Landsnes ligg søraust av Fuglestein på neset mellom Erfjorden og Økstrafjorden. I aust skifter garden med Sandvik i Erfjord. Skiftet mellom Landsnes og Sandvik tek til i Ormannsvik og går i nord til Fostølvatnet.
Landsnes var fullgard på 21. smør. Halvparten, 1 laup smør var odelsgods. Henrik Brockenhus åtte ein part av Landsnes som han i 1584 ville makebyte med Kongen. Kjenner ikkje til om makebyte kom istand, men i 1617 eig Kongen 1 pund smør i Landsnes. 2 pund smør er adelsgods (De Billers gods). Resten 3 pd. sm. er odelsgods. Leidangskatten på Landsnes i 1617 var 1 hud, 3 kalvskinn og 7 skilling. Kongen rådde ikkje med bygsla av Landsnes. Dei 2 pund adelsgods i Landsnes vart truleg utover 1600 talet seld til odelsbønder i Ryfylke.
I 1652 kjøpte Ola Simonson Hidle 2 pd. sm. i Landsnes av Eiel Knutson Nesheim i Sjernarøy. Det kan anten vera kjøpegods eller arvegods. Eiel var soneson av Nils Skanderborg, slottsskrivar i Bergen, seinare fut i Ryfylke. Mor til Eiel var Sissel Sæbjørnsdotter Nord-Talgje. Desse 2 pd. sm. som Eiel Knutson åtte må vera det tidlegare adelsgodset.
I 1670 tingles lensmann Ola Håland eit makebytebrev med Ola Simonson Hidle. Det var 1 1. sm. i Landsnes og hans anpart av Åsland skogteig (1 ½ pd. sm.), mot at Ola Simonson skulle få att 1 1. sm. 4 spann korn i Fisketjørn i Suldal. Det ser ut til at Ola Hidle har kjøpt meir gods i Landsnes enn det han kjøpte i 1652. Truleg er det barnegods, d.v.s. gods som er tilfalte umyndige barn i skifte etter far eller mor. Den halvpart i Åsland skogteig kom seinare til å høyra Fuglestein til, men godset 1 1. sm. i Landsnes kom seinare attende til bonden på Landsnes.
Etter futereknskapen 1670 eig Ola Håland 1 1. sm. i Landsnes, oberst Gersdorf 1 pd. sm. (tidlegare krongodset) og Erik Landsnes på sine stebarns vegne 2 pd. sm.
I 1680 kjøpte bonden på Landsnes Erik Bårdson den laup smør som Ola
Håland åtte av enka hans Anna Klausdotter som då budde i Stavanger. Gav for
godset 114 rd. Skjøte dat. Nesheim 12. 7. 1680. I 1682 kjøpte Gudmund
Knutson Lovra av same enke den halvpart i Åsland skogteig som Ola Håland
hadde ått. Gav 20 rd. med «bygsel og
herligheter».
Krongodset 1 pd. sm. i Landsnes gjekk i 1660 over til admiral Ove Gjeddes arvingar. Oberst Gersdorf ein dansk adelsmann g. m. dotter av Ove Gjedde overtok krongodset i Jelsa. Det 1 pd. sm. i Landsnes selde oberst Gersdorf i 1689 til Gudmund Knutson Lovra som då budde i Økstra som han og hadde kjøpt av obersten. Seinare vart det innkjøpt av bonden på Landsnes som det vil framgå av brukarlista.
Etter jordeboka 1649: Landsnes 21. sm. Enka brukar garden. Ko:Ma: eig 1 pd. sm. Odelsgods 5 pd. sm. Odelsmannen rår med bygselen.
Etter matrikkelen 1668: Landsnes matr.nr. 20. 2 laup smør i landskyld. Av det er 1 pd. sm. adelsgods, resten odelsgods. Under Landsnes vert brukt halvparten av Åsland støl, den andre halvpart brukt av Fuglestein. Heile skylda på Åsland 1 pd. sm. På Landsnes sår dei 8 tn. korn. Før 17 naut og 2 hestar. Har skog til husvøling og litt til sals. Til garden høyrer ei flaumsag som dei kan skjera på 7-8 hundre bord når det er råd å skaffa tømmer. Landskylda sett til 2 1. 12 m. sm. Tiende 8 spann korn. Leidang 1 hud og 2 kalvskinn, småreidsla 18 skilling.
I matr.utkastet frå 1723 står det: Landsnes 2 1. sm. Sjølegd (militært). 2 husmannsplassar Ormsvik og Bakken. Skog til husvøling og ei flaumkvern. Tung åvinna. Hermann sår 6 tn. og haustar 28 tn. korn. Før hest, 15 naut og 26 sauer. Paul Ormsvik sår ½ tn. og haustar 2 tn. korn. Før 1 naut. Elling Bakken det same.
I matr. av 1838 får Landsnes matr.nr. 63 løpenr. 155 a og b. Landsnes var då delt i to like bruk med 1 laup smør på kvar. Matr.skylda på heile Landsnes vart då sett til 5 dl. 3 ort 20 skilling etter ny skyldnemning.
I matr. av 1851 får Landsnes matr.nr. 42, løpenr. 88 og 89. Matr.skylda som før.
I førebuinga til ny matr. som tok til i 1863 vart Landsnes vurdert
såleis: Landsnes matr.nr. 42. Løpenr.
88, gamal skyld 2 dl. 4 ort 10 skilling. Eigar
Lars Gudmundson. Sår 4 tn. havre og haustar 24 tn. 3 tn. poteter og
haustar 20 tn. Før hest, 4 kyr, 1 ungnaut og 20 sauer. På husmannsplassane
sår dei 1 5/8 tn. havre og haustar 8. 1 5/8 tn. poteter og haustar 9. Før 2
kyr og 12 sauer. Bruket har 11 ½
mål åkerland og 41 ½ mål engslått. Innmarka vurdert til 365 spd.
Husmannsplassane som tilsaman er på 11 mål, vurdert til 69 spd. Tillegg for
lett å koma til 80 spd. Beite sett til 167 spd. Skogen til 286 spd. Vassfall
10 spd. Heile bruket vurdert til 980 spd. Framlegg til ny matr.skyld 2 dl. 94 shilling.
Løpenr. 89, gamal skyld 2 dl. 4 ort 10 skilling. Eigar
Ola Larsson. Sår 4 tn. havre, haustar 24. 3 tn. poteter, haustar 20
tn. Før hest, 4 kyr, 1 ungnaut og 20 sauer. På plassane sår dei 1 ¼ tn.
havre, haustar 6. 1 tn. poteter, haustar 6. Før 1 ku, 1 ungnaut og 12 sauer.
Bruket har 13 mål åkerland og 27 mål engslått. Innmarka vurdert til 365
spd. Plassane som var på 12 mål, vurdert til 55 spd. Tillegg for lett åkoma
til 80 spd. Beite sett til 167 spd. Skogen til 286 spd. Vassfall 10 spd. Heile
bruket vurdet til 965 spd. Framlegg til ny skyld 2 dl.
89 sk.
Resultatet var matr. av 1886: Landsnes gardsnr. 47, br.nr. 1 (88) Eigar Lars Gudmundson 4 mark 46 øre (2 dl. 4 ort 10 sk.) br.nr. 2 (89). Eigar Ola Larsson 4 mark 39 øre (2 dl. 4 ort 10 sk.)
Etter matr. 1906 same skyld.
I manntalet 1875 var det 4 husmannsplassar u. Landsnes: Ormannsvik og Nybø u. br.nr. 1, Landsnesdalen og Bakken u. br.nr. 2.
Landsnes var einmannsbruk til 1834. Då vart garden delt i to like bruk. Det har det seinare vore. I 1853 var det minneleg utskiftning av skog og beite mellom dei to oppsitjarane.
har me i tiendeskatten 1521-22.
bur der i 1563. Betalte det året 1 dl. kvar i skatt.
var mellom dei lagrettesmenn som valgte utsendingar til Kongehyllinga i
Oslo i 1591. Det er mogleg han er far til Syver og Njel Steinsøner som
seinare budde på Jelsa (Sjå Jelsa 5).
kom til Landsnes ikr. 1600. Han er i 1602 nemnd som lensmann og tollar. Det
har vore vanleg mellom ættegranskarar å kalla han son av Osmund Tendeland
på Nedstrand. Odd Landsnes var lensmann i Jelsa til ikr. 1610.
