ROMSBOTN, gardsnr. 43.

Romsbotn ligg innst i Økstrafjorden. Elva frå Slåttevatnet er grenselina med Økstra. Det var her både Økstrasaga og Romsbotnsaga låg. Elles grensar Romsbotn i sør mot Tveitarå, mot nordvest til Høyvik, mot aust til Slåttevatnet og mot søraust til Økstrafjorden.

Det har frå gamalt vore god skog i Romsbotn. Då kongens galleiar skulle byggjast i 1625 vart det opplyst at Romsbotn var ein av dei få gardar i Jelsa som hadde brukande eiketømmer. I matr.utkastet 1723 vart det sagt om Romsbotn at der var skog av importaire, d.v.s. skog av verdi. Det var berre Romsbotn og Økstra det vart sagt om. Det vart og i dette matr.utkastet gjort framlegg om å dobla skylda på Romsbotn, frå ½ 1. smør til 1 laup smør. Men då dette matr.utkastet aldri vart nytta, grunna sterk uvilje frå bøndene, vart skylda på Romsbotn framleis ½ 1. sm.

Romsbotn høyrde til Skiftungodset. I 1617 sto Bergitte Skiftun som eigar. Det må vera Bergitte Sevatsdotter, sonedotter av Odd på Fevoll og i 1617 enke etter Olav og Orm på Skiftun. Det kan vera at Romsbotn høyrde til Odd på Fevoll sitt gods, eller og er det ein av mennene til Bergitte som har ått Romsbotn.

Sonen til Bergitte Sevatsdotter, Sevat Olavson som budde på Sandanger i Fister, arva Romsbotn. Sønene hans, Olav og Hans Sevatsøner pantsette Romsbotn til Knut Johannesson Lovra. Verbror deira Tore Person Sandanger var usamd med dei i denne pantsetjinga og stemner Knut Lovra inn for Jelsa skipreideting 2. nov. 1660:

«Tore Pedersøn Sandanger med lensherrens skriftlige stevning hadde i rette citeret Knut Lovra i Jelse skiprede formedelst noe gods, navnlig Romsbotn, som han seg skal ha tilpantet av Oluf og Hans Skiftun, hvilke gods han formener først burde være ham på hans kvinnes vegne, Marita Sandanger, først tilbuden. Item fornevnte Knut Lovre sine pantepenger igjen skal være tilbuden, hvilke han ikke har villet annamme, med samme stevnings videre formeld. Dat. Stavanger Kongsgård den 17. sept. 1660. Dernest fremlagde de et bevillingsbrev av Sevat Olufsen på Sandanger til hans tilkommende måg Tore Pedersøn utgitt, at han må innløse endel av hans utsatte pantegods, såvidt han kan bli mann til åvinne penger, dog alle hans børn tiljevnet samme bo. Dat. den 27. febr. 1622.

Herimot å svare møtte Knut Johannesøn Lovre og fremlagde et vel forseglet og lovlig tinglest brev, dat. den 1. juni 1660, meldende at Oluf og Hans Sevatsønner har pantsatt til Knut Lovre for 113 rd. ½ 1. sm. i Romsbotn, som ham følge skal inntil deres børn og arvinger det igjen for fullt og like innløser. Nok ved en settel som blev fremlagt skulle, foruten Romsbotn, være til løsen i Sandanger 2 1. sm. i Førland i Strand 1 ½ 1. sm. 1. vett korn, i Hovda ½ 1. sm. og i Dalva ½ 1. sm.

Item fremkom begge brødrene som samme gods har henpantet, som nu for retten hjemler Knut Lovre samme pant, og beretter at deres søster og hennes mann har fått fyldest i Sandanger og Håggenvik, så hun ikke er skjedd forkort, men når deres børn kommer til manns, har de det å sake. Med videre deres foregivende.

Blev dennem tilspurt om de deres gods hadde dem lovligen imellemskift, etterdi innførte settel til Tore Sandanger formelder at de skal løse til jevnet.

Er herom således for rette avsagt at fornevnte søsken har deres gods etter loven dem ved dommer og dannemenn lovlig imellem å skifte og ligne, såvel til arv som løsning. Og kommer da Romsbotn den halve løp på søsteren, da bør Knut Lovre annamme sine pantepenge av henne igjen. Hvis ikke skjer, så det blir hos brødrene, består samme pant inntil deres arvinger det etter loven løser, om de ikke selv blir mektig det å innfri. For retten opptellet 113 r d. Knut Lovre til bøden.»

