Gryte ligg nord av Kjølvik på vestsida av Grytevatnet. Frå gamal tid var
Gryte på ½ laup smør og benefisert soknepresten til Hinderå kall. Det var
presten som rådde med bygsla og sette inn leiglendingar på garden. I eldre
tid er Gryte alltid nemnd som øydegard under Kjølvik, som òg var
kyrkjegods. Det var og kjølvikfolk som leigde Gryte frå den tid me har sikre
opplysningar om leigetilhøva på Gryte.
Etter jordeboka 1649 er Gryte på ½ laup smør og er geistleg gods. Berre ein brukar på garden, Ola Gryte.
Etter matrikkelen 1668 er Gryte matr.nr. 82, ½ 1. sm., benefisert Hinderå prestebol. Sår 1 ½ tn. korn. Før 8 naut og hest. Det er nok av brenneskog. Ein støl, Grytestølen, høyrer til garden. Dei set garden i landskyld ½ 1. sm., leidang 4 kalvskinn, tiende 1 ½ spann korn, småreidsla 4 skilling. Garden fekk då matr.nr. 81.
Seinare må dei ha lagt 18 m. sm. på landskylda på Gryte. I matr.utkastet frå 1723 heiter det om Gryte: 2 pd. 6 m. sm. Landlegd (militært). Garden har ein støl og ein flaumbekk. Vanleg å vinna. Sjur sår 2 tn. korn og haustar 9 tn. Før hest, 10 kyr og 15 sauer.
Etter matr. 1838: Då er skylda på Gryte merkeleg nok den same endå det vart avteke 6 m. sm. av skylda i 1765, men desse 6 m. sm. må vera pålagt att seinare ser det ut til. Den gamle skyld 2 pd. 6 m. sm. vart då ved ny skyldeining sett i 2 dl. 2 ort 9 skilling.
I matr. 1851 likeeins, men nytt matr.nr. 63.
Ved førebuinga til ny matrikkel som tok til i 1863 er Gryte vurdert såleis; garden var då delt i to like bruk:
Gryte matr.nr. 63, løpenr. 150a, eigar Ola Olson,
gamal skyld 1 dl. 1 ort 4 skilling. Sår 2 ½ tn. havre og haustar 8 tn. 3 ½
tn. poteter, haustar 20 tn. Før 4 kyr og 18 sauer. 6 ½ mål åkerland og 38
mål engslått. På husmannsplassen under dette bruket sår dei ¼ tn. havre,
haustar 1 tn. ¼ tn. poteter og haustar 1 tn. Har eit halvt kufoster og 5
sauer. Innmarka vurdert til 206 spd. Tillegg for dyrkningsjord 10 spd.
Husmannsplassen som var på 2 ¼ mål vart sett i 13 spd. Frådrag for
vanskeleg å koma til 4 spd. Frådrag 22 spd. for bruket var tungt å vinna.
Nettoverdi av innmarka 203 spd. Beite
sett i 160 spd. Skogen vurdert til 66 spd. Tillegg for vassfall 10 spd. Heile
bruket vurdert til 440 spd. Framlegg
til ny matr.skyld 1 dl. 30 skilling.
Løpenr. 150b, eigar Rasmus Tosteinson, gl. skyld 1 dl. 1 ort 5
skilling. Sår 3 ½ tn. havre og haustar 12 tn. 4 tn. poteter, haustar 24 tn.
Før og 5 kyr 15 sauer. 9 mål åkerland, 39 mål engslått. På
husmannsplassen sår dei i/4 tn. havre og haustar 1 tn. ¼ tn. poteter og
haustar 1 tn. Har til halvt kufoster og foster til 5 sauer. Innmarka vurdert
til 253 spd. Frådrag for lite
dyrkningsjord 5 spd. Husmannsplassen som var på 2 ½ mål vurdert til 13 spd.
Frådrag for tung å koma til 5 spd. Frådrag for tung å vinna 28 spd. Heile
innmarka vurdert til 228 spd. Beite
147 spd. Skogen 66 spd. Tillegg for vassfall 10 spd. Heile bruket
vurdert til 450 spd. Framlegg til ny matr.skyld 1 dl. 33 skilling.
