Garden ligg midt i Refsbygda sydaust av Haug. Innmarka av dei to gardane grenser opp til kvarandre. Skimling ligg lunt til, flat og fin, omkransa av skog i aust og syd.
Frå gamalt var garden halvgard (gard under 2 laup smør) med 5 pd. sm. i skyld. Halvparten 2 ½ pd. sm. var kongsgods, den andre halvparten høyrde til Lunggarden i Bergen.
I designasjonane 1633 over Kongens gods i Ryfylke er Skimling oppført med 5 pd. sm. Kongen eig halvparten og rår med bygsla. Førstebygsla vart sett til 9 rd. for laupa.
I 1660 går kongsgodset over til admiral Ove Gjeddes arvingar. Kongen
skyldte sin admiral så mange pengar at mest alt krongods i Ryfylke vart i
buet etter Ove Gjedde utlagt til arvingane hans. Oberst Fr. Gersdorf, ein
dansk adelsmann, var gift med dotter til Ove Gjedde og overtok mesteparten av
godset hans i Rogaland. Oberst Gersdorf har godset 2 ½ pd. sm. i Skimling i
1687, men selde ikr. 1690 til Hadle Hamra i Erfjord. Hadle Hamra hadde retten
til å setja inn bygselmenn på heile garden.
Andre halvpart 2 ½ pd. sm. i Skimling som Lunggarden i Bergen åtte, eig i 1670 Katrina, enke etter Søren Jenssen i Bergen. Truleg hadde Søren Jenssen vore eigar av Lunggarden. Denne halvpart av Skimling vart i 1687 seld til Ommund Anfinnson Finnvik. Etter han var død gjekk godset over til arvingane hans med Ola Knutson Fjetland som verje. Ola Fjetland var gift med eldste dotter til Ommund Finnvik, Ane Ommundsdtr.
Som før nemnd hadde Hadle Hamra bygselretten, d. v. s. han tok førstebygsla og tredje-tak av garden, men landskylda til den halvpart han ikkje åtte måtte han eller leiglendingen på Skimling betala. Ikkje alltid vart det gjort. I 1696 stemner Ola Fjetland Hadle Hamra inn til tinget for skyldig landskyld av 2 ½ pd. sm. i Skimling. Hadle sto til rest med 5 rd. Dei vart forlikte om at Ola Fjetland skulle få 3 tn. korn og eit nautefoster av Hadle Hamra.
To år etter 10-12-1698 selde Ola Knutson Fjetland godset 2 ½ pd. sm. i Skimling til Hadle Hamra. Det ser då nærmast ut til at Ola Fjetland har løyst inn godset av sine medarvingar. Hadle Larsson Hamra åtte då heile garden Skimling 5 pd. sm.
Då Hadle Hamra var avliden vart godset i Skimling spreid mellom arvingane.
Dotter til Hadle var gift med Per Larsson Røykjenes i Vats. Han var frå
Landsnes. I skiftet er kona avliden og sonen Lars Person arvar dei 26 m. sm. i
Skimling som fall på mor hans. Men Lars Person døydde ugift som matros i
kongens teneste og far hans Per Larsson arva son sin. Han selde dei 26 m. sm.
i Skimling til Kristen Bergeland på Ombo.
I 1731 kjøper Rasmus Laland på jelsaneset garden Skimling: Skjøte frå
Kristen Bergeland på 1 pd. 2 m. sm., frå Ånon Bringedal 16 m. sm., frå
Nils Olson Gismarvik 1 1. 6 m. sm. som Lars Hamra skal gje heimel på hans
vegne, til Rasmus Laland kapt. des armes. Kjøpesumen for alt var 68 rd. 4 m.
Skjøte dat. 2. jan. 1731.
Då Rasmus Laland fall frå gifte enka Brynhild seg med Lars Larsson Barkeland. I buet etter Rasmus hadde ho arva 1 pd. 18 m. sm. i Skimling. Av steson sin kjøpte Lars Barkeland 18 m. sm. i Skimling. Lars Barkeland åtte då halve Skimling 2 ½ pd. sm.