Korleis godset etter Sevat Skiftun (Sandanger) vart skift kjenner eg ikkje til, men Romsbotn høyrde seinare Knut Lovra og hans arvingar til.

Knut Lovra hadde forpaktar eller lotbrukar i Romsbotn, men brukte sjølv sagbruket ved elva frå Slåttevatnet. Dette sagbruket låg slik til at ein stor part av Lovraskogen vart ført tilsjøs ved Romsbotnsaga. I kyrkjebøkene for Jelsa er plassen her ofte kalla Lovrasaga.

Knut Lovra hadde i 1688 gjeve sonen Gudmund gåvebrev på Romsbotn. Gåvebrevet skulle først trø i kraft når foreldra var døde. Gudmund hadde då bygsla Økstra som han seinare kjøpte. Men då han var gift med enka i Hogganvik, Helga Ormsdotter, budde han helst der. Gudmund Knutson døydde i 1697 og då meinte nok faren Knut Lovra at gåvebrevet kunne annulerast. Han bygsla bort Romsbotn i 1697 til dotter si, enka etter lensmann Knut Jørgenson Nessa. Ho, Marita Knutsdotter, skulle derimot vera sine foreldres alderdoms trøst, står det i bygselbrevet. Men enka Helga Ormsdotter i Hogganvik protesterte på dette bygselbrevet og meinte gåvebrevet til den avlidne mannen hennar burde stå ved makt og sal. Gudmunds barn nyte Romsbotn.

Sålenge Knut Lovra og kona levde vart det ikkje gjort meir med dette bygselbrevet. Men då han døydde i 1703 kom saka oppatt på arveskiftet. Saka gjekk i fleire år og først 20. mai 1710 kom dette vedtaket:

«Angående den gård -og jord Romsbotn, da skal sal. Gudmund Knutsens børn og arvinger heretter nyte og til fullkomenm odel og eiendom beholde forommelte gård Romsbotn med all dens tilliggende herlighet i alle måter til bruk og benyttelse uti deres arvelodd, alt etter sal. Knut Lovres utgitte brevs formeld upåtalt i alle måter. Hvorpå Helga Hoggenvik nu for retten blev levert hva breve og adkomster som var og er for Romsbotn.

Belangende husene på Romsbotn, da som de befinnes meget brøstfeldig og etter forening på lagt 20 rd., så har hver søster, navnlig Brønnille sal. hr. Jonas' og Marita Knutsdotter Lovre, å svare og betale deres sal. broder Gudmund Hoggenviks børn hver 5 rd. som er 10 rd. De øvrige 10 rd. dekorterer de på deres egen anpart.

Angående den rette ordinære kjørselvei fra Lovre og tilsjøs i Romsbotn, da forbliver den uforment som av arilds tid vært har, dog så at derved ikke skjer noen skade, fortræd eller innpass på Rombotns eller dets underliggendes husmannsplassens tilhørende aker og eng, men allenest ved den ordinære gamle sjøvei, og det i sine rette tider om året.»

Denne semja er underskriven av Valentin Bølgeson Talgø som laugverje for Brønnille sal. hr. Jonas', Jakob Olson Bjerring på vegne av kona si Marita Knutsdotter. Son hennar Johannes Knutson skriv og under.

Då son til Gudmund Knutson, Knut Gudmundson, var såpass gamal at han kunne ta arven etter far sin, fall Økstra og Romsbotn på hans arvelut. Elles brukte han aldri Økstra, men det er mogleg han ei stutt tid brukte Romsbotn. Når han oppheld seg i Okstrafjorden ser det helst ut til at han budde i Krossvik u. Romsbotn. Der står skiftet etter kona hans og seinare etter han sjølv. Som regel vart han kalla Knut Lund og budde mesteparten av si tid på Lund i Sjernarøy.

Knut Gudmundson monne ha sett opp nye hus i Romsbotn. Då han i 1720 pantsette Romsbotn til sersjant Rasmus Laland på Jelsa står det at både dei gamle og nye hus i Romsbotn fylgjer med i pantet.

I buet etter Knut Gudmundson i 1730 vart Romsbotn seld til pastor Mons Blix på Jelsa. Kjøpesum 140 rd. Mons Blix døydde i 1740 og på auksjonen etter han i 1741 kjøpte far hans, den gamle prost Mentz Blix på Jelsa Romsbotn med halvparten av saga som dei då hadde saman med Økstra. Men same dato skjøtte han alt saman over til assessor Jan von der Lippe i Bergen.

