HAUG, gardsnr. 21.

«Hong, 3 1. smør, en fruktbar og skogrig Gaard i den smukke Refsbygd» skriv Jens Kraft i 1836 i Stavanger Amts Beskrivelse.

Haug med Kleppa var på 3 laup smør. Sjølve hovedgarden Haug var på 2 laup smør. Elles låg åker og eng på Haug og Kleppa om kvarandre rundt et felles tun. Men både innmark og utmark var elles tydeleg utskildt mellom Haug og Kleppa.

Det eldste brev me kjenner til om Haug er frå 1467. Oversett til nynorsk lyder det slik

«Alle dei som ser eller høyrer dette brev kunngjer eg Gunnar Enarson at eg var på Haug i Rep som ligg i Jelsa sokn og Jelsa skipreide, laurdagen nest før fastelavenssøndag år MCDLX7 (1467). Tala eg då til Tjerand Levardson, Torbjørn Levardson og Engebret Levardson om dei hadde noko brev eller levande vitne om Haug som var kome ut frå foreldra mine og som er min odel. Då sa dei tri brørne at dei hadde ikkje noko brev. Då selde eg ein tredjepart i nemnde Haug som ligg i Rep i Jelsa sokn og same skipreide, for 4 bugilde mark, frå meg og mine arvingar til nemnde brør og deira arvingar til æveleg eige og odel med alle lunnar som til ligg og har frå gamalt og nyo lagt til, ingen ting unnanteke, frelst og ankelaust for kvar mann og kvar som nemnde brør kunne spørja noko odelsbrev som lyder på førnemnde Haug, der skulle frelsligen gå for meg og mine arvingar.

Likeeins sannar eg Gunnar Enarson at eg har fått dei førnemnde 4 bugilde mark, så eg er nøgd.

Til å sanna dette brev bed eg Torgrim Bergulfson, Einar Sigurdson, Butolf Tollefson, Hans Lavransson og Eivind Anbjørnson, at dei heng segla sine med mitt under dette brev som er skrive år og dag som nemnd framanfor.»

Frå gamalt av kom og Rosseid til å verta eit underbruk av Haug og brukt av Haugsfolket. Eit brev frå 1566 fortel korleis det gjekk til:

«Bekjenner jeg Oluf Torbjørnsen boendes på Kvam i Leranger skipreide og gjør alle vitterlig nu ere og komme skulle med dette mitt åpne brev, at jeg idag av et venlig og velvillig lån har lånt av ærlige mann Iver Osmundsen boende på Haug i Jelse skiprede. Og har jeg for fornevnte penge som jeg av Iver lånt har, sat fornevnte Iver i pant min ødegård liggende i Redalen i Jelse skiprede, ved navn Rosseid, og min seterstøl ved navn Grytestøl som ligger under samme ødegård og av arilds tid derunder ligget har. Og renter samme nevnte ødegård årligen til landskyld et halvt punds bol. Og skal samme Iver av mig samme ødegård nyte, bruke og beholde med skog og mark og hva lun ner derunder ligger og av Arilds tid derunder ligget har, intet i noen måte unntagendes, intet sålenge at jeg eller mine arvinger og etterkommere får uti alle måter til gode rede fullfornøyet fyldestgjort og betalt fornevnte Iver Osmundsen eller hans arvinger og etterkommere disse fornevnte utlagte penge som han har lånt mig. At så i sannhet er som forskrevet står, da lar jeg med min vilje og vitskot(?) trøkke mit signet her nedenfor. Sammeledes tilbedet disse etterskrevne dannemenn som er Svend Nilsen i Foldøen, Osmund Gundersen på Bratland og Karl Andersen i Stavanger, å besegle med mig dette mitt åpne brev som gitt er skriftlig på Haug 16. marti anno domine 1566.»

Noko innløysing av pantet vart aldri av, så Rosseid i lang tid kom til å liggja under Haug og brukt derifrå.

Grytestølen som er nemnd i brevet frå 1566 vart det litt strid om mellom Rosseid og Kjølvik. Gryte låg den tid som øydegard under Kjølvik og Kjølvik stølte på Grytestølen. Jostein Haug hadde busett seg på Bosseid og meinte han hadde same rett som Kjølvik til å bruka stølen. Han fekk rettens medhald i dette

«På Kgl. May's, min allernådigste herres vegne, befales leiglendingene på Kjølvik ikke ågjøre Justeen Rosseid forhindring eller forfang på hans lovlige bruk i Grytestøl imot riktige breve og adkomst, såfremt de ikke vil lide og innestå for all skadefang om han blir forårsaket å tale derpå med retten, og innestå for all skadefang om han blir forårsaket åtale derpå med retten, og desforuten bøte til K: M: for dette forbuds overtredelse.

 

Actum Stavanger 30. juni 1645. Severin Cotzen.»

 

Skiftegaren mellom Haug og Rosseid kom i 1691-93 føre på tinget. Då budde Nils Endreson på Rosseid og verbror hans Ola Josteinson på Haug. Tinget vart halde på Haug. Då viste Nils Rosseid 7 merkesteinar som han meinte måtte vera skiftet mellom Haug og Rosseid. Den første sto i Dyråsnåva, den andre på Skår, den tredje på ei ofs ovanpå eit fjelldrag, den fjerde på nordre sida på Garhaug, den femte ovanfor Asele, den sjette vest for Asele, den sjuande i Hofmannsura attmed elva.

Ola Haug sa den første skiftestein sto i Dyråsen, den andre under Dyråsen, den tredje i djupaste dalen mellom det store og litle vatnet, den fjerde ut under Benken. Desse steinane meinte han var rett skifte mellom Haug og Rosseid. Mellom desse utpeika linene låg eit stykke mark dei kalla Høgsteåsen (seinare og kalla Haugsstøl), likeeins Vasslia på andre sida av vatnet.

Lagrettesmennene fann at det skifte Nils Rosseid ville ha måtte vera galt. Dei trudde helst det var skifte mellom Haug og Kleppa han var komen fram til. Skulle skifte gå der ville Rosseid som berre hadde ei skyld på 121. sm. og 4 spann tak (never) få større utmark enn Haug som hadde 2 1. sm. i skyld. Dei kom fram til eit skifte som gjekk etter dei steinar Ola Haug hadde vist: frå merkesteinen som låg i eit skar nedunder Dyråsen, der låg det to merkesteinar på ein stad, den eine peika i sør og skifter mellom Haug og Kleppa, den andre peika i vest eller sørvest og skulle skifte mellom Haug og Rosseid. Derifrå går skiftet rett ned mellom det store og litle vatnet der det i Vassbotn står ein stein. Frå denne steinen går skiftet i rett line oppigjennom straks sør for Kista i den store stein som ligg under Benken, og så rette strengen alt opp på høgaste Smalefjellet, så at all skog og mark som ligg søranom dette skifte på Vasslia eller Haugslia like til Gryteskiftet skal høyra Haug til, og alt nordanom skiftet høyra Rosseid til,

«så vites ei rettere enn at Rosseid enda har mer enn som en femtepart i utmarken til den ½ 1. sm. og 4 spann tak imot de 2 1. sm. i Haug.»

Saka mellom Haug og Rosseid kom opp att på tinget året etter. Det var serleg Vasslia som Nils Rosseid ikkje ville gje slepp på som beite. Men lagretten kom til same resultat som førre året. Dessutan skulle Nils Bosseid (eller Vatland som han nå vart kalla) og sonen, Østen Rosseid, betala Ola Haug for prosessen 8 rd. kvar, og fordi Nils Vatland hadde nokre gonger framfor retten skjelt Ola Haug for ein løgnar skulle han etter lova bøta til domaren 3 lodd sølv.

