Føreord

Ikring 1950 fekk eg spurnad frå ordføraren i Jelsa då, Arne Selsvik, om eg ville gå inn som medlem av bygdeboknemnda i Jelsa etter lensmann Th. E. Thorsen som då var avliden. Det lova eg, og dermed kom eg inn i dette arbeid som nå vert lagt fram som gards- og ættesoga for Jelsa.

Det var så godt som ingenting trykt om Jelsa før. Det var difor berre det handskrivne arkivtilfang å halda seg til, og måtte av den grunn ta lang tid før alt tilfang til boka vart funne fram og samla. Dessutan vart alt arbeid utført som fritidsarbeid, arbeid etter at den vanlege arbeidsdag var slutt.

Det første eg tok til med var å skriva av tingbøkene for Jelsa tinglag. Det tok fleire år. Seinare var det skifteprotokollane, pantebøker, manntal, militærruller, futerekneskap og kyrkjebøker. Elles brev til og frå amtmann og bisp. Av futerekneskapen låg det eindel i statsarkivkontoret i Stavanger, men lensrekneskapen låg i riksarkivet i Oslo. Det var det nødvendig å ha med for åfå noko kjennskap til tida før 1650, der kjeldene er få og sparsame.

Kyrkjebøker for Jelsa har me frå 1695, men i den eldre tid ikkje så fullstendige som me kunne ønskja. Ein tidbolk, 1737-1753, vantar. Siste kyrkjebok som er tilgjengeleg går til 1883. Eg har slutta av boka med matrikkelen 1906 og folketellinga 1900. Det var sjølvsagt her husfaren som gav opp namn og fødselsår for huslyden, men det viser seg at han ikkje alltid var så stø på årstalet. Så om nokon finn feil mellom dei som er fødde i tidbolken 1883-1900, så er det deira eigen far eller bestefar som har gjeve det opp. Sumtid, når i ein søskenflokk nokre er fødd før 1900 og nokre etter 1900, har eg tatt dei siste med om eg kjende til dei.

Me sende ut ikring 400 spørjeskjema til alle huslydar i Jelsa, men diverre kom berre ikr. 40 attende. Dei hadde vore til stor hjelp for arbeidet med ættesoga i slutten av 1800 talet.

Eg såg heller snart at soga om Jelsa måtte skrivast i 2 bind. Ei gards- og ættesoga og ei kultursoga. Det er det første som nå kjem. Kva tid kultursoga kjem er uvisst. Ho vert truleg ikkje skrive av meg.

I gards- og ættesoga har eg freista få fram eigetilhøva og brukarar på kvart bruk fram til dei bruksnr. dei hadde i 1906. Med omsyn til husmenn og handverkarar har det vore vanskeleg åfå ei fullgod ætteliste. Dei var ofte på flyttefot ut og inn i skipreidet etter som arbeidstilhøva var. Tok ofte huset sitt med seg. Det- var ei nova stova som var lett å riva og lett å setja opp att.

Av skipsreidar Jacob Odland, Haugesund, fekk eg låna ut av hans arkiv det han hadde av slektshistorie frå Jelsa i den eldste tid. Eg er han stor takk skyldig for det. Andre som eg har fått hjelp av er A. Ellingsen, Stavanger, som då arbeidde på historielaget sitt kontor i Stavanger. Han les gjennom ein stor del av manuskriptet og kom med rettingar og nye opplysningar. Eg takkar han for det. Likeeins min bror Johs. Foldøy som tok på seg å reinskriva manuskriptet på maskin. Det var eit stort arbeid og var til stor hjelp for meg. Johs. Kjølvik og Hans Risa Johnsen har lese gjennom ein del av manuskriptet og kome med opplysningar og rettingar. Arbeidstilhøva i arkiva både i Stavanger, Oslo og Bergen har vore dei beste. Eg takkar alle for velvillig hjelp.

Noko tyding av gards- og plassnamn har eg ikkje prøvd på. Dertil kjende eg meg ikkje kompetent. Interesserte kan visast til «Norske Gårdsnavne» av O. Rygh og Magnus Olsen.

Biletstoffet er for det meste samla inn av nemnda i Jelsa. Det har ikkje vore lett å få bilete som kunne høva til stoffet.

Med omsyn til språkbruket vil nok ein filolog finna mangt å retta på. Arbeidet har gått over mange år og tid til å arbeida med språket har det ikkje vore. Truleg er her og ein del trykkfeil. Arbeidet med korrekturen har vore litt av ein jobb.

Jelsa kommune hadde sett av ikring 20 000 kr. til trykking av boka og dessutan vedteke at boka skulle gjevast ut av kommunen. Suldal kommune har fornya ved­taket.

Med i bygdeboknemnda har vore: Th. E. Thorsen, Johs. Kjølvik, Arne Selsvik, Hans Risa Johnsen, Trygve Tveitarå og underskrivne.

Nokre uskrivne blad i slutten av boka kan nyttast til å skriva ned data for fødsler, konfirmasjon, brudlaup og gravferd i huslyden etter 1900. Dermed vil boka verta meir verdfull for eigaren og serleg for hans etterkomarar. Dessutan ei verdfull kjelde for den eller dei som skal skriva ættesoga for Jelsa for neste hundre år.

 

Stavanger 2. mai 1967.

Ola Foldøy