Jan v. d. Lippe sat som eigar av Romsbotn og Økstra (som han og hadde kjøpt) til 1747. Då selde han Romsbotn og Økstra til Anders Sveinson Fister. Skjøtet dat. 30. 10. 1747 og tgl. 1. 7. 1748. Anders Sveinson er ættfar til dei som seinare budde i Romsbotn og Økstra. Men Romsbotn vart og seinare forpakta bort til andre for stuttare eller lenger tid:

Frå andre halvdel av 1700 talet var det elles ofte at når eldste son i Økstra gifte seg busette han seg i Romsbotn og brukte garden til han overtok Økstra, men som regel var han eigar av Romsbotn og. Men i 1878 gav Per Gudmundson Økstra yngste son sin Anders Person Romsbotn til odel og eiga.

            Matrikkelen 1668: Romsbotn matr.nr. 81, 1 ½ 1. sm. odels. Sår 2 tn. korn. Før hest og 8 naut. Tømmer og brenneskog og kvernhus til husbehov. Til garden høyrer ei flaumsag der dei kan, etter som det vert sagt, årleg skjera 3-4 tusen bord. Elles lid jorda av fjellskred som legg åker og eng øyde. Difor vert garden framleis sett i : Landskyld ½ 1. sm., leidang 6 kalvskinn, tiende 2 spn. korn, småreidsla 4 skilling.

            Etter matr.utkastet frå 1723: Romsbotn ½ 1. sm. Sjølegd (militært). To husmannsplassar Krossvik og Saga. Har skog av importaire (verdi). Ei flaumsag og eit uvisst fiskeri. Tung å vinna. Knut sår 3 ½ tn. og haustar 12 tn. korn. Før hest, 7 naut og 12 sauer. Rasmus Krossvik sår ½ tn. og haustar 3 ½ tn. korn. Før 2 naut og 6 sauer. Sebjørn Saga sår ½ tn. og haustar 3 tn. korn. Før 2 naut og 6 sauer.

Etter denne matrikkelen vart det gjort framlegg om å setja skogen i Romsbotn til ½ 1. sm. Heile garden såleis i 1 laup smør. Men dette matr.utkastet vart aldri nytta.

Desse 2 husmannsplassane i Romsbotn, Krossvik og Saga, vart i 1734 skyldsett til 3 mark smør kvar:

«Den 21. ditto var vi og med sist anførte lagrette forsamlet på plassen Krossviken liggende under hovedgården Romsbotn der skylder ½ 1. sm. Det er en måtelig gård og det meste av skogen oppbrent for noen år siden. Eieren

av gården var tilstede, såvelsom husmannen Peder Aslagsen der blev tilspurt hvormeget han kan føde, så og avle på bemelte plass. På dette han svarte at han kan føde de 1 ko og 2 gjeldbester samt 4-6 får. Så 1 tn. havre og avle 5 tn. Deretter begav vi oss å granske samme plass ut- og innmark, som vi forefant å være i sig selv så riktig som han, nemlig husmannen, for oss forhen angivet har, så vi kan ikke med en ren samvittighet koste dette plass i høyere skyld enn 3 mark smør.

Samme dag var vi og på plasset Sagen under bemelte gård Romsbotn, hvor vi forefant det selvsamme i alle måter som på Krossviken, hvorfor det i like måte bør ansees til skatts svarelse 3 mark smør.»

Desse to plassane fekk matr.nr. 102 og 103.

            Matr. 1838: Romsbotn matr.nr. 81, 1½2 laup smør og Krossvik matr. nr. 102, 3 mark smør, får nå samla matr.nr. 34. Smørskylda omgjort til 2 dl. 3 ort 11 skilling. Saga matr.nr. 103 får nytt matr.nr. 35 og skylda sett til 3 ort 3 skilling. Løpenr. på bruka var 103, 104, 105.

            Matr. 1851: Romsbotn m. Krossvik nytt matr.nr. 13, løpenr. 16 og 17. Saga nytt matr.nr. 14, løpenr. 18. Skylda den same som i 1838.

I førebuinga til ny matrikkel som tok til i 1863 vart Romsbotn vurdert såleis:

            Romsbotn matr.nr. 13 og 14, løpenr. 16, 17 og 18. Eigar Per Gudmundson, gl. skyld 3 dl. 1 ort 14 skilling. Sår 3 tn. havre og haustar 12 tn. 2 tn. poteter, haustar 10 tn. Før hest, 5 kyr. 1 ungnaut og 20 sauer. På husmannsplassane sår dei 3 tn. havre og haustar 17 tn. 2 ½ tn. poteter og haustar 15 tn. Før 5 naut og 30 sauer. På garden er det 10 mål åkerland, 30 mål engslått. Innmarka vurdert til 328 spd. Tillegg for dyrkningsjord 20 spd. Husmannsplassane som var på 22 mål vart vurdert til 196 spd. Frådrag for vanskeleg å koma til 35 spd. Frådrag for tung åvinna 36 spd. Beite vurdert til 170 spd. Skogen til 460 spd. Vassfall til 35 spd. Heile garden vurdert til 1 135 spd. Framlegg til ny matr. 3 dl. 27 skill.

            Resultatet var matr. av 1886: Romsbotn med Krossvik og Saga samla til eit gardsnr. 43. Skylda etter ny skyldeining til 6 mark 2 øre. I matr. frå 1906 det same.

Brukarar.

1. Olav i Romsbotn

skattar av garden frå 1606 til 1617. I 1624 vart enka Marita Romsbotn fritatt for skatt for armod skuld. I 1629 skattar og enka.

 

2. Ivar Romsbotn

er komen til Romsbotn før 1633. I lensreknskapen er han alle år fram til 1642 oppført som forarma øydegardsmann. (Øydegard er gard under 1 1. sm. i skyld.)

 

3. Rasmus Ingebretson

kom som brukar til Romsbotn før 1645. I manntalet 1666 er han 55 år og har sønene

a.Ingebret, 17 år gamal, seinare g. m. Anna Mikkelsdtr. Træ u. Høyvik der han bur i 1701.
b.Nils, 10 år, i 1681 får han kgl. løyve til å gifte seg med tremenningen sin Ingeborg Øysteinsdtr. Østhus i Bygda, dei budde i Eskedalen u. Fuglestein.
c.Rasmus, 7 år, budde seinare i Krossvik u. Romsbotn.

Dette manntalet såvel som manntalet 1701 er militære manntal og berre mannspersoner tekne med.

 

4. Knut Bjørnson

f. ikr. 1666 i Suldal, bygsla Romsbotn ikr. 1700. Det året vart han gift med Anna Laugesdotter, dotter av Lauge Steinson Jelsa og kona Liva Olsdtr. Kjølvik.

Knut og Anna hadde barna:

a.Bjørn f. 1700, g. 1735 m. Ragnhild Isaksdtr.
b.Ola f. 1703, g. 1732 m. Guro Omundsdtr., budde i Grønnvik u. prestegardsNådland (sjå der nr. 5).
c.Lauge f. 1707, d. 1709.
d.Liva f. 1711.

Knut Bjørnson døydde i 1730.

 

5. Knut Gudmundson,

son av Gudmund Knutson Lovra Hogganvik, arva Romsbotn etter far sin. Truleg brukte han Romsbotn ei tid mellom 1720 og 1730. Elles er han helst kalla Knut Lund og budde på Lund i Sjernarøy. Når han vitja eigedomane sine i Økstrafjorden budde han helst i Krossvik. Der er det skifte etter 1. kona og etter han sjølv.

Knut Gudmundson var 1. g. m. Dorte Jakobsdotter Falk. Ho hadde ein son då:

Ulrik Tømmermann.

 Med Knut hadde ho sonen

Isak f. 1716. Han kalla seg Isak Knutson Falk og døydde i Romsbotn i 1771 ugift.

Det er skifte etter Dorte Jakobsdotter Falk i Krossvik i 1722.

Knut Gudmundson g. 2. m. Marita Ovesdotter. Med henne hadde han ei dotter:

Dorte Helene Knutsdtr. f. 1724. Ho døydde ugift hjå søskenbarnet sitt Faltin Tornson Aubø i 1772.

Knut Gudmundson døydde i Krossvik i 1730. Er då kalla Knut Romsbotn. Eiga i buet var 529 spd. I buet etter han vart Romsbotn seld til pastor Mons Blix på Jelsa.

 

6. Lars Bjørnson

Erøy f. 1717, son av Bjørn Johannesson Erøy, bygsla Romsbotn ikr. 1740. Han var gift med Kari Olsdotter, Grønnevik, visstnok dotter av Ola Knutson Grønnevik frå Romsbotn (sjå 46). Lars Bjørnson døydde eit par år etter dei var gifte. Skiftet står i Romsbotn i 1744. Utanom enka Kari Olsdotter let han då etter seg ei dotter a. Brita Larsdtr. Visstnok ho som i 1768 vart gift med Tore Halvarson Saga. I 1744 er Jens Erøy verje for Brita. Enka Kari vart oppattgift med Osmund Person.

