Nårstad ligg på Omboheia sør av gr.nr. 5. Nærmaste grannegard er Vatland gr.nr. 7.
Nårstad høyrde til det store gods som Sæbjørn og Tore Toresøner åtte.
Den første av desse brørne budde på Talgje i Sjernarøy, den andre på
Randa i Fister. Tore Toreson døydde visstnok barnlaus, så alt jordegodset
gjekk til ættlingane etter Sæbjørn Toreson på Talgje. Nårstad høyrde til
det gods som dotter til Sæbjørn, Gudrun Sæbjørnsdtr., let etter seg i
skiftet i 1621. Riksarkivar Asgaut Steinnes har i «Ætt og heim» 1956 gjeve
ei utgreiing om godset og ætta etter Sæbjørn Toreson. Eg siterar eit
avsnitt etter han for å syna ættesamanhengen over eigarane av Nårstad.
«Gudrun Sæbjørnsdotter budde i alle fall i 1603 og seinare på Randa. Ho
var gift tre gonger og hadde born med fyrste mannen Hallvord, og den andre
Olav Knutsson på Håland i Jelsa. Olav Knutsson hadde før vore gift med
Margreta Lauritsdotter, syster til Olav Lauritsson på Nesheim. Borna til
Gudrun Sæbjørnsdotter var Torbjørn Hallvordsson på Nårstad på Ombo, Knut
Hallvordsson på Måge i Ullensvang, Torborg Hallvordsdotter som var gift med
Holger Olavsson på Lindang i Skjold (son av Olav Koll på Skiftun), Alv
Olavsson på Skiftun (frå 1624 på Eike i Vats), Sissela Olavsdotter som var
gift med Peder Tormodsson på Foss i Hjelmeland og Marita Olavsdotter som
døydde barnlaus. Gudrun Sæbjørnsdotter var i live sumaren 1613, men døydde
truleg ikkje lenge etter. Frå 1614 finn vi henne ikkje lenger i
skattelistene. Ryfylke tingbok for 26. oktober 1619 opplyser at ingen av dei
to fyrste mennene hennar hadde ått jordegods. Det er vel ikkje heilt rett.
Men det odelsgods som ho let etter seg etter skiftebrevet 9. februar 1621, var
i alle fall hennar eige.»
Asgaut Steinnes reknar opp det jordegods Toresønene åtte og under gard nr. 9 Nårstad på Ombo 1 ½ 1. sm. skriv han at Nårstad var mellom odelsgodset etter Gudrun Sæbjørnsdotter i skiftet 1621. Så langt Asgaut Steinnes.
I skiftet etter Gudrun Sæbjørnsdtr. i 1621 fekk nesteldste sonen Knut Hallvordson mellom anna gods utlagt 1 ½ 1. sm. i Nårstad og 6 m. sm. i Nevøy. I Ætt og Heim* 1955 har J. J. Jåthun ei avskrift av skiftebrevet frå 1621. Det er det same godset som Nils Knutson Nesheim i Sjernarøy set med i 1624. Nils Knutson var gift med ei dotter av Johannes Torsnes i Sunnhordland, Bergitte Johannesdtr. Det kan sjå ut som Knut Hallvordson Måge har makebyta det gods i Nårstad og Nevøy med hans nære frende Johannes Lauritsson på Torsnes. Nils Knutson brukar Nårstad nokre år.
År 1629 på skipreidetinget i Hjelmeland pantset Nils Nårstad 2 pd. sm. i Nårstad til Peder Tormodson Foss for 30 rd. Det er «hans kvinnes gods».
Seinare gjekk Nårstad over til auklandsfolket. Det kan godt vera at Nårstad var gamalt auklandsgods, mor til Gudrun Sæbjørnsdtr. var truleg frå Aukland Asgaut Steinnes: Om ætta til Sæbjørn Toreson på Nord-Talgje i <Ætt og Heim» 1956. og kan ha fått Nårstad som arv. Bjørn Aukland eig garden i 1666.
1 1683 var det skjønn på Nårstad. Det var spørsmål om det kunne -era forsvarleg å leggja meir landskyld på garden. Det var Bjørn Aukland som møtte som eigar av Nårstad. Men han sa frå at to av sønene hans, Ola og Lars Bjørnsøner, åtte garden etter skiftet etter mor deira. Han la og fram eit takseringsbrev dat. Nårstad 3-6 1645 utgjeve av sorenskrivar jens Mikkelsen og 6 lagrettesmenn, der garden Nårstad var sett i 1 1. sm. i skyld.
Skjønnsmennene fann ut at Nårstad ikkje kunne setjast høgare i skyld enn 1 laup smør. Garden var tørrskolta så avlinga ofte svei av, om det ikkje var så mykje regn som i år. Dessutan låg han så høgt at kornet ofte hadde vondt for å verta moge.
I 1698 ankar Per Vatland på at skiftesgarden mellom Nårstad og Vatland ikkje var der han skulle vera. Det vart skjønn her og. Skjønnsmennene fann ut at skiftesgarden sto slik han frå gamal tid hadde stått, ja endå før den tid Bjørn Aukland brukte båe gardar under eit bruk.
Det ser ut til at Lars Bjørnson Sandanger har arva Nårstad i det endelege skifte etter faren Bjørn Aukland. Han bygslar Nårstad i 1704 til son sin, Bjørn Larsson, som betalar førstebygsel som lova baud. Bjørn Larsson flytte straks etter til Jelsa, så han har nok aldri butt på Nårstad. Bjørn Larsson Jelsa arva Nårstad etter far sin. I 1741 sel og skjøter Bjørn Jelsa Nårstad 1 1. sm. til Nils Nessa for 99 rd. Men sonen Lars Bjørnson kjøper garden igjen i 1758. I 1764 sel og skjøter han Nårstad til brukaren Askild Thorson. Frå den tid er brukarane på Nårstad sjølveigarar.
Nårstad høyrde frå gamalt av til Hjelmeland skipreide og Jelsa sokn. Etter matr.utkastet 1723 er Nårstad på 1 1. sm. Høyrer militært til sjølegda. Har skog til brenne. Tung å vinna. Sæbjørn sår 3 ½ tn. og haustar 15 tn. korn. Før 1 hest, 12 kyr og 18 sauer.
Det gamle matr.nr. var 61. I 1838 får garden matr.nr. 94, ny skyld 2 dl. 2 ort 23 sk. I matr. 1851 nytt matr.nr. 51. Det er først i denne matr. at Nårstad vart oppført under Jelsa. Garden vart overført til Jelsa då heradsgrensene vart sette i 1839 etter formannskapslova var komen.
I matr. 1886 vart garden ført opp under Jelsa med gardsnr. 6, løpenr. 109. Etter siste matr. 1906 gardsnr. 6 bruksnr. 1.
I 1735 fører futen opp under Nårstad : Leiglendingsskatt 3 rd.,
proviantskatt 2 ort, munderingsskatt 2 ort, leidang 1 geitskinn verdi 1 ort, 3
kalvskinn verdi 1 ort og 4 skilling i pengar.
I 1875 før dei på Nårstad 1 hest, 1 okse, 5 kyr, 6 ungnaut, 65 sauer og 1 gris. Sår 6 tn. havre og 5 tn. poteter.
Førebuingsarbeidet til matr. av 1886 som tok til så tidleg som 1862, har om Nårstad: Sår 7 tn. havre og haustar 36 tn., 4 tn. poteter og haustar 25 tn. Har hest, 6 kyr, 4 ungnaut og 70 sauer. Innmarka verdsett til 608 spd. Derfrå går det frå 64 spd. for langt frå sjø og veg. Beitemarka vart sett til 297 spd. Skogen til 99 spd. Vassfall til 15 spd. Tilsaman 955 spd.
var son av Gudrun Sæbjørnsdotter. Torbjørn kom til Nårstad truleg ikr.
1600. Han hadde fått gavebrev på Nårstad av mor si. I 1611 er han saman med
Morten Bandeberg og Eivind Nådland med å rusta ut ein soldat.
Torbjørn Nårstad var gift, men me kjenner ikkje namn på kona. Ekteskapet var barnlaust. Men han hadde fleire barn utanom. I sakefallsprotokollen 1615-16 har me
«Torbjørn Nørrestad for leiermaal
hand med en fremit løsz quinde i hans Egteskab haffuer begaaet, er af hans
yderste Formue sonit for pengh 10 daler.»
Vissnok hadde Torbjørn 3-4 barn og måtte stadig ut med store bøter. Men til hans lukka hadde han då ikkje fått arven etter mor si.
I skiftet etter mor si Gudrun Sæbjørnsdtr. i 1621 leverar han gavebrevet sitt inn i buet. Han får ikkje noko i Nårstad, men derimot 2 laup smør i Randa og 2 pund 6 mark smør i Kåda.
Torbjørn Halvardson bur på Nårstad til ikr. 1624. Truleg flytte han då til Randa.
son av Knut Nilsson Nesheim i Sjernarøy, og dotterson av Sissel
Sæbjørnsdtr. søster til Gudrun Sæbjørnsdtr., kom til Nårstad ikr. 1624.
Han står som eigar av Nårstad i 1624, men det er nok kona hans sitt gods.
(Sjå framanfor om Nårstad) Nils var gift med Bergitte
Johannesdtr. Torsnes.
Nils Nårstad nemnd i lensrekneskapen til ikr. 1633. Han bur seinare på Torsnes i Jondal.
bur og skattar av garden i tida 1629-1633. I saka mot Stein Jelsa, lensmannen som hadde tatt skjenk og gaver, vitnar Gunnar Nårstad i 1629: «Lunder Norrestad bekjende å ha levert Steen Jelse i seneste skatt i Anders Hansen sin tid ½ rd., hvilket Steen bekjende å ha fått.»
er og nemnd i lensreknskapn i 1633. Det ser ut til at det nå er komen to
brukarar på Nårstad med ½ 1. sm. på kvar.
nemnd i lensreknskapen 1633, 1636 og 1639. Dei to siste årstal er han
nemnd åleine på Nårstad. Det er mogeleg det er den same Gaute som i 1617
bur på Seltveit.
nemnd i matrikkelen frå 1649.
f. ikr. 1616 brukar halve Nårstad i 1664. Har då ingen søner.
f. ikr. 1620 brukar andre halvpart av Nårstad i 1664. Har då to søner:
Den yngste av sønene er ikkje nemnd i manntalet 1666, så han døydde truleg som barn.
Truleg er Svein og jens Ellingsøner to brør som har bygsla Nårstad saman.
f. ikr. 1660 på Vatland på Ombo, son av Sivert Pederson Vatland, brukar
½ 1. sm. i Nårstad i 1701. Han har då ein son,
Han bur på Nårstad også i 1706, men i 1711 er dei flytte frå Nårstad.
f. ikr. 1670 i Suldal, truleg på Steine, brukar også ½ 1. sm. i 1701.
1 1706 bur han på Fosså i Hjelmeland. Flytter seinare til Tjeltveit på Ombo. Det er skifte etter Halvar Olson på Tjeltveit i 1722. Enka er Helga Godskedtr. Barn:
Paul Olson Steine er formyndar for 3 av barna, Nils Jakobson Kleppa for dei andre 3.
frå Setesdalen f. ikr. 1666, overtek som lotbrukar etter Halvar Olson
straks etter 1701. I 1706 har han sonen Knut
5 år gl. fødd på Nårstad. I 1705 får dei tvillingane
Ein son,
Torleif Nårstad og kona er grl. same dagen 16. juni 1709.
overtek i 1709 Torleif Kjetilson sitt bruk. Hjelmeland skipreideting 25.
november 1709:
«Sæbjørn Halvarson som har tjent
som soldat lot tinglyse sitt bygselbrev på ½ 1. sm. i Nårstad, bygslet av Margrete Jensdtr. Ytre Sandanger.»
I 1711 får han også bygsla bruket etter Helge Sivertson (nr. 9). Hjelmeland skipreideting 1711: .
«I like måte ble tinglyst en
bygselseddel hvoruti Margrete Jensdtr. sal. Lars Bjørnsens Ytre Sandanger
etterleverske bygsler og fester til den dannemann Sæbjørn Halvarsen ½ 1.
sm. i Nåstad til den ½ 1. sm. i
Nårstad som han forhen har i bruk, som han til kommende vår skal ta i
bruk.»
Sæbjørn Halvarson brukar frå 1711 heile Nårstad og garden vart ikkje seinare delt.
Sæbjørn Halvarson var g. m. Magnhild Ormsdtr. Det er skifte etter Sæbjørn i 1726. Han er grl. ¾ 1726. Barn
Kristen Bergeland er formyndar for barna. Enka Magnhild Ormsdtr. gifter seg i 1727 med Ola Eivindson.
g. m. enka Magnhild Ormsdtr. brukte
Nårstad til ikr. 1740. Ola Eivindson var truleg frå Bjerga på Ombo.
f. 1713 bygslar Nårstad 1 1. sm. ikr. 1740. Han var gift ikr. 1740 med
dotter til Bjørn Larsson Jelsa, eigaren av Nårstad, Anna Bjørnsdtr. Dei brukar Nårstad til han i 1757 overtok
farsgarden på Hebnes. (Sjå Hebnes, Framigard. )
f. 1710 på Norheim i Sjernarøy, var son av Ingebret Mikkelson Foldøy.
Mikkel hadde før bruka halve Foldøygarden, men då oberst Fasting kjøpte
Foldøy bygsla Mikkel Nårstad i 1757, og budde der til 1763. I 1740 vart
Mikkel gift med Malena Knutsdtr. Atletveit.
Dei var søskenbarn. Mikkel Ingebretson budde seinare på Nortveit i
Nedstrand, på Ile og Vormestrand og hamna tilsist på Skiftun. Derfrå er han
grl. i 1797, 87 år gamal. Barn:
frå Sauda, son av Thore Honganvik, bygsla Nårstad i 1763 Året etter
kjøper han garden av Lars Bjørnson Jelsa for 300 rd. Skjøte dat. 29. juni
1764. Askild Thorson vart i 1765 g. m. Brynhild
Gudmundsdtr. Aukland.
Askild Nårstad vart grl. 6. jan. 1785. I skiftet etter han lever 3 søner:
Enka Brynhild Gudmundsdtr. gifter seg i 1793 med Jon Rasmusson Vestersjø. Ho let då sonen Gudmund overta Nårstad.
f. 1767, får skjøte av stefar og broren Ola Askildson i 1793. Han vart i
1792 g. m. Dorte Ingebretsdtr. enke
etter Bjørn Johannesson Løland i Sjernarøy. Dorte var frå Forus i Hetland
og lengta attende dit. Gudmund Askildson sel difor Nårstad i 1802 og flytter
til Forus. I 1811 prøver han likevel å ta Nårstad igjen på sonen Askilds
odelsrett. Det vart ikkje noko av det. Barn dei hadde då dei budde på
Nårstad:
Etterslekt bur endå i Hetland.
kjøper Nårstad i 1802. Skjøte dat. 19. okt. Jon Jonson vart 1800 gift
med enke Eli Sofie Haldorsdtr. på
Kleiveland i Hjelmeland. Dei budde eit par år på Kleiveland, men måtte då
overlata bruket til eldste son til Sofie Haldorsdtr.,
Jon Jonson var frå Tøtlandsvik, Eli Sofie Haldorsdtr. frå Øvrehus i Fister. Rudolf Dreyer: Sukka-ætta nr. 753.
Jon Jonson sel Nårstad i 1819 til Samson Olson Øie for 800 spd. og folga.
Jon Jonson døydde i 1824, 49 år, Eli Sofie Haldorsdtr. i 1832, 76 år gamal.
f. ikr. 1786, son av Ola Sjurson Sør-Øie og visstnok soneson av Sjur
Bjørnson Kaltveit. (Sjå Kaltveit 8 b). Samson vart i 1820 gift med Brønla
Johannesdtr. f. 1784, dotter av Eli Sofie Haldorsdtr. (18) og l.mann
Johannes Paulson Kleiveland. Brønla fylgde med mor si til Nårstad. Barn:
Samson Nårstad døydde i 1870.
f. 1821, g. 1851 m. Anna Paulsdtr.
Breivik f. 1831, truleg dotter til Paul Johannesson Kleiveland som budde i
Breivik. Johannes og Anna er då søskenbarn. Johannes får skjøte på
Nårstad ikr. 1855. Dei bur på Nårstad i 1875. Truleg var dei barnlause. I
1884 skjøter han garden til Eivind Person Askvik i Hjelmeland for 4 400 kr.
og folga. Anna Paulsdtr. lever som enka og folgekona på Nårstad i 1900.
Det var hjå Anna og Johannes Nårstad Lars Haldorson Sandvik f. 1852 vaks opp. Han reiste til U. S. A. Soneson hans er den nå så kjende flygeneral og sjef for Natostyrkane i Europa Laurits Norstad.
f. 1847, son av bonde Per Aslakson og Gunla Eivindsdtr. Askvik i
Hjelmeland, g. m. Brita Olsdtr. Eikås
i Sauda. I 1900 er han enkemann. Barn
i 1900:
1. Ein husmann med litt jord bur på Nårstad i 1801. Det er Jakob Rasmusson, Nordnes, Jelsa, då 26 år, er kalla skysskaffardreng, g. m. Mari Persdtr. Kaltveit, 26 år 1801.
2. Nils Nilsson og Ragnhild Torgilsdotter. (Sjå Vatland 13.)
bur her i 1875.