Den andre halvpart av Skimling gjekk til Anders Sveinson Økstra. Anders var gift med dotter til Rasmus Laland. Ho hadde arva i buet etter far sin 1 pd. 2 5/12 m. sm. i Skimling. Av verbror sin Rasmus Rasmusson kjøpte Anders 1 pd. 9 7/12 m. sm. i Skimling for 22 rd. 36 sk. i 1760. Tilsaman åtte Anders Økstra då halve garden Skimling 2 ½ pd. sm.
Arvingane etter Brynhild Barkeland sel det gods dei åtte i Skimling i 1774 til Anders Økstra. Det var 2 pd. sm. for 32 rd. Dei andre 12 m. sm. ( ½ pd.) hadde barna til Anders Økstra arva etter mormor si i same skifte. Då åtte Anders Sveinson Økstra Skimling 5 pd. sm.
Anders Økstra selde Skimling i 1776 til Bjørn Tormodson Bratland for 220 rd. og dessutan skulle han gje leiglendingen Ola Olson eit stovehus og 10 rd. for avstand, den andre leiglendingen Nils Jonson ei sengebu for det same.
Den nye eigar og brukar av Skimling, Bjørn Tormodson, dreiv mykje med
handel og vandel og brukte mykje pengar. Skimling vart pantsett og Jonas Haug
tok utlegg i garden for 700 rd. i 1796. Då Bjørn Skimling litt over 1800
flytte til Marvik bygsla han Skimling bort til verbror sin Jon Kristenson.
Jonas Kristenson Haug overtok pantet i Skimling, og ved auksjonsforretning i
1803 slo han til seg garden for 425 rd.
I skiftet etter Jonas Haug i 1830 fekk dei 4 døtrene på Haug ¼ part kvar i Skimling. (Sjå og Haug nr. 14). Men Skimling var ikkje bygselledig. Lensmann Jon Kristenson hadde bygsla garden på livstid.
Kristen Jonson, son til lensmann Jon Skimling, fekk i 1838 kjøpa den fjerdepart i Skimling som Ingrid Jonasdtr. Røykjenes hadde arva. Betalte 100 spd. for bruket. Bruket vart sett i 4 ort 3 sk. i landskyld og fekk i matr. 1886 br.nr. 2 av Skimling.
Johannes Johannesson Åserød (sjå Haug nr. 15) kjøpte opp dei to andre fjerdepartene. Den første av Siri Jonasdtr. Gammelrød i 1838 for 100 spd. Den andre i buet etter Ingrid Jonasdtr. Tysvær i 1848 for 120 spd. Sjølv hadde han arva med kona si Mari Jonasdtr. ein fjerdepart i Skimling. I 1852 sel han så desse ¾ parter av Skimling til enka etter lensmann Jon Skimling, Margrete Johannesdtr. for 600 spd. Bruket var på 2 dl. 2 ort 9 sk. og fekk i matr. 1886 br.nr. 1 av Skimling.
Ennå ein gong gjekk Skimling br.nr. 1 til auksjon. Det var i 1858. Garden vart då seld til Ola Rasmusson Østerhus og Tjerand Jakobson Moland for 500 spd. Det er vel tvilsomt om desse har brukt garden. Dei selde i 1860 til Lars Larsson Li for 600 spd. Frå den tid er eigar og brukar på garden den same.
Etter matrikkelen frå 1668: Skimling matr.nr. 45, skylder 5 pd. sm. Halvparten de Gjedders og halvparten odelsgods. Sår 4 ½ tn. korn. Før 2 hestar og 22 naut. Kvernstad. Brenneskog til husbehov. Vanskeleg kornjord. Vert sett i: Landskyld 1 ½ 1. sm., leidang 1 bukkskinn og 4 geitskinn, tiende 4 ½ spann, småreidsla 12 sk.
Etter matr.utkastet 1723: Skimling 5 pd. sm. Landlegd (militært). Tung å vinna. Ei bekkekvern. Halvar brukar 2 ½ pd. Sår 3 tn. og haustar 12 tn. korn. Før 1 hest, 8 naut og 12 sauer. Jon det same.
Neste matr. er i 1838. Då brukar lensmann Jon Skimling heile garden. Dei 5 pd. sm. vert ved ny skyldnemning sett til 3 dl. 1 ort 12 sk. Nytt matr.nr. 83.
