SOLAND, gardsnr. 26.

Soland ligg på leitet mellom Refsbygda og Marvik. Dei øvste tun ligg ikr. 170 m. o. h. I nordaust stig Solandsheia opp mot 500 m. Mot sør hallar garden nedover mot Marvik, mot vest til Vatland og Skimling, mot nord til Li og Fjetland.

Soland var fullgard på 3 laup smør i skyld og odelsgods. Korkje kongen, adelen eller kyrkja åtte gods i Soland.

I 1617 eig Ola Haug 2 ½ pd. sm., Ola Soland 2 ½ pd. sm. og dessutan ½ pd. som han hadde i pant. Osmund Espevoll 2 ½ pd. sm. Her er tri partar like store, så det ligg nær å tru det er tri søsterpartar.

Jordeboka 1649 fortel at Soland er odelsgods og bygselen fylgjer kvar av eigarane. Då brukar Erik 3 ½ pd., Tormod 4 pd. og enka ½ 1. sm. Her er det berre ført opp kor mykje kvar brukar utan omsyn til eigetilhøva.

Etter matrikkelen 1668: Soland 3 laup smør. Odels. Er landlegd (militært). Har skog til husbruk. Sår 12 tn. korn. Før 2 hestar og 32 naut. Ein kvernstad på garden. Garden vart sett i landskyld 3 1. sm., leidang 2 bukkskinn og 2 geitskinn, tiende 12 spann korn, småreidsla 1 ort.

I matrikkelutkastet 1723: Soland 3 1. sm. Landlegd. Måteleg å vinna. Har skog til husvøling. Elling brukar 1 1. sm. Sår 3 tn. og haustar 20 tn. korn. Før hest, 10 naut og 12 sauer. Malena og Anders sår og før det same kvar.

Her er såleis garden delt mellom tri oppsitjarar med 1 1. sm. på kvar.

I matrikkelen 1731 er det eine bruket, Elling sitt, delt i to like bruk med 1 pd. 12 m. sm. på kvar. Elles som i 1723.

Det gamle matr.nr. på Soland var nr. 9. Den tid vart matr.nr. fastsett etter storleiken av garden. Då var og ein stor lut av Sand med i Jelsa skipreide.

Etter matrikkelen 1838 får Soland matr. nr 93 med 4 løpenr.

Løpenr. 30, Johannes Osmundson, 4 pd. 12 m. sm., ny skyld 4 dl. 15 sk.

Løpenr. 31 a, Albert Hermanson, 1 pd. 2 m. sm., ny skyld 4 ort 11 sk.

Løpenr. 31 b, Ola Gauteson, 10 m. sm., ny skyld 1 ort 17 sk.

Løpenr. 32, Eivind Kolbeinson, 3 pd. sm., ny skyld 2 dl. 1 ort 9 sk.

Her ser me at det eine bruk frå 1731 på 1 pd. 12 m. sm. er tillagt løpenr. 30. Av andre bruk frå 1731 er fråskild eit bruk på 10 m. sm. Det er dette bruket (10 m. sm.) som seinare vart kalla Bøen og fekk br.nr. 4 i 1886.

Matrikkelen 1851: Soland, nytt matr.nr. 71, 6 løpenr. Løpenr. 170 (gl. løpenr. 30), Osmund Johannesson, 2 dl. 2 ort 15 sk.

Løpenr. 171 (gl. løpenr. 30), Ole Johannesson, 1 dl. 3 ort

Løpenr. 172 (gl. løpenr. 31 a), Albert Hermanson, 4 ort 11 sk.

Løpenr. 173 (gl. løpenr. 31 b), Ola Gauteson, 1 ort 17 sk.

Løpenr. 174 (gl. løpenr. 32), Eivind Eivindson, l dl. 17 sk.

Løpenr. 175 (gl. løpenr. 32), Lars Eivindson, 1 dl. 16 sk.

Her er det gamle løpenr. 30 delt i to bruk, likeeins løpenr. 32 i to bruk. Ialt 6 bruk.

I førebuinga til ny matrikkel, som tok til i 1863, vart Soland såleis vurdert

            Løpenr. 170, Osmund Johannesson, gl. skyld 2 dl. 2 ort 15 sk. Sår ¼ tn. bygg og haustar 2 tn., 4 tn. havre, haustar 18 tn., 3 tn. poteter, haustar 18 tn. Før hest, 4 kyr, 1 ungnaut og 20 sauer. 9 mål åkerland, 28 mål engslått. Innmarka vurdert til 343 spd. Beite vurdert til 107 spd. Skogen til 286 spd. Vassfall 10 spd. Heile bruket 745 spd. Framlegg til ny skyld 2 dl. 14 sk.

            Løpenr. 171 og 175 b, Ola Johannesson, gl. skyld 2 dl. 1 ort. Sår 4 tn. havre, haustar 21 tn., 3 tn. poteter, haustar 18 tn. Før hest, 6 kyr, 1 ungnaut, 20 sauer. 12 mål åkerland, 42 mål engslått. Innmarka vurdert til 410 spd. Tillegg for lett å vinna 45 spd. Beite 98 spd. Skogen 198 spd. Vassfall 10 spd. Heile bruket vurdert til 760 spd. Framlegg til ny skyld 2 dl. 19 sk.

Løpenr. 172, Lars Albertson, gl. skyld 4 ort 11 sk. Sår 3 ½ tn. havre, haustar 14 tn., 1 ½ tn. poteter, haustar 12 tn. Før 3 kyr, 1 ungnaut og 10 sauer. 8 mål åkerland, 16 mål engslått. Innmarka vurdert til 195 spd. Tillegg for lett å vinna 23 spd. Beite 80 spd. Skogen 66 spd. Vassfall 5 spd. Heile bruket vurdert til 370 spd. Framlegg til ny skyld 1 dl. 6 sk.

            Løpenr. 173 (Bøen), Ola Gauteson, gl. skyld 1 ort 17 sk. Sår 1 tn. havre, haustar 5 tn., 3/4 tn. poteter, haustar 4 tn. Før 1 ku og 1 ungnaut. 3 ½ mål åkerland, 7 mål engslått. Innmarka vurdert til 80 spd. Beite 20 spd. Heile bruket vurdert til 100 spd. Framlegg til ny skyld 34 sk.

            Løpenr. 174, Eivind Eivindson, gl. skyld 1 dl. 17 sk. Sår 3 ½ tn. havre, haustar 15 tn., 2 ½ tn. poteter, haustar 15 tn. Før 4 kyr, 1 ungnaut og 10 sauer. 9 mål åkerland, 13 mål engslått. Innmarka vurdert til 234 spd. Beite 70 spd. Skogen 176 spd. Vassfall 10 spd. Heile bruket 490 spd. Framlegg til ny skyld 1 dl. 47 sk.

            Løpenr. 175 a (Sjurflåt), Lars Eivindson, gl. skyld 2 ort 16 sk. Sår 1 ¼ tn. havre, haustar 5 tn. 2 tn. poteter, haustar 12 tn. Før 2 kyr og 20 sauer. 3 mål åkerland, 13 mål engslått. Innmarka vurdert til 111 spd. Frådrag for tung å vinna 12 spd. Beite 50 spd. Skogen 110 spd. Vassfall 5 spd. Heile bruket vurdert til 265 spd. Framlegg til ny skyld 90 sk.

            Resultatet vart matrikkelen av 1886: Soland gardsnr. 26.

Br.nr. 1 (170), Osmund Johannesson, gl. skyld 2 dl. 2 ort 15 sk. ny skyld 4,18 mark.

Br.nr. 2 (171), Kleivane, Ola A. Johannesson, gl. skyld 1 dl. 3 ort, ny skyld 2,79 mark.

Br.nr. 3 (172), Albert Hermanson, gl. skyld 4 ort 11 sk. ny skyld 1,95 mark.

Br.nr. 4 (173) Bøen, Johannes Samuelson, gl. skyld 1 ort 17 sk. ny skyld 0,46 mark.

Br.nr. 5 (174), Eivind Eivindson, gl. skyld 1 dl. 17 sk. ny skyld 2,60 mark.

Br.nr. 6 (175 a), Johannes Samuelson, gl. skyld 3 ort ny skyld 1,04 mark.

Br.nr. 7 (175 b), Tjerand Larsson, gl. skyld 2 ort 16 sk. ny skyld 1,20 mark.

            Etter matrikkelen 1906: Soland gardsnr. 26.

Br.nr. 1 (Soland), Jakob Osmundson                              4 mark 18 øre.

Br.nr. 2 (Kleivane), Ola A. Johannesson 2 mark 79 øre.

Br.nr. 3 (Soland), Vilhelm Gauteson                               1 mark 95 øre.

Br.nr. 4 (Bøen), Johannes Samuelson     0 mark 46 øre.

Br.nr. 5 (Soland), Vilhelm Gauteson                               2 mark 60 øre.

Br.nr. 6 (Soland), Johannes Samuelson  1 mark   4 øre.

Br.nr. 7 (Sjurflåt), Sven N. Eide og Torger S. Hauge         1 mark 20 øre.

            Det var då 7 bruksnummer på Soland, men difor ikkje 7 brukarar. Alt i 1863 er løpenr. 171 og 175 b under same eigar. Likeeins var løpenr. 172 og 174 slegne saman i 1875. I futerekneskapen 1909 er br.nr. 2, br.nr. 4 og br.nr. 6 eit bruk.

            Ser me på eigetilhøva på Soland ser me at i eldre tid var mesteparten av godset på andre hender enn brukarens. Me har før sett eigetilhøva i 1617. I 1624 er eigetilhøva : Svein Krokedal i Imsland 22 m. sm. Eivind Haug i Suldal 22 m. sm. Ola Haug 21 m. sm. Ola Soland 1 1. sm. og på hans brorsbarns vegne 20 m. sm. Halvar Østhus i Bygda ½ 1. sm. Torgils Eide 9 m. sm. Asmund Stokkland i Skåre 20 m. sm.

I 1661: Anna Soland 1 1. sm. Ola Tormodson Haug 1 1. sm. Anders Foldøy ½ 1. sm. Tormod Soland ½ 1. sm.

I 1670 eig Tormod Soland ½ 1. sm. Osmund Soland 18 m. sm. Ommund Finnvik 1 1. 18 m. sm. og Ola Haug 1 1. sm.

I 1711 eig brukarane på Soland tilsaman 1 ½ 1. sm. I 1715 1 1. 10 m. sm. Resten eig Magla Olsdotter 16 m. sm., Tormod Øvrebø 5 m. sm. Halvar Østhus i Bygda ½ 1. sm. Tormod Gunnarson 23 m. sm. og Svein Finnvik 2 pd. sm.

Mesteparten av jordegodset i Soland vart innkjøpt av brukarane ikr. 1750.

I 1847 var det utskiftning av bruka på Soland. Før den tid var det på Soland, som på alle gardar der det var fleire oppsitjarar, teigblanding og alle hus samla i eit tun.

I 1698 herja lauseld tunet på Soland:

«Soland besittere for retten fremkom, navnlig Ola Olsen, Ola Ommundsen, Peder Jensen og Jørgen Anfinnsen, og dem med deres fattige kvinner vemodigen beklaget hvorledes deres hittil påboende gård og jord Soland som skylder årligen smør 3 løper, med påstående huse og bygninger, aldeles ingen unntagen, tillike med alt hvis hø og korn som var innhøstet, så de slett intet fikk berget eller reddet, enten korn, hø eller annen deres eiende boskap, men altsammen ble om midnatstid 8de dag etter korsmesse ved en uluksalig ildebrann oppbrent og lagt i aske, og det så hastig ved en sterk vind, så de og deres koner med mange små børn og tyende sågodt som nøken av ildvåde unnkom. Hvorfor et tingsvitne var begjærendes.»

Brukarar.

1. Åsmund

budde og skatta av Soland i 1521.

 

2. Ragnhild

på Soland budde der i 1563 og skatta truleg av halve garden. Ho må vera mor til Øystein (3) og Tormod (4).

 

3. Øystein

budde og på Soland i 1563. Truleg har han brukt halve garden. Men seinare, truleg ettermora døydde, vart han driven frå garden av Tormod på Foldøy som var eldste bror på Soland. Øystein er truleg den same Øystein som me seinare (1590) finn på Foldøy. Etterkomarar av Øystein på Foldøy eig gods i Soland minst i hundre år etterpå. (Om Øystein sjå Foldøy nr. 3).

 

4. Tormod Soland

kom til Soland på sin odelsrett som eldste bror og Øystein, hans yngre bror, måtte flytte ut. (Sjå 3). I 1690 finn me han på Soland, då som lagrettesmann som var med og tok ut utsendingar frå Jelsa til kongehyllinga i Oslo 1591.

I ei odelssak på Soland i 1670 Bytingsprotokoll for Stavanger C 5 1669-1670. vart det sagt at Tormods etterslekt seinare hadde butt på Soland. Me kan truleg gå ut frå at Ola Soland, som er komen til Soland før 1603, er son til Tormod, serleg etterdi tri søstre av Ola eig med han i garden. Då skulle barna til Tormod vera:

a.Ola Soland (5).
b.Ragnhild Hebnes (oppkalla etter farmor, sjå 2). Ho var gift til Hebnes og hadde ein son Osmund, truleg han som budde i Hebnes Framigard og hadde O. S. i bumerke sitt. Son til Osmund, Siver Osmundson Lervik, husmann på Hebnes, selde sin odel og bunestadrett i Soland i 1644 til Tormod Østebø.
c.Gundla Bygda, g. m. Torgaut i Bygda.
d.Magla Bratland.

Dessutan ein bror som må vera død før 1624. Då er Ola Soland verje for barna hans som eig 20 m. sm. i Soland. Truleg døydde desse barna før Ola Soland, då dei ikkje er nemnde som nærmaste til retten til bunestaden i Soland etter Ola Soland (sjå 5).

 

5. Ola Soland

finn me i lensrekneskapen frå 1603 til ikr. 1635. Han døydde barnlaus og dei tri søstrene hans arva då godset i Soland. Ragnhild Hebnes som eldste søster fekk bunestadretten til Soland. (Sjå også 4).

Til denne tid (1635) hadde visstnok Soland til vanleg vore einmannsbruk. Frå 1640 var det 2-3 bruk på Soland. I 1645 bur Erik, Tormod, Johannes og Siver på Soland. Dei tri siste er ættlingar etter søstrene til Ola Soland. I 1649 er det tri bruk: Erik, Tormod og ei enka som brukte ½ 1. sm. Me kan herfrå finna rekkjefylgje på bruka fram til dei bruksnr. dei fekk i 1886. Enka sitt bruk i 1649 gjekk ut, så dei to brukarar i 1666 brukte halvparten kvar i garden.

 

6. Erik Soland

var gift med Anna Olsdotter Haug, dotter til Ola Tosteinson. Ola Haug hadde litt etter litt kjøpt opp småpartar i Soland. Det var helst av slektningar til kona si, Maritte Øysteinsdotter, han hadde kjøpt det, så han tilslutt åtte 1 1. sm. i Soland. Då Ola Soland fall frå og godset delt på fleire, nytta han høve til å setja dotter si, gift med Erik, inn på den laup smør han åtte i Soland. Seinare kom Erik og Anna til å bruka 1 ½ l. sm.

Erik Soland døydde ikr. 1660. Han let då etter seg kona Anna Olsdotter og iallfall to døtre:

a.Magla Eriksdtr. g. m. Ola Johannesson Hebnes Storstov.
b.Beritta Eriksdtr. g. m. Osmund Larsson, budde seinare på Skimling (Skimling 10).

