Seltveit ligg på Omboheia sørvest under Bandåsen. Garden var på ½ 1.
sm. og har alltid vore einmannsbruk. I den første tid me kjenner til budde
ikkje eigaren på Seltveit, men sette inn lotbrukarar eller leiglendingar.
Jon Jonson Tøtland i Hjelmeland åtte Seltveit i 1617. Men etter ei sak på skipreidetinget i 1622 vart det nemnd at Reidar Bjørnson og Asgaut Nilsson åtte Seltveit i 1575.
Det var Tore Bandeberg og verbror hans Jens Hansson som i 1622 reiste sak mot eigaren av Seltveit, Jon Tøtland. Jon Tøtland hadde ei tid attende fått ein laugmannsdom med tolv menns segl under på at eit utmarksstykke kalla Bandebergslia høyrde Seltveit til. Nå la Tore Bandeberg fram eit pergamentbrev med fire menns segl under som vitna at i året 1575 selde Reidar Bjørnson og Asgaut Nilsson til Sevat Olson på Bandeberg ½ pd. s bol i Seltveit til æveleg odel og eiga for 5 uforfalska dalar og ½ dale i skjøtningsøyre. Markatykke var avgrensa såleis: Frå den djupaste vika i dei store steinar aust for åna, derifrå til merkesteinar i marklia og frå desse merkesteinar til høgaste Eggåsen. Derifrå til Staurbakken og frå Staurbakken til høgaste Seltveitfjellet. Frå Seltveitfjellet etter steingaren som går i lågen. Så skil åna i Skarvassåsen til ho renn ut i eit vatn. Dette og meir til stod i det gamle pergamentbrev.
Men Jon Tøtland stod på sitt at han hadde dom på at Bandebergslia høyrde Seltveit til.
Poul Læth, tidlegare lensherre over Stavanger len, som hadde vore med og dømt lia til Jon Tøtland, var komen til Bandeberg for å gjera greie for domen. Han sa at då dei dømde dette markestykke til å høyra Seltveit til, då vår ikkje desse brev lagt fram. Heller ikkje høyrde korkje han eller dei tolv menn som den tid dømde noko om desse brev. Av dei tolv menn som den gong hadde vore med møtte Ole Sæbø, Kristoffer Byrkje, Tore Breiland, Finn Fevoll, Torbjørn Helland og Ola Skår. Alle desse fylgde med ut i marka og fann steinane som brevet nemnde. Dei fann og den steingaren, eller merke etter han, som brevet omtala.
Etter denne synfaringa talde Poul Læth partane til å inngå forlik med kvarandre, så det ikkje vert trette og pengetap med ein dyr prosess. Partane bad om å få seg tilsendt utskrift av protokollen for dette rettsmøte. Seinare finn me ikkje noko sak om dette, så forlik er truleg kome i stand.
Jon Jonson Vadla arva nok Seltveit etter far sin Jon Tøtland. Dotter til Jon Vadla, Kari Jonsdtr. Foss, arva Seltveit i skiftet etter far sin att. I skiftet etter Kari Jonsdtr. Foss i 1685 var det mykje jordegods å dela. Yngste dotter, Susanne jonsdtr. Foss, var då gift med Ola Rørheim på Ombo, dei fekk utlagt ½ 1. sm. i Seltveit på Ombo som ein lut av sin arv. Rørheimsfolket kom seinare til å bruka garden, og eigar og brukar er frå den tid same mann.
I jordeboka 1617 er matrikkelskylda sett i 4 spann korn. I leidang skulle dei levera eit kalvskinn. Leidangen var elles den same i år 1567.
I 1668 matrikkelen er Seltveit matr.nr. 83 på ½ 1. sm., odelsgods. Sår 2 tn. korn. Før 11 naut og hest. Det er kvernfall på garden. Skog nok til brenne.. Er elles ein fjellgard. Dei verdsett han i landskyld til 2 ½ pd, sm., leidang 2 geitskinn, tiende 2 spann korn, småreidsler 7 skilling.
Etter matr.utkastet 1723 er Seltveit ½ 1. sm. Der er ei bekkekvern. Er tung å vinna. Dei sår 2 tn. korn og haustar 8 tn. Før hest, 8 naut og 12 sauer.
Ny matrikkel 1838. Då får Seltveit matr.nr. 68, løpenr. 171, ny skyld 3 dl. 1 ort 12 sk.
Ny matr. 1851. Seltveit matr.nr. 48, løpenr. 104. Elles som i 1838.
Ny matr. 1886. Seltveit får då gardsnr. 3, ny skyldeining 3 mark 69 øre.
I froståret 1812 hausta Jon Seltveit 16 tn. korn. Men bad om å få 6 tn. av kornmagasinet til såkorn då han meinte det korn som var hausta på garden ikkje var brukande til såkorn.
I 1875 før dei på Seltveit: 1 hest, 6 kyr, 4 ungnaut og 52 sauer, sår 5 1/3 tn. havre og 5 tn. poteter.
I 1835 var det utskiftning mellom Helgeland i Hjelmeland og Seltveit i Jelsa.
er nemnd som brukar 1610-17.
nemnd i 1617.
skattar av garden frå 1617 til 1642. Det siste året er han kalla forarma
øydegardsmann. Enka skattar året etter. Rasmus Seltveit møtte ofte som
lagrettesmann alle dei åra han bruka Seltveit.
er nemnd i tingboka i 1642.
«Peder Seltvedt ved lensmann Henrik Sands stevning hadde innstevnet Mikkel
Berge for han støtte forn Peder Seltvedt i munn og nese med en kjepp så han
blødde.»
med kona bur på Seltveit i 1645, hovedskattemanntalet. I 1649 bur ei enka
på Seltveit. Det er truleg enka etter Torkel.
f. ikr. 1620, bur på Seltveit i 1666. Han har då ein dreng, Per Ormson,
14 år, kanskje ein yngre bror. Kva måte han har bygsla Seltveit på veit me
ikkje, men det må vera på åremål. I 1685 i skiftet på Foss etter Kari
Jonsdtr. står det at Seltveit er bygselledig. Men Jon Ormson set på Seltveit
også i 1701, er då 80 år gamal.
Kona hans døydde i 1706 81 år og Jon Ormson grl. 1720 105 år gamal står det i kyrkjeboka. Men etter manntalet 1666 skulle han vera ikr. 90 år, etter manntalet 1701 ikr. 100 år då han døydde. Det var den tid vanskeleg både for prest og manntalsførar å få rett oppgåva over alderen til folk.
Jon Ormson møtte ofte som lagrettesmann på skipreidetinget.
kom som lotbrukar til Seltveit ikr. 1706. Han hadde tidlegare butt på
Venja og Kvelland i Sjernarøy. Elias var fødd på Ege i Sauda ikr. 1675.
Barn:
Elias Jakobson flytte seinare attende til Venja. I 1758 bur han på Nesheim, er då 80 år og sengeliggjande, har dottera Ragnhild, 50 år, heime hjå seg.
bygslar Seltveit av far sin i 1709. Truleg budde han lite på Seltveit,
Elias Jakobson var lotbrukar på Seltveit I 1711 og truleg endå lenger. Etter
Elias vart andre lotbrukarar sett inn. Jon Olson overtok farsgarden Rørheim
på Ombo i 1718. Han var gift med Berta
Bjørnsdotter Løland på Ombo.
vart grl. i 1725. Truleg har han vore lotbrukar på Seltveit nokre år.
f. på Hestholmen u. Tjul i Sjernarøy ikr. 1704 vart lotbrukar på
Seltveit ikr. 1725. I 1723 vart han gift med Anna Knutsdtr. frå Suldal. Ho
tente i prestegarden på Jelsa i mange år før ho vart gift med Ånon.
Ånon Hansson døydde i 1763. Anna Knutsdtr. i 1764. Me kjenner til barna:
soneson til Halvar Olsen Nårstad og seinare Tjeltveit, var nokre år
lotbrukar på Seltveit. Han var 1. g. g. 1760 m. Malena Rasmusdotter Hausken. Ein son
og ei dotter
Halvar Olson flytte til Helgeland på Ombo. Der vart han 2. g. i 1769 g. m.
Berta Johannesdotter frå Jelsa.
får skjøte på Seltveit av far sin i 1753 (sjå Seltveit nr. 8). Han
flytter truleg til Seltveit ikr. 1765. Då gifter han seg med Ingrid Olsdotter Kdda. Ingrid Olsdtr. Seltveit døydde i 1772 27 år
gl. Ola Jonson gifter seg 2. g. m. Kari
Jonsdotter Østerhus i Hjelmeland i 1774. Første ekteskap var truleg
barnlaust. I annet ekteskap hadde Ola Seltveit barna:
Ola Jonson døydde i 1803 72 år gl. Kari Jonsdtr. i 1807 68 år gl.
f. 1778 får i 1798 skjøte på Seltveit av far sin. Han skal betale 200
rd. og folge. Jon Olson vart g. m. Marta
Kristensdotter Jørstad, dotter av Kristen Håland frå Erfjord. Barn:
Jon Olson døydde i 1861, Marta Kristensdtr. same året 91 år gamal.
f. på Skiftun 1799, mora var Anna jonsdtr. Buer (sjå Buer 11 c), får
skjøte på Seltveit i 1839 av Jon Olson (nr. 13). Han betalte 600 spd. og
folge til seljaren og kona. Jakob Jonasson var gift med Marta Pedersdotter Asheim på Jøseneset f. 1806 død 1867. Då dei
kom til Seltveit hadde dei med seg barna:
Etter dei kom til Seltveit fekk dei barna:
I 1875 bur Jakob som folgemann på Seltveit. Kona Marta Pedersdtr. er då
død. Sonen Ola som er skomakar bur hjå faren. Jakob Jonasson døydde i 1884.
f. 1833 brukar Seltveit i 1875. Han er gift med Kari Olsdtr. Foss frå Hjelmeland f. 1833. Jonas jakobson fekk
først skjøte på garden i skiftet etter .faren i 1885. Kjøpesummen vart då
sett til 3080 kr. Barn: