Garden ligg nord av Mehus i Bygda. Ein bekk, Storebekk, er skifte mellom desse gardane. Mot nordaust grensar Østhus til Kjølvik gr.nr. 17, mot aust til Sandsfjorden. Inn på høgheia i nordvest grensar Østhus til Østebø i Vikedal.
Østhus i Bygda var på 2 laup smør og var krongods. Ein øydegard, Bjødland, låg til garden. Denne øydegard på 18 mark smør var også krongods. Frå ikr. 1635 vart Bjødland bruka av bonden på Østhus.
Mellom Hebnes og Kjølvik låg i eldre tider ein gard kalla Svinaland. Det er mogeleg at Tveita, Mehus og Østhus i Bygda er luter av denne garden.
Den parten av Grytenutheia som nå høyrer Østhus til, høyrde opphaveleg til Bjødland. Mangt kunne tyda på at øydegarden Bjødland er eldste gard i Bygda.
Kva tid Østhus i Bygda og Bjødland vart krongods veit me ikkje. I
«stigtens» landskyld av Ryfylke år 1567 er Østhus 2 1. sm. oppført. I
designasjonen over Kongens eigedomar i Ryfylke 1633 heite det:
«Østhus i Bygden 2 løber smør.
Har et kvernsted og ingen andre lunder. Skal betale i 1.bøgsel 12 rd. pr.
løb. Bjelland på ¼ 1. sm. betaler i 1.bøgsel l rd.»
I matrikkelen frå 1668 er Østhus i Bygda matr.nr. 18 med Bjødland
matr.nr. 93 oppført med 21. 18 m. smør i skyld. De Gjedders gods
(adelsgods). Sår 7 tn. korn. Før 2 hestar og 23 naut. Kvernstad og
brenneskog til husbehov. Garden er vanskeleg for korndyrking. Vert som før
sett i landskyld 2 1. 18 m. smør. Leidang 1 bukkskinn og 3 geitskinn, tiende
7 spann korn, småreidsla 18 skilling.
Etter sjømilitært manntal 1706 høyrer Østhus til lagmann Niels Christensen. Garden var på ? marinelegd d. v. s. skal rusta ut tredjeparten av det ein matros i Kongens teneste skulle ha.
Etter matr.utkastet 1723: Østhus i Bygda 2 1. sm. Sjølegd (militært). Ein støl. Ei bekkekvern. Tung å vinna. Øystein brukar 1 1. sm. Sår 4 tn. korn og haustar 16 tn. Før hest, 10 naut og 16 sauer. Halvar brukar, sår og før det same.
I matrikkelen 1838 vart for første gong Østhus og Bjødland slegne saman under eit matrikkelnr. 79 med løpenr. 11 og 12. Skylda etter ny skyldnemning 6 dl. 23 sk. for Østhus og 2 ort 2 sk. for Bjødland.
I matr. 1851 nytt matr.nr. 61, løpenr. 145 og 146. Elles som før.
Under førebuinga til ny matrikkel i 1863 vart Østhus vurdert såleis Østhusbygden matr.nr. 61, eigar Rasmus Gudmundson, gamal skyld 6 dl. 3 ort 1 sk. På garden sår dei 8 tn. havre og haustar 41 tn. 6 tn. poteter og haustar 40 tn. Før 1 hest, 11 kyr, 2 ungnaut og 40 sauer.
På husmannsplassane sår dei 6 ¾ tn. havre og haustar 33 ½ tn. 10 tn. poteter, haustar 52 tn. Før 9 kyr, 1 ungnaut og 30 sauer. Husmannsplassane hadde eit samla areal på 61 mål og vart verdsett til 314 spd. På hovedbruket var det 28 mål åkerland, 88 mål engslått. Innmarka på hovedbruket vart vurdert til 727 spd. Frådrag for vanskeleg dyrkningsjord 10 spd. Tillegg for lett å koma til og frå 57 spd. Beite vurdert til 485 spd. Skogen til 528 spd. Vassfall 20 spd. Tilsaman for heile garden 2120 spd. Framlegg til ny skyld 6 dl. 3 sk.
Resultatet var matrikkelen av 1886: Østhus i Bygda gr.nr. 16, br.nr. 1, 2 og 3 med ei samla skyld av 10 mark 65 øre. Av dette hadde Bakkane br.nr. 2 fått ei skyld av 53 øre, resten delt likt på dei to hovedbruka. Bjødland er då gått ut både som gardsnr. og bruksnr.
Etter ein uheldig krig med Sverige var Kongens kasse tom i 1658. Admiral Ove Gjedde hadde lånt Kongen pengar til krigsførsla og fått pant i Kongens eigedomar i Norge. Ove Gjedde døydde i 1660 og i 1661 vart alt Kongens gods i Jelsa utlagt til Ove Gjeddes arvingar.
Oberst Fredrik Gersdorf, ein dansk adelsmann, var g. m. ei dotter av Ove Gjedde og overtok alt krongodset i Jelsa, også Østhus i Bygda med Bjødland.
Oberst Gersdorf var eigar av Østhus til ikr. 1690. Då vart Østhus i Bygda seld til lagmann Niels Christensen. Sokneprest Søren Bruun i Sokndal arva Østhus etter Niels Christensen og selde garden til brukaren i 1712. Frå den tid var Østhus i Bygda bondegods og bonden der åtte vanlegvis garden sin.
Namnet på garden vart på 1800 talet ofte drege saman til Østhusbygda. I 1888 vart namnet på br.nr. 1 og 3 forandra til Bjørklund. Br.nr. 2 Bakkane var då skift ut og seld frå hovedbruket. Sjølve matrikkelgarden heiter framleis Østhus i Bygda.
Ut gjennom tidene har det vore ein, to og tri oppsitjarar på Østhus. Frå 1600 til 1642 ein oppsitjar. Ikr. 1642 delt mellom to brør og der var to bruk til ikr. 1700. Frå 1700 til 1715 ein brukar. I 1715 vart garden igjen delt mellom to brør. Frå 1735 var det berre ein brukar til 1761 då påny to brør skifte garden mellom seg. Frå 1791 til 1887 var Osthus i Bygda einmannsbruk. Bakkane br.nr. 2 var då utskift frå hovedbruket, som i 1887 vart delt i to like partar.
Bjørnevåg var ein gamal husmannsplass u. Østhus. Dei andre husmannsplassar vart rydda på 1800 talet.
I eldre tid nytta dei Vass-støl til sommarstøl og støla der.
betalar i 1563 2 lodd sølv i skatt.
son av Øystein på Foldøy (sjå Foldøy nr. 3), kjem til Østhus i Bygda
straks etter 1603. I 1603 er det ei enka som skattar av garden. Halvar er
truleg gift med enka. Det kan sjå ut som Halvar på ein eller annan måte var
i svogerskap med jens Olson i Kjølvik. Båe eig dei gods i Berg og Fjermestad
i Dalane i 1617.
Det var berre Østhus i Bygda Halvar Øysteinson bruka. På Bjødland sat det ein leiglending til ut i 1630 åra. I 1631 får Halvar i Bygda feste på halve Bjødland 9 m. sm. I 1633 får han feste på resten av Bjødland. Frå den tid vart Bjødland alltid bruka av brukaren på Østhus.
Halvar i Bygda var med som domsmann på skipreideting frå første dag me har tingbøker, frå 1617. Seinare er han jamt årleg med på tinget til 1641. Det er siste året han møter som lagrettesmann.
I 1640-41 seier han opp bygsla på halve garden til bate for sonen Øystein. I lensrekneskapen 1642-43 får andre sonen Anders andre halvparten av garden, men då er det mor hans som avstår bruket. Faren Halvar i Bygda må vera død 1641-42. Barn:
f. 1610 overtek halve garden i 1642: «l.bygsel 1642-43. Stedt og fest
Anders Halvarsen en løbs leie udi Østhus som hans moder for ham oplod. Gav
20 rd.»
Anders var gift ikr. 1638. I lensrekneskapen 1637-38 heiter det på inntektsida: «Anders Halvarsen for leiermål med hans festepige, sonet etter hans yterste formue med 3 rd. »
Elles kom Anders Halvarson til å sitja dårleg i det økonomisk. I 1659 greidde han ikkje betala skattane sine. Han står til rest med 5 rd. For 1660 står han til rest med 4 rd. På tinget det året får han den attest av tinglyden at han høyrer til dei utarma leiglendingane i skipreidet. Matskatten som vart utskriven i 1660 greidde han heller ikkje. I 1664 stemner bispen han til tings for skuldig bispetiende. Anders møtte ikkje på tinget.
Eit visst hopehav med Kjølvik kjem og fram i 1657. Då tingles Ola Vormestrand eit pantebrev på 18 m. sm. i Vormestrand panta av Ola og Ingebret Kjølvik og Anders i Bygda. Vormestrand var for ein stor part Kjølvikgods.
I 1666 sat Anders Halvarson med berre ½ 1. sm. i Østhus. Resten 1/2 1. 9 m. sm. sat sonen Jens Andersson med.
Kjenner ein son:
f. 1637, vart ikr. 1665 gift og får då bygsla ½ 1. sm. i Østhus og 9 m.
sm. i Bjødland av faren sitt bruk. Jens hadde i 7 år tent som soldat. I 1665
vart han permittert då han var gift og brukte jord.
Jens er med og sel gods i Røykjenes saman med Ola Taraldson og må vera
gift med dotter til Endre Røykjenes. Jens Andersson flytte seinare til
Frøland i Nedstrand, der gift med ei enka. Han bur der i 1701 64 år gamal.
Har ein steson, Mikkel Oddson 14 år gamal og sønene:
Jens Andersson har i 1666 sonen
Då jens Andersson flytte frå Østhus får farbroren Øystein Halvarson bygsla denne parten saman med den halvpart av Østhus han før brukte.
dekn til Jelsa kall, bygsla den ½ 1. sm. som Anders Halvarson hadde brukt.
Søren Andersson var verbror til jens Andersson (4) og det var vel av den
grunn han kom inn på dette bruket. Det kunne vera freistande å gjera Søren
til son av Anders Halvarson (nr. 3), men er alderen i manntalet 1666 rett, er
aldersforskjellen mellom dei for liten til å vera far og son.
Søren dekn var g. m. Maritta Endresdtr., dotter av Endre Røykjenes. Det er skifte etter Søren dekn i 1682. Enka Maritta og to søner:
gifte seg med enka etter Søren Andersson Maritta
Endresdtr. Ånon var truleg son av Knut på Berget u. Indre Høyvik.
Det er utskiftning av utmarka og av åker og eng mellom Ånon Knutson og andre brukaren på Østhus Halvar Øysteinson i 1687. Elles var det mykje krangel mellom grannane som me- seinare skal sjå. Ånon er reist frå Østhus før 1700 og grannen Halvar Øysteinson overtek heile garden Østhus i Bygda.
f. 1615 (sjå 2 b), fekk bygselbrev på 1 laup 9 mark smør i Østhus i
1640. Han betalte i førstebygsel 16 rd.
Øystein var meir ovanpå økonomisk enn broren Anders (nr. 3). Han møter som lagrettesmann på skipreidetinget frå 1640 til 1680. Truleg er han avliden det året. Aret etter er enka kalla inn til tinget for skuldig skatt.
Kona, Jorunn Johannesdtr., er det skifte etter 30. mars 1685. Ho let då etter seg barna:
f. 1654, overtek farens bruk ikr. 1685. Det bruket som Halvar overtok var 1
½ 1. sur. i Østhus og 18 m. sur. i Bjødland. Nabobruket som Ånon Knutson
(6) sat med var eit småbruk på ½ l. sm. Halvar var ein mann som passa godt
på sakene sine og kom i strid med grannane.
26. mai 1687 var sorenskrivar Jørgen Phillipsen Schmidt med 6
lagrettesmenn samla på Østhus i Bygda for etter krav av oppsitjarane Halvar
Øysteinson og Ånon Knutson å skifta mark, åker og eng mellom dei.
Bjødland, som Halvar var åleine om, vart først utskift. Etter gamal hevd
høyrde heia til Bjødland. Ånon skulle likevel få ha nokre gjeldkrettur i
heia, men det måtte skje med løyve av Halvar. Men aldri meir enn han kunne
fø på bruket sitt.
Etterpå vart utmarka på heimegarden utskift. Det som Ånon skulle ha
skulle svara til fjerdeparten av utmarka. Ånon ved hans kvinne valde den del
som låg nærast Kjølvik og skifte gjekk frå Kjølaklubben i innerste vika
og opp i ein mosekult, derfrå til Svenshidleren, derfrå igjennom Kalvehagen
til eit svaberg i Grottestibråtene. «Hvilket
skal være et rett skjell og skifte fornevnte tvende granner imellem og ingen
av partene herudinnen å gjøre hinannen noen forfang i ringeste måte. Ei
heller skal Ånon Knutsen tilfordriste sig enten å hugge eller la hugge noe
tømmer, rive never eller hente nøtter i den mark som Halvar nu er utskiftet
uten det skjer med hans minne. Det samme må Halvar ei gjøre mot Ånon med
mindre det skjer med hans bevilling.»
Halvar hadde rydda og bygd ein kvernstad under ein stemur som låg i innhegna bø. Det vart så dømt at Halvar måtte ikkje stemma stemmen så mykje at det kunne verta til skade på enga. Ville Ånon ha kvern her skulle han betala Halvar for hans rydningsarbeide og Halvar då bruka den andre kvernstad.
Om ei bu med loft vart dei så forlikte at Ånon skulle gje Halvar 1 pund tak (never) og 3 tylfter utskurdbord og det innan helgemesse dette år. Dersom han ikkje gjer det skal Halvar betala Ånon 3 rd. og bua høyra Halvar til. Den bua som det her vart tala om, er den eldste del av den to etg. bygning som endå står på garden.
Den som først bryt denne semja skal som straff gje ei ku til Jelsa kyrkje. På det tok dei kvarandre venleg i hand.
Men noko varig venskap mellom grannane vart det ikkje. I 1694 stemner Ånon Halvar for retten for skjellsord mot kona hans.
«Derom å vitne møtte i rette Helga
Levarsdotter som tjener Halvar i Bøgden, som tilstod at imidlertid hennes
husbond Halvar i Bøgden var i skjelderi med hans grannekvinne Maritta i
Bøgden, da kom hun gående til dem og hørte hun at hennes husbond skjeldte
Maritta for en torvtjuv og en melkeslippe og en heler. Derimot igjen skjeldte
og kallet Marita ham en blodhund, en tyrk og en hedning, og Halvars kone
kaldte hun en kornbelg.»
Drengen på garden, Osmund Anfinnson, hadde åg høyrt at Maritta kalla Halvar ein tyrk, ja han var verre enn en tyrk.
Stemnevitnene vitna at då dei kom til Østhus for å stemna Halvar møtte dei kona hans som spurte kva dei skulle stemna mannen hennar for. Dei sa henne det.
«Dertil svarte Halvars kvinne dem:
Det vitner seg selv, forleden år hadde han korn nok, men i dag har han intet,
men må fare land og strand etter korn. Sagde hun hadde ikke fornøden så
tidlig å ta på hennes dette års korn, om Ånon ikke hadde stjålet fra
henne.»
Retten kom fram til:
«at såsom det befinnes at denne
innstevnte saks beskaffenhet består i et skjelderi mellem Halvars og Ånons
kvinner, hvortil den ene gir årsak av den annen ved daglig synd og Guds
fortørnelse, ti er herom så for rette dømt at de tvende granner Halvar og
Ånon i Bøgden har i alle måter å holde seg til den imellem opprettede
kontrakt. Og dersom noen av dem enten overtræder nevnte kontrakt eller gir
årsak til videre uenighet, da skal den skyldige ha sinjordepartforbrudt og
husbonden den å bortbygsle til hvem han løster.»
Om det er Ånon og kona som har brote forliket eller dei frivilleg er reist frå garden veit me ikkje. Men nokre år seinare brukar Halvar heile garden Østhus med Bjødland.
Om striden mellom Halvar i Bygda og Stein Tveita sjå Tveita nr. 7.
År 1699 vart retten påny sett på Østhus i Bygda. Nå var det ein
skiftesgar som Halvar hadde sett opp på heia mellom Østhus og Mehus.
Hebnesbuen hadde fleire gonger rive ned denne garen, for han hindra buskapen
deira å koma inn over heia til sommarbeite. Men Halvar meinte Hebnes ikkje
hadde noko beite i heia.
Denne skiftesgaren som det var trette om, gjekk langs bekken mellom Selvatnet og Vasstølvatnet og frå Vasstølvatnet til Gunnåsen. Det synte garfar der og dei gamle som vitna mintes at det hadde vore gar der i eldre tider.
Det var gode folk til å føra saka på båe sider. For Østhus i Bygda møtte Matias Tanke for eigaren, lagmann Niels Christensen. For Hebnes møtte mellom andre futen Tønder som skulle vareta bispegodset på Hebnes sine interesser.
Etter utsetjing av saka og ny rett, kom retten til det resultat at Hebnes ikkje hadde nokon rett til beite i heia. Gjerdet skulle stå der Halvar hadde sett det opp. På andre sida av Selvatnet kom Østebø ned og stengde for Hebnesbuen.
Oppsitjarane på Hebnes, med unntak av Erik i Litlastova som ikkje hadde vore med å riva ned skiftesgjerdet, skulle betala Halvar i Bygda 1 rd. kvar, tilsaman 9 rd.
I 1711 stemner Halvar i Bygda Per Haug og Kolbein Soland for dei tok mot framant krettur og sende dei på beite i heia. Per Haug møtte og kunne ikkje nekta for at han hadde teke mot krettur for andre for å beita i heia om sommaren. Slutning:
«at Peder Haug hermed tildømmes
ikke etter denne dag må innta noen fremmed anmark enten hjemme eller i
fjellet, mere enn han på sin egen
eiendom kan gresse, og ikke å gjøre hans granner og naboer derved noen
fortrengsel. Om anderledes befinnes straffes han derfor etter sakens
beskaffenhet.»
Det kan sjå ut som Halvar, som alltid er den aggressive, likevel som regel har den beste rett.
Halvar Øysteinson kjøper i 1712 Østhus i Bygda med Bjødland. Det var sokneprest Bruun i Sokndal som selde. Bruun hadde fått garden i arv etter Niels Christensen. Skjøte er dat. Sokndal prestegard 15. nov. 1712 og tinglese på Hebnes 21. juni 1713. Året etter pantsett Halvar alt sitt gods i Østhus og Bjødland til svogeren Johannes Thorson Eie i Sjernarøy for 180 rd. Korleis dette svogerskapet heng saman er me ikkje klar over. Kona til Halvar var truleg den Sønnøve Bygda som vart grl. 1712, 65 år gamal. (Barna til Halvar hadde alle ei dotter som heite Sønnøve). Johannes Eie var gift med ei dotter av Lars Larsson Jørstad. Det kan vera at Sønnøve i Bygda og var ei dotter av Lars Jørstad.
Barn til Halvar Øysteinson (og Sønnøve):
Halvar Øysteinson vart grl. 4. nov. 1714, 71 år gamal.
f. 1695, fekk i 1715 bygsla halvparten av Østhus og Bjødand av Johannes
Eie. Dette syner at den som hadde største pant i ein gard også rådde med
bygselen av garden. Halvar Halvarson fekk bruket på dei vilkår at han og
bror hans Øystein skulle bruka kvar sin halvpart av garden, i åker og eng,
skog og mark, innangjerds og utangjerds, slik som det nå var mellom dei, og
slik skulle det vera deira livstid ut. Han betalte den førstebygsel som loven
baud. Lett og knirkefritt gjekk ikkje hopehavet mellom brørne på garden.
Halvar vart i 1715 g. m. Eli Larsdtr. Barkeland. Straks etter han var gift måtte han ut i Den store nordiske ufred. 14 år tente han som matros i Kongens flåte. Då måtte Eli styra med bruket heime. Det gjekk ikkje så godt mellom henne og verbroren Øystein. Me må her hugsa på at dei budde i same hus og nytta same grua o. s. v.
Då Halvar kom heim stemnde han bror sin til tinget for skjellsord mot kona hans. Han skulle endåtil ha kasta ein skjerding i andlete på henne så ho etterpå lenge låg sjuk. Øystein møtte ikkje på tinget og saka vart utsett.
Saka kom opp att på sommartinget same året. Øystein nekta, han hadde ikkje vore uvøren mot Eli. Til vitne var innkalla Berta Nilsdotter. Ho vitna at for to år sidan kom Eli ut i eldhuset på Østhus og ville koka i kjelen hennar som sto der. Med det same kom Øystein og ut i eldhuset, tok kjelen frå henne og ville sjølv koka mens der var eld på grua. Eli vart redd, men sa berre: Gud bære meg for kjelen. Øystein slengde då skjerdingen etter henne og råka henne i andletet så ho vart blå. Men Eli sa berre: Gud bære meg. Om Øystein slo henne visste vitnet ikkje noko om. Saka vart utsett då det andre vitne ikkje møtte.
På same ting hadde Øystein stemnt bror sin Halvar for at han hadde slege og «faret uskikkelig med ham.» Halvar nekta å ha slege bror sin. Provsvitne var jens Klengson Marvik. Han vitna at han kom forbi ein kveld for omlag 7-8 år sidan: «Da han kom opp i gården da så han Øystein og Halvar hadde hinannen enten i armen eller i håret, det visste han ikke, da det var mørkt.» Han bad dei for Guds skyld skiljast, og det gjorde dei òg Om morgonen etter såg han Øystein var troten i andletet. Denne sak vart også utsett til neste ting.
Men det var og andre saker dei imellom oppe på dette ting. Halvar skulda Øystein for å ha teke eit hus frå han, dessutan hadde han hogd tømmer som høyrde Halvar til den tid Halvar låg ute i Kongens teneste. Øystein vedgår at han har hogd 2-3 trer i Halvar si mark, men det var med løyve av kona til Halvar. Han brukte heile garden det året og betalte alle skattar. Elles skuldar Øystein på kona til Halvar, Eli Larsdotter, det er ho som set vondt mellom han og broren. Han hadde stemnt henne inn til dette ting, men ho møtte ikkje.
Dei må ha vorte forlikte utanom retten, for sakene dei imellom kom ikkje oppatt på tinget.
Me høyrte ikkje meir om brørne før i 1741. Då stemner Halvar igjen
Øystein til tings. Øystein hadde skjelt Halvar for både tjuv og kjeltring.
Det er gamle arvetretter som kjem fram og som dei igjen bles liv i. Men ingen
av dei møtte på tinget, heller ikkje dei innkalla vitne. Saka var truleg
skrinlagt før ho kom til tings.
Halvar Halvarson løyste inn pantet på sitt bruk av Johannes Eie, men pantar det att til Ola Fuglestein i 1724. Enka Kari Ormsdtr. Fuglestein sel pantet og skjøter bruket til Øystein Halvarson Østhus i 1742. Det vart nok vanskeleg for Halvar å bu på Østhus. Han må nå sjå på broren som husbonden sin. Han flytter frå bruket i ikr. 1742. I 1758 finn me han på Nybru i Imsland.
Første kona til Halvar, Eli Larsdotter, døydde i 173 1. Med henne hadde han barna
Halvar Halvarson gifte seg oppatt i 1733 med Marta Torgersdtr. tremenningen sin. Med henne hadde han barna:
f. 1690, fekk bygsla andre helvta av Østhus i Bygda av Johannes Eie i
1715. Vilkåra er dei same som for broren Halvar (9). Øystein løyste inn
pantet på bruket sitt og tilslutt i 1742 løyste han inn pantet på Halvar
sin halvpart av garden. Før har me skrive om striden mellom brørne.
Øystein Halvarson sender i 1737 ein søknad til stathaldar Rantzau om
løyve til å setja opp ei sag på eigedomen sin. Han skriv at det er
vanskeleg å koma til andre sager med tømmeret sitt, dessutan vil sageigarane
helst ikkje ta mot stokkar av øsp, bjørk og raudn, då desse treslaga slit
så stygt på sagbladet. Han skriv at av ein stokk kan ein få 6-8 bord, men
skal ein som før øksa borda til får ein i høgda to bord av same stokken.
Ei lita sag på hans eigedom ville koma heile grannelaget til gode.
Han får svar frå Kristiania 1. nov. 1737. Han kunne få løyve til å setja opp sag på eigedomen sin.
Øystein må ha nytta saga godt. Holtzførsten Werther hadde i 1767 vore på Østhus i Bygda og skriv at garden er godt oppbygd. Øystein hadde sett opp 5-6 nye hus på garden «Wohnhaus, Lowe, Elhaus» og andre småhus. Dei gamle husa var råtne då «er seinen Hoff angetreten». Werther var tysker og skreiv ei blanding av norsk og tysk.
Øystein Halvarson vart i 1713 g. m. Margrete Jensdtr. Marvik. Ho døydde 4 år etter i 1717. To barn let ho etter seg:
Øystein Halvarson gifte seg oppatt i 1718 med Anna Johannesdtr., søskenbarnet sitt. Ho er f. 1694 og truleg dotter av Johannes Øysteinson (sjå nr. 7 c). Med henne hadde han barna:
Anna Johannesdtr. døydde i 1761. Øystein Halvarson gifte seg i 1763 for tredje gong og då med Marta Tørresdtr. Øystein er då 73 år gamal. Med henne ingen barn.
Det var så mangt som skapte ugreie for Øystein på hans gamle dagar. Eldste sonen jens var ikkje nøgd med morsarven sin som var på 97 rd. Dei hadde stått i garden i så mange år at jens meinte dei måtte ha auka til det dobbelte og meir til. Øystein hadde bjode Jens pengane, men jens nekta å ta i mot. Pengane vart då overlevert til overformyndaren der dei kunne hentast. Det gjekk både eit og to år før dom falt i saka: Jens kunne henta arven sin hjå overformyndaren og ikkje ha meir krav hjå faren.
Overleveringa av garden til sønene gjekk heller ikkje av utan krangel. Johannes gjekk det etter måten bra med. Han overtok halve garden i 1762 og betalte 200 rd. og folga. Men med andre halvpart gjekk det verre. Øystein Øysteinson, yngste sonen, fekk bysla denne parten i 1762. I 1766 baud far hans han garden for 250 rd. utan folga. Han skulle få skjøte når pengane var betalt. Men pengane kom ikkje, og så skjøter Øystein Halvarson gardeparten over til verson sin, Markus Torgilsson.
Det vart huskestova av dette. 20. juni 1767 møttest dei på tinget. Gamle Øystein forklara korleis det hadde gått til: Omlag 8 dagar før sommartinget 1766 baud han sonen Øystein gardeparten for 200 rd. Til det svara sonen at kunne han ikkje få garden for vurderingssumen så kunne faren ta garden og dra til helvete med han. På hausttinget same året baud han påny sonen garden for 200 rd. og 100 rd. til livsopphald så skulle han flytta frå garden. Det var då meininga at unge Øystein skulle krevja 50 rd. av Johannes for folga av den part han bruka. Dette gjekk unge Øystein ikkje med på, og faren slo kravet ned til 250 rd. så skulle han sjølv krevja 50 rd. av Johannes. Men då unge Øystein ikkje kom med pengane til den fastsette tid, så selde og skjøtte faren bruket til versonen Markus Torgilsson for 200 rd. og årleg livsopphald på garden. To dagar før jul 1766 kom likevel unge Øystein med pengane, men faren sa at det var for seint, Markus hadde fått skjøte.
Men Markus Torgilsson ville likevel ikkje ha denne ufreden med verbroren. Alt dagen etter rettsmøtet skjøter han bruket attende til verfaren sin. Men gamle Øystein let likevel ikkje sonen få bruket, men let det gå til auksjon. Mikkel Ingebretson Foldøy får tilslaget, men han overlet bruket til Øystein Øysteinson som får auksjonsskjøte av sorenskrivar Barth, dat. 18. juli 1768. 270 rd. skulle han betala.
Gamle Øystein døydde i 1774. Eldste sonen, Jens Øysteinson døydde i 1795, 66 år gamal.
f. 173 3, brukte halvparten av Østhus i Bygda frå 1762. I 1774 sel han
garden på auksjon. Tilslaget på auksjonen gjekk til Johannes Olson. Johannes
Øysteinson budde på garden all si tid, dei siste 15-20 år nærmast som
legdslem. Han var ugift. Gravlagt 21. jan. 1816.
f. 1736, brukte andre halvpart av Østhus frå 1762. Øystein gifte seg
1768 med Ingeborg Hadlesdtr., Sand.
Barn:
Merkeleg nok viser ikkje kyrkjeboka at nokon av dei tri døtrene som bar namnet Anna er død. Ei Anna Øysteinsdtr. Bygda vart gift i Stavanger i 1823 med Endre HoIgerson Fiskå.
Kona Ingeborg Hadlesdotter døydde i 1787, 43 år gamal.
Øystein sat med garden til 1784. Då kjøper Johannes Olson, som før hadde kjøpt broren Johannes sin part, også denne parten av Østhus og Østhus i Bygda er igjen samla på ei hand.
Øystein Øysteinson budde for det meste på garden etter han var seld. Han, som broren Johannes, var nærmast legdslem å kalla.
Med desse gjekk den gamle ætt ut på Østhus i Bygda. Same ætt hadde då brukt garden i omlag 200 år.
f. ikr. 1750, kjøper først Johannes Øysteinson sitt bruk i 1774 og i
1784 også Øystein Øysteinson sitt bruk. Han betalar 420 rd. for det siste.
Truleg var Johannes Olson frå Tveitbøen i Erfjord. Osmund Olson Berge i Sand var frå Tveitbøen og var truleg bror av Johannes Olson. Osmund møter ofte som fadder hjå Johannes Olson og i skifte etter Johannes Olson er Osmund Berge verje for sonen Johannes. I fall dette er rett så er Johannes Olson av den gamle ætta på Østhus då mormor hans, Jorunn Halvarsdotter, var frå Østhus (sjå nr. 8 d).
Johannes Olson var soldat då han i 1773 vart gift med Eli Osmundsdtr. Kalvikneset.
Eli Osmundsdotter døydde i 1789, 39 år gamal. Ho let då etter seg barna:
Johannes Olson g. 2. g. m. Anna Johannesdtr. Tveit i Erfjord, f. 1770. Med henne hadde han sonen
Johannes Olson døydde i 1792. Enka Anna Johannesdotter gifte seg i 1793 med jens Knutson Helland i Vikedal. I 1801 bur ho på Helland med sonen Johannes 10 år gamal. Med Jens Knutson hadde ho barna: Knut 7 år, Margrete 7 år og Siri 3 år i 1801.
Før Johannes Olson døydde hadde han makebytt Østhus i Bygda mot Skår i Hjelmeland. Johannes Olson døydde før dei flytte frå Østhus, men sonen Ola Johannesson brukar seinare Skår.
Makeskiftebrevet er tinglest etter at Johannes Olson var død.
f. ikr. 1769, vart i 1793 gift med enka etter Gudmund Larsson Barkeland, Kari
Villumsdotter. Ho hadde arva Skår på Ombo etter far sin. Dei vart då
samde med Johannes Olson om å makebyta Skår 1 l. 12 m. sm. mot Østhus i
Bygda 2 l. 18 m. m. sm. og ein slump pengar imellom. Handelen gjekk i orden.
Johannes Olson skulle flytta til Skår og Kari og Orm til Østhus i Bygda. Som
nemnd under nr. 13 døydde Johannes Olson før han kom til åflytta.
Orm og Kari gifte seg i 1793 og flytte til Østhus i Bygda. Ho hadde med
seg dei tri sønene ho hadde med Gudmund Barkeland:
Orm og Kari brukte garden til odelsguten Ola Gudmundson var vaksen. Den eine halvpart av garden fekk han i 1798, den andre i 1803. Orm Johannesson tok av Ovre Bjørnevåg til folgestykke og skulle elles ha folga av garden. Men Orm var odelsmann til Bergeland og det vart skrive i folgebrevet at om han gjer sin odelsrett til Bergeland gjeldande så skal folga for hans part falla bort.
Kjøpesumen for garden var 600 rd. Forutan plassen Ovre Bjørnevåg skulle Orm og Kari ha full bruksrett til den utmark som støtte til plassen, Hestneshagen. Folga elles var 4 tn. havre a 8 sp., fø ein vetrung, eit gjeldnaut og nokre sauer. Dessutan rett til å nytta hesten på garden til vinnearbeid. Folgebrevet og skjøtet dat. 15. okt. 1803.
Orm Johannesson overtok seinare halve Bergeland og flytte dit. Kari
Villumsdotter døydde der i 1833. Orm døydde i 1838. Dei var barnlause. Om
Kari Villumsdotter sjå også Barkeland.
f. ikr. nyårsskiftet 1779-80, vart i 1803 g. m. Mari Jonasdtr. Haug f. 1783. Dei hadde to barn:
Ola Gudmundson døydde alt i 1807, 27 år gamal. Året etter gifte Mari Jonasdtr. seg med Johannes Johannesson Åserød.
Åserød, f. 1781, vart i 1808 gift med enke Mari Jonasdotter. Dei gjorde ein kontrakt med formyndaren til
Gudmund Olson, farbroren Lars Gudmundson Barkeland, om bruken av Østhus i
Bygda. Dei skulle bruka garden til Gudmund var 18 år. Då skulle han få
overta farsarven sin.
Johannes Johannesson var ein vyrd mann i bygda, var mykje med i styr og
stell i sokna, var formyndar for mange og møtte ofte på tinget for å vareta
sine myndlingars tarv. Johannes og Mari hadde barna:
Då Gudmund Olson (15 a) var 18 år overtok han etter kontrakten garden.
Johannes og Mari flytte då til Haug og bruka 1 l. sm. der. Overtok seinare
odelsgarden sin Indre Åserød. I 1829 makebyter han Indre Åserød mot Marvik
og flytter dit. Johannes og Mari er ættfedre til den seinare Marvikætt. Sjå
Marvik.
f. 1803, overtok garden i 1821 etter den kontrakt formyndaren hans hadde
gjort med Johannes Johannesson i 1808. Gudmund var då 18 år. Året etter
gifte han seg med Kristine Osmundsdotter
Berakvam f. 1801. Gudmund Olson var einebarn og hadde ingen å dela
farsarven med. Med kona arva han 163 rd., farsarven hennar. Etter farmor Kari
Villumsdotter arva han likt med dei andre sønene hennar, Valentin Olson Ubø
og Kristoffer Guddmundson Tveita. Buet var på 1 542 rd. På Gudmund falt det
514 rd. Så Gudmund Olson sto seg godt økonomisk. Elles styrte han garden sin
godt, var med i bygdestyringa og var ein vyrd mann i bygda.
Etter gamal sed og skikk rådde han tidleg til seg likkiste. Ho sto lenge i naustet i Bjørnevåg, seinare i mange år på høgloftet heime.
Både Gudmund og Kristine vart gamle. Kristine døydde i 1876, Gudmund i 1895. Det er skifte etter båe 2. des. 1897. Barn som då arva var:
Då sønene til Gudmund Olson var vaksne delte han garden mellom dei to eldste, Osmund og Rasmus, i 1856.
«Jeg underskrevne Gudmund Olsen finder at den mig ved skifte efter min
fader Ola Gudmundsen, sluttet 17. aug. 1807, tilhjemlede gård Østhusbygden
av skyld 6 daler 23 skilling matr.nr. 18 i Jelsa tinglaug, med underbruget
Bjelland, er af den størrelse og beskaffenhed at 2de familier sig derpå kan
ærnære. Det er derfor at jeg herved med hjemmel af odelsloven §14 deler
bemeldte min gård med underbrug i tvende lige deler mellom mine eldste
sønner Osmund og Rasmus Gudmundssønner, og er i denne deling indbefattet
såvel de på brugene stående huse som alle øvrige tilliggende herligheder.
Dette til bekreftelse under min hånd og 2de tilkaldte vidners
nærværelse. Gården Østhusbygden 8. juli 1856.
Gudmund Olssøn Bøygden.»
Osmund kom aldri til å overta sitt bruk. Han selde det til broren Rasmus som overtok heile garden. Osmund busette seg i Bjørnevåg som bøkker. Der bygde han seg hus og levde der ugift alle sine dagar. Han døydde i 1914.
Trede sonen, Gudmund Gudmundson, hadde vore sjømann i yngre år, vart skipper og segla serleg på Østersjøen. På sine eldre dagar var han i mange år bryggeformann hjå landhandlar Thorsen på Jelsa.
Gudmund Olson hadde og ein son Ola Gudmundson. Han var den eldste, men var sjukleg og døydde i ung alder.
f. 1830 overtok begge bruk av Østhusbygda, som garden nå meir vart kalla,
i 1856. Han hadde før ei tid fare tilsjøs og var ei kort tid skipper på ei
skuta frå Kopervik.
I dei gode tider under og etter den fransk-tyske krig 1870-72 dreiv dei
skipsbyggjing i Ottøy og sende skutene ut i fraktfart til Østersjøen og
Middelhavet. Rasmus Gudmundson var ein av reiarane. Men då fraktene gjekk ned
vart det slutt på gullalderen i Ottøy. Rasmus Gudmundson berga såvidt
garden sin, panta til topps.
Elles var han utskiftningsassistent. Mange av utskiftningane i Indre Ryfylke frå 1850 åra og framover er ført til protokolls av han.
I bygdestyringa var han ein aktiv mann. Var ordførar i Jelsa i 1864-65, og frå 1870 til 1875.
I 1888 søkte han og sonen Johannes, som då hadde overteke halvparten av garden, om løyve til å kalla bruka sine Bjørklund, som garden seinare er kalla.
Rasmus Gudmundson vart i 1858 g. m. Elen Torkelsdtr. f. 1823, dotter av gjestgjevar og skipper Torkel Nilsen i Kopervik. Ho var då enke etter Johannes Johannesson Marvik (sjå Østhus i Bygda nr. 16 b). To søner fylgde med henne til Bygda:
Gudmund Konrad Martinius Rasmusson eller som han seinare kalla seg Konråd Bjørklund, var truleg den første student frå Jelsa sokn som var av bondestanden. Han tok studenteksamen i Stavanger i 1884. Anneneksamen ved universitetet i Oslo i 1885. Gjekk så eit år på ingeniørlina på krigsskulen og vart vernepliktig offiser. Tok til å studera jus, men då dei dårlege tider kom braut han av studiet og reiste til Amerika der han den meste tid arbeide som sivilingeniør ved anleggskontora for jernbanebyggjing.
Konrad og broren Johannes reiste til Amerika med båten «Tingvalla.» Reisa vart dramatisk. Ute i Atlanteren støtte Tingvalla på «Geyser» som straks sokk. Ting,,-alla sokk langsomt. Johannes fortalde meg at Konrad og han sto ved rekka på Ting%-alla og såg på fælsken rundt om etter Geyser var gått ned, der haiane sømde i det blodige havet. Konrad hadde skrive eit brev og lagt i tilkorka flaska som skulle kastast ut når båten gjekk under med dei. Så galt gjekk det ikkje. Ein båt tok dei opp og førte dei til Amerika. Konrad kom aldri attende til Norge.
Elen Torkelsdotter var det skifte etter i 1873. Rasmus Gudmundson gifte seg oppatt med Eli Jakobsdtr. Kjølviksagen f. 1849, dotter av Jakob Nilsson Kjølvik og Marta Torgersdtr. Kjølvik. Med henne hadde han sønene Aksel og Martinius som båe døydde som småbarn av difteri, og døtrene:
Rasmus Gudmundson sel Bakkane til Erik Sveinson i 1886, truleg har Erik fått kjøpekontrakt nokre år før. Bakkane vart sett til 1/20 av garden og fekk ved skyldsetninga 1 ort 15 sk. i skyld. Ny skyldnemning i 1886 53 øre. Br.nr. 2 av Østhus.
Resten av garden vart på same tid delt i to like bruk. Den eine parten skjøter Rasmus Gudmundson over på sonen Johannes som hadde fått kjøpekontrakt 28. mai 1884. Br.nr. 3. Resten bruka Rasmus Gudmundson til straks før han døydde i 1897.
f. 1857 (sjå Foldøy nr. 29), g. 1890 m. Kristine
Margrete Rasmusdtr. Østhus i Bygda (Bjørklund) f. 1865 (sjå nr. 18 e),
overtok verfaren sitt bruk, br.nr. 1, i 1897. Skjøte av 1. juni 1897.
Kjøpesum 6 300 kr. og folga.
Jon Foldøen var lærar i Refsbygda og Marvik. Var mykje med i kommunalt arbeid og ordførar i Jelsa ikr. 15 år. Han døydde i 1948 vel 91 år gamal. Kristine Rasmusdtr. døydde i 1907. Barn:
f. 1858, overtok halvparten av garden i 1884. Bruket fekk br.nr. 3 av skyld
5 mark 6 øre. Han var med .i det første agronomkull som vart uteksaminert
frå Tveit. Var ein drivande bonde, men tidene var dårlege og Johannes måtte
tri gonger ta turen over til Amerika. Mesteparten av tida i Amerika var han
gullgravar i Alaska. Han døydde i 1937.
Gift med Marta Jakobsdtr. Hebnes Oppistov f. 1864. Barn:
Johannes Rasmusson vart 2. g. g. m. Berta Ormsdtr. Fuglestein. Han let då sonen Jakob overta garden og bygde seg hus i Myraskar.
(Sjå også under husmannsplassar).
Bakkane vart seld frå Østhus i Bygda i 1886. Truleg er det ein to-tri år eldre kjøpekontrakt. Det var Rasmus Gudmundson som selde. Matr.skylda vart i 1886 53 øre. Kjøpesum 1 900 kr.
f. 1840, (sjå nr. 49) kjøpte Bakkane. Far hans hadde tidlegare brukt
Bakkane som husmann.
Erik var gift med Tårunn Tormodsdtr. Helland, f. i Sand i 1848. Det er skifte etter Tårunn i 1886, ho døydde i 1883. Barn med henne:
Erik Sveinson g. 2. g. m. Ingeborg Johannesdtr. f. 1860. Dei flytte seinare til Alstveit i Nedstrand. Barn med Ingeborg:
I 1875 fødde dei i Bakkane 2 kyr og 11 sauer. Sådde 1/16, tn. bygg, ½
tn. havre og 1 ½ tn. poteter.
f. 1872, fekk skjøte av faren på bruket i 1904. Før den tid hadde han
vore i Amerika.
Bjødland var gardsbruk i gamal tid. Var på 18 m. sm. i skyld den tid me har kjennskap til bruket. Bjødland var krongods. Bruket låg oppe i lia over Østhus i Bygda, omlag 200 m over havet.
I designasjonen over kongens gods i Ryfylke 1633 står det: Bjødland 18 m. sm. Berre åker og eng. I førstebygsel 4 rd.
Etter matrikkelen 1649 er Bjødland krongods med 9 m. sm. på kvar av dei to oppsitjarane på Østhus.
I matr. frå 1668 har Bjødland matr.nr. 93, men er elles slege saman med matr.nr. 18 Østhus i Bygda.
I matr.utkastet av 1723 står det om Bjødland: 18 m. sm. Landlegd. Sår ikkje korn, men kan fø 2 naut.
I matr. 1838 går det gamle matr.nr. 93 ut og Bjødland vart slege saman med Østhus med matr.nr. 79. Men Bjødland har framleis eige bruksnr., løpenr. 13 med ny skyld 2 ort 2 sk.
I matr. 1886 går Bjødland ut som bruksnr. Vert då truleg rekna som husmannsplass u. Østhus.
er den første kongens leiglending på Bjødland me kjenner til. Han
betalar tredjebygsel av Bjødland i 1613, så han må iallfall vera komen der
seinast 1610. Seinare er han nemnd i lensrekneskapen til ikr. 1633. Ikkje
alltid for det som godt var. I 1620 sonar han med 1 dl. for eit kalvskinn han
hadde ytt i leidang med hol i. I sakefall same år finn me: «Torgils Bjedland som er ektegift har i drukkenskap ligget med et løst
kvinnfolk ved navn Gunhild Steffensdatter, avsonet på Ko : Ma : nådigste
behag for 9 dl., derpå betalt 5 dl.»
Året etter betalar han dei resterande 4 dl. I lensrekneskapen 1631-32 må han bøta 2 mark sølv for han viste uvilje til å føra ein embetsmann.
Same år, 1631-32, får Halvar Østhus i Bygda bygsla 9 mark smør i
Bjødland. I rekneskapen 163334: «Feste
Halvar Østensen i Bøgden 9 m. sm. i Bjelland som Rannveig Olsdtr. for ham
opplod, gav 2 rd.»
Halvar i Bygda hadde då leigt heile Bjødland og frå den tid var Bjødland alltid knytt til brukarane i Østhus i Bygda.
Den Rannveig Olsdtr. som er nemnd i 1633 er truleg kona eller enka etter Torgils Bjødland.
Seinare finn me ikkje busette folk på Bjødland før ut på 1800 talet. Øydegarden er truleg hausta frå Østhus i Bygda.
f. 1796 på garden Marum i Tinn, er den første husmann me kjenner til på
Bjødland. Han vart i 1826 g. m. Ingeborg
Kristine Faltinsdtr. Foldøy f. 1802. Festesetel på Bjødland fekk han av
Gudmund Olson i 1825.
Helleik Jonson og kona er flytt frå Bjødland før 1829. Dei budde seinare på ein plass u. Foldøy.
Eiane er 44 år då han kjem til Jelsa i 1828 frå Haua i Hjelmeland. Den
17. juni 1829 får han bygselbrev på Bjødland. Han hadde kona Magla Olsdtr. frå Haua og to barn med seg då han flytte inn på
Bjødland. Meir enn 3-4 år budde dei ikkje der. Ei tid budde dei så i
Sjøbuhola, seinare kom dei til Farmannsvik i Erfjord der Lars Knutson døydde
i 1841. Barn:
Enka Magla Olsdtr. oppattgift med Ole Pederson Tytlandsmoen.
Nyvoll på Jelsa, f. i Sauda 1800, og kona Eldri Jonsdtr. Tveiterå f. 1805, får festesetel på Bjødland i
1832. Tollef kjøpte Reiphammar av Tveita i 1840. Budde der nokre år, selde
og flytte til Hebnes og var husmann der. Sjå Hebnes nr. 15.
Indre Eiane, f. 1791, g. 1821 m. Anna
Oddsdotter Kvelvane i Erfjord, kom til Bjødland ikr. 1840. Jone var
jekteførar og hadde før butt i Økstra og i Hålandsosen. Barn:
Jone Knutson Bjødland døydde i 1851.
f. 1825 (27 b), får festesetel på Bjødland 22. mai 1852.
Han vart i 1853 g. m. Sussane Haldorsdtr. Kjølvik f. 183 1. Ho døydde i 1879. Barn:
Enkemann Andreas Jonson Bjødland gifte seg oppatt 18. november 1879 med enke Anna Olsdtr. Solberg i Sjernarøy. Ho var då 56 år gamal.
I 1875 fødde dei på Bjødland 2 naut, 1 ungdyr, 10 sauer og 16 geiter.
Sådde 1/10 tn. bygg, 1 ½ tn. havre og 3 ½ tn. poteter.
Alle barna på Bjødland reiste ut. Kona var død og Andreas gjekk tilslutt åleine der. Han måtte då seia plassen frå seg. I 1900 bur han hjå Lars Larsson i KjøIvikstranda og lever av formuen står det i manntalet.
Etter Andreas flytte frå Bjødland har ingen huslyd seinare butt på Bjødland.
Bjørnevåg er truleg den eldste plass under Østhus i Bygda. Det har sikkert butt folk der lenge før me finn dei i skifter og manntal. Husmennene vart ikkje uttekne til lagrettesmenn og hadde elles ikkje bygselbrev på plassen sin før ikr. 1800.
f. 1755, vart i 1780 g. m. Johanna
Osmundsdtr. Kalvikneset. Dei busette seg i Bjørnevåg. Der døydde
Johanna i 1791. Nils Torgilsson overtok seinare ein gardpart av Kjølvik som
far hans hadde bruka. Sjå Kjølvik nr. 9.