Etter matr. 1851: Skimling, nytt matr.nr. 68. Løpenr. 162, lensmann Jon Kristensons enke, skyld 2 dl. 2 ort 9 sk. Løpenr. 163, lensmann Kristen Jonson, 4 ort 3 sk.
I førebuinga til ny matrikkel som tok til i 1863 vart Skimling vurdert såleis
Skimling matr.nr. 68 løpenr. 162, eigar Lars Larsson, gl. skyld 2 dl. 2
ort 9 sk. Sår 3 tn. havre og haustar 18 tn. 4 tn. poteter, haustyr 20 tn.
Før 1 hest, 4 kyr, 1 ungnaut og 10 sauer. 12 mål åkerland, 53 mål
engslått. Innmarka vurdert til 320 spd. Tillegg for dyrkningsjord 15 spd.
Frådrag for vanskeleg å koma til 7 spd. Tillegg for lett å bruka 36 spd. Beite
140 spd. Skogen 176 spd. Heile eigedomen vurdert til 680 spd. Framlegg
til ny skyld 1 dl. 112 sk.
Løpenr. 163, eigar enka Anna Kristensdtr., gl. skyld 4 ort 3 sk. Sår 1 ½
tn. havre og haustar 7 tn. 1 ½ tn. poteter og haustar 10 tn. Før 1 hest og 3
kyr. Akerland 5 mål, engslått 26 mål. Innmarka vurdert til 197 spd.
Frådrag for lite eigna dyrkningsjord 22 spd. Frådrag for vanskeleg å koma
til 4 spd. Tillegg for lett åbruka 22 spd. Beite
60 spd. Skogen 88 spd. Vassfall 5 spd. Heile eigedomen vurdert til 345
spd. Framlegg til ny matr.skyld 118 skilling.
Resultatet var matrikkelen av 1886: Skimling gardsnr. 23, bruksnr. 1, Lars Larsson, skyld 2 dl. 2 ort 9 sk., ny skyld 3 mark 34 øre.
Bruksnr. 2, Jon Kristenson, gl. skyld 4 ort 3 sk., ny skyld 1 mark 70 øre.
Matrikkelen av 1906 lik den frå 1886. Tomas L. Fjetland eig då br.nr. 2.
I denne tidbolken var Skimling einmannsbruk. Visstnok vart det nemnd ein oydegardsmann i lensrekneskapen 1617, Stein Skimling, men me finn han ikkje nemnd korkje før eller seinare.
betalar i 1563 1 dl. i skatt.
finn me i lensrekneskapen
for 1602. Han brukar heile Skimli I bortimot 1616. Det året gifte enka etter
Halvar seg med Ånon Steinson.
betalar førstebygsel av 5 pd. sm. i Skimling i 1616, 11 dalar i 1.bygsel: «Fest
Ånon Steensen h pd. sm. i Skimling som Halvar fradøde, og fikk kvinnen a
jen.»
non kom til å sitja på Skimling i mange år. Han bur der i 1649, men
brukar då berre halve garden. I hovedskatten i 1645 brukar han heile garden
og har kona og ei dotter heime.
Det er mogeleg at Stein Skimling som er nemnd husmann eller øydegardsmann i 1617 er far til Ånon som etter han kom til Skimling har teke far sin inn på garden.
I denne tidbolken er det to bruk på Skimling.
får førstebygsel på 2 ½ pd. sm. i Skimling i 1646, «som Ånon for ham opplod.» Han betalte 12 rd. i 1.bygsel. Utan
tvil er Torbjørn gift med dotter til Ånon Steinson. Einaste son deira heite
òg Ånon Torbjørnson.
Torbjørn Skimling er kalla forarma leiglending i 1660 og kan ikkje betala skatten det året. Truleg døydde han i den tida. I lensrekneskapen 1660-61 betalte enka på Skimling tredje års bygsel av garden. I tingboka 1662 er nemnd enka Marita Skimling.
f. ikr. 1634, vart gift med enka Marita
4nonsdtr. Skimling og får bygsla halve garden. Han bur der i 1666 og har
då stesonen Ånon Torbjørnson heime,
15 år gamal.
