MARVIK, gardsnr. 27.

Marvik ligg på nordsida av Sandsfjorden. Mot aust grensar garden til Åserød, mot nord til Soland og mot vest til Kalvik.

Marvik var frå gamalt av rekna for fullgard og var på 3 laup smør i skyld. Elles låg ein øydegard kalla Haga til Marvik. I dag vart denne luten av Marvik kalla Øygarden. Denne øydegarden var på ½ 1. sm. Det hadde nok i eldre tid butt folk på denne øydegarden, men frå den tid me kjenner til Marvik og Haga var Haga alltid brukt av oppsitjarane i Marvik. (Øydegard i denne tydning betyr bruk under 1 laup smør).

Halvparten av Marvik åtte Kongen, resten, 1 ½ 1. sm., var odelsgods. Kongen åtte heile øydegarden Haga. Bygselretten låg til Kongen som sette inn leiglendingar i Marvik. Sjølv om bonden i Marvik åtte halvparten av garden rekna han seg som leiglending og Kongen var hans husbond.

Frå den eldste tid, første halvpart av 1600 talet, var der berre ein brukar av Marvik, seinare vanleg to brukarar med halvparten av Marvik og halvparten av Haga på kvar.

I designasjonen 1633 over kongsgodset i Ryfylke og kor mykje dei skulle betala i førstebygsel står det: Marvik, Kongen har bygselrett over 3 1. sm., eig 1 ½ 1. sm. Ingen skog og heller ingen andre lunnar utan åker og eng. I førstebygsel skal betalast 11 rd. for kvar laup smør. Haga ligg øyde under Marvik. Kongen eig ½ 1. sm. I 1.bygsel 5 rd.

Matrikkelen 1649: Marvik 3 1. sm. Odelsgods 1 ½ 1. sm. Kongsgods I ½ 1. sm. Kongen rår med bygselen. Haga ½ 1. sm. Kongen eig alt og rår med bygselen. Ånon brukar alt.

Matrikkelen 1668: Matr.nr. 16 og 78, Marvik med Haga, 3 ½ laup smør. Av det er 2 1. sm. de Gjedders gods, 1 ½ 1. sm. odelsgods. Kvar bygslar sitt (!). Sår 14. tn. korn. Før 37 naut og 2 hestar. Tømmer og brenneskog det huset treng. Har ein kvernstad. Garden vert sett i landskyld 3 ½ 1. sm., leidang 1 hud, 1 bukkskinn og 1 geitskinn, tiende 14 spann korn, småreidsla 28 skilling.

Når det her står at kvar bygslar sitt må det vera ei mistyding. Kongsgodset var i 1661 gått over til admiral Ove Gjeddes arvingar. Oberst Gersdorf løyste medarvingane sine ut og sat seinare med alt kongsgods i Jelsa. Obersten hadde bygselretten til heile Marvik. I 1686 vart krongodset i Marvik seld til brukarane.

Etter matrikkelutkastet 1723: Marvik 3 1. sm. Sjølegd (militært). Har skog til husvøling. Ei bekkekvern. Er lett å vinna. Lensmannen Ånon brukar 1 ½ 1. sm. Sår 5 tn. og haustar 26 tn. korn. Før hest, 12 naut og 24 sauer. Kleng og Ånon det same, men har 2 hestar. Haga u. Marvik ½ 1. sm. Sjølegd. Lett å vinna. Sår 1 tn. og haustar 4 tn. korn. Før 3 naut.

I dette matrikkelutkastet er det eine bruk i Marvik delt mellom Kleng Bjørnson og sonen Ånon Klengson med 2 pd. 6 m. sm. på kvar. På det andre bruket budde lensmann Ånon jensson.

1 naudåret 1812 (froståret) gjev dei to brukarane i Marvik opp at dei det året hausta 40 tn. korn kvar.

Etter matrikkelen 1838: Marvik matr.nr. 87 (gamalt matr.nr. 16). Haga matr.nr. 88 (78). Då er Hellevik utskild som eigen gard og får matr.nr. 89. Etter ny skyldeining vart då Marvik sett i 7 dl. 3 ort 10 skilling. Haga 4 ort 4 sk. Hellevik 4 ort 22 sk.

Hellevik vart i 1821 utskift og seld frå Marvik. 8 m. sm. av det eine bruk i Marvik og 16 m. sm. av det andre bruket. Tilsaman 1 pd. sm. (Sjå Hellevik gardsnr. 28).

I matrikkelen 1851 får Marvik matr.nr. 72, Haga 73, med løpenr. 176, 177 og 178.

I førebuinga til ny matrikkel som tok til i 1863 vart Marvik vurdert såleis:

Løpenr. 176 og 178, eigar Ola Marvik, gl. skyld 4 dl. 3 ort 6 sk. Sår 8 ¼ tn. havre og haustar 42 tn. 4 ¼ tn. poteter og haustar 30 tn. Før 1 hest, 7 kyr, 3 ungnaut og 30 sauer. 18 mål åkerland, 67 mål engslått. Innmarka vurdert til 585 spd. På husmannsplassane sådde dei 2 ½ tn. havre og hausta 13 tn. 3 ¾ tn. poteter og hausta 24 tn. Fødde 3 kyr, 1 ungnaut og 22 sauer. Husmannsplassane var på tilsaman 27 ½ mål og vurdert til 127 spd. Tillegg fordi Marvik var lett å koma til 135 spd. Beite vurdert til 200 spd. Skogen til 528 spd. Vassfall 70 spd. Heile bruket vurdert til 1 645 spd. Framlegg til ny matrikkelskyld 4 dl. 80 sk.

            Løpenr. 177, eigar Samuel Marvik, gl. skyld 3 dl. 4 ort 8 sk. Sår 6 tn. havre og haustar 36 tn. 4 tn. poteter og haustar 25 tn. Før 1 hest, 7 kyr, 3 ungnaut og 30 sauer. 18 mål åkerland, 66 mål engslått. Innmarka vurdert til 565 spd. På husmannsplassane sår dei 1 ¾ tn. havre og haustar 7 ¼ tn. 2 ¼ tn. poteter og haustar 14 tn. Før 2 kyr og 10 sauer. Husmannsplassane var på 17 ½ mål og vurdert til 61 spd. Tillegg for bruket var lett å koma til 125 spd. Beite vurdert til 170 spd. Skogen til 374 spd. Vassfall 20 spd. Heile bruket vurdert til 1 315 spd. Framlegg til ny matr.skyld 3 dl. 88 sk.

            Resultatet var matrikkelen av 1886: Marvik, nytt gardsnr. 27.

Br.nr. I (Marvik med Haga), Ola Johannesson      8 mark 65 øre

Br.nr. 2 (Marvik), Torbjørn Samuelson     6 mark 48 øre

            Frå gamal tid sto det sag i Marvik. Etter dei gamle matriklane skulle ein tru at det var lite skog i Marvik. I dag er Marvik rekna for ein bra skogagard. Til samanlikning kan nemnast at i framlegget til ny matrikkel i 1863 vart skogen i Marvik vurdert til 902 spd. mot Økstraskogen, som alltid tidligare var rekna for beste skog i Jelsa, vart sett til 957 spd.

Marvik har to gonger me kjenner til vore herja av lauseld, som la heile garden i oska. Den første gongen i 1658. Då vart det meldt på tinget at Marvik var «ganske avbrendt.» På tinget 22. nov. 1659 heiter det:

            «Ånon Marvik og angivet for ikke matskatten at kunne utgive, ettersom hans formue forgangne år opbrendte.»

Det var i den tid ingen som kunne trygda sitt gods mot brann, og då husa oftast sto samla i eit tun, brann som regel alle hus opp når det først tok til å brenna.

I 1805 brann òg alle hus o p i Marvik. Sommertinget 11. juni 1806:

«Bjørn Tormodson og Jens Inonsen som hver eier 1 ½ 1. sm. i Marvik og 18 m. sm. i underliggende Haga, møtte for retten og til kjenne gav at natten til 6. juni 1805 avbrendte begge oppsitteres huse og en stor del av deres innbo, kreaturene unntatt, ved vådeild. Ilden oppkom fra ildhuset og tok i hast sådan overhånd at intet hus på gården kunne reddes. For Bjørn brendte:

Høy og kornlade av standverk med huuntak, værd før brannen 40 rd.

Et tømret fjøs under laden, værd 12 rd.

Et tømret fårehus, også under laden, værd 8 rd.

En tømret bordkledd sengebo, tekket med næver og torv, værd 30 rd.

En tømret røkstue tekket med næver og torv, værd 30 rd. Samt dess­uten av innbo og løsøre anslått til 40 rd. Altså det hele tap 160 rd. og overhodet omtrent 1/3  av hans formue. Han har latt til denne tid av nytt oppbygge en stor lade av standverk med takstein, værd 90 rd., med tilbyggede to halvskute. Derunder et tømret fjøs, værd 12 rd. og en tømret røkstue med endebo, tekket med næver og torv, værd 50 rd.

For Jens Ånonsen brendte:

En høy og kornlade av standverk, tekket med steinheller, værd 70 rd.

Et tømret fjøs under laden, 6 rd.

Et tømret smalehus tekket med næver og torv, 10 rd.

En stor hevdeskut og et fjøs med sperrer på, men endnu ikke tekket, 12 rd.

En tømret stue i to etg. tekket med teglstein, værd 70 rd.

En tømret røkstue med to kamre, tekket med næver og torv, værd 60 rd.

En tømret sengebo i to etg. tekket med bord, derunder en tømret kjeller, 40 rd.

Et gammelt tømret ildhus tekket med næver og torv, 8 rd.

En stor skut og en mindre ditto av standverk tekket med takstein, 14 rd.

            Tilsammen 290 rd. samt dessuten løsøre og matvarer til 300 rd. Det hele tap altså minst 590 rd. og overhodet tilvisse den halve del av hans formue.

Han har av nytt på gården oppbygget:

Ny korn og høylade av standverk, tekket med teglstein, som dog ikke er ganske ferdig, vært som den nu er 90 rd.

Et tømret fjøs under laden, værd 10 rd.

En tømret røkstue tekket med næver og torv, værd 30 rd.

En liten skut med huuntak av standverk, værd 5 rd.

Et påbegynt men ikke fullendt ildhus av standverk, værd 6 rd.

            Komparentene fremstillede tillike 2de bosatte og bekjendte menn i sognet, navnlig Peder Jonsen Li 56 år og Even Kolbensen Soland 39 år, som kjente værdien av de huse og det innbo som de brannskadde har tapt og den formue de hadde tilbake. Disse bekreftet ved korporlig æd at foranførte oppgivende var sannferdig og taksten efter deres beste vitende og skjønnsomhet riktig.

Tingsvitne begjærtes for derefter allerunderdanigst å søke den skattefrihet andre brannlidte har fått.»

Kvar av brukarane fekk i 1806 som godtgjersla av det offentlege 6 rd. 2 ort 6 sk. kvar.

Teigblanding på innmarka og felles utmark var det i Marvik som på dei fleste gardar der det var meir enn ein brukar. I 1717 vart dei to bru karane i Marvik samde om å skifta utmarka. På hausttinget 1717 tinglyse dei denne semja:

«Kjennes vi underskrevne Kleng Bjørnsen og Ånon Jensen boende på Marvik i Jelse skiprede og herved for alle vitterliggjør at såsom oss noen tvistighet imellem er fallen angående vores felles brennevedskog, samt marke og løvskog utengjerds vores påboende gård Marvik tilhørende og hitinntil har vært uskift. Da er vi med hinannen derom således venlig forlikt at all den skog der er eller herefter tilvokse kan uti den ytre teig som kalles Marvikdalen og Ekornbakken, alt ovenfor Solands skiftegar og ned i Marviks bøsgar, til elven og ned i sjøen, skal alene tilhøre mig Ånon Jensen, men marken er til felles beite.

Derimot skal jeg Kleng Bjørnsen nyte den indre teig som kalles Eskedalen, hvis skifte begynner fra ytre Åserøds eiendom og til Marviks bøsgar, alt den uti er skal tilhøre mig Kleng Bjørnsen.

For det tredje skal skifte være fra Smidjefjellet og til Solands skiftesgars ende, den ytre part derav skal tilhøre mig Kleng Bjørnsen Marvik, og den indre part å tilhøre mig Ånon Jensen Marvik. Uti denne skogteig skal vi begge ha nøtters hentning til felles. Uti hvilke skogskifter den ene ikke skal hugge noen ved i den annens part uten lov og minne, men enhver av oss ågjøre sig sin tilskifte part så nyttig og gavnlig som vi best vet og kan. Den venlige forlikelse og skogskifte vil vi for oss og vores efterkommere her på Marvik uryggelig holde og efterkomme som her skrevet står. Det til ytermere stadfestelse har vi vores signetter herunder påtrykt og venlig ombedet Jørgen Phillipsen Smit, sorenskriver i Ryfylke, og Phillip Jørgensen Smit som denne forlikelse var overværende, med oss til vitterlighet å forsegle og underskrive som sluttet og gjort var på Marvik 20. mai 1717.»

            I 1822 var det utskiftningsforretning i Marvik. Det var den eine brukaren då, Torbjørn Samuelson, som selde sin halvpart av Haga til andre brukaren, Tormod Bjørnson. Torbjørn krev at den selde part skal verta utskift og steina: «Til denne tid var innmarken ufullkommen fellesskap, aker og eng var inndelt i teige under felles innhegning.» Vidare heiter det:

«Den solgte part er Torbjørns part i Haga eller Ødegården som den vanlig kalles fordi den fordum har vært et særskilt bruk, men nu i mange år vært brukt av de to oppsittere i Marvik, en halvpart på hver.»

Det fylgde og utmark til då «fra arilds tid har ligget skog til Haga efter størrelsen av innmarken.»

I utmarka gjekk skiftet på sørsida av saugelva etter Marvikjuvet som går i nordaust, på den nordaustlege sida av Tjordalsvatnet, derfrå over Fosshaugen frå sør til nord inntil Fjetlands grense.

Det var ikkje berre Haga som var med i handelen, men og ein part av Torbjørn sitt bruk i Marvik. Etter utskiftning og skyldsetning var Torbjørn sitt bruk 1 laup 20 mark smør, Tormod sitt bruk 2 laup 5 ½ mark smør.

I 1825 vart dei to bruk i Marvik utskift så kvar fekk samla bruk. Torbjørn fekk det vestre bruk, Tormod det austre. Samstundes vart utmarka utskift påny.

Odelsgodset i Marvik høyrde til Orm i Byre sitt gods. Orm levde på 1500 talet. Ættlingar etter han brukar framleies br.nr. 1 av Marvik. Fleire av brukarane i Marvik var lensmenn i Jelsa, og Marvik var då ofte nytta til tingstad for skipreidet.

Husmannsplassar under Marvik finn me ikkje i manntala frå 1666, 1701, 1706 og 1758. Først i folketellinga 1801 er det oppført 4 husmannsplass: Isvik, Hellevik, Stølen og Refsekra. I 1875 er også Beita, Kalhagen og Haugen komne til. Dessutan eindel strandsitjarar utan jord.

Brukarar.

I 1521 og 1522 bur Sevat i Marvik.

 

1. Gjest Erlendson

brukte Marvik i 1563. Han var velstandsmann og betalte i skatt det året 4 dl. 1 ort. Gjest var gift med Gjøa Arnbjørnsdotter. Dei hadde to barn:

a.Olav Gjestson og
b.Magdalena Gjestdotter.

Truleg hadde Gjøa vore gift med ein Odd før ho vart gift med Gjest. I eit stort skifte i 1596 med mykje jordegods (Fossgodset) er barna etter Gjest og Gjøa nemnde som arvingar. Det kan sjå ut som om ein

 Tostein Oddson og brorson hans,
Knut Jonson Østerhus,

arva likt med Marvikbarna og må vera barn av Gjøa Arnbjørnsdotter. I dette skifte er og sonen Olav Gjestson avliden og arven går til «Olufs arvinger.» A. Steinnes: Ætt og heim 1950 og 1951.

Magdalena Gjestdotter vart g. m. Thor Thorson på Halsnøy i Fister. Som enke med seks barn gifte ho seg oppatt med Tostein Gunbjørnson. Men dette ekteskapet var sers ulukkeleg og ho søkte domkapitlet om løyve til å skilja seg frå mannen som mishandla både henne og barna og øydde godset hennar. Tostein fall til fote og lova bot og betring under livs straff om han heretter ikkje for fram mot henne som det sømde seg eit kristent menneske.

 

2. Ånon Ormson

Byre budde og truleg bruka Marvik som han hadde arva etter far sin, Orm i Byre. Han må vera fødd ikr. 1550 og døydde truleg før 1600. I 1603 er det son hans, Bjørn, som betalte tredjeårsbygsel av Marvik.

 

3. Bjørn Ånonson

f. ikr. 1580, må seinast ha overteke Marvik i 1600. Bjørn Marvik er oppført i hakeskyttarskatten i 1611, men må vera avliden før 1615.

Kona hete Helga. Barna deira som me kjenner til:

a.Ånon Bjørnson, bonde Marvik.
b.Olav Bjørnson, g. m. ei dotter på Helland i Sand, budde der.
c.Orm Bjørnson, budde på Ottøy.
d.Anna Bjørnsdtr. g. m. Ola Knutson Fuglestein.

Enka Helga gifte seg oppatt ikr. 1615 med Helge Erikson.

 

4. Helge Erikson

g. m. enka, overtek heile garden Marvik og Haga ikr. 1615. I 1618 betalte han tredjetak av 3 ½ 1. sm. i Marvik. Han bruka heile garden til 1619. Då overlet han til steson sin Ånon Bjørnson ½ 1. sm. av Marvik. Helge Erikson var mykje nytta som lagrettesmann dei åra han brukte Marvik. Siste gongen me ser han nemnd er i hovedskatten 1645. I 1649 brukar Ånon Bjørnson heile garden.

 

5. Ånon Bjørnson

f. ikr. 1600, fekk i 1619 bygsla ½ 1. sm. i Marvik: «Ånund Bjørnsen har fest ½ 1. sm. i Marvik, som hans stifffader Helge for ham avstod, gav 6 dl.» I 1630 får han bygsla ennå ½ 1. sm. i Marvik, betalte for det 7 rd. Har då tredjeparten av Marvik og får samstundes tredjeparten ½ pd. i Haga. I 1637 overtek han nok ½ 1. sm. i Marvik, betalte 10 rd. I tredjetak 1640 betalte Ånon og stefaren Helge bygsel for halvparten av Marvik og Haga kvar.

I 1647 overtek han resten av Marvik, Helge Erikson må vera død i 1646. I lensrekneskapen heiter det:

«l.bygsel: Stedt og fest Ånon Marvik en part udi bemeldte gård Marvik, skylder årligen til kongen smør 1 ½ 1. Gav først til noen fattige faderløse børn, hvis foreldre der sammesteds hadde boet, til deres oppfostring 60 rd., for en lidelig og ringe bøxel ham samme part brukede, nemlig 15 rd.»

Stefaren Helge må vera o pattgift og lete etter seg små barn då han døydde i 1646. Det må vera desse som oppattgift må betala 60 rd. for til oppfostring.

Ånon Bjørnson brukte frå 1647 heile Marvik med Haga. I 1654 er han nemnd som lensmann i Jelsa skipreide.

Tidlegare hadde nok Ånon Marvik vore litt av ein villstyring. I lensrekneskapen 1625-26 har me under sakefall: «Ånon Marvik for han i brøllupet på Haug slo Claus smed i hodet med en ølskål, sonet med 5 dr.» Same år: «Olav Helland (bror til Ånon) for klammeri og trette han gjorde i brøllupet på Haug og siden i Marvik, sonet med 5 dr.» Barn:

a.Bjørn Ånonson f. ikr. 1628, bonde Marvik.
b.Jens Ånonson f. ikr. 1645, bonde Marvik.
c.Marit Ånonsdtr. f. ikr. 1646, g. m. Rasmus Danielson Indre Amdal på Nedstrand.

Det er mogeleg at Ånon Marvik har vore gift to gonger sidan det er så stor aldersforsjell mellom barna. Den siste kona heite Sissel.

Eldste sonen, Bjørn, overtek halvparten av Marvik og Haga ikr. 1660. Andre halvpart sat faren med truleg til han døydde ikr. 1664.

Frå 1660 og frametter til dags dato kan me skilja mellom to bruk i Marvik og fylgja brukarane fram til dei br.nr. dei har i dag. For oversynet si skuld nyttar me dei br.nr. bruka fekk i 1886.

Bruksnr. 1 av Marvik.

6. Jens Ånonson

f. ikr. 1645, overtok faren sin halvpart av Marvik og Haga ikr. 1665. Han var gift med Birgit Steinsdotter Jelsa, dotter til lensmann Stein Jelsa.

Jens Ånonson var lensmann i Jelsa frå 1672. Barn:

a.Mari Jensdtr. g. 1696 m. Daniel Karlson Ohm.
b.Anna Jensdtr. g. 1697 m. 1/ Svein Ommundson Finnvik, 2/ Ånon Gunnarson Indre Amdal.
c.Sissel Jensdtr. g. m. Knut Olson Vormestrand.
d.Malena Jensdtr. g. m. Øystein Nilsson Rosseid.
e.Margrete Jensdtr. g. m. Øystein Halvarson i Bygda.
f.Stein Jensson f. ikr. 1679. I utskrivninga til marinen i 1700: «Steen Jensen Marvik 20 år, dyktig, har vært lensmannskarl, har en gammel moder som er enke.» Truleg døydde han som matros i Den store nordiske ufred. Me finn han ikkje grl. i Jelsa.
g. Ånon Jensson f. ikr. 1684, bonde Marvik.

Jens Ånonson er avliden før 1696. Enka Birgit Steinsdotter sat med bruket mange år etter mannen var død. Truleg er ho den Berta Steinsdotter som er grl. i 1717.

 

7. Ånon Jensson

f. ikr. 1684, overtok i 1709 halvparten av mora sitt bruk i Marvik. I 1712 makebyter han med mor si Birgit Steinsdotter ½ 1. sm. i Marvik som han bur på, mot at ho får ½ 1. sm. i Vatland. I 1723 brukte han heile bruket, 1 ½ 1. sm. i Marvik og 18 m. sm. i Haga.

Ånon Jensson var lensmann i Jelsa frå 1709 til 1727. Han var gift med Sissel Olsdotter Håland i Erfjord. Barn:

a. Brita Ånonsdtr. f. 1709, død før 1726.
b. Sissel Ånonsdtr. f. 1710, død før 1726.
c. Jens Ånonson f. 1713, bonde Marvik.
d. Ola Ånonson, f. 1717, bonde Sandvik i Erfjord.
e. Ånon Ånonson, f. 1720.

Det er skifte etter Sissel Olsdotter Marvik 5. mars 1726. Ho let då etter seg enkemannen og dei tri sønene. Morbroren Gudmund Håland er verje for barna. Eiga i buet var 509 rd.

I si enkemannstid fekk Ånon jensson eit barn med tremenningen sin, Liva jensdotter. Det var streng straff for «leiermål» i så nær slekt, og Ånon vart dømd til 3 års arbeid på bergverka sønnanfjells, Liva til 3 års arbeid på fiskefelta nordpå. Men på tinget 1629 går verbror hans, då lensmann, Gudmund Håland i forbøn for han:

«Lensmann Gudmund Håland presenterte sig for retten på Ånon Jensen Marviks vegne, som idag er bleven tildømt i 3 år å arbeide på bergverk formedelst hans begangne leiermål med en tjenestetøs navnlig Liva Jensdtr. der er hinannen i 3 dje led beslektet, og tilspurte laugrettet og almuen om dem ikke er bevisst at bemeldte Ånon Jensen er meget svak og sengeliggende som han har været udi lang tid. Dertil de enstemmig svarede at denne Ånon Jensen Marvik er meget svak og sengeliggende av en sterk tæring, så det ser ikke ut etter menneskers øyne at han noen tid kan komme av sengen uten døden skiller ham derfra. Umulig er det at han noen tid kan komme til bergverk, etter hans dom, med helsen eller livet.

Herpå Gudmund Håland et tingsvitne var begjærendes.»

Berre 14 dagar etter, 10. desember 1729, vart Ånon Jensson Marvik gravlagt.

 

8. Jens Ånonson

f. 1713, overtok Marvik etter faren. Han vart i 1730 17 år gamal g. m. Anna Olsdotter Fuglestein, f. 1707.

Jens får skjøte på 1 1. 11 m. sm. i Marvik av brørne sine Ola og Ånon i 1737. Det er morbroren Gudmund Håland som skriv ut skjøtet på deira vegne. Med det som Jens sjølv hadde arva hadde han nå l ½ l. sm. i Marvik og 18 m. sm. i Haga.

Det er skifte etter Anna Olsdotter 7. oktober 1740. Tri barn lever etter henne:

a. Sissel Jensdtr. f. 1731, g. m. Jon Steinson Tveita.
b. Ånon Jensson f. 1734, bonde Marvik.
c. Kari Jensdtr. f. 1738, død før 1754.

I 1741 gifte Jens Ånonson seg oppatt i Sjernarøy kyrkje med Torborg Bjørnsdotter Norheim. Dei måtte ha kgl. løyve til å gifta seg, så dei må ha vore i nær slekt. Jens Ånonson gjev Torborg Bjørnsdotter ei morgongåva på ½ 1. sm. i Marvik og ei sølvkanna som vog 67 lodd. På låket sto: «Børge Christophersøn og Birthe Vallentinsdatter.»

Med Torborg hadde han barna:

d.Anna Jensdtr. f. 1744, g. m. Jakob Olson Bonheur, budde på Sand, Jelsaneset og Nedstrand.
e.Jens Jensson f. 1753, budde i Stavanger i 1780 åra, der g. m. Siri Andersdotter.
f.Bjørn Jensson f. 1756.

Etter at jens Ånonson hadde gjeve garden til sonen Ånon Jensson flytte han med huslyd til Kopervik. Der budde han i 1758.

 

9. Ånon Jensson

f. 1734, får bruket 1 ½ l. sm. i Marvik og 18 m. sm. i Haga i 1754. Etter skjøtebrevet får han 11. 6 ¾ m. av far sin jens Ånonson i Kopervik, 15 ¾ m. av verbroren Jon Tveita for 17 rd. Sjølv eig han etter skiftebrevet etter mor si Anna Olsdotter 1 pd. 7 ½ m. sm. i Marvik.

I 1788 kjøpte han òg grannen sitt bruk i Marvik for 900 rd. Skjøte dat. og tgl. 3. juni 1788.

Ånon jensson vart i 1761 g. m. Anna Gudmundsdotter Asheim i Hjelmeland. Med henne hadde han barna:

a.Anna Ånonsdtr. f. 1762, død same år.
b.Jens Ånonson f. 1763, bonde Marvik.

Anna Gudmundsdotter Marvik døydde i 1793, 57 år gamal. I 1795 gifte Ånon Jensson seg med Kari Andersdotter Høyviktræ. Han var då 70 år gamal, ho 28 år.

I 1794 gjev han sonen jens Ånonson gåvebrev på 1 ½ 1. sm. i Marvik. Det må vera den parten av Marvik han hadde kjøpt av grannen. Bjørn Ånonson i 1788. Sjølv sat han med sitt bruk til 1799. Då selde han bruket til Bjørn Tormodson Skimling frå Bratland. (Sjå Skimling nr. 16). Sjølv sette Ånon seg i folga hjå sonen på andre bruket i Marvik. Han døydde i 1802. Enka Kari Andersdotter gifte seg oppatt i 1805 med Knut Knutson Slåtta u. Vatland.

 

10. Bjørn Tormodson

f. 1748 på Bratland i Imsland, hadde før han kjøpte Marvik butt og bruka Skimling (sjå Skimling nr. 16). Bjørn var av gamal Marvikætt ettersom farfar hans var Bjørn Klengson Marvik. (Sjå Marvik nr. 17).

Bjørn Tormodson var g. m. Siri Kristensdotter Haug, f. 1754. (Haug nr. 13 a).

For bruket i Marvik ga Bjørn 1225 rd. Til hans bruk høyrde halvparten av Haga og halvparten av Marvik sagbruk. For odelsretten ga han til Jens Ånonson 100 rd. Bjørn sat med bruket til han døydde i 1813. Barn:

a.Siri Bjørnsdtr. f. 1781, død i barneåra.
b.Guri Bjørnsdtr. f. 1783, g. m. Gaute Eivindson Hellevik.
c.Mari Bjørnsdtr. f. 1789, g. m. Gaute Larsson Refsekra u. Marvik.
d.Siri Bjørnsdtr. f. 179 1, g. m. Ola Olson Bratland.
e.Tormod Bjørnson f. 1795, bonde Marvik og Åserød.

 

11. Tormod Bjørnson

f. 1795, får skjøte på 1 ½  l. sm. i Marvik og 18 m. sm. i Haga i skiftet etter far sin i 1813.

I 1822 kjøpte han grannen Torbjørn Samuelson sin part i Haga. Det fylgde og ein part av Torbjørn sitt bruk i Marvik med i handelen. Etter dette kjøpet var bruket til Tormod Bjørnson på 2 laup 5 ½ m. sm. Torbjørn sitt bruk på 1 laup 20 m. sm. (Hellevik var då utskild som eige bruk).

I 1821 vart Hellevik skift ut frå Marvik og seld. Det var 16 m. sm. av Torbjørn sitt bruk og 8 m. sm. av Tormod sitt bruk. Hellevik fekk seinare eige gardsnr.

Tormod Bjørnson vart i 1815 g. m. Kari Knutsdotter I. Høyvik. Barn:

a.Brita Tormodsdtr. f. 1817, g. 1843 m. Eilert Peterson Daldorf Nordstokka i Avaldsnes.
b.Bjørn Tormodson f. 1819, død same år.
c.Bjørn Tormodson f. 1821, bonde Åserød.
d.Siri Tormodsdtr. f. 1823, g. 1856 m. Ingebret Ingebretson Hebnes Storstov.
e.Tormod Tormodson f. 1827, bonde Åserød.

I 1829 makebyter Tormod Bjørnson Marvik bruk med Johannes Johannesson Åserød. Etter munnleg tradisjon var det i eit juleselskap i Marvik i 1828 dei vart samde om å byta bruk. Tradisjonen veit og å fortelja at dei båe trega etterpå på byte, men ingen ville gå attende på sine ord, og handelen kom til å stå ved lag. Ved verdsetjing i 1829 vart kvart av bruka, Marvik og I. Åserød, sett i 900 spd.

Tormod Bjørnson flytte våren 1829 til Åserød. På sine gamle dagar i 1862 gifte han seg oppatt med Brita Jakobsdotter Ytre Åserød, f. 1832. (Sjå I. Åserød.)

 

12. Johannes Johannesson

Åserød, f. 1781, var den eldste av dei 3 sønene Åserød som alle heite Johannes.

Johannes vart i 1808 g. m. enka i Østhus i Bygda, Mari Jonasdotter Haug. Heilt framand til den gamle Marvikætt frå Byre var dei ikkje ettersom oldemor til Mari var Gunhild Klengsdotter Marvik (sjå Marvik nr. 17).

Johannes og Mari hadde frå 1808 til 1821 brukt Østhus i Bygda, seinare brukte dei to-tri år 1 1. sm. i Haug, til han i 1824 flytte heim til Åserød og overtok farsgarden sin. I 1829 kom dei ved makeskifte til Marvik. Bruket i Marvik var på 1. 1. 1 pd. 4 m. sm. og i Haga 2 pd. 1 ½ m. sm. Dessutan fylgde halvparten i Marvik priviligerte bordsag. Barn:

a.Ola Johannesson f. 1808, bonde Marvik.
b.Jonas Johannesson f. 1822, strandsitjar i Marvik.
c.Johannes Johannesson f. 1818, g. m. Elen Torkildsdotter Kopervik. Johannes var sjømann og seilte som skipper med skuter frå Kopervik. Han døydde ung og enka gifte seg oppatt med Rasmus Gudmundson Østhus i Bygda.

Mari Jonasdotter Marvik døydde i 1855, 72 år gamal. Johannes Johannesson døydde i 1870, 90 år gamal.

 

13. Ola Johannesson

f. 1808 på Østhus i Bygda, får skjøte på Marvik med Haga og heile bordsaga (som faren monne ha kjøpt) av faren i 1845. Kjøpesum 1 200 spd. og folga. Ved salet vart unnanteke eit folgehus som foreldra budde i.

Ola Marvik vart i 1843 g. m. Berta Ragnhild Albertsdotter Hiim. Det er skifte etter henne i 1857, ho døydde 31. desember 1854, 37 år gamal. Ho let då etter seg enkemann og 8 barn. Buet var på 7 815 spd. Kvar son arva 700 spd., kvar dotter 350 spd. Her var stor velstand.

Ola Marvik gifte seg oppatt andre gongen med halvsøster til første kona, Liva Larsdotter Hiim, f. 1835. Dei brukte Marvik til 1892. I matrikkelen 1886 får dette bruket br.nr. 1 av Marvik med 8 mark 65 øre i skyld.

Ola Marvik døydde i 1896. Det er skifte etter han 31-12 s. å. Buet var på 38 537 kr. netto. Enka Liva Larsdotter levde i 1900 som folgekona på Marvik. Barn:

a.Johannes Olson f. 1844, bonde Marvik.
b.Marta Olsdtr. f. 1845, g. 1867 m. Orm Torbjørnson Fuglestein.
c.Inger Marie Olsdtr. f. 1846, g. 1868 m. Ola Andersson Nesheim.
d.Liva Serine Olsdtr. f. 1848, g. 1871 m. Øystein Sjurson Eike i Fister.
e.Albert Olson f. 1849, g. 1879 m. Katrina Jakobsdtr. Hebnes, busett Stokka i Vats.
f.Ola Olson f. 1850, g. 1873 m. Marie Malmin, budde Sand, reiste seinare til U. S. A.
g.Tormod Johan Olson f. 1852, g. 1882 m. Kristine Marie Tormodsdtr. Åserød, busett Helland i Sand.
h.Berta Ragnhild Olsdtr. f. 1853, g. 1873 m. utsk. assistent Ola Osmundson Berge, busett Berge i Sand.
i.Berta Oline Olsdtr. f. 1857, g. 1879 m. Paul Paulson Bog.
j.Johannes Olson f. 1858, bonde Øverland, Nedstrand.
k.Rakel Martine Olsdtr. f. 1860, g. 1882 m. Torger Simonson Hauge i Sand.
1.Lars Olson f. 1863, bonde Byrkjeland i Imsland.
m.Karen Johanna Olsdtr. f. 1865, g. m. Ingebret Hebnes Storstov.
n.Ludvig Olson f. 1868, handelsmann Marvik.
o.Ordin Olaus Olson f. 1870, urmakar på Sand.
p.Johannes Olson d. y. f. 1874, slaktarforretning på Sand.
r.Serine Johanne Olsdtr. f. 1877, g. m. lensmann Ingebret Gausland.

I alt hadde Ola Marvik 17 barn som alle voks opp og vart gifte. Det er difor ei uvanleg talrik slekt etter han.

 

14. Johannes Olson

f. 1844, får i 1892 skjøte av far sin på Marvik gardsnr. 27 br.nr. 1 for 6 000 kr. og folga.

Johannes Marvik vart i 1870 g. m. Oline Marie Larsdotter Hiim, f. 1839, ho var søster til stemor og halvsøster til mor hans. Før han overtok garden var han sagmester på Marvik sag og hadde attåt bygsla litt jord av faren. I 1877 er han kalla handelsmann. Han bruka elles ikkje lenge garden. I 1900 er han oppført i folketellinga som folgemann. Barn:

a.Ola Berdines Johannesson f. 1871, bonde Marvik.
b.Lars Martinius f. 1875, blind, budde hjå bror sin Ola Marvik til han døydde.
c.Bertram f. 1877, død ung.
d.Johannes f. 1882, død truleg ung.

 

15. Ola Johannesson

f. 1871, overtok bruket i Marvik før 1900. Han var g. m. Gundla Hadlesdotter Håland i Erfjord. Ekteskapet var barnlaust. Ola Marvik var i mange år varaordførar i Jelsa. Han døydde i 1958. Før han døydde selde han Marvik til Albert Stokka, soneson til Albert Olson Marvik-Stokka (sjå nr. 13 e).

Bruksnr. 2 av Marvik.

16. Bjørn Ånonson

f. 1628 (sjå nr. 5), fekk halve garden Marvik mens faren levde, vel ikr. 1655-60.

Bjørn var g. m. enka etter Jørgen Jakobson Tengesdal Malena Klengsdotter og budde då i Tengesdal.

Anten må Bjørn Marvik vore gift med ei enke etter ein Henrik eller og må Malena Klengsdotter vore gift med ein Henrik før eller etter ho vart gift med Jørgen Tengesdal. Kona til Anfinn Høyvik, Ingeborg Henriksdotter var stedotter til Bjørn Marvik. Anfinn stemner Bjørn Marvik til tinget i 1679 «formedelst resterende arv, dels brullupsgjerd, resterende løn samt mere betr. Bjørn til betr. hans stibdatter skulle restere.» Bjørn Marvik møtte på tinget og la fram skiftebrevet etter far til Ingeborg Henriksdotter, og kunne med det prova at han hadde betalt «mere gjeld på betr. hans stibdatters vegne enn han hadde ført henne til regnskap.» Han sa elles at ho hadde fått likt med hans eigne barn då ho reiste heimanfrå.

Truleg, etter namna på barna til Ingeborg Henriksdotter, må ho vera sonedotter anten etter Henrik Pederson Sand eller bror hans.

I 1675 møter Ola Åserød og Jon Tveita opp på tinget og ber seg fritatt for å vera formyndarar for Bjørn Marviks barn. Bjørn var tilstades og sa: «han var like kjær enten de blev eller ikke blev, han skulle vel selv hans børns ombud forestå.»

Bjørn Marvik var ein hissig kar, så det var ikkje så rart at Ola Åserød og Jon Tveita ville helst vera fri for å ha noko med han å gjera. I 1670 får han stemning frå lensherren Henrik Below:

«Først formedelst du Bjørn Marvik for noen tid forleden på en onsdag etter predikken ved Jelse kirke beskadiget den dannemann Ole Aserøen med et knivsting under hans hjerte, da han sat ved sjøen i selskap med andre godtfolk og visste ingen fare av førend du således ham imot ringeste given årsak overfalt, så hans liv derover sto a høyeste fare. Og formener han du på hannem har begået slemmere enn nidingsverk. Og etterdi du ei dig derfor endnu med dine bøter etter loven har innstillet, eller den som skaden fikk tilfredstillet, forårsakes han dig derfor å søke til skipredetinget.»

Bjørn Marvik åtte ½ 1. sm. i Tengesdal arva med kona si. Han let Lars Andersson som var g. m. stedottera få kjøpa dette godset. Men så hadde ikkje Bjørn betalt skatt av dette godset eit par år og futen såg sitt snitt til å leggja denne halve laup smør til krongodset som forbrote gods. Bjørn skreiv då eit brev til lensherre Ludvig Rosenkrantz med klage over at han ville verta reint ruinert om kongen tek godset frå han:

«Derfor min allerunderdanigste begjæring til Eders Excelens annfaller at Eders Excelens på Ko: ma : vegne mig fattige mann høygunstig ville benåde at jeg den av samme gods forfaldne skatt endnu må benådes å betale og utlegge. Jeg erbyder mig til den høyeste bogeræd mig kan forelegges at samme skatters inneholdelse ei skjedde av svik eller motvillighet, men foranførte misforstand såvelsom ringe forråd har samme skatters inneholdelse forårsaket. Eders Excelens høygunstige befordring herutinnen vil Gud allermektigste visseligen belønne, under hvis guddommelige bestemmelse Eders Excelens allerunderdanigst forønskes av Eders Excelens allerunderdanigste tjener Bjørn Ånonsen Marvik. Dat: Nessem 22. juni 1675.»

Bjørn Marvik fekk godset attende mot å betala odelsskatten av godset.

Bjørn Ånonson var visstnok lensmann i Jelsa ei tid. Ombodsmannen for oberst Gersdorf klagar i 1675 over at Økstraskogen vert forhoggen. Han seier då at Bjørn Marvik i den tid han var lensmann hadde plikt til å sjå etter dette. Men Bjørn svarar at han visste ikkje anna enn at det var ombodsmannen som hadde ei slik plikt.

Det er skifte etter Bjørn Ånonson Marvik 14. oktober 1686. Han let då etter seg barna:

a.Jørgen Bjørnson f. ikr. 1651, død før 1686.
b.Åmund Bjørnson f. 1654.
c.Ånon Bjørnson f. 1659.
d.Kleng Bjørnson f. 1660.
e.Tjerand Bjørnson f. 1661.
f.Per Bjørnson f. 1665.
g.Sissel Bjørnsdtr., g. m. Per Johannesson Li.
h.Nils Bjørnson

 

17. Kleng Bjørnson

(16 d), f. 1660, overtok bruket til faren i 1686. Same året tingles han eit kjøpebrev på 2 pd. 8 ½ m. sm. i Marvik, kjøpt av faren Bjørn Ånonson 1 pd. sm., av brørne Nils og Per 26 m. sm. og av verbror Per Li 6 ½ m. sm. Han sjølv hadde arva etter mora 13 m. sm. Han betalte for marka ½ rd. Same år kjøpte han og 1 pd. 6 m. sm. av oberst Gersdorf for 42 rd. I 1687 kjøpte han 2 m. sm. av Lars Tengesdal på kona hans si vegne, og av Kari Soland 2 m. sm. Kleng Bjørnson åtte sitt bruk i Marvik, 1 ½ l. sm. og 18 m. sm. Haga.

Kleng Marvik var gift med Gunhild. Ho er grl. i 1723. Etter namnet på sonen, Navar Klengson, er ho truleg ei Navardotter eller før gift med ein Navar. Både Gunhild og Navar var Ropeidnamn, så det er mest truleg at ho er dotter av Navar Ropeid. Barn:

a.Bjørn Klengson f. 1688, død 1697.
b.Navar Klengson f. 1692, bonde Marvik.
c.Ånon Klengson f. 1694, bonde Marvik.
d.Bjørn Klengson f. 1697, bonde Storstov Hebnes.
e.Jens Klengson f. 1699, g. m. Ingrid Olsdtr. Erfjord, bonde der.
f.Gunhild Klengsdtr., g. m. Jon Olson Haug.
g.Malena Klengsdtr., g. 1 / m. Tormod Gunnarson Soland, g. 2/ m. Syvert Anfinnson Soland (sjå Soland nr. 25 og 26).
h.Guri Klengsdtr., g. m. Tomas Sørenson.

I 1718 bygsla Kleng Marvik bort ein del av bruket sitt til sonen, Ånon Klengson. Resten av bruket sat Kleng med til han døydde i 1728.

 

18. Navar Klengson

f. 1692, overtek det bruk som faren sat att med i Marvik, 2 pd. 6 m. sm. og 9 m. i Haga (halve bruket). Han åtte heller lite i bruket. Det han hadde arva etter far og mor selde han til broren Bjørn Klengson Hebnes. Bjørn Klengson selde alt han åtte i Marvik til Børge Osmundson Foss i Hjelmeland. Navar måtte seinare betala bygsla til Børge Foss.

Navar Klengson var g. m. Kari Ellingsdotter. Barn:

a.Gunhild Navarsdtr. f. 1724, g. m. Torger Olson Sørhus i Erfjord. Budde ei tid på Ur i Årdal.
b.Sissel Navarsdtr. f. 1727.
c.Ingrid Navarsdtr. f. 1730.
d.Kleng Navarson f. 1723, døydde i 1728.

Navar Klengson døydde ung. Han er grl. 13. jan. 1732. Enka og dei tri døtrene lever etter han. Ingen ting å arva. Enka gifte seg oppatt med Johannes Olson Fjetland.

Eldste dottera, Gunhild Navarsdotter, lyste på tinget 1761 ut sin odelsrett til 1 1. 2 pd. 6 m. sm. i Marvik, som ho ville løysa inn når ho fekk pengar til det. Men mannen, Torger Olson Sørhus, selde odelsretten i 1766 til Bjørn Ånonson for 40 rd.

 

19. Johannes Olson

Fjetland vart 28. des. 1732 g. m. enka Kari Ellingsdotter Marvik. Men Kari døydde alt året etter.

Johannes Olson gifte seg oppatt i 1734 med Marit Torgilsdotter Soland. Dei budde og bruka parten i Marvik. Men Ånon Klengson meinte seg då å ha betre rett til dette bruket og la i 1736 sak mot bror sin Bjørn Hebnes om dette. Om den rettssaka sjå under nr. 20. Johannes og Marit flytte seinare til Soland. (Sjå Soland nr. 14).

 

20. Ånon Klengson

(17 c) får i 1718 bygselbrev av far sin, Kleng Bjørnson, på halve bruket til faren. Han hadde då tent 1 ½ år som matros i kongens flåte. (Den store nordiske ufred). Då faren døydde vart alt godset i Marvik, l ½ 1. sm., og 18 m. sm. i Haga, delt mellom barna. Kvar bror fekk 1 pd. 1 ½ , m. sm., kvar søster 13 m. sm. Då bror til Ånon, jens Erfjord, døydde i 1730 løyste Ånon inn det godset Jens åtte i Marvik. Men det var broren Bjørn Klengson Hebnes som var mest pengesterk. Han betalte for godset og åtte tilsist 11. 3 3/5 m. sm. i Marvik. Dette selde han til Børge Osmundson Foss mot å få kjøpa att gods i Hebnes som Børge åtte der.

Då broren Navar og enka etter han var død meinte Ånon Klengson han har beste rett til også denne part av faren sitt bruk i Marvik og legg sak mot bror sin, Bjørn Hebnes, fordi han hadde seld dette odelsgodset til Børge Foss. Bjørn Hebnes møtte på tinget og seier at i grunnen hadde han ikkje seld men bytt gods med Børge Foss mot gods i Hebnes.

Denne saka kom seinare fram på skipreidetinget på Jelsa i 1736. Då var Bjørn Hebnes død. Dommen var:

 

«Citanten Ånon Klengsen Marvik har lovlig bevist ved de i retten innlagte kjøpebreve at hans sal. far Kleng Bjørnsen var den rette odelsmann for gården Marvik, såvidt påstevnet er, unntatt de 30 m. sm. som sal. oberst Fredrik Gersdorf har solgt til sal. Kleng Bjørnsen under dato 22. des. 1686, hvilke 30 m. sm. må bli hans kgl. may.s med odel og herlighet reservert og forbeholden såsom det ikke er solgt med noen odel men aleneste til eiendom. Og som sal. Bjørn Klengsen har solgt Børge Foss 1 1. 3 3/5 m. SM. med odel og herlighet for 75 rd. 58 skilling, der var yngre bror enn citanten Ånon Klengsen, ikke heller har Bjørn Klengsen fyldiggjort lovens Ste boks 3dje kap. ]ste art. idet han ikke har tilbudt hans eldre bror samme gods førenn han det solgte.

