LI, gardsnr. 24.

Garden ligg nordaust av Haug og Skimling. Li høyrde til kyrkje­godset og var benefisert Jelsapresten. Etter gamal skyldsetning var Li på 1 laup 18 mark smør.

Det var med Li som med så mange andre gardar som høyrde til preste­skapet, at dei bytte ofte leiglendingar. Sumtid var ikkje presten nøgd med leiglendingen og fekk han dømd frå garden. Slik var det på Li i 1618. Elles sat ofte leiglendingane på same garden ættled etter ættled i mange år.

I den første tid me har skriftlege kjelder om Li frå ikr. 1600 var det berre ein brukar på Li. Frå 1650 var det som oftast to brukarar på Li med ein halvpart på kvar.

Etter matrikkelen av 1668 sår dei 4 tn. korn, før 16 naut og hest. Dei har kvern på garden og skog nok til brenne. Landskylda sett til 1 1. 18 m. sm., leidang 1 bukkskinn, tiende 4 spann korn, småreidsla 10 skilling.

Nokon tømmerskog har det aldri vore på Li, men det var eindel lauv­skog til brenne og til sal.

Etter matrikkelutkastet 1723 er Li landlegd (militært), 1 1. 18 m. sm. Har ei bekkekvern. Er tung å vinna. Jonas sår 2 tn. og haustar 12 tn. korn. Før 1 hest, 8 naut og 12 sauer. Markus sår og før det same.

Ved ny matrikkel i 1838 går ein bort frå smørskyld over til dalar, ort og skilling som skyldnemningar. Heile garden vart sett i 4 dl. 16 sk. med 2 dl. 8 sk. på kvart bruk. Brukarar då var Lars Trondson og Lars Person.

I matrikkelen 1851 er tilhøva mellom bruka som i 1838, og same bru­karar.

Frå 1600 talet til 1838 hadde Li matr.nr. 53. I 1838 nytt matr.nr. 94 med løpenr. 33 og 34. I 1851 matr.nr. 69 med løpenr. 164 og 165. I 1886 fekk Li gardsnr. 24, bruksnr. 1 og 2.

I førebuinga til ny matrikkel som tok til i 1863 vart Li vurdert såleis:

Li, matr.nr. 69, løpenr. 164. Eigar Lars Trondson. Gl. skyld 2 dl. 8 sk. Sår 5 tn. havre og haustar 25 tn. 5 ½ tn. poteter og haustar 30 tn. Før hest, 6 kyr, 2 ungnaut og 20 sauer. 17 mål åkerland og 45 mål engslått. Innmarka vurdert til 452 spd. Frådrag for lite dyrkningsjord 12 spd. Frå­drag for tung å koma til 6 spd. Beite vurdert til 133 spd. Skogen til 55 spd. Vassfall 10 spd. Heile brukets verdi 630 spd. Framlegg til ny skyld 1 dl. 95 sk. Løperir. 165. Eigar Halvar Larsson. Gl. skyld 2 dl. 8 sk. Sår 5 tn. havre, haustar 23 tn. 5 ½ tn. poteter, haustar 30 tn. Før 1 hest, 5 kyr, 2 ungnaut og 20 sauer. 11 mål åkerland, 54 mål engslått. Innmarka vurdert til 411 spd. Frådrag for tung å koma til 6 spd. Beite sett til 153 spd. Skogen til 55 spd. Vassfall 10 spd. Heile brukets verdi 620 spd. Framlegg til ny skyld 1 dl. 91 sk.

Resultatet var matrikkelen av 1886: Li, gardsnr. 24, bruksnr. 1 (løpenr. 164). Johannes Rasmusson, ny skyld 2 mark 87 øre. Bruksnr. 2 (løpenr. 165 a). Lars Johan Halvarson, ny skyld 2 m. 66 øre. Bruksnr. 3 (løpenr. 165 b). Lars Johan Halvarson, ny skyld 15 øre.

            Br.nr. 3 som her i matr. 1886 er nemnd, var ein åker på 2 ½ mål som Lars Halvarson åtte og som låg heilt inne i bruket på Øvre Li. I 1879 hadde Lars fått denne åkeren skyldsett og seinare seld til ein av sønene på Øvre Li, Lars Johannesson, som seinare selde han vidare til verbror sin, Johannes Rasmusson.

