NÅDLAND, gardsnr. 9.

Nådland ligg nord for Bjerga gardsnr. 8 og når til sjøen på nordsida av Ombo. Mot vest grensar garden til gardane i Sjernarøy, Rørheim og Jørstad, mot aust til Bergeland gardsnr. 10.

I D. N. IV side 149 år 1324 står at Sæbjørn Helgeson gjev Nådland på Ombo til Domkyrkja i Stavanger. Det me seinare kjenner om Nådland er at garden for det meste er odelsgods. I Jelsa er det ein annan gard som heiter Nådland, oftast kalla prestegards Nådland då garden var benefisert Jelsa-presten. Det er mogeleg at det kan vera ein feil i det gamle diplom, og at det er denne garden som er gjeven til Domkyrkja i Stavanger.

I 1617 er eigetilhøva oppgjevne såleis: Thierre (Tjerand) ibm. 2 pd. sm., Laurits Sandt 4 m. sm., Knut Lehranger 10 m. sm., Børell Røgelstad 5 m. sm., Oluf Alstvedt 4 m. sm., Halvard i Bøgden 1 pd. sm. Her vantar det 13 m. sm. om garden då vart rekna til 1 ½1. sm. Men då den gamle skyld på Nådland vart rekna både i smør og korn, kan dette vera ei feilrekning då dei har rekna alt over i smør.

I 1624 er Tjerand Nådland med kvinne oppført med 1 pd. sm. 4 ½ sprn. korn. Stesonen Laurits med 1 pd. 1 ½  m. sm., andre steson Torgils 1 pd. 7 ½  m. sm., Anders Foldøen 1 pd. sm. (det same som bror hans Halvard i Bøgden har i 1617).

I 1628-29 (offiserskatten) er Nådland oppgjeven til 1 1. sm. ½  pd. korn = 1 ½  1. sm.

Elles er eigetilhøva på Nådland nær knytt til brukarane, så me skal under brukarane koma attende til ymse stridigheter om eiga, bygsel, kjøp og sal av eigedomen eller deler av han.

I 1649 finn me eit manntal over heile, halve og øydegardar i Ryfylke. Statholderarkivet, Riksarkivet. Avskrift Rudolf Dreyer. Om Nådland står det: Nødeland, 1 1. sm. ½  pd. korn, odelsgods og odelsmennene eier bygselen. Enken bruker 1 1. sm., Ole ½  1. sm.

I 1668 matrikkelen: Nødeland matr.nr. 44, 1 1. sm. ½ pd. korn. Sår 6 tn. korn. Før 2 hestar og 18 naut. Brenne og nøtteskog til «fornødenhet.» Aktes god for: Landskyld 1 ½ 1. sm., leidang 1 bukkskinn og 1 geitskinn, tiende 6 spri. korn, småreidsla 12 skilling.

I matr.utkastet 1723: Nådland 1 ½ 1. sm. Sjølegd (militært). Ein husmannsplass Låvik og ein Haugen kalla. Truleg same som Hagen. Har brenneved og ei flaumkvern. Eit uvisst fiskeri. Tung å vinna. Ole sår 5 tn. og haustar 29 tn. korn. Før 1 hest, 13 naut og 24 sauer. Torgils Låvik sår ½ tn. og haustar 3 tn. korn. Før 2 naut og 6 sauer. Ellef Haugen sår ½ tn. og haustar 3 tn. korn. Før 2 naut og 6 sauer. I dette matnutkastet vart det gjort framlegg om å leggja på garden 18 m. sm. Men då dette utkastet grunna stor motstand frå bøndene aldri vart nytta, fall dette bort.

I 1830 vart Hagen utskild som eige bruk av Nådland. Men først i 1837 får son nr. 2 på Nådland, Berge Bergeson, skjøte på bruket. Bruket vart skyldsett til 1 pd. sm.

Matr. 1838: Nådland matr.nr. 72, løpenr. 166a, Johannes Bergeson, 3 pd. 12 m. sm., ny skyld 4 dl. 4 ort 1 sk. Løperir. 166b 1 pd. sm. ny skyld 1 dl. 1 ort 21 sk. Tilsaman 6 dl. 22 skilling.

Matr. 1851: Nådland nytt matr.nr. 54, løpenr. 117 og 118.

I førebuinga til matr. 1886, som tok til i 1863, vart Nådland verdsett såleis: Nådland matr.nr. 54, løpenr. 117, eigar Faltin Nådland, sår 7 tn. havre og haustar 42 tn., 5 tn. poteter og haustar 35 tn. Før 1 hest, 9 kyr, 5 ungnaut og 50 sauer. 35 mål med åker og ekrer, 65 mål slåtteland. Innmarka verdsatt til 721 spd. Derifrå vart trekkt 20 spd. for lite nydyrkning. Men lagt til 162 spd. for at garden var lett åkoma til og frå, og 160 spd.

fordi garden var lettbrukt. Tilsaman vart innmarka sett i 1023 spd. Beite sett til 253 spd., skogen til 440 spd. Tilsaman for utmarka 693 spd. For vassfall på garden 10 spd. i tillegg. Heile bruket sett i 1725 spd. Framlegg om 4 dl. 108 skilling i skyld.

Løpenr. 118 (Hagen), eigar Berge Nådland. Sår 4 tn. havre og haustar 20 tn. 4 ½ tn. poteter og haustar 25 tn. Før 3 kyr, 1 ungnaut og 30 sauer. 4 1/2  mål åker og ekrer. Verdsett til 186 spd. Ein husmannsplass langt frå bruket med 8 ½ mål jord vart verdsett til 49 spd. For lett å koma til og frå eit tillegg på 41 spd. Eit frådrag på 20 spd. for bruket var tungbrukt. Innmarka nettoverd 256 spd. Beite verdsett til 72 spd., skogen til 110 spd. Heile bruket verdsett til 440 spd. Framlegg om 1 dl. 30 sk. i skyld.

Resultatet var matr. 1886: Nådland gardsnr. 9 bruksnr. 1 eigar Hans Jonasson Kaltveit, matr.skyld 7,85 mark.

Br.nr. 2 Hagen, eigar Ingvald Johannesson, matr.skyld 2,1 mark.

Matr. 1906: Nådland gardsnr. 9 br.nr. 1, Salomon Salomonson, 7,85 mark. Br.nr. 2, Bjørn Bjørnson, 2,01 mark.

I 1875 er det ingen husmannsplassar u. hovedbruket, men to plassar u. Hagen: Myra og Tobbis.

Ein part av Nådland, ei stor myr opp av Lavik, vart i gamle dagar kalla Låva, truleg eit svert gamalt namn. Denne parten vart i dette hundraåret utskild til eige bruk, br.nr. 3 av Nådland.

Brukarar.

1. Jon på Notland

betalar i 1519 30 mark sølv i skatt. Han bur og betalar skatt av Nådland også i 1521 og 1522.

 

2. Svein Nådland

bur der i 1563. Betalar det året 1 dl. i skatt.

 

3. Eivind Nådland

kjenner me meir til. Me finn han på Nådland i 1602, men han må vera avliden før 1617, då er Tjerand gift med enka hans komen til gards.

I 1619 12. februar var det stemnestova på Nådland. 6 lagrettesmenn møtte opp og skulle skifte det faste gods etter Eivind Nådland og første kona:

«Eivind Nådland og Jorunn Alvsdtr. de åtte tilsammen dette etterskrevne odelsgods: I Nådland ½ 1. 3 m. sm. 8 spand korn, i Høyvik ½ pd. sm., i Helgeland ½ 1. sm. 1 vett korn, i Frøvik 4 ½ m. sm. Tils. 3 ½ pd. 7½  m. sm. og 14 spand korn.

Etter fornevnte Jorunns frafall er godset lignet og bytt i tvende parter mellom forne Eivind og begge deres sambårne datter Maritta Eivindsdtr. som Knut Iversen har hatt til ekte. Er på hver part smør 1 ½ pd. 9½ m. flyter ½ m., korn 7 spand.

Eivind har bekommet sin part i Nådland ½ 1. 3 m. sm. 7 spand korn, i Høyvik 6 m. sm., i Frøvik ½  m. sm.

Maritta Eivindsdtr. har bekommet sin i Helleland ½ 1. sm. 1 vett korn, i Nådland 1 spand korn, i Frøvik 4 m. sm. Flyter overalt ½ m. sm.

Fornevnte Eivind inngifte seg annen gang med Maritta Reiersdtr. De åtte tilsammen dette etternevnte odelsgods : I Nådland smør ½ 1. 3 m. Korn 7 spann, i Høyvik 6 m. sm., i Bjerga 20 m. sm., i Hausken på Finnøen 2 sp. korn. Summa smør 2½ pd. 6 m. Korn 9 spand.

Etter fornevnte Eivinds frafall er fornevnte gods lignet og bytt i tvende parter mellom forn Maritta Reiersdtr. på den ene, deres sambårne børn Torgils og Laurits Eivindssønner og hennes stifdatter fornevnte Maritta Eivindsdtr. på den annen side, er på hver part smør 1 pd. 9 m. flyter 1½  m., korn 4½  spand.

Når børnenes halvpart byttes dem imellom i fem søsterparter kommer på hver brerpart 13 m. sm., på søsterpart 7 m. sm., korn på hver brorpart 1 ½ spand 7 m., på søsterparten når henne bevilges ½ m. korn like med brødrene, 22 m.

Fornevnte Maritta Reiersdtr. tar forbemeldte sine tvende sønners parter til sig inntil de kommer til deres myndige år og alder etter Norges Laug. Og etterdi der hitinntil har begivet seg stor irring og trette Maritta Reiersdtr. og Knut Iversen imellem av den årsak forn Knut formedels et brev som er gjort etter sal. Eivinds ord skal ville tilholde seg all Høyvik. Mot hvilket hun og fremlagde et annet brev tvert derimot, og ingenlunde ville miste sin og sine børns halvpart i forn Høyvik for husetømmer skyld til noen forfaldne huse som fantes der på gården.

Etter hvilken leilighet dem er tilrådd en venlig forlikelse, hvilken de og har inngått i så måte at Knut Iversen på sine børns vegne har bevilget Maritta Reiersdtr. og sine børn den halve part imot seg i Høyvik som er 6 m. sm. Og sin avgangne hustrus odelspart skal han ha årligen til de 6 m. sm. i Høyvik, i Nådland 6 ½ m. sm. 22 bismermark korn.

Og etterdi Tjerand Nådland har med trette her anvendt omkostning på forvervet en laugmanns kostholdsdom over forn Knut Iversen i denne sag som nu skulle være påsagt, da har de samtligen derimot latt deres søkning og tiltale imot Knut Iversen falle, samt og hva på hans anpart kunne komme i åbotsfall, så de på begge sider lovede med full håndebånd at trette nu skal være en forlikt sag dem imellem, upåtalt av dem eller deres arvinger. Og hvis brever de på enten sider har imot hinannen latt gjort etter sal. Eivinds ord om Høyvik, de skal være døde og maktesløse på begge sider og ikke komme enten partene til behjelp, hinder eller skade a noen måte.»

Etter dette var barna til Eivind Nådland:

a.Maritta Eivindsdtr. g. m. Knut Ivarson, budde på Lerang i Høgsfjord, seinare på Onarheim i Sunnhordland. Maritta er død då odelsskiftet sto på Nådland i 1619.
b.Torgils Eivindson.
c.Laurits Eivindson, bønder ei tid på Nådland.

 

4. Tjerand Pederson
vart gift med enka etter Eivind, Maritta Reiersdtr. Tjerand var bror av Elling Pederson på Jelsagarden. Dei bruka Nådland mens sønene til Eivind var umyndige. Laurits fekk halvparten av garden etter gåvebrev frå mor hans Maritta Reiersdtr. i 1636.

Tjerand Nådland var utsending frå Jelsa til lagtinget i Stavanger i 1619. Var elles ofte domsmann både på skipreidetinget og fjerdingstinget. Truleg døydde han ikr. 1643. I 1644 er det enka som skattar av Nådland.

1 1625 måtte Tjerand Nådland betala ei bot på 20 rd. fordi «han haver ligget med Birgitte Lauritsdtr. uanseet han haver sin ectequinde.»

Med kona hadde truleg Tjerand ingen barn.

 

5. Torgils Eivindson

(sjå nr. 3 b) får ein part av Nådland ikr. 1625. I 1621 stemner futen Anders Hansen Torgils Nådland inn til tinget «for han hadde beligget Birgitte som tjente hans moder.» Men Birgitte var av god ætt og slektningane hennar møtte opp på tinget og vart så forlikt med Torgils at han skulle gifta seg med henne, så skulle hennar slektningar gje henne ei passeleg medgift. Stein Jelsa ga 12 rd., Kristen Bårdson 3 rd., Eiluf Sivertson 4 rd., Sævat Sivertson 4 rd., Gøya Fjetland 4 rd. og son hennar Johannes Fjetland 1 rd. Då var Birgitte nærmast eit godt gifte å rekna for, og hennar ære var redda.

I 1634 kom han igjen i ulukka: «Torgils Nådland kom uti leiermål med hans søskenbarn og nu med henne bortrømte, hans etterlatte gods under Ko: Ma: og beløp seg ad skyld og gjeld var betalt til 41 rd. 16 skilling.»

Det var m. a. jordegodset i Nådland 1 pd. 7 ½   m. sm. og 3 m. sm. i Høyvik som tilfalt Kongen.

Dermed er Torgils Nådland ute av sagaen.

 

6. Laurits Eivindson

(sjå nr. 3 c) overtok broren Torgils sitt bruk av Nådland. Han får kjøpe det godset som Torgils hadde ått i Nådland. Det var fru Margrete van der Lühe som skjøter på Kongens vegne i 1635. Sjølv åtte han etter arveskiftet i 1619 1 pd. 1 ½  m. sm. i garden. Dessutan fekk han eit gåvebrev av mor si Maritta Reiersdtr. i 1636. Truleg var det hennar gods i Nådland Laurits fekk lovnad på.

I 1645 står han oppført som brukar av heile garden. Laurits må vera død mellom 1645 og 1649. Det siste år er enka oppført som brukar av 1 1. sm. i Nådland. ½ 1. sm. brukar i 1649 Ola Ormson Drarvik.

Truleg hadde Laurits Eivindson berre ein son,

Eivind Lauritsson.

Laurits Eivindson pantar bort mesteparten av godset i Nådland. Det var gamle Ola Haug som held han med pengar og fekk pant i Nådland i staden. I skiftet etter han åtte han 2 pd. 6 m. sm. i Nådland, d. v. s. halve garden, men 1 pd. sm. av desse hadde han, Ola Haug, kjøpt av Anders Foldøy som igjen hadde kjøpt det av bror sin Halvar i Bygden. Sjå innleiinga om eigetilhøva i 1617.

 

7. Ola Ormson

f. ikr. 1615 i Drarvik i Sand, gift med Berit Gunnarsdtr. Åserød, får bygsla ½ 1. sm. i Nådland før 1649. Seinare får han bygsla heile garden. Det var Torgils Brommeland (som arving etter Ola Haug) og Ivar Knutson Åserød som hadde fått Ola Ormson inn på Nådland. Alt tyder på at Ivar Knutson er son av Knut Ivarson Lerang-Onarheim (sjå nr. 3 a). Ivar Knutson hadde to pantebrev på Nådland på tilsaman 1 pd. 6 m. sm. 5 spann korn. Ivar Knutson hadde og ein kontrakt med Eivind Lauritsson (6 a) om bunestaden i halve Nådland på hans livstid. Ivar hadde åg betalt 20 rd. til mor til Eivind for at ho skulle avstå sitt bruk til Ola Ormson. Saka var den at Ivar Knutson var gift med enka i Åserød og Ola Ormson g. m. stedotter hans. Men Ivar hadde lova Ola Ormson å ta han inn i Åserød i fall han vart dreven frå Nådland.

I 1654 vart kravet reist om odels- og bunestadretten til Nådland av Eivind Lauritsson. 3-4 år etter flytter Ola Ormson til Åserød. (Sjå Indre Åserød).

 

8. Eivind Lauritsson

(sjå nr. 6 a) gjer i 1654 krav på åseteretten til Nådland og stemner inn Ola Ormson (nr. 7) til målstemne på Nådland. Han legg her fram at han er rette odelsmann til Nådland etter som hans far, farfar og forfedre «på fedrenes side denne gård i utenkelig lang tid besittet og fulgt haver.»

Retten kom til same resultat, Eivind Lauritsson hadde utan tvil odelsretten til Nådland, men han er ennå ung og ugift så dei denne gongen ikkje vil døma Ola Ormson ut av garden, «men denne post beror til lovlig søkning etter odelsbolken kap. 5, så skal derom nest Guds hjelp handles hva rett er.»

Eivind Lauritsson gifter seg 1655 med Ragnhild Eielsdtr. Nesheim i Sjernarøy. Han stemner då påny inn Ola Ormson i 1655. Lagrettesmennene tel Ola Ormson til å forlika seg med Eivind, elles vil han utan tvil verta utdømt av garden og må flytte derfrå innan året.

«Thi blev Ole og betr. Eivind med hverandre nu så her for retten i Eivinds tilkommende værfader Eiel Nessems nærværelse således med handerband venlig forlikte: at Eivind halvparten i Nådland straks skal innrømmes, den annen halvpart skal Ole i de 4 nest etterfølgende åringer beholde og besitte, men ei lenger. Skal seg derfra etter betr. 4 års forløp forføye og innen den tid av uvillige dannemenn imellem handles hva og hvor meget han skal ha til avførsel.»

Eivind skulle betala attende førstebygsla av Nådland 20 rd. Dessutan 10 rd. i avstand. Eivind kom til å sitja tungt i det økonomisk og vart tilsist forlikt med Ola Åserød om å betala 10 rd. så skulle ikkje Ola krevja meir av han.

Elles var det ikkje så lett for Eivind å betala landskylda til eigarane, der Ola Haugs arvingar var dei største. Eiel Nesheim fekk tilslutt eit forlik i stand og lova betala landskylda for mågen sin Eivind Nådland. I 1660 pantset Eivind Nådland 2 ½ pd. sm. 3 spri. korn til Daniel Hapnes (eller Fosen) for 150 rd. Dessutan hadde Daniel lånt han 40 rd. som han hadde Eivinds handskrift på.

Men Eivind Nådland prøver likevel å løysa inn gods som før hadde høyrt Nådlandsfolket til. Såleis gjer han krav på odelsretten til ½ pd. sm. i Høyvik som Ola Haug hadde kjøpt av hans ættlegsfolk. Eivind ville løysa det inn når tida var lagleg. I 1662 prøver han på å løysa inn 6 m. sm. i Høyvik som Ola Haug hadde kjøpt av Ivar Åserød. 6 rd. legg han på bordet, men Tormod Høyvik meinte han var ikkje rett stemnd til tinget og saka vart utsett. To år etter er Eivind avliden.

Ein son hadde Eivind og Ragnhild som me kjenner til,

Knut Eivindson f. 1655.

Han er grl. ved Sjernarøy kyrkje 14. mars 1738. Presten skriv i kyrkjeboka:

«Gravlagt Knut Eivindsen Eik, barnefødt på Nådland i Jelsa år 1655 av foreldre Eivind Lauritssen og Ragnhild Eielsdtr. Døpt a hellig 3 foldighets navn. Bodde hos sin morfar på Nessem i 24 år, kom i Kongens tjeneste 12 år som soldat, 4 år som matros. Gift 1. g. m. Ane Josefsdtr., bodde med henne i 4 år, avlet med henne 2 barn, en gutt og en pige som nu er i Guds gjemme. Et år etter gift med Margrete Mikkelsdtr. 9 barn, 2 døde, 7 lever. Bodde på Bergsagel i Høle i 4 år. Levet i denne verden 86 år 6 md.»

Enka etter Eivind Lauritsson gifter seg oppatt i 1665 med Torbjørn Klengson.

 

9. Torbjørn Klengson

f. på Løland i Sand ikr. 1624, kom i 1665 til Nådland gift med enka Ragnhild Eielsdtr. Ho var ei ovmodig kvinne. Ho vart stemnd til tinget av gamle Nils Bjerga i 1659. Ho hadde på kyrkjebåten heim frå kyrkja vore stygg i munnen mot kona hans. Det tok til med noko krangel mellom mannfolka som sat og rodde. Det smitta over til kvinnfolka bak i båten, Siri Bjerga, kona til Nils, skifte ord med Ragnhild Nådland. Ragnhild hadde nok kome med ein merknad til Siri sine klær. Då svara Siri: Du treng ikkje vreka og snakka om mine klær. Eg får ikkje mine så lett som du får dine. Ragnhild svara: det laug du som ei hora. Dermed slo ho Siri i munnen så ho blødde. Ragnhild laut bøta for dette. Ein skjerpande grunn var at ho same dag hadde vore til Herrens bord. Retten meinte at den som hadde gått til alters skulle i allfall halda fred med folket på kyrkjebåten heimover same dagen.

Torbjørn Klengson og Ragnhild bruka Nådland til ikr. 1675. Dei lever seinare på Venja i Sjernarøy hjå foreldra til Ragnhild. Truleg var dei barnlause. Sonen Knut som Ragnhild hadde med første mannen sin, voks opp hjå morfar sin og kom aldri til å gjera krav på Nådland. Dermed går denne gamle Nådlandsætta ut på Nådland. Nådland går over til Aukland og Fisterfolk.

Bjørn Aukland tingles i 1671 eit pantebrev utgjeve av Annfinn Høyvik på ½ 1. 3 m. sm. 3 ½ spd. korn i Nådland. Annfinn var dotterson av Ola Haug og hadde arva godset i Nådland saman med brørne sine.

Bjørn Aukland let i 1678 tinglesa eit avstandsbrev på 81/2 spd. korn 1 pd. 9 m. sm. i Nådland som Daniel Fosen hadde selt han for 100 rd.

Bjørn Aukland let 1674 forkynna eit pantebrev på bunestaden i Nådland av Peder og Eiel Venja pantsett for 31 rd. Likeeins eit avstandsbrev på garden til bruk utskrive av Torbjørn Klengson der Torbjørn kvitterar for garden som gard for seg. Torbjørn Klengson skal ha 48 rd. for å overlata garden til Bjørn Aukland.

Dermed eig Bjørn Aukland heile Nådland og bunestadretten til same.

 

10. Ola Bjørnson

Aukland får av far sin Nådland til bruk. I 1675 er han kalla Ola Nådland, så truleg er det det året han tok Nådland i bruk. Kor lenge han sat på Nådland veit eg ikkje. Han vart seinare g. m. enka på Foss i Hjelmeland og flytte dit. 2. g. var han g. m. enka etter Orm Olson Fister og budde då på Fister. I 1694 tingles lensmann Ola Bjørnson Fister eit skjøte frå Knut Eivindson (sjå nr. 8) på odelsretten til Nådland som Ola Bjørnson eig.

Truleg sette Ola Bjørnson inn lotbrukar på Nådland. I 1701 bur Ola Nilsson på Nådland, 46 år gl.

 

11. Ola Ormson

Fister f. ikr. 1678 var steson til Ola Bjørnson og odelsarving til eine Fistergarden. I 1704 skriv han kontrakt med stefar sin:

«hvorved Ole Ormsen der er eneste søn og odelsberettiget etter hans far Orm Olsen, når moren Anna Oddsdatter dør, overdrager til stilfar Ole Bjørnsen bruksretten til 3 1. sm. i Fister midtre for hans livstid, mot at han bøgsler Ole Ormsen gården Nådland og halvparten av hatland. Datert 24. nov. 1704, tgl. 1705.»

Ola Ormson flytte til Nådland i 1705. Då stefaren døydde ikr. 1721 flytter Ola Ormson til Fister og var lensmann i Hjelmeland skipreide.

Ola Ormson var 1. g. g. m. Sissel Olsdtr. Norheim i Sjernarøy, dotter av Ola Larsson Norheim frå Jørstad.

Det er skifte etter Sissel Olsdtr. i 1722. Ho er då kalla «fornemme kvinne.» Barne hennar var:

a. Ola Olson f. 1707, truleg død som barn.
b. Orm Olson f. 1709, g. m. Inger Johanne Hjelm, busett Bjelland i Fister.
c. Børge Olson, bonde Nådland, sjå nr. 12.
d. Anna Olsdtr. f. 1714, g. m. Bjørn Nilsson Hovda.
e. Per Olson f. 1717, busett Jørstad, seinare Talgje.

Ola Ormson vart 2. g. g. m. Siri Sveinsdtr. Fister.

 

12. Børge Olson

f. 1711 vart i 1732 gift med Kirsti Jensdtr. Aukland etter ein kontrakt mellom Ola Ormson og Jens Aukland. Dei var tremenningar og måtte ha kongeleg løyve til å gifta seg.

I skiftet etter Ola Bjørnson Fister hadde Jens Aukland arva halvparten av Nådland etter farbror sin. Han ville då få bygselkontrakten på Nådland frå 1704 til Ola Ormson kjent ugyldig. Jens Aukland var eldste brorson til Ola Bjørnson og meinte seg nærmare til å få bygsla Nådland enn Ola Ormson. I lagtingsretten tapte Jens Aukland, ville då søkja saka inn for overhoffretten. Men for å spara stor kostnad og anna vondt som kunne fylgja ein slik prosess,

            «har vi etternevnte Ole Ormsen Fister og Jens Gudmundsen Øchland inngået en venlig kontrakt og en uryggelig forlikelse og nytt makeskifte som består i etterfølgende poster således: at jeg Ole Ormsen Fister, lensmann for Hjelmeland skiprede, kjennes og

hermed for alle vitterliggjør at jeg med min egen fri vilje, velberåd hu og sinn, har inn­gået en venlig kontrakt og forening samt makeskifte fra meg og mine arvinger dette mitt tilforn tilskiftede odelsgods / : som er på Omboden a Jelse skiprede : / nemlig den halve del uti ovenbemeldte gård Nådland skylder årligen landskyld smør ½ 1. og korn 1 vett, og det imot den halve del i Nordre Mønster i Bergenhus len, skylder årligen landskyld korn 3 vetter o. s. v.» - - - «og til dess fastere forsikring og fornøyelse på begge sider har jeg lovet og tilsagt bemeldte Jens Øchland hans hustru børn og arvinger, at nyte og skal ha av meg fra Nådland årligen fra dato 1722 5 tn. havrekorn 8 spand i hver tønne, og det så lenge en av mine sønner som eier blir voksen og til manns skal inngå / : om Gud så behager : / et venlig ekteskap med en av Jens Øchlands døtre, hvem Gud dertil har beskikket, og antage gården Nådland og bo der og bruke all gården så lenge jeg lever foruten bøgsel og landskyld både av meg og Jens Øchland, og etter min død skal de flytte til Fister, såsom eldste søn vedbør etter loven, dog deretter å ha fri rett og tilstand både de, deres børn og arvinger, både til gods og bunestaden i Nådland med all dets tilliggende herlighet som før meldt. Men dersom min søn ikke skulle ville etterleve sin faders løfte å inngå et venlig ekteskap med Jens Øchlands datter, som dog ikke formodes, da skal Jens Øchland, hans børn og arvinger ha fri rett og tilstand til bunestaden i bemte Nådland, og gifte seg med hevm hun val og deretter nyte, bruke og beholde gården Nådland med bøgsel og herlighet til evindelig odel og eiendom fritt og frelst, uhindret og upåanket av meg og mane arvinger i alle måter. Øchland 14. januar 1722.

 

Ole Ormsen Fister                    J. G. Øchland.»

 

Det var nok Orm Olson som skulle gifta seg med dotter til Jens Aukland. Han vart det ikkje, for Orm gifte seg med prestedottera i Hjelmeland. Det var Børge Olson som måtte påta seg det.

Børge Olson kom truleg til å overta Nådland ikr. 1732. I 1732 makebyter han med eldste bror sin Orm Olson 3 vett korn i Nådland og 2 vett korn i Nordre Mølstre i Fjære mot 32 2/5 m. sm. i Søre Bjelland i Fister, 15 ? m. sm. i Nordre Mølstre og 63 m. sm. i Breiland i Hjelmeland. Dette jordegodset hadde dei arva etter mor si. Orm Olson kom til å bu på Bjelland der han døydde i 1736.

Børge Olson og Kirsti Jensdtr. hadde berre ei dotter,

Brynhild Børgesdtr. f. 1734 (sjå nr. 14).

Børge Olson døydde i 1743. Skifte 14. juni 1743. Enka Kirsti jensdtr. gifter seg oppatt med Torkel Olsom Mjølhus.

 

13. Torkel Olson

Mjølhus f. 1704 på Skår i Hjelmeland, gifter seg med enka Kirsti jensdtr. Kirsti døydde i 1749. Med Torkel Olson hadde ho døtrene:

a.Rannveig Torkelsdtr. f. 1745, seinare g. m. Haldor Gunnarson Mjølhus.
b.Sissel Torkelsdtr. f. 1746, seinare g. m. Hans Hansson Rosså.
c.Kirsti Torkelsdtr. f. 1748.

Torkel Olson brukar Nådland til 1751. Då bygslar han l ½  1. sm. i Mjølhus og flytter dit. Han døydde i 1765.

 

14. Svein Sveinson

Fister f. ikr. 1728 vart i 1753 g. m. jordagjenta på Nådland Brynhild Børgesdtr.

Dei åtte i 1755 1 1. 15 ¾ m. sm. i Nådland. I 1759 får han skjøte på resten 20 ¼ m. sm. Dei hadde frå 1753 brukt heile garden.

Brynhild Børgesdtr. døydde i 1794, 61 år gamal. Skifte etter henne 7. januar 1795. Barna ho let etter seg var:

a.Berge Sveinson f. 1766, sjå Nådland nr. 15.
b.Svein Sveinson f. 1769, bonde Erøy, g. m. Torborg Andersdtr. Ringa.
c.Kirsti Sveinsdtr. f. 1760, g. 1785 m. Anders Andersson Ringa, busett Indre Nessa i 1801.
d.Eli Sveinsdtr. f. 1763, g. m. Berge Haldorson Ø. Fister.

Elles var det to barn Kirsti og Eli som døydde i 1759 og 1763.

I skiftet vart dette jordegodset verdsett: Ås i Jelsa 1 ½ l. sm. verdsett til 180 rd.

Meland i Hjelmeland 1 1. sm. verdsett til 160 rd. Nådland 1 ½ 1. sm. verdsett til 300 rd.

Svein Sveinson døydde same året (1795) 66 år gamal.

 

15. Berge Sveinson

f. 1766 fekk skjøte på Nådland av faren i 1788. I 1791 vart han gift med Sissel Johannesdtr. Bergeland f. 1773.

Då Berge Sveinson skjøtte garden over til eldste sonen Johannes i 1831, tok han unna og fekk utskift som eige bruk Hagen som sonen Berge skulle ha. Dette bruket, br.nr. 2, fekk ved skyldsetningen 1 pd. sm. i skyld. Berge Sveinson brukte dette bruket sjølv til 1834, men Berge Bergeson fekk skjøte på det samstundes som Johannes fekk skjøte på hovedbruket i 1831.

Berge og Sissel levde deretter som folgefolk. Dei døydde nær innpå same tid. Han i 1848 og ho i 1949, skifta er slegne saman og avslutta i 1850. Dei barn dei då let etter seg var:

a.Johannes Bergeson f. 1795, bonde Nådland.
b.Svein Bergeson f. 1798, g. 1. g. m. Kari Olsdtr. Helle, 2. g. m. Anna Tomasdtr. Ø. Bjerga, Sjernarøy.
c.Brynhild Bergesdtr. f. 1792, g. m. Gudmund Baustad, Nedstrand.
d.Berge Bergeson f. 1805, g. 1828 m. Inger Thorsdtr. Jelsa, busett Hagen.
e.Åge Bergeson f. 1807, busett Bø.
f.Marta Bergesdtr. f. 1812 var død i skiftet etter faren.
g.Orm Bergeson f. 1816, budde på Røykjenes, sjå der nr. 25.

 

16. Johannes Bergeson

f. 1795 fekk i 1831 skjøte på hovedbruket 1 1. 12 m. sm. for 600 spd. og folga til foreldra. I 1824 vart han gift med Margrete Larsdotter Barkeland f. 1801. Dei budde dei første åra i Hagen.

Johannes Bergeson var sekretær i bygdeselskapet som Landhusholdningsselskapet skipa i Jelsa i 1830 åra med prost Knutsen som den drivende kraft. Frå 1846 til 1847 var han ordførar i Jelsa. Han døydde i 1847. Kona Margrete Larsdtr. fekk premi for vevnad av Landhusholdningsselskapet. Det var vadmål ho vov og prøvene ho sende inn ligg nå på stadsarkivkontoret i Stavanger.

Etter mannen var død får enka Margrete lov å sitja i uskifta bu. Men i 1853 gifte ho seg med Faltin Gudmundson Aukland. Då skifte ho med barna sine:

a.Marta Sissela Johannesdtr. 22 år, då i Amerika, død 1871 barnlaus.
b.Inger Johanne Johannesdtr. 20 år, g. m. Jonas Ommundson Jørstad, i Amerika i 1871.
c.Johanne Margrete Johannesdtr. 17 år, g. m. Ove Torgerson Kjølvik, reiste til Amerika der han fekk farmen til emigrantpioneren Cleng Person.
d.Laurense Oline Johannesdtr. 15 år, g. m. S jur Ommundson, var i Amerika i 8171.
e.Birgitte Sissela Johannesdtr. f. 1837, g. i Amerika.
f.Svein Johannesson f. 1844, bonde Nådland.

 

17. Faltin Gudmundson

Aukland f. 1814 g. m. enka Margrete Larsdtr. Nådland, brukar Nådland til ikr. 1871. Det året vart det skrive ut folgebrev til han og kona av Svein Johannesson Nådland. Men Svein døydde straks etter og Faltin tek garden attende, betalar i 1873 2 700 spd. for garden.

På Jelsa haustting 22. oktober 1884 vart det tgl. skjøte frå Faltin Gudmundson til Hans jonasson Kaltveit på matr.nr. 54 løpenr. 117 Nådland av skyld revidert 4 dl. 3 ort 12 sk. Unntatt i handelen eit i seinare tid oppført våningshus og ein løbygning som framleis skulle høyra seljaren til. Kjøpesum 10 800 kroner og folga verdsett i 5 år til 1200 kroner.

Margrete Larsdtr. døydde i 1896. Skifte etter henne i 1899. Faltin Gudmundson døydde i 1890. Alle arvingane etter Margrete var då i Amerika.

 

18. Svein Johannesson

f. 1844 døydde som ungkar i 1871. Han hadde i skiftet etter faren i 1853 fått heimel på Nådland, skulle betala 818 spd. 118 sk. Garden overtok han ikr. 1870. Då han døydde året etter vart det i skiftet etter han vedteke at garden skulle utleggjast til nærmaste odelsarving søstersonen Ommund jonasson for 2 000 spd. Ei utekvern og ei sjøbu vart fråtrekt og verdsett til 15 spd. 2 ort 12 sk.

Ommund Jonasson var med far sin i Amerika, mor hans, Inger Johanne, var då død. Elles var han berre eit barn, 9-10 år gamal. Han kom aldri til å overta Nådland. Garden gjekk til auksjons og Faltin Gudmundson (sjå nr. 17) kjøpte garden.

 

19. Hans Andrias Jonasson

Kaltveit (sjå Kaltveit nr. 19 og 21) f. 1845 kjøper Nådland av Faltin Gudmundson i 1884. Hans Andrias hadde før hatt eit bruk på Kaltveit. Nådland hadde han til 1890. Sel då garden og flytter til Røykjenes.

Hans Andrias var g. m. Marta Eline Jonasdtr. Seltveit f. 1858, sjå Seltveit nr. 15. Barn:

a. Jonas Hansson f. 1878, bonde Røykjenes.
b. Johan Severin Hansson f. 1880.
c.Karen Olava f. 1882, g. til Skartveit.
d.Jonas f. 1884, busett Sjernarøy.
e.Syvert Johan f. 1887, U. S. A.
f.Martin Andreas f. 1889, busett Røykjenes.

Marta Eline Jonasdtr. døydde på Nådland i 1890. Hans Andrias sel då garden og flytter til Røykjenes.

 

20. Tore Halvorson
Halsne får skjøte på Nådland gardsnr. 9 br.nr. 1 i 1890. Han set med garden til 1896. Då sel han til Salomon Salomonson.

År 1896 9. juli er det overutskiftning mellom Nådland og Nådlandshagen. Underutskiftning året før. Samstundes skulle ein gå over skiftene med Bjerga, Vatland og Bergeland.

Det må vera son hans som kallar seg

Henry Toreson Nådland g. m. Mallin Gudmundsdtr. Aukland.

Likeeins ei dotter

Berta Sofie Toresdtr. g. m. Ola Gudmundson Aukland.

Båe desse para reiste til Amerika.

 

21. Salomon Salomonson

Helgeland på Ombo f. 1857 kjøper Nådland i 1896. Han var då heime frå Amerika, men hadde ein farm derborte. Kjøpesurren 9 000 kroner skulle delvis betalast ved at Tore Halsne skulle overta farmen hans i Amerika. Skjøte dat. Jelsa 21. okt. 1896.

Salomon var gift med Liva Osmundsdtr. frå Kleiveland i Hjelmeland f. 1870. Dei bur på Nådland i 1900, har då desse barna heime:

a.Tobias Salomonson f. 1893.
b.Salomon f. 1896.
c.Osmund f. 1899.

Etter 1900:

d.Lina.
e.Johan.
f. Ola.

Barn elles var

Martin Salomonson f. 1904 som seinare hadde br.nr. 1.
Berdines Salomonson som seinare hadde br.nr. 5 (Låva).

Tobias Salomonson hadde seinare br.nr. 3 av Nådland, g. m. Elen Marie Alveskjær f. 1892.

Hagen, Nådland, bruksnr. 2.

Hagen, eller Nådlandshagen som plassen oftast vart kalla, er truleg ein gamal plass, men ikkje serskilt nemnd før 1720. Truleg er plassen ofte brukt under garden.

 

22. Eileff Knutson

bur der i 1720. Han hadde før brukt Bandura u. Bandeberg (sjå Bandura nr. 2). Han var suldøl. Flytte visstnokk seinare til Fister.

 

23. Helge Olson

brukar Hagen i 1758. Han er då 49 år og kona Berta Eliasdtr. 54 år. To barn:

a. Børge 10 år i 1758.
b. Gjertrud 14 år.

Helge Olson med huslyd flytte til Buer, sjå Buer nr. 10.

 

24. Peder Hagen

har ei dotter Borghild til dåpen i 1772.

 

25. Osmund Hagen

fadder i 1777.

 

26. Ola Olson

f. 1737 vart i 1770 g i Hjelmeland m. Helga Ellingsdtr. Ho var dotter av Elling Aslakson Østsedberg og Åsa Pedersdtr. Dei budde først på Jørstadneset, men flytte til Hagen u. Nådland ikr. 1785. På jørstadneset hadde dei barna:

a. Ase f. 1776, død truleg som barn.
b. Ase f. 1779, lever i 1801 på Nordre Tysdal i Årdal.
c. Anna f. 1783.
d. Helga f. 1787 i Nådlandshagen.

I 1801 bur Ola Olson og Helga Ellingsdtr. på ein plass u. Svadberg i Årdal.

 

27. Peder Pederson

f. ikr. 1768 bur i Hagen i 1801. Han vart i 1792 g. m. Brita Pedersdtr. Atletveit f. 1768. Peder var soneson av sokneprest Friis i Suldal. Bror hans Jonas Friis budde på Vatland. Barn:

a. Asgjerd Pedersdtr. f. 1793.
b. Peder f. 1797.
c. Peder f. 1799.
d. Jon f. 1803.
e. Jon f. 1805.
f. Torborg f. 1808.

Jon Pederson (e) skal seinare vera flytt til Karmsund der det skal vera etterslekt. Men her må gjerast den merknad at i skiftet etter ein ugift bror av Peder Pederson står det at Peder Pederson Nådlandshagen berre let etter seg ei dotter, Asgjerd. Er det rett må Jon Pederson i Karmsund vera ætta frå ein annan Peder Hagen. Jon Pederson hadde i Karmsund ein son f. utanfor ekteskap og såleis ikkje arving.

 

28. Hans Torbjørnson

bygslar Hagen i 1821 av Berge Sveinson Nådland. Vilkåra for bygsla var at han skulle fø for Berge 2 gjeldkrettur og 1 vetrung. Slå for 2 rd., arbeida elles årleg 6 dagar i vårvinna, 2 dagar i slåtten og 2 dagar i skuronna, alt utan betaling.

Hans Torbjørnson kom frå plassen Gardal u. Fevoll då han i 1821 flytte inn i Hagen. Kona var Mallin Olsdtr. Begge var 35 år i 1821. Barn fødd i Jelsa:

a. Anna Hansdtr. f. 1821.

Dette var vel dei siste husmannsfolk som budde i Hagen.

 

29. Berge Bergeson

(sjå Nådland nr. 15 d) får i 1831 skjøte av far sin på Hagen. Matr.skylda vart sett til 1 pd. sm. og Berge skal betala 200 spd. og folga for bruket.

Berge Bergeson vart i 1827 g. m. Inger Thorsdtr. Jelsa, dotter av Thore Thorsen Jelsa. I 1829 er Berge kalla strandsitjar og jekteførar på Nordnes. I 1834 flytter dei inn i Hagen.

Inger Thorsdtr. døydde i 1840. Skifte etter henne i 1845. Hagen vart då verdsett til 430 spd.

I 1845 gifter Berge seg med enka på Fuglestein Marta Olsdtr. frå Sandvik. Ho døydde i 1881.

Berge Bergeson sat med bruket til 1872. Då skjøter han Hagen over til Åge Olson Kyle for 400 spd. og folga. Etter ny matr. var skylda då 1 dl. 1 ort 21 sk.

Berge døydde i Vikedal i 1886 85 år gamal. Han let då etter seg barna: I 1. ekteskap

a.Thor Bergeson f. 1831.
b.Sissela Bergesdtr. f. 1829, g. m. Andreas Olson Skjeldbred, busett Vikedal.

 

30. Åge Olson

Kyle f. 1842 var gift med Marta Thorsdtr. f. 1840 i Sauda. Dei bur der i 1875, men har då ingen barn. Dei før på bruket 3 kyr, 1 ungnaut og 20 sauer. Sår 1 ½ tn. havre og 2 ½ tn. poteter.

I 1879 sel dei hagen til Ingvald Johannesson Tandrevoll for 2 800 kroner og gamal folge. Ein Åge Olson kjøper i 1883 eit bruk av Tandrevoll, kanskje er det same mannen.

 

31. Ingvald Johannesson

f. ikr. 1855 brukar Hagen ei tid frametter, men det var heller smått for han. Det var gjelda på garden som var tung. I 1884 tek dei 1 ku, 2 kviger, 1 kalv og 3 sauer frå han ved eksekusjon for gjeld til Berge B. Nådland. Det var rentene, 89,34 kr., som ikkje var betalt. I 1886 sel han bruket til Bjørn Bjørnson Sandvik i Erfjord for 2700 kroner.

Ingvald Johannesson var gift med Elen Serine Hansdtr. f. ikr. 1841. Barn f. i Jelsa:

a.Marta Birgitte f. 1878.
b.Elen Johanna f. 1881.
c.Karen Serine f. 1883.

 

32. Bjørn Bjørnson

f. 1861 i Sandvik, Erfjord, var gift med Rasmine Larsdtr. Jårvik f. 1866. Dei set med bruket i 1900 og har då barna:

a.Bjørn Bjørnson f. 1886.
b.Lars Bjørnson f. 1887.
c.Johanna Bjørnsdtr. f. 1889.
d.Rasmus Bjørnson f. 1892, seinare bonde i Hagen, g. m. Ingeborg Byrkja i Årdal.
e.Bernhard Bjørnson f. 1894, grosserer i Stavanger.
f.Marie Bjørnsdtr. f. 1897.
g.Ola Bjørnson f. 1898, bonde Kaltveit.
h.Severin Bjørnson f. 1900, var lenge handelsstyrar i Vikedal.

Etter 1900: i. Henning, j. Karen, k. Hanna, 1. Birgit.

Matr.skylda på garden var i 1906 2 mark 1 øre.

 

Låvik u. Nådland.

Låvik er ein gamal plass. Men me kjenner ikkje namn på brukarane før 1701. Husmennene var ikkje så ofte nemnt i skattelistene og lagrettesmann kunne berre den vera som bruka matrikulert jord.

 

33. Torgeir Gunsteinson

f. ikr. 1650 i Setesdal, bur i Låvik i 1701. I sjømilitært manntal frå 1706 står det at han har ein son

Torgeir Torgeirson som bur på Øvrebø i Nedstrand.

Dette er ein son av eit tidlegare ekteskap. I 1698 vart han gift 2. g. m. Marta Sveinsdtr. Ei dotter

Anna døypt i 1699.

Ola Bjerga stemner Torgeir Låvik til tinget i 1705. Torgeir hadde fare hardhendt fram mot Ola og «skudd ham mot jorden«Torgeir mødte i rette og formedelst hans fattigdom og ringe vilkårsskyld som en husmann avsonet han med sakefallspakteren med 2 rd.»

Den Torgjus som bur i Låvik i 1723 er truleg den same. Han sår då ½ tn. og haustar 3 tn. korn. Før 2 naut og 6 sauer.

 

34. Ådne Annfinnson

bur som husmann i Låvik etter han med huslyd flytte frå Buer, sjå der nr. 5.

 

35. Navar Navarson

truleg son av Navar Johannesson Lie, budde i Låvik i 1720 åra. Barna

a. Ingrid og
b. Siri er døypt derfrå i 1725 og 1728. Budde seinare i Sponevik u. Bergeland og tilslutt på Tednes i Erfjord.
c. Gunnar og
d. Nils som seinare budde i Økstrafjorden er truleg også sønene hans.

Elles er det ei dotter

e. Gunla som i 1758 tenar på Fuglestein.

Søstera Siri er då gift med Jakob Johannesson Eskedalen u. Fuglestein.

 

36. Ola Njellson

51 år med kona Kirsten Eylersdtr. 50 år bur i Låvik i 1758. Seinare bur dei i Barkeneset u. Barkeland. I skiftet etter kona der i 1770 er ho kalla Ellen Eylersdtr. Sjå Barkeneset

 

37. Halvar jakobson

Rørheim f. ikr. 1737 vart i 1768 g. m. Ingeborg Pedersdtr. Håla (Jelsa) f. ikr. 1740. Dei bur i Låvik i 1769. Dei budde seinare på Musland og Sørtveit i Nedstrand. Kjenner berre to av barna:

a. Berta f. 1769.
b. Per f. 1779. Truleg mange fleire.

 

38. Ingebret Toreson

visstnok son av Tore Pederson Hauskeneset på Finnøy, var i 1771 g. m. Dorte Ormsdtr. Sandanger. Flytte seinare til Sandanger. Ein son

Tore f. i Låvik i 1771.

 

39. Syvert Larsson

g. m. Marta Nilsdtr., dotter til Nils Rasmusson Barkelandsberget. Syvert og Marta flytte seinare til Barkelandsberget der Marta døydde i 1786. Sjå Barkelandsberget.

 

40. Anders Torgerson

Fatnes i Sand, f. 1720, g. m. Marta Andersdtr. Ørland i Sand, bur i 1763 i Låvik. Dei hadde før butt på Ombo, Tandreneset og Jelsaneset. Det er skifte etter Marta Andersdtr. i Låvik i 1763. Barn i skiftet:

a. Solveig 14 år.
b. Ingeborg 10 år.
c. Marita 8 år.
d. Svein 6 år og
e. Torger 2 år. (Sjå Jelsaneset 37).

 

41. Levard Levardson

Assjøen i Erfjord, f. ikr. 1750, vart i 1773 g. m. Ingrid Jakobsdtr. Vikestranda. Ho døydde i 1781 på barnseng 45 år gamal. Ein son

a. Levard f. 1776 i Gullsmedvika i Erfjord.

Levard Levardson gifter seg oppatt i 1781 m. Kari Klausdtr. Kyle som då var enke. Dei buset seg på Stampen u. Hetletveit. Tilslutt budde Levard Levardson på Træet u. Høye i Avaldsnes, der g. 3. g. m. enka Ragnhild Henriksdtr. f. 1771. Ragnhild var dotter til Henrik Solberg i Sjernarøy, hadde før vore gift med Tore Larsson frå Nesheim i Sjernarøy.

 

42. Mikkel Mikkelson

68 år i 1801, kona Anne Danielsdtr. var då 66 år. Dei hadde før butt i Søre Knutsvik, Buer og Røykjenes. Anne døydde i Låvik i 1814 76 år gamal. Sjå elles Kunes u. Røykjenes nr. 5.

 

43. Daniel Danielson

Klungtveit i Nedstrand f. 1780, g. 1815 m. Marta Torbjørnsdtr. Søre Skiftun f. 1783. Mor til Daniel Klungtveit var Torborg Jakobsdtr. Hebnes Oppistov. Daniel og Marta hadde først ein plass u. Fevoll i Hjelmeland, men flytte til Låvik og bygsla plassen i 1818. Det er skifte etter Marta Torbjørnsdtr. i 1828. Barn:

a. Daniel 9 år.
b. Anna 12 år, død 1835.
c.Torborg 4½ år, død 1830.

Daniel Danielson g. 2. g. m. Siri Paulsdtr. Barn med henne:

d.Marta f. 1828.
e.Inger f. 1831.
f Nils f. 1833.
g.Torborg f. 1834.
h.Anne Serine f. 1837, g. 1862 m. Ola Thorson Flåtene i Hjelmeland. i. Paul Johan f. 1840, død 1841.

Daniel Danielson døydde i 1857, 77 år gamal. Det er mogeleg han var siste husmann i Låvik. I 1875 er Låvik ikkje nemnd.

Myra u. Nådlandshagen.

Dette er truleg ein ny plass. I 1875 bur Gudmund Gudmundson med kona Johanna Villumsdtr. der. Han hadde før butt på Vatland på Ombo. Sjå elles Vatland nr. 31. Gudmund før i 1875 1 ku og 15 sauer, sår 1 1/8 tn. havre og 2 tn. poteter.

Tobbis u. Nådlandshagen.

Er truleg også ein ny plass. Der bur i 1875 Johannes Oddson, husmann utan jord, matros. Kona Ragnhild Eivindsdtr. I 1900 bur dei i Bergagjerdet. Sjå Bergagjerdet nr. 5.