charlotte Petterson frå Nykøping i Sverige. Han var sjømann, men huslyden hans budde i Tveitasjøen i 1875.
d.Guri Jonsdtr. 2 ½ år.

Enka gifte seg oppatt i 1838 med Njeld Njeldson.

 

39. Njeld Njeldson

f. i Sauda i 1812 gifte seg med enka på Sanderstykke Lisbet Levardsdtr. Dei sat først ei tid på Sanderstykke, men bygsla så Øspevik u. Tveita og flytte dit. Sjå Øspevik.

 

40. Knut Tovson

f. 1840, g. m. Anna Serina Tormodsdtr. (sjå Hebnes Nordhus nr. 12 e), bygsla Sanderstykke av Daniel Albertson i 1878. Skulle betala 9 spd. årleg.

Knut Tovson var son av Tov Knutson Berget u. Tveita (sjå der). Knut kjøpte Berget og bruka båe plassane all sin dag. Knut var jekteskipper. Barn:

a.Tomine Knutsdtr. f. 1871, død ugift.
b.Ane Knutsdtr. f. 1873.
c.Laura Knutsdtr. f. 1875, g. m. Jone Amdal, Nedstrand. (Søskenbarn, sjå Hebnes Litlastova nr. 15 c).
d.Kristine Knutsdtr. f. 1885 g. m. Ola Knutson Tveita.
e.Tananda Knutsdtr. g. m. Johan Myhre, Hebnes.
f.Helmik Knutson, død ugift.

Anna Serina Tormodsdtr. døydde i 1945.

Desse var dei siste bygselfolk på Sanderstykke. Då plassen vart oppsagt vart han kjøpt av Konrad Albertson Tveita g. m. Marta Bjørklund, som seinare har butt der.

Berget.

41. Tov Knutson

Garvik frå Seljord i Telemark, f. ikr. 1800, kom til Sand og gifte seg med Helga Jonsdtr. Tysselandslia. Ho var søster til Marta jonsdtr., kona til Gudmund Tveita (sjå nr. 14).

Tov og Helga kom til å busetja seg på Berget i Bjørnevåg som husmannsfolk.

Tov Knutson døydde i 1841 42 år gamal. Helga Jonsdtr. sat som enke på Berget til ho døydde i 1882 80 år gamal. Sonen Knut Tovson f. 1840, g. m. Anna Serina Tormodsdtr. Madlastova, kjøpte Berget i 1863. Sjå Sanderstykke u. Tveita og br.nr. 4 av Tveita.

Haugen.

Plassen som låg nord av Tveitaskaret, var først husmannsplass. Seinare då Tveita vart delt i fleire bruk fekk Haugen br.nr. 1 avdi det var den siste plassen som den gamle ætt på Tveita sat med og åtte.

 

42. Jens Håvardson

Krossvik f. 1780 vart i 1820 g. m. Guri Omundsdtr. Isvik u. Marvik f. 1785. Same året får han bygsla Haugen av Kristoffer Tveita. For plassen skulle han slå eit 1 ½ dalarstykke bø, skjera 6 lass korn, arbeida 2 dagar i vårvinna og 2 dagar ved jonsokbel og dertil 2 ½ spd. årleg i kontanter.

Jens Håvardson døydde 1. nov. 1849, Guri Omundsdtr. døydde i 1836. Truleg hadde dei berre ein son Håvar som døydde som spebarn. Dei flytte visstnok frå Haugen i 1836.

 

43. Ingvald Bjørnson

Bog f. 1809 i Imsland, vart i 1836 g. m. Brita Jakobsdtr. Ramsfjell i Hjelmeland f. 1809. Dei får bygsla Haugen av Kristoffer Tveita i 1836.

Ingvald var son av Bjørn Ingvaldson Ness i Vikedal. Foreldra budde seinare i Bog i Erfjord. Brita Jakobsdtr. var dotter av Jakob Salomonson Ramsfjeld. Dei bruka Haugen eller Agothaugen som den ofte vart kalla til dei døydde. Ingvald var smed av yrke.

Brita Jakobsdtr. døydde i 1876. Barn:

a.Malena Ingvaldsdtr. f. 1836, døydde i 1840.
b.Jakob Ingvaldson f. 1838.
c Malena Ingvaldsdtr. f. 1841.
d.Sofie Ingvaldsdtr. f. 1843, død same år.
e.Sofie Ingvaldsdtr. f. 1844, død 1846.
f.Berta Sofie Ingvaldsdtr. f. 1850, død 1856.
g.Borghild Ingvaldsdtr. f. 1847, lever på Haugen i 1875.
h.Bjørn (Bjødne) Ingvaldson f. 1855, husmann u. Tveita.

