Rett i nord av Åserødgardane går eit dalføre kalla Øvrebødalen etter garden Øvrebø øvst i dalen. Garden ligg 184 m. over havet.
Øvrebø var krongods. Kongen åtte garden og sette inn leiglendingar der. Øvrebø var på 3 vett tak (never). Det er den einaste garden i Jelsa som betalte si landskyld i never. Never var ei verdfull salsvara i den tid. Alle hus hadde torvtak og never måtte det vera rikeleg av under torva om taket skulle verta tett. Truleg var det mykje stor bjørk på Øvrebø til å riva never av.
I designasjonen 1633 over Kongens gods og kva dei skal betala i førstebygsel, vart Øvrebø sett i 3 rd. i førstebygsel.
Etter matrikkelen frå 1668: Øvrebø, matr.nr. 92, skyld 3 vett tak. De Gjedders gods. Sår 2 tn. korn. Før hest og 9 kyr. Lite hustømmer, men tak (never) og brenneskog til husbehov. Har ein liten kvernstad. Er ein fjellgard. Vert halden god for ½ 1. sm. i landskyld, 6 kalvskinn i leidang, tiende 2 spann korn, småreidsla 4 skilling.
Her er krongodset gått over til admiral Ove Gjeddes arvingar. Det skjedde i 1661. Versonen til Ove Gjedde, oberst Fredrik Gersdorf, overtok då krongodset i Jelsa.
Etter matr.utkastet 1723: Øvrebø, 3 vett tak, landlegd (militært), 1 bekkekvern, tung å vinna, sår 2 tn. og haustar 8 tn. korn. Før 6 kyr og 18 sauer.
Matrikkelen 1838: Øvrebø, matr.nr. 92 (som før).
Løpenr. 29 a, Ola Hermanson brukar 14 ½ spann never, ny skyld 1 dl.
1 ort 15 sk.
Løpenr. 29 b, Lars Olson brukar 3 ½ spann never, ny skyld 1 ort 14 sk. Tilsaman for heile Øvrebø 1 dl. 3 ort 5 sk.
Matrikkelen 1851: Øvrebø, nytt matr.nr. 76, løpenr. 181 og 182, elles
som i 1838.
I førebuinga til ny matrikkel, som tok til i 1863, vart Øvrebø vurdert
såleis: Øvrebø, matr.nr. 76.
Løpenr. 181 a, eigar Isak, gl. skyld 4 ort 10 sk. Sår 3 tn. havre
og haustar 13 tn. 3 tn. poteter og haustar 15 tn. Før hest, 2 kyr, 2 ungnaut
og 20 sauer. 8 mål åkerland, 32 mål engslått. Innmarka vurdert til 240
spd. Frådrag for tung å koma til 20 spd. Frådrag for tung å bruka 39 spd.
Beite sett til 120 spd. Skogen til 154 spd. Tillegg for vassfall 4 spd. Heile
bruket vurdert til 450 spd. Framlegg til ny skyld 1 dl.
33 sk.
Løpenr. 181 b, eigar Nils, gl. skyld 2 ort 5 sk. Sår 2 tn. havre
og haustar 6 tn. 2 ½tn. poteter og haustar 10 tn. Før 1 hest og 1 ku. 4 mål
åkerland, 16 mål engslått. Innmarka vurdert til 134 spd. Frådrag for tung
å koma til 16 spd. Frådrag for tung å bruka 16 spd. Beite sett til 40 spd.
Skogen til 66 spd. Vassfall 2 spd. Heile bruket vurdert til 210 spd. Framlegg
til ny skyld 72 skilling.
Løpenr. 182, eigar Isak, gl. skyld 1 ort 14 sk. Sår 1 ¼ tn.
havre og haustar 6 tn. 2 tn. poteter og haustar 8 tn. Før 3 kyr og 5 sauer. 6
mål åkerland, 24 mål engslått. Innmarka vurdert til 130 spd. Frådrag for
lite dyrkningsjord 5 spd. Frådrag for tung å koma til 16 spd. Frådrag for
tung å bruka 31 spd. Beite sett til 43 spd. Ingen skog. Bruket vurdert til
120 spd. Framlegg til ny skyld 41 skilling.
Resultatet var matrikkelen av 1886: Øvrebø,
gardsnr. 30.
B.nr. 1, Isak Olson, gl. skyld 4 ort 10 sk., ny skyld 2,05 m.
Br.nr. 2, Nils Halvarson, gl. skyld 2 ort 5 sk., ny skyld 0,96 m.
Br.nr. 3, Utlebøen, Lars Olson, gl. skyld 19 sk., ny skyld 0,26 m.
