INDRE HØYVIK gardsnr. 35.

Garden ligg på sørsida av Sandsfjorden. Mot aust grensar Høyvik til Ytre Jårvik, mot sør til Romsbotn og mot vest til Ytre Høyvik.

            Indre Høyvik vart rydda påny i slutten av 1500 talet. Truleg har han lege øyde då alt frå svartedauen. I den tid budde ingen i I. Høyvik, men det var bra med skog og den vart godt nytta. Skylda på Indre Høyvik var 1 ½ pd. sm. I eit søskenskifte på Foldøy i 1595 vart 1 pd. sm. i Indre Høyvik utlagt bonden på Foldøy for hustømmerets skuld. På Foldøy var det ikkje noko tømmer til å vøla husa med. Det halve pund smør som då var att i Høyvik gjekk til Nådland på Ombo. I eit arveskifte der i førstninga av 1600 vart det og sagt at både den eine og den andre av arvingane gjerne ville ha ein part av det gods som buet åtte i Høyvik.

Det pund smør i Høyvik som Øystein Foldøy fekk utlagt i arveskiftet i 1595 vart i skiftet etter Øystein delt mellom sonen Anders Øysteinson med 12 m. sm., og 6 m. sm. til kvar av to døtre, den eine gift med Ola Haug. Ola Haug kjøpte dei 6 m. som versøster hans hadde arva.

Det halve pund smør i Høyvik me finn i arveskiftet på Nådland i 1619 vart delt mellom enka og Knut Ivarson Lerang, g. m. dottera på Nåd­land, med 6 m. sm. på kvar. Men Knut Ivarson kjøpte seinare det som enka og barna hennar arva i Høyvik. Sonen Ivar Knutson Åserød selde godset i Høyvik til Ola Tosteinson Haug, som frå 1635 åtte 1 pd. sm. i Høyvik. Ikr. 1640 sette han verson sin Knut Anfinnson inn på dette pund smør i Høyvik. Det halve pund som bonden på Foldøy åtte, vart bygsla til bonden i Høyvik som såleis som regel brukte heile garden. I 1730 vart desse 12 m. sm. seld til bonden i Høyvik som frå den tid var eigar av heile garden. Dei seinare eigetilhøva vil gå fram av brukarlista.

I jordeboka frå 1617 finn me desse eigarane av Høyvik Indre: Knut Ivarson Lerang ½  pd. sm., Ola Haug ½ pd. sm. og Anders Øysteinson Foldøy ½  pd. sm.

Eivind Nådland stemnde bonden i Høyvik Knut Anfinnson til tinget i 1657, vil veta kva rett han har til dei 6 m. sm. i Høyvik som i arveskiftet på Nådland var utlagt enka. Knut la då fram kjøpebrev som tildels var 32 år gamle og vart tildømt godset.

I 1662 stemnde Ola Andersson Foldøy bonden i Høyvik, då Tormod Dagfinnson, til tinget, vil ha greia på kva brev han har på Høyvik. Tormod Høyvik legg då fram 3 gamle kjøpebrev på tilsaman 18 m. sm. Dessutan har kona hans arva 6 m. sm. etter far sin Ola Haug. Tilsaman 1 pd. sm.

Ola Andersson Foldøy åtte 12 m. eller ½ pd. sm. i Høyvik arva etter far sin. Han meinte han måtte vera nærmare til bustadretten i Indre Høyvik han som var ætta frå broren, mot kona til Tormod som ætta frå søstera på Foldøy.

Ola Andersson på Foldøy prøver og i 1682 på å få tileigna seg bustadretten i Høyvik, men han vart berre tildømt retten til dei 12 m. sm. han sjølv åtte.

Om den første busetnad i Høyvik har me eit vitnemål av Herman Tysse i 1682:

«Fremkom nu for retten Herman Tysse, sa seg å være 78 år gammel, tilstod at hans sal. fader da han døde var hundre år gammel. Han hadde, sa han, berettet for ham at denne jord og gård Høyvik for 130 år siden ungefær lå øde og uryddet. Provet at den første mann den ryddet hette Jon Kåresen. Samme mann bekjente han å bytte seg herfra til Hausland og bekom der rydningsretten igjen av en mann ved navn Åge Knutson som hadde ryddet Hausland, så han skulle ha denne jord og rydning og Jon Kåresen skulle ha bemeldte Hauslands rydning. Fornevnte Åge var så her på gården en lang tid, inntil Anfinns morfar Ola Haug og Anfinns egen far Knut Høyvik ham avminte fra hans bruk og rydning som både Jon Kåresen og han der hadde ryddet, og skaffet ham inn på Ramsfjell igjen. Og den mann på Ramsfjell, navnlig Knut Sivertsen, som sitt bruk derfor samme avstod, måtte de skaffe inn på Bratteland. Sa seg denne overlevering ganske vel kunne minnes.»

Etter matrikkelen 1668: Høyvik matr.nr. 79, ½ 1. sm. Odelsgods. Sår 4 tn. korn. Før hest og 12 naut. Sagtømmer, bjelke og hustømmer det dei treng. Dessutan ei bekkekvern. Der er to husmannsplassar, Ottøy og Israelneset, dessutan to mindre plassar. På garden står ei lita bekkesag der dei årleg kan skjera 5-6 hundre bord om det er tømmer å få. Dei finn garden god for landskyld 1 1. sm. Leidang 1 bukkskinn. Tiende 4 spann korn. Småreidsla 8 skilling.

I 1719 vart Israelneset pålagt 1 pd. sm. i skyld. Høyvik kom då på 2 pd. 12 m. sm. i skyld. I 1734 for futen rundt for å finna plassar som kunne påleggjast skyld. Han kom og til Høyvik. Men lagrettesmennene som fylgde han fann ut at «hva plasset Israelneset angår, da ble derpå lagt 1 pd. sm. i året 1719 30. aug. og siden den tid er skogen avbrendt, så derpå ikke kunne noe pålegges.»

Etter matrikkelutkastet 1723: Indre Høyvik, 2 pd. 12 m. sm. Har noko skog. Ein husmannsplass, Israelneset. Ei bekkekvern. Er tung å vinna. Bjørn sår 3 tn. og haustar 12 tn. korn. Før hest, 8 kyr og 12 sauer. Enka sår 1 ½ tn. og haustar 6 tn. korn. Før 4 kyr og 6 sauer. Knut Israelneset sår ¾ tn. og haustar 4 tn. korn. Før 2 kyr og 8 sauer. Skjønsnemnda meinte dei nå godt kunne leggja på Høyvik 12 m. sm. i skyld på grunn av den gode plass Israelneset. Men dette matr.utkastet kom aldri i bruk, så Indre Høyvik sto framleis i 2 pd. 12 m. sm.

I 1788 i skiftet etter Bjørn Bjørnson vart Indre Høyvik delt i to like partar mellom enka Kari Knutsdotter og sonen Bjørn. Dette er første deling av Indre Høyvik, bortsett frå plassen Ottøy som vart fråseld i 1683.

Etter matrikkelen 1838 får Indre Høyvik nytt matr.nr. 25 med løpenr. 89, eigar Erik Bjørnson, gamal skyld 1 pd. 6 m. sm. Ny skyld 3 dl. 1 ort 12 sk.

            Løpenr. 90, eigar Anbjørn Osmundson, gl. skyld 1 pd. 6 m. sm. Ny skyld 3 dl. 1 ort 12 sk.

Etter matrikkelen 1851 får Høyvik matr.nr. 4, løpenr. 4 og 5. Det er framleis berre to bruk i Høyvik. I 1863 vart Israelneset utskift og skyldsett til 1 dl. 1 ort.

I førebuinga til ny matrikkel som tok til i 1863 var det tri bruk i I. Høyvik som vart vurdert såleis: Høyvik, matr.nr. 4.

            Løpenr. 4, eigar Bjørn Erikson, gl. skyld 3 dl. 1 ort 12 sk. Sår 4 ½ tn. havre og 2 ½ tn. poteter, haustar 28 og 12 tn. Før hest, 5 kyr og 25 sauer. På husmannsplassane sår dei 2 ½ tn. havre og 13/4 tn. poteter, haustar 14 ½ tn. og 10 ¾ tn. Før 4 kyr og 17 sauer. Innmarka på bruket var 14 mål åkerland og 20 mål engslått. Innmarka vurdert til 397 spd. Tillegg for dyrkningsjord 10 spd. Tillegg for lett å koma til 88 spd. Tillegg for lett å vinna 87 spd. Skogen 286 spd. Beite 162 spd. Vassfall 10 spd. Arealet på husmannsplassane var 16 mål til ein verdi av 130 spd. Heile brukets verdi 1170 spd. Framlegg til ny skyld 3 dl. 38 sk.

            Løpenr. 5 a, eigar Knut Anbjørnson, gl. skyld 2 dl. 12 sk. Sår 5 tn. havre og 2 ½ tn. poteter, haustar 30 tn. og 12 tn. Før hest, 5 kyr og 25 sauer. På husmannsplassane sår dei 1½2 tn. havre og ½ tn. poteter, haustar 2 ½ tn. og 2 ½ tn. Før 1 ku og 3 sauer. På bruket er det 13 mål åkerland og 20 mål engslått. Innmarka vurdert til 405 spd. Ti for dyrkningsjord 10 spd. Husmannsplassane hadde eit areal av 3 ½ mål og verdsett til 26 spd. Tillegg for lett å koma til 90 spd. Tillegg for lett å vinna 90 spd. Beite vurdert til 108 spd. Skogen til 134 spd. Vassfall 10 spd. Heile bruket vurdert til 875 spd. Framlegg til ny skyld 2 dl. 58 sk.

