Hellevik (også skrive Hetlevik, utt. Hedlevik) var frå først av ein husmannsplass u. Marvik. I 1821 vart plassen utskift frå Marvik og skyldsett. Hellevik fekk då matr.nr. 108 av skyld 1 pd. sm. I 1838 fekk garden matr.nr. 89 med ny skyldeining 4 ort 22 sk. I ny matrikkel 1886 med ny skyldeining, gardsnr. 28 av skyld 1 mark 68 øre.
Då Hellevik vart utskift i 1821 skulle 8 m. sm. gå av br.nr. 1 (Tormod Bjørnson sitt bruk) og 16 m. sm. av br.nr. 2 (Torbjørn Samuelson sitt bruk). Båe bruk i Marvik åtte likt i Hellevik, men truleg er utmarka teke av br.nr. 2, difor vart det rekna dobbelt så mykje av dette bruket. Utmarka i Marvik var skift lenge før den tid.
I førebuinga til ny matrikkel, som tok til i 1863, er det to bruk i
Hellevik (løpenr. 179 a og 179 b). Då vart bruka vurdert såleis:
Løpenr. 179 a, gl. skyld 2 ort 11 sk., eigar Bjørn. Sår 1 ½ tn. havre og haustar 7 tn., 1 ½ tn. poteter, haustar 6 tn. Før 2 kyr og 10 sauer. 3 mål åkerland, 7 mål engslått. Innmarka vurdert til 114 spd. Tillegg for lett å koma til 25 spd. Frådrag for tung åvinna 12 spd. Beite sett til 35 spd. Skogen til 22 spd. Heile bruket vurdert til 185 spd. Framlegg til ny skyld 63 skilling.
Løpenr. 179 b, eigar Eivind, vart vurdert likt med løpenr. 179 a.
Resultatet vart matrikkelen frå 1886 som er nemnd ovanfor.
Det var i 1848 at Hellevik vart delt i to bruk. To bruk var det på garden utover mesteparten av 1800 talet, men sumtid samla til eit bruk innimellom. Det vil gå fram av brukarlista.
Soland, f.- 1744 (sjå Soland nr. 44 f), vart i 1768 g. Åsa Gautesdotter dotter av Gaute f.- 1744 som døydde på Nådland
u. prestegarden i 1779, sjå Nådland u. prestegarden 6. Dei budde først eit
par år i lsvik u. Marvik, men er komne til Hellevik i 1771.
Åsa Gautesdotter døydde i 1775, 36 år gamal. Ho let då etter seg barna:
Eivind g. 2. g. m. Malena Gautesdotter Soland (sjå Soland nr. 29 d). Med henne hadde han barna:
Det er skifte etter Malena Gautesdotter i 1788. Ho let då etter seg dei barna som før er nemnde. Då bur dei på Fjetland og bygsla nokre få år eine bruket der.
I 1791 gifte Eivind seg 3. g. m. Jorunn Olsdotter Hebnes, f. 1750, dotter til Ola Jakobson i Madlastova. Med henne hadde han dottera Jorunn f. 1791, død 1792. Eivind og Jorunn budde på Fjetland då, men i 1801 er dei komne attende til Hellevik.
Jorunn Olsdotter døydde i 1822, Eivind Eivindson i 1824.
budde i Hellevik dei åra Eivind budde på Fjetland. Likeeins Anders
Levarson Hanekam nokre år.
f. 1783 (1 f), vart buande i Hellevik etter faren. I 1821 får han
kjøpa Hellevik av bøndene då i Marvik.
Gaute vart gift i 1807 med Guri Bjørnsdotter Marvik (Marvik 10 b). Ho var dotter av eine bonden i Marvik, Bjørn Tormodson, og søster til Tormod Bjørnson Marvik, som sat med bruket i Marvik etter faren. Barn:
d.Malena Gautesdtr. f. 1817, g. 1841 m. Jon Thorson Øye i Sauda. Budde seinare på Vormestrand.
Gaute Eivindson brukte Hellevik til 1855. I 1848 skreiv han eit delingsbrev der han vedtek at garden Hellevik skal delast i to like deler mellom dei to sønene Eivind og Bjørn. Deling og skyldsetningsforretning vart halden i 1855. Kvart bruk fekk ei skyld på 2 ort 11 sk. I 1857 skreiv han ut skjøte. Kjøpesum 225 spd. og folga for kvart bruk. Gaute Hellevik døydde i 1860.
f. 1807, vart i 1834 g. m. Marta
Monsdotter Ytre Åserød, dotter til husmann Mons Mikkelson som seinare
budde på Nådland. Barn:
Marta Monsdotter døydde i 1858. Eivind Gauteson gifte seg oppatt i 1861 med ei enka frå Tysvær, Guri Andersdotter, då 38 år. Ho hadde 4 barn med seg til Hellevik. Med Eivind hadde ho barna:
Dei budde i Hellevik til 1872, då sel han bruket til broren Bjørn Gauteson for 450 spd. Truleg reiste han då frå Hellevik.
(3 f), f. 1824, fekk halvparten av Hellevik i 1855. I 1872 kjøpte han
andre halvparten av bror sin, Eivind.
Bjørn Gauteson var g. m. Anna Serina
Torgersdotter.
Barn:
Anna Serina Torgersdotter døydde i 1860, 36 år gamal. Bjørn Gauteson gifte seg oppatt i 1861 med Ingeborg Tormodsdotter Fatnes, då 44 år. Ingen barn med henne.
I 1896 gifte Bjørn Hellevik seg tredje gong med Brita Knutsdotter Høyviktræ, f. 1844. Ho hadde ein son, Ola Torbjørnson f. 1881, som i 1900 var fyrbøter tilsjøs. Både Bjørn og Brita lever i 1900 og då som folgefolk i Hellevik.
f. 1849, hadde i 1885 fått halvparten av faren sitt bruk. Men straks etter
skattar han av heile garden. Noko tinglese skjøte har eg ikkje funne, så
truleg hadde han berre kjøpekontrakt. Gaute Bjørnson var g. m. Anna Karine Andersdotter. Ho døydde i 1882, 29 år gamal. Gaute
gifte seg då med Mari Larsdotter Fjetland.
Gaute døydde i 1892. Skifte 1893. Hadde då to døtre i første ekteskap:
Åserød, f. 1841, vart g. m. enka i Hellevik Mari Larsdotter, f. 1856. I 1894 skreiv dei gjensidig testamente då
dei var barnlause. Dei bur og brukar Hellevik i 1900. Bernhard Ånonson Gryte
kjøpte seinare Hellevik.
Det var ikkje husmannsplassar i vanleg tydning i Hellevik, men der var strandsitjarar som busette seg i Hellevikneset. Det var ikkje jord til, desse plassane.
Israelneset, f. 1802, g. m. Gundla
Gunnarsdotter Håla u. Fuglestein, busette seg på Hellevikneset som
nygifte i 1827. Barn:
Ara u. Åserød, f. 1836, vart i 1863 g. m. Valborg Knutsdotter Høyviktræ, f. 1841. Dei busette seg i
Hellevikneset. Han var fiskar. Barn:
Mikkel og Ola var matrosar og for tilsjøs i 1900.
Hebnes, f. 1838, g. m. Sissel
Eivindsdotter Hellevik, f. 1840 (4 c), budde først i Stavanger, men kom
attende og busette seg i Hellevikneset. Barn:
Haldor Jakobson var sjømann. I folketellinga 1875 vart det opplyst at han
var på reis på Nordland. I 1900 er han oppført som dampskipsekspeditør og
fløttmann.