Br.nr. 4, Øykhagen, Lars Larsson, gl. skyld 19 sk., ny skyld 0,28 m.
Matrikkelen 1906: Øvrebø,
gardsnr. 30.
Br.nr. 1, Øvrebø, Ole Isakson, 2,05 mark.
Br.nr. 2, Øvrebø, Ove
Thorson, 0,96 mark.
Br.nr. 3, Utlebøen,
Erik Bjørnson, 0,26 mark.
Br.nr. 4, Øykhagen,
Lars Larsson, 0,28 mark.
Ikr. 1690 kjøpte Hadle Larsson Hamra Øvrebø av oberst Gersdorf.
Ætlingane etter Hadle Hamra åtte Øvrebø til 1753, då enka på Hamra Marta
Nilsdotter selde til oppsitjaren på Øvrebø, Jens Ommundson.
Øvrebø var einmannsbruk frå 1600 til 1828. Då vart det utskift eit mindre bruk på 3 ½ spann never. Hovedbruket var då på 14 ½ spann never.
I 1854 vart hovedbruket påny delt i to med 2/3 på sonen og 1/3 på dottera.
I 1882 vart det bruk som vart utskift i 1828 og delt i to mellom to brør, br.nr. 3 og 4.
I 1875 før dei på heile garden 2 hestar, 8 kyr, 4 ungnaut og 78 sauer. Sår 4 ¾ tn. havre og 8 ½ tn. poteter.
24 personar med smått og stort budde i 1875 på Øvrebø.
bur og brukar garden i 1603 og 1606. 1 lensrekneskapen 1603 heiter det: «Oluf
på Øvrebø gir i landskyld 1 pd.
tag, leiet og gav 12 skilling.»
er nemnd frå 1610 til 1620. Då makebyter hen bustad med Nils Olson som
budde på Hausken på Finnøy.
får overta Øvrebø ikr. 1621. 1 lensrekneskapen 1621-22 står det
under førstebygsel: «Nils Olufsen som boede på Hausken i Hesbø skibrede har tilbytt sig en liten gård ved navn Øvrebø som skylder til Ko : Ma : 3 vett tag, gav i førstebygsel 3 rd. »
Nils er kanskje son av Ola Øvrebø (1) og har lengta heimatt til Øvrebø. Han kom til å bruka Øvrebø i mange år. Siste gong eg finn at han betalar tredjeårsbygsel av Øvrebø er i 1659. Truleg døydde han ikr. 1660.
f. ikr. 1630, er komen til Øvrebø før 1664. Truleg er han son til Tormod
Olson på Soland, men heilt pålitelege kjelder om det har me ikkje funne.
Ei søster til Tormod Øvrebø, Berta Tormodsdotter, var gift med Adne Sigvartson Håland i Høyland. Ho døydde barnlaus og i skiftet etter henne i 1683 møter bror hennar, Tormod Øvrebø i Jelsa.
Tormod Tormodson var mykje nytta som lagrettesmann alle dei åra han sat på Øvrebø. Det er skifte etter han i 1695. Han let då etter seg enka, Marit Tormodsdotter og barna:
Det noko ukjende kvinnenamn Tjøn finn me og på Soland i 1663. Truleg kona til Tormod Olsen (sjå Soland 22).
f. ikr. 1670, får bygselbrev på 3 vett tak i Øvrebø i 1695 av Hadle
Hamra som då åtte Øvrebø. På tinget i 1698 må han bøta 3 rd. 1 ½ ort
fordi kona hans lagdest fortidleg i barselseng. Dottera, Berta
Larsdotter, vart døypt 2. febr. 1698.
Lars Tormodson døydde ung. Han er grl. 9. mars 1700, 29 år gamal.
f. ikr. 1665, vart 14. nov. 1700 g. m. Kari
Henriksdotter. Truleg var ho enke etter Lars Tormodson. Ola Larsson bur
på Øvrebø i 1701.
Kari Henriksdotter vart grl. i 1720. I 1725 gifte Ola Larsson Øvrebø seg med Helga Larsdotter. Barn:
Ola Larsson døydde på Jelsaneset i 1732. Enka og 7 barn lever etter han.
Ola Larsson var frå 1718 husmann på Øvrebø. I 1720 er han oppført som husmann med Gunnar Isakson som husbond på Øvrebø.
I 1719 er han stemnd til tings for skuld, 4 ½ rd. 20 sk. til Elisabet
Seehusens arvingar. Han vedgår at han er skuldig desse, men som ein fattig
husmann har han ingen ting å betala med, han må for det meste tigga sitt
brød.
son av klokkar Isak Sivertson Bratland, (Isak var opphaveleg frå Maldal i
Sauda), overtek Øvrebø i 1718. I 1720 tingles han sin bygselsetel på.
stempla papir. Bygselsetelen utskriven av Lars Danielson Hamra.