Ikr. 1670 må Marita Ånonsdtr. vera død og Ånon Nilsson oppattgift med Ragnhild Gautesdtr. Kanskje ei dotter av Gaute Fjetland. Ho bur som enka på Jelsaneset i l706 og har søner fødd på Skimling:
a.Nils Ånonson f. ikr. 1675 og busett på Slåttestøl u. Vågane.
b.Gaute Ånonson f. ikr. 1687.
Ånon Nilsson Skimling døydde ikr. 1695.
Bratland, f. ikr. 1658, har dette bruket av Skimling i 1701. Broren, Halvar
Aslakson, har andre bruket av Skimling. Dei var søner av Aslak Halvarson
Bratland som kanskje var son av Halvar Skimling (nr. 2).
Namnet på kona har me ikkje. Då ho døydde i 1708, 47 år gamal, vart ho kalla Jens Skimlings kvinne. Jens Aslakson flytte truleg frå Skimling same året. Barn me kjenner til:
er komen til Skimling i 1709. Det året vart han kravd for reidegjerd 1 ort
16 skilling. I 1711 bur han på Skimling med kona og eit barn. Same året er Kari
Skimling, Lars' kvinne, gravlagd. Lars er flytt frå Skimling før 1715.
Han er nemnd på sommertinget 1714.
g. 1715 m. Berta Nilsdtr. får
bygsla denne parten av Skimling i 1715. I 1720 får Jon Olson nytt bygselbrev
på stempla papir av Lars Danielson Hamra. Jon Olson døydde i 1755, 77 år
gamal. Berta Nilsdtr. sat med bruket til ho
døydde i 1764, 66 år gamal. Barn:
f. 1715 (nr. 8 a), overtok dette bruket då mora døydde i 1764. Han vart i
1760 g. m. Ingeborg Bårdsdtr. f.
1726, dotter av Bård Erikson Ytre Høyvik. Nils Jonson døydde i 1776,
Ingeborg Bårdsdtr. i 1803. Dei siste åra levde ho hjå dotter si på Li. Barn:
Dette bruket såvelsom andre bruket i Skimling vart i 1776 kjøpt av Bjørn
Tormodson Bratland. Seljar var Anders Økstra.
f. ikr. 1623, bygsla dette bruket i 1650 etter Ånon Steinson (sjå nr. 3):
«Knut Lauritsen har fest uti Skimling
som hans fader fradøde 1 1. sm., gav i førstebygsel 14 dl.» Ånon
Steinson som bur og brukar halvparten av Skimling i 1649 må vera død i 1650.
Når det i lensrekneskapen står at det er etter faren han overtek bruket, er
det truleg feilskriv for verfar. Slike feil finn me fleire av i
lensrekneskapen, om det skal reknast som feil, kona til Knut overtar iallfall
etter far sin.
Knut Larsson bur på Skimling og brukar 2 ½ pd. sm. i 1666. Har då sønene:
Knut Larsson er truleg avliden ikr. 1675-78.
er komen til Skimling på dette bruket ikr. 1678. Han var gift med Berit
Eriksdtr. Soland. Dei levde nærmast som husmannsfolk der i 1666. Men
Berit åtte gods i Soland og hadde seinare bruket. I 1678 makebyter Osmund
Larsson 18 m. sm. i Soland, kona sitt gods, mot 1 pd. sm. i Skimling og
bunestadretten til 2 ½ pd. sm. Det er Ommund Finnvik som eig dette godset i
Skimling. Makebytebrevet er dat. 27. sept. 1678.
Osmund og Berit flytte då til Skimling. Der er det skifte etter båe i 1684. Barn:
I buet er det faste jordegods 1 pd. sm. i Skimling.
har dette bruket, 2 ½ pd. sm. i Skimling, etterpå. Han er komen til
Skimling før 1690. I 1696 døydde han. Enka sat med bruket nokre år etter
han.
Bratland, 47 år i 1701, er komen til Skimling før 1700. Han var bror til
Jens Aslakson på andre bruket av Skimling.
Halvar var gift med Sofie Eriksdtr. Rødne, søster til Johannes Erikson på Vatland (sjå nr. 9) og Markus Erikson på Nevøy. Barn:
er i matr. av 1731 oppført som brukar av 2 ½ pd. sm. i Skimling. Han var
g. m. Berta Halvarsdtr. Skimling. I
1730 tingles han sin bygselsetel på 2 ½ pd. sm. i Skimling bygsla av Nils
Olson (Gismarvik).
Barn fødd på Skimling:
Lenge budde ikkje Henrik og Berta på Skimling.
er brukar på dette bruket i 1745. Han er kanskje bror av Jon Olson som
brukar andre parten av Skimling. Då Ola Olson gifte seg i Vikedal kyrkja i
1743 med Kristi Olsdtr. Rogletveit
er han kalla Ola Olson Skimling. Anten må han då vore dreng på Skimling
eller åg bygsla Skimling alt då.
Dei bur på Skimling i 1758, han er då 50 år og Kristi 43 år. Barn:
Det er skifte etter Ola Olson 15. jan. 1783. Enka Kristi og barna Ola, Ingeborg og Anna lever etter han. Hans bruk var tilliks med andre bruket i Skimling seld i 1776 til Bjørn Tormodson Bratland. Ola Olson skulle ha i avstand 10 rd. og eit stovehus.
Bratland, f.
1748, kjøpte Skimling av Anders Økstra i 1776. Skjøtet dat. og tgl. 20.
juni 1776. Han betalte 220 rd. for garden og dessutan noko til leiglendingane
på Skimling, Nils Jonson og Ola Olson, for at dei skal gje bruka sine frå
seg.
Bjørn var ein virksam mann. I 1794 kjøpte han Rørtveit i Vikedal, 3 laup
smør, selde han att i 1797. Halvparten av Selvik sag u. Kjølvik kjøpte han
i 1798 for 36 rd. I 1805 selde han parten sin i Selvik sag til Cortsen &
søn i Stavanger for 120 rd. Det var ein god handel, men Bjørn Skimling hadde
bruk for mange pengar. Jonas Haug hadde lånt han ialt 902 rd. For desse tok
Jonas i 1796 utleggsforretning i Skimling.
I 1799 kjøpte Bjørn Tormodson halvparten av Marvikgarden og flytte dit. Han set då verbror sin Jon Kristenson inn som leiglending på Skimling. Men Bjørn hadde vanskar med å betala attende det han var Jonas Kristenson skyldig. Jonas kalla verbror Bjørn inn til forlikskommisjonen i 1801. Det Bjørn då skyldte var 458 rd. 3 ort og 12 skilling. Bjørn lova å betala, men makta han ikkje dette skulle Jonas ha rett til å kjøpa Skimling for desse pengane, eller å setja garden til auksjons. Om ikkje auksjonen av Skimling ga så mykje, hadde Jonas rett å krevja Bjørn for det som vanta.
Skimling gjekk til auksjons i 1803. Då garden vart oppropt for skulda var det ingen som baud. Jonas Haug baud då 350 rd. Det ville ikke auksjonarius gå med på, men etter snakk fram og attende vart dei samde om at Jonas skulle gje 425 rd. Dermed gjekk Skimling over til Haugsbonden som åtte han så lenge han levde. Bruka garden kunne han ikkje for bror hans Jon Kristenson hadde bygselbrev som lydde på livstid for han og kona.
Bjørn Tormodson var g. m. Siri Kristensdtr. Haug. Om barna deira sjå Marvik.
Haug, f. 1763 (sjå Haug 13 d), fekk i 1799 bygselbrev på Skimling av
verbror sin Bjørn Tormodson. Då garden vart seld på auksjon i 1803 var
vilkåra for salet at bygselbrevet til Jon Kristenson skulle stå ved lag.
Jon Kristenson vart 4. jan. 1801 g. m. Margrete Johannesdtr. Lovra, f. 1780. Ho var dotter til lensmann Johannes Knutson Lovra. Johannes Lovra var då ein eldre mann og han fekk ordna det slik at versonen Jon Kristenson skulle hjelpa han med lensmannsombodet. I 1810 vart Jon Skimling tilsett som lensmann i Jelsa. Lensmann var han til 1844 då sonen Kristen Jonson vart tilsett som lensmann .Barn:
Jon Kristenson døydde i 1848, skifte 11. nov. s. å. Margrete Johannesdtr.
gifte seg oppatt i 1855 med enkemann Rasmus Olson Sigmundstad, ho var då 75
år, han 67 år. Margrete døydde som folgekona på Skimling i 1869.
Margrete Johannesdtr. hadde som enke i 1852 fått kjøpt dette bruket av Skimling av Johannes Johannesson Marvik (sjå Haug nr. 14 og 15). Bruket var nå tri fjerdeparter av heile garden og hadde ei matrikkelskyld av 2 dl. 2 ort 9 sk. Kjøpesum 600 spd.
Sjå elles innleiinga om Skimling.
Li, f. 1831, vart i 1860 g. m. Dorte
Sofie Kristensdtr. Haug. Same året kjøpte dei Skimling og busette seg
der. Dorte var dotterdotter av Margrete Johannesdtr. Skimling som då kom
til å sitja som folgekona på Skimling.
Lars og Dorte brukte Skimling også etter matrikkelen av 1906. Visstnok
hadde han ikr. 1895 latt sonen Kristian Larsson få garden, men då Kristian
reiste til Amerika tok Lars garden att. Etter matrikkelen av 1886 får dette
bruket br.nr. 1 av Skimling med ei skyld av 3 mark 34 øre. Barn:
(18 h) hadde seinare dette bruket. 1. g. g. m. Jonas Olson Kleppa. Ei
dotter Bertine Jonasdtr. f. 1899, g.
m. Lars Samuelson Torflåt. Jonas Olson reiste til Amerika. Marie Larsdtr. g.
2. g. m. Elling Olaison Sildelid. To barn i annet ekteskap.
f. 1807 (sjå nr. 17 c), kjøpte og fekk utskift dette bruket i 1839.
Bruket var ein fjerdepart av garden Skimling. Det var Johannes Røykjenes g.
m. Ingrid Jonasdtr. Haug (sjå Haug nr. 14 g) som selde denne parten av
Skimling som ho hadde arva i buet etter faren. Bruket vart sett i 4 ort 3
skilling i skyld. Etter matrikkelen av 1886 fekk bruket br.nr. 2 av Skimling
av skyld 1 mark 70 øre. Kjøpesum i 1839 var 100 spd.
Kristen Jonson vart autorisert lensmannsbetjent i 1842, autorisert av amtmann Gunder Aas. I 1844 vart han utnemnd til lensmann etter faren. Lensmann i Jelsa var han til han døydde i 1858. 51 år gamal.
Kristen vart i 1838 g. m. Anna Kristensdtr. Erfjord (søskenbarn). Barn:
I 1875 lever Anna Kristensdtr. som folgeenka på Skimling.
f. 1839, fekk skjøte på Skimling br.nr. 2 i 1869. Kjøpesum 200 spd. og
folga rekna i 5 år til 200 spd.
Jon Skimling vart i 1871 g. m. Anna Nilsdtr. Erfjord, f. 1846, dotter til Nils Kristenson (søskenbarn).
Jon Kristenson og kona flytte seinare til Stavanger. Ein bror av Anna Nilsdtr., Nils Nilsson Erfjord, budde ei tid på Skimling, men reiste til Buøy og busette seg der.
skattar av br.nr. 2 av Skimling nokre år ikr. 1890. Om dei har butt der
eller berre ått bruket kjenner eg ikkje til, men eit barn:
f. 1844 (sjå Vatland 25 f), g. m. Inger
Oline Salmundsdtr. Refsekra u. Marvik, f. 1852, bur på dette bruket frå
1893 og truleg utover til 1906. Salmund var tømmermann og hadde i mange år
butt i Refsekra. Barn:
Fjetland, f. 1863, son av Lars Mikkelson, kjøper br.nr. 2 av Skimling i
1906. Han var gift med Tomine
Rogletveit, Imsland. Barn:
Fjetland, f. 1851, bur her etter manntalet 1900. Han er då kalla gardbrukar og bøkker. Truleg har han ikkje tinglese skjøte, då han ikkje er oppført i matrikkelen 1906.
Paul Salmundson var g. m. Anna Gunnarsdtr. Vassbø u. Vatland, f. 1862. Barn: