Jelsagarden med prestegarden og Sandane ligg på Jelsaneset og har vore eit sentrum for Jelsa sokn frå gamalt av. Her låg kyrkja, tingstova, seinare kommunelokalet, bank og handelstad. Den første faste skule i Jelsa tok til i eige hus her i 1773. På jelsaneset sette farande handverkarar seg ned og dreiv si næring. Der voks opp ein strandstad omkring handelshuset og bryggja. Då dampskipsfarten tok til på Ryfylkefjorden ikr. 1850 vart Jelsa eit midtpunkt for rutene med korrespondanse på Jelsa.
Jens Kraft skreiv i 1842 (Stavanger Amt 2. utg.):
«Jelse 5 ¼ 1. sm., en smukt beliggende gård og en av sognets beste, nær hvilke er
Jelse prestegård på hvilken grund Jelse hovedkirke står, en gammel men rett
smukk tømmerbygning, samt under hvilke tvende gårde er Jelse strandsted med
106 beboere i 24 boliger, hvor der er skyss-stasjon og tingsted og tillike en
fast skole, den såkaldte Ribergske skole stiftet av jomfru Marselle Riberg
ved gavebrev av 15. nov.
1759 (konfirmeret 30. juni 1773), som dertil skjenkede Jelse og Sands kirker
med tiende og jordegods, samt en kapital (nu 1 017 spd.) til skoleholderes
dannelse. Her er landhandler som tillike driver gjestgiveri, og her er også
nogle små fartøyer, i 1840 6 jegter av omtrent 70 kommerselæsters
dregtighet, hjemmehørende.»
Om arkeologiske funn skriv han:
«I Jelse prestegjeld finnes på sletten omkring hovedkirken nogle mest
mindre gravhøie, og i en stor houg nær ved kirken fantes ved gravning for 3
år siden tvende runde, øyensynlig med kunst tilhugne, stenkugler av rød (?)
,,runit og 3/4 alens gjennemsnitt,
hvilke nu er oppstillede på begge sider av kirkegårdens port.»
Etter jordeboka frå 1617 er eigetilhøva på Jelsagarden såleis:
Per Knutsvik med sine medarvingar 2 1. sm. ½ pd. korn.
Stein Jelsa 2 pd. 4 m. sm.
Gaute Kvam ½ 1. sm.
Beritte Jelsa 2 pd. 4 ½ m. sm. De Bilders gods ½ 1. sm.
Krongods ½ 1. 9 m. sm. Tilsaman 5 1. 6 m. sm. ½ pd. korn.
I eit manntal frå 1666 er Jelsa på 5 1. sm. ½ pd. korn. Det er dei to gonger me finn kornskyld på Jelsagarden.
Jelsa Mehus som Per Knutsvik eig i 1617 er nemnd så tidleg som 1575. I ei
sak om bygselretten til Mjølhus i Hjelmeland i 1636 vart det lagt fram eit
brev av «sl. Christopher Nielsen,
fordum lagmann i Stavanger, hans dom under forsegling, sub dato 14. juni 1575,
formeldende at han hadde tildømt Laurits Gunbjørnsen og hans medarvinger
tvende jorder, nemlig Midthus på Jelsenes i Jelse skibrede og Mielhus i
Hjelmeland skibrede.»
På same ting og i same sak vart det og lagt fram eit arveskiftebrev frå 1596. Det er same godset som er nemnd i brevet frå 1575 som nå vart delt arvingane mellom. Dette skiftebrevet har me: J. J. Jåthun i Ætt og Heim 1957 side 18. Asgaut Steinnes i Ætt og Heim 1961 side 39. Det er skiftet etter Elling Tjærandson Mjølhus og kona Kari Sjurdsdotter. Fire døtre er arvingar: Åsa Ellingsdotter g. m. Laurits Gunnarson Øye, Siri Ellingsdotter død i skiftet 1596, barna hennar arva m. a. 18 m. sm. i Jelsa Mehus, Beljud Ellingsdotter Føljesvoll med mågen hennar, Per, arva m. a. 1 1. 12 m. sm. i Jelsa Mehus. Beljud Ellingsdotter (to søstre med same namn) g. m. Olav Reidarson Solberg (frå Barkeland) arva gods i andre gardar.
Per Gunnarson Knutsvik, som ættar frå ei annor ættegrein på Mjølhus,
sat saman med sine medarvingar med alt godset i Jelsa Mehus i 1617. Dotter
hans var gift med Elling Person Jelsa som i 1624 bur på Jelsa Mehus og eig
saman med sine søsken 1 ½ 1. sm. i Jelsa Mehus. Bror hans var Tjærand
Person Nådland på Ombo. Dei må vera søner etter den Per som i 1596 bur på
Føljesvoll og er kalla mågen til Beljud Ellingsdotter. Truleg har Elling
Person arva gods i Jelsa både etter foreldre og verfar. At Per Knutsvik sat
med alt godset i Jelsa Mehus i 1617 kunne tyda på at barna etter Per
Føljesvoll då har vore umyndige og Per Knutsvik formyndar for dei.
Godset i Jelsa Mehus vart i 1675 og 1679 seld til sokneprest Søren Hofmann på Jelsa.
Godset i Jelsa som Stein Jelsa, Gaute Kvam og Beritte Jelsa sat med i 1617 høyrde truleg til same ættegrein og vart i tur og orden innløyst av Stein Jelsa.
De Bilders gods i 1617 var gods som låg til «Lungegården» i Bergen. Det var opphaveleg eit nonnekloster, Nonnesæter, som i 1528 av Fredrik I vart gjeve til adelsmannen Vincents Lunge og fekk seinare sitt namn etter han. I 1602 eig Knut Bille Lungegården. Admiral Aksel Mouvat g. m. Karen Bield (Bille) åtte godset i Jelsa seinare og selde det i 1643 til Stein Jelsa:
«Jeg Axel Mouvat til Hof and kjennes og gjør vitterlig at jeg av fri
vilje og velberåd hu og med min kjære hustru ærlig og velbyrdige fru Karen
Bield til Axelvold hennes minne ja og samtykke har solgt og skjøtt og avhendt
og nu her med dette mitt åpne utgivne brev selger, skjøter og avhender fra
oss og vore arvinger og til ærlig og vel fornuftige mann Steen Siversen Jelse
og hans
rette arvinger tvende min kjære
hustrus odelsjordeparter i Stavanger len og i Ryfylke liggendes, såsom udi
Steen Siversens påboende gård i bemelte Jelse ½ 1. sm. årligen landskyld
oppbørsel og udi en ødegård kalles Assem vor anpart skyldende årlig til
avgift et halvt pund smør, hvilke jordeparter ½ 1. sm. i Jelse og ½
pd. sm. i Assem ødegård fornevnte Steen Siversen hans hustru, børn
og arvinger, heretter fritt og frelseligen må tiltræ, have, nyte, bruke og
beholde til evindelig og uigjenkallelig odel og eie med skog, mark, aker og
eng, tilsjøs og tillands, oppe og nede, innen og utengjerds, intet i nogen
måte unntagen i hva navn det er eller være kan som nu forefinnes tilligger
og fra gammel tid tilligget har eller med rette bør der tilligge, samt med
forn. jordeparters rettigheter og annen herlighet sig å følge etter Norges
lov. O. s. v.
Actum Gjerestad 1. nov. anno 1643. »
Krongodset i Jelsa låg i Klunghaug og halvparten av Asheim. Det var i 1617 på ½ 1. 9 m. sm. 11660 gjekk krongodset over til admiral Ove Gjeddes arvingar. Oberst Fredrik Gersdorf g. m. ei dotter av Ove Gjedde overtok alt krongodset i Jelsa. Godset i Jelsa og Asheim vart i 1687 seld til enka etter sokneprest Søren Hofmann, Maren Hofmann. I den tid åtte huslyden Hofmann heile Jelsagarden med Mehus, Klunghaug og Asheim.
Etter matrikkelen frå 1668 er Jelsa matr.nr. 3 oppført med 5 ½ 1. sm. i
matr.skyld. Av dette er Klunghaug matr.nr. 76, ½ 1. sm., krongods eller
adelsgods, Asheim matr.nr. 89, ligg for fefot, 1 pd. sm., halvparten adelsgods
og halvparten odelsgods. På Jelsa sår dei 22 tn. korn. Før 64 naut og 6
hestar. Der er brenneskog og eindel bjelkeskog. Eit makrell og laksefiske ligg
til garden, men har liten verdi. Dei meiner garden er god for 6 1. 1 pd. sm. i
landskyld. I leidang 2 huder og 4 geitskinn. Tiende 22 spann korn. Småreidsla ½ dl. 3 sk.
I sjømilitære manntal 1706 eig lensmann Jakob Hofmann 3 1. 1 pd. 6 m. sm. Maren sl. hr. Søren Hoffmanns 2 1. sm. Magister Jørgen Pral 30 m. sm. Tilsaman 6 1. 6 m. sm. Kvar bygslar sitt.
Etter utkastet til ny matrikkel 1723: Jelsa 5 1. sm. Sjølegd (militært). Har brenne og tømmer til husvøling. 2 flaumkverner. Lett å vinna. Jakob brukar 2 ½ 1. sm. Sår 6 ¾ tn. og haustar 40 tn. korn. Før 2 hestar, 15 naut og 24 sauer. Bjørn brukar, sår og før det same.
I matrikkelen 1838 er det slutt med eigne matr.nr. for Klunghaug og Asheim. Dei vart ført opp under Jelsagarden som i denne matrikkelen får matr.nr. 28 med løpenr. 93 og 94.
Løpenr. 93, Jelsa, Klunghaug og Asheim, eigar Thore Thorsen, gamal
skyld 6 pd. 6 m., 18 m., 6 m. sm. Ny skyld i alt 7 dl.
2 skilling.
Løpenr. 94, Jelsa, Klunghaug og Asheim, eigar Lars Bjørnson, gl.
skyld 7 pd. 12 m., 18 m., 6 m. sm. Ny skyld 8 dl.
1 ort 6 skilling.
I denne matrikkelen er Gjerde skild ut av Thorsen sitt bruk og fekk sitt eige matr.nr. Gjerde var på 1 pd. 6 m. sm.
I ny matrikkel 1851 får Jelsa matr.nr. 7 med løpenr. 9 og 10. Elles som i matrikkelen frå 1838.
I førebuinga til ny matrikkel som tok til 1863 vart Jelsagarden vurdert
såleis: Jelsa matr.nr. 7.
Løpenr. 9 a, Jelsa, eigar Thore
Thorsen, gamal skyld 3 dl. 2 ort 13 sk. Sår ¼ tn. bygg, 4 ½ tn. havre
og 5 tn. poteter. Haustar 2, 28 og 35 tn. Før 1 hest, 7 kyr og 14 sauer. 23
mål åkerland, 43 mål engslått. Innmarka vurdert til 509 spd. Tillegg for
dyrkningsjord 8 spd. Husmannsplassane, som var tilsaman på 4 mål, vart
vurdert til 27 spd. Tillegg for lett å koma til og frå 113 spd.
Ekstratillegg for det same 20 spd. Tillegg for lett å vinna 56 spd. Beite
sett til 170 spd. Skogen til 394 spd. Tillegg for vassfall 8 spd. Heile bruket
vurdert til 1 305 spd. Framlegg til ny matrikkelskyld 3 dl.
84 skilling.
Løpenr. 9 b, eigar Sven Thorsen, gl. skyld 3 dl. 2 ort 13 sk. Sår ¼ tn. bygg, 3 ½
tn. havre og 4 tn. poteter, haustar 2, 22 og 28 tn. Før 1 hest, 6 kyr, 1
ungnaut og 14 sauer. 18 mål åkerland, 32 mål engslått. Innmarka vurdert
til 473 spd. Tillegg for dyrkningsjord 24 spd. Husmannsplassane, som var
tilsaman på 4 mål, vurdert til 19 spd. Tillegg for lett å koma til 95 spd.
Ekstratillegg for det same 20 spd. Tillegg for lett å vinna 95 spd. Beite
sett til 180 spd. Skogen til 394 spd. Vassfall 8 spd. Heile bruket vurdert til
1 305 spd. Framlegg til ny skyld 3 dl.
84 skilling.
Løpenr. 10 a, eigar Bjørn
Jelsa, gl. skyld 5 dl. 2 ort 12 sk. Sår ½ tn. bygg, 6 tn. havre og 5 ¾
tn. poteter, haustar 4, 39 og 44 tn. Før 1 hest, 11 kyr og 4 ungnaut. 43 mål
åkerland, 36 mål engslått. Innmarka vurdert til 744 spd. Tillegg for
dyrkningsjord 9 spd. Husmannsplassane på tilsaman 5 mål vurdert til 25 spd.
Tillegg for lett å koma til 159 spd. Ekstratillegg for det same 44 spd.
Tillegg for lett å vinna 159 spd. Beite sett til 290 spd. Skogen til 573 spd.
Vassfall til 13 spd. Heile bruket vurdert til 2 015 spd. Framlegg til ny skyld
5 dl. 86 skilling.
Løpenr. 10 b, Ole Larssen, gl.
skyld 2 dl. 3 ort 18 sk. Sår ¼ tn. bygg, 2 ¼ tn. havre og 3 tn. poteter,
haustar 2, 16 og 23 tn. Før 1 hest, 6 kyr og 1 ungnaut. 18 mål åkerland, 28
mål engslått. Innmarka vurdert til 394 spd. Tillegg for dyrkningsjord 4 spd.
Husmannsplassar, 2 2/3 mål, vurdert til 12 spd. Tillegg for lett å koma til
83 spd. Ekstratillegg for det same 22 spd. Tillegg for lett å vinna 83 spd.
Beite sett til 145 spd. Skogen til 275 spd. Vassfall til 7 spd. Heile bruket
vurdert til 1 025 spd. Framlegg til ny skyld 2
dl. 109 skilling.
Resultatet var matrikkelen av 1886: Jelsa gardsnr. 38 (7).
Br.nr. 1(9 a), Edvard Thorsen, gl.
skyld 1 dl. 4 ort 6 sk. Ny skyld 3 mark
63 øre.
Br.nr. 2 (9 b), Edvard Thorsen, gl.
skyld 3 dl. 1 ort 15 sk. Ny skyld 6 mark
56 øre.
Br.nr. 3 (9 c), Hålemyra, Thomas
Thorsen, gl. skyld 1 ort 23 sk. Ny
skyld 77 øre.
Br.nr. 4 (9 d), Jelsaneset, L.
Berntsen, gl. skyld 4 ort 6 sk. Ny
skyld 1 mark 67 øre.
Br.nr. 5 (9 e), Nordnes, P. Thorsen, gl.
skyld 9 skilling. Ny skyld 15 øre.
Br.nr. 6 (9 f), Nordnes, Thor Thorsen
Barkeland, 2 skilling. Ny skyld 3
øre.
Br.nr. 7 (9 g og h), Opplysningsvesenets
fond, 2 ort 13 skilling. Ny skyld 1
mark.
Br.nr. 8 (10 a), Bjørn Larsen, gl.
skyld 5 dl. 2 ort 12 sk. Ny skyld 10
mark 57 øre.
Br.nr. 9 (10 b), Klunghaug, Ole
Larsen, gl. skyld 2 dl. 3 ort 18 sk. Ny
skyld 5 mark 38 øre.
Matrikkelen av 1906: Jelsa gardsnr. 38.
Br.nr. 1, Jelsa, Edvard Thorsen, 3 mark 42 øre.
Br.nr. 2, Jelsa, Edvard Thorsen, 6 mark 53 øre.
Br.nr. 3, Hålemyra, Thomas Thorsen, 77 øre.
Br.nr. 4, Jelsaneset, Opplysningsvesenets fond, 1 mark 67 øre.
Br.nr. 5, Nordnes, Tirål Mehus' enke, 15 øre.
Br.nr. 6, Nordnes, lensmann Th. Thorsen, 3 øre.
Br.nr. 7, Jelsa, Opplysningsvesenets fond, 1 mark.
Br.nr. 8, Jelsa, Lars K. B. Jelsa, 10 mark 57 øre.
Br.nr. 9, Klunghaug, Laurits
Larsen, 5 mark 38 øre.
Br.nr. 11 (?), Blidensol, Betuel Olsen, 21 øre.
Prestegarden med Sandane var truleg reint og steina frå Jelsabruka, men ikkje betre enn at det ofte var strid om einskilde åkrar og enger mellom Jelsabruka og prestegarden med Sandane. Bruka på Jelsagar den var teigblanda som elles i den tid. Skogen og utmarka var felles for Jelsa og prestegarden. Det gav sjølvsagt høve til mykje strid mellom presten og Jelsa-bøndene. Kvar skulle nytta skogen og beite etter den skyld som var på bruket, men det var då vanskeleg å avgjera om den eine hogg meir i skogen enn dei andre.
I den tid lensmann Jakob Hofmann hadde kjøpt inn alt godset i Jelsa, Klunghaug og Asheim, kom det ein stridslysten prest til Jelsa. Det var Nils Tiurholm. Presten hadde frå gamalt av rett til beite av halve Asheim, men då han og tok til å hogga i Asheimsmarka meinte Jakob Hofmann at nå gjekk han over streken. Presten meinte Jakob ikkje hadde noko brev på at skogen var hans. Det vart ein hard strid.
Jakob Hofmann samla alle sine kjøpebrev og andre gamle brev og sende dei
saman med ein klage over presten til amtmannen. Verson hans, Bjørn Jelsa,
skreiv og under klaga. Breva Jakob og Bjørn Jelsa sende er nummererte og då
presten i sine tilsvar til amtmannen ofte berre nemner nr. på brevet skal me
her først nemna desse. Stathaldararkivet 1572-1771,
pk.nr. 14, Riksarkivet, Oslo. (Avskriften utlånt av Jakob Odland.)
Eit kjøpebrev av broren Søren Sørenson Venja på 1 1. 18 m. sm. i Jelsa
Mehus. Sjølv hadde Jakob Hofmann arva 2 1/2 pd. i same gard. Kjøpebrevet
dat. 25-2 1689.
Eit kjøpebrev dat. 10.10. 1710 på 30 m. sm. i Jelsa skrive av sokneprest
Jørgen Pral på hans myndling Peder Nilsens vegne. Peder Nilsen var son av
sokneprest Nils Mikkelsen Alantz og første kona Maren Sørensdtr. Hofmann.
Eit kjøpebrev på 1 1½2 1. sm. i Jelsa og 6 m. sm. i Asheim utskrive av
sokneprest Jørgen Pral og kona. Dat. Falnes prestegård 5-7 1697.
Eit kjøpebrev utskrive av Mette jensdtr. Gotsen, enke etter Nils Mikkelsen
Alantz, sokneprest til Jelsa, på 1 1. sm. i Jelsa og 6 m. sm. i Asheim. Dat.
Jelsa 30. nov. 1695. (Mette Jensdtr. seinare g. m. Jørgen Pral).
Eit brev om eit skifte av åker og eng mellom Stein og Elling Jelsa. Dat.
korsmessedag 1619.
Eit brev som angår Utgrunnshagen:
«Vi efterskrevne Mikkel Larsen sorenskriver i Ryfylke, Ole Haug, Lars
Tved, Ole hatland, Helge Marvik, Jens Bandeberg og Lars Jørstad, edsvorne
laugrettesmenn i Jelse skibrede, gjør vitterlig at anno 1624 den 14. oktober
vare vi forsamlet på Jelse lovlig tilnevnt, hvorfor oss fremkom Elling ibm.
på den ene og gav tilkjenne at han nogle gange tilforn havde stevnet hans
granne Steen ibm. på den anden side, for mislighet på deres gårds eng idet
han ikke havde så meget på sin part som Steen på sin, uansett samme jorder
på leding og landskyld skulle være like store, som samme utgivne stevning
det videre utviser, hvorfor han nu påny har forvervet vores hr. lensherre
velb. Henrik Billes seddel og skrivelse til oss under hans egen hånd, dat.
Kongsgården 10. augusti nestforleden, udi hvilken oss befales når vi med
samme skrivelse besøkes på åstedene, partene da å skille imellem til hver
sin rette andel, på det derpå en gang for alle kan gjøres en ende, og det
som vi akter å forsvare.
Om hvilken leilighet saken med begge parters bevilling da er tagen
overtvert til en venlig forlikelse, og det udi efterfølgende måter at
efterdi det befinnes at forn. Elling er misholden på samme sin gårds eng
fremfor hans granne Steen på sin anpart, da skal forn. Elling på hans eget
arbeid og omkostning sig inngjerde og hegne et stykke av begge deres til
felles hage og utmark som ligger utenfor det østre led, fra en stor furu og
så nord i et berg straks utenfor og siden derifra øst i berget nordenfor
Trangesmitte.
Med hvilke forlikelse samt og den uryggelig at skal holde, derpå tok de hinannen udi hender og lovede herefter et godt grannelag og venlig omgjengelse med hinannen å opprette og holde, som det sig og gode granner og naboer sømmer og bør.»
Eit brev frå hr. Jens Tommesen Wegner, tidligere kapellan på Jelsa:
«Såsom ærlig og velakte mann Jakob Sørensen Hofmann, bondelensmann
over Jelse skibrede, av mig er begjærende hva jeg havde hørt av hr. Marchus
Pedersen, da sogneprest på Jelse og religionsprost over Ryfylke prosti, den
stund jeg var hans medtjener der på stedet udi 10 år, Utgrunnshagen
angående, da kan jeg noksom med sannhet vitne at mellem presten og bøndene
på Jelse for Utgrunnshagen var daglig tvistighet, ti presten efterdi
prestegården som er Kongens ham til hans mensal benefiseret, derimot er Jelse
bondegods altsammen, unntagen Klunghoug, hvilken part Kongen og Lungegården i
Bergen tilhørte, derover formente sig å ha sambeite med dem på Jelse udi
Utgrunnshagen, efterdi at presten og de på Jelse med hinannen udi Jelse mark
nyter til hope sambeite. Nogle gange lot hr. Marchus sine kalve innføre udi
Utgrunnshagen. Der de på Jelse det fornam formente de ham samme græsbeite,
lot drive kalvene tilbake til prestegården. Dette spill øvede de nogle gange
med hinannen inntil hr. Marchus fikk å se en bok som sl.mester Laurits,
fordum biskop i Stavanger, havde udi sin forrige visitas efter han kom til
stiftet, fordi han forefant sig intet efter sin formann, han derfor efter hver
prests angivelse hvor han visiterede hva der lå til enhvers prestegård latt
notivisere. Som da hr. Marchus om samme tvistighet blev undervist av samme
bok, hvormeget han på alle sider tilkom og siden lot forfare ved 6 menn hva
mark der lå til Klunghoug, da befantes at Utgrunnshagen skulle tilhøre
Klunghoug. Siden ble det ingen uenighet på begge sider mere for samme hages
skyld.
Dette er såvidt som jeg har hørt og sett om samme handels
beskaffenhet, bekrefter jeg med min æd, såsant hjelpe mig Gud og hans
hellige ord.
Vinje prestegård i Suldal den 3. may 1704.
Jens Wegner.»
Eit gamalt brev om Asheim:
«Vi efterskrevne Oluf på Boxås Knut på Stokke, Peder Imsland, Jon
Tøtland, Bjørn på Kyle, Jon Skår, Christen Vormestrand, Oluf i Kilene,
Østen Folderøen, Reyer Barkeland, Oluf Øgland og Gunder Rørem, lensmenn og
laugrettesmenn i Ryfylke len, kjennes og gjør vitterlig i dette vårt åpne
brev at anno 1602 den 1. desember har vi efter fogden Bendix Olsens befaling
vært forsamlet på Assem ødegård som Ko: Ma: og velb. Knut Bille på
Lungegården er sameiendes, dog Kongen befinnes beste mann derudi, hvilken
ødegård hederlige og vellærde mann hr. Peder Henriksen sogneprest til Jelse
gjeld og Orm på Mehus hertildags en tidlang omtrettet har, hvorom også
tilforn seks mann har gitt fra sig beskrevet og beseglet hva dem om samme
ødegård vitterlig er, som samme deres brev videre formelder. Ransakede vi nu
samme ødegård, om den kunne lovligen bygges, Jelse prestegård og de andre
tvende Jelsegårder uten fortrengsel og skade. Da befinner vi samme
ødegård at den er opptagen og at ligge udi felles mark, og at ligge Jelse
prestegård nest og beleiligst, desligeste vært leiet og brukt av
sognepresten på Jelse, som med brev og segel bevises kan, dat. anno 1572. Og
dersom samme ødegård skulle oppbygges, som vel ikke skje kan, da har
besynderlig prestegården derav stor skade på sin bugang, men dersom den
kommer i øde, som den tilforn har vært, da er det alle Jelsegårdene til
gavn og beste, dog Kongen derav ålegges sin årlige leding såvelsom begge
eiere deres landskyld og annen rettighet heretter som tilforn av samme
ødegård. Og efterdi fornevnte Orm på Jelse ikke har bevist for oss med i
rette 12 menns brev og segel efter Erik Rosenkrantses rettebods lydelse at de
har forefunnet samme ødegård Assem å kunne bygge, Jelse prestegård og de
andre Jelsegårder uten skade, endog oss synes vel samme ødegård i fordums
dage har vært bygd. Og som det i like måte befinnes at velb. Knut Bille til
Lungegården skal eie halvparten i samme ødegård Assem med Kongen, etter
Knut Billes egen bygselbrevs lydelse som for oss på tinget blev opplest og
den gode mann eller hans fullmektig ikke nu har vært her tilstede stevnet og
kaldt som sig bør, trøster vi oss ikke å si noen endelig dom derpå. Ei
heller kan kjennes samme ødegård å være byggelig uten alle trende
gårdenes skade og trengsel på deres uthage. Mennene har innstillet denne sak
for begge eierne, hva de synes, enten den skal bygges eller legges under fefot
under alle trende gårder etter dannemenns skjønn og tykke. Til sanningen
herom har vi til vitterlighet våre signetter herunder trykt.
Datum anno die et loco ut supra.
Kjøpebrev av Aksel Mouvat frå 1643. Referert framanfor.
Med desse brev sende Jakob Hofmann og Bjørn Jelsa inn til amtmann Edvard Hammond sine klagemål over presten:
«Den store skade oss underskrevne deres Ko: Ma : s allerunderdanigste
skattebønder her på Jelse vederfares av våres sogneprest ærværdige hr.
Niels Tyrholm kan vi ikke efterlate våres gunstige og velbårne hr. amtmann
å tilkjennegi, idet 'at alt siden han kom herpå stedet årligen har latt
hugge til brenneved mesteparten av den voksterfuru som var bestående neden
omkring fjellbrynene, som bekvemmeligst for ham kan hjemkjøres. Sådan bruk
av voksterfuruskog har aldri tilforn vært brukelig i Stavanger amt.
Derforuten er her en ødegård under Jelsa, kalles Assem, skyldende årlig 1
pd. sm., er hverken aker eller eng dertil. Samme ødegård finnes en dom for
at den er utlagt til felles græsbeite prestegården og Jelsa imellem. Men vi
formener skogen urørt av den der ikke eier den, hvilke hans ærværdighet har
brukt siden han kom her, likesom han enten hadde kjøpt eller bygslet den. Om
vinteren lar han daglig hjemkjøre så megen birkeved han mest kan bringe
tilveie, som han til sine mange ildsteder behøver. Hva annen furuskog til hus
og annet fornødenhet behøves, hugger han fritt hva heller det er i Assems
skog eller den annen tilfelles skog. Derforuten har han 6 husmenn med
klokkeren, som daglig tar sin ildeved i felles skog. Dog vi formener de burde
ta sin brenneved på hvis grunn de bor og betaler sine rettigheter. Samme
husmenn, med en del av våres, gir han og lov å hugge favneved av brake og
utføre til byen der å selge. Så det skulle være en god skog der skulle ta
imot dette, og det er å befrykte den på kort tid blir øde. Allikevel klager
han først på det han ingen skyld vil ha om det i fremtiden blir av noen
påtalt.
Jeg har og begjært han ville være med oss så at skogen lovlig kunne
bli utbyttet, hvortil han ikke heller vil late sig bekvemme. Hvorfor faller
våres ydmyke begjæring til våres gunstige og velb. hr. amtmann at
sognepresten ærværdige hr. Niels Tyrholm måtte bli tilholdet tillike med
oss å gjøre den omkostning så at skogen en gang for alle måtte bli skift,
så kunne enhver hugge og svare til sitt så meget han lystet. Herimot vi
igjen med Herrens trygge beskjermelse er ønskning stedse forblir høyædle og
velb. hr. amtmanns allerydmykeste tjenere.
Jelsa 8. mai anno 1710.
J. Hofmann Bjørn Larssøn.»
Amtmannen svarte frå Sand futegård 10. mai same år. Han skriv at han og har fått klage frå presten og lova å granska saka. Han sende brevet frå jelsabøndene over til presten for at han kan svara på skuldmåla.
Niels Tiurholm skriv til amtmannen og svarte på klagemålet. Brevet dat. 12. juni s. å.
«Et dumdristig klagemål uten adgang bringer sin eiermann et hårdt
svar og en skammelig utgang. Jeg vet ikke hvor Jelses oppsittere kan være så
dumdristige å klage over mig fordi jeg lar hugge fornøden brenneved til mitt
hus i prestegårdens skog der mig pro officio av hans Ko: Ma: tillike med
prestegården fritt å bruke allernådigst er forunnt efter loven. Særlig
melder de hva slags jeg lar hugge som dem aldeles intet vedkommer, men allene
derved sin buraktige uforstand utviser. Ti fordi her ikke er tørr ved i
skogen å få når man vil, får man la hugge noen få furuer av den rå som
vokser, at tørres når man kan, i fehagen. Dog forbigåes gjerne de få trær
der er, som til annen nytte kan bli tjenlige, da de krumme og unyttige til
brenne nedfelles.
Men av Jelses oppsittere forbigåes ingen der eller annensteds. De jo
oppsøker og nedhugger de aller beste de kan finne til tømmer og last, endog
de som sto digt ved prestegården under fjellet og lenge har vært spart for
udi hast å tas når fornøden gjøres. At de besværger sig over jeg gav 3 av
mine husmenn og 2 av deres forlov å hugge og samle hver en favn enerved
åselge til hr. kommandørkaptein Wilster, som han dem betalte, skjedde i
vinter og aldri før, er ei annet enn deres intriger og nesvishet, da de dog
vet bedre og at de ikke bør tale om slikt, ti først er den slags ved av
ingen verdi men står i hagene til skade og græssets forhindring, så den for
dets årsak med møie må bortbrennes og ødes. Tilmed tillates det
allernådigst i lovens 3. bogs 14. kap. 37. art. om jeg gav noen videre
forlov, som ikke skjer eller kan bevises. De som intet har å klage på og
gjerne vil må noe påfinne. Det volder deres onde hjerter som ikke kan skjule
sig, ti man finner gjerne den største vanartighet hos dem der er ingen
forstandighet. Dermed er min rett å hugge og la hugge i prestegårdens skog
bevist. Kan nu Jelses besittere så vel bevise hva rett de har til åhugge i
Kongens skog, ei allene til husfornødenhet, men endog saugtømmer og annet i
mengde så lenge det var eller er noe, foruten brenneved av birk i mangfoldige
favne å selge både til Stavanger og annensteds, er det vel. Det blir vel
forskjell på odel og bevilling.
Jeg vil ikke meget tale om deres 6 husmenn og 2 huskjærringe der sitter
i hver sitt hus, som alle tar sitt brenne og annet i Kongens skog når de
lyster. Å unnskylde sig er vell gjort, men åskyte skylden inn på andre som
de gjør, er ille gjort. Og hvem har lært dem det uten den som lærte deres
første moder det.
De taler intet om at de år etter år har uthugget den beste voksterskog
i fjellet i hundretal til bjelker, som er det verste hugg, og dem til
Nedstrand henførte og solgte. Da jeg endnu aldri har solgt et tre her av
skogen, men fordi de andre har uthugget
og bortpillet alle nyttige store trær, har jeg annensteds måtte kjøpe
nesten alt det tømmer jeg har repareret prestegården med, som kan bevises.
Jeg begjærer ydmykeligst forleden vinter at velb. hr. amtmann ville
forby Jelses oppsittere sådan hugg i Kongens skog intil videre hans Ko: Ma:
allernådigste dispensasjon, men derefter gjorde de enn større vold på
birkeskogen og blev ført 3 a 4 store båter fulle til Stavanger og aktet
intet forbud, som jeg muntlig hr. amtmannen i Stavanger refererede, så de
ikke ved mitt klagemål har latt sig hindre, men på trods gjort sig skogen
så nyttig siden som før og så daglig kontinuerer.
At de begjærer Kongens skog skal deles tillater jeg ingenlunde, ei
heller står i min makt eftersom jeg forlengst har angitt for våres høyædle
og velb. hr. stiftbefalingsmann hvorledes Kongens skog medhandles av Jelses
oppsittere og hva annen urett hans Ko: Ma: er skjedd ved det benefiserte gods
her til stedet, både ved bygsel og odelsrett samt mere som andre sig Kongens
bemektiget, med ydmyke begjæring han det for hans Ko : Ma : vil andrage efter
den allernådigste givne befaling til ham den 16. mars 1700, hvorav kopi
medfølger. Vil derpå forvente om Kongen noen deling på skogen vil tillate.
Hva den ødegård Assem angår de melder om, da vet jeg lite dets
sammenheng, eftersom alle prestegårdens breve er borte, mindre hvor dens skog
ligger, og tror vel ikke heller de noen tid skal kunne utvise den. Ei heller
bevise at de der den ringeste skog tilhører. At de derfor skriver jeg har
brukt annet enn prestegårdens skog er urettferdig og stor naraktighet av dem.
Men disippelen kan ikke være klokere enn hans mester. Kommer mig noe å
betale av prestegårdens pertinens, som jeg ikke vet, er det mig en ringe
ting.
Når tiden kommer får man se hva adkomster og bevillinger de har, både
for skogen de så fritt hugger i, så og for aker og eng de bruker både på
prestegården og Sandenes grunn, foruten hva de av prestegårdens mark har
inngjerdet både til eng og fehage, hvilket de allene tilholder sig med makt
uten ringeste adkomster eller bevilling som vil forsvares.
Som dette brev mig først igår ble tilstillet fra Jelse, har jeg min
ærklæring idag påskrevet, som stedse forbliver høyædle og velb, hr.
justisråd og amt manns ydmyke tjener.
Niels Tiurholm.»
I 1712 hadde presten sendt inn til amtmannen ein klage over at jelsabøndene brukte åker som låg på prestegarden eller Sandane sin grunn. Dessutan meinte han dei fekk nøya seg med Utgrunnshagen til buhage. Jelsabøndene svarte i eit brev til amtmannen dat. 23. april 1712:
«Først andrager han at oppsitterne på Jelsa har med prestenes
bevilling tilsneket sig 2 tønnesæd fra Sandene, hvilke han aldri lovlig kan
bevise, og er det høylig å forundre at han ikke såvelsom alle hans sal.
formenn, navnlig hr. Peder Henriksen, hr. Markus Pedersen, mag. Mads Tausen,
hr. Søren Hofmann og hr. Niels Allantz, kan være fornøyet med det de sal.
menn har brukt og hatt, som har nok i sine tider vært nidkjær for at
prestegården intet skulle miste.
Den aker han andrager om fra prestegården kalles Bekkerakrene og har
ligget til disse gårde Jelse og Jelse Mehus og er kun begge 1 ½ tn. sæd
havrekorn og ligger på begge sider av bekken, som mange steder er at aker og
eng ligger over store elve, ennsige over en liten bekk. Det ligger en rein
imellem prestegårdens aker og disse forn. Bekkeakre der det står skiftestene
i som skifter. Det lar sig anse at reinene omkring samme bekkeakre har i
gammel tid fullt samme våres akre, men nu brukes til prestegården. Det kan
bevises av et gammelt brev at de akre har ligget til våres påboende gårde
Mehus og Jelse i langsommelig tid og ikke til prestegården.
Den aker på Sandene sognepresten andrager om er kun ½ tn. sæd
havrekorn. Der ligger en rein tvert imellem hans aker og min, og der står
skiftestene langs efter akrene imellem. Derimot har han alle sine anmarkhuse
til Sandene, navnlig lade, fehus, smalehus og to hesteskuter, 2 små akrer og
et stort stykke tykkeng over for bekken nest ved våres aker og eng
deromkring, som således har vært fra gammel tid og ingen mann som nu lever
anderledes kan minnes, og har således både av hans sal. formenn og våres
vært brukt i mangfoldige åringer.
Den lille hage, Utgrunnen, har aldri vært brukt av noen prest uten 2de
hans sal. formenn som har eiet og brukt den halve part her i Jelse, så har de
og brukt den halve part i samme hage. Det bevises av det gamle brev og attest
fra sl. hr. Jens Tommesen Wegner at den har fulgt våres påboende gårde
Mehus, Jelse og Klunghaug.
Dertil med er det fast umulig at noen gård, alt var den kun 18 m.
smørs bruk, kunne være beholden til febeite med så liten mark. Dog andrager
sognepresten meget forunderlig at vi som nu bruker disse gårde som skylder 5
½ 1. sm. kunne være beholden med den alene. Her er aldri noen gård, alt var
den kun 6 m. smørs bruk, der har så liten en mark. Alle våre formenn har
brukt forn. Utgrunnshage å slå og løve deruti for den store utsatte gårds
ringhets skyld av aker og eng. Vi har og aldri hugget der en stokk siden vi
kom her å bo, som er over 24 år. Der er og ingen tegn til skog uten noen
små birkeskog til å løve av.
Det er umulig at noen med sannhet kan annerledes vitne eller si enn at
disse gårde Jelse og Jelse Mehus før har hatt sambeite og felles skog
tillike med prestegården, som er oss en stor skade, idet at alt det han
føder av anmark, smaler og bester, på de av prestegårdens dependerende gode
pertinensier og andre steder, lar om våren straks hjemføre her i marken som
oppætes fra det første gresset oppkommer. Så Gud er best bekjent hva skade
vi derover tilføyes. Hva skogen angår, da er der ingen verre å bruke den
til uplikt enn han er selv, hvilke av våres andragende til våres gunstige
hr. amtmann nu sal. Hammond kan sees.
Herforuten ligger her en ødegård, navnlig Assem, under Jelse,
skyldende årligen 1 pd. sm., er hverken aker eller eng til. Deruti eier jeg
den halve part, hvilke mine kjøpebreve og adkomster kan utvise. Samme Assem
finnes her en avsikt for, under 12 menns signetter, at den er lagt til felles
gresbeite prestegården og Jelsegårdene imellem. Men jeg formener skogen
urørt av dem der ikke eier eller skatter av den, hvilke presten hr. Tyrholm
har brukt likesom han enten hadde kjøpt eller bygslet den. Herover vi fattige
deres Ko: Ma: allerunderdanigste skattebønder tilføyes stor skade og urett.
Bønfaller derfor i allerdypeste underdanighet at sognepresten hr. Nils
Tyrholm måtte bli befalet og tilholdet at gjøre den omkomstning så at skog
og mark engang for alle, her som på andre steder, kunne bli skiftet og delt
av landets betjente øvrighet med uvillige laugrettesmenn, på det at vi
fattige folk som sitter på en høyskyld gård kunne engang nyte fred og
rolighet for prestens urolige tretter og angivelser, så fremt vi ikke skal
nødes til med kvinner og barn å kvittere våres gårde og eiendom. Deres Ko:
Ma: som ikke vil at hans fattige skattebønder skal tilføyes mere uret enn
presten, vil Gud visseligen igjen belønne.
Jelse 23. april 1712.
Jakob Sørensen Hofmann Bjørn Lauritsen.»
Presten Nils Tiurholm får oversendt brevet frå jelsabøndene og to
månader etter svarar han:
«Underdanigste replikk.
Det er forfærdelig å høre hvor dristig disse menn mot all samvittighet tør forsvare urett, især med 2 akre de har fra prestegården og Sandene. De sier det ene stykke er ikkun I ½ tønne sæd og er dog 2 tønnesæd, ja at det annet er ikkun ½ tønne sæd, er dog I tønne sæd, som alle skal se og vitne, så den ene usannfærdighet kjennes av den annen, ti de omgåes mest dermed.
Hvor er deres og deres formenns adkomster og breve på samme aker som
ligger på prestegårdens grunn? Det er ikkun 2 alen, det annet ikkun et spann
fra prestegårdens akerreiner, og gresset omkring samme aker hører presten
til og bekken skifter. Så det er umulig de de med rette er kommen dertil,
hvilke alle skal bekjenne som ser det. De sier at de akre har ligget til deres
gårde som bevises med det brev nr. 5, men det er faut, ti samme brev melder
alene om et stykke eng og ei videre. Like så riktige er skiftestenene der er
satte, som dog intet kan gjøre. Jeg påstår de bør bevise med gode
adkomster hvorledes de er komne til å bruke samme aker. Mig er sagt av en
gammel mann som var 86 ½ år og
født på Jelse, at der i gamle dage, først i forrige seculo, kom en ung
prest hit ved navn herr Peder, som var fattig og trengte til penger. Da han
ville låne penge av jelsebøndene ville de ikke uten han ville forunne dem de
to akerstykker, hvilke han måtte inngå, men torde aldri gi dem brev og segl
derpå. Samme bekjennelse hørte den gamles son og flere med mig. Efter samme
hr. Peder kom hans søn hr. Markus Pedersen / : de taler om : / som ikke ville
tilbakekalle sin salige fars løfte, men fikk sin fornøyelse derfor, de andre
prester en efter annen likeså. Nu formener bøndene at det er god hevd, men
min tanke som andres at der ikke faller hevd på slik urett, især det som
tages fra Kongens gods uten benådning, skjøte eller ringeste adkomster.
Hvilke, når de ikke har, er det deres Ko: Ma: s. allernådigste vilje at det
skal inntales, som av den kgl. befaling 1700 den 16. mars kan fornemmes / :
hvorav kopi hos Lars Frøvigs erklæring : / det jeg og allerunderdanigst
beder engang må skje, ti når man står ved akrene kan man skinnbarlig
judisere om den store urett som de ikke har en bokstavfor.
Sandene har alltid vært Kongens inntil landskylden med meget annet gods
blev bebrevet salig oberst Gersdorf siden 1680. Men det beneficium at samme
gård skal brukes under prestegården for dens ringhets skyld, har perpetueret
fra reformasjonen. Kongen beviser derfor ikke hvorfor uthusene og annet
gården tilhørende er på denne side bekken, men bonden bør skaffe bevis for
det han tilholder sig av Kongens på hin side. De hadde kjøpt den gård
Sandene fra prestegården og brukt den 8 år før min tid og 7 år i min tid
fra prestegården, og jeg kunne ikke få den tilbake ved 7 års prosess her,
førenn deres Ko: Ma: ved en streng befaling 1702 den I I. aug. allernådigst
tillot mig kommissarier i saken. Dette var og en lett sak hadde jeg makt til
å få kommissarier i disse ide saker.
Skog og mark som jelsebøndene tilholder sig felles med prestegården
har dr ingen mere bevis for enn stiftbokens ord sålydende : «Item har
bøndene på Jelsa sambruk og sambeite til deres fe i skog og mark med
presten.» Men de ord innførte bispen som innrettet stiftboken / : da der
ingen var :/ efter bøndenes egne ord, hvorved de aldri fremviste hva
benådning eller adkomster de hadde derfor.
Det har vært en gammel måte her i landet at fordi de kunne ha bruk med
lov og minne en tidlang av en eller annen, da når noen ville tale derpå ble
det til en rett fordi de hadde hatt det uanket så lang en tid og der var
kommen hevd på, eller de kunne få falske vitner at de hadde hugget eller
brukt det fritt den tid. Meget gods besittes med urett på samme måte, mest
jeg formener fastelig at hvem som vil partisipere med deres Ko: Ma: i skog og
mark, aker og eng, bør fremvise adkomster eller benådning derfor. Når han
ikke det kan gjøre, følger det av sig selv at han på forskrivne måte er
kommen dertil og bør derfor gå tilbake.
At de sier der er aldri noen gård der har så liten mark som Jelse, er det ganske usannferdig, ti de har en god fehage som de alene tilholder sig og prestens fe derfra utelukket. Skulle prestegården og Jelse ha sambruk og sambeite til deres fe, da burde alt være felles hva de hadde for prestegården såved prestegården for dem. Men jeg skal klarlig bevise at her er hundrede gårder der har likeså liten utmark som Jelse og derfor om sommeren må føre endel av deres fe inn i fjordene for å gresse i fjellene. Det samme kunne jelsebøndene også gjøre og ikke være prestegården til skade og fortræd. Ti Jelse som er en god gård innengjerds kan ikke også være god utengjerds. Det er så både hos prestegårde og bondegårde, men Jelse vil så ha det og la prestegården miste.
På Jelse kan de føde over 60 stykker fe, 200 får og gjeter foruten 8
hester og hopper. Det er ingen ond gård innengjerds. Hva stor skog der har
vært i deres utmark er alt uthugget, og gror fluks med god skog daglig. At
der har vært skog sees av det brev nr. 6 hvor der står: fra den store furu
og så nord i et berg straks utenfor. Men nu er den store furu med de andre
borte, som det ikke er å undre efterdi det er 88 år siden. Og fordi deres
skog på de tider /: da skipsfarten mest gikk for sig her i Norge : / er
ødelagt, da skal prestegårdens skog, som vel på de tider har vært spart,
være til deres tjeneste igjen. God raison.
Det brev nr. 7 de beroper sig på, dets svar er ikkun et benkebrev som
skjedde av vilje og vennskap. Ti hr. Markus hadde daglig strid med
jelsebøndene både om Utgrunnsmarken og prestegårdens mark, så det idelig
var klammer og trette imellem dem. Siden deres tid har det likeså vært, uten
alene min siste formann som hadde tilkjøpt sig halvparten i Jelse. Mere blir
aldri fred for noen prest her kommer efterdags så lenge det er så, men
idelig uforlikelighet, ti ingen prest kan tåle den store skade og fortræd
han av jelsebøndene tilføyes. Først uthugger de skogen noen snese
favnebirkeved foruten sagtømmer og annen last, som de årlig har hugget,
avført og solgt. Da jeg ennu for den sanne Gud ikke vet jeg har hatt 2
skilling av skogen i de 17 år, uten det blotte brenne til husfornødenhet.
Siden tør de usannferdig skrive at jeg har brukt skogen til uplikt, så det
er ingen skam i dem. Likeså sant er det de skriver om de kreaturer jeg om
våren hjemfører, som ikke er værd å besvares, langt mindre om Assem. Men
nu har de uthugget skogen, så der ikke er en stokk å få til prestegårdens
reparasjon, ei heller blir så lenge de skal råde sig selv, hvorfor jeg må
ha fra andre steder både tømmer og bord.
Jeg har tilforn andraget slik urett for øvrigheten, men forgjeves. Jeg
har erholdt amtmannens befaling at de skulle holde sig fra skogen inntil
øvrigheten hadde kjent på deres rett, men de har dog / : alt uaktet : /
ruineret den og farer daglig fort med den ringe rest som kunne gro til, så
det er elendigt at her skal så tilgå. Ingen av mine formenn har villet
gjøre omkostning eller hatt umake å få det remitteret.
De begjærer at skogen må bli delt. Men jeg formener de har intet å
dele førenn deres adkomster blir approberet, som jeg høylig betviler. For de
som har utgitt de første breve, nr. 1, 2, 3 og 4, har aldri selv hatt
ringeste adkomst for skog og mark, langt mindre for de 2 akre jeg pretenderer
med rette.
De innfører iblandt annet under nr. 10 deres memorial til sal. amtmann
Hammond, men min erklæring som derpå blev skrevet, tør de ikke la følge
med, som de dog burde. Og fordi de ikke har gjort det, sender jeg den herhos
fastsett. De ere derfor som børnene, de klager de får hugg men sier ikke
hvorfor.
Gud bevege Kongens hjerte til at han med kraft ville la korrigere den
store urett, på det presten her på stedet kunne engang få rolighet for
deres øvede fortræd. Da jeg kom her til stedet var alle brevene for
prestegården og dens tilliggende gods borttagne / : som ikke er skjedd noen
steds : / på det jeg ikke skulle få noe å forsvare mig med mot så stor
urett. Derfor sitter nu prestens søn og bruker Jelse.
Gud velsigne og bevare Kongen, det ønsker jeg underskrevne som sannhet
skriver.
Jelse prestegård 21. juni 1712.
Niels Tiurholm.»
Det er ingen tvil om at presten har dei tunnaste argumenter, men dei
største ord og skjellsord. Jakob Hofmann var ein gamal ringrev på tinget som
vel visste å ordleggja seg slik at fut, skrivar og amtmann høyrde på han.
Merkeleg nok kom striden aldri opp på skipreidetinget. Grunnen kan nok vera
at presten straks etter la seg ut med grannen i aust, Lars Barkeland, som
ikkje var nokon ring bondejurist. Presten reiste frå Jelsa og fekk seg eit
kall i Setesdalen.
I 1754, tgl. 12. juni, var det utskiftning av skogen mellom prestegarden og Jelsa. Skogen vart og utskift mellom dei to jelsabruka.
I 1853, tgl. 6. april, var det utskiftning av innmark mellom prestegarden og Jelsabruka. Det var dei teigane det før hadde vore strid om som nå vart utskift og grensene retta inn.
I 1856 vart det 28. mai tinglese eit skifte av beite mellom prestegarden og Jelsabruka. Beite vart utskift i tri like deler. Ein del til kvar av Jelsabruka og ein del til prestegarden.
1 1863 var det ny utskiftning av utmarka. Utskiftningen tgl. 27. okt. 1867. Det var enka på Gjerde, Marta Nilsdotter, som forlangte utskiftning. Det var berre den nedre mark som vart utskift. Den øvre mark som besto av skog og fjellbeite vart alle samde om skulle haldast utanfor. Det ville verta for kostbart å gjerda det inn og skogen var tidlegare utskift. Kvar skulle ha beite i øvre marka etter skyld på bruka. Prestegarden fekk då sitt beite i ein samla teig. Likeeins var Marta Gjerde sin part ein samla teig. Dei to hovedbruka på Jelsa hadde framleis felles beite.
I same utskiftning vart grenselinene mellom jelsabruka si innmark gått over og retta inn ymse stader. Elles var bruka på Jelsa då ganske godt samla meddi dei sjølve hadde bytt teigar som låg ulagleg til.
Jelsagarden var som regel alltid delt i to like bruk. Einast i lensmann Jakob Hofmanns tid var heile garden samla i eit bruk.
Det kan vera vanskeleg å skilja mellom Jelsa og Jelsa-Mehus den eldste tid. Det kunne sjå ut som om det gamle tunet har lege på Mehus. I 1563 står det i skattelista at båe brukarar på Jelsa, Markus og Njel (eller Nils), bur på Mehus. Dei betalte like mykje i skatt og har truleg hatt kvar si helvt av Jelsa og Jelsa Mehus.
er brukar i 1521/1522. I tiendeskatten 1522 skattar han 1 lot sølv, 9
skilling i penge, 3 oterskinn og 1 laup smør. Det var visst ingen i Jelsa som
hadde så stor skatt, så Sevat må ha vore ein velstandsmann. I Jacob Odlands
papir fann eg Sevat Jelsa nemnd så seint som 1563, skattar då 1 ort. Er
dette rett og Sevat er den same som i 1521 må han då ha vore ein ung mann.
Han må vera avliden straks før eller i 1563.
bur og på Jelsa i 1521/22. Men han er truleg leiglending, kanskje på
Jelsa Mehus. I tiendeskatt betalte han 1 oterskinn.
er nemnd i skattelista 1563. Han er kalla Markus på Mehus. Noko meir veit
me ikkje om han.
bur åg på Mehus i 1563. Han har same skatten, 1 dl. som Markus, så
jordegodset dei rådde over var truleg like stort.
Han brukte visst aldri Jelsa, men på grunn av at sønene hans åtte og
brukte Jelsagarden tek me han med her likevel. I grunnen veit me lite om
mannen. Det budde ein Stein i Kjølvik i 1563 og var då kyrkjeverje. Ein
Stein budde på Landsnes i 1591, var då med å velja utsendingar til
kongehyllinga i Oslo. Kanskje var det same mannen som budde i Kjølvik og
seinare på Landsnes. Sjå Asgaut Steinnes: Ei ætt
frå Jelsa, Hylsfjorden og Sand. Ætt og Heim 1959. I seglet til den
siste Stein står bokstavane S. S. Han kan godt vera far til Steinsønene på
Jelsa. Sønene var
At eldste sonen heite Siver kan koma av at Stein har vore gift med ei enka etter ein Siver. Rasmus og Per Siversøner på Lovra veit me ikkje noko om ætta til anna enn dei var nærskylde med soneson til Stein, lensmann Stein Siverson, og ikkje fekk vitna i ei sak mellom han og Markus Pedersen. Noko i vegen for at dei kan vera halvbror til Siver og Njel Jelsa er det ikkje.
var den eldste av dei to sønene til Stein (nr. 5) som me kjenner. Han
budde på Jelsa i 1600 då han saman med Eiluf Bustad skreiv under på eit
arveskiftedokument. Siver Steinson døydde truleg i det store peståret 1601.
I 1602 er enka etter han oppattgift med enkemann Orm Nilsson Bokn. Truleg var
ho ei Bårdsdotter. Erik Bårdson Hidle kalla son hennar, Stein Siverson,
søsterson sin. Barn:
som i 1621 får bygselbrev på halve Foldøy og må vera son hans.
Seinare ved fornying av bygsla på Foldøy er namnet Eiluf Siverson, truleg to brør.
er komen til Jelsa i 1602, då gift med enka etter Siver Steinson. Det var
på Jelsa Mehus han budde. Andre bruket på Jelsa brukte Njel Steinson, bror
av Siver.
Orm er nemnd i skattelistene til ikr. 1613-14. Då overlet han bruket i Jelsa til stesonen Stein Siverson og flytter attende til Bokn. Truleg er mor til Stein då død.
Orm Nilsson var 1. g. g. m. Eli Jakobsdotter Koll. Ei dotter med henne, Gurid Ormsdotter, vart g. m. Stein Njelson, son av Njel Steinson på Jelsa (8).
Kanskje Orm Nilsson vart gift 3. g. med ei dotter av Odd Landsnes. Odd hadde 4 ½ m. sm. i Berakvam i pant av hans måg Orm Nilsson. Godset vart innløyst av Osmund Oddson Berakvam i 1627. Etter den tids språkbruk tydde måg det same som verson. Men om det er Orm Nilsson Bokn vart ikkje skrive.
(sjå nr. 5) var den yngste av dei to sønene til Stein. Han budde først
på Tysseland, men flytte til Jelsa ikr. 1603. Det var jelsabruket han brukte,
i det åtte han 2 pd. 4 ½ m. sm. arva etter far eller mor.
Niel Steinson døydde ikr. 1614. Enka Birgitte Olsdotter budde på bruket etter mannen var død. Men på tinget 26. nov. 1616 gjer Stein Siverson krav på Jelsabruket. Han grunna det på at han var eldste brorson. Han får òg medhald på tinget. Enka skal få bruka bruket i Jelsa til neste faredag. Då skal ho flytta til Foldøy der Stein hadde bygsla halve garden til henne. Ho budde så på Foldøy til ikr. 1621. Då vart ho gift med Sevat Fora i Sjernarøy og flytte dit. Barn me kjenner til:
Truleg var det fleire barn. Stein Siverson Jelsa kjøpte i 1623 4 m. sm. i Jelsa av Laurits Lilledal i Etne, det var kona hans, Siri Nielsdotter (Njelsdotter?), sitt odelsgods. Truleg er dette ei dotter til Njel Siverson.
f. ikr. 1595 (sjå nr. 6 a), overtek bruket etter stefar sin Orm Nilsson i
1614. Det var Jelsa Mehus. Enka etter farbror hans brukte Jelsabruket. Truleg
har han måtte gje Jelsa Mehus frå seg til rette odelsarving Elling Person
ikr. 1617. Det er då han gjer krav på farbroren sitt bruk som han åtte 2
pd. 4 m. sm. i og dessutan rette odelsmann til.
Frå 1617 brukte han sin odelsgard og bygsla halvparten av det som Kongen
og Lunggarden åtte i Asheim, Klunghaug og Jelsa. Jelsa og Jelsa Mehus var då
to like store bruk.
Stein Siverson vart i ung alder lensmann i Jelsa skipreide og var ein mann som kunne både lesa og skriva. Han samla seg mykje jordegods, meir eller mindre på hederleg vis. Han vart skulda for å ta «skjenk og gave» av ungdomar som han skulle spara for utskrivning til soldatar. Eiketømmer selde han mot Kongens forbod. Men mest krangla han med presten, grannen sin.
I 1625 makebyter han med Peder Vallatsson Kvam 1½2 l. sm. i Jelsa mot at
Peder får ½ l. sm. i Østabø i Vikedal. Dette godset i Jelsa er det same
som Gaute Kvam sat med i 1617. Det står i makeskifte-brevet at «Peder Vallatssen er av eldste broder og hadde rett til åsetet i samme
jord, derfor gav Steen ham 9 rd.»
I 1623 kjøpte han av Laurits Knutsen på Lilledal i Etne 4 m. sm. i Jelsa, det var kona til Laurits, Siri Nielsdotter, sitt odelsgods. Truleg er dette ei dotter til Njel Steinson (8).
Etter odelsjordeboka 1624 eig han:
I Jelsa 2 pd. 3 m. sm.
I Bergeland 1 pd.
I Østebø ½ 1. 15 m. sm.
I Bratland 17 m. sm. 1/2 vett korn.
I Fjetland 2 pd. 6 m. sm.
I Steinbru 1 1. sm.
I Eritsdal 1/2 l. sm.
Sørhus 1 pd.
Apeland i Dalane 3 1. sm. og 30 alner vadmål.
Aukland i Dalane 10 spann korn.
Seinare kjøpte han åg 2 ½ l. sm. i Askvik i Jelsa, Ladstein på Finnøy o. s. v.
Alt dette godset er, unntatt Jelsa, pantegods som han på få år samla seg.
I 1627 22. des. «lot Steen Jelse
lese et pergementsbrev av velb. Margrete Brockenhus til Hovedsholm
(Hovinsholm, Hofvin) på Hedemarken utgitt, lydendes på 4 pd. sm. i
Fuglesteen, 1 pd. sm. i Arritstvedt i Leranger, 2 ½ vett korn i indre
Ladsteen på Finnøen, 3 spann korn i Egeland i Gand sogn, til pant å ha for
140 rd. udi 6 år, eller og samme gods å følge ham eller hans arvinger til
evig odel. Dat. Elingård 10. aug. i nærværende år. Under hennes egen hånd
og segl såvelsom og velb. Jens Bjelkes Norges rikes kantzler, Poul Wilchen
Ko: Ma: foged over Onsøe len og Niels Pedersen Hårbos til vitterlighet.»
Mellom bilag til lensrekneskapen 1639-40 Stavanger len. Pk. 276 R.A. er ein pantesetel av 18. mars 1628 til Stein Jelsa for 128 lodd sølv han hadde lånt Kongen. Til brukeleg pant 3 pd. 4 m. sm. i Fuglestein. Underteikna av Jens Juel, stathaldar i Norge, og jens Bjelke til Austrått. I 1640 28. jan. kvitterte Stein Jelsa for 64 rd.
Men me finn han og i sakefallsprotokollen. Sakefall 1623: «Steen
Jelse soning for han solgte eketrær mot forbud - 50 rd.»
Sakefall 1629-302: Pk. 267 R.A. Lensrekneskapen.
«Steen Jelse, forrige lensmann i
samme skibrede, bøter for han udi adskillige måter har tatt skjenk og gaver
for Ko : Ma : utnevnte. Item for bøkkerholt han har stjålet, med mere
ulempe, sonet derfor og gav til Ko: Ma: penge 50 rd. Bemeldte Steen Jelse
sonet også for adskillige beskyldninger han sin sogneprest har tillagt og det
ikke kunne bevise, gav 20 rd.»
Sakefall 1635-363: Pakke 272 R.A.
«Steen Jelse formedelst han ikke
holdt en kontrakt mellem hederlige og vellærde mann hr. Markus Pedersen og
ham på Stavanger kapitels opprettet, som formelder på 200 rd. til Ko : Ma :
og de fattige. Har sonet til Ko : Ma : for 50 rd. »
Trass i desse store bøter og elles mange småbøter, levde Stein Jelsa all sin dag som velstandsmann. Han vart avsett som lensmann, men elles møtte han gjennom eit langt liv ofte som domsmann og lagrettesmann både på skipreideting og lagtinget. Møtte åg av og til som lensmann når den tilsette lensmann hadde forfall.
Elles kunne han vera ikkje så lite av ein lentekrok. Det var ofte spel og dans i tingstova etter at fut og skrivar var reiste sin veg. Mellom spelemennene var Tobias som ikkje berre kunne spela, men óg herma etter folk. Ein gong fekk Stein lokka han til å herma etter skrivaren Mikkel Lauritsen. Det var nettopp på det tinget då Stein Jelsa var sett så hardt til veggs av skrivaren. Dei tilreisande var vel for det meste reist heim, men eindel av dei var att saman med ungdomen, mellom dei den stødige lensmann i Vats, Johannes Stokka. I det laget var det at Stein fekk Tobias til å herma etter skrivaren. Sjølvsagt kom det fram til skrivaren kva som hadde gått for seg. Hans vevar på Nedstrand hadde vore der og snakka seinare om det i bygda. På neste ting på Jelsa, 25. nov. 1622, spør skrivaren om nokon her har noko utilbørleg åseia på skrivaren, anten i fakter, ord eller gjerningar. Til dette svara dei at dei hadde berre godt åseia om han, og Stein Jelsa sa i «serdeleshet» at skrivaren hadde vore ein god mann for han. Då kalla skrivaren fram Hans vevar for å fortelja kva han visste:
«Mikkel Lauritsen hadde i rette
stevnet Hans Vever på Nedstrand, sin sannhet å være ved sin ad stendig, om
hva spodske fakter han har hørt og sett av Tobias spillemann, hvorom han
provet som etterfølger: At forgangne år 1621 udi Jelse tingstue om natten
etter at tinget var avholdt, da sa Steen Jelse til Tobias : Kom hit og skriv
et brev. Hvortil Tobias svarte: jeg tør ikke, og så seg om over akselen. Da
sa Steen : de være borte, skriv kon et brev. Tobias tok så sin fiddelbue og
malet på sin neseduk med og blevret med munnen. Da sa Johannes Stokke som og
var ved bordet: La bli med slikt og gi oss heller en fiddellek og gav ham 1
riksmark. Så spillede Tobias en lek eller to. Dernest sa Steen igjen til
Tobias : Skriv et brev og nevn mennene. Og dermed sa Tobias : hilser dig Steen
Jelse og Laurits Håland, så harket han og sputtet på gulvet. Videre visste
han ikke herom å prove.
Til fornevnte prov svarte Tobias og
ikke kunne benekte sig ei å ha anstillet som foresier, men sa derhos ikke å
mene være Mikkel Lauritsen eller noen annen dermed til spott eller hånhet,
men av hans egen løstighet og galenskap gjorde slikt.»
Om Stein Jelsa og hans meritter kan det skrivast ei heil bok. Han levde eit langt og aktivt liv. Av plassomsyn skal me her berre taka med nokre få utdrag.
Ikr. 1670 hadde Stein overlete til son sin Siver ½ 1. sm. i Jelsa.
Samstundes bygsla Siver ½ l. sm. av oberst Gersdorf som då åtte Klunghaug.
Stein hadde ikkje betalt odelsskatt av den halve laup smør han hadde bygsla
bort til Siver. Futen stemnde han til tinget i 1672 for dette. Stein Jelsa sa
på tinget at han meinte Siver son hans berre hadde den ½ l. sm. i Klunghaug
i bruk og det hadde han bygsla av oberst Gersdorf. Forresten var det berre
nokre ringe myråkerflekker han hadde i bruk. Futen byd Stein Jelsa å fri seg
sjølv sjette ved døl for mistanken, og dølsmenn som skulle sverja med Stein
vart oppnemnde. På neste ting møtte Stein opp, sa at han ikkje med godt
samvet kunne gjera den eid som dei hadde foreskrive han, ville heller missa
den halve laup i Jelsa enn å meinsverja seg. Men han tinga seg rett til å
løysa inn att godset.
I 1677 let Stein Jelsa tinglesa eit innløysingsbrev på ½ l. sm. i Jelsa, løyst frå futen Nils Christensen for 16 rd. Det er nok same halve laup han tapte i 1672.
I 1676 skifte han godset sitt mellom barn og verbarn. Stein skulle likevel nyta landskyld og tredjetake av godset så lenge han levde.
Stein Jelsa må vera avliden før 1679. Det året er «Stein Jelsas arvingar» nemnde.
Stein var gift med Birgit Andersdotter. Med henne hadde han barna:
Ikr. 1649 vart Stein Jelsa oppattgift med enka Kirsten Jensdotter. Ho hadde før vore g. m. 1. Jakob Mogensson i Stavanger. 2. Peder Kiempe, sonen hennar med mann nr. 2, var Herman Kiempe som budde på Jelsa i 1666. Kirsten Jensdotter overlevde også 3.mann. Med Stein Jelsa hadde ho ingen barn.
f. ikr. 1622, har i 1666 1 l. sm. i Jelsa i bruk. Då faren gav frå seg
sitt bruk brukte han truleg 3 l. sm. som faren hadde brukt. Trulcg døydde
Siver før far sin, for enka hans gifte seg oppatt ikr. 1678.
Siver Steinson var g. m. Torborg Olsdotter, dotter til Ola Erikson Norheim i Sjernarøy. Etter eit pantebrev frå 1666 om Fosse i Time (R.A.) Etter J. J. Jåthun.
Barn:
Torborg Olsdotter gifte seg ikr. 1678 med Nils Larsson Landsnes.
var son av Lars Jonson Landsnes frå Røykjenes i Vats. Nils Larsson kom
til Jelsa ikr. 1678, g. m. enka Torborg
Olsdotter. Truleg brukte han 3 1. sm. i Jelsa nokre år, men seinare 1 ½
l. og stesonen Stein Siverson 1 ½ sm.
Nils Jelsa og presten Søren Sørensen Hofmann, som då hadde kjøpt Jelsa Mehus, hadde fått bygselsetel på 18 m. sm. kvar i Klunghaug i 1678. Men dei betalte ikkje tredjetak i 1681. Matias Tanke som ombudsmann for oberst Gersdorf stemnde dei til tings. Presten vedgjekk at han hadde bygsla desse 18 m. sm. «dog ei noe derav nøtt til denne tid, formedelst Nils Jelses vold, urett, trodsighet og dumdristighet m. m.» Dei vart sjølvsagt dømde til å betala sine tredjetak og landskyld.
I 1688 kjøpte Nils Larsson ½ pd. sm. i Jelsa og ½ pd. sm. i Asheim av Stein og Ola Laugesøner, Birgit og Anna Laugesdøtrer. Dette er det gods som barna etter Lauge Steinson (9 d) hadde arva etter farfar deire. Dette godset selde Nils Larsson i 1690 til sokneprest Nils Mikkelsen og kona Maren Sørensdotter Hofmann. Med i handelen fylgde bruksretten til 1 ½ l. sm. i Jelsa. Samstundes selde Stein Siverson, stesonen, odelsretten til desse 1 ½ 1. sm., som stefaren brukte, til Nils Mikkelsen. Stein skal ha 20 rd. og eit slaktenaut i skjøtningsøyre. Stein går og med på at om han, Stein, flytter frå sin part i Jelsa, 1 ½ l. sm., så skal han først by presten dette. Breva er dat. Jelsa 12-7-1690, tgl. 20-10-1690.
Nils Larsson og kona flytter frå Jelsa i 1691. Dei flytte til Røykjenes i Vats som han rekna for odelsgarden sin.
Nils og Torborg hadde to døtre:
Det er skifte etter Torborg Olsdotter på Røykjenes 10-6-1695. Etter Nils Larsson 16-11-1729. Han let då etter seg enka Kari Henriksdotter og dei to døtre i 1. ekteskap og sønene:
c.Lars og d.Gudmund i 2. ekteskap.
f. ikr. 1664 (10 a), overtok 1 ½ l. sm. i Jelsa i skiftet etter faren. Den
andre halvpart i bruket sat mora og stefaren med (11). Som me såg vart denne
parten som stefaren sat med seld til sokneprest Nils Mikkelsen. Stefaren Nils
Larsson hadde òg panta bort til Nils Mikkelsen 1 pd. sm. i Jelsa som søsken
til Stein Siverson, Ola og Birgit, hadde arva. Nils Larsson hadde fått 33 rd.
for pantet som var dat. 1-7-1691. Stein Siverson stemnde stefar sin til tinget
på Vats 27-11-1691 og tiltala han for dette pantet. Men Nils Larsson sa det
var gjort «til børnenes beste» som han
var formyndar for. Retten kjem til same resultat, men seier at det står Stein
Siverson fritt til å løysa inn pantet for same 33 rd.
Stein Siverson var g. m. Eli Olsdotter Vormestrand, dotter til Ola Åsmundson. Dei brukte ikkje så lenge bruket i Jelsa. I 1694 selde han godset til presten Nils Mikkelsen. Det var 2 pd. sm. med bygselrett til 1 ½ l. sm. Presten gav 85 rd. for det. Samstundes bygsla Stein Siverson ein part av Vormestrand og flytte med huslyd ditDer døydde han straks etter omlag 32 år gamal. Det er skifte etter han 7. nov. 1696. Utanom enka Eli Olsdotter let han etter seg to søner
Asmund døydde på Sælen u. Våge i Hetland skipreide i 1758.
Enka Eli Olsdotter gifte seg 2. g. m. Gabriel Erikson Landsnes, son av Erik Bårdson Landsnes.
Med Stein Siverson går Steinsætta på Jelsa ut. Men dei som bur på
Jelsagarden i dag har likevel ættlegg attende til Steinsfolket ved ei dotter
frå Barkeland som vart gift med Lars Bjørnson Jelsa (sjå nr. 32).
Me skal nå først sjå på Jelsa Mehus og brukarane der. Me har alt omtala
Orm Nilsson Bokn (7) som bruka Jelsa Mehus til ikr. 1614. Stesonen Stein
Siverson brukte bruket etterpå 2-3 år, men overlet det ikr. 1617 til rette
odelsmann til Jelsa Mehus, Elling Person.
kom til Jelsa ikr. 1617-18. Han må vera son av den Per som i 1596 bur på
Føljesvoll i Erfjord og då kalla mågen til Beljud Ellingsdotter (sjå
gardssoga om Jelsa). Beljud Ellingsdotter Føljesvoll arva mesteparten av det
gods som Elling Tjerandson Mjølhus åtte i Jelsa Mehus.
Elling Person var gift med ei dotter av Per Knutsvik. Saman med sine søsken eig Elling Person i 1624 1 ½ 1. sm. i Jelsa Mehus. Men Elling brukte 2 ½ l. sm. Dei to bruka på Jelsa var like store.
I 1624 stemnde Elling Jelsa grannen sin Stein Jelsa inn for tinget. Dei sat med like store bruk og skattar likt, men Elling meiner hans part ikkje er så god i åker og eng som Stein sin. Saka vart utsett til ei annor årstid så dei betre kunne sjå vokstervilkåra på bruka.
Ikr. 1637 byter Elling Jelsa bustad med Ola Fister. Men byte har nok ikkje falle heldig ut. To år etter bur Elling igjen på Jelsa og Ola på Fister.
Elling Person er truleg avliden ikr. 1650.
Barn:
(13 a) overtok Jelsa Mehus etter faren. I odelsjordeboka 1657 er Osmund
oppført med 2 ½ pd. 5 m. sm. og Ragnhild med ½ l. 15 m. sm., men det er
ikkje sagt at det er i Jelsa Mehus dei eig alt.
Oberst Gersdorf åtte ½ 1. 9
m. sm. i Jelsa. Av dette var ½ l. i Klunghaug og 9 m. i Jelsa. I 1666 vart
Osmund og Stein Jelsa innstemnde av futen for desse 9 m. sm. i Jelsa som dei i
fleire år ikkje hadde svara rettigheter av. Stein nekta for at det
var i hans part desse 9 m. sm. låg, og Osmund sa han aldri hadde visst om at slikt gods låg i hans brukande part av Jelsa. Saka vart utsett til nærmare granskning.
Same år stemnde Osmund Jelsa inn for tinget Astrid Knutsvik, andre kona til Per Knutsvik, og nå enka hans. Det galdt gods etter Per Knutsvik som Astrid nå sat i helming med. Men Astrid hadde delt dette godset ut mellom barna hennar med Per Knutsvik. Osmund Jelsa sette i rette «om ikke det etter loven burde alle hans morfaders børn og arvinger mellem deles.» Osmund fekk medhald i retten.
To år etter, 1668, stemnde Osmund Jelsa igjen inn Torgils Knutsvik, son til Astrid og Per, og medarvingane hans, Osmund Helland og Tjerand Rosså, for gods etter Per Knutsvik. Dei hadde seld 2 pd. sm. i Jelsa til Nils Øie. Dei vart på tinget så forlikte at Osmund Jelsa og hans medarvingar skulle få 2 pd. sm. i Knutsvik i staden for det som var seld frå Jelsa. Nils Øie set med 2 pd. sm. i Jelsa etter odelsjordeboka 1670.
I 1675 kjøpte hr. Søren Sørensen, sokneprest til Jelsa, 2 pd. sm. i Jelsa Mehus, som Osmund bur på, av Nils Øie for 70 rd. og eit slaktenaut.
I 1679 tgl. hr. Søren eit skjøte på 1 pd. sm. i Jelsa Mehus, kjøpt av
Ragnhild Ellingsdotter for 24 rd. Dat.
Nesheim 16. jan. 1679.
I 1674 let hr. Søren forkynna eit pantebrev på 1 l. 8 ½ m. sm. i Jelsa Mehus, pantsett av Osmund Ellingson for 120 rd. Presten skal ha det uinnløyseleg i 30 år, og vart det då innløyst skal Osmund betala så mykje i rente som svarar til landskylda. Likeeins har Osmund avstått til hr. Søren eindel gods i same bruk som han har tilpanta seg, 1 pd. 8 ½ m. sm., for 39 rd. Og tilslutt let hr. Søren lesa opp eit makeskiftebrev på bunestadretten i Jelsa Mehus som Osmund Ellingson avstår til hr. Søren, mot bunestadretten til garden Flesjå på Finnøy som Osmund skal overta.
Osmund reiste frå Jelsa i 1674 og er seinare busett på Flesjå.
Me ser såleis at Søren Hofmann har kjøpt opp alt gods i Jelsa Mehus. Enka etter Søren Hofmann, Marita, kjøpte opp godset i Klunghaug og Asheim, og versonen og prest i Jelsa etter Søren Hofmann kjøpte opp alt godset i andre Jelsabruket (sjå nr. 11 og 12). I 1694 er alt godset i Jelsa, Klunghaug og Asheim i prestefamilien Hofmanns eiga. Sonen Jakob Sørenson Hofmann overtok Jelsa 5 2/3 l. 12 m. sm. Litt etter litt løyser han inn godset av brør og verbrør. (Sjå innleiinga av gardsoga om Jelsa).
f. ikr. 1655 på Finnøy prestegard, son av sokneprest Søren Sørenson
Hofmann og kona Marita Helliesdotter Hagedorn, kom til Jelsa ikr. 1687 og vart
i 1693 lensmann i Jelsa. Jakob Hofmann var då alt ein vidreist mann. Eldste
son hans er fødd nord i Finnmark i 1678. Seinare budde Jakob Hofmann på
Sand, bygsla vel Sandsgarden som var benefisert Jelsapresten.
Som lensmann ser det ut til at han var rimeleg med bøndene i sitt skipreide. I 1693 var det mange bønder i Jelsa, Sjernarøy og Hjelmeland som ikkje hadde betalt sin tiende til bispen. Bispen stemnde desse inn til fjerdingstinget på Hebnes i 1694. Det var lensmennene som sto for innstemninga og skulle ha 4 skilling av kvar innstemnd. Lensmennene i Sjernarøy og Hjelmeland kravde desse 4 sk., men Jakob Hofmann sa at dersom bispen ville fråfalla kravet om omkostnad for bøndene skulle han fråfalla sin rett til 4 sk. av kvar han hadde innstemnd. Men byskrivar Cort Høyer, som var fullmektig for bispen, meinte at utgiftene til sorenskrivar og «dommens beskrivelse foruten egen reise frå Stavanger med båt og skyssfolk» var for dyrt til at det kunne strykast. Kvar skulle betala 12 sk. for kvart spann korn og 2 sk. i sakskostnad.
Jakob Hofmann hadde arva sin part av Jelsagarden, resten kjøpte han inn av brør og verbrør. Nils Mikkelsen, prest til Jelsa, var 1. g. g. m. Niaren Sørensdotter Hofmann, søster til Jakob. 2. g. m. Mette Jensdotter Godtzen. Nils Mikkelsen hadde kjøpt 2 1/2 1. sm. i Jelsa (sjå nr. 11 og 12). Enka etter presten sel godset i Jelsa, 6 in. sm. i Asheim og ½ 1. sm. i Klunghaug, til Jakob Hofmann i 1695. Då enka Mette Jensdotter gifte seg oppatt med sokneprest Jørgen Pral til Falnes kjøpte Jakob Hofmann endå 1 ½ 1. sm. i Jelsa og 6 m. sm. i Asheim for 140 rd. i 1697. Tilsist sat Jakob som eigar av heile Jelsa, Jelsa Mehus, Klunghaug og Asheim.
Jakob Sørenson Hofmann var gift med Ingeborg Larsdotter. Ho døydde i 1709, 52 år gamal. Jakob Hofmann gifte seg oppatt i 1710 med Liva Olsdotter Håland i Erfjord. Ingen barn med henne.
Om barna til Jakob Hofmann kan me først la dotter hans Maren Jakobsdotter Kvaløy fortelja. Ho vitna dette i ei sak om odelsretten til Jelsa Mehus i 1761:
«Hun forklarte ellers at hennes sal.
far, som innsamlet godset i Jelsa, hadde 3 sønner. De to eldste ved navn
Søren døde den ene i sine barneår og den annen som ungkar. Den tredje ved
navn Lars Jakobsen bodde på Skjerven, likeledes død uten å etterlate sig
livsarvinger. Alle døde etter at Marta Jakobsdatter hadde tatt den før
omprovede part i Jelsa i bruk. Likeså hadde vitnets far 3 døtre, hvorav
Marta var den eldste, vitnet der annen og Eli den yngste.»
Tek me manntal og kyrkjebøker for oss finn me barna:
Jakob Sørenson Hofmann vart grl. 15. juni 1734. På sine gamle dagar var han blind.
vart i 1721 g. m. Eli Jakobsdotter Jelsa
(15 f). Dei busette seg på Nedre Kvaløy i Imsland som Knut åtte.
I 1727 får Knut Olson bygselbrev på 2 ½ l. sm. i Jelsa Mehus, 18 m. sm. i Klunghaug og 6 m. sm. i Asheim av verfar sin Jakob Hofmann. Jakob og kona tek seg av ei dugeleg folga: 3 tn. bygg, 4 tn. havre, 1 tn. rug, for til 3 kyr og to kyrlag sauer, 1 gris. Likeeins skulle Jakob og kona bu i kakkelomnsstova «med alle sine kamre» si livstid.
I 1729 kjøpte Knut Olson Økstra av Knut Gudmundson.
Knut Olson døydde i 1732. Skifte 11. juni 1732. Enka Eli Jakobsdotter og 5 barn lever etter han:
I jordegodset etter Knut Olson er åg 2 pd. sm. i Indre Rødne.
frå Sørtveit i Vats gifte seg i 1733 med enka etter Knut Olson, Eli
Jakobsdotter. Dei overtok bygselen av Jelsa Mehus. Men Eivind og Eli budde
der berre eit år. Eivind meinte folga var så altfor stor. Nå åtte Eli 1
pd. sm. i Indre Rødne etter første mannen, og barna hennar og 1 pd. sm. Dei
flytte difor til Rødne og budde der. Då Jakob Hofmann døydde flytte dei
attende til Jelsa.
I 1735 fekk Lars Jakobson skjøte på Jelsa Mehus av stemor si, Liva
Olsdotter. Men han budde der berre ei stutt tid.
Eivind Tjerandson makebytte til seg i 1735 1 1. sm. i Mehus av verbroren, Lars jakobson, mot at han skulle få 2 pd. 6 m. sm. i Sørtveit i Vats.
Eivind Tjerandson vart ikkje gamal. I 1740 er det skifte etter han. Han let då etter seg enka og ein son,
Same året gifte enka Eli Jakobsdotter seg oppatt med Ola Olson.
f. 1707, son av Ola Kristenson Laugaland som frå ikr. 1700 og framover
budde i Sildelid u. Vatland, vart tredje mannen til Eli Jakobsdotter Hofmann.
1740 28. des. fekk han bygselbrev av Lars jakobson Hofmann på 1 l. 2 pd. 12 m. sm. i Jelsa Mehus, 18 m. sm. i Klunghaug og 6 m. sm. i Asheim.
Lars Jakobson døydde eit år etter og enka Helga Gudmundsdotter gav ved gåvebrev godset etter han til hans arvingar. Eli Jakobsdotter fekk ved gåvebrev av 4. jan. 1742 2 pd. 7 2/3 m. sm. i Jelsa Mehus, 18 m. sm. i Klunghaug, 6 m. sm. i Asheim og 16 m. sm. 1 spann korn i Balle i Vikedal. Maren Jakobsdotter Kvaløy får 2 pd. 4 1/3 m. sm. i Jelsa Mehus og 1 pd. 3 ½ m. sm. i Lars Bjørnson sitt bruk av Jelsa. Barna etter Marta Jakobsdotter Jelsa får 1 l. 7 2/3 m. sm. i Jelsa (Lars Bjørnson sitt bruk) og 16 m. sm. 1 spann korn i Balle. Alt saman tinglese 31. mars og 2. nov. 1742. Ola Olson løyste i 1744 inn mesteparten av det medarvingane hadde fått i Jelsa Mehus.
I 1760 gav Ola Olson frå seg garden til steson sin, Knut Eivindson, (sjå nr. 17). Kjøpesum 174 rd. og folga til mor og stefar.
Eli Jakobsdotter er grl. 19. april 1765, 70 år gamal. Ola Olson grl. 27. mai 1770, 69 ½ år gamal. I skiftet etter han er det hans søsken, eller deira arvingar, som arva. Det var brørne Kristen Olson Hebnes, Jon Olson Fosså og søstera Marta Olsdotter Bog.
f. 1734, hadde i skiftet etter faren i 1740 fått utlagt som arv 1 pd. sm.
i Jelsa Mehus. Ved skjøte av 12. juni 1762 får han 2 l. 12 m. sm. i Jelsa
Mehus og 18 m. sm. i Klunghaug.
Då Knut Eivindson i 1760 hadde overteke Jelsa Mehus reiser søskenbarnet hans, Lars Bjørnson Jelsa, krav på odelsretten til Jelsa Mehus. Kravet var grunna på at mor hans var eldste dotter til Jakob Hofmann. Då kalla Lars Bjørnson Jelsa Mehus for «forfedrenes hovedbøle.»
Knut Eivindson tilbyr å makeskifte bruk med Lars Bjørnson mot at Lars åg overtek folga på Jelsa Mehus. Lars ville nok makebyte bruk, men folga ville han ikkje ha noko med,
«men vil Knut Eivindsen avstå hovedbøle for kontracitanten som rette
odelsmann mot å anta Lars Jelses bruk og derav årlig utrede den folge han
har accorderet sin gamle mor og stefar, er han ikke i tanke å gi sig i videre
prosess med citanten.»
Odelsrettsaka kom oppatt 12. juni 1761, men vart utsett til 25. juli. Men den 16. juni kom partane Knut og Lars fram for retten og sa frå at dei var forlikte og saka hevja. Vilkåra for forliket skulle tinglesast «til et uryggelig venskaps stiftelse mellem dem som naboer og blodsforvante..» Forliket var:
«at det stykke engbund ved Lars Bjørnsens hus beliggende som til
denne tid har henhørt til Knut Eivindsens bruk i Jelsa, skal ettertiden
henhøre til Lars Bjørnsens bruk, imot at Lars Bjørnsen overlater likeså
meget gressbund av sin eiendel på et for Knut Eivindsen bekvemt sted, som til
ekvivalens skal henhøre til Knut Eivindsens bruk, hvortil dette blev
tilføyet at de innbyrdes ville utdele. disse engeslåtter for dette år
således som de på begge sider synes billigst å være, og at de
førstkommende høst redelig vil antegne og angi hva enhver på det tildelede
engstykke høster, på det derav nøyaktigere kan skjønnes hva vederlag
enhver til billig jevning bør ha, hvorom elles uvillige menn etter begge
parters tilkallelse uten prosess og rettergang som voldgiftsmenn skal skjønne
og decidere ifall de ikke innbyrdes derom kan forenes.
2. Samme beskaffenhet har det med en aker Lars Bjørnsen tilhørende
som ligger noe nær Knut Evensens huse, kallet Kålgarakeren, hvilken for
ettertiden skal tilhøre Knut Eivindsens bruk, imot en likegod aker av hans
part på et for Lars Bjørnsen bekvemt sted, som i den følgende tid skal
henhøre til Lars Bjørnsens bruk, hvorom elles forholdes etter 1. post
lydelse i tilfelle partene ei derom selv kan forenes. Her bemerkes at disse
akres omskikkelse skal skje nestkommende 1762 forår.
3. Etter Knut Eivindsens deklarasjon skal til ødegården Klunghaug
henhøre 4, men etter Lars Bjørnsens forklaring ikkun 3 akre. Derom er
partene således forente at når med troverdige vitner kan bevises at
Klunghaug har 4 akre, skal disse deles i 2 like store og velgjødslede parter,
hvorav partene beholder hver den halve del. Men blir sådant ikke nøyaktig
opplyst, deles de av begge parter agnoscerede 3 akre mellem dem på like måte
som anført er.
4. Den grunn som for nærværende tid beboes av Peder skomaker skal fra
dette års begynnelse henhøre til Lars Bjørnsens bruk, følgelig han
berettiget å hæve den derav gående grunnleie ½ rd. kontant og 3
dagsarbeade årlig.
5. Betaler Knut Eivindsen rettens betjente deres salarium imot at Lars
Bjørnsen intet annet vederlag nyter for de utgifter han kan ha anvendt.
Ved hvilken likning og deling de formener deres odelsgårde på begge sider av like skyld er jevngode, derfor erklærer å leve med hinannen i fredelig og anstendig naboskap i så god forståelse og enighet som det sømmer sig rettskafne kristne og blodforvante, og ei gi hinannen skillig årsak til fortrydelse eller uenighet på enten av sidene under 10 rd. mulkt til sognets nødlidende almisselemmer, foruten at denne kontrakt i alle sine forretningsposter skal stå ved makt og ei derved å være opphavet, men bli en regul og rettesnor nu og i alle tilkommende tider.»
Knut Eivindson vart i 1762 gift med Marta Larsdotter Barkeland f., 1742. Dei hadde barna:
Marta Larsdotter døydde i 1790. Knut sat enkemann i fleire år, budde etter han hadde lete garden frå seg på Jelsa Nordnes. I 1803 gifte han seg med Marta Johannesdotter Hanakam. Det er skifte etter Knut Eivindson 28. nov. 1807. Enka gifte seg oppatt i 1810 med enkemann Ola Olson Eide på Sand.
f. 1775 på Tysseland i Sand, vart i 1798 g. m. Ingeborg Knutsdotter Jelsa Mehus. Ho var då enke etter Jon Pederson
Sand. Ei dotter hadde ho med Jon, Eli
Jonsdotter, 5 år i 1801. Hadle får auksjonsskjøte på Jelsa Mehus i
1799. Dei flytte då til Jelsa. Der bur dei i 1801. Då har dei utanom den
før nemnde Eli Jonsdotter barna:
Hadle Tormodson makebyter bruk med Thore Thorson Helland i 1802. Hellandsbruket var på 2 pd. 1 ½ m. sm. 6 spann korn. Jelsa Mehus med gods i Klunghaug og Asheim vart vurdert til 1550 rd., bruket i Helland til 700 rd. Thore Thorson gav 850 rd. imellom. Same året flytte Hadle og Ingeborg til Helland og Thore Thorson til Jelsa.
f. ikr. 1761, son av Thore Thorson Helland (ætta stammar visstnok frå
først av frå Honganvik i Sauda) var gi-amal ungkar då han i 1802 kom til
Jelsa. Hadde med seg bror sin Torbjørn som var svak og skulle ha folga av
Jelsa.
Thore Thorson gifte seg i Sjernarøy kyrkje 27. nov. 1803 med Eli Larsdotter Talgøy.Ho var dotterdotter av Peder Larsson Rød som i 1700 åra var gjestgjevar på jelsa.
Same året som Thore overtok Jelsa Mehus skifte han ut ein part av garden,
kalla Gjerde, og selde det til Eivind Knutson (19 c). Truleg var det ein
avtale då makebyte fann stad. Eivind var odelsmann til Jelsa Mehus og hadde
retten til å ta garden attende på odel. Gjerde fekk ei skyld på 1 pd. 6 m.
sm. og kom seinare til å få eige matrikkelnr. (Sjå Gjerde matr.nr. 39). Barn:
Thore Thorson døydde i 1826. Enka gifte seg oppatt i 1828 med ungkar Daniel Aslakson Østrem i Avaldsnes. Dei sat med bruket eit års tid. I 1829 skjøter Daniel Aslakson bruket Jelsa Mehus over på stesonen Thore Thorsen og sette seg i folga. Det var 21. 6 m. sm. i Jelsa Mehus, 18 m. sm. i Klunghaug og 6 m. i Asheim. Kjøpesum 900 spd. og folga. Eli Larsdotter døydde i 1869, 85 år gamal. Daniel Aslakson i 1882, 90 år gamal. Ei dotter hadde dei, Eli, f. 1829, g. m. fargarmeister Ole Halvorsen i Hjelmelandsvågen.
Etterkomarane etter Thore Thorson Helland-Jelsa tok seinare Thorsen som slektsnamn og heretter vert det nytta her.
f. 1805, overtok Jelsa Mehus i 1829. Same året vart han gift med Kari
Olsdotter Sandanger, f. 1810.
Barn:
I 1862 delte Thore Thorsen garden mellom dei to eldste sønene sine. Kvar får eit bruk på 3 dl. 3 ort 13 sk. i skyld. Thore overtok sitt bruk straks, men Sven først etter at faren var død.
Thore Thorsen døydde i 1864, Kari Olsdotter i 1882.
f. 1833, dreiv handel på Jelsa Nordnes attåt gardsbruket. Han sette opp
handelsbygningar og bygde kai på Johannesberget på Nordnes.
I 1860 vart han gift med Eli Margrete Bjørnsdotter Barkeland, f. 1838. Ho døydde to år etter, 23 år gamal. Ei dotter let ho etter seg, Karen Thorsdotter, f. 1861.
Thore Thorsen gifte seg oppatt i 1863 med enke Elisabet Larsdotter Eeg frå Nord-Braut i Klepp. Båe var då 30 år gamle. Ho var då enke etter bakar Bernhard Eeg på Jelsa.
I 1876 reiste Thore Thorsen med huslyd til Amerika. Barn då var:
Før Thore Thorsen reiste hadde han gjeve lensmann Ole Thorsen fullmakt til å selja eigedomane sine på Jelsa. Sjølve gardsbruket kjøpte broren Edvard Thorsen som tidlegare hadde kjøpt broren Sven sitt bruk av Jelsa Mehus. Denne parten (Thore sitt bruk) fekk i 1886 br.nr. 1 av Jelsa med ei skyld av 3 mark 63 øre.
Hålemyra vart utskift og seld til lensmann Thorsen og Per Thorsen. Hålemyra fekk i 1886 br.nr. 3 av Jelsa.
Ein part av Jelsaneset vart seld til Thomas Tonning. Han selde det vidare til L. Berntsen i Stavanger. I 1906 åtte opplysningsvesenets fond dette stykke som i matr. 1886 fekk br.nr. 4 av Jelsa med 1 mark 67 øre i skyld.
Landhandlar Per Thorsen kjøpte handelsstaden på Nordnes med grunn og bryggja. Kjøpesum 4 800 kr. Bruket fekk i 1886 br.nr. 5 av Jelsa med skyld 15 øre.
Ei hustomt på Nordnes vart kjøpt av lensmann Thorsen og Per Thorsen.
Tomta fekk br.nr. 6 i 1886, då eig Th. Thorsen Barkeland tomta.
f. 1839 (22 b), overtek i 1864 andre halvpart av Thore Thorsen sitt bruk
Jelsa Mehus. Han fekk heimelsdokument på bruket i skiftet etter faren same
år. Kjøpesum 980 spd. og folga til mora, Kari Olsdotter. Bruket var på 3
dl. 2 ort 13 sk. som i 1886 vart til 6 mark 56 øre og br.nr. 2 av Jelsa.
I 1873 selde Sven bruket sitt til broren Edvard Thorsen for 1600 spd.
Sven Thorsen var ordførar i Jelsa 1866-1867 og 1868, i Hjelmeland 1878 og 1879. Lensmann i Høgsfjord 1869-75, seinare bonde Vika i Hjelmeland. Han var gift med Marta Øysteinsdotter Vika.
f. 1844 (22 c), kjøpte først broren Sven sitt bruk av Jelsa Mehus (24). I
1878 kjøpte han eldste broren Thore sitt bruk. Jelsa Mehus var igjen samla
til eit bruk og har seinare vore eit bruk.
Edvard Thorsen var g. m. Anna Persdotter Økstra, f. ikr. 1850. Barn:
Edv. Thorsen var ordførar i Jelsa 1878-85 og 1892-97.
f. 1874 (25
a), overtok Jelsa Mehus etter faren. G. m. Agot
Rasmusdotter Norland i Forsand.
Th. E. Thorsen var ordførar 1911-12, frå 1912 lensmann i Jelsa.
Det var det bruk som Sven Thorsen (24) fekk av Jelsa Mehus. Sjå nr. 24, 25 og 26.
Det var lensmann Ole Thorsen og broren Per Thorsen som i 1877 kjøpte Hålemyra, men skjøte vart då ikkje utskrive. I 1879 skriv Ole Thorsen med fullmakt ut skjøte på Hålemyra til Jakob Martin Olson Sandane.
Sandane, 1841,
son av Ola jakobson Sandane, kjøpte Hålemyra i 1879.
Men Thomas Thorsen (22
d) meinte seg å ha odel på bruket og tok det attende i 1883.
Odelstaksten var på 3 280
kr. Det var 80 kr., meir enn Martin
Sandane hadde gjeve. Om Martin Sandane sjå Berakvam nr. 14.
f. 1849, åtte seinare Hålemyra. I 1900
manntalet er han oppført der som landhandlar og bonde. G. 1883
m. Liva Osmine Knutsdotter Ytre
Høyvik, f. 1864,
dotter av jekteførar Knut Osmundson Ytre Høyvik. Ei
dotter,
fekk dette bruket utskift av br.nr.1 i 1878. L.
Berntsen, Stavanger, åtte det i 1886.
Vart seinare seld til Opplysningsvesenets fond som står som eigar i 1906. Bruket var etter gamal skyldnemning på 1 dl. Etter ny
skyldnemning 1 mark 67
øre.
f. 1819 (21 e), kjøpte
handelshuset og grunnen det sto på etter broren Thore Thorsen (22) i 1878.
Bruket vart sett i 11 sk. i skyld. I 1886 vart det br.nr. 5 med ei
skyld av 15 øre.
Handelen på Nordnes vart nedlagt etter at Thore Thorsen reiste derifrå. Om Per Thorsen brukte huset til bustad eller han budde i handelshuset på Sandane veit eg ikkje visst. I 1895 selde arvingane etter Per Thorsen br.nr. 5 til klokkaren Vrål Mehus. Det vart teke det atterhald i handelen at det ikkje skulle drivast handel på bruket.
Om Per Thorsen sjå under handel og gjestgjevarhuset på Sandane.
f. 1837, var frå Suldal, son av suldalsklokkaren Jakob Steine. Mehus nytta
morsnamnet til slektsnamn. Han vart tilsett som klokkar og lærar i Jelsa i
1861. Då fekk han bustad på
klokkargarden i Jelsavågen. I 1895
kjøpte han huset på Nordnes og slutta som klokkar og lærar i 1898.
Han var seminarist.
Vrål Mehus var g. m. Anna Katrine Schmidt frå Nedstrand, f. 1837. Barn:
Bruket var berre ei hustomt med hus på Nordnes seld av br.nr. 1 i 1878 til lensmann Th. Thorsen Barkeland for 64 kr. Bruket fekk ei skyld av 2 skilling som ve