            Løpenr. 5 b, Israelneset, eigar Anbjørn Anbjørnson, gl. skyld 1 dl. 1 ort. Sår 2 tn. havre og 2 tn. poteter, haustar 9 tn. og 12 tn. Før 3 kyr og 20 sauer. Innmarka var på 5 mål åkerland og 9 mål engslått. Innmarka vurdert til 199 spd. Tillegg for lett åkoma til 39 spd. Tillegg for lett å vinna 39 spd. Beite vurdert til 54 spd. Skogen til 126 spd. Heile bruket vurdert til 440 spd. Framlegg til ny skyld 1 dl. Å sk.

Resultatet var matrikkelen av 1886. Men i mellomtida var det seld frå 3 nye bruk:

Skreddarneset utskift og skyldsett i 1880 og seld til Ola Olson Høyvikhabn. Skyldsett til 1 ort 20 sk. Hadde ikkje fått tinglest skjøte i 1886.

Lund utskift og skyldsett i 1883, seld til Nils Bårdson. Skyldsett til 22 sk.

Hagen utskift og skyldsett i 1883 og seld til Johannes Olson Høyvikhabn.

Matrikkelen 1886: Indre Høyvik gardsnr. 35.

Br.nr. 1, Høyvik (4 a), Bjørn Erikson, gl. skyld 2 dl. 3 ort 5 sk. Ny skyld 4 mark 57 øre.

Br.nr. 2, Skreddarneset (4 b), Bjørn Erikson, 1 ort 20 sk. Ny skyld 63 øre. Br.nr. 3, Lund (4 c), Nils Bårdson, 22 sk. Ny skyld 31 øre.

Br.nr. 4, Hagen (4 d), Johannes Olson, 13 sk. Ny skyld 18 øre.

Br.nr. 5, Høyvik (5 a), Knut Anbjørnson, 2 dl. 12 sk. Ny skyld 4 m. 18 øre. Br.nr. 6, Israelneset (5 b), Anbjørn Anbjørnson, 1 dl. 1 ort. Ny skyld 2 mark 17 øre.

I matrikkelen 1906 er og Høyviktræ skift ut av br.nr. 1 og skyldsett til 30 øre.

Matrikkel 1906: Indre Høyvik gardsnr. 35.

Br.nr. 1, Høyvik, Jakob Bjørnson, 4 mark 27 øre.

Br.nr. 2, Skreddarneset, Ola Olson, 63 øre.

Br.nr. 3, Lund, Johan Bårdson, 31 øre.

Br.nr. 4, Hagen, Johannes Olson, 18 øre.

Br.nr. 5, Høyvik, Konrad Knutson, 4 mark 18 øre. Br.nr. 6, Israelneset, Anbjørn Anbjørnson, 2 mark 17 øre. Br.nr. 7, Høyviktræ, Knut Knutson, 30 øre.

I 1896 var det utskiftning av beite og brenne til dei bruk som var selde av br.nr.1. Då vert og husmannsplassane sin rett til beite og brenne tekne med. Beite skulle elles vera felles i indre marka, men dei tri utskifte bruk fekk kvar sin skogteig til brenne.

Brukarar.

1. Jon Kåreson

kom frå Hausland ei tid før 1600. Han hadde før rydda seg eit bruk på Hausland som han då selde rydningsretten til til Åge Knutson frå Østerhus i Hjelmeland. Så flytte Jon Kåreson til Indre Høyvik som då låg for fefot. Der bygde han seg hus og rydda oppatt den gamle nedlagte garden.

I lengden treivst ikke Jon i Høyvik. Kanskje har det vore stridare enn han hadde tenkt seg å rydda så mykje innmark at det vart livberging av det. Han tek til å tinga med Åge Knutson som hadde hans gamle bruk på Hausland, om byte av rydningar. Det gjekk i orden ein gong mellom 1606 og 1611. I 1606 bur Jon i Høyvik og Åge på Hausland. I 1611 er det omvendt.

 

2. Åge Knutson,

son av Knut Jonson som budde på Osterhus i Jøsenfjorden og er nemnd i skiftet etter Gjest Erlendson og kona Gjøa Arnbjørnsdotter i 1596, kom så til Høyvik og tok fatt der Jon Kåreson slutta av.

Det ser ut til at Åge Knutson var ein vyrd mann i bygda. Han var lagrettesmann både til skipreidetinget og fjerdingstinget og utsending frå Jelsa til lagtinget i Stavanger. Dessutan var han kyrkjeverje som kanskje var vel så vyrd embete. Kyrkjeverjen var ansvarleg for at avgiftene av kyrkjegodset og tiende kom inn, så det var ein mann med stort ansvar. Kyrkjeverje var han like til han flytte frå Høyvik. Då Jelsa kyrkja vart ombygd i 1630-40 åra leverte Åge Høyvik tømmer av Høyvikskogen, truleg med godkjenning av eigarane.

Ikr. 1640 vart det omskifte av brukar i Høyvik. Ola Tosteinson Haug hadde dels ved arv dels ved kjøp kome til å eiga to tredjepartar av godset i Høyvik Indre. Då så dotter hans Birgit vart gift med Knut Anfinnson Bratteland i Imsland, meinte nok Ola Haug at Indre Høyvik kunne vera ein høveleg bustad for dei. Men det var ikkje så lett å få ein leiglending med gyldig bygselbrev ut av garden. Etter lange forhandlingar vart dei einige om at Åge Knutson skulle få bygsla ein part av Ramsfjell der då brorson hans budde, så skulle brorsonen få koma inn på ½ l. sm. i Bratteland.

Dermed flytte Åge med huslyd til Ramsfjell og Høyvik vart ryddiggjort til innflytning av ny brukar.

 

3. Knut Anfinnson

Bratteland, g. ikr. 1640 m. Birgit Olsdotter Haug, tok så Høyvik i bruk. Dei er stamfedre til dei som seinare har budd i Indre Høyvik.

Me kjenner ikkje til andre barn etter Knut Anfinnson enn sonen Anfinn Knutson, seinare bonde i Høyvik (5), og ei dotter g. m. Kjell Gunnarson som budde i Jårvik. Ein son Ola Knutson g. m. Birgitte Jakobsdtr. budde i Stavanger og let etter seg ei dotter Ingeborg Olsdtr. (Stavanger skifteprot. 18/1 1693). Ei dotter av Knut A. var gift med Nils Ormson (sjå 28).

Knut Anfinnson døydde ikr. 1660 og enka Birgit gifte seg då oppatt med Tormod Dagfinnson.

I 1661 eig Birgit Høyvik dette jordegods: Høyvik 1 pd. sm. Kleppa ½ pd. sm. Nådland 2 pd. 5 m. sm. Malmin 8 spann korn. Orstad 9 spann korn.

 

4. Tormod Dagfinnson

f. 1627 på Hovda på Fogn, vart ikr. 1660 g. m. enka i Høyvik Birgit Olsdotter. Dei brukte då garden nokre år.

Ola Andersson Foldøy søkte i 1662 Tormod Dagfinnson om bunestaden i Indre Høyvik, meinte å ha betre rett til den enn Tormod. Men Tormod og kona kom likevel til å bu i I. Høyvik i fleire år. Då stesonen Anfinn Knutson gifte seg ikr. 1665 fekk han først halvparten av 1. Høyvik, seinare heile garden. Tormod og Birgit flytte då til Ytre Høyvik og bygsla garden der. (Sjå Ytre Høyvik).

 

5. Anfinn Knutson

f. 1642, overtok halve garden ikr. 1665. I 1670 står han i odelsmanntalet som eigar av 1 pd. sm. i Høyvik og 2 pd. 6 m. sm. i Nådland på Ombo.

Anfinn Knutson var 1. g. g. m. Ingeborg Henriksdotter. Kven si dotter ho var veit me ikkje visst. Einar Balle skriv ho var dotter av Henrik Pederson Sand, bror av Jelsapresten Markus Pedersen. Einar Balle: Hustgeit i Imsland 1603 - 1730. Ætt og Heim 1961 side 32. Det kan ho snaut vera. Mor til Ingeborg vart som enke gift med Bjørn Marvik. Anfinn Høyvik saka Bjørn Marvik for arv etter far hennar, men Bjørn Marvik sa at det var ingen ting å arva etter far hennar. Han (Bjørn) har oppfostra og kosta brudlaup på henne og sendt henne heimanfrå som sine eigne barn. Då me så veit at Ingeborg Henriksdotter vart gift ikr. 1665 og Henrik Pedersen Sand lever og henta arven sin i 1668 etter broren Markus Pedersen, så kan ikkje dette høva. Truleg er Ingeborg Henriksdotter sonedotter av Henrik (eller Per) Sand.

