Kaltveit ligg på Omboheia vest av Seltveit gr.nr. 3. Garden var bondegods, men eigaren budde ikkje på garden før 1829. Det var leiglendingar eller lotbrukarar som budde på Kaltveit før den tid.
Den gamle matrikkelskylda på Kaltveit var 1 1. 18 m. sm. Futen klagar på tinget i 1672 over at 18 m. sm. i Kaltveit ikkje er skatta av i mange år. Det er nok rett, både i 1649 og 1668 er skylda ført opp med 1 1. sm. Men frå 1672 er skylda oppgjeven til 1 1. 18 m. smør.
Det er Sevat Furre som i 1617 eig 1 1. sm. i Kaltveit, Anders Kvelland eig 18 m. sm. I 1624 står Sevat Furre saman med sine to søstre som eigarar av 1 1. 18 m. sm. i Kaltveit. Det må såleis vera arvegods sidan dei eig det saman.
Truls Nilsson Skjelsnes var gift med Torborg Sevatsdtr. Furre og fekk godset i Kaltveit dels ved arv og dels ved kjøp av sine verbrør. Dotter til Truls, Åsa Trulsdtr., vart gift med Asgaut Larsson Jørstad f. ikr. 1636. Dei budde på Skjelsnes i Sjernarøy. Godset i Kaltveit 1 1. 18 m.
sm. fekk Asgaut Larsson dels med kona, dels ved kjøp. Såleis kjøpte han i 1661 ½ 1. sm. i Kaltveit av verbror sin Gjert Gunnarson Helle, betalte for det 61 rd.
Sonen til Asgaut Larsson, Ola Asgautson Hidle, set med godset i Kaltveit
etter faren. Då han døydde gjekk godset i Kaltveit over til to søner av
første ekteskap, Asgaut Olson Reilstad og Valentin Olson Hidle, kanskje dei
hadde arva ein part i skiftet etter mor deira og. Men Asgaut Reilstad og
Valentin Hidle skjøter Kaltveit over på stemor deira, Annicken Tiurholm, i
1733. Annicken Tiurholm var dotter av Jelsapresten Niels Tiurholm. Ho var
andre kona til Ola Asgautson Hidle. Ho gifte seg oppatt med Lars Jonson
Skjelsnes, budde på Nedre Hidle, og han står seinare formelt som eigar av
Kaltveit. Sonen hennar med Ola Asgautson, Nils Olson, får skjøte i buet
etter mor si i 1758: Nils Olson av
gården Hille hjemles 1 1. 18 m. sm. i Kaltveit som hans moder Annicken
Tiurholm har etterlatt ham. Dat. 8/11 1758, tgl. 12/6 1759.»
Anders Bjørnson Vik i Nedstrand vart i 1770 gift med dotter til Nils Hidle, Annikken Nilsdtr. I 1792 får Anders Vik skjøte på 1 1. 18 m. sm. i Kaltveit av enka og arvingane etter Nils Hidle.
Anders Bjørnson Vik bruka aldri Kaltveit sjølv. I 1813 skjøter han Kaltveit over på sonen Ola Andersson for 133 rd. 6 ort 2 sk. Ola Anderssen brukar ikkje Kaltveit frå 1813, først ikr. 1829 finn me han på Kaltveit. Frå den tid har eigar og brukar vore same mann og me finn kjøp og salg av Kaltveit seinare under brukarlista.
I året 1683 var det skjønn over Kaltveit. Det kom seg av at Ola Asgautson
Hidle hadde kravd skjønn over Hidle for å få nedsett landskylda på garden.
Skjønnsmennene kunne nok gå med på dette, men viselagmann Bernt de Nagel og
futen Niels Christensen protesterte på at dei tok av skylda på Hidle utan å
kunne visa til andre gardar der same avtak kunne leggjast på, for ikkje å
minka Kongens inntekter:
«Derover av Asgaut Skjelsnes ble
angiven at hatland og Nårstad på Ombo skulle være så lite i takst at de
vel noe kunne påsettes. Såvelsom angav Ole Hidle at hans far betr. Asgaut
Sjelsnes selv hadde en gård, navnlig Kaltvedt, også på Ombo, som vel kunne
påsettes.»
