Indre Jårvik er den austre og siste garden på sørsida av Sandsfjorden som høyrer Jelsa til. Han grensar i aut til Nevøy i Sand, mot sør til Hamra i Erfjord og i vest til Ytre Jårvik.
Båe Jårvikgardane var på 18 m. sm. kvar. I den første tid er dei oftast omtala som ein gard, og i første halvpart av 1600 talet var dei óg eit bruk, bruka av same mann.
Indre Jårvik, som Ytre Jårvik, var krongods. I designasjonen over kongens gods i Ryfylke står det: «Jårvik ½ 1. sm. Ingen sønderlig herlighet til.» Førstebygsla sett til 6 rd.
I 1661 gjekk krongodset i Ryfylke over til admiral Ove Gjeddes arvingar.
Kongen hadde gjeve Ove Gjedde pant i krongodset i siste krig då krigskassen
var tom. Då Ove Gjedde døydde i 1660 kravde arvingane hans pantet innløyst
eller krongodset overført til dei. Oberst Frederik Gersdorf, gift med dotter
til Ove Gjedde, overtok alt Kongens gods i Jelsa.
I matrikkelen 1668: Jårvik Indre matr.nr. 85 (felles med Ytre Jårvik), 18 m. sm. De Gjedders gods. Dei sår ei tønne korn. Før hest og 4 naut. Dessutan eit ringt husmannssete kalla Hamborneset. Det er nok av tømmer til husvøling og brenne det huset treng. Vert som før sett i landskyld 18 m. sm., i leidang 2 kalvskinn, tiende ½ spann korn, småreidsla 2 skilling.
Oberst Gersdorf selde Jårvik (Indre og Ytre) ikr. 1690 til Hadle Larsson Hamra i Erfjord. I arveskifte etter enka Siri Osmundsdotter Hamra går I. Jårvik over til yngste dotter g. m. Per Larsson Røykjenes i Vats.
I. Jårvik var i Hamrafolket si eiga til 1761. Då selde Lars Larsson Askvik frå Hamra I. Jårvik til sonen i Ytre Jårvik, Nils Larsson, for 70 rd. Frå den tid av har brukaren på I. Jårvik ått garden sin.
I matr.utkastet 1723 er Jårvik Indre og Ytre nemnd under eit : Jårvik ½ 1. sm., sjølegd (militært), litt skog, tung å vinna. Nils og Ola sår 4 tn. og haustar 8 tn. korn. Før 8 naut og 18 sauer.
I ny matrikkel 1838 får I. Jårvik matr.nr. 22. Den gamle skyldnemning 18 mark smør vart då omgjort til 1 dl. 3 ort 6 sk.
I matrikkelen 1851 får I. Jårvik matr.nr. 1, skyld som i 1838.
I førebuinga til ny matrikkel, som tok til i 1863, vart I. Jårvik vurdert: Indre Jårvik matr.nr. 1 løpenr. 1, eigar Lars Nilsson, gamal skyld 1 dl. 3 ort 6 sk. Sår 3 tn. havre og haustar 15 tn. 2 ½ tn. poteter og haustar 15 tn. Før 3 kyr og 20 sauer. På husmannsplassane sådde dei 1 5/8 tn. havre og haustar 5 ½ tn. 2 tn. poteter og haustar 10 tn. Før 2 kyr og 10 sauer.
På I. Jårvik er 7 mål åkerland og 18 mål engslått. Innmarka vurdert
til 202 spd. Husmannsplassane var på 11 ½ mål og vurdert til 64 spd.
Tillegg for lett å koma til 26 spd. Beite
125 spd. Skogen 345 spd. Heile garden vurdert til 640 spd. Framlegg til
ny skyld 1 dl. 98 sk.
Resultatet var matrikkelen av 1886: Indre Jårvik nytt matr.nr. 32, ny
skyld 2 mark 21 øre. Hamborneset
br.nr. 2, skyld 32 øre.
I matrikkelen 1906 det same utan forandring.
Frå 1600 til 1634 var det den same mann som brukte både Indre og Ytre Jårvik.
er komen til Jårvik seinast ikr. 1600. Han betalte tredjeårsbygsel i
1605. Me finn han i skattelistene til 1630. I 1630 eller 31 døydde han.
får bygselbrev på Jårvik i 1631. I lensrekneskapen 1631/ 32 står det: «førstebygsel
Morten Torkildsen av ½ 1. sm. i Jårvik som Leiv fradøde, gav 8 dl.»
I 1636 er han kalla forarma leiglending. Han bur der og i 1645 med kona, men Jårvik er då forlengst bortbygsla til ein annan. Morten bur der då nærmast som husmann.
får i 1636 bygselbrev på ein part av Jårvik. Lensrekneskapen 1636137: «Har
jeg fest Laurits Marvik en ødeplass under Ytre Jårvik. Gav i førstebygsel
4 dl.» Nokon husmannsplass er dette ikkje, dertil er bygsla for høg. Det
må vera Indre Jårvik som det her er tale om. Då bruket vart kalla under
Ytre Jårvik må det tyda på at tunet frå gamalt av har vore i Ytre Jårvik.
Henrik Ottøy, borgar av Stavanger, bygsla i 1638 18 m. sm. i Jårvik. I tredjeårsbygsel frå 1641 til 1660 betalte Henrik Jårvik eller Ottøy for heile Jårvik, ½ l. sm. Henrik Erikson budde helst i Ottøy og det er mogeleg at det har vore lotbrukarar både i Ytre og Indre Jårvik. I hovedskatten i 1645 er både Lars og Morten nemnde i Tårvik, men i dei same 1640 åra er det Henrik Erikson Ottøy som betalar skatt og bygsel av heile Jårvik.
Om Henrik Erikson sjå Ytre Jårvik og Ottøy.
får bygselbrev på Indre Jårvik i 1660: «ølbygsel 1660 fest og stedt
Nils Jonsen 18. m. sm. i Jårvik som hans vermor for ham opplod, gav 5 rd.»
Vermor hans må vera kona til Lars Marvik. I 1660 bur det ei enka Sissel i Jårvik som det året er kalla så forarma at ho ikkje kan betala den såkalla matskatt. Truleg er det henne som seier opp bygsla på Jårvik til bate for verson sin.
Nils Jonson, Han er i 1666 kalla Hansen. f. ikr. 1630, bur i Indre Jårvik i 1666. Han har då ein son
Ei Sissel Jårvik er grl. i 1713, 97 år gamal. Kanskje dette er vermor til
Nils Jonson.
f. 1630, bygsla Indre Jårvik etter Nils Jonson ikr. 1678. Han var gift med
Magnhild Olsdotter. To søner
kjenner me til:
f. ikr. 1666 på Hebnes, får i 1709 bygselbrev på Indre Jårvik. Han vart
i 1696 g. m. Sissel Jørgensdotter og
busette seg då i Grønnevik u. Prestegards-Nådland. Då Nils Olson flytte
frå Grønnevik vart han same året, 1709, kalla inn til tinget på Jelsa. Det
var presten Nils Tyrholm som saka han fordi han meinte han hadde hogd vel
mykje i Nådlandsskogen. Tidlegare på året hadde det vore skogskadeettersyn
på Nådland av 6 lagrettesmenn. Dei fann ut at det nok var altfor sant som
presten sa, skogen var stygt medfaren. Nils Jårvik fekk dom på å erstatte
noko av skaden han hadde valde. Men då dommen vart lesen for han tok han
papiret frå dei. Det var eit grovt brotsverk som han laut bøta for, 3 rd.
til presten og 2 rd. til Hospitalet i Stavanger.
Nils Jårvik gifte seg oppatt i 1715 med Marit Torgilsdotter. Med første kona hadde han ingen barn. Med andre kona barna:
Nils Olson vart grl. 1735. Enka Marit Torgilsdotter gifte seg oppatt i 1737
med Erik Johannesson.
truleg son av Johannes Østerhus i Erfjord, vart i 1737 g. m. enke Marit
Torgilsdotter Jårvik. Same år får han bygselbrev på Indre Jårvik av
Lars Hamra. Indre Jårvik brukte han til 1759. Dei siste åra var han
sinnssjuk. Då Lars Larsson Askvik frå Hamra i 1761 selde Indre Jårvik til
Lars Nilsson (6 a) står det i skjøtet at han, Lars Nilsson, skal gje stefar
sin «den vanvittige Erik Johannesson» livsopphald
på garden. Skjøtet er elles skrive på son til Lars Nilsson, Nils Larsson,
som då var mindreårig.
f. 1743, brukte Indre Jårvik nokre år frå 1761, men han slutta snart av
og busette seg seinare på Skeie i Sand. Han var g. m. Sigborg Olsdotter Nådland u. prestegarden. Faren, Lars Nilsson Ytre
Jårvik, bygsla då i 1764 Indre Jårvik til Lars Levardson. Han betalte 10
rd. i førstebygsel, men desse skulle betalast attende om Lars Nilsson eller
nokon av barna hans seinare ville overta garden.
bygsla som før nemnd Indre Jårvik i 1764. I 1769 får han skjøte på
garden. Skjøtet er skrive ut av Kari Mortensdotter, enka etter Lars Nilsson,
men alle barna til Lars Nilsson skriv under. Kjøpesum var 70 rd. Dei 10 rd.
han hadde betalt i førstebygsel skulle trekkjast frå. Men det skulle vera
rett for dei som var umyndige til å løysa inn godset for same penge om nokon
av dei seinare det ville. Gudmund Larsson Hamra, som då budde på Hebnes
Klovning, protesterte på handelen, då han meinte seg rette odelsmann å vera
til Indre Jårvik.
Lars Levardson var g. m. Kirsti Haldorsdotter, båe var frå Sand. Lars Levardson døydde i 1780. Han let då etter seg barna:
Enka Kirsti Haldorsdotter brukte sjølv garden etter mannen var avliden. I 1791 er sonen Levard oppført som brukar av Indre Jårvik. Det er skifte etter Kirsti Haldorsdotter i 1806.
f. 1764, hadde brukt garden for mor si frå 1791. I buet etter mora får
han skjøte på Indre Jårvik i 1807.
Levard Larsson vart i 1788 g. m. Marta Larsdotter Ytre Jårvik, f. 1764. Dei hadde 5 barn som levde opp
Levard og Marta hadde garden til 1830. Då let dei sonen Lars Levardson overta og sette seg i folga. Det er skifte etter båe i 1840.
f. 1799, får skjøte på Indre Jårvik i 1830. Kjøpesum 250 spd. og
folga til foreldra. Lars var g. m. Siri
Jensdotter. Lars Levardson døydde barnlaus i 1841. Enka Siri Jensdotter
vart i 1842 g. m. enkemann Bjørn Nilsson Bandeberg. Garden Indre Jårvik
gjekk til auksjon.
Indre Åserød, f. 1796, kjøpte Indre Jårvik på auksjonen i 1841. Han
fekk tilslaget på 655 spd. Siri Jensdotter skulle dessutan ha folga av
garden.
Sjovat vart i 1839 g. m. Marta Nilsdotter Tjeringstveit i Sauda. Barn:
Sjovat Johannesson døydde i 1860, 63 år gamal. Enka Marta Nilsdotter makebyter då bruk med Torbjørn Torbjørnson Lovraslåtta som då hadde kjøpt Gjerde på Jelsa. Indre Jårvik og Gjerde vart då verdsett til 500 spd. kvar. I 1866 vart Marta Nilsdotter g. m. enkemann Jonas Andersson Nevøy.
f. 1814, son av Torbjørn Sveinson Lovraslåtta, kom då til I. Jårvik.
Han hadde før også hatt ein halvpatt av Ytre Jårvik. Indre Jårvik selde
han i 1865 til Lars Larsson Føljesvoll.
Torbjørn var g. m. Marta Henriksdotter As i Erfjord. Brukte først ein part av Lovra, så ei stutt tid på Gjerde og så to tri år i Jårvik. Etter at Jårvik var seld reiste han til Amerika. Torbjørn kom att som enkemann. Gifte seg då med ei enka frå Imsland og kjøpte Sørheim i Vikedal. Kjenner ikkje tilom det er barn etter han.
Føljesvoll, f. 1819, vart i 1846 g. m. Siri
Gautesdotter Kolstø i Erfjord. Dei budde først på Føljesvoll, flytte
så i 1865 til Indre Jårvik.
Barn:
Lars Larsson overlet i 1888 garden til sonen Gaute Larsson. Samstundes vart Hamborneset skilt ut som eige bruk, br.nr. 2 av Jårvik, og seld til versonen Ola Sjurson. Hovedbruket vart då etter gamal skyld 1 dl. 2 ort 6 sk., etter ny matrikkel 2 mark 21 øre.
Siri Gautesdotter lever som enke i Jårvik i 1900.
f. 1854, overtok garden i 1888. Skjøte dat. 13. okt. 1888. Kjøpesum 1400
kr. og folga.
Gaute Jårvik var g. m. Lena Pedersdotter Ullestad Fuglestein, f. 1862. Dei åtte ingen barn.
I 1900 bur og bror til Gaute, Auen Larsson, på garden. Han var jekteskipper. Gift med Ragnhild Knutsdotter frå Nedstrand.
Barn til Auen og Ragnhild i 1900:
Gaute Larsson overlet garden til brorsonen Georg Auenson, men han selde og flytte til eit bruk på Ullandhaug ved Stavanger.
Gudmund Hamra har nå Indre Jårvik.
Hamborneset var ein gamal husmannsplass. Alt i 1666 er plassen teken i bruk.
bur i Hamborneset som husmann i 1666. Han er då 24 år gamal. Har ein
dreng eller losjerande, Gunnar Jonson 30 år, truleg er dei brør.
f. ikr. 1672, son av Torbjørn Olson Mo i Sand, er husmann i Hamborneset i
1706. Han var g. m. Marta Andersdotter. Barn:
Aslak var jekteskipper. I 1710 bygsla han 1 l. sm. i Vela. Han får overta bruket utan førstebygsel då det ellers er fare for at bruket kom til å liggja øyde. I 1711 kjøpte han bruket i Vela for 12 rd.
Aslak Torbjørnson Vela døydde i 1731.
bur på Hamborneset i 1706. Han var då 40 år. Han var av Kristenfolket
på Vormestrand, truleg son til Kristen Halvarson Åserød. Han bur der og i
1711 med kona men ingen barn. Ei huskvinna Ranveig bur hjå dei.
Jon Haldorson budde seinare på Sandslandet.
Jårvik f. 1680, sjå Jårvik
Indre nr. 5, bur med kona Anna
Persdotter på Hamborneset i 1708.
Barn:
I 1733 er Per Olson Hamborneset enkemann og gifte seg oppatt med Brita Hermansdotter.
f. ikr. 1751, vart i 1790 g. m. Anna
Knutsdotter Stabbevik, f. 1766.
Endre er kalla vera frå Jelsa Nordnes. Dei busette seg i Hamborneset. Anna
Knutsdotter døydde i 1807. Endre gifte seg i 1808 med Marta
Olsdotter. Båe ekteskap visstnok barnlause.
Endre Person Hamborneset døydde i 1830, 83 år gamal.
f. 1803, son av Ola Bjørnson Sildelid, vart i 1826 g. m. Kirsti
Levardsdotter Indre Jårvik, f. 1793. Osmund og Kirsti busette seg på
Hamborneset. Osmund var jekteskipper.
Kirsti Levardsdotter døydde i 1831. Osmund gifte seg då i 1832 med Anna Villumsdotter Tyskevik u. Hamra, f. 1800.
Dei bur på Hamborneset i 1875. Då før dei 2 kyr og 15 sauer, sår 1 ½ tn. havre og 2 tn. poteter. Barn:
Både Osmund og Anna lever og brukar plassen i 1875. Barna Villum og Eli er då heime.
Kalvikneset, f. 1841, vart i 1868 g. m. Siri
Larsdotter I.
Jårvik, f. 1848. Dei budde først i Jårvikstranda, men då Hamborneset
vart ledig flytte dei dit. Ola var jekteskipper.
I 1838 vart Hamborneset skift ut frå garden som eige bruk. Bruket vart br.nr. 2 av Indre Jårvik og skyldsett til 32 øre.
Andre kona til Ola Sjurson var Johanna Olsdotter, f. 1856 i Sjernarøy. Barn:
Dei tri siste er truleg barn med siste kona.
Øvrebø, f. 1857, bur som husmann u. Hamborneset i 1900. Sjå Øvrebø nr.
16.
bur i Seljevik i 1846. Det året søkjer han landhusholdningsselskapet om
premi for jorddyrkning. Han hadde bygsla Seljevik av utmark og rydda 4 mål
jord der, sett opp stovehus, løsa, fjos, eldhus og eit naust. Fire
jordbrukarar, Sjovat Jårvik, Jakob Jårvik, Lars Ottøy og Jakob Åserød
sanna at han hadde rydda Seljevik av ville ur og steinrik mark og ført opp
bra hus der.
Hans Olson er telemarkingen Hans Olson Skotte som ei tid budde på Lovraeidet.
Hans Olson var g. m. Gunhild Henriksdotter. Barn
f. 1800 i Sand, son av Sjur Kuvik, bur i Seljevik i 1875. Han vart i 1833
g. m. Brita Torbjørnsdotter, f.
1807, dotter av Torbjørn Andersson Lund som budde på Straumberget u.
Berekvam.
Ola Sjurson var bøkker. Barn me kjenner til:
Kona Brita Torbjørnsdotter døydde i 1869. Ola Sjurson i 1882. I 1900 bur dei tri søsken Marta, Magla og Sjur i Seljevik. Alle ugifte.
frå Økstrasaga, f. 1810, g. 1848 m. Lisbet
Andersdotter Rongarvik, f. 1820, bur og nokre år i Seljevik. Kjenner til
barna:
Lisbet Andersdotter døydde i Seljevik i 1860, 40 år gamal. Nils Halvarson
døydde i Seljevik i 1865, 56 år gamal. Det er skifte etter båe i 1866.
Arvingane ikkje nemnde.