På Haugen fødde dei i 1875 1 ku og 12 sauer, sådde ½ tn. havre og 1 tn. poteter.

Desse var dei siste husmannsfolk på Haugen. Sjå br.nr. 1 av Tveita.

Stykket u. Tveita.

Plassen ligg ned mot Tveitasjøen. Nå er det sjølveigande bruk med br.nr. 13 av skyld 10 øre.

 

44. Bjødne Ingvaldson

(sjå Haugen nr. 43) bygsla denne plassen då han gifte seg med Marta Oddsdtr. Velta u. Gryte f. 1853. Bjødne døydde i 1924, Marta i 1921. Barn:

a.Ordin Bjørnson f. 1885.                                                                            
b.Ingvald Bjørnson f. 1887.

Desse to sønene budde seinare på Stykket. Dei var ungkarar. Båe er nå døde (1960).

Skjøljevik u. bruksnr. 8 av Tveita.

45. Harald Haraldson

frå Hjertdal i Telemark kom med kona og barn til Jelsa ikr. 1834. Det året bygsla dei Skjøljevik av enka på Tveita Sissel Ingebretsdtr. Avgifta var 2½ spd. årleg, men ikkje noko plikt arbeid på garden. Kona var Brita Gulliksdtr. Ho døydde i 1840 63 år gamal. Harald Haraldson døydde i 1862. Ein son kjenner me:

Ånon Haraldson f. 1820 i Hjertdal. Han kjøpte Torflåt u. Vatland i Refsbygda.

Skjøljevik vart nedlagt som plass og husa nedrivne. Notbas Henrik Sagen kjøpte plassen seinare og sette opp hus der. Soltun br.nr. 12 av Tveita, skyld 9 øre.

Nygård.

var ein plass u. Tveita som i 1834 vart bortbygsla til Kristoffer Jonson Sæbø frå Hjelmeland. Han flytte seinare til Hebnes. Sjå husmenn u. Hebnes (andre oppsitjarar) nr. 13.

 

Øspevik.

46. Njeld Njeldson

(sjå Sanderstykke nr. 4) flytte til Øspevik då han gifte seg med enka på Sanderstykke Lisbet Levardsdtr. Njeld dreiv fiske attåt plassen som det var lite jord til. I 1875 sådde dei 1/20 tn. bygg, 1/4 tn. havre og 3/4 tn. poteter. Ingen krettur. Barn:

a.Njeld Njeldson f. 1838.
b.Levin Njeldson f. 1841.
c.Njeld Njeldson f. 1844, sjømann, busett Martavika u. Østhus i Bygda.
d.Marta Karine f. 1847, ugift.
e.Liva Karine f. 1851.

Njeld Njeldson Øspevik døydde i 1877. Lisbet Levardsdtr. døydde i 1886.

 

47. Herman Ågeson

Reiphammar f. 1861 flytte til Øspevik då han gifte seg med Inger Johanne (Hanne) Olsdtr., fosterdotter på Tveiterå, f. 1863. Ho var dotter til Ola Olson Flåta u. Framigard (sjå husmenn u. Hebnes nr. 17 e) og Siri Johannesdtr. Nordnes. Hermann var treskomakar og jordarbeidar. I 1900 har dei barna:

a.Berta Hermannsdtr. f. 1885.
b.Inger f. 1888.
c.Karen Hermannsdtr. f. 1891.
d. Åge f. 1894.
e. Hilda f. 1897.
f. Olaf. 1900.

Etter 1900:

Olava
Oletta.

 

Reiphammar.

Dette var ein husmannsplass u. Tveita som i 1827 vart seld frå garden. Skylda sett til 5 m. sm.

 

48. Nils Larsson

kjøpte bruket av Kristoffer Tveita i 1827. Han var frå Suldal, g. m. Kirsti Olsdtr., og hadde før butt i Aradalen u. Hamra. Nils Larsson var 56 år då han flytte til Jelsa i 1818 og hadde hatt bruk i Suldal og kanskje åg i Sauda før han kom til Åradalen. Barn:

a. Kirsti Nilsdtr. f. 1816.
b. Lars Nilsson f. 1820.
c. Jon Nilsson f. 1824 i Bjørnevåg u. Tveita.

I 1834 gjekk Reiphammar til auksjons og Hadle Osmundson Erøy fekk tilslaget. Han skjøter samstundes Reiphammar til Lars Olson for 100 spd.

 

49. Lars Olson

f. 1798, g. m. Brita Ivarsdtr., kjøpte Reiphammar i 1834. Dei hadde før butt i Sjøbuhåla u. Østhus i Bygda. I 1840 sel dei Reiphammar til Tollef Eliasson Bjødland for 135 spd. Lars og Brita flytte då til Hebnes (sjå husmenn u. Hebnes nr. 20).

 

50. Tollef Eliasson

f. 1801 i Sauda, son av Elias Gunnarson Nyvoll u. Jelsa, vart i 1831 g. m. Eldri Jonsdtr. Tveiterå f. 1802. Dei bygsla då Bjødland u. Østhus i Bygda. I 1840 kjøpte dei Reiphammar. Tollef hadde truleg ikke skjøte på bruket. Då han i 1844 sel bruket attende til enka då på Tveita, Eli Larsdtr., er det Lars Olson som skriv under på skjøtet.

Tollef og Eldri flytte til Hebnes og budde på ein liten plass u. Storstov (sjå husmenn u. Hebnes nr. 15).

 

51. Bjørn Bjørnson

Bjelland i Hjelmeland f. 1802, g. m. Marta Olsdtr. Kvame, hadde hatt eit bruk av Mehus i Bygda. Det selde han og flytte inn på Reiphammar. I 1858 reiste han med kona til Amerika.

 

52. Åge Olson

Flåta u. Framigard (sjå husmenn på Hebnes 17 b) f. 1825 i Bjørnevåg, bygsla Reiphammar då han i 1858 gifte seg med Brita Hermannsdtr. Høyvik f. 1827.

Åge Olson var skogsarbeidar når han ikkje var opptatt med plassen sin. På sine gamle dagar gjekk han rundt på gardane og treskte med tust. Både Åge og Brita døydde på Norebøen Tveita hjå dotter si. Barn.

a.Hermann Ågeson f. 1861 (sjå Øspevik u. Tveita).
b. Ola Ågeson f. 1867, busett Reiphammar.
c. Marta Ågesdtr. f. 1859, g. m. Bård jakobson Tveita.

 

53. Ola Ågeson

(52 b) g. m. Guro Jakobsdtr. Tveita, søster til Bård Tveita, hadde plassen etter faren. Ola var treskomakar. Barn:

a.Åge Olson f. 1893, busett Stavanger.
b.Mallin Olsdtr. f. 1895.
c.Bertine Olsdtr. f. 1897.
d.Jakobine Olsdtr. f. 1899.

Ola Ageson døydde i ung alder og Guro Jakobsdtr. flytte med barna til Stavanger.

Under br.nr. 3 av Tveita, Bjørnevåg eller Gunlastykket som det seinare vart kalla, budde ein husmann

 

54. Nils Andersson

f. 1811 i Fister, son av Anders Dyvik. Nils var g. m. Siri Knutsdtr. Slåtta u. Vatland f. 1807. Dei budde ei tid i Slåtta og ei tid på Hebnes før dei flytte til Bjørnevåg. Heile huslyden var mormonar. Det var ikkje meir jord til denne plassen enn at dei sådde 1 tn. poteter. Ingen husdyr.

Nils var fiskar. Nils Andersson fekk utnamnet «Uversnils» eller berre «Uveren».

Kjenner til Barna:

a.Anders Nilsson f. 1833.
b.Knut Nilsson f. 1836.
c.Berta Karina Nilsdtr. f. 1838.
d.Ingeborg Nilsdtr. f. 1843, g. 1871 m. repslager Tollef Thorsen frå Kristianslyst i Hetland.
e.Knut Nilsson f. 1847, i 1875 matros på reis til Ostindia.
f.Serina Nilsdtr. f. 1851. Serina hadde 3 barn:

Nilla Serina som i mange år tente i Kjølvik,

Lars, gift og budde i Stavanger,

Severin.

I 1875 har dei åg ein dotterson, Enevald Olson, heime hjå seg. Nils Andersson og kona førte eit gjestfritt hus for fant og farre, så folk i granne­laget ikkje kjende seg heilt trygg for sølvtyet sitt. Siri Knutsdtr. døydde i 1886 81 år gamal.