KLEPPA, gardsnr. 22.

Kleppa var opphavleg ein tåleg stor gård. Men då haugsbøndene åtte 2/3 av Kleppa vart bruket skore ned til det halve og andre halvpart lagt til Haug i midten av førre hundreåret.

I 1617 eig Kongen 1 pd. sm. i Kleppa, herr Peder på Jelsa 18 m. sm., kyrkjegods (Imsland) 4 m. sm., Ola Haug 1 pd. sm. Leidangen av Kleppa var 4 kalvskinn og 1 skilling.

I designasjonane over Kongens gods i Ryfylke 1633 står det om Kleppa: Kongsgods 1 pd. sm. Er ein øydegard under Haug. Kongen rår med bygsla av garden og førstebygselavgifta vert sett til 9 rd. for laupa.

Jordeboka for 1649: Kleppa 1 1. ÷ 2 m. sm. Ko: Ma: 1 pd. sm. Kyrkja 22 m. og odelsgods 1 pd. sm. Kongen rår med bygsla.

I matr. frå 1668 er ikkje Kleppa nemnd serskildt, men oppført som underbruk av Haug: Kleppa ligg «iblandt gårdens eiendele, skylder 1 1. sm. Derav de Gjedders 1 pd. Jelsa prestebol 18 m. sm. Resten odelsgods.» Her er nok dei 4 m. sm. til Imsland kyrkje utegløymt.

Elles merker me at kongsgodset i 1668 er seld og gått over til adelsgods. Danmark hadde ført krig og statskassa var tom. Kongen lånte pengar av adelsmannen admiral Ove Gjedde, og då Gjedde døydde i 1660 vart alt kongsgodset i Ryfylke utlagt til arvingane hans. Oberst Gersdorf, ein dansk adelsmann, var gift med dotter til Ove Gjedde og overtok mesteparten av godset i Ryfylke. Oberst Gersdorf selde sitt gods i Kleppa til bonden på Haug Ola Josteinson i 1688. Kjøpebrevet er dat. 7. juni 1688 og tinglese på hausttinget 1695. Haugsbonden åtte då 2 pd. sm. i Kleppa og rådde med bygsla av garden. Jelsapresten lika dette berre så måteleg. Då Jonas Haug i 1798 bygsla son sin Ola jonasson 2 pd. sm. i Kleppa med overbygsel til 22 m. prestegods protesterte sokneprest Meyer, han hadde ikkje gjeve han lov til åbygsla bort presteparten. Men nokon fylgje hadde nok ikkje protesten. Haugsbøndene bygsla Kleppa bort som før, presten uspurt.

Elles var Kleppa vanlegvis brukt av oppsitjarane på Haug. Var det to oppsitjarar på Haug, vart og Kleppa delt i to med ½ 1. sm. på kvar.

Etter matr. 1838 brukar Kristen Haug 1 1. sm. i Kleppa. Etter ny skyldnemning var då garden på 2 dl. 2 ort 9 sk. Det same i matr. 1851.

I ny matrikkel 1886 er det berre halvparten att av Kleppa meddi Kleppa øvre 1 dl. 1 ort er gått inn i bruket til Ola Kristenson Haug og ein skogteig kalla Kråkedalen er gått inn i bruket til Johannes Kristenson Haug.

Kleppa nedre 1 dl. 1 ort 5 sk. er då att. Det eig Ola jonasson. Skylda på bruket vart etter at ny skyldnemning var innført i 1886 mark a 100 øre - 1 mark 87 øre. Kråkedalen av skyld 6 øre vart br.nr. 2 av Kleppa.

Etter matrikkelen 1906 er tilhøva på Kleppa dei same som i 1886.

Matr.nr. på Kleppa var 67 like til matr. av 1838.1 matr. 1838 matr.nr. 85, løpenr. 21. 1 matr. 1851 matr.nr. 67, løpenr. 161. 1 matr. 1886 gardsnr. 22, bruksnr. 1 og 2. Likeeins i 1906.

Alt frå gamalt av var Kleppa heilt skift ut frå Haug med skiftesteinar både i innmark og utmark, endå innmarka truleg låg med teigar inn i innmarka til Haug etter matr. av 1668 å døma. Men etter ei sak mellom Boseid og Haug i 1691 går det tydeleg fram at utmarka er skift med nedsette steinar og kross mellom Haug og Kleppa. I 1890 2. oktober var det overutskiftning av utmarka mellom Haug og Kleppa, men då var halvparten av Kleppa innlema i Haugsbruka.

Brukarar.

Som før skrive var det til vanleg bøndene på Haug som brukte Kleppa. Men bøndene der måtte få serskild bygselbrev av Kongen på bygselen av Kleppa. Ola Torsteinson Haug brukte Kleppa til 1645 (sjå Haug nr. 5), då overlet han Kleppa til sonen Jostein Olson Rosseid. Lensrekneskapen 1645-46: «Stedt og fest Jøsten Olsen den ødegård Kleppe som hans fader for ham oplod, skylder 1 1. sm. Gav 16 rd.» Jostein Olson (sjå Haug nr. 6) har då nokre år truleg brukt både Haug og Kleppa. I 1649 vart Kleppa bygsla til Ola Erikson: «Fest Oluf Eriksen en jord liggende under Haugen som hans verfader for ham oplod, sm. 1 løp. Gav i førstebygsel 14 rd.»  Ola Erikson (sjå Haug nr. 7) brukte då Kleppa og Haug ei tid til son av Jostein Olson vart vaksen.

Like fram til år 1800 er Kleppa brukt under Haug. I 1798 vart Kleppa bygsla bort til eldste son av Jonas Haug, Ola jonasson.

 

1. Ola jonasson

f. 1786 (sjå Haug nr. 14 d), får i 1798 bygselbrev på Kleppa av far sin Jonas Kristenson. Ola jonasson var då snaut 14 år gamal. Det var dette bygselbrevet sokneprest Meyer klaga på. Ola Jonasson brukte Kleppa ei tid fram til 1814. Han må vera død før 1814, men me finn han ikkje grl. i Jelsa. Det var krigstider og det er ikkje umogeleg at han døydde som soldat. I 1814 er Kristen jonasson eldste son på Haug.

 

2. Kristen Jonasson

(sjå Haug nr. 21) får bygselbrev på Kleppa av far sin Jonas Kristenson i 1814. Han er då kalla eldste son. Seinare brukte Kristen 1 1. sm. i Kleppa saman med 1 laup smør i Haug. Han brukar og heile Kleppa med halve Haug i 1851. Då han kjøpte opp mesteparten av broren Jonas Jonasson sitt bruk i Haug ser det ut som om Kleppa er gått over til Jonas. Då enka etter Jonas i 1882 overlet Kleppa til sonen Ola jonasson skriv Kristen Jonasson: eat jeg noen år tilbake har overlevert gården nedre Kleppa til eieren Jonas Jonassen erklæres herved, og kan bygselbrevet avleses og slettes av panteboken.»

 

3. Jonas Jonasson

(sjå Haug nr. 14 h og 16), f. 1798, overtek nedre Kleppa saman med halve Haug etter skjøte av 9. mai 1829. Jonas kom til å selja mesteparten av godset i Haug og sat tilslutt berre att med 2 ort 15 sk. i Haug og 1 dl. 1 ort 5 sk. i nedre Kleppa. Jonas Jonasson døydde i 1879 og enka Marta Knutsdtr. sel i 1881 godset i Haug til versonen Nils Haldorson (sjå Haug nr. 17) og Kleppa i 1882 til sonen Ola jonasson. Om Jonas jonasson sjå Haug nr. 16.

 

4. Ola Jonasson

f. 1852, overtok nedre Kleppa etter skjøte frå mor si Marta Knutsdtr. 8. juli 1882. Bruket var på 1 dl. 1 ort 5 sk. og seld for 1400 kr.

Ola Jonasson vart i 1874 g. m. Berta Ragnhild Danielsdtr. Kalviksjøen, f. 1848, dotter av Daniel Olson (sjå Kalvik nr. 25). Barn:

a.Marta Olsdtr. f. 1875, gift til Jøseneset, Hjelmeland.
b.Jonas Olson f. 1876, g. m. Marie Larsdtr. Skimling. Reiste til U. S. A. Ei dotter Bertine Jonasdtr. Skimling.
c.Marie Olsdtr. f. 1878, ugift, busett Stavanger.
d.Daniel Olson f. 1880, døydde i 1891.
e.Karen Margrete Olsdtr. f. 1884, g. m. Osmund Bervik, Imsland.
f.Syvert Johan Olson f. 1887, reiste til U. S. A. g. m. ei irsk kvinna.
g.Olav Olson f. 1890, gift og busett i Strand.
h.Berta Ragnhild Olsdtr. f. 1890 (tvilling til Olav) g. m. Teodor Tosteinbu, busett Nedstrand.

Ola Jonasson saman med sonen Daniel bleiv i Vatlandsvatnet 4. juli 1891. Det var ved Holmen. Dei var ute og førte på ved. Daniel vart straks attfunnen, men Ola Jonasson først 12. august same år.

I 1900 bur Berta Ragnhild Danielsdotter som gardbrukarenke på Kleppa. Barna Marta, Johan, Olav og Berta er heime. Andre huslyd på Kleppa var i 1900 Marta Knutsdtr., folgekona, og dotter hennar Helga Jonasdtr.

Berta Ragnhild er og ført som eigar og brukar av Klep a i matr. 1906.

Eigar og brukar etter Berta Ragnhild var Salmund Ånonson Gryte (sjå Gryte nr. 11 d).