De same skjønnsmenn som hadde vore på Hidle kom så til Ombo. Der såg dei først på Vatland og Nårstad og tilsist på Kaltveit:
«I likemåte ble og Kaltveit beseet
hvor Asgaut Skjelsnes møtte tilstede. Betr. gård landskyld skal være en
løb og 18 m. smør, er og en hedegård og langt fra sjøen. Befant den ikke i
sådan tilstand både i aker og eng ved dovenmyrer og ond engeslåtte, at
dersom eieren eller Ole Hidle den selv skulle bebo, da skulle fast avtak
derpå begjæres enn late påsettes.»
Etter gamalt var Kaltveit einmannsbruk. Først i 1839 vart det utskift eit nytt bruk (br.nr. 2). I 1891 vart av hovedbruket br.nr. 1 utskift eit mindre bruk kalla Kaltveitbøen br.nr. 3.
Etter matr. 1668: Matr.nr. 64 Kaltveit 1 1. sm. Er odelsgods. Dei sår 3 tn. korn, før 16 naut og hest. Der er brenneskog til husbruk. Er ein høgfjellsgard. Vart sett i landskyld 1 1. sm., leidang 2 geitskinn, tiende 3 spann korn, småreidsla 8 skilling.
Etter matr.utkastet 1723: Kaltveit 1 1. 18 m. sm. Sjølegd. Ei bekkekvern. Tung åvinna. Bjørn sår 5 tn. og haustar 26 tn. korn. Før 1 hest, 12 naut og 24 sauer.
Etter matr. 1838: Kaltveit nytt matr.nr. 70, løpenr. 168. Ny skyldeining 3 daler 2 ort 13 skilling. Ein brukar.
Etter matr. 1851: Kaltveit nytt matr.nr. 50, løpenr. 107 og 108. To brukarar.
Etter matr. 1886: Kaltveit gardsnr. 5, bruksnr. 1 og 2. Ny skyldeining 3 mark 57 øre. Br.nr. 1 - Jonas jonasson - 2 m. 69 øre, br.nr. 2 - Siri Henriksdtr. - 88 øre.
Av br.nr. 1 vart i 1891 utskift eit br.nr. 3, Kaltveitbøen, av skyld 45 øre. Br.nr. 1 har då ei skyld på 2 m. 24 øre, br.nr. 2 88 øre og br.nr. 3 45 øre.
Nokon husmannsplass var det ikkje frå gamal tid på Kaltveit. Den første husmannen var truleg Jon Henrikson som i 1829 fekk bygsla ein plass kalla Vestbø. Truleg den same plass som i 1.891 vart utskift frå Kaltveit og kalla Kaltveitbøen.
betalar 1 dl. i skatt i 1563.
nemnd i skattemanntalet 1603 og 1606.
nemnd i lensreknskapen 1610-20.
nemnd i lensreknskapen frå 1625 til 1630. I 1629 er han innkalla som vitne
i striden mellom lensmann Stein Jelsa og presten Markus Pedersen.
er oppført i lensreknskapen i 1636. I 1641 er han innstemt til tinget på
Jelsa av Halvar Bergeland for åkerskade. Ola Kaltveit møtte ikkje og laut
bøta stemnefall med 1 mark. I 1642 er han innstemt av lensmannen for han
hadde nekta føra futen til Finnøy eit par gonger. Første gongen sa Ola
Kaltveit at han ikkje hadde vorte tilsagt i rett tid, andre gongen var det
slik storm at han kunne ikkje ro fjorden åleine. Han måtte likevel bøta med
4 mark sølv, om han då ikkje til fjerdingstinget kan prova at han hadde
lovleg forfall.
Ola Kaltveit er oppført som brukar i 1649. I manntalet 1666 står Ola Larsson, 60 år gamal, oppført som brukar av Kaltveit.
Ola Daltveit, Torbjørn Asheim, Jon Foss, Anna Tuntland, Jon Bratland og
Jon Hauge stemner i 1674 Reidar Knutsvik stefar deira for ulovleg skifte etter
mor deira. Mora hadde før vore gift med Peder Knutsvik. Det er mogeleg at Ola
Kaltveit då har vore gift med ei dotter av Peder Knutsvik. Det
er kanskje Kaltveit i Årdal som her er nemnt.
Truleg var Ola Larsson Kaltveit gift fleire gonger. Eli Markusdtr. Kaltveit som er dølskvinne i saka mot Turi Hausland (trolldomssak) i 1663 må vera kona hans. Barn
f. ikr. 1635 har som nemnt før eit lite bruk på Kaltveit i 1666, 1 pd.
sm. Han har då sønene:
Njell stemner Stein Jelsa til tinget i 1666. Njell hadde lånt Stein 5 rd. til å kjøpa ein hest for. Nå var det 10 år sidan og Njell hadde ikkje fått att pengane. Dei vart forlikte om at Stein nå skulle betala 7 rd.
f. ikr. 1650 på Kaltveit overtek garden ikr. 1677. Det året møter han
første gong som domsmann på tinget. Seinare er han ofte å finna mellom
lagrettesmennene. I 1676 stemner futen han inn for tinget på Foldøy avdi han
ikkje hadde møtt på seinaste våpenting. Markus Olson tente i 7 år som
soldat.
Markus må vera son av Ola Larsson og Eli Markusdtr. Kaltveit. Han var gift iallfall to gonger. Første kona kjenner me ikkje namn på. Med henne hadde han to døtre
Andre kona til Markus Olson var Torborg Sivertsdtr. Vestersjø. Med henne hadde han barna:
Markus Olson Kaltveit døydde i 1709. Enka Torborg Sivertsdtr. gifter seg i 1711 med Per Endreson Kolstø. Dei bruka Kaltveit eit par år, men flytte så til Kolstø der Torborg døydde i 1728. Dottera Marta lever etter henne og ein son etter Anna Markusdtr. (7 c) som døydde på Kolstø i 1723. Dottera Sofie som ho hadde med Per Endreson døydde som spebarn.
Vestersjø f. ikr. 1667, son av Sivert Osmundson Vestersjø, overtar
Kaltveit etter verfar sin Markus Olson. Bygselbrev på 1 1. 18 m. sm. i
Kaltveit får han av Ola Asgautson Hidle 12. juli 1713. Husa var då til
nedfalls så Bjørn får åbotspengar for å setja dei i stand att, for løa 4
rd., fehuset 2 rd., eldhuset 4 rd., sengebua 2 rd., røykstova ½ rd. og
sauhuset 2 rd.
Bjørn Sivertson hadde tent som soldat i 14 år. Han vart i 1698 g. m. Ingeborg Markusdtr. Kaltveit. Dei busette seg først på Hetletveit på Ombo. Kom så i 1713 til Kaltveit. Bjørn Kaltveit døydde i 1733. Barn:
Som enke på Kaltveit brukte Ingeborg Markusdtr. garden til 1739. Ho vart siste året ho brukte garden stemnt til tings av futen fordi ho hadde halde dugnad på ein laurdag. Det var imot sabatsforordninga, folk skulle koma utsovne til kyrkja om søndagen og det var det så ymse med etter ein dugnaddag.
(sjå nr. 8 c) fekk bygselbrev på Kaltveit av Lars Jonson Nedre Hidle i
1739. Ikr. 1740 vart han gift med Anna
Oddsdtr., truleg ei dotter av Odd Jensson Kjølvik. Ho døydde i 1754
berre 32 år gamal. Barn ho let etter seg:
Bjørn Bjørnson gifte seg oppatt i 1754 med Johanne Pedersdtr. Lille Bjelland i Nedstrand. Ingen barn med henne. Bjørn Bjørnson Kaltveit grl. 19-12 1768 55 år gamal.
Bjørn Kaltveit var nok litt av ein forblåsar for bøndene i Jelsa. I 1766
kom det framlegg om ekstraskatt. Bøndene lika ekstraskatt endå låkare enn
vanleg skatt og vart enige om å møtast ein fastsett dag på Finnøy og
protestera. Dessutan mistenkte dei lensmann og prest for at dei hadde eigen
bate av innkrevjinga av skatten. Det var Bjørn Kaltveit som skulle varsla
jelsabuen om å møta på Finnøy. Lensmannen Knut Lovra var lei for mistanken
om at han hadde bate av ekstraskatten og stemnde Bjørn Kaltveit inn for
tinget. Første vitne var Anders Økstra som prova: «at
sistleden 2. juni inneværende år som var en søndag etter gudstjenesten ved
Jelsa kirke, advarede sognepresten herr Arentz almuen at han holdt for ingen
burde reise til det omtalte møte på Finnøen påfølgende 4. ditto. Bjørn
Kaltvedt som søndagen tilforn hadde sendt sin datter Ingeborg til Jelsa kirke
for å tilsi almuen å møte på Finnøen, fremtrinede til presten, talede,
men ordene kan vitnet ikke erindre, dog erindrede dette at lensmannen sa at de
mistenkte både ham og andre som hadde med ekstraskatten å bestille, at de
derav hadde sin fordel, hvortil Bjørn Kaltvedt svarte: Ja, det gjør vi.
Provsten, som en alvorlig og gudfryktig mann, svor en ed at han aldeles intet
hadde av ekstraskatten, ei heller de andre som dermed hadde å bestille. Så
vidt han kunne lese forordningen visste han ikke bedre enn at skatten således
som krevet skulle betales. Par det noen blandt almuen som visste annet derom
enn han, så ville han gjerne vite grunnen de hadde dertil. Advarede atter
almuen og ønsket at ingen av hans menighet ville reise til Finnøen, ti han
fryktede for en så stor samling kunne ha farlige følger. Bjørn Kaltvedt
svarte og talede, men som en stor mengde av almuen fremkom og talede tillike,
kunne vitnet ikke observere ordene, men så provsten gikk fra kirken. Tret
ikke hva beslutning siden ble tatt, men på hans reise til Stavanger om
Finnøen den 4. juni nest etter så han Bjørn Kaltvedt med flere av Jelsa
prestegjeld blandt andre forsamlede på Finnøen.»
Gudmund Olson Fuglestein vitna:
«at herr provsten tilla sine ord at
han skulle gjerne gi 1 rd. til de fattige om ingen av hans menighet ville
reise til Finnøen, det ville være en ære for ham selv og hans menighet.»
Bjørn Kaltveit bad lensmannen om årsaking for mistanken og sa at han alt sidan provsten herr Arentz svor ein så dyr eid hadde han ingen mistenkt for bate av ekstraskatten, serleg sidan slik mann som provsten vart så heftig at han erklærte sin og andres uskyld under eid.
«Ti kjennes for rett Bjørn Kaltvedt
bør første alm. ting på ordentlig måte innen tinget tilstå at hans
beskyldning mot lensmannen var ugrunnet og alene av en hastig ubetenksom
overilelse uttalt, som han tilbakekaller og beder om forlatelse. I mangel av
sådan deprecation bår han ansees som en lögner. Til Knut Lovres ydermere
satisfaction bør Bjørn Kaltvedt bøte til Stavanger hospital 3 rd., til
Jelse sogns fattige 3 rd., til justiskassen 3 rd. samt denne saks
prosessomkostning med 2 rd.»
vart i 1769 g. m. Ingeborg
Bjørnsdotter Kaltveit (sjå nr. 9 c.). Same året tingles han sitt
bygselbrev på 1 1. 18 m. sm. i Kaltveit, bygsla av Nils Hidle mot 30 rd. i
førstebygsel. Dessutan avtale om beite av krettur om sommaren. Desse framande
krettur som beita på Ombo om sommaren hadde det alltid vore strid om.
Bøndene på Ombo klaga jamt over at framande krettur åt opp beite for deira
eigne krettur. Beite på Ombo meinte dei dei måtte få ha for seg sjølv.
Ingeborg Bjørnsdtr. levde ikkje lenge. Ho vart grl. 1773 27 år gamal. To
barn ho hadde hatt med Ommund, Bjørn og Marta, døydde som spebarn før mora.
Ommund Ommundson gifter seg så i 1774 med Siri Torbjørnsdotter Breiland. Med henne hadde han barna:
Truleg flytte huslyden bort frå Jelsa ikr. 1785.
(sjå Røykjenes nr. 13) flytte frå Røykjenes til Kaltveit truleg ikr.
1785. Men sonen Henrik Person overtek straks etter bruket. I 1801 bur Per
Henrikson og kona som folgefolk på Kaltveit. Per Henrikson døydde på
Kaltveit i 1825 96 år gamal. Sjå elles Røykjenes nr. 13.
f. 1766 på Røykjenes vart i 1789 gift med Marta Jonsdotter Vestersjø f. ikr. 1761. Han får bygselbrev på
Kaltveit i 1789 av Anders Bjørnson Vik. Barn:
Henrik Person Kaltveit døydde i 1818, Marta jonsdtr. i 1834.
Jon Henrikson har nok vore heime og hjelpt mor si med garden frå faren døydde i 1818 til han i 1829 bygsla ein plass under Kaltveit då kalla Vestbø, seinare skilt ut som eige bruk, br.nr. 3, og kalla Kaltveitbøen.
Vik i Nedstrand f. 1791 fekk skjøte på Kaltveit av far sin Anders
Bjørnson i 1813. Men truleg flytte han ikkje til Kaltveit før ikr. 1829. Det
året skriv han ut folgebrev til enka Marta jonsdtr. (Sjå 12).
Ola Andersson var gift med Marta Samuelsdotter. Ein son fekk dei då dei budde på Kaltveit,
Ola Andersson sat på Kaltveit til 1836. Då selde han garden til Torgils Olson Foldøy for 800 spd.
Utflyttingsattest 1838: Ola Andersson Kaltveit 48 år og kone Marta Samuelsdtr. 50 år samt barn Ola 6 år til Sjernarøy.
f. ikr. 1810 på Hovden i Valle, kom med foreldra sine til Foldøy i 1827
(sjå Foldøy). I 1833 vart han gift med Torborg
Andersdotter Nevøy. Han fekk då ein del (1/3) av broren Jon Olson sitt
bruk på Foldøy, men selde dette bruket og kjøpte att Kaltveit i 1836. I
1839 sel han ein part av Kaltveit til Jonas jonasson Vatland som var gift med
Siri Henriksdtr. Kaltveit (sjå Kaltveit nr. 12): Dette bruket vart skyldsett
til 4 ort 2 sk. Kjøpesum 217 spd. Hovedbruket sel han i 1842 til Gunnar
jensson Valheim i Årdal. Skylda på dette bruket var nå 2 dl. 3 ort 11 sk.
Kjøpesum 640 spd.
Torgils Olson flytte då til Randaberg (Rygg), men reiste seinare med kona og barn til Amerika. Barn fødd på Kaltveit:
f. på Ritland i Hjelmeland kom så til Kaltveit. I 1840 vart han gift med Marta
Eriksdotter Tuntland f. 1801 og busette seg på Valheim i Årdal.
Gunnar Jensson døydde på Kaltveit i 1848 40 år gamal. Marta Eriksdtr.
får heimelsbrev på Kaltveit i skifte etter mannen i 1849 for vurderingssum
550 spd. Barn:
f. 1829 på Knutsvik, gifter seg i 1849 med enka etter Gunnar Jensson, Marta
Eriksdtr. Dei brukar Kaltveit til 1872. Då sel dei bruket til verson til
Marta Eriksdtr. Jonas jonasson Kaltveit g. m. Ingeborg Gunnarsdtr. (Sjå
nr. 15 a). Endre Endreson døydde i 1873. I 1875 sat Marta Eriksdtr.
som folgeenka på Kaltveit og har dottera Marta heime hjå seg. Marta
Eriksdtr. døydde i 1886.
f. 1842 på br.nr. 2 av Kaltveit, vart i 1871 g. m. Ingeborg Gunnarsdtr. Han hadde i 1870 fått skjøte på faren sitt
bruk av Kaltveit og i 1872 får han så skjøte også på hovedbruket. Jonas
eig då heile Kaltveit. Jonas Jonasson døydde i 1875, berre 33 år gamal.
Ingeborg Gunnarsdtr. brukar br.nr. 1 som enke. I 1875 bur ho der med to
søner:
Ho før då på bruket 4 kyr, 1 ungnaut og 38 sauer, sår 3 tn. havre og 3 ½ tn. poteter.
Ingeborg Gunnarsdtr. bur på Kaltveit også i 1900, men då på br.nr. 2.
Begge sønene er då heime.
f. 1845 i Askvik i Hjelmeland, son av bonde Ola Josefson og Borghild
Sjursdtr. Askvik, kjøpte br.nr. 1 av Kaltveit ikr. 1887. Men han har nok
ikkje fått skjøte på bruket. Då han i 1891 sel ein part av bruket, 45 øre
i skyld, kan han ikkje skriva skjøte på det nye bruket, Kaltveitbøen kalla,
det gjorde Ingeborg Gunnarsdtr.
Lars Olson var gift med Anna Levinsdtr. f. 1847. Ein son hadde dei før dei kom til Kaltveit,
På Kaltveit får dei dottera
Truleg er også
Anna Levinsdtr. døydde i 1888. Lars Olson lever som enkemann på br.nr. 1 i 1900, han har då søster si, Elen Olsdtr., til hushaldar.
I 1897 får Lars Olson skjøte på br.nr. 1 av skyld 2 mark 24 øre. Kjøpesum 2 000 kr. Ingeborg Kaltveit skriv under m. p. p.
Vatland f. 1799 (sjå Vatland nr. 24) g. m. Siri Henriksdtr. Kaltveit (sjå Kaltveit nr. 12 g.) kjøper ein part
av Kaltveit i 1839. Bruket var på 4 ort 2 sk. og betalt med 217 spd. (sjå
nr. 14). Jonas og Siri hadde då ei tid butt på Hebnes.
Det er skifte etter Jonas jonasson i 1855. Han døydde visstnok ikr. 1852. Bruket vart i skiftet utlagt enka for 220 spd. Barn:
f. ikr. 1793 i Hjelmelandsvågen, gifte seg som enkemann med enka Siri
Henrikdstr. Kaltveit. Ola Hansson var 1. g. g. m. Gunhild Haraldsdtr. Dei
budde i Hjelmelandsvågen der Ola Hansson var skomakar. Faren var Hans Larson
Vågen. Ola og Siri brukte Kaltveit til 1871. Då sel dei bruket til eldste
son til Siri,
for 220 spd. og folga. Jonas får året etter også skjøte på hovedbruket
av Kaltveit og budde der til han døydde i 1874. Men enka etter han, Ingeborg
Gunnarsdtr., åtte etter han båe bruk. Siri Henriksdtr. døydde 1871.
f. 1845 paktar bruket av versøster si Ingeborg Gunnarsdtr. Han bur der i
1875, er då ungkar og har søster si Marta Jonasdtr. til hushaldar. Han før
då på bruket 1 hest, 3 kyr, 30 sauer og 3 geiter, sår 3 tn. havre og 3 ½
tn. poteter. Seinare finn me han at på Nådland og Røykjenes. (Sjå
Røykjenes nr. 27.)
(sjå nr. 17 og 20) overtek dette bruket då ho selde hovedbruket på
Kaltveit. Ho bur der i 1900 med dei to sønene sine.
har bruket i 1906. Sjå Røykjenes 29 b.
(sjå Kaltveit nr. 13) bygslar ein plass kalla Vestbø av Kaltveit i 1829.
Truleg er det same jord som seinare vart kalla Kaltveitbøen. Han var gift med
Inger Johannesdotter Norheim i
Sjernarøy f. 1800, dotter av bonde Johannes jonasson Norheim. Barn eg kjenner
til:
I 1875 bur Inger Johannesdtr. som enke på Kaltveitbøen. Jon Henrikson døydde i 1868, Inger Johannesdtr. i 1888.
I 1875 før dei på Kaltveitbøen 1 ku, 1 ungnaut og 30 sauer, sår 1 ½ tn. havre og 2 tn. poteter.
g. m. Inger Jonsdtr. Kaltveitbøen
brukar ei tid Kaltveitbøen mens Inger Johannesdtr. levde. Barn:
I 1891 vart Kaltveitbøen utskift som eige bruk og skyldsett. Kaltveitbøen høyrde til br.nr. 1.
kjøper Kaltveitbøen i 1891. Skylda vart sett til 45 øre, det frå
skifte bruk vart rekna for 1/16 part av hovedbruket br.nr. 1. Det er Ingeborg
Gunnarsdtr. som skriv under på skjøtet. Lars Olson på br.nr. 1 sat endå
berre med kjøpekontrakt. Kjøpesunm 800 kr.
Lars Nilsson døydde før 1900. I 1900 bur enka Åse Rasmusdtr. f. 1835 der. Men bruket er då seld til Levin Kaltveit, truleg son av Lars Olson på br.nr. 1.
I 1906 er Ola Larsson, ein annan son av Lars Olson, eigar og brukar av Kaltveitbøen.