MEHUS I BYGDA, gardsnr. 15.

Garden grensar til Tveita i vest, til Østhus i Bygda i aust og nord. Utmarka mot nord er skogsmark med bra skog. Innover heia åtte dei ikkje. I ei tvist mellom Østhus i Bygda og Hebnes om heiabeite i slutten av 1600 talet vart det sagt at Mehus leigde stølsbeite av Kjølvik på Bakkebustøl.

Mehus var geistleg gods. I 1668 er garden 1 ½ 1. sm. benefisert Stavanger skule, men seinare benefisert Kristiansand skule og kapellani.

Leidangen på garden var 4 kalvskinn og 4 skilling.

Det har ned gjennom tidene vore sumtid ein, sumtid to-tri oppsitjarar på Mehus. Tunet låg der som Torgerstunet nå ligg. Jorda, åker og eng, var delt mellom oppsitjarane, ein åker her og ein åker der. Framleis er ikkje all jorda samla meddi ein åker på vel 1 mål som høyrer vestre bruk til, ligg midt inne i beste jorda til austre bruket.

I 1690 vart åker og eng skift mellom dei to oppsitjarane som då budde der:

«Den 26. mars 1690 ble retten betjent på Mehus i Jelsa skibrede av etterskrevne lagrettesmenn : Hadle Hamre, Johannes Åserød, Kleng Marvik, Simon Foldøen, Ole Olsen Soland og Isak Bratland. Overværende Ko: Ma: fogd Fredrik Tønder samt ærlig og forstandig mann Wibolt Jæger, forvalter og ombudsmann over fornevnte gård Mehus.

Da for oss fremkom oppsitterne på Mehus, Peder Jonsen som til i dag hadde i rette citeret hans granne Osmund Knudsen, med foregivende at såsom han sig her i gården 1 løb smør har tilbøgslet, formener han sig uti aker og eng samt husene på gården imot betreffne hans granne Osmund Knudsen som bruker ½ løb smør, etter landskyld bol å være misholden. Trar derfor nu av oss begjærende at vi dem retteligen ville imellem ligne og dele som rett og forsvarlig kan være på begge sider.

Da på det fred og enighet forn. te tvende granner imellem kunne stiftes, så ikke noen av dem skulle forurettes eller skje forkort, ble de innbyrdes med hinanden således venlig og vel forlikte, nemlig at Peder Jonsen skifte og delte all gårdens tilliggende aker og eng i trende like gode parter. Derav tilkårede Osmund Knudsen sig den ene part hvoruti ligger disse etterskrevne akre

Myrakeren ved den store steen, begge Dugnerakre, item Dugnerakerflekke, Hampeflekke, Kålgårdflekke, Ildhusakeren, Knuneakeren og to små flekke som ligger under Myrakeren. Og formedelst det arbeide som Osmund har anvendt på akrene ble han av Peders anpart tillagt tvende små akre, den ene kalles Hamreflekken og den annen kalles Skodækren. Angående engen da ble de 2de granner derom med hinannen således forlikt at Osmund beholder den dal som ligger nest Østhus ifra et apaltre og så samme dal alt oppigjennem til fjellet. Bredden på ommeldte engstykke er fra skiftesbekken som løper mellem Østhus og Mehus og i enden på den myraker som hører Osmund til. Nok tilkommer Osmund et stykke eng som ligger vestenfor husene imellem bekken og smaleveien på den øvre side ad gangstien imot bøgaren. Ennu tilhører Osmund et engestykke liggende ifra Tveitaskifte ved bekken og imot Østhusskifte og oppover marken oppad Arsdalen. Så Peder Jonsen tilkommer derimot all den øvrige part i jorden både aker og eng.

Om husene på gården ble de så forlikte at Peder Jonsen beholder gårdsløen og Osmund derimot beholder den annen løe, til hvilken løe Peder Jonsen med arbeide og to vett tak skal være Osmund behjelpelig den å forbedre.

Hva som nøtteskogen og fellesbeite er angående da nyter enhver av dem deruti etter landskylds bol.

På hvilken deres nu for retten gjorde forlikelse de tok hverandre venlig i hånd.»

I matr. 1649: Mehus i Bygda 1 ½ 1. sm. Geistligheten eig godset og har bygselretten. Oppsitjarar: Håvard, Henrik og Ola, med 1/2 1. sm. på kvar.

I matr. 1668: Mehus matr.nr. 47, 1 ½ l. sm. Høyrer til Stavanger skule. Sår 4 ½ tn. korn. Før 18 naut og to hestar. Kvernstad. Har brenneskog til husbehov. Ligg inneklemt. Står som før i landskyld 1 ½ 1. sm. I leidang 3 geitskinn. Tiende 4 ½ spann korn. Småreidsla 12 skilling.

Etter matr.utkastet 1723: Mehus 1 ½ 1. sm. landskyld. Ein støl. Skog til husberging. Per sår 4 tn. og haustar 20 tn. korn. Før hest, 13 naut og 18 sauer.

I matr. 1838: Mehus, nytt matr.nr. 78, ny skyld 3 dl. 1 ort 12 skilling. Ola Olson brukar alt.

I matr. 1851 får Mehus matr.nr. 60, løpenr. 141, 142, 143 og 144. Skylda den same som i 1838.

