I Sandsfjorden mellom Marvik og Høyvik ligg Ottøy. Skipsleia går mellom Marvik og Ottøy, men mindre båtar kan òg koma fram mellom Ottøy og Høyvik.
Ottøy høyrde til Indre Høyvik i eldre tid. Øya var ikkje skyldsett,
vart heller ikkje rekna som husmannsplass i vanleg tyding. Det var borgarar av
Stavanger som sat der som gjestgjevarar og landhandlarar. I ei sak om Ottøy i
slutten av 1600 talet vart det sagt at «Ottøen
har i rom tid vært beboet av borgere og kremmere.»
Hjå kræmaren i Ottøy kjøpte folk det brennevin og øl dei ikkje sjølv
bryggja, men og korn dei bytte til seg med tømmer eller skinn. Sumtid kunne
det gå heller vilt for seg, som den gongen i 1630 då Roald Hebnes kom til
Ottøy for å kjøpa inn til son sin sitt brydlaup. (Sjå Hebnes Litlastova).
Elles tok skrivar og fut inn der når dei kom frå Jelsa og skulle vidare til
Suldal og Sauda skipreide.
Det var eigarane av Indre Høyvik som åtte Ottøy. I midten av 1600 talet åtte Anfinn Knutson Høyvik 2/3 av Ottøy og Ola Andersson Foldøy, som åtte 1/3 av Høyvik åtte òg 1/3 av Ottøy. Futen fekk aldri rektig tak på kor mykje dei fekk i grunnleiga av Ottøy. Det var nok best såleis for skatten si skuld.
Det var delte meiningar om kven som åtte husa på Ottøy. Etter at ein av kræmarane på Ottøy, Peder Nilsson, var død vart husa på Ottøy seld av kreditorane til Gudmund Lovra for 60 rd. Det var byskrivar i Stavanger Jørgen Cortsen som hadde ordna med salet. Gudmund hadde betalt 10 rd. kontant, men nå såg det helst ut til at han ville koma frå heile handelen. Saka var den at eigarane av Ottøy og hadde bjoe på husa, men då Gudmund baud så høgt let dei han få dei, men kravde seinare at husa måtte rivast og flyttas frå Ottøy, som dei sjølv hadde tenkt å bruka.
5. mai 1679 vart det halde ting på Ottøy. Det var Jørgen Cortsen som ville få salet av husa lovfest og hadde kalla inn Gudmund Lovra og dei to eigarane Anfinn Høyvik og Ola Foldøy. Gudmund Lovra var sjuk, men faren Knut Lovra møtte for han.
Knut Lovra baud eigarane av Ottøy husa for det som sto att av kjøpesumen, 50 rd., men dei svara nei. Gudmund kunne ha husa og flytta dei frå Ottøy «siende de havde selv øen nødig.» Elles var det så etter eldre papir å døma at i grunnen åtte dei husa i Ottøy.
«La så i rette et pantebrev av
Anfinns morfar Ola Haug til sl. herr Markus utstedt, dernest velbetr. herr
Markus betr. ø såvelsom hans hustru for 10 rd. pantsatte all deres livs tid.
Siden etter deres død skal øen og derpå anvendte bygninger betr. Ola Haugs
arvinger hjemfalle. Dat. 20. okt. 1643. La og i rette et brev på noen
skogskade her på øen, derved de for samme skade utlagdes en gammel bo og en
gammel røkstue. Dat. 15. april 1672.»
Jørgen Cortsen var ikkje så heilt einig i at dei hadde nokon rett til husa på Ottøy. For mange år sidan vart husa utlagt for gjeld etter Anna Høyvik som hadde drive kræmeriet her på Ottøy. Ingen hadde då protestert på dette. Etter den tid hadde Peder Nilsson, som kom etter henne i Ottøy, kjøpt eindel hus, og nå var også desse lagt ut til kreditorane for gjeld.
«Og formedelst denne ø i en meget rom tid av kremmere og borgerfolk havde
været beboet, da formente han at odelsmennene enten fremdeles burde pliktig
være av øen å ta en billig grunnleie, eller og øen å selge til dem husene
tilkommer.»
Til dette svara odelseigarane nei, dei ville tenkja meir over dette.
Gudmund Lovra vart hangande med husa på Ottøy og måtte betala for dei.
Ottøy vart ikring 1683 seld til viselaugmann Bernt de Nagel. Det vart noko kluss med kjøpet av den grunn at Ola Andersson Foldøy hadde vore litt vriden til å setja seglet sitt under brevet. Viselaugmannen stemnde dei difor til tinget på Jelsa i 1683.
«Til gjensvar møtte i rette betr.
Ole Foldøen og Anfinn Høyvig som kjøpet i alle måter vedsto, unntatt
husene på Ottøen sa de ikke å ha avhendt til ham eller været i deres
handling, ti de hande ikke med dem å bestille. Med videre deres svar mot
stevningen såvidt denne post angår.»
Peder Godchesen var fullmektig for Bernt de Nagel. Han la fram kjøpebrevet på Ottøy skrive av Anfinn Høyvik og Ola Foldøy. Brevet dat. 4. april 1683. Bad om at brevet nå burde forseglast av dei som hadde skrive det.
Domsmennene på tinget dømde dei førre eigarar av Ottøy til å forsegla kjøpebrevet.
Det var to enker som då budde på Ottøy. Den nye eigaren ville helst ha dei bort frå Ottøy. Det var Helchen Eckhof som hadde fått sin bygselsetel av Ola Andersson Foldøy i 1681:
«Så efterdi at denne fattige
Helchen Eckhofs bygselseddel er skrevet på det papir og sort så det ei for
gyldig kan eraktes og i retten ansees til nogen fastlig besiddelse for henne.
Men havde hun havt en bygselseddel på det rette papir skreven, havde hun
uimotsigelig nøtt hennes feste etter recessen og landsloven. Men fordi at hun
ved hennes bygselseddel finnes åvære fixeret, hande hun ingen videre rett
til besiddelsen på Ottøen å formode eller ha, men til første faredag har
hun hennes 1/3 part som hun i
fornevnte Ottøen har i bruk og
besiddelse, for eieren hr. viselaugmann å avstå og ryddiggjøre, med mindre
hun derom anderledes i venlighet kan være i minne med ham.»
Den andre enka, Berit Jakobsdotter, hadde bygsla 2/3 av Ottøy av Anfinn Høyvik, men bygsla galdt berre for året. Difor vart ho pålagt å ryddiggjera sitt bruk for hr. viselaugmannen til neste faredag.
Ottøy vart i delings og skyldsetningsforretning sett i 4 ½ m. sm.
Bernt de Nagel selde og skjøtte Ottøy over til dåverande stiftskrivar og postmester i Stavanger Laurits Lauritsen Friis i 1703. Ingen ringare enn Tormod Torfæus og herr A. Hegelund skriv under som vitne. Laurits Friis hadde i 1696 fått pant i Ottøy for eit lån på 50. rd.
Straks etter vart det i 2-3 år ført rettssak om ein kakkelomn som var ført bort frå Ottøy. Laurits Friis hadde kjøpt Ottøy med hus og inventar som det sto til. Men Jon Kristofferson i Kathabn u. Høyvik hadde kjøpt ein kakkelomn av Bernt de Nagel. Omnen sto i Ottøy då Friis kjøpte. Då Jon Kristofferson høyrde at Ottøy var seld, reiste han til Ottøy og tok kakkelomnen med seg og selde han til Jelsapresten Nils Tiurholm. Der sto omnen då Laurits Friis kom til Ottøy for å sjå på eigedomen sin. Friis kravde nå 8 rd. for sakførsla og 12 rd. for omnen om han ikkje vart ført attende til Ottøy.
Jon Kristofferson møtte på tinget og la fram eit skriftleg motkrav der
han «påstår å ha kjøpt kakkelovnen
av sl. Bernt de Nagel og betalt ham derfor udi hans nød og trang.»
Retten fann ut at det ikkje var forsvarleg eller gyldig å selja ting som før var pantsett, og handelen med Jon Kristofferson måtte vera ulovleg og ugyldig. Innan 15 dagar hadde Jon Kathabn og bror hans Børge Tandrevoll, som hadde vore med å føra omnen frå Ottøy, å føra omnen attende til Ottøy og setja han uskadd opp i same stova han før hadde stått i. Dessutan betala Laurits Friis 6 rd. i omkostningar.
I 1707 skjøtte Laurits Friis og kona Mette Ivarsdotter Lem Ottøy over til brordottera Karen Knutsdotter Friis. Han tek det atterhald at han og kona vil ha rett til å bu der på sine gamle dagar om det trengst. Etter han og kona er død har ho full råderett over øya. Då skal óg sal. Bernt de Nagels adkomstbrev og skjøte til Laurits Friis leverast til henne.
I matrikkelen 1731 får Ottøy matr.nr. 98. I ny matrikkel 1838 matr.nr. 24, ny skyld 3 ort 3 skilling. Etter matrikkelen 1851 Ottøy matr.nr. 3, løpenr. 3.
I førebuinga til ny matrikkel som tok til i 1863 vart Ottøy vurdert
såleis: Ottøy matr.nr. 3, løpenr. 3
a, eigar Paul Paulson, gl. skyld 2 ort 22 sk. Sår 2 tn. havre og haustar
10 tn. 2 tn. poteter og haustar 8 tn. Før 2 kyr. 6 mål åkerland, 5 mål
engslått. Innmarka vurdert til 112 spd. Tillegg for lett å koma til 25 spd.
Et ekstra tillegg på 20 spd. for det same. Tillegg for lett åvinna 12 spd.
Beite vurdert til 40 spd. Skogen til 88 spd. Heile bruket vurdert til 295 spd.
Framlegg til ny skyld 100 skilling.
Løpenr. 3 b, eigar Lars Johannesson, gl. skyld 5 sk. Sår 1 tn.
havre, haustar 3 tn. 1 tn. poteter, haustar 4 tn. Før ei ku. 2 mål
åkerland, 4 mål engslått. Innmarka vurdert til 18 spd. Tillegg for lett å
koma til 10 spd. Tillegg for lett å vinna 2 spd. Heile bruket vurdert til 30
spd. Framlegg til ny skyld 10 skilling.
Resultatet vart matrikkelen av 1886: Ottøy gardsnr. 34 br.nr. 1 a, Paul
Paulson, gl. skyld 2 ort 22 sk. Ny skyld 1
mark 20 øre. Br.nr. 1 b, Paul Paulson, gl. skyld 5 sk. Ny skyld 14 øre.
Matrikkel 1906: Ottøy, eigar Johan Paulsen, 1 mark 34 øre.
Heilt slutt var det ikkje med handel og gjestgjeveriet i Ottøy, men den minka sterkt av. Andre stader, Jelsaneset og Sandslandet, var meir høveleg for slik verksemd.
I slutten av 1800 talet, frå ikr. 1870 og utover, var det igjen stor verksemd i Ottøy. Tidene for skipsfarten var gode under og etter den fransk-tyske krig 1870-71 og større og mindre skipsverft voks opp alle stader der det var høveleg plass. Slik og i Ottøy. Frå skipsverftet i Ottøy gjekk det ut skuter som segla på kysten, Østersjøen og sume endåtil i Middelhavet. Mest kvar nevenyttig mann i Jelsa var på den tid skips og verftstømmermann.
Men glansperioden tok snart slutt og Ottøy vart liggjande att som eit ,.- vanleg småbruk. Gjestgjeveri, handel og skyss-stasjon var det slutt med.
er den første på Ottøy me kjenner noko serleg til. Han var borgar av
Stavanger med rett til å driva handel i fjordane. Det var nemleg eit
privilegium som låg til borgarane av Stavanger å driva handel i Ryfylke.
Sander dreiv handel og gjestgjeveri i Ottøy. Dit kom sorenskrivar og fut etter dei hadde halde ting på Jelsa og skulle til Sand, Suldal eller Sauda. Det var nok høg stemning i Ottøy då dei letta på flaskeforet og vart godt gjesta for av Sander og kona.
Sander Tommesen var gift med Anna Pedersdotter. Ho vart enke ikr. 1630. Men Anna var ei flink kræmarkone og møtte ofte mens mannen levde opp på tinget for mannen og dreiv rettsleg inn det ho meinte ho hadde rett til. Etter Sander var død dreiv ho handelen eg gjestgjeveriet som før.