Ingeborg Henriksdotter vart ikkje gamal. Det er skifte etter henne 16. des. 1682. Det var helst eit godt bu: 8 kyr verdsett til 24 rd. 7 gjeldnaut verdsett til 10 ½ rd. 3 smånaut til 1 ½ rd. 18 unge og gamle sauer, 6 rd. 18 unge og gamle geiter, 6 rd. 1 gammalt brunt hors, 1 rd. 1 føl ½ rd. 1 grått hors, 2 rd. 1 kjel på ½ våg, 4 ½ rd. 1 jerngryte, 3 Td. 1 seng med høyend, 2 rd. 1 ditto 2 ½ rd. 3 åklær, 2 rd. 1 kobbeskinns benkedyne, 1 ort, 1 kvittel ½ rd. 1 lagen ½ rd. 1 ditto, 3 ort, 1 duk, 3 mark, 2 bordringer, ½ rd. 1 par lysestaker ½ rd. 2 øksar, 4 mark, 2 ditto, 4 mark, 1 øks ½ ort, 1 stor navar 2 skilling, 1 bomma, 3 mark, 1 troenavar, 12 skilling, 1 tinnfat, 4 mark, 1 bomma, 1 rd. 2 øltræ, 2 mark, 2 ølhalvtønner til 1 ort, 3 kar, 1 rd. 2 gamle båtar og eit segl, 3 ½ rd. 1 utkvern, 2 rd. 1/3 part i saga med blad og reidskap, 4 rd.

Den avlidne sine gangklær var: 1 blommet fifskaffes stakk til 3 rd. 1 boffelbois stakk til 1 rd. 1 raud stakk til i/2 rd. 1 sliten stakk til 3 mark, 1 fifskaffes trøye til 2 rd. 1 svart klædestrøye til 1 ½ rd. 1 gamal svart klædestrøye til 4 mark, 1 gamal kåpe til 4 mark.

Korn, sa Annfinn, var det ikkje til deling då kona døydde i dimmelsveka og vart grl. 1. påskedag.

Alt i alt var det lausøyra til 100 rd. 4 skilling.

Ingeborg Henriksdotter let etter seg 4 søner:

a. Knut Anfinnson, seinare bonde Høyvik.
b. Henrik Anfinnson.
c. Markus Anfinnson, bonde Hustveit i Imsland.
d. Ola Anfinnson.

Det er åg på denne tid at Ola Andersson Foldøy nok ein gong prøver å få bunestadretten til Indre Høyvik. Anfinn Høyvik seier på tinget at Ola Andersson, frenden hans, gjer han stor urett om han driv han med dei fire umyndige barn bort frå Høyvik. Det vart til det at Anfinn skal ha retten til det pund smør han eig i Høyvik, men dei 12 m. sm. som Ola Andersson eig i Høyvik skal Anfinn ryddiggjera til neste faredag så Ola Andersson kan flytta inn på dei. Ola Andersson bygsla likevel dei 12 m. sm. til Anfinn.

Anfinn Knutson g. 2. g. m. Birgit Oddsdotter Berakvam. Han tingles 27. juni 1684 eit brev der han kunngjer «at ha givet og foræret hans tilkommende hustru Birgit Oddsdtr. bruk og bunestad på hans anpart gods og bunestad i Høyvik all hennes livs tad. Og hvis hun etter hans død igjen med en annen ærlig person blir forseet, da skal han gården beholde og gi hans. eldste søn 20 rd. Dat. Nessem 14. mars 1684.»

Med Birgit Oddsdotter fekk Anfinn og 4 søner:

e. Odd An nnson, 11 år i 1701.
f. Anfinn Anfinnson, 8 år i 1701.
g. Henrik Anfinnson, 6 år (1701).
h. Syvert Anfinnson f. 1698, bonde Soland.

Truleg hadde han og døtre, men dei er ikkje nemnde i manntalet 1701. Ei Magla Anfinnsdotter som med verje Ola Knutson Fatland sel gods i Høyvik i 1737, er truleg dotter hans.

Birgit Oddsdotter vart grl. 20. jan. 1701, Anfinn Knutson grl. 13. sept. 1705.

 

6. Knut Anfinnson

f. ikr. 1666, vart g. m. enka i Kalvik Kari Tormodsdotter frå Øvrebø. Ho var då enke etter Lars Trulsson Kalvik.

Knut Anfinnson får bygselbrev på Kalvik i 1695, same året som Lars Trulsson døydde. Men det gjekk ikkje så godt med Knut i Kalvik. Han vart usamd med Osmund Kalvik, folgemannen, som då var gift med mor til Lars Trulsson. Knut og kona flytte frå Kalvik før 1700. I 1706 bur dei i Indre Høyvik. Dei har då ingen søner, men dei to halvbrørne til Knut, Henrik og Syvert, bur hjå dei. I 1711 (ekstraskatten) vart det opplyst at Knut og kona har 4 barn. Truleg er det døtre.

Knut Anfinnson vart grl. 13. jan. 1715. Enka brukte Indre Høyvik nokre år etter mannen var avliden. Ei dotter, Brita Knutsdotter, vart i 1719 g. m. Bjørn Erikson, dei overtok Indre Høyvik etter Knut og Kari.

 

7. Bjørn Erikson

Landsnes, f. ikr. 1673, son av Erik Bårdson og kona Ingeborg Bjørnsdotter, vart i 1719 g. m. Brita Knutsdotter Høyvik. Han var då enkemann. Første kona var Kari Torgersdotter. Dei budde på Solheim i Nedstrand. Då han gifte seg med Brita Knutsdotter flytte han til Indre Høyvik og overtok garden der.

Bjørn Erikson brukte 1 pd. 16 m. sm. i Høyvik. Resten 20 m. sm. brukte Endre jensson (8). Men i 1730 kjøpte Bjørn Erikson bruket til Endre og brukte frå den tid heile garden.

Markus Anfinnson Hustveit frå Høyvik (5 c) hadde handla til seg av bror sin Knut Anfinnson 1 pd. 5 m. sm. i Høyvik. Sonen Ola Markusson Hustveit selde dette godset i Høyvik til sorenskrivar Morten Røder i Knutsvik, som same året 1732 selde det til Bjørn Erikson Høyvik. I 1736 selde Bjørn Erikson og kona det godset dei åtte i Høyvik til assessor Peder Valentinsen i Stavanger. Peder Valentinsen kjøpte og opp resten av godset i Høyvik. Det vart då sagt at Bjørn Erikson var gamal og avfeldig og vart meir og meir utarma på grunn av den dyre tida. Godset var ruinert og skogen uthoggen. Peder Valentinsen skulle gje 1 rd. 8 sk. for kvar mark. Det var 8 skilling meir enn det var verdsett til.

Bjørn Erikson sat då som bygselmann i Høyvik, og sonen Bjørn etter han. Men i 1759 tingles Peder Valentinsen eit brev på at Bjørn Bjørnson som bygslar hans 2 pd. 12 m. sm. i Høyvik, skal ha forkjøpsrett til å løysa inn garden. Barn:

a.Kari Bjørnsdtr. f. 1721.
b.Marta Bjørnsdtr. f. 1724, død 1725.
c.Erik Bjørnson f. 1725, død same år.
d.Ingeborg Bjørnsdtr. f. 1727, g. 1759 m. Osmund Olson Kalviknes.
e.Bjørn Bjørnson f. 1730 (sjå nr. 9).
f.Kari Bjørnsdtr. f. 1734, g. 1758 m. enkemann Lars Rasmusson (Mehus i Bygda 17). Busette seg seinare i Langvik i Erfjord.

Bjørn Erikson døydde i 1754, 831/2 år gamal. Enka sat med bruket etter han.

 

8. Endre Jensson

som brukte 12 m. sm. i Høyvik tek me med her, avdi denne parten av Høyvik vart seld til Bjørn Erikson Høyvik i 1730 og garden igjen samla til eit bruk.

Endre Jensson var 29 år i 1701 og tente då i Marvik. Han var son av Jens Andersson Frøland i Nedstrand som igjen var son av Anders Halvarson Østhus i Bygda. Så Endre jensson var nærmast jelsabu å kalla.

Endre vart i 1708 g. m. Brita Olsdotter, dotter av Ola Andersson Foldøy, som åtte 12 m. sm. i Høyvik. Dei busette seg på denne parten av Høyvik. Ei søster til Brita, Marta Olsdotter, budde hjå dei. Ho døydde før søstera, så Brita og Endre åtte desse 12 m. sm. i Høyvik.

I 1730 sel Endre jensson desse 12 m. sm. som kona, står det i skjøtet, hadde arva etter sine foreldre.

Brita Olsdotter døydde i 1735. Endre gifte seg då med Guro Ingebretsdotter Træ, budde der ei tid. Kyrkjebøkene er borte i tida 1735-53, det er truleg i denne tid Endre Jensson er avliden eller flytt frå Jelsa.

 

9. Bjørn Bjørnson
f. 1730, får bygsla Høyvik av Peder Valentinsen då han var vaksen nok til å overta. I 1759 får han brev på at han skal ha forkjøpsretten til Indre Høyvik. I 1767 får han skjøte av Anne Vilhelmine Bredal, enke etter Peder Valentinsen, på 2 pd. 12 m. sm. i Høyvik. Prisen var 350 rd.

Bjørn Bjørnson vart i 1760 g. m. Kari Knutsdotter Vatland i Refsbygda. Barn:

a.Brita Bjørnsdtr. f. 1761, g. 1787 m. Lars Tormodson Israelneset.
b.Siri Bjørnsdotter f. 1764, g. 1789 m. Bård Erikson Kalvik.
c.Bjørn Bjørnson f. 1767, døydde i Kongens teneste i Kjøbenhavn i 1790.
d.Knut Bjørnson f. 1770, bonde Høyvik.
e.Ola Bjørnson f. 1773, g. 1800 m. Valborg Osmundsdtr. Soland, buset Sildeli.
f.Herman Bjørnson f. 1777, g. 1814 m. Kari Osmundsdtr. Ytre Høyvik.
g.Kari Bjørnsdtr. f. 1777, g. 1805 m. Johannes Jørgensen Prestegards-Nådland.
h.Erik Bjørnson f. 1780, bonde Høyvik (11).

Bjørn Bjørnson fall ut or kyrkjebåten ein søndag i 1787 og drukna. Enka Kari Knutsdotter gifte seg i 1788 med Johannes Johannesson Soland. Bjørn Bjørnson var den siste som brukte Høyvik samla til eit bruk.

 

10. Johannes Johannesson

f. 1758, son av Johannes Olson Soland, gifte seg med enka Kari Knutsdotter Høyvik.

I skiftet etter mannen vart Kari utlagt halvparten av godset i Indre Høyvik, eller 1 pd. 6 m. sm. Barna etter Bjørn Bjørnson vart utlagt andre halvparten. Sonen Bjørn Bjørnson overtok denne halvpart og løyste ut medarvingane sine. Denne halvpart av Høyvik fekk i matrikkelen 1886 br.nr. 5 av Høyvik.

Johannes og Kari sat då att med halvparten av garden. Dei brukte bruket sitt til 1814. Det året døydde Kari Knutsdotter. Johannes Johannesson makebyter då bruk med yngste steson Erik Bjørnson og flytter til Ottøy (sjå Ottøy).

 

11. Erik Bjørnson

f. 1780, yngste son til Bjørn Bjørnson (9), vart i 1807 g. m. enka Gunhild Paulsdotter Ottøy og busette seg der. Då mor hans døydde overtok han hennar og stefaren sitt bruk i Høyvik.

Erik og Gunhild var barnlause. I 1829 skriv dei testamente, den som lever lengst skal arva buet etter den andre. Gunhild døydde same året.

Erik Bjørnson gifte seg oppatt 13. okt. 1829 med Siri Ivarsdotter, f. 1799 i Kuvik, dotter av Ivar Rasmusson Kuvik som seinare budde på Høyviktræ. Barn:

a.Bjørn Erikson, bonde Høyvik (12).
b.Ivar Erikson f. 1832, g. 1861 m. Brita Gudmundsdtr. Naustmyra, Berakvam. Budde visstnok på Hundvåg, der bur barna i skiftet etter morfar deira Gudmund Berakvam.
c.Erik Erikson f. 1835, gift og busett Hetland eller Stavanger.
d.Gundla Eriksdtr. f. 1833, g. m. Knut Knutson Hole i Sjernarøy, busett Lunde i Hetland.

Erik Bjørnson døydde i 1844. Enka Siri Ivarsdotter g. 2. g. m. enkemann Ola Gunderson Barkeland i 1845. Dei brukar garden til Bjørn Erikson var gamal nok til å overta. Folgemann Ola Gunderson Høyvik døydde i 1857. Siri Ivarsdotter døydde i 1879. Skifte 1880. Arvingar i skiftet: Son Bjørn Erikson Høyvik, dotter Gundla Eriksdotter, sonesøner Ola og Ivar Eriksøner 9 og 5 år, sonedøtre Inger Serine og Helene Gundine Eriksdøtre 15 og 6 år, sonesøner Erik og Gudmund Ivarsøner 16 og 11 år, sonedøtre Serina og Ida Bertine Ivarsdøtre 7 og 5 år.

 

12. Bjørn Erikson

f. 1830, fekk i skiftet etter faren i 1844 heimelsdokument på bruket. Taksten var 700 spd. og folga. I 1848 gifte Bjørn seg 18 ½ år gamal med Anna Oline Jakobsdotter Jårvik, 17 år gamal.

I 1880 selde han frå garden Skreddarneset som vart skyldsett til 1 ort 20 skilling og fekk i matrikkelen 1886 br.nr. 2 av Høyvik. Barn:

a.Erik Bjørnson f. 1849, død same år.
b.Jakob Bjørnson f. 1851.
c.Inger Serine Bjørnsdtr. f. 1854.
d.Erik Bjørnson f. 1856.
e.Bjørn Andreas Bjørnson f. 1858, sjømann, drukna i Bristolkanalen i 1882.
f.Martin Bjørnson f. 1860.
g.Ola Bjørnson f. 1863.
h.Olaus Andreas Bjørnson f. 1865.
i.Kornelius Berdines f. 1869, død 1874.

I 1875 bur heile huslyden samla i Høyvik. Bjørn har mor si hjå seg, ho er folge­kona, og vermor si Marta Andersdotter, ho bur i Seljedalsstova.

Anna Oline Jakobsdotter døydde i 1882. Bjørn Erikson lever i 1900 og er då oppattgift med Anna Torsdotter frå Imsland, f. 1837.

 

13. Jakob Bjørnson

f. 1851, overtek bruket i Høyvik ikr. 1878. I 1877 vart han g. m. Johanna Bergesdotter Erøy, f. 1854.

Jakob selde i 1883 Lund av Høyvik til Nils Bårdson. Lund fekk i matrikkelen 1886 br.nr. 3 av Høyvik.

Same år selde han Hagen til Johannes Olson Høyvikhabn. Hagen fekk i matrik­kelen 1886 br.nr. 4 av Høyvik. Jakob Bjørnson hadde nok ikkje skjøte på Høyvik. I 1890 skriv faren Bjørn Erikson ut skjøte på Skreddarneset, Lund og Hagen. Barn:

a.Bjørn Jakobson f. 1878, bonde Høyvik.
b.Berge Jakobson f. 1881.                                              
c.Anna Olava f. 1883.
d.Bertine f. 1886.                                                           
e.Inger Andrea.
f.Jakobine f. 1890.
g.Bertine f. 1892.
h.Sofie f. 1894.

Jakob Bjørnson døydde i 1894. Enka med barna bur på br.nr. 1 av Høyvik i 1900. Johanna Bergesdotter døydde i 1930.

 

14. Bjørn Jakobson

f. 1878, har overteke br.nr. 1 i matrikkelen frå 1906.

Bruksnr. 2 av Høyvik, Skreddarneset.

Skreddarneset vart utskift, skyldsett og seld frå br.nr. 1 av Høyvik i 1880. I 1886 fekk plassen br.nr. 2 av Høyvik.

15. Ola Olson

f. 1844, son av Ola Olson Skreddarneset (sjå husmannsplassar u. Høyvik), kjøpte Skreddarneset i 1880 av Bjørn Erikson. Plassen vart skyldsett til 1 ort 20 skilling som i matrikkelen 1886 vart til 63 øre.

Ola Olson vart 1870 g. m. Siri Knutsdotter Høyviktræ, f. 1846 (sjå Høyviktræ). Ola Olson var jekteskipper. Barn:

a.Ola Olson f. 1871, budde seinare på Skreddarneset.
b.Jone Olson f. 1872, sjømann i utanriksfart i 1900, i 1907 g. m. Serine Jons­dtr. Rørheim.
c.Knut Olson f. 1875.
d.Berta Olsdtr. f. 1877.
e.Berta Oline Olsdtr. f. 1878.
f.Ola Olson d. y. f. 1880, sjømann i utanriksfart i 1900.
g.Oletta Severine f. 1883.
h.Berdines Olson f. 1885.
i.Edvart Olson f. 1889. j. Johanna Olsdtr. f. 1891.

 

16. Ola Olson

f. 1871, overtek Skreddarneset etter faren. I l900 bur han heime, men har ikkje overteke bruket då.

Ola Olson g. m. Helene Eriksdotter Høyvik (sjå Høyvik 11 c), f. i Frue sokn. I 1900 har dei barna:

a. Hanna f. 1891.
b.Edvardine, f. 1892.
c.Oletta f. 1894.
d.Olaf f. 1897.
e.Erik f. 1899.
f.Hartvig f. 1900. Seinare Edvard, Erik og Bertine.

Som faren var og Ola Olson jekteskipper.

Bruksnr. 3 av Høyvik, Lund.

Lund vart utskift, skyldsett og seld av br.nr. 1 i 1883. Matrikkelskylda sett til 22 sk. som i matrikkelen 1886 vart til 31 øre og br.nr. 3 av Høyvik.

 

17. Nils Bårdson

f. 1855 på Lund (sjå Lund u. Høyvik), får i 1883 kjøpe plassen av Jakob Bjørnson på br.nr. 1. Nils Bårdson var jekteskipper. Han var g. m. Petroline Jonette Fredriksdotter Klæbo. Barn:

a.Amanda Katrine f. 1885.
b.Ingvald Kornelius f. 1887.
c.Berner Bernhoft f. 1889 på Glein i Dønnes sokn i Nordland fylke.