Ved førebuinga til ny matr. som tok til i 1863 vart Mehus, som då hadde 3 oppsitjarar, vurdert såleis:

            Løpenr. 141, eigar Johannes Torgilson, skyld 1 dl. 1 ort 3 skilling. Sår 2 ½ tn. havre og haustar 12 tn. 2 tn. poteter, haustar 14 tn. Før 3 kyr, 1 ungnaut og 12 sauer. 5 ½ mål åkerland, 23 ½ engslåt. Innmarka vurdert til 195 spd. Tillegg for lett å koma til 21 spd. Beite 72 spd. Skogen 66 spd. Vassfall 5 spd. Heile bruket vurdert til 360 spd. Framlegg til ny matr.skyld 1 dl. 3 sk.

            Løpenr. 142 og 143: Eigar Torbjørn Olson, gl. skyld 2 ort 20 sk. Sår 1 ½ tn. havre, haustar 7 tn. 2 tn. poteter, haustar 10 tn. Før 2 kyr, 1 ungnaut og 10 sauer. 4½ mål åkerland, 13 ½ mål engslått. Innmarka vurdert til 133 spd. Tillegg for lett å koma til 16 spd. Beite 50 spd. Skogen 22 spd. Vassfall 3 spd. Heile bruket vurdert til 225 spd. Framlegg til ny matr.skyld 77 skilling.

            Løpenr. 144: Eigar Halvar Olson, gl. skyld 1 dl. 2 ort 13 skilling. Sår 2 ½ tn. havre, haustar 14 tn. 2 tn. poteter, haustar 14 tn. Før 3 kyr, 1 ungnaut og 12 sauer. 5 ½ mål åkerland, 16 ½ mål engslått. Innmarka vurdert til 205 spd. Tillegg for lett å koma til 21 spd. Tillegg for lett å vinna 21 spd. Beite 106 spd. Skogen 88 spd. Vassfall 5 spd. Heile bruket vurdert til 445 spd. Framlegg til ny matr.skyld 1 dl. 32 sk.

Resultatet var matr. 1886: Mehus gardsnr. 15 br.nr. 1 Torine Mikkelsdtr. 1 mark 64 øre. Br.nr. 2 (løpenr. 142 og 143) Torbjørn Olson 1 mark 3 øre. Br.nr. 3, Torger Torgerson, 2 mark 3 øre.

I 1841 vart garden delt i to like deler, eit søre og eit nordre bruk. Jorda vart då samla for kvart bruk sånær som ein åker som låg på det nordre bruk, men høyrde til det søre bruk

«Til den søndre part ble henlagt halvdelen av en aker kallet Flåten, der ganske ligger på den nordre part, og ble delt mellem partene ved en linje der går tvers gjennem akeren fra vest til øst og mellem de nedsatte stene. Denne aker ble ved linjen delt i den nordre og søndre del, hvorav den nordre tilfaller den søndre jordepart og den søndre til den nordre jordepart.»

Om vegar, kvernstad, beite, gjerdehold og husa på garden vart det vedteke:

«

a.Veiene som er benyttet fra før brukes av begge parter. Likeens nyter Ole Olsen fri vei til sin halvdel av Flåteakeren.

b. Bjørn Bjørnsen skal ha rett til i den over Ole Olsens part løpende bekk å oppføre kvernhus.

c. Ingen av partene, ifølge kreaturbeitets ringe beskaffenhet i utmarken, må dersteds på samme tid ha mer enn 3 - tre-kjør på beite.

d. Gjerde skal vedlikeholdes av begge parter.

e. At gårdens huse, der bestå av en sengebo, et gammelt tømret hus uten tak (never), en løbygning med iværende tømret fjøs, et annet tømret fjøs, et smalehus, en vedskut og et ildhus, deles således at de to førstnevnte tillikemed fjøset i løen blir eiendom for Bjørn Bjørnsen. Men selve løen hans og Ole Olsens felles eiendom. Og blir sistnevnte reqvirent eier av de øvrige foranførte huse, dog således at begge parter skulle ha felles taket (never) på vedskuten og den på samtlige 7 huse værende taksten.

Det anmerkes at alle disse huse såvelsom et nylig av Ole Olsen opp bygget stuehus, er stående på Bjørn Bjørnsens tilskiftede halve gård, og forplikter Ole Olsen sig til å utflytte de ham tildelte huse innen st. Hans­

dag neste år 1842, og hans sist ommeldte nye stuehus innen st. Hansdag året deretter.»

I 1843 vart utskift frå søre bruket eit bruk skyldsett til 14 m. sm. og i 1846 eit bruk utskift frå nordre bruket skyldsett til 17 m. sm. Desse to bruk som er austre parten av Mehus, vart slegne saman og kalla Hammaren.

I naudåret 1812 gjev oppsitjaren Elling Olson opp 30 tn. korn hausta det år. Han gjev opp at han har såkorn nok, men ingen ting å selja til kornmagasinet.

Brukarar 1600-1700.

1. Gunnar på Mehus

legg i 1563 ½ dl. i skatt.

 

2. Torgaut Mehus,

vanlegvis kalla Torgaut i Bøgden, er nemnd som brukar av Mehus frå 1602. Me finn han i lensrekneskapen fram til 1647. Han må vera avliden før 1649. Me finn han òg i odelsskattemanntalet 1624, då eig han ½ pd. sm. i Helganes i Suldal. Frametter alle år han sat som bonde på Mehus i Bygda var han nytta svært ofte som domsmann på skipreidetinget og fjerdingstinget. Han var elles ein av dei som herr Markus på Jelsa nekta å vitna til bate for Stein Jelsa på tinget, då han var skyld anten Stein eller kona hans. Kor Torgaut ættar frå veit me ikkje. I seglet hans står T. H. Truleg var Torgaut g. m. Gundla Soland, om ikkje må han vera son eller verson hennar etter det gods han sat med i 1624.

Torgaut brukte heile garden fram til 1639. To søner kjenner me sikkert til:

a.Håvard Torgautson og
b.Mikkel Torgautson som seinare bruka og budde i Mehus.

Rasmus Mehus som er nemnd i lensrekneskapen i 1639 er truleg son eller verson. Likeeins Siver og Ola som er nemnd i kopskatten 1645 med koner, må vera søner eller versøner.

 

3. Rasmus Mehus

frå 1639 er avliden før 1642, då er det enka som skattar av bruket. Anten må Rasmus vera son av Torgaut eller kona hans ei dotter. Det var sjeldan ein bonde tok andre inn på bruket enn sine næraste.

 

4. Sivert på Mehus

er nemnd i kopskatten 1645, men er ikkje på Mehus i 1649. Må anten vera avliden eller flytt. Truleg son eller verson av Torgaut (2).

 

5. Ola på Mehus

i 1645 med kona er truleg son av Torgaut (2). I 1649 brukar han ½ 1. sm. i Mehus. I 1666 er det Mikkel Torgautson som har Ola Mehus sitt bruk. Truleg er Ola død mellom 1650-60. Mikkel har då fått bygsla bruket etter bror sin.

 

6. Håvard Torgautson

f. ikr. 1620, brukar i/2 1. sm. i Mehus i 1649. Han bur der òg i 1666, har då ein son Lars Håvardson f. 1658. Ei dotter har han som me kjenner til

Berta Håvardsdtr. g. m. Nils Nilsson Hausland i Erfjord.

 

7. Nils Nilsson

Hausland, bor av Sivert Nilsson var gift med Berta Håvardsdtr. Han overtok bruket etter verfaren (6). Det er skifte på Mehus i Bygda 13. mai 1683 etter Nils Nilsson. Enka Berta Håvardsdtr. lever etter han. Barn:

a.Håvard Nilsson f. 168 1, seinare bonde i Storstov og tilslutt husmann i Krossvik u. Romsbotn.
b.Guri Nilsdtr.
c.Berta Nilsdtr.

Buet var på 43 rd. 2 mark og 12 skilling. Enka gifter seg oppatt med Osmund Knutson.

 

8. Osmund Knutson

f. 1655, truleg son av Knut Høyvikberget, vart ikr. 1685 g. m. enka på Mehus Berta Håvardsdtr. Same året, 1685, får han bygselbrev på ½ laup smør i Mehus. Osmund og Berta hadde barna:

a. Nils Osmundson f. 1686, seinare brukar av Hebnes Litlastova (sjå der nr. 8).
b. Knut Osmundson f. ikr. 1692, døydde barnlaus før faren.

Berta Håvardsdtr. døydde før 1695 og Osmund Knutson gifter seg 2. g. m. Berta Eivindsdtr. Soland. Ho døydde i 1706 63 år gamal. Nils Gauteson i Hebnes Klovning døydde same året. Osmund Knutson gifte seg tredje gong i 1707 med enka i Hebnes Klovning Mari Nilsdtr. Han flytter då til Hebnes og seier opp bygsla av Mehus. (Sjå Hebnes Klovning nr. 4).

 

9. Mikkel Torgautson

f. 1607 var først gift med enka etter Svein Tveita og budde der (sjå Tveita nr. 5). Han flytte med kona attende til Mehus då det gjekk så reint ut med han på Tveita. Får så bygsla Ola Mehus sin part ½ 1. sm. i Mehus. Mikkel må vera oppattgift før 1659. I 1666 har han ein son Osmund Nikkelson, f. 1659, han kan ikkje vera son av den gamle enka på Tveita.

Om Mikkel ikkje kunne livberga seg på Mehus eller han fall frå ei tid etter veit me ikkje, men det bruk han sat med vart straks etter slege saman med bruket til Henrik Sanderson.

 

10. Henrik Sanderson

f. 1625, som i 1649 sat med tredjeparten, ½ l. sm. i Mehus, var truleg verson til Torgaut i Bygda (2). Veit ikkje kvar han er ifrå, men i sakefall 1625/26 bøter Sander Skotte 2 rd. fordi han «belå Andi Kjølvik og senere ektet henne.» Det kunne høve med alderen at Henrik Sanderson hadde der sitt opphav. Son Sander Henrikson f. 1658.

 

11. Sander Henrikson

f. 1658 møter som lagrettesmann på tinget i 1676. Truleg er då faren avliden og Sander overteke bruket. Sander i Bygda møter ofte som domsmann på tinget dei åra han brukar Mehus i Bygda. Han er avliden før 1690. Truleg bruka Sander både faren sitt bruk og det bruket som Mikkel Torgautson før hadde brukt. Noko skifte etter Sander finn me ikkje. Kjenner heller ikkje barn etter han.

 

12. Per Jonson

Tveita, f. 1665, (sjå Tveita 6 b) er komen til Mehus før 1690 og brukar då Sander sitt bruk som då var på 1 l. sm. Han var gift med Mari Knutsdtr.

I innleiinga om Mehus er Per Jonson nemnd då han i 1690 skifter jorda i Mehus med Osmund Knutson (8). Likeeins er han nemnd under Tveita (7).

Per Jonson vart spedalsk og døydde i 1703 38 år gamal. Ein son let han etter seg, Knut Person, f. 1693.

Enka gifte seg oppatt i 1703 med Jakob Reidarson.

Brukarar 1703-1841.

13. Jakob Reidarson,

f. ikr. 1678, vart i 1703 g. m. enka på Mehus i Bygda, Mari Knutsdtr. (sjå nr. 12). Han var frå Bratthetland i Fister, son av Reidar jakobson. Første bygselbrev får han i 1703 på 1 1. sm. i Mehus. Då Osmund Knutson (nr. 8) sa opp sin bygsel på ½ 1. sm. i Mehus og flytte til Hebnes i 1707, får Jakob og bygsla hans ½ 1. sm. Då set Jakob Reidarson med heile garden og frå den tid var det jamnast berre ein brukar på Mehus i Bygda.

Jakob Reidarson bruka Mehus til 1715. Då let han steson sin, Knut Person, få overta garden. Jakob og kona med 4 barn flytte attende til Bratthetland og får etter odelsretten ein part av denne garden. Han lever i 1738. Det året let han son sin overta ein part av bruket. I 1748 lever Mari Knutsdtr. som enke på Bratthetland. Barn:

a.Anna Jakobsdtr. f. 1704.                                             
b.Reidar Jakobson f. 1706.
c.Daniel Jakobson f. 1709.
d.Jakob Jakobson f. 1711.
e.Ingeborg Jakobsdtr. f. 1713.

Desse barna er fødde medan foreldra budde på Mehus.

 

14. Knut Person

f. 1693, (sjå nr. 12) får bygselbrev på 1 ½ 1. sm. i Mehus av rektor og kapellan i Kristiansand 31. okt. 1715. Aret etter gifte han seg med Malena Jonsdtr. Bandeberg f. 1697.

Knut Person var veikhelsa og døydde same året han vart gift og vart grl. 23. des. 1716.

Enka Malena jonsdtr. var då berre 18 år og gifte seg oppatt 29. nov. 1717 med Ola Olson Skiftun og flytte dit.

Det var ingen barn etter Knut Person.

 

15. Per Steffenson

f. 1695, får sitt bygselbrev 14. juni 1717, utskrive av Sr Laurits Smit med fullmakt frå rektor og kapellan i Kristiansand. Betalte 15 rd. i l.bygsel.

Per Steffenson var ein ny mann i bygda. Truleg er han son av Steffen Leivson som i 1701 bur på Nerheim i Suldal med sonen Per 6 år gamal. Foreldra Steffen og Sønnøve fylgjer med han til Mehus.

Den gamle Steffen var nok ein stridslysten suldøl. Han kom i slagsmål og brukte grove skjellsord mot Stein Tveita, verfar til sonen. Saka er oppe på skipreidetinget 3. nov. 1721. Per har nok fått semja istand mellom far og verfar, for saka kjem ikkje opp att.

Per Steffenson gifte seg 20. okt. 1720 med Marta Steinsdtr. Tveita f. 1697 (sjå Tveita 7 a). Barn:

a.Rasmus Person f. 1721.
b.Knut Person f. 1726.

Per Steffenson sa opp bygsla av Mehus i 1736. Aret etter bygslar han 1 1. 1 pd. 15 m. sm. i Bjerga i Sjernarøy.

På Bjerga budde dei seinare. Det er skifte etter Per i 1748. Kona er då død, men sønene Rasmus og Knut lever.

 

16. Jens Steffenson

får bygselbrev på 1 ½ l. sm. i Mehus i Bygda 13. nov. 1736. Noko slektskapshøve mellom Per Steffenson (nr. 15) og Jens Steffenson er det, så langt eg kan sjå, ikkje. Jens Steffenson var son av Steffen Jensson som ei tid budde på Birketveit i Vikedal, seinare på Åsbø i Imsland. Mor til Jens var Brita Ormsdtr. som det er skifte etter på Åsbø i 1745. Barn som me kjenner til:

a.Margrete Jensdtr. f. 1734, tenar i 1758 på Mehus.
b.Torbjørn Jensson f. 1739, soldat i oberst Fastings regiment i 1765. Budde seinare som husmann i Sørvik u. Fuglestein.
c.Brita Jensdtr. f. 1743, g. m. Daniel Haugland.
d.Steffen Jensson f. 1745, g. i Avaldsnes i 1785.

Jens Steffenson døydde ikr. 1749. Enka lever etter han og bruka nokre år Mehus etterpå. Halvar Torbjørnson Kvaløy i Imsland er verje for yngste dotter, Brita Jensdtr., i 1749.

 

17. Lars Rasmusson

f. 1721, får bygsla Mehus ikr. 1755. Noko bygselbrev er ikkje å finna. Lars Rasmusson var son av Rasmus Hausken i Hjelmeland g. m. Anna Olsdtr. Bog. Lars er også kalla Lars Rasmusson Bog.

Lars Rasmusson var g. m. Borghild Bjørnsdtr. Erøy f. 1725. Ein son,

Ola Larsson, har dei til dåpen i 1757.

 Borghild Bjørnsdtr. døydde året etter.

Lars Rasmusson gifte seg 2. g. m. Kari Bjørnsdtr. I 1763 bur dei i Langvik. 2. februar 1764 døyper dei dottera

Borghild Larsdtr., g. 1800 m. Jakob Rolvson Salia.

Lars Rasmusson Langvik i Erfjord døydde i 1783.

 

18. Lars Andersson

f. 1717 i Framigard Hebnes, får bygselbrev på Mehus 9. mars 1761. Han vart i 1760 g. m. Helga Bjørnsdtr. f. 1730, dotter av Bjørn Larsson Jelsa. Barn:

a.Berta Larsdtr. f. 1761, g. m. Svein Bårdson Foldøy.
b.Marta Larsdtr. f. 1762.
c.Anders Larsson f. 1764, g. 1802 m. Ingeborg Krossvik.
d.Lars Larsson f. 1767, g. 1805 m. Ragnhild Persdtr. Kaltveit.

Lars Andersson døydde i 1767. Enka Helga Bjørnsdtr. sat med bruket til 1771. Då sa ho det frå seg og flytte til Jelsaneset. Ho døydde i 1809.

 

19. Markus Torgilsson

bygsla halvparten av Mehus ikr. 1771. Verbror hans Ola Ellingson bygsla andre halvparten (nr. 20). Markus Torgilsson, f. 1738, var son av sagmeisteren ved Kjølviksaga, Torgils Markusson, som igjen var son av Markus Annfinnson Høyvik Indre.

Markus var g. m. Magla Øysteinsdtr. Østhus i Bygda. Dei bruka sin halvpart av Mehus til ikr. 1780. Flytte så til Vikedal prestegjeld.

 

20. Ola Ellingson

f. 1728, son av Elling Hermannson Ersdal i Sand. Gift med Kirsti Øysteinsdtr. Østhus i Bygda f. 1719. Dei budde på Fjetland der Kirsti døydde i 1770.

Ola Ellingson gifte seg oppatt med Kari Johannesdtr. Soland f. ikr. 1740. Han flytte då til Mehus og bygsla halvparten av garden.

Det er skifte etter Ola Ellingson i 1787. Han let då etter seg enka Kari Johannesdtr. og barna:

I 1. ekteskap

a.Elling Olson f. 1751, bonde Mehus.
b.Øystein Olson f. 1758, tambur, g. m. Kari jonsdtr. Tveita. 2. g. g. m. Elisabet Gunnarsdtr. Bjørnevåg. Han kjøpte ein part av Helland i Sand og budde der.
c.Anna Olsdtr. f. 1753, g. m. Knut Bjørnson, budde seinare i Romsbotn.

I 2. ekteskap:

d.Johannes Olson f. 1772, g. m. Marta Andersdtr. Nevøy, budde på Sanderstykke u. Tveita.
e.Kirsti Olsdtr. f. 1774, g. m. Erik Sveinson Askvik.
f.Ola Olson f. 1776, g. m. Guro Olsdtr. Soland, budde i Sjøbuhåla u. Østhus i Bygda.
g.Guro Olsdtr. f. 1781, g. m. Ingemund Andersson Erfjord, budde Brekke u. Tysse.

Dessutan hadde Ola Ellingson med 1. kona barna

Ola f. 1763 og
Guro f. 1761. Båe er døde før faren.

 

21. Elling Olson

f. 1751 (20 a), får først bygsla den halvpart av Mehus som Markus Torgilsson (19) hadde brukt. Bygselbrevet er utskrive av herr Jakob Kielland og dat. 8. april 1785. Då faren fall frå får Elling og bygsla den parten, så han frå 1787 bruka heile garden.

I 1795 søkjer Elling Olson og Johannes Johannesson Soland om løyve til å setja opp sag i Selvikbekken u. Kjølvik. Løyve vart gjeve 6. juni 1798. Østhus i Bygda hadde før hatt sag i Selvikbekken, men saga hadde då i mange år vore nedlagt. Ættlingane etter Elling Olson brukte denne saga til ho vart nedlagt etter siste verdskrig.

Elling Olson vart 13. juni 1779 g. m. Marta Johannesdtr. Soland f. 1750.

Då to av sønene, Johannes og Knut, vart vaksne og gifte fekk dei bruka garden på lot. Faren Elling Olson sat med bygselbrevet. Då han døydde i 1823 vart enka sitjande med bygselbrevet. Ho overlevde begge sønene og døydde i 1835. Barn:

a.Kirsti Ellingsdtr. f. 1780, g. 1816 m. Torger Steinson Kjølvik.
b.Johannes Ellingson f. 1782, sjå nr. 22.
c.Ola Ellingson f. 1789, død 1792.
d.Knut Ellingson f. 1791, sjå nr. 23.
e.Valborg Ellingsdtr. f. 1794, g. 1816 m. Ola Person Apeland. Valborg og Ola budde først på Apeland i Sandeid, kom seinare til Mehus i Bygda, hamna tilslutt som husmannsfolk i Vintravik u. Kjølvik.

 

22. Johannes Ellingson

f. 1782 (21 b), vart i 1814 g. m. Kari Jakobsdtr. Jårvik. Johannes Ellingson var lotbrukar på Mehus for foreldra. Han vart ikkje gamal. I 1825 er det skifte etter han. Etter Kari Jakobsdtr. er det skifte i 1832. Ho var då 51 år gamal. Barn:

a.Kari Johannesdtr. f. 1815, død same år.
b.Elling Johannesson f. 1817, seinare busett på Stølen u. Østhus i Bygda.
c.Jakob Johannesson f. 1819, var sjømann.

 

23. Knut Ellingson

f. 1791 (21 d), var lotbrukar på Mehus som broren (22). I 1826 vart han gift med Brita Bårdsdtr. Kalvik f. 1798.

Det er skifte etter Knut Ellingson 7. okt. 1831. Han let då etter seg enka Brita Bårdsdtr. og 3 søner:

a.Johannes Knutson f. 1826, g. 1846 m. Rannveig Elisebet Osmundsdtr. Brekke i Sauda. Bur i 1877 på Åbu i Sauda.
b.Bård Knutson f. 1827, død før 1877, barnlaus.
c.Elling Knutson f. 1830, budde seinare i Stavanger.

Elles hadde Knut og Brita tvillingane

Elling og
Bård

som døydde i 1829 19 veker gamle.

Brita Bårdsdtr. vart i 1848 g. m. enkemann Svala Olson Berekvam. Det er skifte etter henne i 1877. Dei to sønene Johannes og Elling lever etter henne.

 

24. Ola Person

Apeland, f. 1790, vart i 1816 g. m. Valborg Ellingsdtr. (21 e). Dei budde først på Apeland i Sandeid, men kom attende til Mehusbygda i 1831. Dei skulle bruka ein part av Mehus som vermor til Ola Person sat med. Barn:

a.Brita Olsdtr. f. 1817.
b.Marta Olsdtr. f. 1821, sjå Vintravik u. Kjølvik.
c.Margrete Olsdtr. f. 1825.
d.Johanna Olsdtr. f. 1828.
e.Valborg Olsdtr. f. 1833.

Ikring 1834 er dei flytte frå Mehus. I 1865 bur dei som legdslemer i Vintravik hjå dotter si. Det er mogeleg dei budde som husmannsfolk i Vintravik etter dei flytte frå Mehus.

 

25. Nils Sveinson

Fjetland f. 1795, kom til Mehus og vart lotbrukar etter Ola og Valborg (24).

Nils Sveinson var g. m. Anna Olsdtr. Sæbø i Hjelmeland, dotter av Ola Bjørnson Sæbø.

Nils og Anna budde først i Marvik, så ei stutt tid på Reiphammar, og kom så ikr. 1834 til Mehus. Året etter er han avliden. Det er skifte etter han i 1836.

Ho som sat med bygselbrevet på Mehus i Bygda, Marta Johannesdtr., (sjå nr. 21), døydde i 1835 76 år gamal. Mehus var då bygselledig. Enka etter Nils Sveinson Anna Olsdtr. får i 1835 bygselbrev på ½ 1. sm. i Mehus utskrive av forvaltar T. Bahr. I 1836 får ho bygselbrev på resten av garden. Men i 1836 9. novembér gifte ho seg oppatt med Jone Bårdson Kalvik og flytte til Løvik u. Kalvik. Barn:

a.Magla Nilsdtr. f. 1821.
b.Kari Margret Nilsdtr. f. 1825, g. 1850 m. enkemann Bård Bjørnson Lund u. Høyvik.
c.Anna Nilsdtr. f. 1830, g. 1856 m. Sven Olson Bratland.
d.Anna Nilsdtr. d. y. f. 1834.

 

26. Ola Olson

Breivik u. Lovra, f. 1806, son av Ola Olson og Ragnhild Sveinsdtr. Breivik, får 23. aug. 1836 kgl. skjøte på Mehus i Bygda. Kjøpesumen var 850 spd. og dertil årleg avgift til rektor og kapellan i Kristiansand. Avgifta var 18 lispund 52/3 pd. bygg.

Ola Olson vart i 1834 g. m. Pauline Charlotte Knudsen, dotter av prost Knudsen i Jelsa, og enke etter Gudmund Larsson Barkeland som budde i Markusvika.

Det var prost Knudsen som hadde hjelpt han til kjøpet av Mehus, og då Knudsen var død i 1837 måtte Ola Olson Mehus skriva under på eit skriv at han ikkje hadde lov å pantsetja garden til andre enn prostinne Knudsen.

Nokon velstand vart det ikkje på Mehus. Det vart fortalt om døtrene til prost Knudsen at dei fleste gifte seg med bondegutar og levde fattig men fornemt. Så og her.

Det varte ikkje så lenge før han tok til å dela garden. I 1841 delte han garden i to like parter og sel den eine parten til Bjørn Bjørnson Bjelland for 310 spd. Utskiftningsforretning dat. og tgl. 6. oktober saman med skjøte. I 1843 er det igjen utskiftningsforretning på Mehus. Av Ola Olson sitt bruk, det søre, vart utskift eit bruk som vart skyldsett til 14 m. sm. eller ny skyld 2 ort 3 skilling. Bruket vart seld til Lars Olson for 200 spd. Skjøte dat. 9. okt. 1843. Etter ny skyld var det då att av Ola Olson sitt bruk 1 dl. 1 ort 3 sk.

I 1849 går bruket til Ola Olson til auksjons. Johannes Torgilsson Vormestrand får tilslaget for 230 spd. Auksjonsskjøte dat. 15. okt. 1849, tgl. 7. april 1851. På heile handelen på Mehus tapte Ola Olson 110 spd.

Ola Olson flytte då til Stavanger eller Hetland og busette seg der. Er då kalla kunstsmed. Han var medlem av brødremenigheten og det var visstnok dei som sto bak og hjelpte han til ein jordepart i Hetland. Barn:

a.Ragnhild Gunhilde Olsdtr. f. 1835, g. 1867 m. Ola Abrahamson Helland i Hå.
b.Johanna Margrete Olsdtr. f. 1835.
c.Paul Knudsen Olson f. 1839, budde på Malmin.
d.Gudmunda Pauline Olsdtr. f. 1840, g. m. Johan Thorsen i Stavanger.
e.Karoline Elisabet Olsdtr. f. 1843, g. m. Vilhelm Andersen, Stavanger.

Ola Olson døydde i Hetland i 1886.

Brukarar 1841-1906. Bruksnr. 1.

27. Johannes Torgilsson

Vormestrandsaga, f. 1799, kjøper den part av Mehus som Ola Olson sat med tilslutt. Betalte på auksjonen i 1851 230 spd. for bruket. Han var i 1843 g. m. Torina Mikkelsdtr. f. i Bergen i 1812. Då dei kom til Mehus hadde dei to døtre med seg:

a.Abelone Johannesdtr., seinare g. m. Martin Johannesson Marvik, steson til Rasmus Gudmundson Østhus i Bygda. Dei reiste til Amerika, der det er slekt etter dei.
b.Berta Johannesdtr., seinare g. m. Torkel Johan Johannesson, bror til Martin. . Dei busette seg i Bjørnevåg. (Sjå Bjørnevåg u. Østhus i Bygda).

Det er skifte etter Johannes Torgilsson i 1874. Han døydde året før. Buet var på 910 spd. til deling arvingane mellom. Jordegodset, 1 dl. 1 ort 3 sk., vart verdsett til 450 spd. og utlagt enka Torina Mikkelsdtr. til innløysing.

Torina Mikkelsdtr. selde bruket og sette seg i folga. Ho døydde i 1896.

Truleg er Mikkel Andersen som døydde i «Bygden» i 1868, 100 år gamal, far til Torina. Han var født i Haugs prestegjeld.

 

28. Ola Olson

Foldøy, f. 1845, (sjå Foldøy nr. 56), er 1875 oppført som eigar av dette bruket, men hadde ikkje skjøte på det. Han var gift med Marta Samuelsdtr. f. 1842, dotter av Samuel Larsson Breivik u. Lovra. Før dei kom til Mehus var dei leiglendingar u. Jelsa prestegard (Nådland). I 1875 har dei barna:

a. Ola Olson f. 1870.
b. Konrad Andreas Olson f. 1872.

Dei flytte frå Mehus alt året etter.

 

29. Bjørn Gudmundson

frå Hebnes f. 1845, overtek bruket i 1876. Heller ikkje han hadde skjøte på bruket sitt. Han må ha vore sjuk alt då han kom til Mehus. Han døydde same året. På si sotteseng vart han vigd til Sissela Jonsdtr. Vormestrand f. 1842. Sissela var dotter av Jon Thorson Øye i Sauda g. m. Mallin Gautesdtr. Hellevik, Marvik. Dei budde på Vormestrand.

 

30. Johan Johannesson

f. 1853, son av Johannes Thorson Øvre Bjørnevåg, gifte seg med enka etter Bjørn, Sissel Jonsdtr.

Johan får skjøte på bruket av enke Torine Mikkelsdtr. (nr. 27) i 1882, tgl. 1886. Kjøpesumen er då oppgjeven til 1900 kroner og folga verdsett i 5 år til 500 kroner.

I 1886 matrikkelen får dette bruk av Mehus br.nr. 1 av skyld 1 mark 64 øre. Barn:

a. Anne Marie Johansdtr. f. 1882, reiste seinare til Amerika, gift der.
b. Bjørn Johanson f. 1884, Amerika.
c. Johannes Johanson f. 1885, bonde Mehus.
d. Johan Malenius Johanson f. 1888, Amerika.

I 1900 bur også mor til Sissela, folgekone Mallin Gautesdtr. hjå dei.

 

31. Johannes Johanson

Mehus f. 1885, g. m. Laura Molla, hadde seinare jette bruket.

Bruksnr. 2, Hammaren.

32. Lars Olson

f. 1814, truleg son av Ola Rasmusson Åserøddalen og Mari Vilsdtr., vart i 1842 g. m. Brønla Jonsdtr. lsvik u. Marvik f. 1819, dotter av Jon Omindson Isvik.

Lars og Brønla kjøpte ein part av Ola Olson (nr. 26) sitt bruk av Mehus i 1843. Bruket vart skyldsett til 14 m. sm. etter ny skyldsetning 2 ort 3 sk., og betalt med ?00 spd. I 1847 får dei kjøpa ein part av Bjørn Bjørnson sitt bruk av Mehus. Dette vart skyldsett til 17 skilling og betalt med 65 spd. I matr. 1886 vart desse to bruk Tegne saman til br.nr. 2 av skyld 1 mark 3 øre. Dette bruk av Mehus er kalla Hamnaren.

a.Jone Larsson f. 1842 i lsvik.
b.Berta Marie Larsdtr. f. 1847.
c.Lars Larsson f. 1850.
d.Martinius Larsson f. 1852.
e.Brønla Larsdtr. f. 1854.
f.Berdines Larsson f. 1859.

Lars Olson selde Hammaren og flytte med kona og barna til Jekteberg u. Kjølvik. Der døydde Brønla Jonsdtr. i 1884. Lars Olson lever etter henne.

 

33. Torbjørn Olson

f. 1815, son av Ola Kristenson Tednes, kjøpte Hammaren v Lars Olson for 300 spd. i 1858. Det året er skjøte tinglese, men truleg har han butt på Hammaren frå 1855. Lars Olson bur iallfall på Jekteberg i 1855. Torbjørn Olson var gift med Turi Bjørnsdtr. f. 1826, dotter av Bjørn Bjørnson Ytre Bjerga i Sand.

Kjenner berre til ei dotter av Torbjørn Olson,

Ingeborg Torbjørnsdtr. f. i Sand i 1853. Ho vart i 1871 g. m. Kornelius Jonson Bjødland f. 1834. Kornelius var jekteskipper og reiste myke på Nord-Norge. På ei reis nordover var han sjuk og døydde i Bindalen i Norland i 1878 og vart gravlagt der. Skifte etter han er det først i 1891. Han let då etter seg kona og barna:
a.Tomas Korneliusson 14 ½ år.
b.Anne Marta 17 ½  år.
c.Karen Marie 13 ½  år.

 

34. Tomas Korneliusson

f. 1876 overtok morfaren sitt bruk Hammaren. Han brukte det nokre år, men då han vart gift med Margrete Andreasdtr. i Hebnes Prestestova kom han til å selja Hammaren til Torger Torgerson Mehus i Bygda og flytte til Hebnes. Sjå Hebnes Litlastov (Prestestova) nr. 19. Dette var dei siste busette folk på Hammaren. Bruket vart nå slått saman med nordre bruk av Mehus, Torger Torgerson sitt bruk.

Bruksnr. 3.

35. Bjørn Bjørnson

f. 1802 på Bjelland i Hjelmeland, g. 1827 m. Marta Olsdtr. Kvame f. 1806. Dei kom til Jelsa i 1841 og kjøpte halve Mehus av Ola Olson (sjå nr. 26). Barn hadde dei ikkje med seg då dei flytte til Jelsa. På Mehus sat dei til 1853. Då sel dei bruket til Lars Bjørnson Maurland.

Bjørn og Marta budde etterpå nokre år på Reiphammar u. Tveita. I 1858 reiste dei til Amerika.

 

36. Lars Bjørnson Maurland

kjøpte Mehus br.nr. 3 av Bjørn Bjørnson i 1853. Han var då 27 år gamal. Skjøte på bruket har han ikkje. Då han i 1858 sel bruket til Halvar Olson er skjøtet skrive med fullmakt frå Bjørn Bjørnson.

Lars Bjørnson var g. m. Brita Helgesdtr. Træ på Nedstrand f. 1825. Barn:

a.Anne Karine Larsdtr. f. 1850, g. m. Bjørn Bjelland, busett Bjelland i Hjelmeland.
b.Helene Larsdtr. f. 1852, g. m. Lars Skipevåg, busett Rønnevik i Imsland.
c.Berta Serine Larsdtr. f. 1854, g. m. Gaute Vormestrand, busett lengste tid Framigard Hebnes.
d.Lene Larsdtr. f. 1857, g. m. Berdines Bjørnevåg, busett Foldøy, Framigard Hebnes, Byrkjeland, Haualand i Imsland og tilslutt Stranda i Nedstrand.
e.Bjørn Larsson g. m. Marta Teodora Tormodsdtr. Madlestova Hebnes, bonde Rødne i Imsland.
f.Børre Larsson, g. m. Gonla Pedersdtr. Osterhus, busett Erfjord.
g.Helge Konrad Larsson f. 1863, g. m. Grete Torbjørnsdtr. Stølen, bonde Stølen i Nedstrand.
h.Inger Larsdtr., g. m. Ivar Kleiberg, busett Kleiberg i Nedstrand.
i.Laura Larsdtr., g. m. Martinius Olsen, maskinist i DSD, busett Stavanger.

Lars Bjørnson selde Mehus og flytte til Rødne i Imsland i 1858.

 

37. Halvar Olson

 f. 1816 på Kalsheim i Nedstrand, han kalla seg også Halvar Litleskog (Skjold) så han mune ha butt der ei tid, vart i 1856 g. m. enka etter Haldor Larsson Kjølvik, Siri Nilsdtr. Ho var då 60 år gamal. I 1858 kjøpte dei Mehus i Bygda og busette seg der. Kjøpesumen var 300 spd. Skjøte dat. 28. mai 1858. Halvar Olson var tømmermann. Han døydde brått i 1869. Var med i noko arbeid på nabogarden Østhus i Bygda då han kjende seg uvel og ville gå heim, men kom berre nokre steg på heimvegen då han fall saman og var død.

Siri Nilsdtr. sat med garden i nokre år, men i 1873 er det auksjon over br.nr. 3 av Mehus. Siri Nilsdtr. bur i 1875 hjå dotter si i Kringlemyra.

 

38. Torger Torgerson

f. 1827 i Kjølvik, vart i 1859 g. m. Åsa Halvarsdtr. Østebø i Vikedal f. 1826. Det var auksjon over Mehus i Bygda br.nr. 3 i 1873. Det var Siri Nilsdtr. sitt bruk som var under hammaren. Torger Torgerson Kjølvik fekk tilslaget for 450 spd. Torger og Åsa flytte då til Mehus. Seinare kom dei òg til å kjøpa Hammaren (sjå Mehus nr. 32). Desse to bruka er nå slått saman til eit bruk av skyld 3 mark 6 øre. I 1900 bur Torger Torgerson og Åsa Halvarsdtr. på Mehus med sonen

Torger Torgerson d. y. f. 1867.

 

39. Torger Torgerson

f. 1867, overtok som einearving bruket etter faren. Gift 1. g. m. Elen Johannesdtr. Bjørnevåg, dotter til Torkel Johan Johannesson. Ei dotter,

Tea Torgersdtr. g. m. Tormod Amdal, busett Madla.

Gift 2. g. m. Hanne Gautesdtr. Hebnes Framigard.