Det var i 1720 kome påbod om at alle bygselbrev skulle fornyast på stempla papir. Gunnar Isakson hadde difor før hatt bygselbrev som nå vart fornya.
Gunnar Isakson vart i 1711 g. m. Mara Andersdotter, truleg dotter til Anders Steinson Askvik. Gunnar Øvrebø er seinare med og sel gods i Askvik. Dei budde først på Bratland til dei ikr. 1718 kom til Øvrebø. Barn:
Me vantar kyrkjebøker mellom 1738-1753, men på tinget på Jelsa i 1752 vitnar Anders Nevøy at far hans, Gunnar Øvrebø, døydde i 1742. Truleg døydde Mari Andersdotter og før 1753.
f. 1704, truleg son av Åmund Knutson Nådland u. Prestegarden. Jens
Åmundson er formyndar for Åmund Olson Nådland u. Prestegarden, men det kan
nok vera avdi han er gift med faster til Åmund Olson. Jens Åmundson bygslar
Øvrebø i 1744 av Tore Hamra, han betalte 12 rd. i førstebygsel.
I 1740 vart jens Åmundson g. m. Anna Knutsdotter, f. 1720, truleg dotter til Knut Bjørnson i Romsbotn. Knut Bjørnson lever som innerst på Øvrebø i 1758, 90 år gamal.
Jens Åmundson får i 1753 skjøte på Øvrebø av enka etter Tore Hamra, Marta Nilsdotter. Han skulle betala 60 rd. og kostnaden med skjøte og tinglesing.
Men heilt så glatt gjekk det ikke med gardkjøpet. Den nesteldste sonen til Marta Nilsdotter Hamra, Nils Larsson, meinte seg å ha rett til odelen på Øvrebø. Eldste broren, Hadle, hadde fått Hamra, og då skulle han som nesteldste ha retten til Øvrebø. Då mora døydde gjorde han krav på Øvrebø og får rettens medhald i dette. Han seier i odelsøksmålet at det er hans forfedres eldgamle odels og eigedomsgard. Så gamal var nå ikkje odelen til Øvrebø. Det var berre ikr. 60 år at Øvrebø hadde høyrt til Hamragodset.
Nils Larsson overtok ikkje Øvrebø, hadde kanskje aldri tenkt på det. Han vart samd med Jens Åmundson at han skulle betala 30 rd. for odelsretten og halve omkostnaden med saka, tilsaman 35 rd. 2 ort 16 skilling. Barn:
Jens Åmundson døydde i 1764, Anna Knutsdotter i 1773.
f. 1739, son av Odd jensson Kjølvik som budde på Helland i Vikedal,
bygsla Øvrebø i 1766. Det året skriv han ut folgebrev til Anna Knutedotter.
Odd flytte i 1771 til Fjetland og seinare til Kjølvik. (Sjå Fjetland 15 og
Kjølvik 23).
f. 1752, overtok farsgarden sin i 1771. I 1772 vart han g. m.
Brita Persdotter.
Barn:
Åmund Jensson Øvrebø døydde i 1791, grl. same dag som eldste sonen jens. Det er skifte etter han i 1792. Enka og 5 barn lever etter han.
Jordegodset i Øvrebø vart då rekna til 18 m. sin. og vurdert i buet til 190 rd. Enka Brita Persdotter gifte seg same år med Hans Jonson Fjetland (sjå Fjetland nr. 30).
Jon Hansson Fjetland kjøpte Øvrebø i buet etter Åmund Jensson. Per Åmundson selde også odelsretten til Jon Hansson. Då sonen gifte seg med enka på Øvrebø får han bygselbrev av far sin på Øvrebø.
Ekteskapet mellom Hans og Brita vart kort. Alt året etter dei var gifte
døydde Brita. Barna i skiftet er dei same som i skiftet etter Åmund jensson.
Ikr. 1795 vart Øvrebø seld. Hans Jonson flytte til Røyksund.
f. 1762, frå Måkestad i Ullensvang, kjøpte Øvrebø ikr. 1795. Han var
g. m. Torborg Olsdotter, f. 1768. Barn:
Isak Person døydde i 1824, Torborg Olsdotter i 1839. Som enke dreiv ho sjølv garden til 1828. Då skjøter ho Øvrebø over til eldste dotter og mannen hennar Ola Hermanson.
f. 1800, frå Midvik i Sand, vart gift med jordagjenta på Øvrebø, Torborg
Isaksdotter. I
1828 får han skjøte på garden av vermor si. Kjøpesum 450 spd. og
årleg folga.
I 1829 selde han ein lut av garden, Utlebøen, til verbror sin, Lars Olson
Liarbø. Bruket var på 3 ½ spann never og fekk i 1886 br.nr. 3 av Øvrebø.
Hovedbruket vart då på 14 ½ spann never.
Det er skifte etter Ola Hermanson 21. desember 1854. Han døydde i 1845, 45 1/2 år gamal, men enka brukte garden fram til skiftet i 1854. Barn:
Enka Torborg Isaksdotter delte garden i 1854 mellom sonen Isak som får 2/3 av bruket og eldste dotter Marta som får 1/3 av bruket. Det største bruket vart sett i skyld 4 ort 10 sk. og det minste til 2 ort 5 sk. Det siste fekk i matrikkelen 1886 br.nr. 2 av Øvrebø.
Torborg Isaksdotter Øvrebø døydde i 1889, 94 år gamal.
f. 1836, får skjøte av mor si på bruket i 1854. Bruket var på 4 ort 10
sk. og takstsumen var 333 spd. 40 skilling. Dessutan folga til mora.
Isak Olson var gift med Mari Samuelsdotter frå Imsland (Bratland ?), f. 1835. Barn:
Isak Olson og Mari Samuelsdotter lever som folgefolk i 1900.
f. 1859, får skjøte av far sin på br.nr. 1 av Øvrebø i 1893. Kjøpesum
1500 kr. og folga rekna i 5 år til 1 000 kr.
Ola var g. m. Lisbet Johannesdotter frå Vikedal, f. 1852. Barn i 1900:
Ola Isakson har også bruket i matrikkelen 1906.
f. 1821 i Bø i Telemark, vart i 1854 g. m. Marta Olsdotter Øvrebø (sjå Øvrebø 12 a). Dei fekk ein
tredjepart av far hennar sitt bruk. Det nye bruket vart kalla Bøen og sett i
2 ort 5 sk. i skyld.
I 1875 før dei på bruket 1 hest, 2 kyr, 2 ungnaut og 10 sauer. Sår 1 ½ tn. havre og 2 ½ tn. poteter. Barn:
Marta Olsdotter døydde i 1880, 54 år gamal. Nils Halvarson i 1890 åra.
f. 1857, brukte visstnok Øvrebø nokre år, men selde så bruket til Torbjørn
Thorson Åserøddalen som igjen selde til bror sin Ove Thorson.
Ola Nilsson var g. m. Selia Isaksdotter, f. i Hetland 1871. Dei flytte frå Øvrebø til Hamborneset. Barn i 1900:
Korkje Ola Nilsson eller Torbjørn Thorson hadde skjøte på bruket.
Åserøddalen, f. 1861, får i 1899 skjøte av Nils Halvarsons arvingar.
Br.nr. 2 var då etter matrikkelen av 1886 på 96 øre i skyld.
Ove var g. m. Laurentsa Olsdotter (Erfjordtræ?), f. 1863. I året 1900 har dei barna:
Liarbø i Imsland, f. ikr. 1795, vart i 1825 g. m. Siri Isaksdotter Øvrebø (sjå nr. 11 e), f. 1806.
Dei fekk Utlebøen til bustad. Bruket var på 3 i/2 spd. never. Denne skylda vart i 1838 til 1 ort 14 skilling og i 1886 54 øre. Då var bruket delt i to med 26 øre på dette bruk og 28 øre på det fråskilde bruk. Barn:
h.Ingeborg Larsdtr. f. 1845, g. m. enkemann Tormod Tormodson Åserød.
Lars Olson døydde i 1864, 68 år gamal. Siri Isaksdotter døydde 1880, 74 år gamal.
f. 1826, overtok faren sitt bruk i 1864. Same år vart han g. m. Ingrid Håkonsdotter Honganvik i Sauda, f. ikr. 1824 (37 år i 1861).
Barn:
Isak Larsson delte bruket sitt i 1882 i to like delar og selde eine parten kalla Øykhagen til bror sin Lars Larsson. Det fråskilde bruket fekk i 1886 br.nr. 4 av skyld 28 øre.
I 1900 bur Ingrid Håkonsdotter som enke på Utlebøen og har dotter si
Siri heime.
f. 1841 (18 g), kjøpte dette bruket av bror sin i 1882. Lars vart ikr.
1880 g. m. Siri Nilsdotter, f. i
Sauda 1850. Barn som lever i 1900:
Lars Larsson har bruket óg i 1906. I 1909 har sonen Lars Severin overteke bruket.