Nils Bårdson flytte truleg til Nordland ikr. 1889.

 

18. Johan Bårdson

f. 1860, overtok Lund etter broren Nils ikr. 1889. Nils Bårdson hadde ikkje fått skjøte på bruket. Det får Johan i 1890 av Bjørn Erikson. Kjøpesum 800 kr.

Johan Lund var g. m. Brønla Jakobsdotter Tveita (Norebøen), f. 1860. Barn:

a.Bjørn f. 1889, bonde og notbas Lund.
b.Anna f. 1891.
c.Jakob f. 1892, busett Hagen Høyvik.
d.Kornelius f. 1894, busett Høyvik.
e.Mallin f. 1895, busett Randeberg.
f.Brønla (Matilde ?), f. 1897, busett Stavanger.
g.Karen f. 1900, busett Time.
h.Johanna f. 1901, g. m. Johan Nyvoll.
i. Gina, f. 1904, busett Randeberg.
j.Johannes.

Johan Bårdson og Brønla Jakobsdotter har br.nr. 3 av Høyvik i 1906.

Bruksnr. 4 av Høyvik, Hagen.

Hagen vart utskift, skyldsett og seld frå br.nr. 1 i 1883.

 

19. Johannes Olson

Høyvikhabn eller Skreddarneset, f. 1851 (sjå Skreddarneset og Høyvikhabn), kjøpte Hagen i 1883, gav 600 kr. for bruket. Han var som alle i Høyvikhabn jekteeigar og førar. I 1900 bur han i Hagen med kona Birgitte Kristiansdotter, f. 1872. Søster hans, Berta Olsdotter, bur hjå han. Dessutan bur i Hagen i 1900 brorson hans, Knut Olson, f. 1875, g. m. Oline Jonsdotter, f. 1877. Knut er fartykar han åg.

Hagen var på 13 skilling gamal skyld. Ny skyld 18 øre.

 

20. Bjørn Bjørnson

Høyvik, f. 1767 (sjå br.nr. 1 nr. 9), fekk i skiftet etter faren i 1787 utlagt halvparten av Indre Høyvik, mora Kari Knutsdotter andre halvpart. Bjørn løyste ut det som søsken hans hadde arva i garden.

I 1789 vart han utkommandert som matros i Kongens flåte. Aret etter kom det melding om at han var død i Kjøbenhavn. Skifte etter han 2. okt. 1790.

Bjørn var ungkar og jordegodset 1 pd. 6 m. sm. i Høyvik vart i skiftet utlagt broren Knut Bjørnson mot at han betalte all gjeld i buet.

 

21. Knut Bjørnson

f. 1770, overtok så i 1790 bruket i Høyvik. I 1794 vart han g. m. Brita Ingebretsdotter Hebnes Storstov, f. 1767. Barn:

a.Kari f. 1795, g. 1815 m. Tormod Bjørnson Marvik.
b.Marta f. 1798, g. 1822 m. Anbjørn Osmundson Østebø.
c.Brita f. 1802, død 1803.
d.Bjørn f. 1804, død same år.

Knut og Brita sat med garden til 1823. Då selde dei bruket til verson sin Anbjørn Osmundson og set seg i folga. For bruket 1 pd. 6 m. sm. i Høyvik vart då betalt med 200 spd. i sølv og 200 spd. i papir.

Knut Bjørnson døydde i 1850. Brita Ingebretsdotter døydde i 1837.

 

22. Anbjørn Osmundson

f. 1798 på Østebø i Sandeid, son av Osmund Osmundson, overtek bruket etter verfaren i 1823. Gift 1822 med Marta Knutsdotter Høyvik. Barn:

a.Osmund f. 1823, død same år.
b.Knut f. 1824, bonde Høyvik.
c.Elisebet f. 1827, død 1847.
d.Brita f. 1831.
e.Marta f. 1834.
f.Anna f. 1837, g. 1865 m. Osmund Sjurson Kalvikneset.
g.Marta Karine f. 1841, død same år.
h.Anbjørn f. 1842, bonde Høyvik.

I 1851 bestemte Anbjørn Høyvik at bruket etter han skal delast mellom dei to sønene Knut og Anbjørn.

Anbjørn Osmundson døydde i 1862. Sønene overtok då bruka sine og skriv ut følgebrev til mora.

Skyldsetningsforretningen er tgl. 27. mars 1863. Knut Anbjørnson overtek hovedbruket som vart skyldsett til 2 dl. 12 sk. og Anbjørn får Israelneset som vart skyldsett til 1 dl. 1 ørt.

 

23. Knut Anbjørnson

f. 1824, overtok hovedbruket i Høyvik. I 1863 gift med Brita Osmundsdotter Erøy, f. 1838. Barn:

a. Marta Karina f. 1864, g. m. lærar Jakob Martin Sandane.
b. Gundla Martine f. 1865, g. m. Torgils Lovra.
c. Anbjørn f. 1867, bonde Høyvik.
d. Osmund f. 1868.
e. Knut f. 1870, død ung.
f. Berta Lisbet f. 1872, g. m. Albert Tveita.
g. Konrad Berdines f. 1874, bonde Høyvik.
h. Liva f. 1876, død 1882.
i. Oletta Martine f. 1879, død 1882. Båe døydde i skarlagensfeber.

Både Knut og Brita lever i 1900. Dei er då folgefolk.

 

24. Anbjørn Knutson

f. 1867, lever som gardbrukar og bøkker på br.nr. 5 i 1900. Han har bror sin Osmund hjå seg, han er kalla gards- og skogsarbeidar. Ingen av dei var gifte. Anbjørn døydde ung, men Osmund vart ein gamal mann.

 

25. Konrad Knutson

f. 1874, den yngste bror, overtok Høyvik i 1906. Gift med Karen Paulsdotter Bog. Konrad hadde før vore landhandlar på Foreneset, seinare i Høyvik.

Bruksnr. 6 av Høyvik, Israelneset.

26. Anbjørn Anbjørnson

f. 1842, fekk denne større plass av Høyvik då faren i 1851 skifte mellom sønene (sjå nr. 22).

Anbjørn vart i 1871 g. m. Gundla Osmundsdotter Erøy, f. 1849. Anbjørn dreiv landhandleri i Israelneset og sto seg godt økonomisk. Han hadde ei tid Hebnes Framigard, men truleg har han berre leigefolk der. Det er enka, Gundla Osmundsdotter, som seinare sel Hebnes Framigard. Anbjørn Anbjørnson er avliden i 1896, det året får enka løyve til å sitja i uskifta bu. Barn:

a. Marta Karine, f. 1872.
b.Gundla Martine f. 1873, g. m. Bjørn Jakobson Høyvik.
c.Anna Lisbet f. 1875.
d.Lina Martine f. 1878.
e.Anbjørn f. 1880, bonde Høyvik.
f.Martine Osmine f. 1883.
g.Oletta Gustava f. 1885.
h.Osmine Kamilla, f. 1889.
i.Alfred f. 1893.
j.Osmund f. 1896.

I 1900 bur Gundla Osmundsdotter som «gårdeierenke og kapitalist» i Israelneset. Ho hadde då teke til seg søsterdottera si som fosterdotter, Marta Olsdotter f. 1900 i Frue sokn, dotter til Ola Utheim.

 

27. Anbjørn Anbjørnson

f. 1880, har i 1906 overteke bruket. Han var gift med Anna Torkelsdotter Erfjord.

Husmannsplassar u. Høyvik Indre.

Israelneset.

Israelneset er, når me ikkje reknar Ottøy med, truleg den eldste husmannsplass u. Høyvik. Truleg har plassen fått namn etter Israel Johannson som budde både på Ottøy og Israelneset. Rundt om Ottøysundet voks det opp eit sentrum i Jelsa med handel, gjestgjeveri, smed, skomakar og skreddar. I 1692 fekk Anton Gunther Ågård kgl. løyve til å driva eit saltkokeri av sjøvatn i Jelsa. Han la det til Høyvikhabn. I 1705 legg han fram prøve på saltet på rådstova i Stavanger. Anton Ågård var då byskrivar i Stavanger.

 

28. Nils Ormson

f. ikr. 1660, son til Orm Larsson Prestegards-Nådland, bur i Neset u. Høyvik i 1701. Han er då vanfør. Han døydde i 1708. Gift med ei dotter av Knut Anfinnson Høyvik (3).

 

29. Tormod Gunnarson

Soland er komen til Israelneset i 1706. Truleg har han overteke plassen etter den vanføre Nils Ormson. Tormod flytte seinare attende til Soland (sjå Soland nr. 25)

 

30. Knut Hermanson

Kolstø, f. ikr. 1675, bur i Israelneset i 1700. Han var skomakar. I 1706 bur han på Berget u. Høyvik, men flytte attende til Israelneset då Tormod Gunnarson flytte til Soland. Knut vart i 1700 g. m. Kirsti Andersdotter. Barn:

a.Herman Knutson f. 1700.
b.Siri Knutsdtr. f. 1703, g. 1727 m. Lars Rasmusson, bur i 1758 på Jelsaneset.
c.Guro Knutsdtr. f. 1706, døydde i Israelneset i 1755.

Knut Hermanson døydde i 1725.