Altså kjennes for rett at bem.te Børge Foss bør å levere til Ånon Klengsen Marvik etter hans skjøtes formeld. Hvorimot Ånon Klengsen bør betale til Børge Foss, som er ganske fremmed mann, 75 rd. 58 sk. i god gangbar mynt, alt 15 dage etter denne doms lovlige forkynnelse. Dog observeres dette at når engang citantens sal. bror Navar Klengsens børn kommer til deres myndige alder, det da dem igjen overleveres både odels og besittelsesretten for såvidt dem kan tilkomme, såvel godset i sig selv, for samme penge som Ånon Klengsen skal utgi, så de i alle måter skal ha deres rett forbeholden.»

Ånon Klengson får skjøte av Børge Foss 23. des. 1737 på 1 1. 3 3/5 m. sm. i Marvik. Han eig og brukar 1 ½ l. sm. i Marvik og 18 m. sm. i Haga frå 1737.

Ånon Klengson var gift med Marta Larsdotter Barkeland, f. 1694. Barn:

a.Sissel Ånonsdtr. f. 1720, død 1723.
b.Bjørn Ånonson f. 1721, død same år.
c.Lars Ånonson f. 1722, død 1723.
d.Lars Ånonson f. 1724, g. 1753 m. Venke Elisabet Jensdtr. Bigom, Avaldsnes.
e.Kleng Ånonson f. 1727, g. 1758 m. Ingeborg Danielsdtr. Ask på Rennesøy, budde der.
f.Gunhild Ånonsdtr. f. 1732.
g.Bjørn Ånonson f. 1736, bonde Marvik.

Marta Larsdotter grl. 1765, Ånon Klengson 1772.

 

21. Bjørn Ånonson

f. 1736, får gåvebrev av far sin Ånon Klengson på halve bruket 2 pd. 6 m. sm. i Marvik og 9 m. sm. i Haga i 1762. Faren brukte resten til 1766, då får sonen Kleng Ånonson gåvebrev på denne halvpart. Men Kleng kom aldri til å overta sin part av bruket. Han budde på Ask og døydde der før 1772. Erik Rasmusson Ask som var gift med enka etter Kleng skriv i 1772 ut skjøte til Bjørn Ånonson på det som Kleng åtte i Marvik. Kjøpesum 60 rd. Frå då av åtte og brukte Bjørn Ånonson 1 ½ l. sm. i Marvik og 18 m. sm. i Haga.

Bjørn Ånonson var gift med Brynhild Larsdotter Barkeland, f. 1744. Barn:

a.Ånon Bjørnson f. 1765, død same år.
b.Lars Bjørnson f. 1766, død 1771.
c.Marta Bjørnsdtr. f. 1769, død same år.
d.Marta Bjørnsdtr. f. 1770.
e.Brynhild Bjørnsdtr. f. 1772.
f.Lars Bjørnson f. 1775, g. 1. g. m. enke Inger Sveinsdtr. på Sandnes. G. 2. g. m. Marta Nilsdtr. Toftøy. Var gjestgjevar og jekteskipper på Sandnes.
g.Ånon Bjørnson f. 1777, død 1795.
h.Ola Bjørnson f. 1779, død 1791.
i.Sissel Bjørnsdtr. f. 1783, død same år.
j.Gundla Bjørnsdtr. f. 1784, død same år.
k.Sissel Bjørnsdtr. f. 1784.
l.Gunhild Bjørnsdtr. f. 1786.

I 1788 selde Bjørn Ånonson sitt bruk i Marvik til grannen Ånon Jensson for 900 rd. Skjøte dat. og tgl. 3. juni 1788. Lars Bjørnson selde odelsretten til same bruk i 1793.

Bjørn Ånonson og kona flytte då til Årsvoll ved Sandnes der båe vart grl. året etter (1789).

 

22. Jens Ånonson

f. 1763 (9 b), får gåvebrev av far sin på dette bruket i 1794.

Jens Ånonson vart i 1790 g. m. Marta Persdotter Asheim i Hjelmeland. Dei var søskenbarn. Ekteskapet var barnlaust. Med jens døydde den gamle ættlina ut på dette bruket. I 1818 selde han bruket til Ola Gullikson Iming.

Jens Ånonson døydde i 1824, Marta Persdotter i 1834.

 

23. Ola Gullikson

Iming frå Oppdal anneks i Numedal får skjøte på bruket i 1818. Men han døydde visstnok før han kunne overta bruket i Marvik. Hans arvingar selde bruket til Torbjørn Samuelson Bratland.

 

24. Torbjørn Samuelson

f. 1778 på Bratland, får i 1821 skjøte på Marvik av Ola Gulliksons arvingar, Per Gullikson Iming og Svein Olson Lassegård. Kjøpesum 1 000 spd. og folga til jens Ånonson og kona rekna i 5 år til 350 spd.

Torbjørn Samuelson hadde igrunnen overteke bruket i 1819. Men av ein eller annan grunn var han vorten kasta ut av bruket. Det var futen Bredrup som sto for utkastelseforretningen. Torbjørn kjende seg urett medfaren og legg sak med krav på erstatning. Han vann og saka og får seg tilkjent 200 spd. i erstatning av Ola Imings arvingar og 40 spd. i sakskostnad.

Torbjørn var g. m. Marta Andersdotter Kjerringtveit i Sauda, f. ikr. 1795.

Torbjørn Samuelson selde sin part av Haga, 18 m. sm., og ein part av sitt bruk i Marvik i 1822 til grannen Tormod Bjørnson. Det vart teke unna at halve sagbruket som låg på den selde part, ikkje skulle fylgja med i handelen. Samstundes krev Torbjørn at innmarka i Marvik skal utskiftast, så kvar får samla bruk. Utskiftninga kom først i 1825.

I 1822 vart det utskift og seld ein part på 16 m. sm. av dette bruket og lagt til Hellevik, som vart eige bruk. Att av Torbjørn sitt bruk var då 1 1. 20 m. sm.

Torbjørn Samuelson døydde i 1827. Skifte 10. jan. 1828. Barn:

a.Samuel Torbjørnson f. 1825, bonde Marvik.
b.Anders Torbjørnson f. 1827.

 

25. Kleng Samuelson

Bratland, f. 1784, bror av Torbjørn Samuelson (24), vart i 1828 g. m. enka etter broren, Marta Andersdotter. Han får adkomstkvittering på 11. 20 m. sm. i Marvik for 303 spd. i 1829.

Kleng og Marta hadde to søner:

a.Torbjørn Klengson f. 1828.
b.Samuel Klengson f. 1834, reiste til Amerika.

Marta Andersdotter døydde i 1876. Kleng Samuelson døydde i 1882, 98 år gamal.

I buet etter Marta Andersdotter får Kleng Samuelson lausøyra for 140 kr.

Torbjørn Klengson som er bøkker får røykstova for 24 kr. Andre sonen, Samuel Klengson, er då i Amerika. Av sønene i første ekteskap med Torbjørn Samuelson lever då Anders Torbjørnson, men Samuel Torbjørnson er død og etterlet seg 4 barn.

 

26. Samuel Torbjørnson

f. 1825 (24 a), får skjøte av stefar sin Kleng Samuelson på 1 1. 20 m. sm. i Marvik i 1844. Kjøpesum 700 spd. og folga. Med i handelen var ikkje bordsaga og røykstova.

Samuel var g. m. Siri Johannesdotter Soland, f. 1828. (Soland 16 i). Barn:

a.Berta Serina Samuelsdtr. f. 1853, død 1872.
b.Johannes Samuelson f. 1855, død 1875.
c.Inger Marie Samuelsdtr. f. 1858, g. m. Berge Nilsson lsvik. Ho døydde i 1881, 23 år gamal.
d.Torbjørn Samuelson f. 1861, bonde Marvik.
e.Kristian Samuelson f. 1864, landhandlar Vatlandsvåg.
f.Anna Serina Samuelsdtr. f. 1867.
g.Samuel Samuelson f. 1870, død 1872.

Siri Johannesdotter Marvik døydde i 1875, 47 år gamal. Samuel Torbjørnson døydde i 1876.

I skiftet etter Samuel Marvik vart jordegodset 3 dl. 4 ort 8 sk. utlagt sonen Torbjørn Samuelson for 1300 spd.

 

27. Torbjørn Samuelson

f. 1861, fekk skjøte i buet etter far sin i 1876. Han var då berre 15-16 år gamal. Torbjørn var g. m. Dorte Sofia Johannesdotter Haug, f. 1868 (Haug 22 a).

Torbjørn Samuelson hadde bruket i Marvik til 1894. Då makebyter han Marvik gardsnr. 27 br. nr. 2 av skyld 6 mark 48 øre med Thor Kristenson mot Finnvik gardsnr. 104 br.nr. 1 av skyld 3 mark 10 øre og 4 000 kr. i kontanter. Makebytebrevet dat. Stavanger 17. april 1894.

Torbjørn og Sofia budde i Finnvik til 1897. Då tek son til Thor Kristenson, Kristen Berdines, Finnvik att på odel.

I 1900 bur Torbjørn og Sofia i Kalhagvika under sitt gamle bruk og han er gards­arbeidar og bøkker.

            Barn heime i 1900:

a.Serina Torbjørnsdtr. f. 1886.
b.Johannes Torbjørnson f. 1887.
c.Anna Torbjørnsdtr. f. 1890.
d.Tormod Torbjørnson f. 1892.
e.Joakim Torbjørnson f. 1895.
f.Marie Torbjørnsdtr. f. 1897.
g.Tomas Torbjørnson f. 1900.

Torbjørn Samuelson døydde visstnok i Amerika.

 

28. Thor Kristenson Finnvik

f. 1842, overtok Torbjørn Samuelson sitt bruk i Marvik i 1894. Han var g. m. Berta Johannesdotter Helland i Vikedal.

Det er skifte etter Berta Johannesdotter 24. mai 1897. Ho let då etter seg enkemann og barna:

a.Kristen Berdines, då tilsjøs, seinare bonde Finnvik.
b.Anna Bertine, g. 1. g. m. Kristian Samuelson Marvik (26 e). 2. g. m. Johannes Tveita.
c.Martine, då (1897) i Amerika.
d.Hanna, g. m. Lars Halvarson Li.
e.Johannes, Amerika.
f.Nilla.
g.Tore Johan.
h.Bertine.
i.Kristine Josefine Laurentsa Tananda.

Garden vart utlagt enkemannen til innløysing for 8 600 kr.

I 1898 selde Thor Kristenson garden til Ola og Edvart Osmundsøner Soland (Soland 17 d og e) for 11000 kr.

 

29. Ola og Edvart Osmundsøner

brukte truleg bruket saman og er i matr. 1906 ført opp saman under br.nr. 2 av Marvik. Seinare vart dette bruk skift i to like bruk.

Ola Osmundson var g. m. Anna Nilsdotter Fjetland, f. 1877. Barn:

a. Nils Olson f. 1908, g. m. Jenny Kristensdtr. Haug, har nå bruket.
b.Gunla,
c.Jørgine,
d.Johannes,
e.Gustaf,
 f.Astrid,
g.Sverre,
h.Olaug.

Edvart Osmundson g. m. Rakel Sveinsdotter Eide, Sand, f. 1864. Barn i 1900:

a.Gunla Edvartsdtr. f. 1887.
b.Osmund f. 1888.
c.Ragnhild f. 1891.
d.Svein f. 1893.
e.Margrete f. 1896.
f.Johannes Edvartson f. 1898, g. m. Julia Bjørnsdtr. Høyvik, har bruket nå (1960).

Under Marvik.

Isvik.

30. Ola Olson

Skimling f. ikr. 1746, busette seg i lsvik då han i 1779 gifte seg med Magla Tormodsdotter Bratland. Seinare budde dei i Nevøy og tilsist i Bakkane u. Haug (sjå Bakkane u. Haug).

 

31. Åmund Jonson

f. 1751, kom til Jelsa frå Sandvin i Odda. Faren var Jon Åmundson Sandvin. Han var av Sukka-ætta. Rudolf Dreyer: Sukkaætta side 60. Åmund Jonson var g. m. Brynhild Persdotter, truleg frå Odda ho òg Dei forpakta ei tid Røykjenes på Ombo, budde seinare på Lovernes og tilsist i Isvik u. Marvik. Barn me kjenner til:

a.Guri Åmundsdtr. f. 1782, oppkalla etter farmora. G. 1820 m. Jens Håvarson Tveitahaugen.
b.Marta Åmundsdtr. f. 1787.
c.Anna Åmundsdtr. f. 1790, g. m. enkemann Lars Ingebretson Tandranes. Anna hadde ei dotter i 1820 med Torbjørn Samuelson Bratland, denne Sissel Torbjørnsdtr. vart i 1845 g. m. Johannes Johannesson Sandane på Jelsa.
d. Jon Åmundson f. 1791, busett Isvik.

Brynhild Persdotter døydde i Isvik i 1818, 72 år gamal. Åmund Jonson døydde i

1836, 85 år gamal.

 

32. Jon Åmundson

f. 1791, vart i 1818 g. m. Brita Kolbeinsdotter Soland, f. 1783. Jon fekk i 1815 bygsla plassen av Tormod Bjørnson Marvik. Far hans, Åmund Jonson, åtte sjølv husa på plassen. Barn:

a. Brynhild Jonsdtr. f. 1819, g. m. Lars Olson Jekteberg.
b. Brita Jonsdtr. f. 1821, g. m. Ola Olson Sildelid.

Jon Åmundson lsvik døydde i 1844, 51 år gamal.

 

33. Osmund Sjurson

Rødne bygsla lsvik etter Jon Åmundson. Osmund Sjurson vart i 1825 g. m. Marta Johanna Andersdotter Vatland på Ombo. Dei budde først på Flåta u. Nodland, seinare på Stølen u. Østhusbygda og tilsist frå 1845 i lsvik u. Marvik. Der døydde Osmund i 1848. Kjenner to barn:

a.Brita Osmundsdtr. konfirmert 1838.
b.Sjur Osmundson konfirmert 1844.

Båe desse barna reiste med mora til Amerika i 1854. Ho, Marta Johanna, var då 64 år gamal. Kanskje er Andreas Osvald, konf. 1847, og reiste samstundes til Amerika, og sonen deira.

 

34. Nils Gudmundson

Vatland, f. 1814 (sjå Vatland nr. 21), vart i 1843 g. m. Siri Eivindsdotter Soland, f. 1815 (Soland nr. 46). Dei busette seg i lsvik u. Marvik i 1846. Barn:

a.Gudmund Nilsson f. 1844, var matros i utenriksfart i 1875.
b.Eivind Nilsson f. 1846, matros i utenriksfart i 1875.
c.Berge Nilsson f. 1856, død 1857.
d.Berge Nilsson f. 1859, matros i 1875.

I 1900 bur det ingen i Isvik.

Stølen u. Marvik.

35. Nils Sjurson

f. 1741, son av Sjur Torbjørnson Fåreneset, vart i 1771 g. m. Magla Ormsdotter, søster til Knut Ormson Kålstø. Dei budde først på Fåreneset, så i Kvelvane u. Håland, og kom til Stølen ikr. 1790. Dei bur der i 1801. Barn:

a.Åsa Nilsdtr. f. 1771, g. 1806 m. Knut Torgerson Kålstø.
b.Mari Nilsdtr. f. 1774, g. 1806 m. Ola Rasmusson Håla u. Fuglestein.
c.Magla Nilsdtr. f. 1779, g. 1803 m. Nils Knutson Lovra.
d.Sjur Nilsson f. 1781.
e.Sjur Nilsson f. 1784, busett Øygarden u. Marvik.

Magla Ormsdotter døydde i 1820, 78 år gamal, Nils Sjurson Stølen i 1828, 84 år gamal.

 

36. Nils Knutson

Lovra, f. 1783, son av Knut Johannesson Lovra, f. 1762, og Ragnhild Ånonsdotter Surnavik, vart i 1803 g. m. Magla Nilsdotter Stølen. Dei tente begge to på Lovra då og budde der dei første åra dei var gifte. Seinare kom dei til Stølen u. Marvik og busette seg der.

Magla Nilsdotter fall utfor eit fjell og slo seg ihel i 1819. Ho var då 46 år gamal. Nils Knutson gifte seg oppatt i 1821 med Brita Larsdotter Hamra, dotter av ser­sjant Lars Hadleson Hamra d. y. som budde i Kalvikneset ei tid, seinare Sandslandet.

Barn i første ekteskap

a.Knut Nilsson f. 1803, død same år.
b.Magla Nilsdtr. f. 1805, død same år.
c.Magla Nilsdtr. f. 1806, g. 1833 m. Daniel Olson Frøvikskogen, budde Kalvik. d. Knut Nilsson f. 1809, død same år.
e.Ragnhild Nilsdtr. f. 1812, g. m. Per Jonson Tveiterå.

Barn i annet ekteskap:

f.Lars Nilsson f. 1825.
g.Nils Nilsson f. 1827, buset Marviksjøen.

I 1875 er Nils Knutson enkemann og blind. Han bur då på Ara u. Åserød, 92 år gamal. Både Brita og Nils kom på legd på sine gamle dagar. Men dei får vera saman ute i bygda på legd og, dei same veker på kvar gard for båe. Nils Knutson døydde i 1878 10. desember, Brita Larsdotter 1874, 80 år gamal.

 

37. Sjur Nilsson

f. 1784 (35 e), budde òg på Stølen ei tid. Seinare flytte han til Øygarden og budde der. Han vart gift i 1821 med Anna Osmundsdotter Soland (Soland 15 f). Barn:

a.Osmund Sjurson f. 1821, busett Kalvikbakkane.
b.Nils Sjurson f. 1823, husmann u. Kalvikbakkane.
c.Magla Sjursdtr. f. 1826, g. 1857 m. omstreifer blekkslagar Samuel Samuelson frå Bykle.
d.Sjur Sjurson f. 1832, busett Myrane u. Føljesvoll.
e.Siri Sjursdtr. f. 1830.

Sjur Nilsson er seinare kalla frå Kalvik, så han er nok seinare flytt dit.

 

38. Askild Kristenson

Tveit i Erfjord, f. 1807, bygslar Stølen seinare. Han vart i 1851 g. m. Anna Mattisdotter Marvikhaugen, f. 1829. Askild skulle vera ein dugande spelemann. (Magnus Våge: Erfjordboka). Barn:

a.Inger Askildsdtr. f. 1852, g. 1877 m. Kleng Klengson Skeie på Sand.
b.Anna Kristine f. 1861.
c.Brita f. 1858.
d.Martine Tomine f. 1868.

Askild Kristenson døydde i 1871.

 

39. Isak Endreson

f. 1844, gardsarbeidar og bøkker, bur på Stølen i 1900. Isak var son av Endre Øysteinson Fjetland (Fjetland 32 g).

Isak Stølen var g. m. Eli Salmundsdotter Fjetland, f. 1855. Barn i 1900:

a.Gundla f. 1878.                                                           
b.Endre f. 1884.
c.Ingeborg f. 1886.
d.Sofie f. 1892.
e.Østen f. 1895.
f. Isak f. 1898.

Haugen u. Marvik.

40. Ola Bjørnson

Høyvik, g. m. Valborg Osmundsdotter Soland, bur på Marvikhaugen frå 1807­15. Flytte då til Sildelid u. Vatland. Sjå Sildelid.

 

41. Mattis Mattisson

Kvæstad i Suldal, f. ikr. 1788, bygsla i 1823 av Tormod Bjørnson ein urydda plass u. Marvik kalla Haugen. Mattis kom då frå Kinsarvik, Hardanger, og hadde med seg kona Brita Sjursdotter, då 30 år, og ei dotter Ingeborg ½ år gamal. Barn:

a.Ingeborg Mattisdtr. f. 1823, g. 1845 m. Herman Ivarson Høyviktræ.
b.Mattis Mattisson f. 1825, g. 1852 m. jomfru Kristine Vilhelmine Meidel på Jelsa. Dei flytte same år til Stavanger.
c.Anna Mattisdtr. f. 1829, g. 1851 m. Askild Kristenson Tveit. Sjå nr. 38.
d.Knut Mattisson f. 1836.

Brita Sjursdotter døydde i 1854. I 1860 gifte Mattis seg oppatt med enke Torborg Gautesdotter Beita. Han var då 72 år og ho 53 år gamal. Mattis Mattisson døydde året etter.

 

42. Lars Larsson

Sagen, f. 1807, gamal skulehaldar, bur ei tid på Marvikhaugen. Sjå elles Sagdalen u. Vatland.

Beita u. Marvik.

43. Osmund Osmundson

Soland vart i 1819 g. m. Liva Olsdotter Jårvik. Budde først på Solandsslåtta, men flytte ikr. 1828 til Beita. I 1875 bur dei ugifte barna etter Osmund og Liva i Beita:

Ola,
Siri og
Liva.

Dei før då 2 kyr, 1 ungnaut og 10 sauer, sår 1 ½ tn. havre og 1 ½ tn. poteter. Om Osmund Osmundson sjå Soland nr. 50. Liva Olsdotter døydde i Beita u. Marvik i 1846, 52 år gamal.

 

44. Viar Øysteinson

Fjetland, f. 1808 (sjå Fjetland nr. 31), bygslar Beita då han i 1834 gifte seg med Torborg Gautesdotter Soland. (Sjå Soland nr. 31). Dei brukte plassen før enn Osmund Osmundson flytte dit. Barn:

a.Øystein Viarson f. 1835, døydde same år.
b.Eli Viarsdtr. f. 1836.
c.Jorunn Viarsdtr. f. 1839, g. 1871 m. Anders Knutson Jørstad.
d.Øystein Viarson f. 1842, kjøpte i 1894 Lund i Sjernarøy.
e.Torborg Viarsdtr. f. 1844.
f.Gaute Viarson f. 1847, sjå Soland nr. 37.
g.Torborg Viarsidtr. f. 1850.

Viar Øysteinson Beita døydde i 1855, 46 år gamal. Enka Torborg Gautesdotter g. oppatt i 1860 m. Mattis Mattisson Marvikhaugen.

I 1875 bur Ola Osmundson som ungkar i Beita. Sjå nr. 43.

Refsekra u. Marvik.

45. Lars Kolbeinson

Hellevik var soldat då han i 1783 gifte seg med Ingeborg Gautesdotter Soland (sjå Soland 29 c). Dei budde i Hellevik og Nådlandshagen på Ombo før dei ikr. 1790 kom til Refsekra.

Lars Kolbeinson døydde i 1795. Han let då etter seg barna:

a.Brita Lardstr. f. 1784.
b.Gaute Larsson f. 1785, sjå nr. 47.

Enka Ingeborg Gautesdotter g. 2. g. m. Lars Rasmusson.

 

46. Lars Rasmusson

Kuvik i Sand, f. 1771, vart i 1797 g. m. Ingeborg Gautesdotter, enka på Refsekra. Ei dotter hadde dei, Malena Larsdotter f. 1800, g. 1829 m. enkemann Ola Rasmusson Åserøddalen.

Det er skifte etter Ingeborg Gautesdotter i 1815. Lars Rasmusson gifte seg same år med Guri Larsdotter Tveit i Erfjord, f. 1779, dotter av Lars Kristenson Tveit frå Bratland i Imsland. Med henne hadde han barna:

a.Lars Larsson f. 1816, død 1830.
b.Ingeborg Larsdtr. f. 1818, død same år.
c.Eli Larsdtr. f. 1819, g. 1841 m. Ola Knutson Tveit i Erfjord, budde Tveitelia u. Tveit. Eli g. 2. g. m. Jon Kolbeinson Kvæstad i Suldal.
d.Rasmus Larsson f. 1822.

Lars Rasmusson døydde i 1861, 80 år gamal, Guri Larsdotter i 1846, 65 år gamal.

 

47. Gaute Larsson

f. 1785 (sjå 45 b), vart i 1812 g. m. Mari Bjørnsdotter Marvik (10 c), budde ei tid på Refsekra, så på Vatland og Bjørnevåg, kjøpte Kolstø i Erfjord og flytte dit. Ætt etter dei bur på Kolstø framleis. Barn:

a.Siri Gautesdtr. f. 1812.
b.Lars Gauteson f. 1814, bonde Kolstø.
c.Siri Gautesdtr. f. 1820, g. m. Johannes Olson Rørtveit.
d.Ingeborg Gautesdtr. f. 1823, g. m. Ola Tormodson Fatnes.
e.Siri Gautesdtr. f. 1827, g. m. Lars Larsson Føljesvoll.

 

48. Gunnar Eliasson

f. 1798 på Øyra u. Åbø i Sauda, son av Elias Gunnarson som budde på Nyvoll i Jelsa. Gunnar vart i 1828 g. m. Malena Olsdotter Bakkane u. Haug, f. 1805. I 1834 bygsla dei Refsekra u. Marvik av Johannes Marvik.

Barn fødd på Refsekra:

a.Anna Ragnhild f. 1834.
b.Eivind f. 1838, død same år.
c. Malena f. 1840.

Truleg flytte dei ikr. 1842 frå Jelsa.

 

49. Salmund Bjørnson

f. 1810 på Berge i Suldal, g. m. Ingrid Ånonsdotter f. 1817 på Stråpa, kom til Jelsa i 1842 og bygsla Refsekra. Barn:

a.Ånon Salmundson f. 1843, bonde Gryte.
b.Gundla Salmundsdtr. f. 1841, g. m. Ola Vilhelmson Vatland, busett der.
c.Inger Oline Salmundsdtr. f. 1852, g. m. Samuel Vilhelmson Vatland, busett Refsekra.

Ingrid og Salmund bur på Refsekra i 1875. Dei før då på plassen 2 kyr, 1 ungnaut, 12 sauer og 6 geiter, sår 1 ½ tn. havre og 2 ½ tn. poteter.

Ingrid Ånonsdotter døydde i 1886.

 

50. Samuel Vilhelmson

f. 1844 (sjå Vatland 25 f), vart i 1875 g. m. Inger Oline Salmundsdotter Refsekra. Dei busette seg hjå dei gamle på Refsekra. Samuel var skipstømmermann og arbeidet på verven i Ottøy: Barn:

a.Vilhelm Martin f. 1875.
b.Inger Sofie f. 1877.
c.Salmund f. 1880.                                                         
d.Johan f. 1885.
e.Tomas f. 1888, d. s. å.
f.Tomine Martine f. 1889.

Samuel Vilhelmson hadde seinare ei stutt tid br.nr. 2 av Skimling.

Marviksjøen.

51. Jonas Johannesson

(sjå Marvik 12 b), vart i 1857 g. m. Kari Kristoffersdotter Hebnes, dotter av Kristoffer Eivindson Gjerde, Jelsa, husmann på Hebnes. Dei budde i eit hus ved Marviksjøen der Jonas var fiskar og jekteskipper. Barn:

a.Johannes Martin f. 1857, matros i fart på Nordland i 1875.
b.Kristoffer f. 1859.
c.Edvart f. 1864. Dei to siste heime i 1875.

Kari Kristoffersdotter døydde i 1866, 37 år gamal.

 

52. Nils Nilsson

f. 1826, son av Nils Knutson Stølen, bur som strandsitjar og vervstømmermann i Marvik i 1875. Han vart i 1865 g. m. Malena Halvarsdotter Tønnevik u. Sigmundstad, f. 1832. Barn:

a.Halvar f. 1865.
b.Berta Ragnhild f. 1866.
c.Nils f. 1868.
d.Gurine Laurentsa f. 1872.

Nils Nilsson døydde i 1886, 60 år gamal.

 

53. Herman Albertson

f. 1831 (sjå Soland 33 b), bur som strandsitjar i Marviksjøen i 1875. Gift 1862 med Laurentsa Hadlesdotter Hellevik, f. 1834, dotter av Hadle Larsson Hellevikneset. Herman var jekteskipper. Barn:

a. Albert Hermanson f. 1862, var matros og døydde ved forlis i 1892.
b. Hadle Hermanson f. 1866, døydde i 1869.
c. Hadle Hermanson f. 1870.
d. Berdines Hermanson f. 1873.

Herman Albertson døydde i 1890.

 

54. Torger Bjørnson

Hellevik, f. 1859, son av Bjørn Gauteson, bur i Marviksjøen i 1900. Han var fiskar og landhandlar, dessutan hadde han ei jekt han reiste med.

Torger Bjørnson var g. m. Anna Vigleiksdotter Soland (sjå Soland 35 c). Barn:

a.Bjørn Torgerson f. 1886.
b.Vilhelm Kornelius f. 1887.
c.Andreas Severin f.