 

7. Osmund Person

f. ikr. 1718, g. m. enka Kari Olsdotter, brukar Romsbotn etterpå.

Barn:

a.Lars f. 1745.
b.Ola f. 1750, busett Ytre Åserød (sjå Ytre Åserød nr. 15).
c.Eldri f. 1753.
d.Osmund f. 1758, busett Ytre Høyvik (sjå der nr. 11).
e.Kari f. 1761.

Osmund Person er oppført som brukar i Romsbotn til 1791. Kan ikkje finna dei grl. i Jelsa, så truleg er dei flytt ut av sokna.

 

8. Anders Anderson

f. 1764 på Kalhagen u. prestegarden Nedre Hallingstad i Vikedal, forpakta Romsbotn ikr. 1794. Han er alltid kalla lotbrukar i Romsbotn. Anders var g. m. Malena Osmundsdotter f. 1745, truleg frå Skikilstrand i Vats, meddi eldste bror hennar er bonde der.

Anders og Malena brukte Romsbotn i omlag 29 år. Dei døydde båe i Romsbotn i 1823, ho 17. april, han 20. mai. Dei var barnlause.

 

9. Bjørn Anderson

Økstra f. 1773, får i 1797 skjøte av far sin Anders Sveinson på Romsbotn. Det var vel meininga han skulle busetja seg der for godt. Men då broren Rasmus Anderson overtok farsgarden Økstra fekk Bjørn overta den part av Fuglestein som broren tidlegare hadde brukt. Rasmus Anderson får då og skjøte på Romsbotn. Om Bjørn Anderson sjå Fuglestein.

 

10. Anders Rasmusson

Økstra f. 1803, arva mesteparten av Romsbotn etter mor si i 1807 og far sin i 1829. Han vart i 1826 g. m. Kari Bjørnsdotter Fuglestein, søskenbarnet sitt, dei busette seg i Romsbotn og budde der til han i 1830 overtok Økstra. Barn:

a. Rasmus f. 1827 i Romsbotn, død i ungdomen.
b. Anna f. 1830, seinare g. m. Per Gudmundson Håland.

 

11. Lars Ivarsson

f. 1797 i Kuvik i Sand, son av Ivar Rasmusson Kuvik, får i 1836 forpaktningskontrakt på Romsbotn av Anders Rasmusson Økstra. Men han hadde bruka Romsbotn frå 1830.

Lars Ivarson vart i 1827 g. m. Brita Trondsdotter Li. (Sjå Li nr. 12 d). Dei brukte Romsbotn til 1853. Det året vart garden forpakta påny. Lars og Brita bur som husmannsfolk utan jord i Romsbotn i 1875. Brita Trondsdotter er kalla folgekone då ho i 1885 døydde. Barn:

a.Brita Larsdtr. f. 1828, g. 1861 m. Torbjørn Olson Åserøddalen.

 

12. Vidleik Sveinson

f. 1814, son av Svein Sveinson Hamraeidet, fekk bygselbrev på Romsbotn av eigaren Per Gudmundson Økstra i 1853. Han brukte Romsbotn til 1856. Då får han skjøte på ein part av Lovra og flytte dit.

Vidleik var g. 1845 m. Mallin Larsdotter Skeie i Sand, f. 1821. Kjenner ikkje til barn etter dei.

Etter 1856 finn me ikkje bygselbrev på Romsbotn. Truleg har Per Økstra brukt båe gardane og berre sett inn leigefolk i Romsbotn. Før 1875 er Per Økstra sjølv flytt til Romsbotn.

 

13. Per Gudmundson

Økstra flytte på sine eldre dagar til Romsbotn og budde der til han døydde i 1890. Han sette opp nye hus i Romsbotn (sjå nr. 14). Om Per Gudmundson sjå Økstra.