I 1610 var han utsending til kongehyllinga i Oslo same år. Elles møtte han mest årvisst som lagrettesmann på tinget like frå 1616 då har me første tingbok til han døydde, truleg ikr. 1645.
Odd Osmundson var 1. g. m. ei dotter av Henrik Andersson Berakvam. Med henne hadde han sonen
Truleg hadde han og ei dotter
Då det i jordeboka av 1617 står Osmund og Siri som eigarar av Berakvam må det vera to søsken, ikkje mann og kona. Etter alderen på barna til Osmund Berakvam var han truleg ikke gift 1617. Siri vart truleg g. m. Orm Nilsson (Bokn?). Orm sel gods i Berakvam til Osmund Oddson og då omtala Odd Landsnes Orm Nilsson som sin måg.
Odd Osmundson var truleg 2. g. m. ei dotter til Nils Landsnes. Det var vel då han flytte til Landsnes. Eldste sonen Osmund Berakvam gjer aldri krav på gods eller odel i Landsnes, og då Landsnes var dobbel så stor gard som Berakvam må me tru at Osmund ingen rett hadde til Landsnes.
Etter jordeboka 1624 eig Odd Landsnes dette jordegodset: Landsnes 1 1. sm. Vikse (Karmsund) 2 ½ l. sm. Tendeland 1½2 pd. korn. Åsland skogteig ½ pd. sm.
I 1612 er Odd nemnd som utskipar av trelast frå Erfjord.
Ettermannen hans på Landsnes, Nils, er truleg ein son av 2. ekteskap.
må vera son av Odd Osmundson (eller steson om kona hans var enke då ho
vart g. m. Odd). Nils Landsnes er nemnd i lensrekneskapen lenge før Odd
Landsnes slutta åskatta av Landsnes.
Nils Landsnes overtok Landsnes ikr. 1645. Gift ikr. 1643 med Guri Pedersdotter Foss på Jøseneset. Han er avliden før 1649. Det året skattar enka av Landsnes. Ein son hadde han med Guri Pedersdotter
Røkjenes i Vats gifte seg ikr. 1650 med enka på Landsnes Guri
Pedersdotter. Lars og Guri hadde mange barn:
Lars Jonson døydde ikr. 1664 og Guri Pedersdotter var enke for andre gong. Ho gifte seg året etter.
Sandvik i Erfjord f. ikr. 1644 vart 3.mann til Guri Pedersdotter. Han var nett på same alder som eldste son
hennar. Erik og Guri måtte søkja Kongen om løyve til å gifta seg då
mormor hans var søskenbarn til hennar avlidne mann. Slektskapen var nok slik
at mormor hans Anna Larsdtr. i Sandvik var dotter av Lars Opsal i Vikedal og
mor til Lars Jonson (6) var søster til Lars Opsal.
Guri Pedersdotter døydde i 1667. Skifte 6. febr. 1668. Ho let då etter seg dei før nemnde barn (sjå 5 og 6). Elles var det i buet gardegods i Landsnes og Tjøstheim.
Erik Bårdson g. 2. m. Ingeborg Bjørnsdotter Hidle, dotter til Bjørn Pederson Hidle. Med henne hadde Erik barna:
Erik Bårdson hadde alt i 1665 fått fast bunestad i Landsnes ved makeskiftebrev med stesonen Ola Nilsson mot at Ola skulle få bunestadretten til Solberg i Fister.
Erik kjøper 11. sm. i Landsnes av enka etter Ola Håland Anna Klausdtr. og
åtte då truleg alt gods i Landsnes.
Ingeborg Landsnes døydde i 1706 67 år gamal. I 1711 bur Erik som enkemann på Landsnes. Kan ikkje finna han gravlagt i Jelsa, kanskje har presten gløymd å føra han inn i kyrkjeboka, eller og budde han då hjå son sin på Vormestrand.
f. 1670 vart bonde på Landsnes etter faren. Han og broren Bård fekk i
1703 bygselbrev saman på Landsnes av faren. Dei brukte truleg Landsnes saman
nokre år, men i 1716 får Bård bygselbrev på 1 ½ 1. sm. i Vatland i
Refsbygda, straks etter flytte han til Ytre Høyvik og får bygselbrev på
Ytre Høyvik.
Hermann Erikson kjøpte inn dei parter i Landsnes som brørne hans hadde arva.
Han vart i 1709 g. m. Anna Larsdotter Fuglestein (sjå Fuglestein 14 f).
Barn:
I skiftet etter Anna Larsdotter i 1740 lever barna Ingeborg d. e., Erik og Ingeborg d. y. I skiftet etter Hermann Erikson i 1742 er den eine av døtrene Ingeborg død. Den andre Ingeborg vart seinare gift med klokkaren på Jelsa Jon Jonson (Jelsa53).
f. 1714 overtok Landsnes etter faren. Han vart i 1742 g. m. Kari
Larsdotter Barkeland f. 1717 (Barkeland 6 i). Alt i 1740 hadde faren
Hermann Erikson seld Landsnes til Svein Olson Fuglestein for 156 rd. Så det
var som bygselmann Erik Hermannson overtok Landsnes.
Enka etter Svein Olson Fuglestein, Sissel Gudmundsdtr. arva Landsnes etter mannen. Ho vart seinare g. m. Erik Johannesson og budde på Fuglestein. I 1754 selde Erik Hermannson odelsretten til Landsnes for 20 rd. til Erik Johannesson Fuglestein. Erik Hermannson skal flytte frå Landsnes til faredag 1754. Erik Landsnes selde alt lausøyre på auksjon og flytte til Kathabn u. 1. Høyvik der han seinare levde og døydde.
Barn etter Erik Hermannson i Kathabn i skiftet etter han i 1763:
Hermann Erikson selde etter faren var død odels og bunestadretten i Landsnes til bonden på Landsnes då Erik Torbjørnson. Broren Lars Erikson gjorde fleire gonger freistnad på å ta att Landsnes på odelsretten. Men då eldste broren Hermann endå levde fann retten ut at når rette odelsmann hadde seld odelsretten kunne ingen ta Landsnes att sålenge han (Hermann) levde.
Elles kom dei litt på rek sønene etter Erik Hermannson, gjekk ofte arbeidslause meir eller mindre parter av året. Ola Erikson vart tilsett som skulehaldar, men måtte slutta grunna veik helsa.
Skiftun f. ikr. 1716, son av Torbjørn Jonson Skiftun, får bygselbrev på
Landsnes av Erik Fuglestein i 1753. Han kjøpte odelsretten til Landsnes av
Hermann Erikson i 1763. Betalte 80 rd. Etter fleire rettssaker mellom Lars
Erikson og Erik Torbjørnson der den siste får mest medhald får Erik
Torbjørnsson i 1767 skjøte på Landsnes av lensmann Svein Erikson Fitje. i
Etne son av Erik Fuglestein. Det var 2 l. sm. i Landsnes for 226 rd. Dessutan
10 rd. i sakskostnad, 25 rd. i l.bygsel og 50 rd. i avstand. Skjøtet dat. 20.
juni 1767. Tilsaman kom Landsnes på 390 rd. Åsland skogteig er då ikkje med
i handelen. Stølen eller skogteigen held Fuglestein attende og har seinare
høyrt til Fuglestein.
Erik Torbjørnson var gift med Anna Jonsdotter Åsland i Hjelmeland f. ikr. 1718. Erik tok mor si Maritta Ånonsdtr. til seg. Ho skulle hatt kår hjå eldste sonen Hans på Skiftun, men lika seg ikkje der og fekk Erik Landsnes til å overta kåret. Barn:
Anna Jonsdotter Landsnes døydde i 1790, Erik Torbjørnson i 1791.
(10 c) får skjøte på Landsnes av far sin i 1785. Betalte 300 rd. for garden. Torbjørn vart i 1774 g. m. Anna Jensdotter f. ikr. 1749.
Barn:
1.Ola, busett
Stavanger.
2.Johannes, busett Ullestad
Fuglestein (sjå Fuglestein 27).
Med Anna Landsnes hadde han barna:
3.Torbjørn, seinare bonde
Landsnes.
4.Erik. Med 3. kona Mari
Ormsdtr. barna:
5.Sjur.
6.Ingeborg Serine.
7.Anna.
Vart skild frå han og gift oppatt på sine gamle dagar med Omund Såveson (sjå Fuglestein 116).
Anna Jensdotter Landsnes døydde i 1830 81 år, Torbjørn Erikson i 1835 86 år gamal.
Torbjørn Landsnes kunne nok litt meir enn sitt Fadervår, men det kunne også general Fasting på Foldøy. Ein dag låg generalen med to rorskarar uti Jelsafjorden og skaut alka. Børsa var god, var visst ny, klikka aldri før dei låg utanfor Landsnes. Då var børsa som forgjort, klikka alt i eit. Generalen tok det med stor ro, spurte berre kven det var som budde på denne garden. Dei sa det var Torbjørn Landsnes som budde der. Han ba dei ro til lands. Generalen tok børsa og gjekk opp til ein liten bekk som rann ut der i stranda, la børsa i bekken så vatnet rann gjennom børsepipa. Straks kom det bod frå Torbjørn at generalen måtte koma opp til han, han var brått vorten sjuk. Generalen lova det, tok børsa ut or bekken og let vatnet renna or ho, la ho endå ein gong i bekken og sat der og venta. Då kom ei gjenta springande frå garden og bad generalen koma opp med ein gong, for nå såg det nærmast ut til at Torbjørn låg på det siste. Då lo Fasting, tok børsa ut or bekken og gjekk fram til gards. Kva generalen og Torbjørn tala om veit ingen, men aldri meir klikka børsa, sjølv om han låg utanfor Landsnes. Segna er etter Tor Skiftun R. H. 1933.
Eide Sjernarøy f. 1808, son av Knut Bjørnson Eide; vart i 1829 g. m. Berta
Fredriksdotter (sjå 11 a). Berta hadde truleg vokse opp på Landsnes.
Bjørn og Berta fekk skjøte på Landsnes av Torbjørn Erikson (11) i 1834. Kjøpesum 1000 spd. og folga til Torbjørn og den umyndige sonen jens.
Same året utpå ettersommaren var det utskiftningsforretning på Landsnes. Garden vart delt i to like partar. Den eine parten seld til Anders Bjørnson Fuglestein for 500 spd. og halvparten av folga på garden. Den andre halvpart av Landsnes sat Bjørn Knutson med til 1836. Då kravde halvbror til kona, Torbjørn Sjurson garden, og Bjørn skjøtte sin halvpart til han for 500 spd. og gamal folga.
Bjørn og Berta flytte då inn på Aplavik u. Landsnes og budde der 2-3 år. I 1839 finn me dei i Kalhammarvik ved Stavanger.
Barn fødd på Landsnes
eldste son til Anna Torbjørnsdotter (11 a) meinte seg rette odelsmann til
heile Landsnes. Han gjer krav på garden og dei som sat på dei to bruk på
Landsnes kan ikkje nekta dette. I 1836 får han skjøte av verbror sin Bjørn
Knutson på hans part av Landsnes, og same året skjøte av Anders Bjørnson
for same pris han sjølv hadde betalt.
I to år sat Torbjørn Sjurson med heile Landsnes. Men i 1838 selde han den halvpart han hadde teke attende av Anders Bjørnson til Lars Olson Lovra for 790 spd. og halvparten av folga på garden. Aret etter (1839) selde han andre halvpart til Anders Bjørnson Fuglestein for 1400 spd. og eldre folga.
Torbjørn Sjurson døydde på Landsnes ugift i 1845 28 år gamal.
Fuglestein f. 1805 (Fuglestein 13 b) fekk skjøte på den part av Landsnes
som seinare fekk br.nr. 1. Han hadde før brukt br.nr. 2 eit par år (sjå 12
og 13).
Anders Bjørnson g. 1836 m. Johanna Olsdotter Sandvik i Erfjord, dotter av Ola Ingebretson. Barn:
Anders Bjørnson døydde i 1860. Kona sat i uskifta bu til ho døydde i
1878 75 år gamal. I skiftet etter henne i 1879 vart Landsnes br.nr. 1
verdsett til innløysning for 3 200 kr.
Tysse f. 1836 g. m. odelsgjenta Anna Andersdotter overtok Landsnes truleg ikr. 1862. Men skjøte fekk han ikkje før i buet etter vermor Johanna i 1879. Lars og Anna hadde barna:
Lars Gudmundson og Anna Andersdotter bur på Landsnes i 1900. Har då berre
tvillingane Andreas og Margrete heime, dei andre utreiste, truleg fleire til
U.. S A.
g. m. Liva Bog hadde Landsnes
seinare. Fleire barn.
f. 1803 i Hjelmelandsvågen, son
av gjestgjevar Ola Tollefson Sandsberg og kona Johanna Larsdtr. Berakvam (sjå
Berakvam 8 d), overtok br.nr. 2 (eller løpenr. 89) i 1838 (sjå 13).
Lars Olson var smed av yrke då han i 1832 vart gift med Liva Larsdotter Hamra. Dei kjøpte og brukte då ein part av Lovra. Men kjøpte i 1838 halvparten av Landsnes og flytte dit. Barn:
Lars Olson Landsnes døydde i 1863 60 år gamal, Liva Larsdotter i 1880 73 år gamal.
f. 1833 fekk heimell på Landsnes
br.nr. 2 i skiftet etter faren i 1863. Gav 850 spd. og folga til mora.
Han vart i 1871 g. m. Mallin Bjørnsdotter Sandvik f. 1850.
Barn:
Dei to eldste døtrene reiste vissnok til Amerika. Busett i Seatle.
Ola og Mallim lever som folgefolk på Landsnes i 1900.
f. 1872 fekk skjøte på bruket br.nr. 2 i 1899. Kjøpesum 5 000 kr. og
folga. G. m. Berta Fuglestein (35 f). Tri barn fødd etter 1900:
Det var Ormannsvik og Bakken som var dei gamle husmannsplassar u. Landsnes. Seinare kom Landsnesdalen og Nybø til. I Ormannsvik budde sumtid opp til 4-5 husmenn samstundes. Ormannsvik skifter mellom Sandvik i Erfjord og Landsnes. Truleg hadde og Sandvik ein husmann i Ormannsvik.
f. ikr. 1636, med sonen Kleng f.
1664, budde i Ormannsvik i 1666.
Om dei vart gifte veit me ikkje, men kona til Jakob Ormannsvik som døydde i 1714 heitte Marta.
I 1722 gifte Jakob Sjurson seg med Anna Mattisdotter. Jakob Ormannsvik var med i 1724 då nokre unggutar ville ta kapt. Petersen. Jakob var då gamal mann så det var helst med grov kjeft han hjelpte til. Då kapteinen rymde til kyrkja ropte Jakob: Kom nå karar og trø han ihel, sa vidare at kapt. ikkje var meir verd enn eit kvit kalvskinn. Jakob Ormannsvik slapp heller billig frå saka då han ikkje hadde lagt hand på kapteinen «og måske av lutter tåbelighet som en eldgammel mann har sagt de utilbørlige ord.» Likevel skulle han be kapteinen om årsaking, bøte 4 rd. til Stavanger Hospital og 2 rd. i sakskostnad.
Jakob Sjurson Ormannsvik hadde før vore soldat, utskriven i 1676, var og soldat i 1682 og 1683.
f. ikr. 1653 i Bergenhus len budde i Ormannsvik i 1706. lear då ein son
Johannes 5 år og fødd på Åsland i Hjelmeland. I militær rulle frå 1734
er Johannes Olson Ormannsvik gift og
budde i Romsbotnsaga. Ola Olson Ormannsvik
22 år budde i Jelsa.
Truleg budde Ola Johannesson i Surnavik u. Vik i 1712.
budde i eit 3dje hus i Ormannsvik i 1706. Ho har ein son heime Jens
Reidarson, son av Reidar Knutsvik. Jens kom seinare til å bu på Buer
(sjå Buer).
budde der i 1723. Truleg var han ein eldre mann då han kom til Ormannsvik.
og nemnd i Ormannsvik ikr. 1720. Budde seinare i Økstraslåtta (Økstra
30).
f. ikr. 1722, g. m. Barbro
Paulsdotter budde i Ormannsvik i 1758. Ho var kanskje dotter til Paul
(24). Om Nils Rasmusson sjå Barkelandsberget.
budde der i 1768. Flytte til Foreneset. Sjå Fuglestein 99.
budde og skatta av Ormannsvik i 1772. Budde seinare i Økstraslåtta. Sjå
Økstra 33.
f. 1777, g. m. Kari Kristensdotter f.
1772 var husmannsfolk i Ormannsvik i 1801. Dei hadde då ei dotter: Siri
1 år gamal. Det må vera tilflytte folk. Ingen av dei er fødd i Jelsa.
Ei gamal kona Jorun Olsdtr. 80 år gamal bur hjå dei. Truleg flytte dei
straks etter ut av Jelsa.
og kona Liva Taraldsdotter flytte
frå Sørvik u. Fuglestein (Fuglestein 45) til Ormannsvik på sine gamle
dagar. Eldste dotter deira Brita Andersdtr. var gift med Salmund Olson
Ormannsvik så det er mo-aleiy at Anders og Liva har sett seg opp eit hus
attmed dei. Anders Levardson døydde i Ormannsvik i 1819.
f. 1797, son av Ola Larsson Gullsmedvik i Erfjord og kona Liva Salmundsdotter (sjå Fuglestein 104 c), vart i 1822 g. m. Brita Andersdotter
Sørvik (sjå Fuglestein 45 og Landsnes 30). Dei busette seg i Ormannsvik eller Aple
vik som denne plassen i Ormannsvik vart kalla.
Barn:
Salmund Olson drukna i Stavangervågen i 1847 50 år gamal. Brita Andersdotter døydde i Ormannsvik i 1867 79 år gamal.
f. 1822 (31 a) vart i 1849 g. m. Marta
Mikkelsdotter Eskedalen (sjå Fuglestein 59 d). Dei kom til å verta
buande i Ormannsvik. Anders brukte litt jord, men var elles jord- og
skogsarbeidar.
Barn:
Anders og Marta Ormannsvik truleg avlidne mellom 1890-1900 ' På plassen fødde dei i 1875 1 ku og 8 sauer, sådde 5/8 tn. havre og 1 tn. poteter.
f. 1850, g. 1874 m. Johanna
Thorsdotter Nybø u. Landsnes, overtok plassen etter foreldra. Salmund var
skogsarbeidar. Barn:
Alle barna som voks opp reiste til Amerika, så nær som Sina Johanna som var gift og budde Bjergsted på Foreneset.
Salmund og Johanna budde på plassen i 1900. Bruket låg under br.nr. 1 av Landsnes.
Smedavik u. Erøy, f. 1798, g. 1823 m. Ingeborg
Jonsdotter f. 1794, dotter av Jon Olson Langvik, busette seg i eit anna
hus i Ormannsvik. Barn:
Elling Ivarson budde seinare på Hamrane u. Erfjord. Ingeborg Jonsdotter døydde på Foreneset i 1857.
Sandvik i Erfjord f. 1786, selde Sandvik i 1838. Han vart i 1840 g. m. Anna
Olsdotter Døvik u. Åsland i Hjelmeland. Far hennar var Ola Gunulvson
Drengen i Luksefjell, Gjerpen prestegjeld i Telemark.
Haldor bygsla ei tid Ullestad på Fuglestein, men flytte så inn i Ormannsvik eller Aplavik som denne plassen vart kalla. Barn:
Haldor Larsson døydde i Aplavik u. Landsnes i 1864. Anna Olsdotter vart i 1865 g. m. Lars Henrikson As i Erfjord.
Anna får det ettermæle av dei som kjente henne frå Aplavik at ho var
uvanleg gavmild som delte sitt fattige brød med dei som hadde endå mindre av
det enn ho. Fortalt meg av Johs. Kjølvik etter Berdines Bakkane som voks opp
i Ormannsvik og kjente Anna. Så kanskje fattigdomen i Aplavik ikkje kjendes
så tung. Arnulf Øverland har eingong skrive: «Rik
er den som borger sitt brød og enda har råd til å dele med den som trenger,
fattig er den som teller sine penger.»
f. 1845 i Sand, son av Ola Alfson som ei tid budde i Høyvik. I 1875 budde Ola Alfson hjå sonen i Ormannsvik. Plassen vart elles kalla Brakehaugen. Ola Johan g. m. Brita Svalesdotter Fjetland f. 1840.
Barn:
f. ikr. 1626, budde i 1666 som husmann u. Landsnes. Han har då ein son
Nils 10 år gamal. I Langvik i Erfjord budde i 1701 Omund Knutson f. på Landsnes ikr. 1666, truleg er dette og ein son
av Knut Eivindson.
budde på Bakken i 1701. Han var 40 år gamal og fødd på Rød i Erfjord.
11666 bur Knut Hansson på Rød, med sonen Elling 5 år. Det må vera den
same.
Elling Knutson var g. m. Guri Torgersdotter. Ein son Torger f. 1696 døydde som barn. I 1711 budde Elling og Guri på Bakken men hadde ingen barn. Guri døydde i 1713 58 år gamal.
Elling Knutson g. 2. m. Gunhild Henriksdotter i 1714. Ho var dotter til Henrik Johannesson Erfjord, då enke etter Knut Bjørnson Erøy. Barn:
Dei fleste av desse barna må vera død utan livsarvingar. I eit skifte på
garden Erfjord i 1774 etter moster deira Magla Henriksdtr. lever Guri
Ellingsdtr. ugift. Magla Ellingsdtr. er enke. Ei dotter etter Paul. Gunhild
Paulsdtr. likeeins arving.
f. 1717, son til Elling Kristenson Røykjenes frå Laugaland i Hjelmeland,
budde på Bakken i 1758. Han har mor si Marta Halvorsdtr. hjå seg då.
Halvor Bakken var g. m. Randi Oddsdotter f. 1722, dotter av Odd Ellingson Buer (sjå Buer 8).
Halvor og Randi hadde fleire barn som døydde i barneåra. Den siste var
Marta Halvorsdtr. som døydde i Sponevik i 1771 22 år gamal.
Halvor og Randi flytte frå Bakken til Sponevik u. Bergeland. Der døydde
dei i 1782 med nokre dagar imellom. Båe grl. 17. mai 1782.
Bratland i Imsland, son av Tormod Bjørnson, broren var bonde i Marvik,
Bjørn Tormodson, Kom til Bakken som husmann i slutten av 1700 talet. Han
hadde i ungdomen gjort seg skuldig i sedskapsbrot og måtte sona 3 år på
Bremenholm. Seinare var han soldat men gjekk ut av rullen i 1780 «gammel og slett».
Han var g. m. Marta Olsdotter frå Rosseid vart ho kalla då ho gifte seg. Dei budde ei tid på ein plass u. Bratland før dei kom til Bakken. Der døydde Ola i år 1800 56 år gamal.
Enka Marta Olsdotter budde på Bakken i 1801 med barna:
Truleg flytte dei straks etter attende til Imsland.
Langvik f. 1764, son av Ola Jonson (sjå Ormannsvik 28) g. 1791 m. Kari Nilsdotter
Karidal u. Håland, budde frå 1803 på Bakken. Dei hadde før butt i
Langvik. Tilsist budde dei på Rottenes u. Tednes.
Barn:
g. m. Anna Jonsdotter var komne
til Bakken før 1816. Dette er innflytte folk, kanskje frå Hjelmeland.
Barn:
Jakob Toreson døydde i 1841 64 år gamal, Anna Jonsdotter i 1858 79 år gamal.
f. 1821, g. 1859 m. Siri Persdotter Ramsfjell i Hjelmeland, budde seinare på Bakken. Dei var visstnok barnlause.
Tore Bakken døydde i 1872. I 1875 budde Siri som enke på Bakken. Då fødde ho på plassen 2 kyr, 1 ungnaut og 13 sauer, sådde 1 tn. havre og 1 tn. poteter. Verhøster hennar Anna Jakobsdtr. budde der og. Livnærte seg med spøting og spinning.
Siri Persdotter vart etter det eg har høyrt gift på sine eldre dagar med ein frå Aukland i Hjelmeland.
frå Kvæstad i Suldal f. 1805, g. m. Gunvor
Jakobsdotter Kjelsvik u. Fuglestein f. 1817 (Fuglestein 70 a) budde på
Nybø i 1865. Barn:
Thor Øysteinson Nybø døydde i 1879 74 år gamal. Nybø var nedlagt som plass i 1900.
f. 1822 i Hjelmelandsvågen, son av gjestgjevar Ola Tollefson og bror til
Lars Olson Landsnes (17), kom til Jelsa som dreng hjå bror sin Lars som då
budde på Lovra.
I 1847 gifte han seg med Ranveig Olsdotter Barkelandsvågen (sjå Barkeland 58 b). Ho døydde i 1857 og let etter seg barna:
Den eine av gutane gjekk til sjøs, den andre busette seg i Stavanger.
Ola Olson g. 2. m. Kari Thorsdotter Nybø (44 a). Barn:
Dei fleste av barna budde seinare i Stavanger. Landsnesdalen nedlagt som plass i 1900.