Anna Pedersdotter handla ikkje berre med øl og brennevin, nei, med tømmer og bord som ein større trelasthandlar. Som enke i 1634 møtte ho opp på tinget på Jelsa og spør den tingsøkjande ålmuge om dei har høyrt eller spurt, eller har noko å utsetja på hennar kjøpmannskap:
«Anne Pedersdtr. tilspurte menige almue her tilstede var og som hun har
sin kjøpmannskap med, hva bord hun har seg tilforhandlet, og om her ikke har
vært adskillige skippere som har latt seg nøye med hvis last her faller på,
uten påank. Da har menige almue som tilstede var tilstået at her har
adskillige nationers skippere, både hollandske, engelske, franske, skotske,
tyske og flanderske og andre latt seg nøye med hvis last her faller, så at
hvis bord og deler hun av dem kjøpt og tilforhandlet har siden hun har hatt
hennes bruk hos oss, rett har hun kjøpt av oss for gode kjøpmannsbord og
igjen solgt i like form til hvem med henne handlet har. Og ingen endnu har
lastet seg over henne her, førend de er avdragne med deres ladning de hos
henne etter accordering hadde inntaget. Beklaget oss vitterlig dette ville de
gjerne bestå hvor behov gjøres. De takket henne for redelig handel i alle
måter.»
Jau, Anna kræmarkvinne i Ottøy hadde folket med seg mot skipparar som etter dei hadde sett kva dei kjøpte, etterpå var traue om å betala då dei meinte seg snytt på handelen.
Anna i Ottøy handla og med korn. I 1635 stemner ho Laurits Kvæstad til
tings. Han hadde fått 2 tn. korn «det
Børge Kristoffersen rakte henne håndfor, det han nu ikke kunne benekte, men
derfor å være skyldig. Er tildømt å betale innen 14 dage heretter eller
ved vurdering i hans bo.»
Me høyrer i tingbøkene om Anna i Ottøy til ikr. 1665. Noko rik vart ho ikkje på handelen i Ottøy. Då ho slutta gjekk husa til kreditorane. Truleg var ho gift oppatt ikr. 1638 med Henrik Erikson.
f. ikr. 1607, borgar av Stavanger, er nemnd på Ottøy frå 1638. Det ligg
nær åtru at han er gift med Anna
Pedersdotter. Noko sikkert prov for det har me ikkje, men eiter sikkert,
kona hans heitte Anna. I rådstueprotokollen for Stavanger 1663 er nemnd Anne
Henrik Ottøens.
Henrik Erikson Ottøy svor lagmannseid i Stavanger i 1638. i 1662 svarar han ½ dl. i borgarskatt til Stavanger.
Henrik Erikson hadde i 1638 bygsla Ytre Jårvik 18 m. sm., men på Ottøy hadde han ingen bygselsetel, endå han held seg der for det meste. Det kan òg tyda på at kona hans var Anna Pedersdotter og at ho hadde rett til å bu og handla i Ottøy så lenge ho levde. Truleg er ho avliden før 1670. Då vil ikkje eigarane lenger ha Henrik i Ottøy og får lensherren til å skriva ut stemning på han til tinget.
«År 1670. Jeg Henrik Below Ko: Ma: befalingsmann over Stavanger len,
hilser Eder Henrik Eriksen boende udi Ottøen med Gud. Vid at for mig lader
andrage de rette odelseiere til Ottøen, nemlig Ole Andersen Folderø og
Anfinn Knudsen Høvig av Jelse skibrede, hvorledes de tillige med andre
medeiere skal være forårsaget Eder udi rette å lade stevne formedelst I udi
langsommelig tid såvelsom og endnu skal have Eder bemegtiget samme deres
jordeplass Ottøen som liggendes er under deres brugende jord bem.te Høvigen,
hvilket de med ager og eng oprøddet haver, den I uden nogen fæste eller
førstebygsel til dennem eller deres formenn, som billigen bør skje, bruger
og besidder. Hvorfor de formener sig stor urett av Eder å være tilføyet, og
at I derfor endelig bør forpliktet være samme forn. deres odelsplass å
fratræde og Eder til Eders egen leiejord Riarvigen (Jårvik) å begive og de
deres egen odelsgods og ø igjen å nøttiggjøre som de best vide og kan, om
hvilken leilighet de siger Eder utførligen for retten å ville andrage.
Thi på høystbem.te hans Ko: Ma: min allernådigste arveherre og
Konges vegne bydes og befales Eder Henrik Eriksen det I endelig være tiltenkt
herom udi egen person å møteforn. Ole Folderøen og Anfinn Høvigen på
deres egen og deres medarvingers vegne udi
rette på førstholdende Jelse
skibredes sommerting eller fjerdingsting
når og hvor det vorder berammet å holdes, for den sorenskriver eller hans
fullmektig tallige med sex laugrettesmenn udi retten, så de derom
rettmessig kunne vorde kjendt og dømt. Og til samme
tid å medhave / : dommeren til
efterretning :/ Eders bøxell og adkomstbreve som I på samme ø kan have,
såvelsom alt annet som 1 kan vite Eder med å forsvare.
Under samme høystbem.te hans Ko: Ma
:s navn anmodes den ærlige dyderige og gudfrygtige matrone Sophie Jensdtr.
sal. hr. Marcus Pedersens nu logierende på Ogstre, at Eders laugverge eller
fullmektig til ovenberørte tid og sted møter med Eders pantebreve på samme
Ottøen, og ellers lade bekjenne om I nogen tid har stedt og fest forn. Henrik
Eriksen den ø.
Sammeledes skal være befalet Orm
Bjørnsen tilholdendes på Ottøen, eller hans arvinger, dit til samme sted
møter med Eders adkomstbreve, hvorav kan fornemmes om I kan eraktes suficiant
å være samme forn.ø Ottøen å bortfeste til nogen fremmed førenn I til
rette odelseiere den haver frembodet, og om Eders bøxellseddel, dersom I
nogen haver udgivet, kan eraktes så lovlig å være udstedt at den kan deres
odelsrett fortrenge udi samme ø.
Actum Stavanger Kongsgård 27.
aprilis 1670.»
Me finn ikkje saka oppe på tinget i 1670, så truleg har Henrik Erikson godvillig flytt frå Ottøy.
Elles låg Henrik ofte i strid med grannen Israel i Ottøy. Israel monne ha hatt eit lite gjestgjeveri i Ottøy eller i Neset over Ottøysundet. I tingboka 1656 står:
«Israel i Ottøen hidstevnet av
Henrik i Ottøen for slagsmål og skade hannem gjort med en kniv, og skåret
ham to skår, et i hodet og et i fingeren. Israel møtte i rette og kunne
gjerningen ei nekte, er fordi tildømt å bøte otte ørtunger og 13 mark
sølv.» I lensrekneskapen 1656-57 er oppført til inntekt 7 rd. som «Israel
i Ottøen gav for han skar Henrik Ottøen med en kniv.»
Henrik Erikson flytte truleg frå Ottøy straks etter 1670.
Vendelbo var og borgar av Stavanger. Han held fram med handelen og
gjestgjeveriet i Ottøy. I 1677 stemnde han inn Lars Barkeland for «uriktig
handel med ekebord og mere, og i synderlighet fordrer han hos Lars otte bord
som rest på 16 tylfter han ham avkjøpte. Nok hadde Lars av Peder bekommet et
taug for 3 rd., en fortinnet kobberpanne for 5 ort, frakt av hans jakt 3 ort
o. s. v. Hvilket alt Peder formente burde betales med all omkostning. Dat.
Stavanger 17. jan. 1677.
Herimot å svare møtte i rette Lars Barkeland som svarte at det taug og panne hadde han bekommet av Peder førenn Peder satte ham pant, det Peder benektet, og tauget var ham forundt for 3 rd. og pannen for 1 rd. Herom hadde de ingen prov på noen av Sidene. Derfor de til regnskap med hverandre er henvist, og hvilken den annen skyldig blir gir kost og tæring.»
Det var nok ikkje så liketil å driva landhandleri i dei dagar heller. I 1678 stemnde Peder Nilsson inn for tinget Ola Åsland i Hjelmeland for 1 ½ tn. korn. Ola Åsland sa han ikkje var skyldig noko, men då Peder Nilsson sa seg viljug til å gjera eiden sin på det, sa Ola Åsland at han då var nøgd med det. Då Peder Nilsson hadde avgjeve sin eid sa Ola at han ville betala og gje i kost og tæring 3 ort.
Peder Nilsson må vera avliden eller flytt frå Ottøy ikr. 1678-79. Det var då husa i Ottøy vart seld til Gudmund Lovra.
f. ikr. 1610, tek me med her, endå han ikkje høyrer til borgarane i
Ottøy. Saman med kona Gunhild
Johannsdotter var han komen til Ottøy før 1630. Dei dreiv eit lite
gjestgjeveri i Ottøysundet, kanskje i Neset på andre sida av sundet. Truleg
er Israelneset oppkalla etter han. Israel i Ottøy var der mens Sander
Tommeson levde, og mens Henrik Erikson budde der. Han er i det som me har
skrive før nemnd fleire gonger, både då han tok mot Roald Hebnes og då han
var i slagsmål med Henrik. Israel er i 1666 oppført som husmann u. I.
Høyvik, om det er i Israelneset eller Ottøy han då budde er uvisst, berre
eit smalt sund skil desse plassane.
Elles kan det sjå ut til at Orm Bjørnson Marvik ei stutt tid har drive gjestgjeveriet i Ottøy.
kjøpte Ottøy i 1683. Han budde ei tid i Ottøy og dreiv kanskje og litt
handel der. Bernt de Nagel var en danske som kom opp til Norge i 1680 og vart
utnemnd til viselagmann i Stavanger. Han hadde nok eit håp om å verta
lagmann, men truleg sto hans dårlige økonomi i vegen for han. Sønene hans
av første ekteskap ser det ut til hadde betre forretningsvet. Dei lånte han
200 rd. då han kjøpte Ottøy, og har nok seinare støtta til i det daglege
hushaldet. Bernt de Nagel var gift andre gong med Dortea
Elisabet von Hoffen og hushaldet i Ottøy var nok flottare enn hans
inntekter var store til.
I 1686 er Bernt de Nagel kalla provinsialprokurator. Han kravde fri skyss, men bøndene var heller traue med det. Han stemner m. a. Ola Haug inn til tinget for uvillighet med føringskap. Ola Haug svara på tinget at han slett ikkje visste at Bernt de Nagel hadde friskyss. Forresten var det ikkje meir enn 14 dagar sidan han hadde vore med og ført han til Vikedal, det var to mil frå Ottøy til Vikedal. Det ser ut til at Nagel då har budd i Ottøy.
Sønene til Bernt de Nagel i første ekteskap som me kjenner til var
I 1703 selde han Ottøy til stiftskrivar Laurits Friis. To-tri år etter døydde han.
Laurits Friis budde ikkje sjølv i Ottøy, men sette inn leiglendingar der.
er kalla husmann i Ottøy i det sjømilitære manntal frå 1706. Duns var
fødd i Viborg på Jylland ikr. 1650. I Ottøy budde han til 1710. I 1711 finn
me han på Sandnes. I 1711 vart Jens Bertelson Duns utnemnd som «dansk skoleholder» i Stavanger. Jens Duns hadde nok gått ei tid
på skule i Danmark og kunne litt latin som han slo om seg med. Det var to som
hadde lov å undervisa barn i Stavanger den tid. Den andre var Poul Krag. I
1713 vart det dømt på rådstova i Stavanger: «Under
en mulkt av 1 rd. til de fattige for hver gang ble det forbudt andre enn Jens
Bertelsen Duns og Poul Krag å gi undervisning.»
Seinare finn me han ofte som prokurator i rettssalen. Han var gift med Karen Karstensdotter.
f. 1649, son av bisp i Stavanger Tomas Cortsøn Wegner og kona Anna
Christensdotter Trane, vart i 1713 g. m. Karen Knutsdotter Friis. Karen Friis
hadde i 1707 fått skjøte på Ottøy av farbror hennar Laurits Friis. Ho
budde åleine på Ottøy i 1711. Då presten Tiurholm det året skreiv opp
manntalet for ekstraskatten skriv han: «På
Ottøen bor en enslig mø, kallet Karen Friis, som undertiden tapper litt øl,
om hun kunne vorde forskånet.» D. v. s. skåna for ekstraskatten.
I 1713 vart ho gift med Bertil Wegner. Dei dreiv gjestgjeveri og handel på Ottøy seinare, men handelen var nok ikkje så stor lenger. I 1719 møter Bertil på tinget på Jelsa: «Bertil Tomasen Wegner fremkom for retten og begjærte av forinnførte laugrette og tingsøkende almue en bevis og tingsvitne at han ikke nu mere har i satt hus å selge hverken øl, brennevin eller tobakk eller malt hvorav konsumption bør betales.»
Bertil Wegner døydde på Ottøy 1737. Kjenner berre ein son etter han, Tomas Henrik Bertilson Wegner.
f. 1714, g. ikr. 1740 m. Berta
Kristine Pedersdotter, f. ikr. 1720. Tomas Wegner oppheld seg i Bergen i
1730 åra og det kan henda han har hatt kona med seg då han etter faren var
død kom attende til Ottøy.
Truleg var korkje handelen eller gjestgjevarverksemda så lønsam lenger i Ottøy, så Tomas Wegner budde der nærmast som småbrukar.
Dei hadde mange barn. I manntalet 1758 hadde dei 7 barn. Tri år etter hadde dei ingen. Også det barn som kom til i 1759 døydde i 1761. Truleg var det ein koppefarang som då herja. Tomas og Berta fekk endå to barn: Anna og Tomas, men Tomas døydde 7 år gamal, så berre Anna voks opp og vart g. m. Knut Rasmusson og budde på Oppkomnes i Erfjord. Frå dei er det ei stor etterslekt. Barn:
Tomas Wegner selde Ottøy i 1763 og flytte til Jelsaneset. Der døydde han i 1799 Berta Pedersdotter døydde i 1800.
Tøsseland kjøpte Ottøy i 1763. Skjøte skrive 12. des. s. å. og
kjøpesumen var 300 rd. Ølver Gjertson var f. 1718 på Tøsseland i Sand. Det
var eit dyrt kjøp og Ølver måtte ut på lånemarknaden. Av Maren sl. Troels
Jensen fekk han låna 200 rd. mot første prioritets pant i Ottøy, av prost
Arentz 57½ rd. mot 2. prioritets pant i Ottøy.
Ølver Gjertson budde i Ottøy til 1768. Då selde han øya til Jakob Person for 163 rd. Men truleg fylgde det med eindel lausøyre då han kjøpte, så tapet var vel ikkje så stort som det kunne sjå ut til. Olver budde seinare i Vågelia u. Vågane i Erfjord der han døydde i 1785, 68 år gamal. Kona var Eldri Osmundsdotter.
Kjenner barna:
f. 1730
på Vatland, Ombo, vart ikr. 1750 g. m. Sønnøve Halvarsdotter
f.
1721 på Østhus i Bygda. Dei budde først på Tandranes u. Barkeland,
men kjøpte i 1768 Ottøy av Ølver Gjertson og flytte dit. Barn:
Jakob Person Ottøy døydde i 1785. Sønnøve Halvarsdotter døydde i 1791.
g. m. Ingeborg Jakobsdotter, får
skjøte på Ottøy 8.
okt. 1785. Han betalte 122 rd. 2 ort for det som
vermora og versøster åtte i Ottøy, sjølv hadde han fått 1/4 i Ottøy med
kona si. Barn:
Ingeborg Jakobsdotter døydde i 1791. Dottera Torborg lever då, men døydde året etter.
Knut Knutson gifte seg i 1792 med Sønnøve Tollefsdotter. Ho døydde barnlaus i 1805. 113 år hadde ho då lege tilsengs. Hennar arvingar var brørne Tollef Tollefson, husmann u. Gismarvik, Mats Tollefson Hustoft, halvsøster Halgjerd Tollefsdotter Skeie i Vats og Ingrid Tollefsdotter.
Knut Knutson gifte seg 3. g. m. Gunhild Paulsdotter Lervik u. Erøy, f. 1764. Det vart eit kort ekteskap. Knut Knutson døydde i 1807, 73 år gamal.
Indre Høyvik, f. 1780,
son av Bjørn Bjørnson Høyvik, gifte seg i 1807 med enka i Ottøy Gunhild
Paulsdotter. Dei brukar Ottøy etterpå.
1 1814 døydde mor hans, Kari Knutsdotter Høyvik, og stefaren Johannes Johannesson gjev Erik Bjørnson skjøte på bruket i Indre Høyvik. Då flytte Erik og Gunhild til Høyvik og stefaren Johannes til Ottøy. Sjå Indre Høyvik.
Høyvik frå Soland hadde vore gift med mor til Erik Bjørnson, Kari
Knutsdotter. Då ho døydde i 1814 gifte Johannes seg i 1815 med Liva
Agesdotter Kilane, f. 1771 og busette seg i Ottøy.
Liva Agesdotter døydde i 1829. Johannes Johannesson i 1830. Dei var barnlause. I skiftet etter båe i 1830 går det dei eig til arvingane på båe sider. Ottøy vart seld på auksjon.
Åserød, f. 1802
(Åserød 10 k), får auksjonsskjøte på Ottøy i 1830.
Han betalte 809 spd.
Han var g. m. Brita Ingemundsdotter Tjelmeland, f. 1800.
I 1839 får Lars Johannesson kgl. løyve til å driva gjestgjeveri og skyss-stasjon i Ottøy. Før hadde skyss-stasjonen vore på Jelsaneset. Det vart då opplyst at Ottøy ligg ¾ mil frå Jelsa og 1 ¼ mil frå Sand.
I motsetning til sine rike brør, Johannesane i Åserød og Marvik, sat Lars Ottøy heller tungt i det. Omlag 700 spd. får han lånt av bror sin Johannes Marvik mot 1. 2. og 3. prioritets pant i Ottøy. Dessutan hadde han mykje gjeld til ymse kjøpmenn som hadde forsynt gjestgjeveriet med varer. Eksekusjonsforretningar var det jamt og samt i Ottøy. I 1852 gjekk Ottøy til auksjon og Paul Paulson Bog fekk tilslaget for 1227 spd. Prisen syner at Ottøy var gjæv.
Det vart likevel til at Lars Johannesson skulle få utskift og skyldsett eit lite stykke av Ottøy, skyldsett til 5 øre. Dette bruket hadde han sidan og enka etter han. Truleg hadde han skyssstasjonen så lenge han levde, og sonen Johannes etter han er nemnd som fløttmann.
Lars Johannesson er avliden før 1875. Då bur enka Brita med sonen Johannes i Ottøy.
Johannes Larsson, f. 1835, hadde vore stav og støtte for mor si etter at
faren var avliden. Dette sannar ho i eit skriv av 17. april 1880:
«Da min kjære søn Johannes Larsen Ottøen har ydet mig all den hjelp jeg har hatt fornøden siden min manns død og dertil utbetalt sin fars gjeld samt skatter av stykket, utsæd og slått i 13 år, tilsammen et beløp av kr. 4 79,71, sier fire hundre syttini kroner en og sytti øre, så er det jeg, da jeg intet annet har ågi ham til vederlag, derfor har overdraget ham til hans rettmessige eiendom mitt på Ottøen stående våningshus samt alt hva jeg forøvrigt er eiende av innbo og av hva navn nevnes kan, hvilket alt fra idag av skal være ham tilhørende som hans rettmessige og dyrt betalte eiendom, uten at noen deri skal kunne gjøre ham noen innsigelse eller hans rett stridig. Dette til bekreftelse under min hånd og 2de vitners overvær og medunderskrift.
Ottøen 17. april 1880. Brita I. Ottøen.
Til vitterlighet: Bjørn G. Hellevik, Gaute B. Hellevik.
Jordvegen eller stykket skyldsett til 5 øre gjekk over til Paul Paulson som åtte resten av Ottøy.
Bog, f. 1822, kjøpte Ottøy på auksjonen i 1852. Han betalte godt for
Ottøy, men det viste seg å være eit godt kjøp. 18-20 år seinare var
Ottøy inne i ei storhetstid. Der kom skipsverft i Ottøy og båtar bygde dei
så mange dei makta. Paul Ottøy var bas på verftet og dreiv dessutan
landhandleri. Men tilbakeslaget kom som før nemnd og sette ein stoppar for
glansperioden i Ottøy.
Paul Paulson var g. m. Kari Jonasdotter Lovra, f. 1828. Barn:
Paul Paulson Ottøy døydde i 1893. I 1896 gav enka Kari Ottøy fyrvesenet
lov å setja opp ei fyrlykt på Ottøy. Kari Jonasdotter døydde i 1906.
f. 1853, g. m. Margrete
Ingebretsdotter Hebnes Storstov, hadde Ottøy seinare. Han var skipper i
utenriksfart og busette seg seinare i Lindal Hebnes. Sjå Hebnes. Eldste
sonen, Paul Johanson, busette seg
seinare i Ottøy.