 

31. Jakob Øysteinson

frå Bergenhus len budde i 1706 på Jelsaneset. På sine eldre dagar gifte han seg i 1726 som enkemann med Anna Nilsdotter. Dei flytte då til Israelneset. Dei får sonen Nils f. 1727 i Israelneset.

 

32. Jakob Øysteinson

f. 1732, soneson til nr. 31, bur i Israelneset i 1758. I 1757 vart han g. m. Liva Olsdotter Grønnevik u. Prestegards-Nådland, f. 1732, dotter til Ola Knutson Grønnevik frå Romsbotn.

Liva Olsdotter døydde i 1769. Jakob Øysteinson gifte seg då med enka i Jårvik, Kari Mortensdotter, og flytte dit.

Om barna til Jakob Øysteinson sjå Ytre Jårvik nr. 8.

 

33. Gaute Paulson

f. 1727 på Jelsaneset, son av Paul Johannesson og Ingrid Gautesdotter, vart i 1756 g. m. Johanna Persdotter, f. ikr. 1702, enke etter snekker Ola Osmundson på Jelsaneset. Dei busette seg i Israelneset etter at Jakob Øysteinson var flytt derfrå. Far til Gaute var frå Økstrasaga, mora frå Fatnes.

Gaute Israelneset døydde i 1786. Mor hans og søsken arva han. Johanna Persdotter døydde ikr. nyår 1787, 86 år gamal, grl. 15. jan. 1787.

 

34. Lars Tormodson

Bratland, f. 1756, vart i 1787 g. m. Brita Bjørnsdotter Høyvik, f. 1761 (sjå Høyvik 9 a). Dei fekk bygsla Israelneset av far hennar.

Brita Bjørnsdotter døydde to år etter i Israelneset. Skifte etter henne 3. juni 1789. Ho let då etter seg ei dotter, Kari Larsdotter, 6 månader gamal. Kari vart 1820 g. m. Herman Hermanson Midvik i Sand, men døydde i barnseng året etter.

Lars Tormodson gift 1790 2. g. m. Ragnhild Gautesdotter, f. 1759 på Soland. (Sjå Soland 29 e). Barn:

a.Brita f. 1793, g. 1817 m. Albert Hermanson Midvik (sjå Soland 33).
b Tormod f. 1796, sjå nr. 35.
c. Hadle f. 1802, busett Hellevik (sjå Hellevik nr. 8 ).

Ragnhild Gautesdotter døydde i 1826, Lars Tormodson i 1835.

 

35. Tormod Larsson

f. 1796, bygsla Israelneset av Knut Bjørnson Høyvik i 1823. Han skulle gjeva foreldra sine folga av Israelneset.

Tormod vart i'1827 g. m. Kari Levardsdotter Jårvik, f. 1797 (sjå Indre Jårvik nr. 10).

Tormod Larsson døydde i 1842. Det er skifte etter han i 1847.

Barn som då lever:

a.Ragnhild f. 1828, g. m. Halvar Larsson Myge i Avaldsnes.
b.Marta f. 1830.
c.Lars f. 1837.

Enka Kari Levardsdotter g. 2. g. 1848 m. Ivar Knutson Vormedal i Avaldsnes. Dei flytte til Avaldsnes.

Tormod og Kari var truleg dei siste husmannsfolk i Israelneset. I 1851 får sonen i Høyvik, Anbjørn Anbjørnson, Israelneset til bustad. Sjå Høyvik nr. 26.

Skreddarneset.

36. Ola Jakobson

f. 1643, var skreddar og budde på Skreddarneset. Kona heite Lisbet, skreddar­Lisbet kalla.

I 1678 stemnde futen han inn for tinget på Jelsa:

«Ole Jakobsen, ektemann og skredder, var innstevnet for i hans ekteskap har gjort horkarl av seg og beligget i Ottøen et kvinnfolk Dorte, protesterte på straff over ham. Fornevnte skredder møtte ikke, men hans ektekvinne som gråt og jamret seg, sa at leiermålet var altfor sant. Klaget seg over han ikke hadde vært hjemme hos henne vel på en måneds tid.

Sluttet : Fornevnte Ole har forbrudt all sin boslodd og løsøre, og etterdi hans eiendele er helst ringe, uten noen fattige små nøkne børn, synes oss han billigen bør tjene hans Ko: Ma: for hva tjeneste han kan aktes døktig til.»

Me finn Ola Jakobson att på Skreddarneset i 1695. Då stemnde han inn husbond sin, Anfinn Høyvik, fordi han ikkje ville, som han hadde lova, betala for son sin, Markus, som Ola skulle læra opp i skreddarfaget. Dessutan hadde han klædd guten opp med nye klær og anna, kravde 17 rd. Markus Anfinnson møtte for far sin, sa at faren nekta kravet. Ola skreddar hadde sjølv lova Markus fri klær mens han var i lære hjå han. Saka vart utsett til Anfinn Høyvik sjølv kunne møta i retten.

Ola Jakobson bur på Skreddarneset i 1706. Han har ein fosterson hjå seg, ein søsterson til kona, han heite Odd Kristenson f. 1691 i Stavanger.

Ola skreddar grl. 1709, 68 år gamal. Skreddar-Lisbet døydde i 1725.

 

37. Odd Kristenson

budde seinare på Skreddarneset. Han hadde i fleire år vore matros i Kongens teneste før han i 1723 gifte seg med Mallin Persdotter.

Elles var han ikkje tilvens med kapteinane. Ein kaptein Peter Petersen var ille ute på Jelsaneset i 1725. Odd Kristenson Skreddarneset og Herman Knutson Høyvikhabn gjekk han hardt inn på livet. Odd meinte kapteinen hadde kravd for myke av husmennene i ein militærskatt som var pålagt. Tidleg på våren 1725 stemnde han kaptein Petersen inn for tinget for å få kvittering av han. Det fekk han ikkje. Ein søndag seinare på året fann dei ut at dei ville gjera opp med kapteinen. Eit vitne Søren Sørenson fortel det slik:

«Han sat inne hos mad. Bierbye da kapteinen kom inn. Derfra ville han (kapteinen) gå til kirken. Da han kom utenfor døren sto en stor hop medfolk utenfor. Da sagde Jakob Ormsviken til kapteinen at han aktet ham ikke mere enn sine gamle sko. Da nu kapteinen skulle gå videre frem til kirken sprang Odd Skreddernes og Herman Knutsen og tok fatt på ham i brøstet. Hva de sagde hørte ikke vitnet, men kapteinen løp det beste han kunne til kirken, gikk inn til provsten og begjærte kirkefred. Hvorpå provsten gikk ut av kirken og talte til dem, hvorpå det blev stille. Videre vasste vitnet ikke.»

Det fall dom i saka 29. juni 1725. Odd Kristenson og Herman Knutson måtte bøta 120 lodd sølv kvar, dessutan 12 rd. i sakskostnad. Jakob Ormansvik slapp lettare: Han skulle gjeva kapteinen si årsaking og bøta 4 rd. til Stavanger Hospital og 2 rd. i sakskostnad. Han hadde berre brukt munn og det kanskje «av lutter tåpelighet som en eldgammel mann han er.»

Odd Kristenson døydde i 1733. Han var då utan livsarvingar. Hans frende Lars Voll på Mosterøy var ein av arvingane.

 

38. Lars Skreddarneset

er nemnd i kyrkjeboka ikr. 1750. Ei dotter Magla døypt 1754 og ein son Ola døypt i 1757. Kjenner ikkje meir til han.

 

39. Johannes Endreson

f. 1706 på Nevøy, son av Endre Nilsson frå Rosseid, vart i 1735 g. m. Berta Isaksdotter. Dei busette seg først i Grønnevik u. Jårvik. Berta Isaksdotter døydde i 1744. Ho let då etter seg ei dotter, Borghild Johannesdotter, f. 1740.

Johannes Endreson gifte seg 2. g. m. Berta Andersdotter, f. ikr. 1706. I 1758 bur dei i Skreddarneset. Ei dotter hadde dei, Berta Johannesdotter, f. 1748.

Johannes Endreson sa opp plassen ikr. 1767 og flytte frå Skreddarneset. Han budde visstnok ei tid på Føljesvoll i Erfjord.

 

40. Omund Omundson,

g. 1764 m. Elisabet Paulsdotter, dotter av Paul Johannesson Økstrasaga. Ho var søster til Gaute Paulson Israelneset (sjå nr. 33). Omund bygsla Skreddarneset i 1767 av Bjørn Bjørnson Høyvik:

«Etterskrevne Bjørn Bjørnsen Høyvik kjennes og hermed vitterliggjør at som Johannes Endresen har oppsagt og avstået plasset Skredderneset kallet for Omund Omundsen, så må bemeldte Omund Omundsen fremdeles nyte, bruke og beholde samme som husmann hans livs tid, når han derav betaler i årlig grunnleie 3 rd. 3 ort, så og forretter 3 dages arbeide, et i hver vinne, om året, og den øvrige tid av sommeren når forlanges mot betaling arbeider hos husbonden fremfor hos fremmede. Når Omund Omundson oppfylder disse plikter og forholder seg mot husbond, granner og naboer som en ærlig og fredsommelig mann egner og anstår, skal ei alene han men og hans hustru etter hans død være nærmest til plasset Skreddernes med underliggende Bergets og Træets bruk og besittelse mot den forhen stipulerte grunnleie uten forhøyning eller videre pålegg av hva navn nevnes kan. Græsgang nyter han til så mange kreature på plasset kan fødes i gården Høyviks utmark, likeså og de på plasset stående huse er Omund Omundsen tilhørende. Til bekreftelse under mitt sedvanlig brukende signet og formået de 2de gode menn lensmann Gudmund Fuglesteen og Knud Lovre med mig til vitterlighet å besegle på Jelse tingsted den 3. nov. 1767. »

Barn mens de budde på Skreddarneset:

a.Elisabet, f. 1765, død på Nordnes i 1797.
b.Elisabet d. y. f. 1767.
c.Ingrid f. 1769.
d.Abelone f. 1772, grl. 1798.
e.Omund f. 1776, g. m. Brita Taraldsdotter.
f.Marta f. 1778.
g.Paul f. 1783, død på Nordnes i 1789.

Omund Omundson flytte til Nordnes Jelsa. Der døydde kona Elisabet Paulsdotter i 1789, 49 år gamal. Omund grl. i 1800, 68 år gamal.

 

41. Orm Monson

f. ikr. 1753, vart i 1778 g. m. Kari Knutsdotter Stabbevik, f. ikr. 1739. Dei busette seg først på Sagneset u. Hamra. Der er einaste sonen deira fødd i 1783, Knut Ormson. Då Omund flytte til Jelsaneset flytte Orm og Kari inn på Skreddarneset. Søster til Kari, Anna Knutsdotter, budde då i Hamborneset.

I 1801 bur dei i Skreddarneset. Har då sonen Knut Ormson, 18 år gamal. Dessutan har dei det årsgamle barnet etter Herman Erikson på Jelsa hjå seg, Marta Jorine.

Kari Knutsdotter Skreddarneset døydde i 1818, 82 år gamal. Orm -bur nokre år i Skreddarneset etter at kona var død, men i 1825 finn me han som strandsitjar på Jelsa Nordnes. Han gifte seg i 1825 med Gunla Torgersdotter, ei enka på Nordnes. Orm er då 70 år, Gunla 56 år gamal. Men det vart eit kort ekteskap, Orm døydde i 1826.

 

42. Bjørn Bårdson

Kalvik, f. 1792, vart i 1823 g. m. Kari Olsdotter Sildeli, f. 1800, dotter av Ola Bjørnson Høyvik og Valborg Osmundsdotter. Då Skreddarneset vart ledig bygsla dei plassen i 1823 av Erik Bjørnson Høyvik. Barn:

a.Bård Bjørnson f. 1824, seinare busett Lund u. Høyvik.
b.Valborg Bjørnsdtr. f. 1826, g. m. smeden Johannes Tormodson, budde Skreddarneset.
c.Siri Bjørnsdtr. f. 1829, g. m. Bjørn Hermanson Høyvik, budde på Rota u. Høyvik.
d.Kari Bjørnsdtr. f. 1832.
e.Oline Bjørnsdtr. f. 1838.
f.Bjørn Bjørnson f. 1841, busett Dalen u. Høyvik.

Bjørn Bårdson og kona Kari Olsdotter døydde båe i 1863.

 

43. Ola Olson

Sildelid, f. 1813, bror til Kari Olsdotter (42), overtok og får bygselsetel på Skreddarneset av Bjørn Høyvik i 1855. Han skulle betala 5 rd. årleg og noko arbeid i onnene.

Ola Olson vart i 1844 g. m. Brita Jonsdotter lsvik u. Marvik. Ho var då 23 år gamal, og var dotter av Jon Omundson Isvik. Ola Olson er i 1875 kalla husmann og bøkker. Barn:

a.Ola Olson f. 1845, busett Skreddarneset.
b.Jone Olson f. 1847.
c.Johannes Olson f. 1851, kjøpte Hagen u. Høyvik i 1883, sjå br.nr. 4 av Høyvik.
d.Brita Olsdtr. f. 1854.

Ola Olson Skreddarneset eller Habn døydde i 1881.

 

44. Johannes Tormodson

f. 1819 i Vikedal, son av Tormod Johannesson Holte, vart i 1851 g. m. Talborg Bjørnsdotter Skreddarneset (42 b). Han sette seg ned som smed i Skreddarneset, hadde visstnok ikkje jord til huset sitt. Han sette opp smidja og dreiv smedyrket så lenge han levde, og sonen etter han.

Barn:

a.Tormod Johan f. 1851, smed først på Skreddarneset, seinare på Jelsa Nordnes, kalla Tormod smed.
b.Bjørn f. 1859, død 1877.
c.Marta Karine f. 1864.
d.Hanna Taletta f. 1869.

 

45. Ola Olson

f. 1845, son av Ola Olson Skreddarneset (43 a), kjøpte i 1880 Skreddarneset av Bjørn Erikson Høyvik. Sjå br.nr. 2 av Høyvik nr. 15.

Lund u. Høyvik.

Lund er eit namn me ikkje finn i dei gamle dokument, korkje i kyrkjebok, pantebok eller tingbok. Det var truleg ein gong på 1800 talet at namnet Lund vart sett på denne plassen. Ein gamal plass kalla Berget er nemnd alt på 1600 talet. kanskje Lund er ein part av denne plassen.

I 1840 feste Erik Bjørnson og Anbjørn Osmundson denne plassen til Jon Halvarson. Plassen var ikkje utskift til nokon av bruka i Høyvik då garden Høyvik i 1788 vart delt i to bruk.

 

46. Jon Halvarson

Økstrasaga, f. 1808, son av Halvar Toreson, vart i 1839 g. m. Kari Ivarsdotter Høyviktræ, f. 1815. Dei bygsla Lund i 1840 og busette seg der.

Jon Halvarson døydde 5. jan. 1849. Skifte same året. Han let då etter seg to søner:

a.Ivar Jonson f. 1843, budde seinare i Naustmyra av Berakvam.
b.Halvar Jonson f. 1847.

Enka Kari Ivarsdotter gifte seg oppatt same år med Bård Bjørnson Skreddarneset (42 a). Aret etter 5. april 1850 døydde Kari Ivarsdotter 35 år gamal.

 

47. Bård Bjørnson

f. 1824, gifte seg oppatt i 1850 med Karen Margrete Nils­ dotter Fjetland, døypt 16. jan. 1825.

Barn:

a.Kari Bårdsdtr. f. 1851, i 1875 gift, men bur då heime.
b.Nils Bårdson f. 1855, kjøpte Lund i 1883.
c.Bjørn Bårdson f. 1857.
d.Johan Bårdson f. 1860, busett Lund.
e.Anna Karine f. 1864.
f.Berdines Bårdson f. 1868.

Bård Bjørnson døydde i 1876, 52 år gamal. Karen Margrete Nilsdotter lever i 1900. Ho har då sonen Berdines heime. Han er fiskar.

Sjå elles Lund br.nr. 3 av Høyvik, nr. 17 og 18.

Indre Høyviktræ.

48. Torger i Træ

bur der i 1711 med kona. Likeeins bur der ei huskvinna Anna i Træ med to barn.

 

49. Anders Aslakson

f. ikr. 1738 på Lånene u. Fister, son av Aslak Torson og Gro Oddsdotter (sjå Buer nr. 8), var g. m. Guri Jørgensdotter. Dei budde først i Erfjord, seinare i Sildelid og tilsist i Træ u. Indre Høyvik. Barn:

a.Kari Andersdtr. f. 1770, g. 1795 m. enkemann Ånon Jensson Marvik. G. 2. g. 1805 m. enkemann Knut Knutson Slåtta u. Vatland.
b.Randi f. 1772.
c.Jørgen f. 1778.
d.Aslak f. 1780.
e.Johannes f. 1782.

f.Marta g. m. Ola Andersson Straumberget.

 

50. Søren Sveinson

Haua kjøpte husa på Træ etter Anders Aslakson i 1802. Gav 10 rd. 8 skilling for dei. Søren vart 1800 g. m. Johanna Marie Jakobsdotter Salia. Dei busette seg på Træ, budde der nokre år, men flytte seinare til Sandslandet.

 

51. Anders Steffenson

Åsen, f. ikr. 1785, vart i 1807 g. m. Marta Larsdotter Kjølviksaga. I 1813 bur dei i Eskevik u. Hamra. I 1817 får dei bygselbrev på Træ u.

Indre Høyvik. Anders Steffenson var truleg frå Vindafjorden. Han tente på Hebnes den tid han gifte seg. To søner døydde som barn, dei het

Lars og
Steffen.

I skiftet etter Anders Steffenson i 1833 er han barnlaus. Kona Marta Larsdotter lever etter han. Ho døydde i 1835, 62 år gamal.

 

52. Ivar Rasmusson

f. 1765 i Kuvik i Sand, son av Rasmus Gudmundson Ku­vik frå Krossvik u. Romsbotn og Brita Ivarsdotter Kuvik. Ivar vart i 1797 g. m. Brita Larsdotter. Dei budde i Kuvik til ikr. 1808. Det året bur dei på Træ. Barn:

a.Lars Ivarson f. 1797, g. 1827 m. Brita Trondsdotter Li, budde i Romsbotn.
b.Siri Ivarsdtr. f. 1798, g. m. Erik Bjørnson Høyvik.
c.Brita Ivarsdtr. f. 1800.
d.Gudmund Ivarson f. 1802, busett Berakvam.
e.Rasmus Ivarson f. 1805, drukna på ei byreis i 1822.
f.Kari Ivarsdtr. f. 1808, g. 1. g. m. Jon Halvarson Okstrasaga, busett Lund u. Høyvik. G. 2. g. m. Bård Bjørnson Skreddarneset.
g.Johannes Ivarson f. 1809.
h.Ivar Ivarson f. 1811, g. m. Inger Osmundsdtr. Kalviknes.
i.Brita Ivarsdtr. f. 1817, g. m. Knut Olson Sildeli, busett Træ.
j.Herman Ivarson f. 1822, g. m. Ingeborg Mattisdotter Marvik.

Ivar Rasmusson døydde i 1838.

 

53. Knut Olson

Sildeli f. 1811, vart i 1836 g. m. Brita Ivarsdotter Træ. Ho var då 19 år gamal. Knut var son av Ola Bjørnson I. Høyvik (I. Høyvik 9 a). Knut og Brita busette seg på Træ. Knut Olson dreiv fiske. Barn:

a.Ola Knutson f. 1836, busett Træ u. Indre Høyvik.
b.Ivar Knutson f. 1839, busett Træ u. Ytre Høyvik.
c.Rasmus Knutson f. 1843, busett Jektevik u. Tveita.
d.Brita Knutsdtr. f. 1844, g. m. Bjørn Gauteson Hellevik.
e.Berta Knutsdtr. f. 1849, død ung.
f.Valborg Knutsdtr. f. 1841, g. m. Mikkel Nilsson Hellevikneset.
g.Knut Knutson f. 1854, sjømann, busett Træ.
h.Bjørn Knutson f. 1856, død 1887, sjømann.
i.Johannes Knutson f. 1858, busett Kalvikneset.
j.Siri Knutsdtr. f. 1846, g. m. Ola Olson Skreddarnes.
k.Inger Knutsdtr. f. 1864, g. m. Kornelius Bjørnson Hagen Jelsa.

Knut Olson Træ døydde i 1877.

 

54. Ola Knutson

f. 1836, bur på Træ i 1875 som fiskar og dagarbeidar. Han vart gift i 1861 med Elen Serine Faltinsdotter Foldøy, då 22 år gamal. Barn:

a.Faltin f. 1864.                                                              
b.Karen Birgitte f. 1866.
c.Andreas f. 1869.
d.Knut f. 1872.
e.Tomas f. 1874.

Dessutan var det nokre som døydde som spebarn.

Ola Knutson Træ døydde i 1877, 41 år gamal.

 

55. Knut Knutson

f. 1854, bror til Ola Knutson, bur på Træ i 1900. Gift med Gundla Sjursdotter, f. 1870 på Tosteinbu i Imsland. Knut Knutson kjøpte Træ som i matrikkelen 1906 fekk br.nr. 7 av Høyvik, skyld 30 øre. Barn:

a.Inger Serine f. 1892.
b.Knut f. 1894.
c.Syvert f. 1896.
d.Bernhard Olai f. 1900.

Etter 1900:

Tomas,
Olav,
Berta,
Karen,
Inga, og
Brita.

Dalen u. Høyvik.

56. Bjørn Bjørnson

f. 1841 på Skreddarneset (sjå nr. 42), vart 1873 g. m. Sissela Larsdotter Foreneset, f. 1845. Dei busette seg på Dalen u. Høyvik. Han var i 1875 kalla dagsarbeidar. Barn:

a.Bernhard f. 1875.

Bjørn Bjørnson døydde i 1887. I 1900 bur Sissela som enke i Dalen, har den ugifte sonen Bernhard heime.

Rota u. Høyvik.

57. Bjørn Hermanson

f. 1820 (sjå 1. Høyvik 9 f og Ytre Høyviktræ), vart i 1851 g. m. Siri Bjørnsdotter Skreddarneset (sjå Høyvik nr. 42). Dei busette seg i Rota u. Høyvik. Barn:

a. Herman f. 1853, død same år.
b. Herman f. 1856, busett Flåta u. Fuglestein.
c. Bjørn f. 1860.
d. Karen Serine f. 1865.
e. Johanna f. 1870, død same år.

I 1900 bur Karen Serine Bjørnsdotter åleine i Rota.

Berget og Kathabn.

58. Knut på Berget

u. Høyvik bur der i 1666. Er då 50 år gamal og har sønene:

a.Osmund, 8 år,
b.Søren,4 år og
c.Ånon, 2 år.

 

59. Gunnar Erikson

bur i Kathabn i 1666, 59 år gamal. Gunnar Kathabn møtte ofte på tinget som ein slags kurator for folk. Elles ofte skysskar for fut og skrivar. På sine gamle dagar ville han gjerne gifta seg, men det må ha vore vanskeleg å få ei som høvde. Futen ville gjerne hjelpa han. På tinget 1676 «var hitstevnet Anna Kristoffersdtr. tjenende på Jelse prestegård og besovet på Landsnes av en knekt Jakob Siversen, protesterte på bøter etter recessen. Kvinnfolket møtte og leiermålet tilstod. Ble bøtene efterlatt på slike vilkår at hun ville ekte Gunder Kathabn. Dertil hun svarede hun ville prøve ham et halvt år først. Ville hun derefter ikke holde sitt løfte betaler hun bøtene eller straffes på kroppen.»

Korleis det gjekk etter prøveåret fortel ikkje tingbøkene om.

 

60. Jon Kristofferson

bur i Kathabn i 1701, er då 40 år gamal. Han var av Aubøfolket i Sjernarøy, gift med Annikken Tigård. Dei dreiv litt handel og eit gjestgjeveri i Kathabn. I 1701 vart han tiltala på rådstova i Stavanger for dette. Han hadde vore soldat og hadde visse rettar framom andre til å selja øl og driva litt høkerhandel, men å driva vanleg handel hadde han ikkje lov til. Han hadde mellom anna seld sild til bøndene i fjordane. Han vart dømd for landprangeri.

I 1709 vart det opplyst i rådstoveretten i Stavanger at jens Bertelsen Duns (sjå Ottøy nr. 6) og Jon Kristoffersen budde i Kathabn. Jon åtte ein vengebåt på 4 lester.

Av og til gjekk Jon Kathabn litt for vidt i «selvtektDå Nagel hadde seld Ottøy reiste Jon bort til Ottøy og tok ned kakkelomnen, selde han så til Jelsapresten. Nagel hadde tidlegare pantsett omnen til Jon, men han hadde ingen papir på det. Nå var Nagel avliden, og då den nye eigaren kom til Ottøy og fann omnen borte ville han ikkje finna seg i at Jon Kathabn tok seg sjølv tilrette. Omnen måtte tilbake til Ottøy og setjast opp att der han før hadde stått.

Nokon velstand vart det ikkje for Jon i Kathabn. Han er fleire gonger kalla utarma. Visstnok budde han dei siste åra i Stavanger. Barn:

a.Jonas f. 1695, døvstum.                                              
b.Kristoffer f. 1697.
c.Jakob f. 1699.
d.Johanna Katrine f. 1701.
e.Kristoffer f. 1703.
f.Peter f. 1704.
g.Mikkel f. 1708.
h.Hadle f. 1706.

 

61. Guri Torsdotter

bur i Kathabn i 1706 med sonen sin Ola Osmundson. Han fekk ho i 1704 med Osmund Tveiterå. Ho tente då i Romsbotn. Ola Osmundson budde seinare på Jelsaneset og vart ein kjend snekker. Guri Torsdotter bur hjå son sin på Jelsaneset i 1758. Ho døydde i 1761, 90 år gamal. Sjå og Høyvik nr. 33.

 

62. Jakob Johansson

f. 1670 på Hebnes, bur i Kathabn i 1706. Han har då sønene:

a.Rasmus, 8 år, budde og brukte seinare på Rørtveit i Erfjord.
b.Johannes, 5 år.
c.Henrik, 2 år.

 

63. Erik Hermanson

Landsnes bur i Kathabn i 1758. G. m. Kari Larsdotter Barkeland. Då Erik selde Landsnes flytte han med huslyden til Kathabn. Han døydde i 1763. Om Erik Hermanson sjå Landsnes.

 

64. Ola Olson

frå Hebnes bur på Berget u. Høyvik i 1706. Han er då 72 år gamal. Han har då ein son, Ola Olson, 18 år gamal.

 

65. Hans Hansson

f. 1843, son av Hans Olson Skotte i Seljevik u. Jårvik (sjå Indre Jårvik nr. 25), vart i 1882 g. m. Anna Serina Larsdotter Kalvik, dotter av Lars Aslakson Føljesvoll. Dei busette seg i Høyvik, truleg i Israelneset eller Habn. Barn:

a.Hans Gustav f. 1885.
b.Nilla Severine f. 1887.
c.Henning f. 1897.

Anna Serina Larsdotter bur som enke i Israelneset i 1900. Har då barna Nilla Severine og Henning heime. Magla Sjursdotter Kalvik, f. 1824, bur der som slektning (fledføring), kanskje mor til Anna Serina.

Hans Hansson var jekteførar og dreiv elles litt trelasthandel.