Etter at dommen var avsagt kom likevel dei to grannar og verbrør til eit forlik seg imellom. Skiftesgaren skulle gå som lagretten hadde avsagt, men Ola Haug ga Rosseidmannen Østen Nilsson rett til beite i felles mark for å sleppa setja opp skiftesgar, «horn mot horn og klau mot klau.» Dessutan skulle Østen få lov å hogga nokre fåretre til toll for sauene sine om vinteren. Men alt skulle vera etter løyve frå Ola Haug. Retten fann då ut den kunne stryka sakskostnaden. Men den som først bryt dette forlik skal bøta til Hospitalet i Stavanger eit slaktenaut eller 3 rd.

År 1709 julaftan brann husa på Haug ned. På Hemnes fjerdingsting 3. april 1710 møtte oppsitjarane på Haug opp og krev tingsvitne på dette. Når ein gard vart herja av lauseld fekk dei skatten nedsett:

«For retten fremkom Peder Torkildsen boendes på Haug i Jelsa, og Guns hild Klengsdatter hvis mann Jon Olsen er stående soldat og nu er i Ko: Ma : tjeneste, og dem beklaget over den uløkkelige ildebrand som nestleden julaften overgikk deres gårds huse, nemlig 2 sengeboder med loft på og et fehus, med alt hvis sengeklær, korn og annen matvare som i bem.te to sengeboder innevar. Hvorpå de et tingsvitne begjærte.»

Etter jordeboka 1617 eig desse i Haug: Ola Haug 1 1. ½ pd. sm., Ola Sæbø ½ 1. sm., Ola Bratland ½ 1. sm., Reidar Barkeland ½ pd. sm.

Etter jordeboka 1649 er Haug oppført som odelsgods 2 1. sm. Ein oppsitjar. Det ser ut til at Kleppa då ikkje er brukt av bonden på Haug.

Matrikkelen 1668: Haug 2 løp smør odels, derunder Kleppa øde som ligger iblandt gårdens eiendele, skylder 1 1. sm. derav de Gjedders gods 1 pd. sm., Jelsa prestebol 18 m. Resten odelsgods. Hver set med bøxell. Sår overalt 9 tn. korn. Før 36 naut og 3 heste. Kvernsted. Tømmer og brenneskog til husbehov. Forbliver overalt i landskyld 3 1. sm., leding 1 pd. og 1 bukkeskinn, tiende 9 spann korn, småredsle 1 ort.

De Gjedders gods som her er nemnd er krongodset i Kleppa som i 1660 gjekk over til admiral Ove Gjedde sine arvingar, seinare oberst Fredrik Gersdof, Ove Gjeddes verson.

Etter matrikkelutkastet 1723: Haug 2 1. sm. Landlegd. Har skog til husbehov. Tung å vinna. Jon brukar 1 ½ 1. sm. Sår 4 ½ tn. og haustar 20 tn. korn. Før hest, 12 kyr og 20 sauer. Tore likeeins. Begge to og nemnde under Kleppa.

Haug hadde matr.nr. 30 frå gamalt av. I matr. frå 1838 får Haug matr.nr. 84.

Løpenr. 20 a Jonas Jonasson, gl. skyld 3 pd. sm., ny skyld 2 dl. 4 ort 10 skilling.

Løpenr. 20 b Kristen Jonasson, gl. skyld 3 pd. ny skyld 2 dl. 4 ort 10 skilling.

Kleppa er i denne matrikkel nemnd med eige matr.nr., men Kristen Haug eig og brukar garden.

Etter matrikkelen 1851 får Haug nytt matr.nr. 66 med løpenr. 157, 158, 159 og 160. Dei tri første svarar til løpenr. 20 a i 1838, det siste til løpenr. 20 b.

Løpenr. 157, Jonas Jonasseon, gl. skyld 13 m., ny skyld 2 ort 22 skilling.

Løpenr. 158, Jonas Johannesson, gl. skyld 1 pd. 5 m., ny skyld 1 dl. 22 skilling.

Løpenr. 159, Kristen Jonasson, gl. skyld 1 pd. 4 m., ny skyld 1 dl. 14 sk.

Løpenr. 160, Kristen Jonasson, gl.skyld 3 pd., ny skyld 2 dl. 4 ort 10 sk.

I førebuinga til ny matrikkel som tok til i 1863 er Haug med Kleppa vurdert såleis: Matr.nr. 66 og 67 (Haug med Kleppa), løpenr. 157, 161 a og 161 b, eigar Jonas, nåverande skyld 1 dl. 4 ort 2 sk. Sår 4 tn. havre og haustar 20 tn. 3 tn. poteter, haustar 15 tn. Før hest, 3 kyr, 1 ungnaut og 10 sauer. 9 mål åkerland, 41 mål engslått. Innmarka vurdert til 288 spd. Frådrag for tung tilkomst 5 spd. Tillegg for beite 96 spd. Tillegg for skog 176 spd. Heile bruket verdsett til 555 spd. Framlegg til ny skyld 1 d. 69 skilling. Matr.nr. 66 og 67, løpenr. 158, 159, 160 og 161 b. Eigar Ola Kristenson, gl.skyld 3 dl. 1 ort 2 sk. Sår 4 ½ tn. havre og haustar 31 tn. 6 tn. poteter og haustar 31 tn. Før hest, 6 kyr og 2 ungnaut. Åkerland 19 mål, engslått 101 mål. Innmarka vurdert til 465 spd. Tillegg for god dyrkningsjord 15 spd. Frådrag for tung å koma til 11 spd. Beite vurdert til 221 spd. Skogen til 374 spd. Tillegg for vassfall 8 spd. Heile bruket verdsett til 1 070 spd. Framlegg til ny skyld 3 dl. 4 skilling.

Matr.nr. 67, Haug, løpenr. 159, eigar Johannes Kristenson, gl.skyld 3 dl. 1 ort 1 sk. Sår 3 ½ tn. havre, haustar 18 tn. 4 tn. poteter, haustar 24 tn. Før hest, 5 kyr, 2 ungnaut og 10 sauer. Åkerland 9 mål, engslått 75 mål. Innmarka vurdert til 368 spd. Frådrag for tung å koma til 10 spd. Frådrag for tung å vinna 40 spd. Beite verdsett til 221 spd. Skogen til 440 spd. Tillegg for vassfall 8 spd. Heile bruket verdsett til 990 spd. Framlegg til ny skyld 2 dl. 97 skilling.

Resultatet var matrikkelen av 1886: Haug, gardsnr. 21,

Bruksnr. 1 (gl. 157), eigar Johannes Kristenson, gl.skyld 2 ort 22 sk. Ny skyld 0,88 mark.

Bruksnr. 2 (gl. 158 b, 159 b, 160 b), eigar Johannes Kristenson, gl. skyld 3 dl. 21 sk. Ny skyld 5,17 mark.

Bruksnr. 3 (gl. 158 a, 159 a, 160 a), eigar Ola Kristenson, gl.skyld 2 dl. 1 sk. Ny skyld 3,20 mark.

Bruksnr. 4 (gl. 161), Haug og øvre Kleppa, eigar Ola Kristenson, gl. skyld 1 dl. 1 ort. Ny skyld 2,01 mark.

Dei 4 bruk på Haug var då tilsaman på 11 mark 26 øre.

Matrikkelen av 1906 er for Haug uforandra frå 1806.

I 1890 2. oktober var det overutskiftning av utmarka mellom Haug og Kleppa.

Haug har ned gjennom tidene sumtid vore einmannsbruk, men oftast to-mannsbruk. Då vart garden delt slik at kvar brukar hadde halve Haug og halve Kleppa. Då Kleppa vart utskild som eige bruk vart ein stor part av eigedomen lagt til bruka på Haug.

Brukarar.

1. Brørne Tjerand, Torbjørn og Engebret Levardsøner

 budde på Haug i 1467. Det året selde Gunnar Enarson ein tredjepart av Haug til desse brørne. Truleg er det odelsretten han sel. Far hans Enar (Einar) må ha butt og ått denne tredjepart av Haug.

 

2. Jostein på Haug

er nemnd i skattelista for 1519 og 1521. I tiendeskatt betalar han i 1521 22 ½ mark 2 sk. I 1522 20 lodd sølv og same året 14 lodd sølv. Jostein Haug må ha vore ein velstandsmann.

Namnet er skrive Justenn og Jostenn. Det er ikkje så vanleg namn i Jelsa, men ofte er namnet av dei danske skrivekarle forandra til Østen.

 

3. Ivar Osmundson

finn me på Haug i 1563. Skatten hans det året var 3 ½ mark 4 sk. (sjå og innleiinga om Haug). Ivar var g. m. Ingejerd Levardsdtr. Det kan godt vera det same Levardnamnet som me finn på Haug i 1467 og at Ingejerd Levardsdotter var frå Haug.

Ivar Osmundson må vera avliden ikr. 1575. 1 ei sak om landskylda på Helgøy i Sjernarøy i 1619 er både Ivar og Ingejerd på Haug i Rep nemnde. Jakob Finnvik vitna at for 44 år sidan budde han eit år på Helgøy, då betalte han landskylda til Ingejerd Haug. Det var i 1575 og truleg var Ivar då død. Ingejerd Levardsdtr. lever i 1598. Det året sel ho godset i Helgøy, som ho sat i helming med, til rette odelsmann Ola Steinson Sæbø i Hjelmeland. Brevet dat. Jelsa kyrkja 10-7-1598.

 

4. Halvar på Haug

er nemnd i lensrekneskapen 1603. Truleg bruka han Haug berre nokre få år. Truleg Halvar Reidarson Barkeland.

 

5. Ola Tosteinson

på Haug er komen dit før 1606 (Grønlandsskatten). Ola Tosteinson var født ikr. 1568 på Hallingstad i Vikedal, son av lensmann Tostein Olson.

Men på morsida ætta nok Ola Tosteinson frå Haug. I ei sak frå 1624 heiter det at Laurits Knutson i Hogganvik hadde panta til seg ½  pd. sm. i Rosseid av Ingejerd Levardsdtr. Men Ola Tosteinson hadde betalt Laurits Knutson attende pengane for pantet i Rosseid. Utanpå brevet sto det at odelsgodset er dømt etter «Glufs moders morbroder Østen Jøsteensen.» Mormor til Ola Tosteinson er difor truleg dotter til Jostein på Haug i 1521 (sjå nr. 2).

Ola Tosteinson var truleg gift to gonger. I eit arveskifte etter Ola og Birgitte Blekra i Vats i 1622 (Ola og Birgitte Blekra var då døde for lenge sidan, men godset var ikkje heilt ut og lovmessig delt arvingane imellom) går det fram at Ola Tosteinson møter på vegne av barna sine, kona må då vera død. Torunn Olsdtr. Blekra var vermor til Ola Haug. Ola Haug med barn arvar i buet heile den part som skulle tilfalla Torunn, så kona til Ola Haug må ha vore einebarn.

Andre kona til Ola Tosteinson var Maritta Øysteinsdtr. Foldøy, dotter til Øystein på Foldøy. Heilt utelukka er det ikkje at ho kan vera mor til Ola Haugs barn i arveskiftet 1622. I så fall må Øystein på Foldøy og Torunn Olsdtr. Blekra berre hatt ei dotter, og dei andre barna til Øystein på Foldøy vera halvsøsken til Maritta Øysteinsdtr. Haug.

Ola Haug var i mange år prestens medhjelpar og mest årleg som domsmann på skipreidetinget.

Mykje jordegods åtte han, dels arva dels kjøpt. Etter odelsjordeboka 1624 åtte han: I Haug 3 ½ pd. sm., i Rosseid ½ l. sm. og 4 vett tak, i Tveit 1 l. sm., i Brekke ½ 1. sm., i Storstov (Sauda) 18 m. sm., i Sæbø 1 pd., i Soland 21 m., i Høyvik ½ pd., i Helland 10 spann korn, i Ege 4 spann korn, i Malmei 1 pd. korn, i Kvæstad 9 spann korn. Barn:

a.Jostein Olson, bonde Rosseid og Haug.
b.Birgitte Olsdtr. g. 1. g. m. Knut Anfinnson Bratteland, g. 2. g. m. Tormod Dagfinnson Hovda, budde i Indre Høyvik.
c.Anna Olsdtr. g. 1. g. m. Erik Soland, 2. g. m. Roald Person.
d.Ei dotter g. m. Torgils Olson Brommeland.
e.Torunn Olsdtr. døydde ugift.

 

6. Jostein Olson,

son av Ola Tosteinson, bygsla tidleg Rosseid av far sin og budde der mesteparten av sitt liv. I 1645 får han attåt bygsla Kleppa som far hans sa opp då.

Jostein var truleg gift med ei dotter av Ola Ormson og Marita Byrkjeland i Imsland. Marita Byrkjeland var dotter av Johannes Lauritsson på Torsnes i Hardanger. Jostein Olson sat med gods i Folkedal i Granvin og Flotve i Kvam. Det må vera gods han har arva med kona si. Lars Hamre: #Litt om Marita Byrkjeland og ættetilhøva hennar», i Ætt og Heim 1858. a

I frå 1631 til 1633 var han kyrkjeverje for Imsland kyrkja. Barn me kjenner til:

a.Anna Josteinsdtr. g. m. Ola Erikson, budde ei tid på Haug og Kleppa, men flytte seinare til Østebø i Vikedal. Ho var 2. g. g. m. Tørres Knutson, budde på Rød i Vikedal. Det er skifte etter Anna Rød 9-8-1695.
b.Herborg Josteinsdtr. g. m. Ola Tormodson Østebø, budde nokre år på Haug men flytte seinare til Soland.
c.Oddbjørg (eller Gudbjørg) Josteinsdtr. g. m. Nils Endreson Røykjenes, budde Rosseid og Vatland.
d.Ola Josteinson, f. ikr. 1640, bonde Haug.

Jostein Olson døydde truleg omtrent same tid som faren Ola Tosteinson, så det kan vera tvilsomt om han noko tid har brukt Haug. Men for ættesamanhengen tek eg han likevel med under Haug.

 

7. Ola Erikson,

g. m. Anna Josteinsdtr. Rosseid, bruka visstnok Haug og Kleppa ei tid mellom 1645-1655. Flytte seinare til Østebø i Vikedal. Anna Josteinsdtr. er det skifte etter i 1695. Ho let då etter seg Anna og Gjertrud Olsdøtre og Ola, Knut og Ingrid med siste mannen, Tørres Knutson.

 

8. Ola Tormodson

Østebø, g. m. Herborg Josteinsdtr., brukte halve Haug og Kleppa frå ikr. 1660 til 1670.

Det kan sjå ut til at Ola Tormodson har bytt bruk med verbroren Ola Erikson. I 1666 er Ola Erikson brukar på Østebø i Vikedal, Ola Tormodson brukar av halve Haug og Kleppa. Østebø låg i Vikedal sokn, men høyrde i gamal tid til Jelsa skipreide. Far til Ola Tormodson var Tormod Østebø, mora truleg Magnhild Østebø. I odelsskatteboka 1653 er Tormod Østebø oppført med 5 ½ 1. 1 pd. sm. 1 pd. 2 sp. korn. I 1657 er Magnhild Østebø oppført med 3 ½ 1. 7 m. sm. 5 sp. korn. Ola Tormodson med 1 1. 15 m. sm.

Ola Tormodson flytte ikr. 1672 til Soland, der han hadde arva etter faren 1 1. sm. og bunestadretten. Det kan vera at Tormod Østebø var ætta frå Solandsfolka (sjå Soland nr. 7). Om Ola Tormodson og barna hans sjå Soland nr. 40.

 

9. Ola Josteinson

f. ikr. 1640, overtok halve garden Haug og Kleppa ikr. 1660. Då verbroren Ola Tormodson flytte til Soland tok han heile garden i bruk. Samstundes bruka han heile Kleppa, tilsaman 3 laup smør. Ei tid måtte han likevel dela Haug med Sevat Ropeid som hadde tilkjøpt seg 1 l. sm. i Haug. Men Sevat flytte seinare til Vatland.

Ola Josteinson vart i 1687 innkalla til tinget for vald mot Kongens skatteoppkrevar korporal Lars Rotteke. Saka var i korthet den at korporalen for frå gard til gard og krov inn eller panta for skatt som ikkje var betalt. I Refsbygda hadde dei spurt han var komen til Soland. Ola Haug, Sevat Vatland, Ånon og Jakob Skimling og Per Li vart enige om å gå til Soland og møta korporalen der. Me kan nå la eitpar vitne som var innkalt til tinget fortelja korleis det gjekk til på Soland.

«Sevat hatland vitnet at han tillige med Ola Haug og de andre forommeldte korn til Soland i den mening at de ville begjære av korporalen han ikke ville eksekvere noen bøter, nemlig 1 rd. hos enhver av dem som de formedels føringskapsnektelse med provinsialprokurør Sr Bernt de Nagel nestleden høstting ble tildømt å utgi. Dernest bekjente ydermere at korporalen tilspurte dem om de hadde noen skatt med sig. Hvortil de svarte nei. Da spurte korporalen hva de da ville der. Hvortil de ga ham deres vilje og ærende tilkjenne som før er meldt. Dernest svarte Ola Haug korporalen og sa at han hadde send] hans skatt ut til fogden med hans dreng. Korporalen svarte: Så skal du betale mig eksekverpenge. Straks slo Ola Haug til korporalen med ommeldte kjepp over armen. Deretter gikk Sevat ned i stuen. Der kom korporalen etter ham, og som han kom i døren gikk han baklengs inn med nøken kårde i hånden. Deretter kom Ola Haug inn i stuen, og da fall dem ingen videre ord imellom. Ola Tormodsen Soland vitnet som forrige vitne og elles derforuten bekjente at deri tid Ola Haug hadde slått korporalen med ommeldte kjepp, da ville korporalen drage hans kårde ut. Så tok Ola Haug ham over armen og ba ham ikke trekke kården ut. I det samme rykte korporalen hastig hans kårde ut og dermed støtte Ola i munnen eller nesen så han blødde.

 

Fogden Knud Andersen på Ko :Ma :s vegne påsto og formente at såsom befinnes at Ole Jøstensen som bor på Haug og bruker 2 1. sm., eier 1 1. sm., og derforuten bruker en annen avlsgård Kleppe, skyldende 1 1. sm., har etter de første provs forklaring gått fra -in egen gård og til Soland, som et stykke vei derfra er beliggende, og der overfalt de utkommanderede militære eksekverer med hugg og slag uten ringeste årsake, alt førenn de til hans påboende gård ankom og etter ordre hos ham å påfordre Ko :Ma :s resterende skatter, og som synes han derved ville gi de andre resterende av almuen, som da endel var tilstede, anledning til det samme også med ham å gjøre stempling og opprør. Tifogden satte i rette på Ko :Ma :s vegne om ikke Ole Jøstensen Haug for sådan sin øvede gevalt og opprør imot allerhøyeste hans K5: Ma : allernådigst påbudte skatter og rettigheters påfordrings betaling, jo bør ha hans boslodd, løst og fast, til Ko : Ma : forbrudt og han selv på sin person å straffes med jern og fengsel på Bremerholm hans livstid, andre slike til eksempel. Hvorpå han en endelig dom var begjærende.»

Dom fall ikkje i saka mot Ola Haug den dagen. Lagrettet meinte det måtte rådfora seg med lagmannen Nils Christensen i ei så viktig sak som denne.

Saka kom opp att 4. april 1687. Lagrettesmenn var Erik Landsnes, Sivert Hausland, Sevat Sandvik, Daniel Tveit, Ola Rørtveit og Gaute Rørtveit.

Imellom desse to tingsete hadde lensmannen med to lagrettesmenn skrive opp og registrert alt som Ola Haug åtte av laust og fast gods. Futen tykte det var altfor lite og spurte Ola Haug for retten om dette var alt han åtte. Ola Haug svara at det var nok alt. Han var ein gjeldbunden mann og var mykje skuldig til andre.

«Da etter tiltale og gjensvar er herom således med ædle og velvise lagmanns gode rådføring dømt og avsagt: Etterdi av de beedigte vitner erfares at Ole Jøstensen Haug som bebor sin egen gård, har forsetlig med hugg og slag, alt uten ringeste grunn, voldelig overfalt den utkommanderte militæreksekusjons korporal førenn han til hans gård på virkelig eksekusjon etter ordre for Ko : Ma : hos ham resterende skatter ankom, så på det slike høyskadelige og grove mishandlinger mulig måtte forekomme, ti bør Ole Jøstensen Haug dennesinne allerunderdanigst til høybetr. hans Ko : Ma : utgi i voldsbøter 40 lodd sølv. Hvorimot hans bohave som til sakens utdrætt er registreret, nu løsgives. Og hva eksekusjonskorporalen på egen person skjedd er, det etter lovlig søkning til dom å utføre, såvelsom når på denne prosess omkostning stevnes, gås derom hva rett kan eraktes. Elles skal Ole Haug være herhos alvorlig advaret at såfremt han etter denne dag lar sig videre i ord og gjerninger finne motstridig eller voldelig oppsetter imot dem som Ko : Ma : intruder allernådigst er betroet å innkreve og utsøke, da etter sakens beskaffenghet enten på hans liv, hovedlodd og fredløsmål, eller og på Bremerholm i jern til straff å vorde anseet, som og for denne gang må tjene andre til merkelig eksempel.»

Ola Josteinson var gift med Anna Jonsdtr. Tveita, dotter til Jon Pederson Tveita og dotterdotter til Stein Jelsa.

Det var skifte på Haug 27. november 1695 etter avlidne Ola Josteinson. Han let då etter seg enka Anna Jonsdtr. og 6 barn

a.Jon Olson, f. 1678, bonde på Haug.
b.Syvert Olson, f. 1681, bonde på Gryte.
c.Anna Jonsdtr. f. 1683, g. m. Tore Andersson Hanakam, budde ei tid på Haug.
d.Jostein Olson f. 1688, truleg han som seinare budde på Finneland.
e.Jon Olson d. y. f. 1691.
f.Kristi Olsdtr. f. 1694, død 1722.

Jordegodset i buet var 1 1. sm. i Haug og 1 pd. sm. i Kleppa. Enka arva 1 pd. sm. i Haug og 1 pd. sm. i Kleppa. Kvar av gutane fekk 9 m. sm. i Haug. Kvar av gjentene 6 m. sm. i Haug.

Anna Jonsdotter styrte Haug etter mannen var død. Litt stor i munnen var ho, men godt styrte ho og auka si eiga i Haug til det dobbelte. I 1701 gifte ho seg med Per Torkildson. Då det i 1709 var skifte etter henne åtte buet 21. sm. i Haug og 1 pd. sm. i Kleppa med rett til bygsel over 11. sm.

 

10. Per Torkildson

Selland gifte seg i 1701 med enka Anna Jonsdtr. Haug. Han var då enkemann etter første kona Ingeborg Bjørnsdtr. Tednes.

I 1706 måtte Anna Haug bøta fordi ho hadde skjelt ut og slått til Annikke Ågård, gjestgjevarkona i Kathabn, 4 rd. til Annikke og 3 lodd sølv til Kongen.

Anna Haug døydde i 1708, skifte 1709. Per arva 1 l. sm. i Haug og ½ pd. i Kleppa etter kona si. Han brukte då halvparten i Haug og halvparten i Kleppa,  1 ½ l. sm. tilsaman. Den andre halvpart i Haug og Kleppa brukte steson hans, Jon Olson. Frå den tid kan me fylgja dei to bruka på Haug like fram til dei bruksnr. dei har i dag.

Per Torkildson gifte seg for tredje gong i 1716, då med Margrete Jonsdtr. Kjølvik. Eit par år etter flytte dei til Kjølvik og brukte den part av Kjølvik som Jon Kjølvik hadde brukt. Godset han åtte i Haug og Kleppa vart i 1719 seld til Ola Ormson Fister for 84 rd. (Sjå Kjølvik nr. 18).

 

11. Tore Andersson

Hanakam i Sand, son av Anders Hanakam og Gjertrud Torgilsdtr. Brommeland, vart i 1716 g. m. Anna Olsdtr. Haug. (Sjå nr. 9 c). Dei var trimenningar og måtte ha kgl. løyve til å gifta seg.

Tore Andersson får bygselsetel på 1 ½ l. sm. i Haug av Ola Ormson Fister. Kona Anna Olsdtr. levde berre to år etter dei var gifte. Ho vart grl. 20. mai 1718. Barnlaus. Tore Andersson sat med bruket i Haug til 1725. Då flytter han derfrå.

1725 13. jan. kjøper Jon Olson, andre brukar på Haug, attende av Ola Ormson Fister 1 l. sm. i Haug og ½ pd. sm. i Kleppa. Men Jon brukte berre sin part. Han sel halvparten av det kjøpte jordegods til Jonas Danielson og bygslar han resten.

 

12. Jonas Danielson

f. 1676 i Førre i Hjelmeland, vart i 1718 g. m. Mari Olsdtr. Åsland-Kilane, f. 1692. Han bygsla då halvparten av Li i Refsbygda av prost Mentz Blix og dei buset seg der. Der budde dei til 1725. Då får han kjøpa ½ l. sm. i Haug og 6 m. sm. i Kleppa av Jon Haug. Same tid får han bygselbrev av Jon Haug pa 2 pd. 18 m. sm. i Haug og Kleppa. Tilsaman er bruket då på 1 ½ l. sm. Både skjøte og bygselbrev dat. 30. juni 1725.

Det vart strid om dette salet. Son til Jon Haug, Ola Jonson, meinar han har odelsretten til dette godset. Grunnen, seier han, til salet var at Jonas og Jon hadde tenkt å gifta barn saman. Meir om dette seinare.

Det er skifte etter Jonas Danielson 1744. Enka og tri døtre lever etter han.

a.Daniel Jonasson, f. 1719, død 1732.
b.Anna Jonasdtr. f. 1722, g. m. Anders Nevøy.
c.Sissel Jonasdtr. f. 1725, g. m. Lars Skiftun.
d.Ola Jonasson f. 1728, døydde i barneåra.
e.Mari Jonasdtr. f. 1730, g. m. Kristen Jonson Asland.

Enka Mari Olsdtr. sat med bruket i Haug til 1753. Då gifter yngste dotter seg med Kristen Asland og dei overtek bruket. Mari Olsdtr. grl. 7. jan 1763.

 

13. Kristen Jonson

f. 1729 på Asland i Hjelmeland, son av Jon Jonson Asland, vart i 1753 g. m. Mari Jonasdtr. Haug f. 1730.

Kristen Jonson løyser inn det godset i Haug som vermor og versøstre åtte, 1 pd. 12 m. sm. i Haug og 6 m. sm. i Kleppa. Av Ola Jonson Haug fekk han bygselbrev på 2 pd. 18 m. sm. Saman med kyrkjegodset i Kleppa brukar han då 1 ½ l. sm. i Haug og Kleppa, det vil seia halvparten av Haug og Kleppa.

Desse 1 pd. 18 m. sm. som Kristen eig i Haug og Kleppa reiser Ola Jonson Haug i 1758 sak om. Han meinte han hadde odelsretten til heile garden Haug. Då far hans i si tid selde til Jonas Danielson var føresetnaden den at sonen til Jon skulle gifta seg med dotter til Jonas. Då dette ikkje vart noko av, meinar Ola Jonson nå å ha rett til løysa godset inn att.

Ola Jonson får medhald i retten, og Kristen Jonson skjøter godset, 1 pd. 18 m. sm., over til Ola Jonson. Men Kristen brukte sin halvpart av Haug og Kleppa all sin dag som leiglending.

Kristen og Mari Haug hadde barna:

a.Siri Kristensdtr. f. 1754, g. m. Bjørn Tormodson Bratland, busett Skimling og Marvik.
b.Jonas Kristenson f. 1757, døydde same år.
c.Jonas Kristenson f. 1759, bonde Haug.
d.Jon Kristenson f. 1763, bonde Skimling, lensmann.
e.Kristen Kristenson f. 1768, bonde Vanvik i Sand, g. m. Marta Tormodsdtr.
f.Mari Kristensdtr. f. 1772, g. m. Ola Olson Løland, busett Hustveit.
g.Mari Kristensdtr. f. 1775, g. m. Torger Torgerson Hustveit.

Mari Jonasdtr. bur som enke på Skimling i 1801 hjå son sin Jon Kristenson. Ho døydde i 1810, 81 år gamal.

 

14. Jonas Kristenson

f. 1759, overtok dette bruket i Haug og fekk skjøte på det i 1787. Han hadde då frå 1778 også hatt andre bruket på Haug. Jonas var g. 1778 m. Gundla Olsdtr., dotter av Ola Jonson Haug. Ola Haug var død 1776. 1 skiftet etter han kom kreditorane i buet fram til den løysing at Jonas Kristenson som nå var gift med eldste dotter til avlidne Ola Jonson skulle få skjøte på bruket for 300 rd. Ingen av sønene etter Ola Haug var så gamle at dei kunne overta, men Hadle Olson eldste sonen skulle ha rett til å løysa bruket inn for same pris når han vart vaksen og før til det.

I 1787 får Jonas Kristenson også kjøpa og overta faren sitt bruk av arvingane etter Ola Haug. 2 pd. sm. i Kleppa kjøpte han same tid. Resten av Kleppa, 1 pd. sm., var kyrkjegods som han bygsla.

Jonas sat frå 1787 som eigar og brukar av heile garden Haug og Kleppa, tilsaman 3 laup smør, og vart ein velstandsmann. Barn:

a.Ingrid Jonasdtr. f. 1780, g. 1. g. m. Daniel Tysvær, g. 2. g. m. Lars Ingebretson Tysvær.
b.Mari Jonasdtr. f. 1783, g 1. g. m. Ola Gudmundson Østhus i Bygda, 2. g. m. Johannes Johannesson Åserød.
c.Siri Jonasdtr. f. 1785, død same år.
d.Ola Jonasson f. 1786, fekk i 15 års alderen bygsla Kleppa av faren, men døydde i ungdomen ugift.
e.Siri Jonasdtr. f. 1788, g. m. Johannes Johannesson Gammelrød.
f.Kristen Jonasson f. 1793, bonde Haug.
g.Ingrid Jonasdtr. f. 1795, g. m. enkemann Johannes Johannesson Røykjenes.
h.Jonas Jonasson f. 1798, bonde Haug, seinare Kleppa.

I 1822 skifter Jonas Kristenson garden Haug med Kleppa i to like partar mellom son og verson:

«Jeg underskrevne Jonas Kristensen Haug gjør herved vitterligt at jeg på etterfølgende måte har avhendet og delt mine eiende gårdeparter til mine børn og svigersøn. Nemlig:

1.         Min eldste søn Kristen Jonassøn Haug skal etter sitt skjøtes innhold av dato 20. febr. 1821 eie, bruke og benytte sig av den første part i Haug, hvorunder jeg forstår den del som etter skjøte av 31. okt. 1778, bestående av 1 1. sm. samt 1 pund smør med bygsel i underbruket Kleppa, var mig tilhørende.

2.         Hvorimot jeg forbeholder til min annen søn Jonas Jonassøn mine i gården Skimling etter lovlig skjøte eiende 1 1. 2 pd. smør, som fortiden brukes av bygselmannen lensmann Jon Kristensøn Skimling, hvilken 11. 2 pd. sm. ham skal meddeles skjøte på sin tid. Og endelig

3.         tildeles jeg min svigersøn Johannes Johannessøn Østhusbøgden den annen part i gården Haug, etter mitt derpå havende skjøte av 9. okt. 1787 dets innhold og utvisende 1 løp smør i gården Haug og 1 pund smør i underbruket Kleppa, alt med bygsel.

            Da nu fra aller eldste tider gården Haug med underbruket Kleppa har utgjort 2de-manns bruk like med den delingsmåte som her er anført, så vedgår jeg som eier av det hele, at det er min vilje at denne gård skal om det gjøres fornøden deles aldeles etter den målestokk hvoretter den tilforn har vært delt. Dette til bekreftelse under min hånd og segl og 2de vitterlighets vidners nærværelse og påsyn.

Gården Øverland 5. aug. 1822.

Jonas Christensøn Haug (L. S.)»

Sonen Jonas jonasson fekk seinare verbroren sitt bruk på Haug og avtalen om Skimling fall bort.

Det er skifte etter Jonas Kristenson 9. okt. 1829. Av jordegods er det då Skimling som ikkje er utdelt. Lensmann Jon Kristenson og kona hadde bygsla garden på livstid og «begge lever og konen er i sin beste alder.» Garden vart sett i 250 spd. og Jonas hadde før han døydde sagt frå at Skimling skulle dei 4 døtrene ha med ¼ på kvar. Elles var der i buet 1232 spd. å dela mellom arvingane.

Gundla Olsdtr. er det skifte etter i 1845. Ho døydde 28. des. 1844, 90 år gamal.

 

15. Johannes Johannesson

Åserød, g. m. Mari Jonasdtr. Haug, overtok det bruket som Kristen Jonson (nr. 13) hadde brukt.

Johannes Johannesson vart i 1808 g. m. enka etter Ola Gudmundson Østhusbygda. Dei brukte Østhus til son hennar i første ekteskap Gudmund Olson overtok sin odel. Dei flytte då til Haug og fekk av Jonas Kristenson halvparten av Haug og Kleppa etter skjøte dat. 19. nov. 1821. Kjøpesum 600 rd. og folga.

Johannes fekk skjøte på farsgarden sin Indre Åserød i skiftet etter faren i 1824. Dei flytte truleg straks etter til Åserød, men Johannes stod som eigar av halve Haug og Kleppa til 1829. Kristen Jonasson, verbroren, meinte han hadde odelsretten til også denne parten av Haug, då han var eldste son av Jonas Kristenson. Men Johannes nekta å la han overta og saka gjekk til forliksrådet i 1826. Dei kunne heller ikkje her verta samde og saka vist til retten.

Korleis det gjekk i retten kjenner eg ikkje til, men jordeparten i Haug og Kleppa vart i 1829 av Johannes Åserød skjøtt til andre verbroren Jonas jonasson. Om Johannes Johannesson sjå Østhus i Bygda, Åserød og Marvik.

 

16. Jonas jonasson

(nr. 14 h), f. 1798, overtek bruket etter skjøte dat. 9. mai, tgl. 17. juni 1829.

Jonas hadde ikkje så lett for å klara seg økonomisk. Tidt og ofte måtte han ut på lånestien. Då andre kona hans døydde barnlaus etter eit års ekteskap i 1836, måtte han ut med halve buet til arvingane hennar. I 1839 selde han omlag halvparten av bruket til broren Kristen. Opphavleg var bruket til Jonas på 2 dl. 4 ort 10 sk. Av dette selde han 1 dl. 14 sk. Jonas sat då att med 1 dl. 3 ort 20 ½ sk. i Haug og 1 dl. 1 ort 4 ½ sk. i Kleppa.

I 1848 er det igjen utskiftning av Jonas jonasson sitt bruk av Haug. Av dei 1 dl. 3 ort 20 ½ sk. skifter han ut 2 /3 som var 1 dl. 22 sk. og sel det til søsterson sin Jonas Johannesson Røykjenes for 380 spd. Men samstundes skjøter Jonas Johannesson 5. august 1848 bruket over til Ola Olson Sævoll u. Asland i Hjelmeland for 415 spd. I 1852 sel Ola Olson bruket til verson sin Jon Olson Indre Eiane g. m. Sissel Olsdtr. Sævoll. Jon Olson selde bruket att i 1854 til Kristen Jonasson Haug for 350 spd. Jon Olson med kona og 3 barn reiste same år til Amerika.

Jonas jonasson sat då att med 2 ort 22 sk. i Haug og 1 dl. 1 ort 4 ½ sk. i Kleppa.

Jonas jonasson var gift tri gonger. Første kona var Elen Sofie Johannesdtr., dotter til Johannes Halvarson Krokedal. Ho døydde i 1834, 39 år gamal. To barn let ho etter seg

a. Jonas Jonasson f. 1828 og
b. Siri Jonasdtr. f. 1830.

Jonas gifter seg oppatt i 1835 med Helga Larsdtr., dotter til Lars Larsson Alveberget i Sand. Ho døydde barnlaus same året. I skiftet etter henne gjekk halvparten av buet til tri søstre ho hadde på Sandslandet.

I 1837 gifter Jonas seg med Marta Knutsdtr. Vatlandsslåtta. Barn med henne:

c. Eli Jonasdtr. f. 1837, g. m. enkemann Nils Haldorson Kjølvik.
d. Helga Jonasdtr. f. 1839, hadde ei dotter g. m. Johannes Lie.
e. Kari Jonasdtr. f. 1846, g. m. Martin Taraldson frå Økstrafjorden.
f. Gundla Jonasdtr. f. 1849, g. m. Ola Østenson Bjørnevåg.
g. Ola Jonasson f. 1852, bonde Kleppa.

Jonas Jonasson døydde i 1879. Enka Marta Knutsdtr. selde den part dei åtte i Haug, 2 ort 15 sk. til verson sin Nils Haldorson i 1881. Marta Knutsdtr. bur i 1900 hjå son sin på Kleppa.

 

17. Nils Haldorson

f. 1824 i Kjølvik (sjå Kjølvik nr. 25 g), overtek dette bruket av Haug i 1881. Nils Haldorson hadde før vore gift med Randi Holgersdtr. Askvik og budde på Foldøy. (Sjå Foldøy nr. 44). I 1868 vart enkemann Nils Haldorson g. m. Eli Sofie Jonasdtr. Haug. Nils Haldorson ga 800 kr. og folga rekna i 5 år til 300 kr. for bruket. Barn med Eli Haug:

a. Randi Nilsdtr. f. 1869.
b. Marta Nilsdtr. f. 1870.
c. Helena Nilsdtr. f. 1873.
d. Jonas Nilsson f. 1877.

Nils Haldorson døydde 21. des. 1881. 1 skiftet vart enka Eli Jonasdtr. utlagt det faste jordegods, løpenr. 157 av Haug, skyld 2 ort 15 sk. for 950 kr. I 1883 sel ho det til Johannes Kristenson Haug for 1 200 kr. og bruket vart lagt til hans bruk.

I 1886 vart dette br.nr. 1 av Haug av skyld 88 øre.

Bruksnr. 2 av Haug.

18. Jon Olson

f. 1678 (sjå nr. 9 a), får halvparten av Haug ikr. 1710. Etter far og mor hadde han arva 16 ¾ mark smør i Haug. Resten bygsla han av søsken sine. Tilsaman 1 1. sm. i Haug og 1 ½ pd. sm. i Kleppa.

Han vart i 1709 g. m. Gunhild Klengsdtr. Marvik. Jon var soldat då, og var og ute som soldat nokre år etter han var gift. Gunhild styrte då garden. Det var i denne tid gardshusa på Haug brann ned.

Jon Olson løyste inn gods i Haug, så i arveskifte etter han åtte han 1 l. 5 ½ m. sm. i bruket. Ein lut er den halvpart i Haug han løyste inn frå Ola Ormson Fister. Han selde halvparten av det til Jonas Danielson, men den andre halvparten av det innløyste gods sat han sjølv med. (Sjå nr. 11 og 12). Barn:

a. Anna Jonsdtr. f. 1714, død 1740.
b. Gunhild Jonsdtr. f. 1717.
c. Ola Jonson f. 1720, bonde Haug.
d. Øystein Jonson f. 1722, døydde mellom 1740-1750.
e. Marte Jonsdtr. f. 173 1, døydde 1769 ugift.

Det er skifte etter Jon Olson Haug 19. mai 1740. Jordegodset i buet var på 1 1. sm. i Haug. Gunhild Klengsdtr. Haug døydde i 1764, 81 år gamal.

 

19. Ola Jonson

f. 1720, vart i 1750 g. m. Ingrid Hadlesdtr. Finnvik. Frå 1740 då faren døydde til 1750 hadde han styrt bruket saman med mor si.

Ola Jonson ville gjerne samla Haug att som einmannsbruk. Han kjøpte i arveskiftet etter faren i 1740 det som mora og søsken arva i Haug. Sjølv hadde han i same skifte arva 11 m. sm. Elles løyste han inn det som var panta til andre, og åtte tilslutt alt godset i Haug og Kleppa sånær som det gods, 1 pd. 18 m. sm., som Kristen Jonson åtte (sjå nr. 13).

Dette gods legg han sak om i 1758 og vinn. Kristen Jonson skjøter det over på Ola Jonson.

Ola Jonson brukte aldri meir enn den halvpart i Haug og Kleppa som faren hadde brukt. Som bygselmann hadde Kristen Jonson rett til å bruka resten så lenge han levde.

Elles hadde Ola Jonson nok med å greia opp med det. Han hadde lånt mange pengar til å løysa inn godset. Serleg var det Ånon Marvik, Johannes Åserød og Ola Soland som hadde lånt han pengar til dette mot pant i garden.

Ingrid Hadlesdtr. døydde i 1772, Ola Jonson i 1776. 1 skiftet etter han same år vart kreditorane samde om å selja godset 1 1. sm. i Haug og 1 pd. sm. i Kleppa, det bruket som Ola Jonson hadde brukt, til eldste dotter til Ola Jonson, Gundla Olsdtr., som då skulle gifta seg med sonen på andre bruket, Jonas Kristenson, men eldste sonen til Ola Jonson, Hadle Olson, skulle full rett til å løysa inn godset for same penge når han vart vaksen. Barn:

a.Gundla Olsdtr. f. 1753, g. m. Jonas Kristenson Haug.
b.Hadle Olson f. 1757, død 1758.
c.Hadle Olson f. 1759, døydde ugift i 1785.
d.Ingrid Olsdtr. f. 1661, død same år.
e.Jon Olson f. 1762.
f.Ingrid Olsdtr. f. 1765, død 1766.
g.Ingrid Olsdtr. f. 1766, g. 1791 m. Knut Mo i Vikedal.
h.Ola Olson f. 1768, død same år.

 

20. Jonas Kristenson

g. m. Gundla Olsdtr. har dette bruket seinare. Om desse sjå Haug nr. 14.

 

21. Kristen jonasson

f. 1790, får dette bruket då faren Jonas Kristenson skifte Haug og Kleppa i to like parter i 1821. Han vart i 1820 g. m. Dorte Sofie Jonsdtr. Skimling, f. 1801. Dei var søskenbarn. For bruket 1 l. sm. i Haug og 1 pd. sm. i Kleppa betalte Kristen 450 spd. og folga til foreldra.

Kristen Jonasson kjøpte i 1840 ein part av det andre bruket på Haug av broren Jonas. Parten var på 1 dl. 14 sk. I 1854 kjøpte han 1 dl. 22 skilling påny av andre bruket. Kristen åtte då heile Haug sånær som dei 2 ort 22 skilling som då var att av andre bruket og som broren Jonas jonasson sat att med. Sjå òg nr. 16.           1 1863 skifte han garden som då var på 7 dl. 3 ort 7 sk., likt mellom to søner, Ola

og Johannes. Ola Kristenson får skjøte på den øvre parten av Haug 8. februar 1864.

Kjøpesum 700 spd. og folga. Johannes Kristenson får andre halvpart til same pris.

Barn:

a.Gundla Kristensdtr. f. 1821, g. m. matros Syvert Olson frå Høyland, budde Sandnes.
b.Jon Kristenson f. 1824, drukna 9 år gamal i isen på Grytevatnet.
c.Magrete Kristensdtr. f. 1827, g. m. Hadle Nilsson Rosseid.
d.Dorte Kristensdtr. f. 1829, døydde 8 år gamal.
e.Mari Kristensdtr. f. 1834, døydde 13 veker gamal.
f.Jon Kristenson f. 1832, døydde 1835.
g.Ola Kristenson f. 1836, bonde Haug.
h.Dorte Sofie Kristensdtr. f. 1839, g. m. Lars Larsson Lie, busett Skimling.
i.Jon Kristenson f. 1841, død same år.
j.Johannes Kristenson f. 1844 (sjå nr. 22).

Kristen Jonasson døydde 5. februar 1883. Dorte Sofie Jonsdtr. 10. desember 1886.

 

22. Johannes Kristenson

f. 1844, overtek dette bruket, som vart kalla Stor­haug (i folketale kalla Storhogg), i 1863. Han vart ikr. 1865 g. m. Anna Osmundsdtr. frå Sandeid, f. 1837. Barn:

a.Dorte Sofie Johannesdtr. f. 1868, g. m. Torbjørn Marvik.
b.Marie Elisabet Johannesdtr. f. 1872.
c.Kristen Johannesson f. 1875, bonde Haug.
d.Anna Johanna Johannesdtr. f. 1877.
e.Osmund Johannesson f. 1879 .

Johannes Kristenson og Anna Osmundsdtr. har bruket også i 1900.

Dette bruket fekk i 1886 br.nr. 2 av Haug. Johannes hadde òg br.nr. 1 (Nils Haldorsons bruk).

Sonen Kristen Johannesson f. 1875, g. m. Anna Hallingstad f. 1887, hadde seinare dette bruket.

Bruksnr. 3, Haug, og bruksnr. 4 Øvre Kleppa.

23. Ola Kristenson

f. 1836, fekk desse br.nr. då han overtok garden (sjå nr. 21). Br.nr. 3 var på 3 mark 20 øre, br.nr. 4 var på 2 mark 1 øre. Tilsaman 5 mark 21 øre. Truleg var det på br.nr. 3 at gamletunet på Haug låg. Ola Haug var gift 1. g. m. Sofie Olsdtr. frå Håland prestegjeld. Ho døydde i 1874, 40 år gamal. Det var skifte etter henne 12. oktober 1875. Barn:

a.Kristen Joakim Olson f. 1861, reiste til Amerika.
b.Olav Enevald Olson f. 1866, bonde Haug.
c.David Severin Olson f. 1869, reiste til Amerika.
d.Anne Marie Olsdtr. f. 1869 (tvilling), g. m. Lars Ormson Hiim.
e.Marta Dortea Olsdtr. f. 1872.

Ola Haug g. 2. g. m. Ingeborg Marie Olsdtr., søster til første kona. Barn med henne:

 f.Marta Sofie f. 1876, g. m. Ordin Marvik, Sand. g. Margrete Dortea f. 1878, g. m. Holger Askvik.

Ola Haug døydde 7. mars 1896. Skifte 1898.

 

24. Olav Enevald Haug

f. 1866, overtok bruket etter faren i 1896. Gift med Ingeborg Rolfsen frå Sand, f. 1863.

Enevald var norskamerikanar. Utanom gardsbruket på Haug dreiv han landhandel i Vatlandsvåg. Barn:

a.Sigurd f. 1896, bonde Haug.
b.Sofie g. m. Ola Ludvigson Marvik, reiste til Amerika.
c.Ester g. m. Kastor Tveita.
d.Ingrid g. m. utskiftningsformann Rasmus Hundseid.
e.Anna g. m. Trygve Tveita.

 

Under Haug.

Bakkane (eller Grasbakkane).

25. Ola Olson

f. 1746, son av Ola Olson Skimling, vart i 1779 g. m. Magla Tormodsdtr. Bratland, f. 1753. Dei budde først i lsvik u. Marvik, så i Nevøy, bygsla ikr. 1785 Bakkane u. Haug. Der budde dei seinare. Barn:

a.Tormod Olson f. 1781 (sjå nr. 2).
b.Ola Olson f. 1783, døydde i 1808, visstnok g. m. Anna Eivindsdtr. Hellevik i 1805. Då var han dreng eller forpaktar i prestegarden.
c.Hadle Olson f. 1787, g. m. Sissel Eivindsdtr. Hellevik og busett Sørvik u. Fuglestein.

Ola Olson Bakkane døydde i 1804, Magla Tormodsdtr. i 1821.

 

26. Tormod Olson

f. 1781, fekk bygselbrev på Bakkane av Jonas Kristenson i 1816. Tormod gifte seg i 1816 med Eli Tosteinsdtr. Slåtta u. Økstra, f. 1786. Barn:

a.Anna Tormodsdtr. f. 1819, g. m. Eivind Hadleson Sørvik u. Fuglestein (søskenbarn).
b.Magla Tormodsdtr. f. 1821, g. m. Gunnar Johannesson, husmann u. Vatland.
c.Eli Tormodsdtr. f. 1825, g. m. Andreas Eliasson Nyvoll Jelsa, budde i Klubben u. Østhus i Bygda. Dei brukte truleg Bakkane ei tid før dei flytte til Klubben.

Tormod Olson døydde i 1843, Eli Tosteinsdtr. i 1856.

 

27. Knut Ånonson

f. 1841, er husmann i Bakkane i 1875. Far hans, Ånon Knut­son, budde då i Kleppadalen. Knut vart kalla sagmeister då han i 1872 vart g. m. Sissel Jonsdtr. Kaltveit, f. 1844. Ho hadde ei dotter med seg til Bakkane,

a. Elen Johanna f. 1868, dotter av Jon Ågeson Vestersjø.

Med Knut hadde ho barna:

b. Berta Elisabet f. 1873.
c. Johanna f. 1875, død 1878.
d. Jon f. 1881.
e. Ånon f. 1877.
f. Karen f. 1885.
g. Johanna Hansille f. 1890.

Knut og Sissel bur i Bakkane i 1900. Dei har då sonen Ånon og dottera Karen heime. Ånon er sjømann. På sine eldre dagar budde Knut Ånonson hjå pleiedotter si Elen Johanna Jekteberg.

 

28. Berdines Andersson

f. 1859 i Ormannsvik u. Landsnes (sjå Landsnes nr. 32), g. m. Berta Elisabet Ånonsdtr. Kleppadalen, f. 1863, bur i Bakkane i 1900. Barn (1900):

a.Elisa Berdinesdtr. f. 1886.
b.Marie Berdinesdtr. f. 1888.
c.Aletta Berdinesdtr. f. 1889.                                         
d.Severine Berdinesdtr. f. 1891.
e.Bertine Berdinesdtr. f. 1893.
f.Tea Berdinesdtr. f. 1897.

Etter 1900 barna:

g.Andreas
h.Ånon                                                                            
i. Johan
j. Margit.

 

Kleppadalen

Plassen høyrde til Ola Haug sitt bruk i 1875. Då fødde dei i Kleppadalen 1 ku, 1 ungnaut, 8 sauer og 1 geit, sådde 1/8 tn. bygg, 7/8 tn. havre og ½ tn. poteter.

 

29. Ånon Knutson

f. 1810, son av Knut Knutson Vatlandsslåtta, bygsla denne plassen. Han vart i 1840 g. m. Elisabet Tormodsdtr., f. 1818, dotter til Tormod Tor­modson frå Brekke i Sauda. Barn:

a.Knut Ånonson f. 1841 (sjå nr. 27).
b.Tormod Ånonson f. 1850, (sjå Vatland nr. 49).
c.Kari Ånonsdtr. f. 1853, g. 1877 m. Knut Sørenson Skårsjøen i Hjelmeland. Ho bur heime som enke i 1900 og har då to barn, Karen og Lisbet Johannes­ døtre, hjå seg. Seinare vart Kari Ånonsdtr. g. m. enkemann Jon Jonson Grytehaugen. Reiste seinare som enke til Amerika med dei to døtrene sine.
d.Berta Elisabet Ånonsdtr. f. 1863, g. m. Berdines Bakkane (sjå nr. 28).

I 1900 bur Elisabet Tormodsdtr. som enke i Kleppadalen.

 

Kleppa u. Haug.

Plassen høyrde i 1875 under Storhaug.

 

30. Johannes Gunnarson

f. 1850, son av Gunnar Johannesson Vassbø u. Vat­land (sjå Vatland), bur på denne plassen i 1875. Det er lite jord til plassen, dei før 4 sauer og sår 1 tn. poteter i 1875. Johannes var skogsarbeidar. Johannes var g. m. Ingeborg Knutsdtr. Aradalen u. Jårvik. Barn:

a.Knut Johannesson f. 1873.
b.Gunnar Johannesson f. 1875.
c. Karen Marie Johannesdtr. f. 1877.
d. Berta Johannesdtr. f. 1880.
e.Kristine Johannesdtr. f. 1883.
f.Johannes Johannesson f. 1885.
g.Lars Johannesson f. 1887.
h.Edvardine Johannesdtr. f. 1889.
i.Tomine Johannesdtr. f. 1892.
j.Enevald Johannesson f. 1895.

Johannes Gunnarson gifte seg 2. g. m. enke Anna Karina Hansdtr., dotter til Hans Ågeson Vik i Erfjord. Ho var då enke etter Torgils Frøvik i Imsland.

Johannes og Anna Karina bur i 1900 i Kalhagen u. Økstra.

 

31. Lars Halvarson

Vågane i Erfjord, f. 1793, g. 1821 m. Gundla Persdtr. Rørtveit i Erfjord, f. 1796, budde først i Vågalia u. Vågane. Barn fødd der er:

a.Halvar f. 1821.
b.Per f. 1824, død same år.

Dei flytte til Kleppa u. Haug i 1825 der Gundla Persdtr. døydde same året 29 år gamal.

Lars Halvarson g. 2. g. m. Marta Oddsdtr. Ødegard i Hjelmeland. Barn:

c.Odd f. 1827, busett Velta u. Gryte.
d.Lisbet f. 1830, døydde ugift i 1872.
e.Lars f. 1834, g. m. Brita Jonsdtr. Gryte, f. 1836, budde i Kjølvikstranda i 1900.
f.Torunn f. 1836, døydde 11 år gamal i 1847.

Lars Halvarson døydde i 1880, 86 år gamal. Han budde då som «inderst» på Storhaug.