 

14. Anders Person

Økstra f. 1856, son av Per Gudmundson, hadde i skiftet etter mor si Anna Andersdtr. i 1861 fått utlagt og tilskjøtt Romsbotn, plassen Saga u. Romsbotn og halvparten av Økstra sagbruk for takstsum 850 spd. mot å svara for panteutlegget som var på 439 spd. 4 ort 13 sk. Anders var då berre 5 år og faren styrte med arven hans til Anders var 22 år gamal og kunne overta. I 1878 får han gåvebrev på husa i Romsbotn som faren hadde oppført:

«På den min søre Anders Pedersøn tilhørende gård Romsbotn matr.nr. 13 i Jelsa tinglaug av skyld 2 dl. 3 ort 11 sk., har jeg hans fader oppbygget de på eiendommen værende huse, men anvendt materialer hertil av gårdens skog. For at min søn skal have fullstendig hjemmel på disse bygninger, så er det jeg ved dette mitt gavebrev skjenker og overdrager ham samme til full eiendom. Likesom jeg derhos erklærer under henvisning til arvelovens § 14 at min søn i sin tid ikke skal lide nogensomhelst avkortning i sin arv etter meg på grunn av denne gave, så hans arv blir å beregne uten hensyn til denne gave hvis værdi jeg etter beste overbevisning setter til 2 400 kr. Dette til bekreftelse under min hånd og i 2de av meg tilkaldte vidners nærværelse.

Jelse 29. mai 1878.       Peder Økstre.»

Anders Person var g. m. Gurina Magnusdotter Øddvin frå Ulvik i Hardanger f. 1871. Barn:

a.Anna f. 1893, g. m. Lars Våge, Hålandsosen.
b.Per f. 1895, g. m. Marta Klunghaug Jelsa.
c.Kari f. 1896, g. m. Severin Foldøy.
d.Magnus f. 1899, bonde Sandanger i Fister. e. Astrid d. ung.
f.Arne, utvandra til Amerika.

Per Anderson overtok Romsbotn etter faren.

Plass under Romsbotn.

Krossvik.

Det er to plassar som er kalla Krossvik. Dei ligg på kvar si sida av Økstrafjorden der fjorden vidar seg ut og liknar på ein kross. Det plass som ligg på Økstrasida høyrer Økstra til, og det som ligg på Romsbotnsida høyrer Romsbotn til. Men då bonden i Økstra og åtte Romsbotn kunne det av og til vera vanskeleg, serleg for pres­ten, å veta kven som budde under Økstra og kven som budde under Romsbotn. I kyrkjebøkene er plassa ofte blanda saman, og truleg vert det og av og til gjort her. Båe plassane er nå nedlagde.

 

15. Rasmus Rasmusson

f. ikr. 1660 i Romsbotn, slo seg ned som husmann i Krossvik.

Barn:

a.Rasmus f. ikr. 1690.
b.Lars f. ikr. 1692.
c.Ivar f. ikr. 1694, g. m. Sissel Olsdtr. Økstra.
d.Gudmund f. 1696, g. m. Berta Larsdtr., bur i 1758 på Straumberget.
e.Siri  f. 1699.
f.Orm f. 1701, d. 1709.
g.Lars f. 1704, g. m. Siri Knutsdtr., dotter av Knut skomaker, busett Jelsastranda. Lars vart utkommandert til marinen i 1726 og var der i 1734.

 

16. Orm Olson

frå Suldalseidet bur og i Krossvik i 1700. Han vart i 1696 g. m. Turi Tjøstelsdotter. Ho døydde på barnseng 1699 45 ½ år gamal. Orm g. 2. m. Jor­unn Halvarsdotter. Ho døydde i 1707 29 år gamal.

Barn:

a.Olaf. 1700.
b.Gudbjørg f. 1705.
c.Ingrid f. 1702.

Denne huslyd flytte til Smidjestøa u. Hebnes Østhus.

 

17. Per Nilsson

g. m. Marta Aslaksdotter. Kom truleg til Krossvik etter Ras­mus Rasmusson (15). I 1744 er det skifte etter Marta Aslaksdotter Krossvik.

Per Nilsson flytte seinare til Jelsastranda der han bur i 1758. Han er då gift påny med ei Marta Aslaksdotter. Sjå Jelsastranda.

 

18. Jens Håvardson

f. 1726, son av Håvard Nilsson Sørvik u. Fuglestein som tidlegare hadde brukt Hebnes Storstov, vart i 1756 g. m. Magla Olsdotter truleg dotter av Ola Vela. Ho døydde i 1757 28 år gamal, let då etter seg ei dotter Kari f. 1757.

Jens Håvardson g. 2. m. Ingeborg Gunnarsdotter f. 1719. Ho døydde barnlaus i 1759.

Jens Håvardson g. 3. m. Brynhild Osmundsdotter. Ho døydde før 1789 utan livs­arvingar.

Jens Håvardson g. 4. m. Ingeborg Jonsdotter f. ikr. 1741.

Det er skifte etter Jens Krossvik i 1801. Han var då barnlaus. Ættlingane etter halvbroren Ola Håvardson Hebnes Storstov er arvingar.

 

19. Anders Larsson

Jelsa Nordnes får bygselbrev på Krossvik i 1803, då g. m. enka etter jens Håvardson, Ingeborg Jonsdotter. Dei vart buande i Krossvik. I 1830 (då er Ingeborg bortimot 90 år) skriv dei testamente seg imellom. Ingeborg døydde visstnok straks etter.

I 1831 gifte Anders seg med Kari Omundsdotter frå Bjelkevik i Fister. Ho var då 43 år gamal.

Anders Larsson døydde i 1846 83 år gamal.

I 1851 gifte enka Kari seg med enkemann Kristen Torgerson Barkenes (sjå Barkeland 38).

 

20. Omund Jensson

f. 1817 i Fister, truleg ein slektning av Kari Omundsdotter (19), kom til Krossvik ikr. 1850.

Gift ikr. 1849 m. Ingrid Larsdotter Træ frå Svandal i Sauda. Ho døydde 1853 36 år gamal.

Barn:

a.Lars f. 1851, seinare sjømann.
b.Anna Karina f. 1850.

Omund Jensson g. 2. 1858 m. Lisbet Larsdotter, søster til første kona. Ho var då 21 år.

Barn med henne:

c.Ingebret f. 1858, d. s. å.
d.Inger f. 1860.
e.Lisbet f. 1863, d. 1883.
f.Anders f. 1865, d. 1876.
g.Laura f. 1867.
h.Omund f. 1869.
i.Marta f. 1872.
j.Anders f. 1877.

I 1875 bur Omund Jensson i Saga u. Romsbotn. Men i 1900 er enka Lisbet Larsdotter komen attende til Krossvik.

Saga u. Romsbotn.

Det var sagbruket innst i Økstrafjorden som gav plassen namn. Her stod Romsbotn sag på vestre sida og Økstra sag på austre sida av elva frå Slåttevatnet. Denne elva var skiftet mellom plassane Saga u. Romsbotn og Saga u. Økstra. I eldre tid, serleg i kyrkjebøkene er plassen ofte kalla Lovrasaga avdi bonden på Lovra åtte Romsbotn og held sagmester til sagbruket her.

 

21. Ingebret Johannesson

f. ikr. 1612, bur som husmann i Saga u. Romsbotn i 1666. Han har då ingen søner.

 

22. Torgils Olson

f. ikr. 1640 på Nådland u. prestegården (?), er oppført som sagmester på Lovra saga i 1701. I same manntal er han oppført som husmann både under Lovra og under Økstra. Han har sønene:

a. Ola Torgilson som i 1706 bur på Kalledal i Vikedal.
b. Markus Torgilson f. ikr. 1686 i Saga.

Tidlegare hadde Torgils Olson vore dreng i Økstra hjå soknepresten Markus Pederson, det er vel difor han har kalla eine sonen Markus.

Torgils Olson grl. i 1709.

 

23. Gulbrand Olson

f. ikr. 1676, bur i Saga i 1701. I kyrkjeboka er han kalla Gulbrand Lovrasaga. Han vart i 1701 g. m. Magla Bjørnsdotter. Barn:

a.Ingeborg f. 1702.
b.Ola f. 1705.

I 1706 bur huslyden i Krossvik u. Romsbotn.

 

24. Johannes Kristenson

f. ikr. 1663 på Laugaland i Hjelmeland, bur som sagmester u. Romsbotn i 1706. Før den tid budde han i Surnavik i Erfjord. Barn:

a.Paul f. 1699 på Laugaland, seinare husmann u. Håland i Erfjord.
b.Kristen f. 1701 i Surnavik.
c.Per f. 1703 i Surnavik.
d.Paul d. y. f. 1706 i Saga u. Romsbotn, bur som husmann der i 1734. Bur seinare på Jelsastranda.

 

25. Sæbjørn Romsbotnsaga

nemnd i matr.utkastet 1723. Er då sagmester der.

 

26. Erik Olson

Rørtveit f. 1704, son av Ola Erikson og Gjøa Mikkelsdtr. Rørtveit i Erfjord, budde seinare i Saga. Erik g. m. Magnhild Larsdotter f. ikr. 1706.

I 1758 bur dei i Saga u. Romsbotn og har ei dotter:

a.Gjøa Eriksdtr., 9 år.
b.ei pleiedotter Berta Taraldsdtr., 5 år gamal.

Mor til Erik, Gjøa Mikkelsdotter bur og hjå dei. Ho er då 80 år gamal.

 

27. Halvar Paulson

f. ikr. 1716, var husmann og sagmester på Saga i 1772. I 1758 bur han i Vikeneset i Erfjord, då g. m. Ingeborg Olsdotter f. ikr. 1700. Halvar truleg son til Paul Hausland, Ingeborg truleg dotter til Ola Johannesson Føljesvoll. (Etter Magnus Våge: Erfjordboka).

Kjenner berre ein son:

a.Tore Halvarson f. ikr. 1745.

Ingeborg Saga døydde i 1771, Halvar Paulson i 1779 64 år gamal, «stanget gjennem øiet og døde dagen derefter» står det i kyrkjeboka.

 

28. Tore Halvarson

f. ikr. 1745 (27 a) vart i 1768 g. m. Berta Larsdotter. (Sjå 6 a).

Barn:

a.Dordi f. 1769.
b.Paul f. 1771, seinare skreddar på Jelsaneset.
c.Ingeborg f. 1773, g. 1807 m. Ola Larsson Tveit i Erfjord.
d.Sissel f. 1776, d. s. å.
e.Brita f. 1779.
f.Halvar f. 1782.

Tore Saga var skyttar og fellte både bjørn og ulv i skogane rundt Økstrafjorden. Han døydde i 1821, Berta Larsdotter i 1824.

 

29. Halvar Toreson

f. 1782 (28 f) vart i 1807 g. m. Magnhild Nilsdotter Skeie i Sand, dotter av Nils Larsson frå Jårvik (sjå Ytre Jårvik 7 a). Dei kom til å bu i Saga u. Romsbotn. Barn:

a.Jon f. 1808, g. 1839 m. Kari Ivarsdtr. Høyviktræ, busett Lund u. Indre Høyvik.
b.Nils f. 1810, g. 1848 m. Lisbet Andersdtr. Rongarvik.
c.Brita f. 1812, d. ugift på Barkeneset i 1854.
d.Sigborg f. 1815, d. s. å.
e.Tore f. 1817, d. s. å.
f.Sigborg f. 1818, d. ugift i 1870.

Halvar Saga døydde 1866, Magnhild Nilsdotter i 1849 70 år gamal.

 

30. Nils Halvarson

f. 1810, g. m. Lisbet Andersdotter Rongarvik f. 1820, budde i Saga etter foreldrene. Seinare flytte dei til Seljevik u. Indre Jårvik (sjå der nr. 27).

 

31. Johannes Olson

f. 1810, son av Ola Olson Tveit i Erfjord, g. m. Margrete Rasmusdotter Lovra f. 1819, budde først på Austnes i Erfjord, men flytte truleg til Saga ikr. 1860. Johannes var sagmester der.

Barn:

a.Margrete f. 1840 g. 1867 m. Ola Olson Sauenes u. Tednes.
b.Marta f. 1843.
c.Rasmus f. 1845.
d.Anna f. 1847.
e.Johanna f. 1851.
f.Ola f. 1854.
g.Torger f. 1857.
h.Elen Margrete f. 1863.
i.Lars f. 1860.

Johannes Olson døydde i 1875.

 

32. Omund Jensson

Krossvik (sjå nr. 20) er flytt til Saga før 1875. I 1875 før dei i Saga 3 kyr 1 ungnaut og 20 auer, sår 2 tn. havre og 2 tn. poteter. Båe plassane i Saga er truleg då slegen saman til ein plass. Om Omund Jensson sjå Krossvik u. Romsbotn.

 

33. Knut Olson

f. 1847 Sjøbuhåla u. Østhus i Bygda vart g. 1874 m. Berta Tor­modsdotter Helland i Sand. Dei budde først i Sjøbuhåla, men flytte i 1890 åra til Roms­botnsaga der Knut var sagmester. I 1900 bur dei i Saga. Plassen er då kalla Økstra­saga, men oppført å høyra til Romsbotn. Utanom sagmester var han og hustømmer­mann og arbeide og ei tid på verven i Ottøy. Barn:

a.Teodor Knutson f. 1874, seinare sjømann.
b.Anna Malena f. 1880.
c.Berta f. 1882.
d.Olava Bergitte f. 1887.

I 1900 har dei døtrene Anna og Berta heime. Teodor Knutson er då ute til sjøs.