Resultatet var matrikkelen av 1886: Gryte gardsnr. 18 bruksnr. 1 (l.nr
150a), eigar Ånon Salmonson, gl.skyld 1 dl. 1 ort 4 sk., ny skyld 2
mark I øre.
Br.nr. 2 (l.nr. 150b), eigar Ole Thorson, gl.skyld 1 dl. ort 5 sk., ny
skyld 2 mark 5 øre.
Gryte var utsett for sama naturskade som er nemnd under Kjølvik: Eit kraftig torever som årsaka ein stor flaum som øydela ein stor lut av garden. I 1765 var det avtaksforretning på Gryte:
«År 1765 den 12. okt. ble retten satt på Gryte i Jelsa av
sorenskriver Barth og lagrettesmenn lensmann Knut Johannesson Lovre, Johannes
Olson Lie, Johannes Olson Soland, Eivind Kolbeinson Soland, Ole Jonson Haug og
Gaute Olson Soland, etter rekvisjon av oppsitteren Jon Sjurson på amtmann
oberst Henrik Lockmanns foranstaltning, til lovlig avtaks holdelse formedelst
en gården høsten 1763 i kornskurens tid ved vannflom og fjellskred tilføyet
skade, hvortil benefiserius velærværdige hr. Jørgen Førde, sogneprest til
Nedstrand kall var kallet. Overværende på velbemeldte hr. oberstløytnants
og egne vegne fogden hr. Christopher Garmann, så og hr. Førde og hans
leilending Jon Sjursen Gryte tilstede.
I følge av vedkommende tok vi den angitte skade i øyensyn. Befant
sønden for gårdens huse en bekk eller liten elv som kommer fra vestre fjell,
å ha bortskyllet en part av engebøen fra fjellet inntil Vatlandsvannet
kallet. Dessuten har elven ved samme utløp høsten 1763 i kornskurens tid,
nedlagt en så stor mengde grus og stene over den øvrige engebø på begge
sider, som hverken er eller kan uten altfor utålelig bekostning for en fattig
mann av veien ryddes.
Utmarken har i like måte tatt betydelig skade, ei alene ved dette
vannløp, men enn og på vestre sidegårdens innhegning er skjedd betydelig
utbrud, oppsitterens kvernfall ruinert, drifteveien til fjellbeitet
inpassable, så at kreaturene nu må drives lenger og vanskeligere vei.
Foruten græsbeitet som ved disse fjellskred er tapt i hjemmemarken, er
tillike furu og brennevedskogen temmelig ruinert.
Etter at dette så nøye som mulig var beseet, ble undersøgt og
befunnet at gården Gryte matr.nr. 82 under Jelse tinglaug skylder 2 pd. 6 m.
sm. Hinderå prestebols gods, hvorpå forhen ingen avtakning er skjedd, på
gården har før skaden skjedde vært fødd 5 kjør, 3 ungnaut, 1 hest og 30
får, anvendt til utsæd 2 tn. korn a 8 spann, som utgjør på mål henimot 3
tn., i tvende siste år derimot ikkun vært fødd 4 kjør, 3 ungnaut, 1 hest
og 30 får, hvorover så liten gjødsel er fallen at ennskjønt den samme
utsæd er empløyeret har oppsitteren pro 1764 ikkun avlet 15 tn. korn, og
inneværende års høst som ennu ikke er tersket, blir etter anseende et par
tønner mindre. Formedelst utmarkens bedervelse kan oppsitteren ikke gjøre
sig gårdens skog så nyttig og gavnlig derav noe kan vinnes. Iøvrigt består
samme ikkun av furuskog til husreparasjon og noen favne brenne årlig.
Hjemmemarken er nu i den stand at ikkun 3 kreature og kalve der om sommeren
kan græsses.
I betraktning herav, såvel at gården ligger til fjells og ingen annen
her, lighet har, ble således sluttet og avsagt
Gården Gryte matr.nr. 82, som ved et anno 1763 skedde vannløp har tapt
foster til 2de fekreature og derved tillike den gjødsel at kornavlingen
derved tillike etter vårt skjønn blir 6 tn. mindre enn tilforn, foruten de
ubeleilige situasjoner i utmarken og kvernfallets ødeleggelse, bør avgå 6
marks smørs skatt og landskyld, så at den for ettertiden ikkun skatter og
skylder 2 pd. smør, som underdanigst innstilles til høylovlig kammercollegi
godtbefinnende.
Fogden Garmann hadde intet imot avtaket å erindre. Ei heller
jorddrotten hr. Førde, som begjærte det passerte under vedbørlig besegling
beskreven meddelt.»
Avtaket vart approbert 6. des. 1773.
1 1866 gjekk dei opp skiftelinene mellom Gryte og grannegardane. Mellom Gryte og Haug går skiftet frå eit X i ein jordfast stein i Vasslia til ein stor stein i Juveklatten. Derfrå til ein X i berg i Juveklatten, gjennom det djupaste av Lauvåsjuvet til øvste ende eit X i ein stor stein der det er nedsett 3 steinar. Derifrå i rett line til X i berg i nedste bråt av Smalefjellet. Fylgjer dette bråtet til X i berget litt lenger i vestlig retning. Så ein vinkel til eit X i Reveheisteinen.
Mellom Gryte og Rødne: Frå Reveheisteinen til X i jordfast stein i Svie og vestre side av Lilleborgen. Derfrå i same retning til X i eit berg i Storheibråtet der det vart nedsett 3 steinar. Derfrå til varden på Grytenuten. Mellom dei to siste punkter finnes ein stor kløyvd stein.
Mellom Gryte og Vormestrand: Frå varden på Grytenuten til X i ein
bergknatt ved Simonsdalsbråtet, 3 steinar. Derfrå til X i Kua (ein stor
stein) ved Simonsdalsreistet.
Mellom Gryte og Kjølvik: Frå siste X til ein laus stein ved Buvatnet (Kjødnavatnet) der det vart nedsett 3 steinar. Derfrå ovanfor nemnde vatn til Grasdalleitet. Derifrå til ein jordfast stein i Grasdalkleiva. Går derfrå til øvste ende av Storsteinbekken, fylgjer denne til skiftesgjerdet mellom Gryte og Kjølvik i buhagen.
Varden på Grytenuten er såleis stabsto
Stabsto. Ivar Aasen: Stavstod, Endepunkt av en
Grændselinie; et Sted hvor to eller flere Grændselinier støde imod
hinanden. Lyder deels Stavsto, deels ogsaa Stebbsto. G.
N. stafstód.
Stabsto er nemninga på støepunktet der tre
eller fleire gardar møtest, seier Albert Myhre i ei utgreiing om stabsbo i
«Ett og Heim» 1953.
Stabsto var vel oftast lett synlege punkt som ein
fjelltopp, ein stor stein eller ein stein av eit noko uvanleg skap o.s.b.
Nemninga er truleg svært gamal.
ikkje berre for 3 gardar, men og for 3 herad, Gryte i Jelsa, Rødne i Imsland og Vormestrand i Vikedal.
Gryte vart i 1851 seld til oppsitjaren på garden, Jon Sjurson, for 480 spd. og årleg avgift til det geistlege 17 lispund og 7 pd. bygg. Det kgl. skjøte dat. 19. nov. 1851, tgl. 22. nov. 1852.
Same hausten, 1852, delte Jon Sjurson garden i to like partar og sel den eine. Frå den tid har det vore to bruk på Gryte.
På 1600 talet og ei tid inn i 1700 talet vart Gryte ofte bruka av oppsitjarane i Kjølvik. Kanskje har dei sumtid hatt leigefolk der, sumtid vaksne søner som budde og bruka Gryte mens bygselbrevet på Gryte var vel forvart i Kjølvik.
er oppført som brukarar i 1629.
Gryte er oppført i kopskatten i 1645.
er brukar på Gryte i 1649, kanskje frå Kjølvik.
f. 1645, son av Peder Pederson Kjølvik som budde på Døsja, bruka Gryte i
1666 (sjå Kjølvik 4 b).
f. ikr. 1640 (sjå Kjølvik 6 b), overtek Gryte etter søskenbarnet sitt
Jon Pederson. Herfrå kan me fylgja slekta på Gryte fram til 1851.
Jon Olson brukte seinare 1 l. sm. i Kjølvik, men bruka samstundes Gryte. Han hadde kanskje forpaktar eller tenestefolk der og budde sjølv i Kjølvik. Elles er han kalla Jon Gryte og Jon Kjølvik om kvarandre så lenge han levde.
Jon Olson sjå Kjølvik nr. 8.
f. 1681, son av Ola Josteinson Haug og kona Anna Jonsdotter, var gift med
dotter til Jon Olson, Eli Jonsdtr.
Kjølvik. Sjur Olson var soldat og låg i fleire år ute i den store
nordiske ufred. Då han gifte seg i 1713 fekk han bygsla 1 ½ 1. sm. i Vatland
i Rep av Ola Olson Finnesand (Barkeland).
Då Sjur Olson i 1710 var utkommandert i Kongens teneste gjev han Eli
Jonsdtr. Kjølvik, som han då var trulova med, rett til all hans eiga om han
ikkje skulle koma att.
«Nok ble opplest et gavebrev hvoruti Siver Olsen Haug som til hans may's tjeneste for soldat er utskreven, gir hans trolovede festermø Elen Jonsdtr. Kjølvik til en festensgave 20 mark gods med bygsel i Haug og Kleppa ham arveligen tilfallen, så òg all annen eiende midler som etter ham kan være stående skal og henne være foræret; ifall han noget på denne reise skulle tilkomme eller ved døden avgå, da skal denne gave uryggeligen holdes. Under hans signette. Til vitterlighet Sten Jonsen Tvede og Paul Olsen Steine. Datert 11. juni 1710. »
Sjur Olson budde ikkje lenge på Vatland, kanskje 3-4 år. Han får bygsla Gryte som verfar hans Jon Olson Kjølvik hadde overlete han. Bygselbrevet vart fornya på stempla papir i 1720 av sokneprest Hans Godsen på Nedstrand.
Anders Jonson Kjølvik (Kjølvik 8 d) protesterte på dette bygselbrevet. Han ureinar han har større rett til å bygsla Gryte han enn verbroren Sjur Olson. Saka var oppe på tinget fleire gonger i 1719 og 1720. Anders Jonson er då sumtid kalla Anders Kjølvik, sumtid Anders Gryte. Truleg har også Anders bruka Gryte ei tid. Anders gav seg tilslutt, då det då likevel var søstera som skulle bu på Gryte.
I 1721 tinglyser Sjur Gryte sitt skjøte på rydningsretten til Gryte, kjøpt av verfaren Jon Olson Kjølvik og verbroren Anders Jonson Hebnes. Dat. Nedstrand 9. januar 1721. Dette viser at rydningsretten som odelsretten ofte måtte kjøpast sjølv om godset var kyrkjegods eller hadde annan eigar. Barn:
Det er skifte etter Sjur Olson Gryte i 1751. Eli Jonsdtr. Gryte er grl. i 1753.
f. 1721, vart 1754 g. m. Sussanne
Larsdtr. Jørstad f. 1727,
dotter av Lars Larsen Jørstad.
Nokon drivande bonde var kanskje ikkje Jon Sjurson. Enka etter sokneprest Stabell på Nedstrand kallar han inn til tinget i 1763. Ho meinar garden er dårleg dreven og skogen øydelagd
«Tilsynsmannen i stervboet etter avg. hr. Stabell, Jens Ubø, tilkjennega
at enken mad. Stabell ved skriftlig kallseddel under dato 26. måi sistleden
hadde i rette kalt leilendingen på prestebolets benefiserte gård Gryte,
navnlig Jon Sjursen, fordi han nesten skal ha ødelagt skogen og latt jorden
forfalle, dom ålide for sådan utilbørlig adferd som vedbør.
Den innstevnte Jon Gryte møtte og tilsto lovlag stevnemål. Hvoretter citantinnen lot innlevere en sistleden 5. november 1762 passeret besiktelsesforretning som ble opplest og ad acta henlagt.
Jon Gryte hadde antatt til forsvarer prokurator Cort Røder som anhørte den taksasjonsforretning lensmann og menn har forrettet på gården Gryte. Mener derfor at leilendingen Jon Sjursen Gryte ei bør suspenderes fra sitt jordebruk og daglige underholdning, da han med kone og små barn kan settes i omstendighet således at han ønker seg om å tigge daglig brød hos fremmede. Når han får rettens medhold tviler hverken Jon Gryte eller hans fullmektig at Jon Gryte blir besittende gårdsbruket så lenge andre beviser ikke kommer over Jon Gryte enn til dato er skjedd. Han burde vel anvise sin bygselseddel, men nu synes fullmektigen det er ufornøden.
Jens Ubø henholdt sig til i rette lagde besiktelsesforretning som viser at Jon Gryte har overtrått de plikter imot gårdens feste for livstid ved underskreven revers har forbundet sig å etterleve. Men for åvise føyelighet har presteenken disse forliksproposjoner Jon Gryte å forestille:
1. Om han kan prestere nøyaktig kausjon såvel for gårdens huses vedbørlige istandsettelse til en viss tid, såvel som for all den pretensjon hennes søn successor i kallet billig måtte kunne påstå for gårdens birkeskogs ødeleggelse.
2. Om han vil frasi sig gården uten videre vidløftighet, er enken villig å motta samme i den befundne stand, og dessuten forsyne Jon Gryte med annet etter hans omstendighet konvenable jordebruk eller òg forskaffe ham en billig penge til jordbygsel på et annet sted, altfor å soulegere Jon Gryte i hans trengende omstendighet og forebygge gården Grytes totale ødeleggelse, som ikke annet kan spåes under en forarmet leilending.
Herimot å svare sa Cort Røder den i rette lagde taksasjon og åbotsforretning sus penderer ham ikke fra sitt gårdsbruk, anviste derfor hans skattebok hvorved han beviser Jon Gryte har betalt sine skatter dette år, samt landskylden for avvigte år, hvorfor Jon Gryte undrer sig han skal bli så overlastet som han for nærværende tid merker ubeføyet å være satt uti. Skatteboken ble levert dommeren med ærbødigst begjær samme med påteigning måtte tilbakeleveres. Jon Gryte personlig utbad saken utsatt til alm. høstting inneværende år, da han vil være betenkt å gi et fullkommen svar på de fremsatte forliksposter. I hvilken anledning saken til alm. høstting inneværende år utsettes.»
På sommertinget 1764 vart det opplyst at saka mellom mad. Stabell og Jon Gryte var avgjort i minnelighet og utgår av saklista.
Jon Sjurson og Susanne Larsdtr. hadde barna:
Jon Sjurson døydde i 1798, 78 år gamal, Susanne Larsdtr. i 1801, 76 år gamal.,
f. 1756, overtok Gryte i 1791. Han vart i 1797 g. m. Anna Olsdtr. Hebnes, dotter av Ola Anderson i Framigard (sjå Hebnes
Østhus 12 g). Barn:
I naudåret 1812 gjev Sjur Gryte opp å ha hausta 18 tn. korn på Gryte. Treng ikkje korn av kornmagasinet, men gjer merksam på at kornet han har ikkje duger til såkorn.
I 1822 seier han opp bygsla av Gryte til bate for sonen som då overtar.
Sjur og Anna sette seg då i folga.
Sjur Jonson døydde i 1837, 76 år gamal, Anna Olsdtr. i 1839, 74 år
gamal.
f. 1798, får i 1822 bygselbrev på Gryte av sokneprest J. Luth på
Nedstrand. Aret etter, 1823, vart han g. m. Johanna
Nilsdtr. Kjølvik, f. 1802 (slå Kjølvik nr. 12 a).
Jon Sjurson sat som leiglending med bruket i Gryte til 1851. Då får han kgl. skjøte på Gryte. Men han sat ikkje lenge som bonde og eigar av Gryte. I 1852 sel han halvparten av garden til Rasmus Tosteinson og i 1853 sel han resten til Ola Olson, båe frå Suldal. Han tek seg folga av båe bruka og lever resten av sitt liv som folgemann på Gryte. Han døydde i 1885. Barn:
Johanna Nilsdtr. døydde i 1864. I 1875 lever Jon Sjurson som enkemann i folga si på Gryte, har då barna Helena, Ingeborg, Nils og Torgils heime.
Dette er dei siste av den gamle Gryte og Kjølvikætt som budde på Gryte. Gryte vart då delt i to bruk og me nyttar nå dei bruksnr. bruka fekk i 1886.
Foss i Suldal, g. m. Marta
Torgersdtr. Honganvik i Sauda, f. 1813, kjøpte denne part av Gryte i
1853. Prisen var 200 spd. og folga til seljaren.
Ola Olson døydde i 1873, Marta Torgersdtr. i 1882. Barn:
Refsekra, f. 1843, g. m. Berta Oline
Gryte, overtok Gryte då han gifte seg i 1874. Vermora Marta Torgersdtr.
sette seg då i folga. Han får skjøte av vermor si 10. desember 1876.
Kjøpesum 150 spd. og folga. Barn:
Ånon Gryte døydde i 1937, Berta Oline Gryte døydde i 1926.
f. 1878, g. m. Justine Ommundsdtr. Helleland
frå Stangeland i Håland, var bonde på Gryte etterpå. Ei dotter Olga
Olsdtr. g. m. Arthur Endresen frå Ølen. Dei bur på Lund i Sjernarøy
der òg Ola Gryte er flytt etter han sa garden Gryte frå seg.
Herabakka i Suldal, f. 1822, kjøper dette bruket, som var halve Gryte, i
1852. Bruket vart ved skylddelinga sett i 1 dl. 1 ort 5 sk. og betalt med 325
spd. og folga til seljaren. Rasmus hadde mor si med seg til Gryte, Borghild
Rasmusdtr., og han skreiv ut folgebrev til henne same året.
Rasmus Tosteinson var g. m. Ane Andersdtr. Førland i Suldal, f. 1828. Dei budde på Gryte til 1868. Då sel han bruket til Torkel Torjusson frå Sauda. Rasmus og kona flvtte då til Kalvik og seinare til Berekvam. Truleg hadde dei ikkje barn.
f. 1835 i Sauda, vart ikr. 1865 g. m. Johanna
Sofie Torgeirsdtr. f. 1846 i Sand. Dei kjøpte Gryte i 1868. Kjøpesum 650
spd. og gamal folga.
I 1879 makeskifter han bruket i Gryte mot Kleiberg i Nedstrand. Det var Ola Thorson Håland som då sat på Kleiberg. Kleiberg var på 3 dl. 1 ort 13 sk. i skyld og vart verdsett til 4 400 kr. og lausøyra til 200 kr. Gryte som var på 1 dl. 1 ort 5 sk. vart verdsett til 4 000 kr. Torkel gav Ola Thorson 600 kr. imellom. Barn i 1875:
Håland, f. 1832 på Frette i Etne, var g. m. Hagla Nilsdtr. Finnvik, f. 1849, overtok så dette bruket. Ein
son Thore Olson f. 1879 i Nedstrand.
Ola Thorson døydde i 1907, Magla Nilsdtr. i 1945.
f. 1879, overtok bruket etter faren. Gift med Helene Tormodsdtr. Rosseid, f. 1884.
Barn: Ola, Laurensa, Magnhild, Borghild, Tormod, Margit og Herdis.
Gryte, f. 1801, (8 b) får grunnasetel av bror sin Jon Sjurson i 1822.
Plassen var kalla Nymark og var på 2 ortstykke bø på innmarka på Gryte.
Då irar Ola Sjurson ungkar. I 1836 gifte han seg med Anna
Seselia Larsdtr. Randistova Hebnes (sjå Hebnes Klovning 7 d). Barn:
Ola Sjurson døydde i 1851, 50 år gamal. Barna er truleg reist ut, me ser ikkje meir til dei i Jelsa. Enka Anna Seselia Larsdtr. får utflytningsattest i 1866 utan at det står kor ho reiste hen, men ho er grl. i Tysvær i 1886.
f. 1799, g. 1824 m. Ingeborg
Tronsdtr. Lie, f. 1802 bygsla ein plass u. Gryte kalla Grytevatnet. Jon
Jonson var bøkker av yrke. Barn:
Både Jon Jonson og Ingeborg Trondsdtr. døydde i 1879.
f. 1829 (17 b), var g. m. Marta
Hermannsdtr. f. 1833, dotter av Hermann Hermannson Slåtta u. Anvik i
Imsland. Dei busette seg på Grytehaugen. Som faren var og Jon Grytehaugen
bøkker. Barn:
I 1900 bur Jon og Marta på Grytehaugen. Dette var dei siste husmannsfolk
på Gryte.
f. 1827, son av Lars Halvarson Kleppadalen u. Kleppa, vart 1852 g. m. Ingrid
Olsdtr. Åsbø i Imsland, f. 1826. Dei busette seg på Velta u. Gryte.
Barn: