RØYKJENES, gardsnr. 2.

Grannegarden til Buer mot nord er Røykjenes. Men det ligg uframkomelege urer og fjell mellom gardane, så ein må helst i båt for å vitja grannen på den sida. Mot vest grensar Røykjenes mot småbruket Bandura og Bandeberg. Her er det nok gangsti, men ingen veg som er køyrande. Mot sør reiser Bandåsen seg opp 513 m. o. h og skyggar for sola i vinterhalvåret. Frå gamal tid var det her ein støl, kalla Bandåsen. I 1729 ville futen leggja landskyld på stølen, spør på tinget på Jelsa om det ikkje er så at dei kan beita 16-20 naut der om sommaren. Tingsalmugen svara at det er nok så, men stølen er så ufør og farleg at dei som brukar han jamtover mister 1-2 naut kvar sommar «dem til stor skade»

Mot nord og aust har Røykjenes breide fjorden over mot Jelsalandet. Over denne fjorden måtte dei i alle kyrkjelege handlingar som barnedåp,, bryllaup og gravferd. Ofte var fjorden hard å ro, sjølv om dei nytta åttæringen. Ulukker har hendt utfor Røykjenes.

Men den største faren kom frå fjella under Bandåsen. Gong etter gong gjekk der ras ned gjennom lidene heilt tilsjøs og la meir eller mindre del av den dyrka jorda øyde. I 1733 var det reint ille. Då kom det krav frå eigarar og brukarar av Røykjenes at landskylda på garden måtte setjast ned. 22. oktober 1733 møtte sorenskrivaren og seks lagrettesmenn opp på Røykjenes for å sjå på skaden. Eigarane, Jonas Sandanger og Lars Nåden var innkalla, likeeins brukaren på eine halvparten av Røykjenes, den andre brukaren var alt reist derifrå. Alt var etter rekvisisjon av amtmann justisråd Bendix Christian de Fine, som sjølv møtte opp saman med K. M.s fut Niels Hundt for å vera tilstades ved avtaksforretningen på Røykjenes.

Den eine leiglendingen, Elling Kristenson, var som nemnt reist frå garden grunna den dårlege stilling garden var i «da han for armod og fattigdom de Kgl. skatter og landskylds svarelse ikke kunne prestere.»

«Hvoretter vi alle begav oss på fornevnte gård Røgenes uten og innengjerds for å beskue dens skade der ved fjellskred år etter år er påkommen. Etter slik en besiktelse forefant sorenskriveren og de seks lagrettesmenn at merbemeldte gård er i en slett tilstand for den store skyldsetning, med de mange påkomne fjellskred, som ikke aleneste er skjedd gårdens bø til stor skade, men enn og øyensynlig heretter vil bli stor skade, da det kunne fryktes at samme gård på en kort tid kunne bli øde.

Ellers tilspurte sorenskriveren de fremførte jorddrotter hva bevis de har som eiere til tittmeldte gård Røgenes og hvor meget enhver eiede. Hvortil de svarte at enhver av dem er eier av I løb smår. Nok tilspurte om noen avtaksforretning tilforn er skjedd på denne gård. Dertil de svarte at i deres tid er ingen avtaksforretning skjedd, men foresagt dem av gamle menn, som ennu er i levende live, at for mange år siden er gjort en avtaksforretning for en halv løp smør, men ei av jorddrottene søkt noen approbasjon av hans K. M. Ikke dess mindre så skal oftebemte gård Røgenes ved 1723 nye matrikkelforretning etter Kgl. befal ved de beskikkede kommiterede være avtatt 2 pd. 6 m. smør skyld av hovedgården Røgenes, og derimot pålagt underliggende støl eller sæter kallet Bandåsen ½ 1. sm.

På dette ville oppsitterne såvelsom eierne formene og påstå etter denne gårds slette tilstand med ydmygelig begjær at 2 pund smør måtte denne gård Røgenes avtages, da jorddrottene derimot av oppsitterne av avtaget ei pretenderes noen landskyld.

Velb. herr justisråd og amtmann de Fine tilspurte jorddrottene om de ikke visste å navngi noen andre gårder som de selv er eiere for, hvorpå de anførte 2 pd. sm. kunne være pålagt, på det Hans Mayt i sine intrader ei skulle lide så stor en avgang. Dertil de svarte, nemlig først Lars Nåden, at han ikke noe annet gods er eiende enn denne ene løp sm. her i Røgenes, og Jonas Sandanger, der ikkuns eier imot 3 pd. sm. der er like slett gods som denne gård.

K: M:s fogd referede seg til forinnførte høybemte herr justisråd de Fines innførsel og ellers ikke kunne akkordere de begjærte 2 pd.s avtak med mindre det på andre gårder kunne vorde pålagt.

Forbemte jordrotter tillike med leilendingene begjærte ydmygst av dommeren og meddomsmenn det de ville betenke denne gård Røgenes slette tilstand, som de forhen har tatt i nøyaktig øyensyn, at avtaket i det ringeste måte vorde 2 pd. am.

Hvorpå de begjærte dommerens og meddomsmenns rettsindige skjønsomhet.

Etter alle disse innførsler blev av sorenskriveren og de seks lagrettesmenn således skjønnet med en god og ren samvittighet, at denne gård Røgenes umulig med Bandåsen kan ligge etterdags i høyere skyld, skatt svarelse eller landskyld enn som 1 løp I pund 18 mark smør. Så avtages ved kgl. allernådigste approbasjon I pund 6 mark smør. Da jorddrottene ei nyter noen landskyld mere av deres leilendinger enn av 1 1. 1 pd. 18 m. sm., dog under / : som meldt :/ ved kgl. allernådigst approbasjon.»

Kongen stadfeste dette vedtak ved kgl. resolusjon av 5. april 1734.

År 1767 16. september gjekk det eit nytt stort fjellras over Røykjenes. Under Bandåsen frå Kadladjuvet i sør til Astridhaug i vest gjekk det fleire ras, tjue fire i talet. Aker og eng vart skylja bort. Kornet sto endå ute, så all avling strauk med og flaut ut i sjøen. Det som ikkje rasa tok med seg tilsjøs, vart dekt av stein og grus. Stein og grus låg jamhøgt med husa og store steinar låg inne i husa. Andre hus vart heilt borte. Folket på garden berga seg så godt dei kunne under fjell og hamrar dei såg på som trygge. Einaste dotter til Ola Sveinson fann dei ikkje att, resten av folket kom frå det med livet. Av innmarka var det att berre nokre åker- og engflekkar nedanom husa. Utmarka var like ille medfaren. Det var så uført etter rasa at lagrettesmennene ikkje såg syn på å gå over utmarka. Men det dei såg frå heimehusa var meir enn nok.

Sorenskrivar Barth med seks lagrettesmenn, Gudmund Håland, Ola Jelsa, Lars Jelsa, Knut Jelsa, Tomas Vegner og Lars Barkeland, var på Røykjenes 13. november s. å. for å sjå på skaden og kva som kunne gjerast for å bøta på han. I staden for amtmann Lockmann møtte futen Garmann. Dei to brukarane, Ola Sveinson og Per Henrikson, var tilstades saman med jordeigarane Orm Bergeland og Svein Hausken.

Dei fann ut at garden var så øydelagt at han nærmast måtte kallast utenleg som bustad. Dessutan kunne ein aldri vera trygg for nye fjellras i flaumtidene. Nokon ny plass å byggja nye hus på kunne dei ikkje finna utan kanskje ytst ute på neset der det nå sto nokre små husmannsstover, men der var det så verhardt at det var vanskeleg å setja opp større hus.

Det som nå var att av Røykjenes var berre fjellbeite i Bandåsen. Før kunne dei på Røykjenes fø 10 storkrettur, hest og ein del sauer. Dei sådde 4-5 tn. korn. Nå kom leiglendingane fram og leverte bygselbreva sine attende til eigarane og takka Gud for livet, sjølv om dei nå var i den største fattigdom.

Lagrettesmennene såg på garden og fann ut at det kanskje kunne verta ein brukande husmannsplass, ja kanskje eit lite gardsbruk på ½ l. smør, om då nokon var vågsam nok til å busetja seg der. Dei måtte i så fall byggja nærmare sjøen eller på vestsida av garden i utmarka.

Konklusjonen vart: «At gården Røgenes matr.nr. 32 skyldende 1 1. 1 pd. 18 m. sm. bør utsettes av matrikkelen og derav ingen skatter eller andre utgifter erlegges inntil en eller annen igjen trøster seg til å bygge og bebo samme for sådan leie og skatts erleggelse som kan kjennes billig og lovlig.»

Men eigarane burde for stølen Bandåsen og dei jordflekkar som var att betala i leidang til K : M :s kasse 2 rd. 48 sk. årleg.

Futen, kammerråd Garmann, hadde ingen ting å seia til dette, men ville venta og sjå om nokon ville slå seg ned og byggja og bu på garden.

Først 31. juli 1779 kom kgl. approbasjon på nedsetjing av skylda på Røykjenes til ½ laup smør.

Heilt nedlagt vart garden ikkje. Ola Sveinson var ein gamal mann då dette hende. Han budde på Røykjenes då det første storras kom i 1733. Nå var han mellom 80 og 90 år. Men i futens kassabok står han oppført som brukar 1771-74. Me finn han ikkje grl. i Jelsa., så truleg flytte han ut av sokna. Den andre brukaren, Per Henrikson, flytte ikr. 1769 til Kaltveit. Garden vart rydda på nytt og fekk ved skyldsetningsforretning 1886 4 mark 66 øre i skyld, det svarar til ein vanleg gard i Jelsa.

Røykjenes høyrde til auklandsgodset. I skiftet etter Tollak Aukland i 1522 fekk versonen Olav Sevatson Bandeberg utlagt Bandeberg og Røykjenes som sin arv. Dette skiftebrevet skrive på pergament skal vera på garden Aukland den dag i dag.

I 1617 eig Tore og hans medarvinger 1 pd. 9 m. sm. i Røykjenes. Erik Oie eig 2 pd. 3 m. sm., 8 spd. korn. Denne Tore som her er nemnd er truleg Tore Olson Bandeberg som var i rett line ætta frå Olav Sevatson på Bandeberg.

I 1624 eig oppsitjaren på Røykjenes, Endre Nilsson, saman med bror sin 4 pd. 3 m. i garden. Jon Tøtland av auklandsætta eig ½ l. sm. Det vantar her 9 m. sm. på 2 1. sm. som garden var sett i. Det er mogeleg at Jon Tøtland har kjøpt godset i Røykjenes av Erik Byre. Erik Jakobson Byre var gift med faster hans. Det kan sjå ut som Endre Nilsson har arva godset anten frå far eller mor meddi både han og broren eig godset saman.

Son til Endre Nilsson, Nils Endreson Rosseid, sel eller makebyter det godset dei eig i Røykjenes mot gods i Hetletveit på Ombo til Bjørn Aukland. Bjørn Aukland må ha kjøpt det godset som Jon Tøtland åtte, for seinare eig han heile Røykjenes, 2 1. sm.

I skiftet etter kona til Bjørn Aukland vart Røykjenes utlagt som arv til to søner, Lars og Ola Bjørnsøner, med 1 1. sm. på kvar. Kvar av dei hadde rett til å byggsla bort sin part. På ei synfaring over Vatland og Nårstad i 1683 vart også Røykjenes nemnd. Bjørn, som eig Vatland og Nårstad, seier då at sønene hans Ola og Lars eig Røykjenes som er sett i 2 1. sm., men skulle i grunnen ikkje vore vurdert til meir enn høgst 1 1. sm. Det var vanskeleg å få folk til å bygsla garden.

Godset i Røykjenes som Lars Bjørnson Aukland-Sandanger åtte gjekk ved arv over til son Bjørn Larsson Jelsa. Bjørn selde sin part i 1721 til verbroren Jonas Sandanger og til Lars Knutson Nåden på Finnøy med ½ l. sm. på kvar. Det godset, 1 1. sm., som Ola Bjørnsen åtte er samstundes ved arv gått over til Jonas Oddson Sandanger og Lars Knutson Nåden med ½ 1. sm. på kvar. Jonas Oddson Sandanger og Lars Knutson Nåden selde 2 1. sm. (= avtak 1 pd. 6 m.) i 1738 til Tore Bårdson.

I 1743 sel Tore Bårdson halve Røykjenes til Peder Olson Jørstad, skylda på det bruket var då 2 pd. 9 m., kjøpesum 27 rd. Same året sel han den andre halvparten til bror sin Hans Bårdson. Men året deretter, 1744, sel Hans Bårdson også sin part til Peder Olson Jørstad. Peder Olson Jørstad åtte då heile Røykjenes, men budde aldri der. Peder Olson sel den eine halvpart, den austre, i 1750 til Kristen Gudmundson Bergeland. Den andre halvpart, den vestre, vart i 1766 seld i buet etter Peder Olson Talgje, som han då vart kalla, til Svein Johannesson Hausken for 114 rd. Sorenskrivar Barth skreiv ut skjøtet dat. 31. oktober 1766.

 

Orm Kristenson Bergeland får i arveskiftet etter far sin i 1759 den austre halvpart av Røykjenes i arv. Det var nokre år etter (1767) at det store fjellras gjekk over Røykjenes som la garden øyde. Skylda vart då nedsett til ½ 1. sm. eller 18 m. sm. på kvar av eigarane. I 1782 makebyter Orm til seg dei 18 m. sm. som Svein åtte, mot 1 pd. 6 m. sm. i Helgeland på Ombo.

Son til Orm Bergeland, Johannes Ormson, får i skiftet etter faren Røykjenes, sette inn leiglending der, sjølv sat han på odelsgarden sin Bergeland. I 1807 skjøter han Røykjenes over på ein av dei yngre sønene sine, Johannes Johannesson. Han var då for ung til å overta Røykjenes, men då han vart vaksen busette han seg på Røykjenes og frå då av har eigar og brukar jamt over vore same mannen. Brukarlista vil gje nærmare greie for det.

Etter matr. 1668 er Røykjenes matr.nr. 32, bondegods på 2 laup smør. Sår 6 tn. korn. Før 2 hestar og 16 kyr. Har brenne det dei treng til huset. Ligg under eit høgt fjell og lid ofte skade på åker og eng av fjellskred og vatn. Vert difor ikkje sett høgare enn 1 ½ l.. 18 m. smør i skyld. Leidang 1 bukkskinn og 1 geitskinn. Tiende 6 spann korn. Småreidsla 14 sk.

I sjømilitært manntal frå 1706 er garden sett i 2 1. sm., bondegods. Skal bera utlogene til 1/3 matros. Då er det to brukarar med 1 1. sm. på kvar, og ein husmannsplass.

Etter matr.utkastet av 1723 er det berre ein brukar på Røykjenes. Garden har ein støl, Bandåsen. Tung å vinna. Sår 4 tn. og haustar 26 tn. korn. Før 1 hest, 16 kyr og 18 sauer. Det er i dette matr.utkastet at lagrettesmennene gjer framlegg om å ta av Røykjenes 2 pd. sm. i skyld. Den gong vart det ikkje gjort. For det første avdi dette matrikelutkastet aldri vart nytta, for det andre avdi eigarane ikkje brydde seg om å søkja godkjenning av kongen. Eigarane budde ikkje på garden og hadde lita interesse av avtaket.

Etter fjellraset i 1733 vart skylda sett til 1 1. 1 pd. 18 m. smør. Etter fjellraset i 1767 til ½ 1. sm.

Etter matr. av 1838 med ny skyldeining vart Røykjenes sett i 3 dalar 1 ort og 12 skilling. Matr.nr. 67. I matr. av 1886 med mark og øre som eining vart Røykjenes gardsnr. 2 og sett i 4 mark og 68 øre.

I 1886 er det 3 bruk på Røykjenes.

Br.nr. 1. Øystein Jonson - 1 dl. 3 ort 16 sk. Ny skyld 2,34 mark.

Br.nr. 2. Ola Nereson (Ekra) 4 ort 3 sk. Ny skyld 1,34 mark.

Br.nr. 3. Lars Sjurson 3 ort 17 sk. Ny skyld 1 mark.

I 1875 fødde dei på heile garden 1 hest, 7 kyr, 2 ungnaut og 35 sauer. Sådde 5 tn. havre og 7 tn. poteter.

På husmannsplassen Kuneset fødde dei 2 kyr og 11 sauer, sådde 1 tn. havre og 2 tn. poteter.

16 personar i alt budde då på Røykjenes.

Brukarar.

1. Laurits på Røykjenes

betaler i 1563 skatten med 2 lodd sølv (omlag 1 rd.).

 

2. Erik på Røykjenes

er nemnd i lensrekneskapen frå 1603 til 1606.

 

3. Olav på Røykjenes

kom etter Erik som brukar av Røykjenes. Han budde på Røykjenes til ikring 1620. Lagrettesmann er han nemnd mest på kvart ting frå 1616 til 1620. I 1610 måtte han bøta med 8 rd. til kongens kasse: «Oluf Røgenes for hvis uførm og hjemsøken han have gjort stiffader Jost Hetland forleden sommer udi slottedugna.» Olav Røykjenes må vera son av Ingeborg Jakobsdotter Koll og første mannen hennar Peder Sivertson Hetland i Fister. Ingeborg Jakobsdtr. vart oppattgift med Jost Hetland.

Olav Pederson vart drepen i eit bryllaup i Suldal i 1634, budde då truleg på Fister som han åtte ein part av etter mor si.

Botolfsting 1635: «Ole Hågensen, skomaker, som i et brollup på Kvæstad drepte Ole Pedersen, Fister. Forn. draper Oluff Hanekam skal for sin grove forseelse og drap give en full mannsbot til den dødes næste arvinger, hans etterleverske sengerov etter loven. Og til Ko: Ma: dobbelt bøter formedelst drapet i et hederlig brøllup skeet er

4. Endre Nilsson

f. 1600 er komen til Røykjenes før 1622. Kvar folket hans er frå veit me ikkje, men då Endre saman med bror sin Rasmus eig gods i Røykjenes i 1624, må truleg far eller mor ha ått dette godset i Røykjenes. Det er lite truleg at dei to unge brørne har kjøpt godset saman. Rasmus Nilsson pantar ½ pd. 4 m. av godset i Røykjenes i 1623 til broren Endre for 10 rd. og 5 vaksne verar.

I ung alder møter Endre Røykjenes som domsmann på tinget og i 1631 er han utteken med tri andre til å fara til lagtinget i Stavanger. Siste gongen me ser han oppført som lagrettesmann er på skipreidetinget i 1667. I 1666 selde Endre 1 pd. 4 m. sm. i Røykjenes til Bjørn Aukland. Same år og dato selde Ola Taraldson, Jens Bygden og Tosten N. 32 m. sm. til Bjørn Aukland. Endre var tømmermann og mellom dei store arbeid han utførte var ombyggjinga av Jelsa kyrkje i 1620­30. Elles var han kyrkjeverje og ein vyrd mann i bygda.

Endre Nilsson må ha kjøpt inn meir gods i Røykjenes avdi han som eldre mann kan bygsla bort halve Røykjenes til verson sin. Berre den hadde rett å bygsla bort noko av ein gard som åtte mest i garden.

Me kjenner for visst fire barn til Endre:

a.Nils Endreson som var gift med Oddbjørg (Gudbjørg) Josteinsdtr. Haug i Refsbygda og budde på Rosseid i Imsland, seinare Vatland i Refsbygda.
b.Birgitte Endresdtr., g. m. Ola Taraldsen (5).
c.Ei dotter, g. m. Jens Andersson Østhus i Bygda.
d.Maritta Endresdtr., g. m. dekn Søren Andersson.

 

5. Ola Taraldson

f. ikr. 1638 på Hagali i Hjelmeland, fekk i 1662 bygselbrev på 1 1. sm. i Røykjenes av verfar sin. Det må vera det året han vart gift med Birgitte.

Men så lenge sat dei ikkje i ro på Røykjenes. I 1665 vart han stemnd til tings av verbror sin Nils Rosseid. Saka var den at Nils alt i 1657 hadde fått bygselbrev på 1 1. sm. i Røykjenes av far sin. Nå då Nils var gift til Haug og busette seg på Rosseid har vel faren meint han kunne bygsla bort same laup smør til versonen. Men retten fann at etter loven skulle han som først hadde fått bygselbrev ha retten til jorda.

Nils Endreson kom likevel aldri til å nytta Røykjenes i 1671 får han kjøpa ½ 1. sm. og bunestadretten til Røykjenes av faren for 50 rd. Men i 1677 makebyter han Røykjenes mot Hetletveit, gods mot gods, til Bjørn Aukland.

Ola Taraldson har nok brukt Røykjenes ei tid etter 1665, men flytter ikr. 1670 til Hageli i Hjelmeland og overtok faren sitt bruk der. Barn:

a.Endre Olson, bonde Hagali.
b.Tarald Olson, bonde, Hagali.
c.Åse Olsdtr.

Ola Taraldson lever som enkemann på Hageli i 1701 63 år gl. Sonen Endre er då 36 år.

 

6. Herman Røykjenes

er nemnd i tingboka 1672. Han må det året bøta fordi kona hans kom fortidleg i barselseng. Han må ha bygsla Røykjenes etter Ola Taraldsen.

 

7. Halvar Levardson

f. ikr. 1638 frå Gjesfjell i Årdal bygsla Røykjenes i 1685. Då var det to bruk på Røykjenes med 1 1. sm. på kvar. Det bruket Halvar bygsla var truleg det austre. Barn:

a.Lars Halvarson f. 1688, g. m. Gunhild Pedersdtr. Ramsfjell. Sonen Halvar Larsson budde seinare i Vågane i Erfjord.
b.Tormod Halvarson f. 1691, budde seinare på Igland og Bergeland i Årdal.
c.Marta Halvarsdtr. f. 1685, g. m. Elling Kristensson Laugaland, busett Røykjenes.
d.Ei Elisabet Halvarsdtr. døydde på Røykjenes i 1703. Anten kona eller dotter til Halvar.

Halvar Levardson overlet bruket til versonen og busette seg på Kuneset u. Røykjenes.

 

8. Elling Kristenson

frå Laugaland f. ikr. 1675, overtok 1 1. sm. i Røykjenes då han gifte seg i 1703 med Marta Halvarsdtr.

Elling og Marta hadde mange barn, men dei fleste døydde i barneåra.

a.Kristen f. 1703. Han vart i 1727 g. m. søskenbarnet sitt Guri Olsdtr. Sildelid. Der er skifte etter han i Saga u. Vatland i 1748. Han er då enkemann og barnlaus.
b.Halvar f. 1705 d. s. å.
c.Lisbet f. 1706 d. s. å.
d.Halvar f. 1707 d. s. å.
e.Lisbet f. 1709, d. 1711.
f.Gunhild f. 1714, d. 1732.
g.Lisbet f. 1721, ug. i 1748.
h.Halvar f. 1717, g. m. Randi Oddsdtr. Buer, busett Bakken u. Landsnes, seinare Sponevik u. Bergeland.

Det kan sjå ut som om Elling Kristenson har brukt heile garden ikr. 1720, men det var vanskeleg for han å svara sin skyldnad. I 11 år, frå 1719 til 1730 hadde han ikkje betalt landskyld til eigaren. Likeså vanskeleg var det med Kgl. skattar. I 1733 er han flytt frå garden.

 

9. Tore Bårdson

kjøper heile garden Røykjenes 4 pd. 18 m. sm. i 1738. Han hadde året før bygsla halve garden av Lars Nåden og Jonas Sandanger. Han brukar det austre bruk. Leiglendingen, Ola Sveinson, brukar framleis det vestre bruk. I 1743 sel han det bruket som Ola Sveinsen brukte til Per Olson Jørstad for 27 rd. Den halvpart han sjølv brukte selde han til bror sin, Hans Bårdson.

 

10. Hans Bårdson

får skjøte av bror sin (9) på 2 pd. 9 m. sm. i 1743. Men året etter selde han sin part av Røykjenes til Per Olson Jørstad som nå eig heile garden. Per Olson bruka aldri Røykjenes, Hans Bårdson sat der som leiglending.

Hans Bårdson var g. m. Marta Johannesdtr. 36 år i 1758. Hans var då 38 år. Barn:

a. Bård, 11 år i 1758.
b. Berta, 9 år.
c. Marta, 7 år og
d. Anna, 5 år.

 

11. Bjørn Bårdson

må vera ein tredje bror. Han brukar denne parten frå 1759 til 1762.

 

12. Lars Johannesson

og kona Anna Knutsdtr. brukar Bjørn Bårdsen sitt bruk i 1762-63.

 

13. Per Henrikson

f. 1734, son av Henrik Person Vikestranda og kona Ragnhild Nilsdtr. bygslar denne parten i 1763 av Orm, Bergeland, betalar 4 rd. i l.bygsel.

Per Henrikson vart i 1760 g. m. Sissel Gunnarsdtr., truleg dotter til Gunnar Gauteson Fatnes og Mari Persdtr.

a.Mari Persdtr. f. 1763, g. 1799 m. Jakob Rasmusson Nordnes.
b.Henrik Persen f. 1766, bonde seinare på Kaltveit.
c.Ragnhild Persdtr. f. 1770, budde ug. på Kaltveit i 1801, g. 1805 m. Lars Larsson Grønnevika.
d. Gunnar Person f. ikr. 1771, bonde ei tid på Røykjenes. Per Henrikson flytte seinare til Kaltveit.

Etter det store fjellras over Røykjenes i 1767 har det truleg berre butt ein oppsitjar på Røykjenes, av og til også ingen. Me går difor attende og ser på vestre bruk av Røykjenes.

 

14. Ola Hansson

f. 1655, son av Hans jensson Bandura, bygsla vestre bruk av Røykjenes ikr. 1680. Han var gift med Marta Olsdtr. Skiftun. Marta Røykjenes vart grl. i 1721. I 1723 gifter Ola Hansson seg med Ragnhild Mikkelsdtr. Truleg flytter dei frå Røykjenes straks etter.

 

15. Ola Sveinson

f. ikr. 1678, er komen til Røykjenes ikr. 1725-26. Ola Sveinson vart i 1725 gift med Gudbjørg Nilsdtr. Ho døydde i 1743 og let då etter seg enkemannen og ei dotter, Marta. Ola Sveinson gifte seg då med Berta Bårdsdtr. f. ikr. 1714, truleg søster til brukaren av austre bruk Hans Bårdson. Ei dotter deira,

Gudbjørg, døydde i 1754 9 år gamal.

 I 1758 bur Ola og Berta på Røykjenes, han 80 år gl., ho 44 år. Dei har då to barn heime, Marta 16 år og Svein 9 år gamal. Marta kom bort ved fjellraset i 1767. Ola Sveinson er oppført som brukar på Røykjenes i 1770. Er alderen oppført i 1758 rett, må han då vera over 90 år. Me finn han ikkje etter kyrkjeboka grl. i Jelsa, så han må vera flytt ut or bygda.

Etter storraset i 1767 budde det nok berre ein oppsitjar på Røykjenes.

 

16. Omund Jonson

f. 1750, var frå Sandvin i Odda. (Sjå Rudolf Dreyer: Sukkaætta nr. 257.) Foreldra kom til Jelsa og faren Jon Omundson døydde hjå sonen Omund på Lovernes i 1785 77 år gl. Ein bror av Omund Jonsen, Salomon Jonson, budde på jelsalandet.

Omund Jonson budde i Hjelmelandsvågen då han i 1782 gifte seg med Brønla Pedersdtr. Dei busette seg då på Røykjenes. I 1785 bur dei på Lovernes. I 1792 bur dei i Grønnevik u. Jårvik og i 1801 er dei husmannsfolk i Isvik u. Marvik. Barn.

a.Guri Omundsdtr. f. 1782 på Røykjenes.
b.Anna Omundsdtr. f. 1787 på Lovernes.
c.Jon Omundson f. 1792 i Grønnnevik, budde seinare i lsvik u. Marvik.

 

17. Samuel Andersson

frå Ørnes i Vikedal f. 1754 bygsla Røykjenes etter Omund Jonson. Samuel var 1. gong g. m. Kari Johannesdtr. Haukali, Nedstrand, f. 1754. Då ho døydde gifte han seg med Guri Omundsdtr. Baustad f. 1761. Samuel flytte ofte og budde på ymse stader, først på Haukali og Lia u. Indre Kvam på Nedstrand, kom så til Hapnes der to av barna kom til. Ikring 1790 kom han til Røykjenes og hadde bruket der til ikr. 1800. Frå Røykjenes flytte han til Bogsberget der han døydde ved ulukka 1803. Han skulle skjera torv på ei bergufs ut mot sjøen, glei utfor og datt i sjøen. Då dei fekk han opp var han død. Barn i 1. ekteskap:

a.Alis Samuelsdtr. 24 år i 1803, g. 1807 m. enkemann Jakob Rasmusson Nordnes.
b.Kari Samuelsdtr. 22 år i 1803, g. 1808 m. enkemann Per Olson Eideneset i Sjernarøy. Barn i 2. ekteskap:
c.Omund Samuelson 10 år i 1803.
d.Anders Samuelson 5 år, budde seinare på Jelsaneset (98).
e.Kari Samuelsdtr. 16 år.
f.Siri Samuelsdtr. 14 år og
g.Brita Samuelsdtr. 7 år.

I skiftet etter Samuel er farbror til barna Anders Andersson Romsbotn verje.

 

18. Rasmus Nilsson

f. 1756 i Økstraslotta av foreldre Nils Rasmusson og Barbro Paulsdtr. Då faren vart enkemann gifte han seg med enka på Kunes u. Røykjenes og flytte dit.

Rasmus Nilsson gifte seg i 1785 med Ingrid Mikkelsdotter som då tente på Barkeland. Ho var dotter til Mikkel Mikkelson på Kunes (sjå Kunes 5). Rasmus var matros i Kongens teneste då han gifte seg. Dei budde ei tid i Låvik u. Nådland og i Sponevik u. Bergeland. Då Røykenes vart ledig sette Johannes Bergeland han inn som lotbrukar der. Barn:

a.Siri Rasmusdtr. f. 1785.
b.Anna Rasmusdtr. f. 1791, g. 1817 m. Hans Hansson frå Nedstrand.
c.Nils Rasmusson f. 1794 g. 1819 m. Anna Øysteinsdtr. Bandeberg.
d.Barbro Rasmusdtr. f. 1798, d. s. å.

Rasmus Nilsson flytte truleg til Brakahaugen u. Rørheim. I 1811 gifter han seg som enkemann med Kirsti Mikkelsdotter Bandeberg. Eit barn,

Ingrid, vart døypt i 1814 i Jelsa.

Faren er då kalla Rasmus Nilsson Brakahaugen.

 

19. Gunnar Person

f. 1769, son av Per Henrikson (sjå Røykjenes nr. 13) bygslar Røykjenes etter Rasmus Nilsson. Han var i 1803 g. m. Mette Jonsdotter Vestersjø f. 1778. Dei bruka Røykjenes frå 1804 til 1811. Flytte så til Skiftun. I 1820 flytte dei til Brueland i Høyland og i 1822 til Sunde i Madla. Barn fødd på Røykjenes:

a.Sissel f. 1804.
b.Jon f. 1807.
c.Malena f. 1811.

 

20. Gudmund Person

g. m. Kari Knutsdotter brukar Røykjenes 1812 og 13. I naudåret 1812 gjev han opp 10 tn. korn hausta på Røykjenes. Frå Røykjenes flytte dei til Venjahabn.

Ei dotter, Marta f. på Røykjenes 1813.

 

21. Anders Johannesson

f. 1783, frå Maldal i Sauda, kom til Røykjenes som lotbrukar ikr. 1819. Ei dotter,

Elisabet f. 1820 på Røykjenes. Kari f. 1822 på Buer, då er Anders Johannesson inderst der.

Budde seinare i Rongarvik u. Barkeland. (Sjå Barkeland nr. 50.)

 

22. Johannes Johannesson

f. 1788, son av Johannes Ormson Bergeland, fekk skjote på Røykjenes 31. juli 1807. Han var då 19 år gamal og ugift. Først i 1822 tok han garden i bruk. I 1812 vart han gift med Mallena Johannesdtr. Furre. Dei budde på Bergeland. Malena Johannesdtr. døydde 20. des. 1814 etter ein barnefødsel. To barn let ho etter seg:

a. Marta Johannesdtr. f. 1813, g. 1836 m. Svein Jonson Valheim.
b. Johannes f. 1814, dpt. 3. jan. 1815, g. 1839 m. Sofie jonsdtr. Valheim, budde på Øverland på Nedstrand.

I 1817 gifter Johannes Johannesson seg opptatt med Ingrid Jonasdotter Haug i Refsbygda f. 1795. Med henne hadde han barna:

c. Malena f. 18,18, g. 1843 m. Orm Bergeson Nådland.
d. Johannes f. 1821, d. s. å.
e. Jonas f. 1823, reiste i 1847 til Amerika.
f. Ola f. 1826, d. 1838.
g. Åge f. 1828, g. 1858 m. Randi Johannesdtr. Dalva.
h. Johannes f. 1831.
i. Kristen Eik f. 1835.
j. Ola f. 1840.

Ingrid Jonasdtr. døydde i 1840. Det er skifte etter henne i 1841. Det var enda stor velstand på Røykjenes. Buet var på 1776 spd. 2 ort 18 sk. Enkemannen får utlagt Røykjenes for 750 spd.

Johannes Johannesson gifter seg i 1841 for 3. gong og då med Anna Gudmundsdtr. Skiftun f. 1819. Med henne hadde han barna:

k. Ingrid Johanne f. 1842.
1. Anna f. 1844.
m. Grete Malene f. 1849.
n. Jørgen Malenius f. 1852.
o. Elen Sofie. f. 1855

I 1847 skjøter han Røykjenes over på eldste sonen Johannes Johannesson Øverland for 750 spd. og folga.

I 1859 er det skifte etter folgemann Johannes Johannesson Røykjenes. Buet er insolvent. Av arvingane er berre nemnde dei som har tilgode i buet, det var Johannes Johannesson Øverland, Ola Johannesson Riskedal og Åge Johannesson Øverland.

Enka Anna Gudmundsdtr. døydde på barnseng på Bandeberg i 1860 41 år gamal. Johannes Johannesson Øverland kom aldri til å ta Røykjenes i bruk. Verbror lans, Orm Bergeson, var lotbrukar på Røykjenes frå 1847. I 1854 selde han ein part av garden, Ekra, til Orm Bergeson for 250 spd. Det vart skild ut frå garden og skyldsett til 4 ort 3 sk. I matr. 1886 vart dette br.nr. 2, ny skyld 1 mark 32 øre. Resten, hovedbruket, selde Johannes Johannesson til Jon Bårdson Foss frå Suldal for 500 spd. Johannes Øverland tek med i kontrakten at han skal ha rett til å beita 1 hest og 8 sauer i utmarka om sommaren. Når faren er død og folga på Røykjenes fell bort skal han ha rett til å beita 20 sauer.

 

23. Jon Bårdson

f. 1823 overtek hovedbruket på Røykjenes i 1854. Bruket var på 2 dl. 2 ort 9 sk. I ny matr. 1886 vart det br.nr. 1 av skyld 2 mark 34 øre.

Jon Bårdson var son av Bård Sjurson Foss. Foreldra hadde butt på ymse plassar i Suldal. Av den store barneflokken kom dei fleste til Jelsa anten som jordbrukar eller husmenn. (Sjå Tveita, Bjørnevåg, Bersle u. Lovra, Hausland.) Jon var gift med Astrid Øysteinsdtr. Herabakka. Før dei kom til Røykjenes hadde dei butt i Tyskevik u. Hamra i Erfjord.

Det er skifte etter Astrid Øysteinsdtr. 3. febr. 1874. Då lever desse barna:

a. Øystein Jonson f. 1853, bonde Røykjenes.
b. Brønla Jonsdtr. f. 1851, død 1878.
c. Johanna Jonsdtr. f. 1854.
d. Ola Jonson f. 1856.
e. Marta Jonsdtr. f. 1858.
f. Jakob Jonson f. 1860.
g. Johan Jonson f. 1861 og
h. Astrid Jonsdtr. f. ? ,g. m. Paul Gunnarson Birkeland i Sauda.

Jon Bårdson gifter seg 2. g. m. Magla Serina Olsdtr. Bandeberg, dotter til Ola Bjørnson Bandeberg og Mallin Olsdtr. Magla Serina var 25 år då ho gifte seg i 1874. Med henne hadde Jon barna:

i. Andreas f. 1875, reiste til Amerika.
j. Mallin f. 1876, g. m. Johan Langvik, busatt Buer. (Sjå Buer 19.)

Jon Bårdson døydde 14. nov. 1877. Skifte 19. okt. 1878. I 1875 fødde dei på denne parten av Røykjenes 1 hest, 4 kyr, 2 ungnaut og 16 sauer. Sådde 3 tn. havre og 3 ½ tn. poteter.

 

24. Øystein Jonson

fekk heimel på Røykjenes i skiftet etter far sin i 1878. 2 dl. 2 ort 9 sk. vart utlagt til 3900 kroner. I 1879 sel han eit stykke av bruket sitt til grannen Ola Nerison. Det fråselde vart skyldsett til 3 ort revidert skyld eller 3 ort 17 sk. urevidert skyld. Dette bruket fekk br.nr. 3 av Røykjenes. Det ser ut som om Ola Nerison ikkje har makta løysa det inn, for i 1889 sel Øystein same parten til Lars Sjurson Natland for 2 000 kr. Øystein Jonson bur på Røykjenes i 1900. I matr. 1906 er Øystein oppført som eigar av br.nr. 1 av skyld 2 mark 34 øre. Men i 1900 er det kome til eit br.nr. 4 som må ha gått ut frå br.nr. 1. Truleg er det ikkje tinglest skjøte på br.nr. 4, difor står Øystein oppført i matr.-som eigar av alt.

Øystein Jonsen var gift med Malena Osmundsdotter Tjeltveit f. 1859, dotter av Osmund Nilsson Tjeltveit. I folketellinga 1900 har dei dottera

Aletta, f. 1880,

heime og ein dotterson Osmund Levinson f. 1900.

Br.nr. 2 Ekra.

25. Orm Bergeson

Nådland f. 1816, g. m. Malena Johannesdtr. Røykjenes (sjå nr. 22c) kjøpte dette bruket i 1854 av verbror sin Johannes Øverland. Orm hadde tidlegare frå 1847 styrt verfaren sitt bruk dvs. heile Røykjenes. Til Ekra høyrde visstnok også husmannsplassen Kunes.

I 1865 sel han bruket sitt til Ola Nerison for 400 spd. og flytte til Alveskjær (sjå Alveskjær u. Bergeland).

 

26.Ola Nerison

f. 1836 var son av Neri Olson Knutsvik frå Telemark og Eli Salomonsdtr. Skute, Sjernarøy. Ola Nerison vart i 1862, g. m. Guri Danielsdotter Falkås i Erfjord f. 1844. Barn:

a. Anne Sofie f. 1863.
b. Daniel f. 1865.
c. Nikolai f. 1869.
d. Severin f. 1865.
e. Severing Johan f. 1874.

I 1875 bur dei på Ekra og før då 3 kyr og 19 sauer, sår 2 tn. havre og 3 ½ tn. poteter. Dei fekk utskift ein part av Øystein Jonson sitt bruk i 1879, men kom visstnok ikkje til å overta denne parten (sjå 24). Kanskje handel uten skjøte Ola Nerison døydde i 1884. I 1891 sel enka Guri Danielsdtr. bruket til Hans Andreas Jonasson Kaltveit for 2 500 kr.

 

27. Hans A. Jonasson

f. 1846, son av Jonas Jonasson Kaltveit, overtar Ekra i 1891. Før dei kom til Røykjenes hadde dei ei tid brukt Nådland og Kaltveit. (Sjå Nådland nr. 19.)

 

28. Jonas Hansson

f. 1878 er bonde og sjølveigar på dette bruket i 1900. Han er då ugift, søster hans, Karen Hansdtr. f. 1882, er hushaldar hjå han. Ein bror av Jonas, Sivert Hansson f. 1887, er heime på besøk.

 

Br.nr. 3.

29. Lars Sjurson Natland

f. 1832, g. m. Berta Kristine Rolvsdotter Hålandsosen f. 1850, kjøpte dette bruket i 1889. Bruket var utskift av br.nr. 1 i 1879. Lars Sjurson døydde i 1890 og enka sat med bruket i 1900. Barn som er heime i 1900 er

Marta Larsdtr. f. 1887 og
Rasmus Larsen f. 1888.

Br.nr. 4.

Dette bruket er det ikkje tinglyst skjøte på, men vart i folketellinga 1900 kalla br.nr. 4. Det må vera ein del av Øystein Jonson sitt bruk br.nr. 1, kanskje mesteparten.

 

30. Knut Tosteinson

f. 1857, son av Tostein og Brite Øygarden u. Nordre Knutsvik, bur på dette bruket frå 1880-åra og ut til 1900. Han var gift med Mallin Marie Osmundsdtr. Tjeltveit, søster til Malena Osmundsdtr. kona til Øystein Jonson Røykjenes (sjå nr. 24). Knut og Mallin Marie hadde brukt Tjeltveit nokre år før dei

flytte til Røykjenes. Barn:

a. Osmund Nikolai f. 1882.
b. Tostein Severin f. 1883.
c. Salomon Ananias f. 1885.
d. Berta Johanne f. 1887.
e. Anna Serine f. 1888.
f. Mallin Karoline f. 1890.

Alle fødd på Røykjenes.

 

31. Tostein Tosteinson

f. 1867, bror av Knut Tosteinson (nr. 30), har dette bruket i 1900. Han var gift med Karine Johannesdtr. f. i Hjelmeland i 1866. Barn fødd i Jelsa:

a. Inger Tosteinsdtr. f. 1891.
b. Berta Tosteinsdtr. f. 1893.
c. Tor Tosteinson f. 1895.
d. Serina Tosteinsdtr. f. 1897.
e. Johanna Tosteinsdtr. f. 1899.

Kunes u. Røykjenes.

Kunes var einaste husmannsplass u. Røykjenes. I 1706 er Halvar Levardsen oppført som husmann. (Sjå Røykjenes nr. 7). Truleg har han teke av denne plassen som folgestykke då han let verson sin få Røykjenes. Der var to husmannsstover på Kuneset.

 

1. Kristen Ellingson

Røykjenes f. 1703, (sjå Røykjenes nr. 8) budde på Kunes i 1730-åra. Han var g. m. Guri Olsdtr. Sildeli søskenbarnet sitt. Dei hadde to barn,

Ola og
Ingeborg,

som båe døydde før faren. I skiftet etter Kristen Ellingson i 1748 er han enkemann og barnlaus.

 

2. Jens Hansson

f. ikr. 1728, g. 1. g. 1760 m. Mari Knutsdtr., død 1776, budde før dei flytte til Kuneset på ein plass u. Sandanger. Han gifte seg 2. g. m. Massi Kristiansdtr. i 1776. Då budde han på Kuneset. Det er skifte etter Jens Hanssen i 1788. Då lever barna:

a. Marta Jensdtr. 23 i 1788.
b. Hans Jensson, myndig.
c. Kristian Jensson 6 år og
d. Ingeborg Jensdtr. 2 år. Både Hans og Kristian er oppførte som vanføre 1801.

I 1807 får Hans Jensson 10 rd. av Johannes Ormson Bergeland for rydningsretten Hans hadde etter far sin på Kunes. Han budde då hjå stemor si Massi Kristiansdtr. Hans Jensson døydde i 1822 på Kunes.

 

3. Nils Rasmusson

gifter seg med enka etter Jens Hanssen, Massi Kristiansdtr. Han var enkemann då. Første kona var Barbro Paulsdtr. Dei budde i Ormannsvik u. Landsnes, Barkelandsberget og Tandranes. Då han gifte seg med enka i Kunes flytte han dit. Dei budde i Kunes ei tid, men flytte seinare til Sponevik u. Bergeland. Der bur dei i 1801. Han er då 77 år, ho 52. I skifte etter han i 1801 let han etter seg barna:

a. Rasmus Nilsson 45 år, bonde på Røykjenes.
b. Marta Nilsdtr. 1. g. 1786 m. Sjur Larsson Låvik, død på Barkelandsberget 1786. Marta g. 2. g. 1789 m. Per Larsson.
c. Anna Nilsdtr. g. m. Paul Endreson, skysskaffar på Sandsgård, Nedstrand. d. Barbro Nilsdtr. 12 år, seinare g. m. Kjell jensson Rongarvik.

Enka Massi Kristiansdtr. bur seinare på Kunes.

 

4. Ola Monsson Hatløy

g. 1780 m. Ragnhild Olsdtr. Sandslandet, budde ei kort tid på Kunes, truleg den tid Nils Rasmusson budde på Bergeland. Kjenner til 2 barn:

a. Ola f. 1783 på Bergeland.
b. Brita f. 1785 på Kunes.

Ola Monsson flytte seinare til Sandslandet der han bur i 1801.

 

5. Mikkel Mikkelson

f. ikr. 1734, g. 1761 i Hjelmeland med Anna Danielsdtr. f. ikr. 1735, budde ikr. 1775 på Kunes. Dei hadde tidlegare butt på Søre Knutsvik. Barn:

a. Ingrid f. 1761, g. 1785 m. Rasmus Nilsson (sjå Røykjenes 18).
b. Daniel f. 1764.
c. Anna f. 1767.
d. Mikkel f. 1775.
e. Knut f. 1779. Dei tri første er fødd på Knutsvik, dei to siste på Kunes.

I 1801 bur Mikkel og Anna i Låvik u. Nådland. Anna Låvik døydde i 1814 76 år gl.

 

6. Ola Larsson

Rørheim på Ombo, f. 1770, bygsla Kunes ikr. 1803. I 1804 sette han opp nytt hus på Kunes. Han er kalla sagmester, det må vera på Bandebergsaga han arbeidde. Eigaren av Røykjenes, Johannes Ormson Bergeland, hadde sag i Bandebergselva.

På skipreidetinget 21. okt. 1805 møter Ola Larsson opp for å få tingsvitne på ein redningsdåd utanfor Røykjenes.

«Ole Larsen husmann på Kunes under Røgenes i Jelse skiprede, møtte for retten og tilkjennegav at Ste dage etter siste St. Hansdag var Lars Larsen, omtr. 32 år gammel, som har kone og 2 små barn og er boende tilleie på Sandslandet i Jelse prestegjeld, oppe på gården Bergeland på Ombo. Om formiddagen reiste han derfra alene på en liten båt over fjorden til Jelselandet, ½ mil. Vinden var sydost, altså sto fra den høye ø, og som alltid forenet med kastevind. Da Lars Larsen, på båten med utspendt stort seil, var kommen omtr. ?  mil fra land, kullseilte den ved et vindkast. Det lyktes ham åkomme på kjølen av den hvelvede båt, som neppe kunne holde ham over vannet. Under rop og skrik om hjelp drev han stedse med vinden lenger og lenger fra land. Dette skrik anlediget at komparenten også la merke til faren, tok straks en båt og med den ilende innhentede den kullseilte, som han reddede og brakte levende til lands i sin husbonds Johannes Bergelands båt. Siden rodde komparenten ut på ny og berget båten og seilet. Mot aften reiste den bergede Lars Larsen, etter at blæsten hadde lagt seg, derfra og kom lykkelig hjem til hustru og børn, hvilket gledet disse så meget mere som familien er fattig og høyst trengende. Komparenten fremstillede tillike to øyenvitner ved tildragelsen, enken Massi Kristiansdtr., 56 år som oppholder seg på det plass han bebor, og hans husbonds tjenestepike Alis Samuelsdtr. 24 år, som begge bekreftet dette. Komparenten begjærte tingsvitne sluttet for å innsende samme til det kgl. danske kanselli i håp å nyte den for slik bergning allernådigst lovede premie. Beskrivelsen ble lovet til i morgenaften, uten betaling og på ustemplet papir.»

Ola Larsson vart i 1813 g. m. Mari Levardsdtr. Bjerga dpt. 17. jan. 1790. Barn:

a. Lars Olson f. 1813.
b. Levard Olson f. 1815.
c. Ola Olson f. 1817.

Truleg har Ola Larsson styrt garden Røykjenes for eigaren, då før Johannes Johannesson Bergeland si tid.

 

7.Knut Mikkelson

f. 1779 (sjå Kunes nr. 5e) vart i 1805 gift med Malena Eivindsdtr. Hellevik u. Marvik. Dei får då slå seg ned på Kunes. Barn:

a. Mikkel Knutson f. 1807, d. samme år.
b. Eivind Knutson f. 1809.
c. Anna Malena f. 1812, g. 1834 m. Ola Olson d. y. Sjøbuhåla u. Østhusbygda, budde der.
d. Malena f. 1815.
e. Mikkel f. 1817, døydde i Håla u. Fuglestein 1840.
f. Sissel f. 1820, d. 1830.
g. Knut f. 1823, drukna seg i Økstrafjorden 1846 av ulukkelig kjærleik står det i kyrkjeboka.

Knut Mikkelson døydde i 1867 89 år gl.

 

8. Eivind Knutson

f. 1809 (nr. 7.b.), g. 1836 m. Anna Halvarsdotter Bergeland, dotter til Halvar Kjetilson. Dei budde etterpå i Kunes. Anna døydde berre tre år etter dei var gifte. Ho var då 38 år gamal. Ei dotter,

Grete,

døydde same år eit halvt år gamal, og ei dotter,

Sissel,

døydde i 1842 6 år gamal.

Eivind Knutson gifte seg påny i 1841, då med Marta Øysteinsdotter Fjetland f. 1814. Med henne hadde han barna:

a. Knut f. 1841.
b. Øystein f. 1843, ei tid lærar i Jelsa.
c. Even Andreas f. 1845, budde seinare i Vintervik u. Kjølvik.
d. Eli f. 1849, g. m. Mikkel Larsson Fjelland (33).

I 1875 bur Marta som enke på Kunes. Har då sonen Knut, som er fiskar og skyttar. heime hjå seg, likeeins dottera Eli.