Matrikkelen 1906:          Br.nr. 1, Johannes Rasmusson, 2,87 mark.

            Br.nr. 2, Lars Johan Halvarsen, 2,66 mark.

            Br.nr. 3, Johannes Rasmusson, 0,15 mark.

Det var teigblanding på Li som på dei fleste gardar. Tunet låg på Øvre Li. Dei to brukarane hadde då åker og eng om kvarandre og budde i same tun. I 1825 vart dei samde om ein minneleg utskiftning av Li for på den måten å få samla teigane til kvart bruk. Heilt lukkast det ikkje etter som me har sett at ein åker på 2 ½ mål på Øvre Li skulle høyra til Nedre Li. Denne utskiftning vart godkjent av skiftedirektoratet 14. jan. 1826. Lars Person flytte då og bygde nytt tun på Nedre Li. Frå den tid er bruka kalla Øvre og Nedre Li.

            I 1851 får brukarane på Li kjøpa bruka sine. Kgl. skjøte på begge bruk dat. 4. juni 1851, tgl. 22. mai 1852.

Husmannsplass under Li er nemnd i 1666. Jakob Person, 70 år gamal, er då kalla husmann, men Jakob hadde før brukt heile Li og det var meir som folgemann etter han hadde overlete garden til verson og verbror. Torger Jonson, 48 år, er og nemnd som husmann i 1666. I 1701 bur Ola frå Østerdalen som husmann på Li. Seinare har me ikkje råka nokon husmann på garden.

Brukarar.

1. Laurits Li

betalte i skatt 2 lodd sølv i 1563.

 

2. Nils Li

var brukar på Li frå ikr. 1600. Truleg var Nils frå Fjetland der han eig gods. I 1618 kom han i unåde hjå husbond sin herr Peder Henriksen på Jelsa. Presten stemnde han inn til tinget på Jelsa, tiltala han for «motvillighet» mot husbond sin. Bruka heller ikkje garden som ein god leiglending skulle. Nils let andre hausta enga si, og då presten klaga på dette, slo Nils neste år enga si ned og let høyet rotna. Elles tok Nils mot krettur i foster av andre, men nekta å ta mot krettur av presten. Skiftegaren mellom seg og grannane held han ikkje vedlike. Når presten spør han om kvar skiftelinene går får han ikkje noko greia på dette. Nils møtte ikkje på tinget, men son hans, Torgeir Fjetland, møter for far sin. Han sa at grunnen til at enga låg og rotna i år kom av at faren bygde på garden. Det var nok så at faren hadde teke mot krettur av andre og ikkje av presten, men grunnen var den at det var ikkje nokon trivnad med prestebuskapen.

Dei vart tilslutt forlikte om at presten ikkje skulle krevja noko åbotfall av Nils mot at Nils godvillig seier opp garden til neste faredag. Han som då kom til å leiga Li skulle gje Nils 2 rd. i minningspengar.

Nils kom då til å flytta til Fjetland der han åtte 8 mark smør og lever der som øydegardsmann resten av sitt liv. Truleg var han mellom 50 og 60 år då han flytte frå Li.

Barn som me kjenner til var

Torgeir Nilsson Fjetland

og truleg var

Anders Nilsson Fjetland og son hans.

 

3. Jon Fjetland

kom til Li ikr. 1620. I lensrekneskapen 1621 er han oppført som bonde på Li. Det kan sjå ut til at Jon og Nils yar bytt bunestad.

Jon levde berre nokre år på Li. Enka etter han var Gjøa Bårdsdtr. Ho var søster til Gunhild Bårdsdtr. Ropeid og moster til lensmann Stein Jelsa. Truleg var faren den Bård som i ei tid hadde brukt Ørland. I ei sak om bunestadretten til Ørland er Gunhild Ropeid og søster hennar Gjøa Li innkalla. Barn til Jon og Gjøa (Gyda) som me kjenner til:

a.Ei dotter g. m. Jakob Person Li.
b.Torgeir Jonson som i 1641 bur på Fjetland.
c.Ingeborg Jonsdtr., budde på Li.
d.Johannes Jonson.

Gjøa brukar Li som enke, men før 1633 har ho teke verson sin Jakob Person inn på Li. Frå 1633 til ikr. 1640 skattar både Jakob og enka på Li.

 

4. Jakob Person

f. ikr. 1595, var gift med dotter av Jon og Gjøa. I ei sak mellom Stein Jelsa og presten Markus Pedersen i 1641 seier presten at Jakob Li er gift med morsøsterdotter til Stein Jelsa og vil difor ikkje høyra på noko vitnemål av han til bate for Stein.

Jakob Li var frå Øvreland i Sauda. På Sauda skipreideting 1662 stemner Jon Jakobson inn Hans og Eileff Øvreland om åsetet på Øvreland. Far til Jon var eldste bror. Eileff var gift med Jon si faster, og Hans gift med helmingskvinna på Øvreland. Då Hans kom inn på garden som g. m. helmingskvinna var det med Jakob Li sitt minne.

Det kan sjå ut til at Jakob Li er enkemann i 1645. 1 hovedskatten det året er han ikkje oppført med kona, men med ei tenestekvinna.

Jakob Li brukar heile garden etter at vermor hans har sagt opp sin part. Han var truleg den siste som bruka Li samla i eit bruk.

Ein son kjenner me til:

a.Jon Jakobson f. 1629. Han budde ved Imslandsvågen og var g. m. Jorunn Olsdtr. Skipavåg.

Jakob Li bur på Li i 1666, er då 70 år gamal.

Etter Jakob Li sa frå seg garden vart det to bruk på Li og brukarane på dei to bruka kan me fylgja fram til nåtida.

 

5. Halvar Ivarson

f. 1630, sat med hovedbruket som var på 1 l. sm. i 1666. Ved seinare bygselbrev var alltid dei to bruka på Li like store.

Det er mest truleg at Halvar var gift med ei dotter av Jakob Li (4). Halvar var ofte nytta som lagrettesmann både på skipreidetinget og på fjerdingstinget. Siste gong han møter var på skipreidetinget 1687. Truleg er han avliden ikr. 1690.

 

6. Navar Johannesson

f. ikr. 1660, son av Johannes Navarson Ropeid, bygsla dette bruket av Li ikr. 1690. Han var gift med Berta Halvarsdtr., truleg dotter av Halvar Ivarson. (5). Navar og kona bur på Li i 1701. I manntalet det året vart sønene oppført. Søner då var:

a.Halvar 9 år.
b.Navar 6 år.
c.Johannes 2 år.

Etter kyrkjeboka:

d.Elisabet f. 1698, død same år.
e.Elisabet f. 1705.
f.Brita f. 1708, død 1710.
g.Brita f. 17 10.                                                              
h.Jakob f. 1711. Jakob bur i 1758 i Holmane u. Ropeid, g. m. Lisbet Tørresdtr.

Navar og Brita hadde visstnok 3 barn til, ein som heite

 Terje

 er nemnd i skifte etter han.

Navar sat med bruket på Li til 1717 då ein ny mann bygslar dette bruket.

Det må vera same Navar Johannesson som det er skifte etter på Venja i Sjernarøy i 1736. Umyndige arvingar då var Terje Navarson, 36 år og døvstum, og Elisabet Navarsdtr. 30 år. Broren Johannes Navarson Kvelland var verje for dei umyndige.

I kyrkjeboka for Sjernarøy 9. sept. 1736 står:

«Gravlagt Naver Johannsen Venge, ektefødt av foreldre Johanns Naversen, 74 år og har i sitt ekteskap med etterlatte enke Berta Halvarsdtr. avlet 11 barn, 6 sønner og 5 døtre. De 6 barn er allerede i forveien i Guds gjemme, 4 sønner og en datter lever igjen, blandt hvilken er en ikke ved sin fulle fornuft og er dverg, en tjener for soldat, en er uttjent og er gift.»

Av barna til Navar Johannson veit me at Johannes Navarson var i 1725 g. m. Kari Jørgensdtr. Smith på Nesheim. Dei busette seg på Kvelland. Navar Navarson budde ei tid i Sponevik u. Bergeland, ei tid på Tednes, og sønene hans bur på plass u. Fuglestein seinare. Sjå Fuglestein.

 

7. Jonas Danielson

Førre i Hjelmeland fekk i 1717 bygselbrev av herr Mentz Blix på ½ 1. 9 m. sm. i Li. (halve Li). Det er bruket til Navar Johansson han overtek. Jonas vart 3. juli 1718 g. m. Mari Olsdtr. Åsland-Kilane. Dei kom seinare til å overta eit bruk på Haug og flytte dit. Sjå Haug nr. 12.

 

8. Tore Andersson

Hanekam i Sand overtok Jonas Danielsons bruk av Li i 1731 (kanskje i 1725). Tore hadde før vore gift med Anna Olsdtr. Haug og hadde bruk der. Det kan sjå ut som om Tore og Jonas har bytt bruk. Tore sat ikkje lenge på Li. I 1733 vart bruket bygsla bort påny. Om Tore Andersson sjå Haug nr. 11.

 

9. Jens Olson

Drengsti, 1710, får 16. mai 1733 bygselbrev på ½ 1. 9 m. sm. i Li av presten Mentz Blix. Jens var g. m. Eli Toresdtr. Barn:

a.Margrete f. 1734.
b.Olaf. 1736.
c.Ingeborg f. 1737.

Jens og Eli bruka Li til 1740.

Det er mogeleg at Tore Andersson har vore gift før han gifte seg med Anna Olsdtr. Haug og at Eli er dotter av første ekteskap. Anna Olsdtr. hadde ingen barn.

 

10. Gunnar Tormodson

f. 1702, son av Tormod Gunnarson Soland og Malena Klengsdtr., får bygselbrev på ½ 1. 9 m. sm. i Li av herr Mentz Blix 8. mars 1741. I 1733 vart han g. m. Mari Larsdtr. Fuglestein. Truleg tente Mari på Fuglestein då, kanskje hjå Lars Danielson frå Opsal. Gunnar og Mari reiste etter dei var gifte til Opsal i Vikedal og bygsla 3 vett korn der. Lars Danielson var fadder då første barn vart døypt. Mari Larsdtr. Nessa er ho då kalla.

Gunnar Tormodson brukte Li til han døydde i 1748. Det er skifte etter han 4. sept. 1748. Enka Mari Larsdtr. og to barn lever etter han:

a. Tormod Gunnarson f. 1744, døydde i 1758.
b. Mari Gunnarsdtr. f. 1736, døydde barnlaus før mor si.

 

11. Lars Halvarson

f. 1721, son av Halvar Halvarson Østhus i Bygda (sjå der nr. 9), gifte seg med enka Mari Larsdtr. på Li og fekk bygselbrev på bruket av presten Hans Arentz 30. mars 1751.

Mari Larsdtr. døydde i 1784, 74 år gamal. I skiftet etter henne ser me at ingen av barna hennar lever. Hennar arvingar er 4 søstre: Marta Urdal, Anna Husland (Hausland ?), Dorte som er død og let etter seg 3 barn og Ingeborg som også er død og let etter seg 4 barn. Eiga i buet var 107 rd. 21 sk.

Lars Halvarson gifte seg oppatt i 1786 med Berta Nilsdtr. Skimling (sjå Skimling nr. 9 b). Ho var då 23 år gamal, Lars 65. Med henne hadde han barna:

a.Mari Larsdtr. f. 1787, g. 1809 m. Mikkel Samuelson Bratland.
b.Eli Larsdtr. f. 1790, g. 1811 m. Anders Sjurson Finneland.

Det er skifte etter Lars Halvarson i 1799.

 

12. Trond Jonson

f. ikr. 1755, gifte seg i 1802 med enka på Li Berta Nilsdtr. Trond var då enkemann og kalla frå Øvrebø i Nedstrand. Første kona hans var Ingeborg Tosteinsdtr. som han gifte seg med i 1779. Heilt framand på Li var ikkje Trond. Han og Ingeborg er fadder på Li då Ola Danielson Li har ei dotter til dåpen i 1779. Og då Ingeborg og Trond gifte seg same året er Ola Li eit av vitna. Truleg var det som tenestefolk dei budde på Li, og så seinare flytte til Nedstrand.

Det er som husbond han flytter inn på Li i 1802. Bygselbrev på bruket får han l. februar 1802. Trond og Berta Li hadde barna:

a.Ingeborg Trondsdtr. f. 1802, g. 1824 m. Jon Jonson Tosteinbu. (sjå husmenn u. Gryte nr. 17).
b.Lars Trondson f. 1805, sjå nr. 13.
c.Nils Trondson f. 1809, sjå Vatland nr. 36.
d.Brita Trondsdtr. f. 1809, g. 1827 m. Lars Ivarson, budde i 1830 som lotbrukar i Romsbotn.

Trond Jonson Li døydde 6. april 1825, 72 år gamal.

Berta Nilsdtr. Li døydde 1832, 72 år gamal.

 

13. Lars Trondson

f. 1805, får 13. okt. 1826 bygselbrev av prost Knudsen. Lars vart pålagt ågje mor si Berta Nilsdtr. folga. Folgebrevet utskrive same dato.

Lars Trondson vart i 1828 g. m. Kari Sveinsdtr. Fjetland, dotter til Svein Svaleson.

Lars Trondson kjøper bruket sitt Øvre Li i 1851. Kjøpesum 400 spd. og ei avgift årleg til presten på Jelsa på 15 lispund 7 pd. bygg. Denne jordavgifta vart innløyst I 1887 med 148 spd. 33 sk. Barn:

a.Magla Larsdtr. f. 1830, g. 1852 m. Johannes Johannesson Soland (sjå Li nr. 14).

Elles hadde Lars og Kari barna Trond, Lars og Brita som alle døydde som spebarn.

I 1875 bur Lars og Kari som folgefolk på Li. Kari er då blind. Ho døydde i 1880, 83 år gamal. Lars Trondson døydde året etter.

 

14. Johannes Johannesson

Soland, f. 1825, vart i 1852 g. m. Magla Larsdtr. Li. Dei bur på Li frå 1852, men overtek ikkje garden før ikr. 1857. Tinglese skjøte får Johannes først i 1878. Kjøpesum 3600 kr. og folga til verforeldra rekna i 5 år til 1200 kr. Lars Trondson tek unda i handelen det stovehuset han sjølv bur i.

Magla Larsdtr. døydde i 1865, 34 ½ år gamal. Ho let då etter seg barna:

a.Lars Johannesson f. 1853.
b.Johannes Johannesson f. 1858, busett Liastø, Vatlandsvåg.
c.Berta Karina Johannesdtr. f. 1860, g. 1883 m. Johannes Rasmusson Baustad. Busett Li.

Elles hadde Magla Larsdtr. to døtre f. 1855 og 1856 som båe heite

Inger Johanne og døydde som spebarn.

Johannes Johannesson gifte seg oppatt i 1867 med Ingeborg Olsdtr. Øvrebø, f. 1832, dotter av Ola Hermanson. Ingen barn med henne. Ho døydde i 1879, 48 år gamal.

Johannes Johannesson lever som folgemann på Li i 1900.

I 1886 fekk dette bruket br.nr. 1 av Li.

 

15. Johannes Rasmusson

Baustad, f. 1852, g. m. Berta Karina Johannesdtr., får skjøte på Øvre Li av verfar sin i 1884. Kjøpesum 3500 kr. og folga rekna i 5 år til 1000 kr. Barn:

a.Rasmus Johannesson f. 1884, g. m. Astrid Johannesdtr. Fjetland, f. 1899, busett på hovedbruket av Øvre Li.
b.Martinius f. 1886, g. m. Marta Skårsjøen, Ombo, busett Li, br.nr. 4.
c.Lars f. 1888, ugift, busett Li, br.nr. 5.

Bruksnr. 2.

16. Lars Olson

f. ikr. 1636, frå As i Erfjord, far hans var Ola jakobson Jørstad som budde på As. Lars Olson var truleg g. m. Ingeborg Jonsdtr. Li (sjå Li nr. 3 c) og fekk koma inn på 18 m. sm. i Li. Verbroren Jakob Person bruka då 1 l. sm. i garden. Seinare var alltid dei to bruk på Li like store.

Lars Li er nemnd som lagrettesmann fleire år frå 1666 til 1671. Han må vera avliden ikr. 1675. Det året let Ingeborg Li lesa eit brev på tinget at drengen hennar, Per Johannesson, skal vera hennar arving. Truleg var Per brorson hennar, son av Johannes Jonson Li. Lars og Ingeborg må ha vore barnlause.

 

17. Per Johannesson

Li var g. m. Sissel Bjørnsdtr. Marvik, dotter av Bjørn Ånonson. Dei overtek Li etter Ingeborg jonsdtr. Sissel Bjørnsdtr. døydde ung, i 1686 er det skifte etter henne. Ho let då etter seg ei dotter,

Lisbet.

Per Johannesson gifte seg oppatt med Dorte Steinsdtr. Med henne hadde han barna:

a.Johannes 4 år i 1701.
b.Dorte f. 1697, g. 1729 m. Lars Danielson
c.Ingeborg f. 1700, død 1701.
d.Per f. 1701.

Kyrkjeboka har me først frå 1696, så truleg hadde Per Li fleire barn fødd før 1696.

I 1701 bur Dorte Steinsdtr. som enke på Li. Ho er nemnd fleire gonger i tingboka utover 1700 talet. I 1711 er ho stemnd for gjeld, valmuen beretter at hun betler sitt brød.» Dottera, litle-Dorte, er stemnd til tinget seinare for gjeld. «For hennes ringe vilkår betaler Ånon Marvik på hennes vegne 4 mark.»

Det er mogeleg at Dorte Steinsdtr. før ho vart gift med Per Li har vore gift med ein Jakob. I 1720 vart Jens Klengson Marvik og Inger Jakobsdtr. søkt for leiermål. Dei var i slekt i 3. led. Mor til Inger var Dorte Steinsdtr. Li. Likeeins vart Anna Li, Dortes dotter, grl. i 1705.

 

18. Markus Jonson

f. 1666, son av Jon Larsson Fuglestein, bygsla Li etter at Dorte Steinsdtr. måtte gå frå bruket. Han bur der i 1711, men bygselbrev av sokneprest Tyrholm fekk han først 31. okt. 1713.

Han vart g. 1711 m. Anna Olsdtr. Markus Jonson døydde i 1723. Enka, Anna Olsdotter, bur på Li til 1729. Barn:

a.Sissel Markusdtr. f. 1711.
b.Torborg f. 1714.
c.Jon f. 1719.
d.Ola, 4 år i 1723.

 

19. Erik Jakobson

får bygselbrev av herr Mentz Blix i 1729 på dette bruket av Li.

Erik var først g. m. Marta. Ho døydde i 1735. Erik gifte seg i 1736 med Anna Isaksdtr., dotter til Isak Haugen og Brita Andersdtr., som seinare som enke vart g. m. Ola Johannesson Hebnes. Anna Isaksdtr. døydde same året ho vart gift til Li. Erik Li gifte seg 3. g. m. Kirsten Isaksdtr. Eg har ikkje funne noko slektskap mellom dei to Isaksdøtrene på Li.

Med første kona si hadde Erik barna:

a.Jakob f. 1729.
b.Lars f. 1731.
c.Abelone f. 1732 og                                                       
d.Sissel som døydde i 1735.

Eit barn til

Erik Li døydde i 1731.

Truleg fall Erik Li frå i den tid me vantar kyrkjebok for Jelsa, 1738-1753.

 

20. Johannes Olson

Tveit i Erfjord, f. 1696, bygsla etter på Eriks bruk på Li. Johannes hadde vore gift med enka på Tveit, Anna Johannesdtr. Då ho fall frå gifte Johannes seg med Borghild Johannesdtr. Østerhus i 1753. Han let då Tveit over til stesonen sin og flytte til Li.

Johannes Olson Li døydde i 1766, 69 år gamal. Enka, Borghild Li, f. 1727, gifte seg oppatt med Ola Nilsson.

 

21. Ola Nilsson

f. 1743, g. m. Borghild Li i 1767, brukte Li til ikr. 1775. Då seier han frå seg bruket mot å få folga. Borghild Johannesdtr. Li døydde som folgeenke i 1810.

 

22. Ola Danielson,

truleg frå Sand, tingles bygselbrev på 1 pd. 18 m. sm. i Li, bygsla av prost Abel, 1. november 1775. I førstebygsel betalte han 16 rd. og 5 rd. for avstand.

Ola Danielson sat berre nokre år på Li. I 1779 har han dottera Mari til dåpen. Truleg reiste han straks etter ut av Jelsa. Ola Danielson, g. m. Liva Sjursdtr., hadde før butt på Fatnes i Sand.

 

23. Per Jonson

Asland i Hjelmeland, f. 1750, bygsla bruket etter Ola Danielson. Per var son av Jon Jonson Asland og kona Anna Gudmundsdtr. frå Røgelstad.

Per Jonson vart i 1780 g. m. Anna Larsdtr. Ås i Erfjord f. 1751, dotter av Lars Olson Ås. Med desse folka kjem den ætt inn på Li som set på Nedre Li den dag i dag. Barn:

a.Jon Person f. 1781, busett på Hæskje i Hetland skipreide i 1820. I 1801 er han kalla skulemeister.
b.Anna Persdtr. f. 1784, g. m. Ola Larsson Skipevåg.
c.Anna Persdtr. f. 1788, død 1792.
d.Lars Person f. 1792, bonde på Li.
e.Siri Persdtr. f. 1796.
f.Anna Persdtr. d. y. f. 1800, g. 1821 m. Torger Helleikson Haugland i Ims­land.

Per Jonson døydde i 1818. Anna Larsdotter seier då frå seg bruket til bate for sonen Lars Person. Anna Larsdtr. døydde som folgeenka på Li 4. jan. 1846, 95 år gamal.

 

24. Lars Person

f. 1792, får i 1819 bygselbrev av prost Knudsen på bruket. Same år skriv han ut folgebrev til mora.

I 1851 kjøpte Lars Li bruket. Kjøpesum 400 spd. og jordavgift til presten.

Lars Person vart i 1820 g. m. Siri Halvarsdtr. Vågane i Erfjord, f. 1801.

a.Anna f. 1821, død same år.
b.Per f. 1822, død 1843.
c.Anna f. 1825, død 1826.
d.Halvar f. 1827, død same år.
e.Halvar f. 1828, bonde på Li.
f.Lars f. 1831, bonde Skimling.
g.Anna f. 1836, g. 1859 m. Hadle Hadleson Hamra.
h.Anna f. 1839.

Lars Person Li døydde 11. des. 1857, 66 år gamal. Siri Halvarsdtr. lever som folgeenke i 1875.

 

25. Halvar Larsson

f. 1828, fekk i 1857 skjøte på Li for 300 spd. og folga.

Halvar Li vart i 1853 g. m. Ase Helene Jakobsdtr. Hebnes Oppistov, f. 1834. Dei bur og brukar Li i 1875. I 1900 bur dei som folgefolk på Li. Barn:

a.Siri f. 1854, g. 1879 m. Kristen Hadleson Rosseid.
b.Johanna Margrete f. 1857, hadde i 1884 ei dotter Nilla med Nils Hadleson Rosseid. Nilla voks opp hjå besteforeldra.
c.Anna Laurentsa f. 1860, g. 1882 m. Tormod Johan Hadleson Rosseid.
d.Lars Johan f. 1863, bonde Li.
e.Per f. 1866, reiste til Amerika.

I 1875 før dei på bruket 1 hest, 1 okse, 4 kyr, 3 ungnaut og 14 sauer. Sår ¼ tn. bygg, 4 tn. havre, 4 skålpund grasfrø og 6 tn. poteter. Siri folgekona før 1 ku og 5 sauer.

 

26. Lars Halvarson

f. 1863, får skjøte på Nedre Li i 1881. Kjøpesum 3000 kr. og folga. Lars Li var fleire år i Amerika. Han var g. m. Hanna Thorsdtr. Finnvik, f. 1870. Barn:

a.Berta, f. 1894, døydde i ungdomen.
b.Alma f. 1896, døydde i ungdomen.
c.Hanna f. 1903, g. m. Svein Edvartson Soland (Marvik), busett Asheim, Jelsa.
d.Henry Larsson f. 1902, nå bonde på Li.

Lars Halvarson var ein drivande bonde som sette bruket sitt i god stand.