 

7. Roald Person

f. ikr. 1638, gifte seg med enka etter Erik, Anna Olsdotter.

Han set som brukar av Erik sitt bruk i 1666, 1 ½ 1. sm. I 1663 stemner Siver Kråkedal Roald Person for bunestadretten til Soland. Siver seier far hans har ått denne retten. Siver Kråkedal er den same som seinare vart kalla Siver Lervik og var husmann under Hebnes. Det var nok rett som han sa, far hans var Osmund, son av Ragnhild Hebnes frå Soland, som hadde arva bunestadretten etter Ola Soland (5). Men Siver hadde nok gløymt at han sjølv hadde seld bunestadretten sin til Tormod Østebø alt i 1645. Likefullt sel han bunestadretten sin påny i 1670 til Ommund Anfinnson Finnvik.

            Roald Person selde same tid det gods kona hans, Anna Olsdotter, åtte i Soland, ½ 1. 18 m. sm., til Ommund Finnvik. 18 m. sm. åtte stebarna til Roald i Soland. Dei fylgde ikkje med i handelen. Seinare i 1677 makebyter Osmund Larsson g. m. Beritte Eriksdotter desse 18 m. sm. i Soland til Ommund Finnvik mot å få 1 pd. sm. i Skimling og bunestad der.

I 1670 stemnde Tormod Soland (22) Ola (Tormodson) Haug (sjå Soland 40) og Ola Johannesson Hebnes inn Ommund Finnvik til målstemne på Soland og tiltala han i tri postar:

Fordi han hadde kjøpt ulovleg bunestadretten til Soland av Siver Lervik sjølv om same Siver før hadde seld alt han åtte og bunestadretten i Soland til Ola Haugs far (Tormod Østebø). Tormod Olson Soland meinte han hadde arva bunestaden i Soland etter godmor si.

Ola Haug meinte seg å vera bygselmann for heile garden ettersom han nå åtte 1 l. sm. i Soland.

Det kjøp som Ommund Finnvik hadde gjort med Roald Soland var ulovleg, då ikkje godset først etter loven var bode fram til Roald sine stebarn.

Konklusjon:

«Så etter denne saks foregivende ved tiltale og gjensvars forhør, har vi loven, recessen og denne saks akt betenkelig overveiet, og fornemmer at Anna Soland og Siver Lervik all denne gårds bunestad til Ommund Finnvik har solgt og avhendt. Anna har ikke rett til mere besittelse enn til sitt eget, men Siver til aldeles intet, ti han har sin rett tilforn til s. Tormod Østebø for rum tid siden solgt og avhendt. Og under samme kjøp forståes all den rett han til Soland kunne ha. Derfor kaller loven det forgilds kjøp å kjøpe det en annen har solgt. Derfor Ole Haug som første kjøpere all Siver Lerviks rett som av eldste søster er fødd til denne bunestad den å nyte og beholde så meget dette søskendelaug og de to løper vedkommer. Men belangende den løp gl. Ole Haug hans datter innsatte på, som hun nu til Ommund Finnvik nesten har overdragen, den finnes av små parter å være sammenkjøpt. Derfor så lenge den under de to løps bunestad bruktes kunne ingen av de mange eiere dem nogen bruk på samme små parter tileigne, men nu de er sammensanket tilsteder recessen bruk og besittelse derpå.

Men uanseet Anna Solands måg Ole Hebnes på forn. gods løsning har stevnet, protesterer han vel på kjøpet, men for løsningen ingen pendinge frembyder. Derfor Ommund Finnvik hans kjøpegods å nyte og besitte til det ham etter loven fraløses eller fravinnes.

For det seneste at unge Ole Haug som alene eier en løp smør her i gården bygselen over all jorden mener å bør råde, da etterdi Anna Haugs anpart som var 1 1. sm. i to parter finnes adskilt skal det som annet slikt være under bestemanns bygsel etter loven, dog i billigste måter.»

Ola Tormodson Haug fekk såleis rett over all bygselen på Soland og kom seinare, då eit bruk på Soland vart bygselledig, til å flytta til Soland. (Sjå nr. 40).

 

8. Anfinn Ommundson,

son av Ommund Anfinnson Finnvik, overtek bruket som faren hadde kjøpt. Ommund Finnvik hadde kjøpt opp både gods og odelsrett til Soland. I 1670 åra er han eigar av ½ l. 18 m. sm. i Soland. Då han i 1677 hadde makebytt 18 m. sm. av Osmund Larsson (sjå nr. 6), så åtte han 1 1. sm.

Anfinn Soland var gift med Kari Jørgensdotter Marvik, truleg dotter til Jørgen Jakobson Tengesdal og Malene Klengsdotter. Kari Soland eig gods i Tengesdal likt med kona til Lars Tengesdal, dotter til Jørgen Jakobson, og må vera søster hennar. Sjå Marvik nr. 16.

Det er skifte etter Anfinn Soland 12. mai 1683. Han let då etter seg enka og barna:

a.Jørgen
b.Ommund
c.Malena
d.Guri
 e.Ågot.

 

9. Ola Ommundson,

bror til Anfinn (8), overtek bruket i Soland. Han var g. m. Gjertrud Olsdotter, truleg dotter til Ola Erikson på Haug (sjå Haug nr. 7).

Ola Ommundson hadde etter faren arva 1 pd. sm. i bruket. Det er skifte etter Ola Ommundson 16. des. 1719. Han let då etter seg enka Gjertrud Olsdotter og ei dotter

Guri.

I 1701 har han sønene

Ommund 11 år og
Ola 2 år.

Dei må vera døde før faren.

 

10. Elling Erikson

vart i 1721 g. m. Guri Olsdotter Soland (sjå nr. 9). Dei overtek bruket etter Ola Ommundson. 1 pd. sm. eig dei og 2 pd. sm. bygslar dei av Paul Person Hausland og Ånon Gunnarson Finnvik. Det var det gods som Halvar i Bygda åtte i Soland som Paul Hausland bygsla bort. Paul var gift med ei dotter av Halvar.

I 1723 sel Elling Erikson det gods han eig i Soland, 1 pd. sm., med bygsel og odelsrett til jens Sveinson Finnvik. Jens Finnvik åtte då 1 l. sm. i Soland.

Elling Erikson døydde i 1729. Me kjenner til to barn:

a.Erik Ellingson f. 1729 og
b.Elling Ellingson f. 1729.

 

11. Ola Helgeson

får bygselbrev på halvparten ½ l. sm. av dette bruket i 1728 av Jens Finnvik. Men det vart snart krangel mellom eigar og bygselmann om skoghogst og anna. Truleg flytte Ola Helgeson snart bort frå Soland.

 

12. Lars Danielson

g. m. Dorte Persdotter Li (sjå Li nr. 17) bygslar den andre ½ 1. sm. i dette bruket av Jens Finnvik i 1731.

Barn:

a.Åse Larsdtr. f. 1732.
b.Sissel Larsdtr. f. 1735.

Lars Danielson flytter frå Soland ikr. 1735.

 

13. Torgils Jonson

kjøpte Soland 1 l. sm. av Jens Finnvik i 1735. Torgils var kanskje son av Jon Torgilsson Kvaløy i Imsland. Mellom barna hans var Torgils Jonson som tidlegare budde på Nedre Vikedal.

Torgils brukte 1 1. sm. i Soland til han døydde i 1741. Det er skifte etter han 14. jan. 1742. Han let då etter seg barna:

a.Jon Torgilsson
b.Marit Torgilsdtr. d. e.
c.Marit Torgilsdtr. d. y.

 

14. Johannes Olson

Fjetland, f. 1706. (Sjå Fjetland nr. 12 f), vart i 1734 g. m. Marit Torgilsdotter d. e. Han overtek verfaren sitt bruk på Soland. Johannes Olson hadde før vore gift med enka etter Navar Marvik, Kari Ellingsdotter, og hadde då eit bruk i Marvik. Kari Ellingsdotter døydde i 1733, året etter dei var gifte, men Johannes Olson brukte parten i Marvik òg etter han var oppattgift med Marit Soland. Truleg flytte dei inn på Soland etter Torgils Jonson var død.

I 1759 kjøpte Johannes Olson bruket til Anders Andersson Soland (28). Det bruket var på ½ l. sm. Frå den tid eig og brukar han halve Soland, 1 ½ l. sm.

Det er skifte etter Marit Torgilsdotter 6. okt. 1744. Ho let etter seg to barn: Ola og Kari.

Johannes Olson gifte seg oppatt med Valborg Osmundsdotter Hebnes Klovning.

I 1777 er det skifte etter Johannes Olson Soland. Barn i skiftet var:

a. Ola Johannesson f. 1736, g. m. Berta Jonsdtr. Kalvik. (Sjå Kalvik nr. 8).
b. Kari Johannesdtr. f. 1739, g. m. Ola Ellingson Fjetland.
c. Osmund Johannesson f. 1746, bonde Soland.
d. Marta Johannesdtr. f. 1751, g. m. Elling Olson Mehus i Bygda.
e. Johannes Johannesson f. 1758, g.m. enke Kari Bjørnsdtr. Høyvik.

Utanom desse hadde dei barna:

Johannes f. 1749 og
Knut f. 1753,

 som begge døydde som barn.

Valborg Osmundsdotter døydde i 1806, 89 år gamal.

 

15. Osmund Johannesson

f. 1746, overtek bruket 1 ½ 1. sm. i Soland i 1773. Han får skjøte på ½ 1. sm. av faren. Resten var då utpanta og det får han bygselbrev på. Det var Lars Falnes som åtte 2 ½ pd. sm. og enka etter Didrik Dale i Karmsund ½ pd. sm. Osmund var g. m. Siri Knutsdotter Vatland (sjå Vatland 19 d).

Barn:

a.Johannes Osmundson, f. 1780, bonde Soland.
b.Knut Osmundson f. 1783, døydde i 1794.
c.Osmund Osmundson f. 1786, budde Beite u. Marvik.
d.Valborg Osmundsdtr. f. 1776, g. m. skipper Ola  Bjørnson Høyvik, budde lenge i Sildeli u. Vatland.
e.Siri Osmundsdtr. f. 1778, g. m. Gunnar Oddson Kjølvik, busett Vikedalsosen.
f. Anna Osmundsdtr. f. 1789, g. m. Sjur Nilsson Stølen, seinare busett Kalvik.

Osmund Johannesson døydde i 1806, 61 år gamal. Siri Knutsdotter døydde i 1829, 81 år gamal.

 

16. Johannes Osmundson

f. 1780, får i 1806 bygselbrev på 1 1. sm. i Soland av Torgils Larsson Ara som då eig mesteparten av godset etter Lars Falnes og Didrik Dale. I skiftet etter far sin i 1807 får han skjøte på ½ l. sm. I 1836 får han skjøte på 1 pd. 6 m. sm. av Govert Larsson Jøsang, ein annan son av Lars Falnes. Betalte for dette 190 spd.

Dette bruket 1 ½ 1. sm. i Soland fekk i matrikkelen 1838 løpenr. 30 med ei skyld på 4 dl. 15 sk. I 1886 bruksnr. 1.

Johannes Osmundson vart i 1807 g. m. Ingrid Olsdotter Bratland. Barn:

a.Siri Johannesdtr. f. 1809, døydde 15 år gamal.
b.Anna Johannesdtr. f. 1811, g. 1843 m. Rasmus Johannesson Baustad.
c.Osmund Johannesson f. 1814, død same år.
d.Valborg Johannesdtr. f. 1816, døydde same år.
e.Osmund Johannesson f. 1817, bonde Soland.
f.Marta Johannesdtr. f. 1820, g. 1843 m. Ola Sveinson Fjetland.
g.Ola Johannesson f. 1822, bonde på br.nr. 2 av Soland.
h.Johannes Johannesson f. 1825, bonde Li.
i.Siri Johannesdtr. f. 1828, g. 1851 m. Samuel Torbjørnson Marvik.
j.Svale Johannesson f. 1831, g. 1874 m. Kristi Sveinsdtr. Bakkane u. Østhus i Bygda. Budde på Alstveit i Nedstrand.

Johannes Osmundson døydde i 1848, 68 år gamal. Ingrid Olsdotter i 1874, 84 år gamal.

Dette bruket vart delt i 1850. Det som barna etter Torgils Larsson Ara åtte, 1 pd. 18 m. sm., vart skift ut som eige bruk og seld til Ola Johannesson (16 g). Ved ny skyldsetning i 1851 vart skylda 1 dl. 3 ort. I matrikkelen 1886 vart dette bruket br.nr. 2 av Soland av skyld 2 mark 79 øre.

 

17. Osmund Johannesson

f. 1817, fekk skjøte på resten av bruket som nå var på 2 dl. 2 ort 15 sk. Skjøte dat. 4. okt. 1851 og tgl. 22. mai 1852. Folgebrev til mora vart skrive ut både av dette bruk og av br.nr. 2.

Osmund vart i 1851 g. m. Gundla Jakobsdotter Hebnes Oppistov, f. 1821. Barn:

a.Johannes f. 1852, død ugift i 1881.
b.Jakob f. 1854, bonde Soland.
c.Osmund f. 1856, busett Tosteinbø.
d.Ola f. 1859, bonde Marvik.
e.Edvart f. 1863, bonde Marvik.
f.Martin f. 1866, døydde i 1868.

Osmund Johannesson har bruket i matrikkelen 1886. Då får dette bruket bruksnr. 1 av Soland med 4 mark 18 øre i skyld.

 

18. Jakob Osmundson

f. 1854, får i 1891 skjøte av far sin på br.nr. 1 for 4 000 kr. og folga. Jakob Osmundson var g. m. Margrete Vigleiksdotter Soland, f. 1860. Far hennar, Vigleik Nilsson, hadde br.nr. 3 av Soland.

Barn:

a.Gundla Johanna f. 1884.
b.Osmund Martinius f. 1885.
c.Martinius f. 1886, d. som barn.
d.Villats Kornelius f. 1887, død som barn.
e.Johannes f. 1888, busett Stølen u. Marvik.
f.Margrete Nilsine f. 1890, død same år.

Margrete Vigleiksdotter døydde i 1892. I skiftet etter henne 1898 vart verdien av bruket sett til kr. 7 000.

Jakob Osmundson gifte seg oppatt med Sina Ommundsdotter frå Vela i Sand, f. 1872. I 1900 bur dei på bruket og har utanom dei tri barna i første ekteskap i 2. ekteskap barna:

g.Magnus f. 1899.
h.Ola f. 1900.
i.Georg f. 1902.
j.Vilhelm f. 1904.
k.Jakob f. 1906, død 1927.

Osmund Jakobson overtek seinare bruket etter faren. Osmund var norskamerikaner. Han var g. m. Nilla Bertine Rosseid f. 1887.

Bruksnr. 2 av Soland (Kleivane).

Dette bruket vart utskild som eige bruk av br.nr. 1 i 1851. (Sjå Soland nr. 16).

 

19. Ola Johannesson

f. 1822 (16 g), får skjøte på bruket av arvingane etter Torgils Larsson Ara i 1851. I 1851 vart han g. m. Anna Olsdotter Bratland, f. 1830. Det er skifte etter Ola Johannesson i 1873. Han døydde 14. nov. 1872.

Barn:

a.Inger Johanne, f. 1853, g. m. Johannes Samuelson Bratland (sjå nr. 21).
b.Anna Serine f. 1868, g. 1. g. m. Nils Olai Vigleikson Soland. 2. g. m. Gaute Viarson (sjå nr. 37).

Enka Anna Olsdotter gifte seg oppatt med Åge Nilsson.

 

20. Åge Nilsson

f. 1835, son av Nils Vigleikson Vela i Sand, vart 11. nov. 1873 g. m. enka Anna Olsdotter Soland.

Ola Johannesson hadde i 1859 kjøpt halvparten av Lars Eivindson sitt bruk. Bruket var på 3 ort og fekk i 1886 br.nr. 6 av Soland.

Åge Nilsson brukte båe bruka, br.nr. 2 og br.nr. 6, til 1876. Då skjøter han bruka over på stedottera Inger Johanne Olsdotter som då skal gifta seg med Johannes Samuelson Bratland. Kjøpesum 800 spd. og folga rekna i 5 år til 300 spd.

Anna Olsdotter døydde i 1877. Åge Nilsson arvar, forutan sin part i buet, òg ¼ ved testamente. Anna og Åge var barnlause.

I 1900 bur Åge Nilsson som folgemann på br.nr. 2. Han er då oppattgift med Guri Samuelsdotter, f. 1832, dotter til Samuel Bratland.

 

21. Johannes Samuelson

Bratland, f. 1848, overtek br.nr. 2 og 6 då han gifte seg i 1876 med odelsgjenta Inger Johanne Olsdotter Soland.

Inger Johanne vart ikkje gamal. Ho døydde 11. april 1878, 25 år gamal. Ho let då etter seg ein son, Ole Andreas Johannesson, f. 1876.1 skiftet etter henne vart løpe­nr. 31 (br.nr. 2) utlagt sonen for 2 200 kr. Hans arv etter mora var 900 kr. som skulle trekkjast frå kjøpesumen. Enkemannen Johannes Samuelson vart utlagt løpenr. 175 a (br.nr. 6) for 1 000 kr. Faren skulle styra båe bruka til sonen vert vaksen og kunne overta sitt bruk.

Johannes Samuelson kjøper óg løpenr. 173 (br.nr. 4) av Soland. Det var enka etter Truls Gauteson som selde ikr. 1880 (sjå nr. 39). 1 matrikkelen 1886 sat Johan­nes Samuelson som eigar og brukar av br.nr. 2, 4 og 6 av Soland.

Johannes Samuelson g. 2. g. 1878 m. Oline Tjærandsdotter Tosteinbø. Dei bur på bruket i 1900 og har då barna heime:

a. Ole Andreas Johannesson, f. 1876, seinare bonde Soland.
b. Søren Bernhard f. 1879.
c. Inger Johanne f. 1883.
d. Tjærand f. 1886.

I matrikkelen 1906 står Ole Andreas Johannesson som eigar og brukar av br.nr. 2.

Bruksnr. 3 av Soland. (1838 løpenr. 31, 1851 løpenr. 172).

22. Tormod Olson

f. 1604, son av Ola Osmundson Bratland. Mor eller beste­mor hans var truleg den Magla Bratland som er nemnd under nr. 4. Tormod Olson brukte 4 pd. sm. i Soland i 1649. I 1666 brukte han halve garden, 1 ½ 1. sm.

Veit ikkje visst namnet på kona, men ei Tjøn Larsdotter Soland er dølskvinne i 1663 i saka mot Turi Hausland. Ho er truleg kona til Tormod Olson.

Tormod Olson åtte ½ l. sm. i Soland, resten av bruket, 1 l. sm., bygsla han. Han er nemnd som lagrettesmann frå først i 1650 åra til 1673. Barn:

a.Osmund Tormodson f. 1636, busett Kalvik.
b.Lars Tormodson f. 1654.
c.Magla Tormodsdtr. g. m. Gunnar Olson Åserød.

Truleg er og Tormod Tormodson Øvrebø, f. 1630, son av Tormod Olson Soland. Osmund og Tormod Tormodsøner bygslar bruket 1/2 1. sm. i Soland til Ola Olson, sjå nr. 24. Tormod Øvrebø hadde ei dotter som heite Tjøn. Likeeins Johannes Tormodson Åserød kan og vera son av Tormod Soland. Johannes Åserød har og ei dotter kalla Tjøn. Ei søster til Tormod Tormodson Øvrebø heite Birgit Tormodsdotter og var g. m. Adne Håland på Jæren. Ho døydde barnlaus og broren Tormod Øvrebø i Jelsa er tilstades ved skiftet etter henne.

 

23. Gunnar Olson

Åserød, f. ikr. 1657, var g. m. Magla Tormodsdotter Soland. Bruket dei fekk i Soland var truleg berre 1/2 1. sm. Resten av Tormod Olson sitt bruk overtok Ola Tormodson Haug (40).

Det er skifte etter Gunnar Olson i 1683. Han let då etter seg sonen:

a.Tormod Gunnarson f. 1678.

Enka Magla Tormodsdotter gifte seg då med Ola Olson.

 

24. Ola Olson

f. 1650, g. m. enka etter Gunnar Olson, Magla Tormodsdotter, ikr. 1683. Same år får han bygselbrev på ½ l. sm. i Soland av Osmund og Tormod Tormodsøner. Ola Olson brukte ikkje meir enn ½ l. sm.

Magla Tormodsdotter er det skifte etter i 1720. Ho let då etter seg berre den sonen ho hadde med Gunnar Olson,

Tormod Gunnarson.

Ola Olson døydde i 1721.

 

25. Tormod Gunnarson

(23 a) vart i 1702 g. m. Malena Klengsdotter Marvik, f. 1680. Dei budde først i fleire år i Israelsneset u. Høyvik. Til Soland kom dei tru­leg ikkje før i 1720. Tormod Gunnarson døydde i 1721.

Barn:

a.Gunnar Tormodson f. 1702, budde ei tid på Opsal i Vikedal, flytte seinare til Li. (Sjå Li nr. 10).
b.Malena Tormodsdtr. f. 1705, døydde som barn.
c.Kristen Tormodson f. 1707, døydde i 1731.
d.Magla Tormodsdtr. f. 1710, døydde i 1736.
e.Gunhild Tormodsdtr. f. 1713, døydde i 1721.
f.Kleng Tormodson f. 1716, døydde ugift i 1748.
g.Malena Tormodsdtr. f. 1718, g. 1. g. m. Ommund Fjetland, g. 2. g. m. Gaute Olson Bratland.
h.Malena Tormodsdtr. f. 1721.

Det er skifte etter Tormod Gunnarson 16. juni 1721. Enka Malena Klengsdotter gifte seg oppatt med Syvert Anfinnson.

 

26. Syvert Anfinnson

f. 1698, son av Anfinn Knutson Indre Høyvik, gifte seg i 1724 med enka Malena Klengsdotter Soland.

I 1737 kjøper han ½ 1. sm. i Soland av Anders Ellefson Nedre Kvaløy, betalte 40 rd. Syvert brukte då 1 l. sm. i Soland.

Syvert og Malena Soland hadde berre ei dotter,

Berta Syvertsdotter, f. 1725, g. 1746 m. Jon Gjertson.

Syvert Anfinnson let i 1746 versonen Jon Gjertson få halvparten i bruket, ½ 1. sm. Sjølv brukte Syvert sin halvpart til 1760. Då selde han bruket til Lars Halvarson Li. Lars Li brukte ikkje bruket, men selde det att i 1762 til Gaute Olson Bratland.

Syvert Anfinnson døydde i 1773. Malena Klengsdotter i 1763, 85 år gamal.

 

27. Jon Gjertson,

son av Gjert Jonson Tysseland, får skjøte på 2 pd. 3 m. sm. i 1746 då han gifte seg med Berta Syvertsdotter. Han bruka berre ½ l. sm. Resten bruka verfaren.

Jon Gjertson døydde eit par år etter. Ein son hadde dei:

Syvert Jonson, f. 1748.

Ove Fløgstad i Sauda var verje for guten. Syvert døydde i 1758. Enka Brita Syvertsdotter gifte seg oppatt i 1748 med Anders Andersson Askvik, f. 1708.

 

28. Anders Andersson

f. 1708 (sjå Askvik 11 b), vart i 1748 g. m. enka Berta Syvertsdotter og overtek bruket ½ 1. sm. i Soland.

Anders hadde før hatt eit mindre bruk av Askvik og vart i 1746 g. m. Brita Olsdotter Døsja. Ho må vera død straks etter dei var gifte (kyrkjeboka for Jelsa er borte i den tid). Barn:

a.Guri Andersdtr. f. 1748.
b.Anders Andersson f. 1749.
c.Syvert Andersson f. 1750.
d.Malena Andersdtr. f. 1751.
e.Jon Andersson f. 1754.
f.Syvert Andersson f. 1758, død same år.

Anders Andersson Soland døydde i 1765, 57 år gamal. I 1759 selde han bruket sitt til Johannes Olson på br.nr. 1 (sjå nr. 14), dette bruket av br.nr. 3 gjekk då inn i br.nr. 1.

 

29. Gaute Olson

Bratland, f. 1731, var g. m. Malena Tormodsdotter Soland (sjå nr. 25 g). Stefar til Malena, Syvert Anfinnson, sat att med ½ l. sm. i Soland etter at han hadde overlete ½ l. sm. til versonen Jon Gjertson. Syvert selde så bruket til Lars Li som igjen selde til Gaute Olson.

Gaute Olson var son av Ola Gauteson og Ingeborg Sørensdotter Bratland. Då Gaute gifte seg med Malena Tormodsdotter var ho enke etter Ommund Fjetland (sjå Fjetland nr. 23).

Det er skifte etter Gaute Soland i 1804. Kona Malena var død i 1788, 70 år gamal. Barn:

a.Ola Gauteson f. 1750, bonde Soland.
b.Kari Gautesdtr., ho var død i skiftet 1804.
c.Ingeborg Gautesdtr. f. 1755, g. 1. g. m. Lars Kolbeinson, 2. g. m. Lars Rasmusson, busett Refsekra u. Marvik.
d.Malena Gautesdtr., død før 1804, men i ekteskap med Eivind Hellevik let ho etter seg 4 barn.
e.Ragnhild Gautesdtr. g. m. Lars Tormodson Israelsneset.

 

30. Ola Gauteson

f. 1750, får skjøte på ½ l. sm. i Soland i 1790. Han var soldat då han i 1772 gifte seg med Eli Gunnarsdotter Foldøy, f. 1747. Truleg var foreldra arbeidsfolk hjå general Fasting på Foldøy. Ola Gauteson budde på Sand før han i 1790 overtok faren sitt bruk på Soland.

Det er skifte etter Ola Gauteson i 1830. Han let då etter seg enka Eli Gunnarsdotter og barna:

a.Gaute Olson f. 1774, bonde Soland.
b.Guri Olsdtr. f. 1776, død 1814, g. m. Ola Olson Sjøbuhåla.
c.Eli Olsdtr. f. 1784, budde ugift i Kalvik i 1830.
d.Mari Olsdtr. f. 1787, g. m. Torbjørn Olson Hebnes.
e.Ola Olson f. 1790, g. i Stavanger m. Marta Margrete Jonsdotter Ladstein, budde i Stavanger.

Elles var det to barn, Malena f. 1780 og Mari f. 1782, som døydde som spebarn.

Eli Gunnarsdotter døydde i 1832, 81 år gamal.

 

31. Gaute Olson

f. 1774, får skjøte på bruket ½ l. sm. i Soland i 1801. Kjøpesum 160 rd. og folga. Gaute gifte seg 1803 med Jorunn Jonasdotter Nevøy, dotter til Jonas Andersson. Barn:

a.Ola Gauteson f. 1803, bonde Soland.
b.Truls Gauteson f. 1809, bonde Soland.
c.Torborg Gautesdtr. f. 1807, g. m. Viar Oysteinson Fjetland, busett Beita u. Marvik.
d.Eli Gautesdtr. f. 1813.
e.Jorunn Gautesdtr. f. 1818, g. 1846 m. Johannes Andersson Vikeleite i Erfjord.

Gaute Olson døydde to månader etter faren i 1830, 53 år gamal. I skiftet etter han vart jordegodset ½ l. sm. i Soland utlagt sonen Ola Gauteson til innløysning for 250 spd.

Jorunn Jonasdotter døydde 1862, 84 år gamal.

 

32. Ola Gauteson

sat med bruket berre vel eit år. Då selde han til Albert Hermanson Midvik. Ola Gauteson kjøpte att ein part av bruket to år etter. Det nye bruket på 10 m. sm. fekk i 1838 løpenr. 31 b og i 1886 br.nr. 4 av Soland. Sjå br.nr. 4 (Bøen) av Soland.

 

33. Albert Hermanson

f. 1793, frå Midvik i Sand, fekk skjøte av Ola Gauteson på dette bruket i 1832. Kjøpesum 250 spd. og folga til mora Jorunn Jonasdotter.

I 1834 selde han til Ola Gauteson ein part av bruket på 10 m. sm. Det var då att av Albert sitt bruk 1 pd. 2 m. sm. Ved ny matrikkel i 1839 fekk bruket løpenr. 31 a av skyld 4 ort 11 sk.

Albert Hermanson vart 1817 g. m. Brita Larsdotter Israelsneset f. 1793. Barn:

a.Lars Albertson, bonde Soland.
b.Herman Albertson f. 1831, busett Marviksjøen.
c.Marta Albertsdtr., g. m. Eivind Eivindson Soland (48).

Dessutan hadde dei fleire barn den tid dei budde i Midvik og i Åserøddalen som døydde som spebarn.

Albert Hermanson døydde 8. des. 1871, Brita Larsdotter 15. febr. 1872.

 

34. Lars Albertson

fekk skjøte på dette bruket i 1864. Han er den tid kalla jekteskipper og budde i Marviksjøen. I 1863 vart han g. m. Marie Oline Bernsdotter Nagell frå Skjold.

Lars Albertson selde bruket sitt i 1867 til Vigleik Nilsson Vela frå Sand. Lars og Marie Oline flytte då frå Soland. Lars døydde i Vormedal i Avaldsnes i 1913.

Barn fødd på Soland:

a.Albert f. 1863,
b.Agnette Marie f. 1866,
c.Sofie f. 1872.

 

35. Vigleik Nilsson

f. 1829, overtok bruket i Soland 1867. Ikr. 1870 kjøpte han og av Eivind Eivindson løpenr. 174 (br.nr. 5). Frå då av var løpenr. 172 og 174 eit bruk. (I 1886 br.nr. 3 og 5).

Vigleik var g. m. Margrete Nilsdotter, f. 1832 i Jelsa. Barn:

a.Marta Karina f. 1857, g. m. Tjerand Larsson Soland (49).
b.Margrete f. 1860, g. 1881 m. Jakob Osmundson Soland (18).
c.Anna f. 1863, g. m. Torger Bjørnson Hellevik, busett Marviksjøen.
d.Nils Olai f. 1866, bonde Soland.
e.Nils f. 1869, sagmeister Marvik.

I 1900 lever Vigleik og Margrete som folgefolk på bruket.

 

36. Nils Olai Vigleikson

f. 1866, overtok bruket ikr. 1887. Same år g. m. Anna Serina Olsdotter Soland (nr. 19 b). Barn: Anna Oletta f. 1888.

Nils Olai reiste til Amerika og kom ikkje attende. Kona Anna Serina gifte seg oppatt med Gaute Viarson.

 

37. Gaute Viarson

f. 1847 på Beita u. Marvik, son av Viar (Vidar) Øysteinson Fjetland og Torborg Gautesdotter Soland (31 c). Gaute Viarson vart i 1870 g. m. Helene Nilsdotter Sveflåta u. Hamra, ho var då 26 år gamal. Dei budde på Vela der Gaute var sagmeister. Som enkemann gifte han seg med enka Anna Serina Olsdotter Soland.

I 1900 brukar dei br.nr. 3 og 5 av Soland og har då barna heime.

a.Vilhelm Gauteson f. 1871, seinare bonde på Soland.
b.Hanna Gautesdtr. f. 1885.
c.Østen Gauteson f. 1887.
d.Anna Oletta Nilsdtr. f. 1888.

Kjenner elles til barna f. i Sand:

e.Nils Gauteson f. 1874,
f.Nilla Margrete f. 1872,
g.Teodor Gauteson f. 1876.
h. Ellen f. 1883, gift med Sven Haugland frå Varhaug, dei kjøpte seinare dette bruket.

Bruksnr. 4 av Soland (Bøen)

38. Ola Gauteson

f. 1803 (sjå nr. 31 og 32), selde br.nr. 3 (løpenr. 31) i 1832. I 1834 kjøpte han att av bruket eit bruk av 10 m. sm. i skyld. Dette bruket vart kalla Bøen og fekk i 1886 br.nr. 4 av Soland. Ved ny skyld i 1838 vart det sett i 1 ort 17 skilling, i 1886 i 46 øre.

Ola Gauteson vart i 1826 g. m. Jorunn Larsdotter Vågane i Erfjord. Barn:

a.Gunlaug Olsdtr. f. 1827, g. m. skulehaldar Lars Larsson Sagen.
b.Gaute Olson f. 1830, g. m. Ingrid Larsdtr. Natland.
c.Ola Olson f. 1834.
d.Jorunn Olsdtr. f. 1834 (tvilling).

Jorunn Larsdotter Soland døydde i 1870, 80 år gamal.

Ola Gauteson selde Bøen i 1870 til bror sin Truls Gauteson. I 1875 bur han som folgemann og bøkker på Bøen.

 

39. Truls Gauteson

f. 1809 (31 b), vart i 1863 g. m. brordotter si Jorunn Olsdotter (38 d). Truls får skjøte på Bøen av Ola Gauteson i 1870. Kjøpesum 200 spd. Barn:

a.Gaute Trulsson f. 1863.                                               
b.Jorunn Trulsdtr. f. 1866.
c.Johanna Trulsdtr. f. 1868, døydde 1882.
d. Ole Johan Trulsson f. 1872.

Truls Gauteson døydde i 1878. Same året får enka lov til å sitja i uskifta bu etter mannen: «Enken Jorunn Olsdtr. Soland som av pålitelige menn har fått erklæring at hun er en huslig og forstandig kvinne, får lov å sitte i uskiftet bo etter sin avdøde mann Truls Gautesen.» Dat. 13. sept. 1878.

Enka sat med bruket nokre år, men selde så br.nr. 4 (Bøen) til Johannes Samuelson (21) på br.nr. 2, som då slo br.nr. 2, br.nr.6 og br.nr. 4 saman til eit bruk.

Det tredje hovedbruket på Soland var det som Kolbein-ætta seinare brukte. Bruket var på 1 1. sm. og fekk i matrikkelen 1838 løpenr. 32, i matr. 1851 løpenr. 174 og 175, og i matr. 1886 br.nr. 5, 6 og 7.

Bruksnr. 5 av Soland.

40. Ola Tormodson

f. ikr. 1636, son av Tormod Østebø, var g. m. Herborg Josteinsdotter Haug. Dei budde og brukte halvparten av Haug til ikr. 1672 (sjå Haug nr. 6 og 8.)

Ikr. 1672 flytte dei til Soland og overtok bruket der. Det er mesteparten av det bruk som Tormod Olson hadde brukt. Den halve laup som Tormod åtte i bruket fekk dottera, Magla Tormodsdotter g. m. Gunnar Olson, overta (sjå nr. 23). Bruket til Ola Tormodson var på 1 1. sm.

I 1662 åtte Ola Tormodson 18 m. sm. 2 sp. never i Rosseid, 1 1. sm. i Soland, ½ 1. sm. i Bergjord, 2 pd. sm. i Lodhidler, ½ l. sm. i Aksland.

I 1666 er Ola Tormodson oppført på Haug med to søner: Tormod 3 år og Jostein 1/2 år. Jostein er ikkje nemnd i skiftet etter faren, så han er truleg død som barn.

Det er skifte etter Ola Tormodson 13. juni 1697. Han let då etter seg enka Herborg Josteinsdotter og barna:

a.Tormod Olson.                                                            
b.Ola Olson.
c.Anna Olsdtr. g. m. Per Jensson.
d.Magla Olsdtr.
e.Sissel Olsdtr. g. m. Anders Ivarson.

Av jordegods 1 1. sm. i Soland og 1 l. sm. i Aksland. Dei to gutane Tormod og Ola høyrer me lite til. Ein Ola Olson f. på Soland tenar i Hogganvik i 1701 og er då 19 år gamal. Han er mogeleg son av Ola Tormodson. Det kunne nok høva då mora, Herborg, var ein slektning av enka i Hogganvik, Helga Ormsdotter.

Det var døtrene til Ola Tormodson som vart buande på Soland.

Herborg Soland døydde i 1709.

 

41. Per Jensson

vart i 1698 g. m. Anna Olsdotter, eldste dotter til Ola Tormodson (40). Det vart eit kort ekteskap. Per Jensson vart grl. 30. april 1699, 34 år gamal. Enka gifte seg oppatt 20. juni 1700 med Kolbein Eivindson.

 

42. Kolbein Eivindson

f. 1666, vart i 1700 g. m. Anna Olsdtr. Soland. Kvar Kolbein var frå veit me ikkje visst. Men ei søster hans er g. m. Osmund Knutson Mehus i Bygda, ei søster g. på Kalsheim i Nedstrand. Ein Eivind Kolbeinson frå Kolbeinstveit i Suldal budde i Budalen u. Østerhus i Erfjord. Der døydde han i 1700, 72 år gamal. Kanskje han er far til Kolbein Eivindson Soland.

Kolbein Soland vart grl. 17. jan. 1714. Enka brukte garden nokre år til sonen var så vaksen han kunne overta. Barn:

a.Eivind f. 1700, død same år.
b.Marit f. 1701.
c.Herborg f. 1703, død 1707.
d.Eivind f. 1707, bonde Soland.
e. Olaf f. 1710.

Det er mogeleg at enka Anna Olsdotter har teke søster si, Sissel, g. m. Anders Ivarson, inn på bruket sitt frå 1714. Dei bur og brukar ein part iallfall frå den tid.

 

43. Anders Ivarson

frå Hålandsosen vart i 1714 g. m. Sissel Olsdotter Soland (40 e). Dei budde på Soland så lenge Sissel levde og kanskje nokre år lenger. Det må vera bruket til Anna Olsdotter.

Då Sissel Olsdotter døydde i 1721 let ho etter seg to døtre: Marit 7 år og

Herborg 5 år gamal, død 1723.
Ein son Ivar f. 1719 døydde i 1720.

Anders g. 2. g. m. Brita Nilsdotter Breiland i Hjelmeland, dotter til Nils Torson. Truleg flytte dei frå Soland ikr. 1730.

 

44. Eivind Kolbeinson

f. 1707 (42 d), overtek bruket då han i 1731 gifte seg med Anna Olsdotter, truleg dotter til Ola Knutson Fjetland. (Sjå Fjetland 12 g).

I 1731 får han skjøte frå Anders Ivarson på 11 m. sm., frå Marit Andersdotter 11 m. sm., frå Magla Olsdotter (40 d) 18 m. sm. og frå mora Anna Olsdotter 1 pd. 1 m. sm. Truleg er då hans arv 7 m. sm. Tilsaman 1 l. sm. Barn:

a.Anna f. 1731, g. 1764 m. Gudmund Gudmundson Foss i Hjelmeland. (Etter Hjelmelandsboka).
b.Anna d. y. f. 1732, g. 1764 m. Ola Andersson Hebnes.
c.Sissel f. 1735, død ung.
d.Kolbein f. 1738, bonde Soland.
e.Ola f. 1740, g. m. enka Kari Ommundsdtr. Fjetland. (Sjå Fjetland nr. 28).
f.Eivind f. 1744, g. 1. g. m. Ase Gautesdtr. 2. g. m. Malena Gautesdtr. Soland (29 d), busett Hellevik.

Anna Olsdotter Soland døydde i 1758, Eivind Kolbeinson i 1792.

 

45. Kolbein Eivindson

f. 1738, får skjøte på 11. sm. i Soland 2-11-1769. Han gifte seg i 1766 med Brita Olsdotter Hebnes, f. 17+4, dotter til Ola Andersson i Framigard. Barn:

a.Anna f. 1767, g. m. Lars Larsson Kjølviksaga.
b.Eivind f. 1769, bonde Soland.
c.Ola f. 1773, busett Smørdal i Nedstrand.
d.Kolbein f. 1777.
e.Anna f. 1779, g. m. Rasmus Abrahamson Selland i Sand.
f.Brita f. 1783, g. m. Jon Ommundson lsvik u. Marvik.

Kolbein Eivindson døydde 1791. I buet etter han i 1792 vart 1 l. sm. i Soland verdsett til 100 rd. Lausøyra til 100 rd. Brita Olsdotter døydde i 1816.

 

46. Eivind Kolbeinson

f. 1769, får i 1795 skjøte på bruket av mor og søsken for 137 rd. 14 sk. Dansk Curant. I 1799 skriv han ut folgebrev til mor si Brita Olsdotter.

Eivind Kolbeinson var soldat i Det Nationale Regiment då han i 1800 gifte seg med Barbro Larsdotter As i Erfjord. Barbro Larsdotter døydde i 1833, 66 år gamal. I buet etter henne vart 1 l. sm. i Soland vurdert til 375 spd.

Etter vedtak av Eivind Kolbeinson i 1845 skal bruket delast likt mellom dei to sønene hans, Lars og Eivind. Dei får skjøte på bruka i 1848. Lars får etter ny skyldeining i 1838 1 dl. 16 sk. og skal betala 250 spd. og folga. Eivind får 1 dl. 17 sk. for same pris og folga. Barn:

a.Kolbein f. 1800, død same år.
b.Brita f. 1802, g. 1828 m. Svale Sveinson Fjetland.
c.Kolbein f. 1805, død 1806.
d.Lars f. 1808, bonde Soland.
e.Eivind f. 1811, bonde Soland.
f.Siri f. 1815, g. 1843 m. Nils Gudmundson Vatland, budde lsvik u. Marvik.

Eivind Kolbeinson døydde i 1857, 83 år gamal.

 

47. Eivind Eivindson

f. 1811, får skjøte på bruket i 1848. Han vart i 1845 g. m. Marta Albertsdotter Soland (33 c). Eivind sitt bruk får i matrikkelen 1851 løpenr174. Eivind og Marta sat med bruket til ikr. 1870. I skiftet etter verfaren Albert Her manson i 1872 bur dei på Skulestova i Sveio. Bruket i Soland, som i matrikkelen 1886 fekk br.nr. 5, vart seld til Vigleik Nilsson Soland (35). Frå den tid er br.nr. 3 og br.nr. 5 eit bruk.

Barn født på Soland:

a.Eivind f. 1846, død same år.
b.Eivind f. 1847, død same år.
c.Eivind f. 1848, død same år.
d.Bjørn f. 1850, død sarve år.
e.Anders f. 1851.
f.Barbro f. 1853.
g.Berta Ragnhild f. 1858.
h.Østen f. 1861.
i.Edvart Martin f. 1865.

 

48. Lars Eivindson

f. 1808, får skjøte på bruket ½ l. sm. i Soland i 1848 (sjå 46). Bruket fekk i 1851 løpenr. 175.

Lars Eivindson selde omlag halvparten av bruket sitt 1859 til Ola Johannesson Soland (19). Det selde bruk var på 3 ort og vart slege saman med br.nr. 2. I matrikkelen 1886 får dette bruket (3 ort) br.nr. 6 av skyld 1 mark 4 øre.

Det bruk som Lars Eivindson då sat att med var på 2 ort 16 sk. og kalla Sjurflåt. I 1859 fekk det løpenr. 175 b og i 1886 br.nr. 7 av skyld 1 mark 20 øre.

Lars vart i 1836 g. m. Ingrid Tjerandsdotter Skeie i Sand, dotter til Tjerand Torbjørnson.

Lars Eivindson var nokre år forpaktar av prestegarden på Jelsa. Barn:

a.Eivind f. 1837, døydde i 1853.
b.Berta f. 1840.
c.Tjerand f. 1847, bonde Soland.

Ingrid Tjerandsdotter døydde i 1860, 53 år gamal.

Bruksnr. 7 (Sjurflåt).

49. Tjerand Larsson

(48 c) overtok og får skjøte av faren Lars Eivindson i 1882. Bruket fekk i 1886 br.nr. 7 av Soland med 1 mark 20 øre i skyld.

Tjerand vart gift 1878 med Marta Karina Vigleiksdotter Soland (35 a). Barn:

a.Elen Laurentsa f. 1878, g. m. Ludvig Erøen.
b.Vilhelmine Margrete f. 1881.
c.Karen Nilsine f. 1884.
d.Edvart f. 1886, død same år.
e.Tomine Edvartine f. 1888.
f.Edvart Bertinius f. 1890.
g.Nilla f. 1898.

I 1905 vart dette bruket seld til Svein Nilsson Eide og Torger Hauge. Dei står som eigarar i matrikkelen 1906.

Tjerand Soland var kretturhandlar.

Det var ikkje mange husmannsplassar under Soland. Solandsslåtta og Nybøen er nemnde.

 

50. Osmund Osmundson

Soland, f. 1786 (15 c), vart i 1819 g. m. Liva Olsdotter Jårvik Ytre, f. 1794, dotter av Ola Jakobson. Dei busette seg på Solandslåtta som husmannsfolk. Barn:

a.Osmund f. 1820, døydde 31 år gamal.
b.Anne Margrete f. 1822, g. m. enkemann Jakob Jakobson Åserød.
c.Ola f. 1825, ugift i Beita i 1875.
d.Knut f. 1826, g. 1863 m. Marta Oline Olsdtr. Ytre Høyvik, busett der.
e.Siri f. 1829, g. 1877 m. enkemann Elling Johannesson Stølen u. Østhusbygda.
f.Liva f. 1835, ugift i Beita i 1875.

Osmund Osmundson flytte til Beita u. Marvik ikr. 1828. Der døydde han i 1860, 75 år gamal.

 

51. Ola Kristenson

f. 1809, bygsla ein plass kalla Nybøen av Eivind Kolbeinson i 1835. Ola var truleg voksen opp på Soland. Han var son av Kristen Kristenson Fuglestein og Eli Olsdotter Soland (30 c).

Ola Kristenson var gift med Anna Vigleiksdotter Vela, f. 1809. Dei budde einslege på Nybøen i 1875. Då fødde dei på plassen 2 kyr, 1 ungnaut og 10 sauer. Sådde 1 ½ tn. havre og 1 ½ tn. poteter. Ein god husmannsplass.

 

52. Ola Nilsson

Ytre Åserøddalen, f. 1855, bur 1900 på Nybøen, g. 1878 m. Marta Udmundsdotter, f. i Røldal 1849, dotter av Udmund Halvarson. Barn:

a.Gurine f. 1878,
b.Nils Teodor f. 1879,
c.Tomine Maitine f. 1882,
d.Elias Olai f. 1885,
e.Elen Marie f. 1888,
f.Oletta f. 1892.

Ola Nilsson hadde før butt i Åserødholmen.