Eide frå Sand, f. 1746, vart i 1781 g. m. Kirsti Jakobsdtr. Hebnes Oppistov f. 1744. Dei budde først ei tid
på Hebnes, men flytte til Bjørnevåg før 1800. Barn:
Gunnar Olson døydde i 1804. Kirsti Jakobsdtr. døydde julafta 1815. I buet etter henne var husa på plassen: 1 røykstova med eit lite kammers i brøstet, 1 høy og kornløa med to små tømra rom tekte med hun, 1 skut i brøstet av stova hadde og huntak. Alt vurdert til 350 rd.
u. Marvik, f. 1785, g. 1812 m. Mari
Bjørnsdtr.
Marvik f. 1788, bygsla Bjørnevåg etter Kirsti Jakobsdtr. Dei hadde før butt på ein plass u. Vatland i Refsbygda. I 1823 kjøpte dei Kolstø i Erfjord og flytte dit. Barn:
f. 1796, var pleieson til Hadle Vik i Erfjord der mor hans, Ingeborg
Olsdtr., tente. Han vart i 1821 g. m. Marta
Faltinsdtr. Foldøy f. 1796. Dei bygsla Nedre Bjørnevåg i 1823.
Bygselsetel får Ola Jonson først i 1830.
I august 1823 stemner Ola Jonson Gaute Kolstø for forliksrådet i Jelsa.
Det er ymse ting som Ola meiner Gaute har teke med seg mot dei vilkår som sto
i kontrakten mellom dei då Ola kjøpte husa i Bjørnevåg. Det var eit
stovebord, eit bordskåp og låsar for løa m. m. Noko forlik kom ikkje istand
og saka vist til retten.
Ola Jonson budde i Bjørnevåg til 1847. Han flytte då til Hebnes og han og sønene hans styrte ei tid Framigard. Etterpå, i 1858, får han bygsla eit stykke u. Framigard, Flåta kalla. Der budde han til han døydde i 1861. Sjå Hebnes nr. 17 (andre oppsitjarar).
Foss frå Suldal, f. 1824, bygsla Nedre Bjørnevåg av Gudmund Olson i 1847. I 1861 får han ny bygselsetel av Rasmus Gudmundson.
Bård var gift med Tårunn Øysteinsdtr. Herabakka, f. 1815. Ho døydde i 1869. I buet etter henne vart husa på plassen vurdert til 117 spd. 2 sk. til innløysing av enkemannen. Ho let etter seg barna:
Bård Bårdson gifte seg 2. g. m. Anna Jonsdtr. Gryte, f. 1831.
På Nedre Bjørnevåg fødde dei i 1875 2 kyr, 2 ungnaut og 6 sauer. Sådde 1/8 tn. bygg, 1 ¼ tn. havre og 2 ¼ tn. poteter.
Elles var Bård rokkedreiar av yrke og leverte mange rokkar til huslydane i Jelsa. Han døydde i 1905. Anna Jonsdtr. levde dei siste åra sine i Hestnes der tri andre ugifte søsken av henne budde.
Bård Bårdson var den siste husmann i Nedre Bjørnevåg. Plassen er nå utlagt til beite.
(sjå Østhus i Bygda nr. 14) tok av Øvre Bjørnevåg som folgestykke. Han
og kona flytte seinare til Bergeland.
f. ikr. 1767 i Suldal, kom i 1817 til Jelsa og busette seg i Aradalen u.
Hamra. Kona var Kirsti Olsdtr. truleg
og frå Suldal.
Nils Larsson får bygselsetel på Øvre Bjørnevåg i 1822. Dei bruka plassen til 1830, då flytte dei til ein plass kalla Sletten u. garden Tysse. Budde åg ei tid på Reiphammar. Barn:
Træ u. Høyvik, f. 1802, bygsla Bjørnevåg etter Nils Larsson i 1830.
Same året vart han gift med Borghild
Bjørnsdtr. Bog, 27 år i 1830. Ho var søster til Ingvald Bjørnson som
budde på Haugen u. Tveita.
I 1840 kjøper dei ein part av Berakvam, Naustmyra kalla. Dei flytte då dit. Sjå Berakvam.
Halsnøy i Fister, f. 1811, med kona Oline
Knutsdtr. flytter inn i Øvre Bjørnevåg i 1840. Dei var gifte i 1835 og
hadde då dei kom til Bjørnevåg 3 barn:
I 1846 flytte Ola Jonson med huslyd til Halsnøy for å overta gard der.
f. 1817, son av Tore Tomasson Jelsaneset og Gunla Johannesdtr. Rørtveit,
overtok Øvre Bjørnevåg truleg straks etter Ola Jonson var flytt derifrå.
Johannes var gift med Anna Jakobsdtr. f. 1817 i Imsland. Barn:
Johannes Thorson døydde i 1890. Anna Jakobsdtr. levde på sine gamle dagar
hjå soncn Johan på Mehus i Bygda.
Etter Johannes Thorson var død bruka enka plassen nokre år. Seinare sa ho plassen frå seg, men budde i husa i Øvre Bjørnevåg. Plassen vart nå hausta frå Bjørklund.
Johannes og Anna var dei siste husmannsfolk i Øvre Bjørnevåg.
Stølen ligg aust av Bjørnevåg på Hestneset. Det har nok vore støl der den tid Hestnes var buhagen til øvre og nedre Bjørnevåg.
indre Rødne i Imsland f. 1791, vart i 1825 g. m. Marta Johanna Andersdtr. Vatland, Ombo, f. 1795. Dei budde etterpå
på ein plass u. Nådland ei tid. I 1842 bygsla dei Stølen u. Østhus i
Bygda. Der budde dei til 1845 og flytte då til Isvik u. Marvik. Der døydde
Osmund i 1848. Enka Marta Johanna reiste i 1854 til Amerika saman med barna:
f. 1817 på Mehus i Bygda (sjå der nr. 22 b), vart g. 1844 m. Ingeborg
Torjusdtr. Steinsland i Hjelmeland. I 1845 får han bygselbrev på Stølen
u. Østhusbygda. Ingeborg Torjusdtr. Stølen døydde i 1857 33 år gamal. Ho
let då etter seg barna:
Elling Stølen gifte seg oppatt i 1858 med Torborg Larsdtr. Øvrebø, ho var i 1858 27 år. Gamal vart heller ikkje ho. I 1865 døydde ho 35 år gamal. To søner let ho etter seg:
Elling Johannesson gifte seg 3. gang i 1876 med Siri Osmundsdtr. Beita
u. Marvik.
I skiftet etter Torborg Larsdtr. vart ei røykstova og ein løbygning på Stølen sett til inntekt for buet. Elling Stølen døydde i 1880.
f. 1858 (sjå nr. 40 f.), g. m. Talborg
Knutsdtr. Leite u. Vatland f. 1860, busette seg etter faren på Stølen.
Seinare flytte dei til Jekteberg u. Kjølvik (sjå der).
Flåta u. Framigard (sjå Hebnes nr. 17), f. 1857, bygsla Stølen då han
gifte seg med Johanna Johansdtr. Bjørnevåg
f. 1866, dotter av Torkel Johan Johannesson (43).
Ola Hadleson var soneson av Ola Jonson Bjørnevåg (nr. 32). Barn:
Stølen vart nedlagt som plass. Husa står der ennå.
I Bjørnevåg var det også to små plassar, nærmast hustomter å kalla, heimvist for sjømenn. og fiskarar. Inst i Bjørnevåg, like ved nausta til Østhusbygda, sette Torkel Johan Johannesson opp eit hus.
Marvik, f. 1846, steson til Rasmus Gudmundson Østhus i Bygda og son til
Johannes Johannesson Marvik (sjå Østhus i Bygda nr. 16 b). Han vart i 1865
g. m. Berta Johannesdtr. Mehus i
Bygda. Ho var då 18 år gamal.
Torkel Johan, eller Johan som han kalla seg, var jekteskipper. Han åtte fleire jekter, ei kalla «Sjøblomsten» på 13 c. l. Men i 1873 har han fått seg ny dekksbåt kalla «Farvel.»
Johan Johannesson døydde i ung alder. Han døydde i 1876, 44 år gamal. Enka Berta Johannesdtr. levde i huset til ho døydde i høg alder. I folketellinga 1900 vart det sagt at ho livnæra seg av å veva. Barn:
Tømmermyra budde etterpå i huset. Han var skomakar. Flytte seinare til
Sjernarøy og sist til Finnøy.
budde der etter Enok var flytta. Enka, Karen,
med sonen
Ei dotter,
inst i Bjørnevåg var og heimvist for ein huslyd.
Øspevik u. Tveita, f. 1838, vart i 1865 g. m. Guri Tormodsdtr. Helland i Sand. Han sette seg då opp hus i
Martavika. Njeld Njeldson var sjømann i mange år. Seinare levde han i
Martavika og dreiv småfiske på fjorden og litt gardsarbeid i onnene. Barn:
I 1900 bur Njeld og Guri i Martavika og har ei sonedotter, Gina Ludvigsdtr. f. 1895 i Nedstrand hjå seg. Ho bur nå på Finnøy (1962).
Desse var dei siste som budde i Martavika, eller Vika som det vanleg vart kalla. Husa er rivne og plassen øyde.
Ytst på neset på nordaustsida av Bjørnevåg ligg Hestnes. Heile neset
med Stølen og endå lenger nord vart frå gamalt kalla Hestneshagen og var
buhage for husmennene i Bjørnevåg.
Sandvik u. Fister, f. 1811, vart i 1834 g. m. Inger Eliasdtr. Nyvoll på Jelsa f. 1810. Han hadde før vore dreng
på Jelsa og då han tenkte på ågifta seg bygsla han Hestnes så han hadde
bustaden klar. Bygselbrevet er dat. 2-10 -1843.
Det er mogeleg at Gaute var den første husmann i Hestnes og rydde plassen.
I 1840 flytter huslyden attende til Fister.
Gryte, f. 1833, son av Jon Sjurson Gryte, fester Hestnes seinare. Truleg
låg plassen øyde mellom Gaute Gauteson si tid på Hestnes og til Torgils
Jonson flytte inn.
Torgils var ungkar alle sine dagar. I sine unge år hadde han fare tilsjøs med Gudmund Gudmundson som skipper (sjå 17 c). Seinare hadde han jekt og segla på fjordene. Han rydda nok mesteparten av Hestnes som me kjenner seinare.
I 1900 bur han på Hestnes og har søster si, Johanna f. 1844, til å stella for seg. Ei annor søster, Helga Helena f. 1844, bur der også. Seinare kjem og ei tredje søster, Anna, enke etter Bård Bårdson Bjørnevåg, til bror Torgils i Hestnes.
Hestnes er nå sjølveigande bruk. Eigar nå (1962) er Andreas Berdinesson Bakkane frå Refsbygda.
f. 1811, son av Erik Sveinson og Kirsti Olsdtr. Mehus i Bygda (sjå Mehus i
Bygda nr. 20 e). Erik og Kirsti budde som husmannsfolk på Askviktræ.
Svein Erikson gifte seg i 1837 med Guro Hansdtr., dotter av Hans Jakobson og Boel Ingebretsdtr. Tandranes.
I 1836 hadde dei bygsla Bakkane av Gudmund Olson. Men i 1841 kom Svein Erikson til å falla utfor Tofjellet i Kjølvik og slo seg ihel. Enka Guro Hansdtr. brukar plassen til 1851. Då vart plassen bygsla bort påny. Barn:
f. 1819 på Sanderstykke u. Tveita der mora, Boel Ingebretsdtr., då budde.
Faren var Jakob Larsen Oksebåsen. Lars Jakobson vart i 1851 g. m. Brita
Larsdtr. Fosså f. 1823, dotter av Lars Oddson Fosså.
Lars Jakobson fekk bygselbrev på Bakkane i 1851. Han brukte Bakkane til 1854. Då reiste han med kona og ei dotter, Brita, til Amerika. Lars Jakobson var halvbror til Guro Hansdtr. Bakkane og Guro har truleg butt i Bakkane den tid Lars budde der.
enke etter Svein Erikson (49), får i 1855 påny bygselbrev på Bakkane. I
1875 er det sonen Erik Sveinson som set som husmann i Bakkane. Han kjøpte
Bakkane i 1886. Om Erik Sveinson sjå br.nr. 2 av Østhusbygda (nr. 21).
Plassen ligg inst i Sjøbuhålsvågen, aust eller nord av Bakkane som
plassen nå høyrer til.
f. 1776, son av Ola Ellingson i Mehusbygda (sjå Mehus i Bygda nr. 20 f),
g. m. Guri Olsdtr. Soland, dotter av
Ola Gauteson. Dei busette seg i Sjøbuhåla der Guri Olsdtr. døydde i 1814,
39 år gamal. Ho let då etter seg borna:
Ola Olson gifte seg oppatt i 1815 meld enke Guro Andersdtr. Sørhus i Erfjord. Barn:
Ola Olson Sjøbuhåla døydde i 1849, 70 år gamal. Guro Andersdotter døydde i 1836, 61 år gamal.
f. 1798 i Sand, g. m. Brita Ivarsdtr.
f. 1799, bygsla Sjøbuhåla i 1830. Dei sat med plassen truleg til 1834.
Dei bur seinare på Reiphammar u. Tveita og på Hebnes (sjå husmenn Hebnes
nr. 20).
(sjå nr. 52 b), f. 1810, vart i 1834 g. m. Anna Malena Knutsdtr. Kunes u. Røykjenes f. 1812, dotter av Knut
Mikkelson Kunes. Dei bygsla Sjøbuhåla i 1836. Barn:
Ola Olson bur i Sjøbuhåla i 1875. Då før dei på plassen 2 kyr og 12 sauer, sår 1 tn. havre og 2 tn. poteter.
bur i Sjøbuhåla i 1875. Han bruka ikkje jord, men er vervtømmermann.
Gift 1874 med Berta Tormodsdtr. frå
Helland i Sand f. 1851.
Barn:
Då Bakkane vart seld fylgde Sjøbuhåla med i handelen og plassen har seinare høyrt til Bakkane.
Knut Olson flytte då til Økstrasaga der han var sagmester. Sjå Saga u. Økstra.
Klubben ligg ytst på neset nordaust av Sjøbuhålsvågen.
Nyvoll på Jelsa, f. 1821, vart i 1848 g. m. Eli Tormodsdtr. Bakkane u. Haug f. 1825. Dei bygsla Klubben i 1852.
Huslyden høyrde til mormonarane.
Andreas Eliasson døydde i 1871, 51 år gamal. Eli Tormodsdtr. i 1885. Det var lite jord til dette stykke. Dei sådde i 1875 3/4 tn. poteter. Ikkje noko kretturhald.
Barn:
f. 1828, son av Knut Knutson Slåtta u. Vatland, vart i 1856 g. m. Tårunn
Torsteinsdtr. Gryte f. 1818, søster av Rasmus Torsteinson Gryte frå
Herabakke i Suldal. Dei bygsla Klubben i 1857. Det var plassen Klubben som det
låg jord til. Dei fødde i 1875 ku og 9 sauer, sådde ½ tn. havre og to tn.
poteter Barn:
Mor til Tårunn, Borghild Tosteinsdtr., døydde hjå dei i Klubben i 1870.
Likeeins mor til Andreas, Anna Andreasdtr., i 1876.
Desse var dei siste fastbuande folk i Klubben.
f. 1858, son av Jon Jonson Grytehaugen og kone Marta Hermannsdtr., var g.
m. Anna Laurense Faltindstr. Hebnes
(sjå husmenn på Hebnes nr. 18 og Myra Hebnes nr. 2 og 4). Jon Jonson, eller
Jo som han vart kalla, budde i Klubbestøa som bøkker. Hadde visstnok ikkje
jord. Han døydde i 1888. Enka Anna Laurense Faltinsdtr. vart seinare gift med
Andreas Larsson Myra Hebnes. Barn etter Jon Jonson var sonen Johan Jonson f. 1887, seinare bonde og tømmermann i Myra Hebnes.
Sjå br.nr. 8 av Hebnes nr. 4.
Ein part av fekteberg høyrde til Østhusbygda, resten til Kjølvik.
f. 1874, g. m. Elen Jonsdtr. f.
1868, stedotter til Knut Ånonson Bakkane u. Haug, budde på Jekteberg i 1900.
Martin var hustømmermann. Barn: