Gjerde fekk då bruket vart utskift og skyldsett frå Jelsa Mehus i 1802
matr.nr. 107. I ny matrikkel 1838 får bruket matr.nr. 29, løpenr. 95. I 1886
gardsnr. 39, br.nr. 1 og 2. Skylda på bruket var i 1802 1 pd. 6 m. I 18381
dl. 1 ort 5 sk. I matrikkelen 1886 br.nr. 125 øre, br.nr. 2 1 mark 87 øre.
f. 1767 (sjå Jelsa nr. 19 c), kjøpte Gjerde av Thore Thorson i 1802. I
1801 er Eivind ført opp i manntalet som brukar av litt jord. Truleg var det
Gjerde han då brukte.
Eivind Knutson døydde i 1826. Han let då etter seg enka Kari Kristoffersdotter og 5 barn
Kari Kristoffersdotter Gjerde døydde i 1844, 68 år gamal.
f. 1796, vart i 1827 g. m. Brita
Bjørnsdotter Bandeberg, f. 1802.
Per overtok Gjerde etter faren i 1828, det året skriv han ut folgebrev til mor si, Kari Kristoffersdotter. Per og Brita sat berre 3 år i Gjerde. I 1831 7. okt. skjøtte han Gjerde, matr.nr. 107 av skyld 1 pd. 6 m. sm., til gjestgjevar og landhandlar Helge Meidell. Kjøpesumen var 600 spd. og gamal folga som kvilde på bruket.
Per og kona flytte då til Bandeberg og overtok eit bruk der. Seinare
flytte dei til Foldøy der ætta framleis bur.
f. ikr. 1787, og kona Sofie Magdalene
Nygård, f. ikr. 1792, flytte inn til Jelsa frå Kvinnherad i 1819. Dei
overtok då handels og gjestgjevarhuset på Sandane. I 1831 kjøpte dei
Gjerde.
Sofie Magdalene Meidell døydde i 1842. I 1843 er det skifte etter båe. Helge Meidell var avliden nokre år før kona. Barn:
f. 1821, overtok Gjerde i skiftet
etter foreldra. Vurderingssumen var 500 spd. Etter ny matrikkel 1838 hadde
Gjerde 1 dl. 1 ort 5 sk. i skyld. Ved sida av bruket dreiv Knut Meidell handel
og gjestgjeveri på Sandane etter faren.
I 1847 vart han g. m. Laurentsa Olsdotter Barkeland, dotter av Ola Gunnarson. I 1860 delte han Gjerde såleis at han sjølv held att av bruket eit stykke skyldsett til 5 sk. Resten let han same år gå til auksjons. Torbjørn Torbjørnson Lovraslåtta fekk tilslaget på 700 spd.
Knut Meidell selde handelshuset på Sandane og flytte til Ramsvik i
Sjernarøy og dreiv handel der. Det stykket han hadde halde att av Gjerde,
skyld 5 øre, selde han i 1860 til Jakob Larsson Bastlia i Hjelmeland. Dette
bruket vart seinare kalla Nygård og var br.nr. 1 av Gjerde. Bruket ligg i
Jelsavågen og hadde før vore ein husmannsplass u. Gjerde. Plassen var ofte
kalla Sleggja og Jakob som budde der kalla for Jakob Sleggja, båtbyggjaren.
Laurentsa Meidel døydde i Ramsvik i 1892, 74 år gamal. Ho let då etter seg mannen Knut N. Meidell og ei dotter, Inger Johanna, f. 1854. Ei dotter Sofie Magdalena, f. 1849, må vera død før 1892.
Bastlia, f. 1830, var komen til Jelsa som skulehaldar og konstituert
klokkar. Han kjøpte Nygård br.nr. 1 av Gjerde i 1860. Han hadde då slutta
som klokkar og dreiv det mest som båtbyggjar. I 1857 vart han g. m. Ase
Eriksdotter Kalvik, f. 1829. Barn:
I 1900 budde Jakob Larsson på Nygård som enkemann og folgemann. Søster til kona, Berta Eriksdotter Kalvik, er hushaldar hjå han.
Nyvoll u. Barkeland, f. 1858, vart g. m. eldste dotter til Jakob Larsson, Elen
Malene Jakobsdotter. I
1900 bur dei på Nygård br.nr. 1 av Gjerde av skyld 25 øre. To barn i
1900:
Tomas Sjurson har bruket i 1906.
Sidan kjøpte Ole Barkenes, son til Lars Barkenes, Nygård. Han vart g. m. Bertine Hagen, Jelsa. Dei tok namnet Nygård til etternamn.
Lovraslåtta, f. 1814, g. 1840 m. Marta
Henriksdotter As i Erfjord, f. 1798, kjøpte Gjerde av Knut Meidell i
1860. Om Torbjørn brukte Gjerde noko tid er uvisst. Han åtte ein part av
Jårvik tidlegare og nå makebyter han med enka etter Sjovat Johannesson
Jårvik, Marta Nilsdotter, Gjerde mot hennar part i Jårvik. Om Torbjørn sjå
Jårvik.
f. 1814 på Kjeringtveit i Sauda, enka etter Sjovat Jårvik, flytte så inn
på Gjerde straks etter 1860. Ho har bror sin Torger Nilsson hjå seg. I 1865
gifte Torger seg og får då kjøpe Gjerde av søster si. Enka Marta
Nilsdotter Gjerde gifte seg i 1866 med enkemann Jonas Andersson Nevøy og
flytte dit.
f. 1817, overtok Gjerde i 1865, same året han gifte seg med Lisbet
Henriksdotter Bogsberget. Torger døydde to år etter i 1867, 50 år
gamal. Ein son let han etter seg, Nils Torgerson,
f. 1866. Denne sonen vart sjømann, var ei lang tid skipper og enda som
skipsreidar i Sandefjord. (Sjå Magnus Våge: Erfjord Bygdebok side 20).
Enka gifte seg oppatt i 1868 med Simon Paulson Bog.
Bog, f. 1834, g. m. enka Lisbet
Henriksdotter Gjerde, overtok Gjerde i 1868. Simon dreiv sildesalting på
Nordland med jekta «Caroline.» På
Gjerde budde han til 1886. Då selde han bruket og flytte til Strand. Barn:
Jelsa (sjå Jelsa 35 d) kjøpte Gjerde av Simon Paulson i 1886. Kjøpesum 5
000 kr. Bruket fekk i matrikkelen 1886 br.nr. 2 av Gjerde av skyld 1 mark 87
øre. Helmik Bjørnson var ungkar, flytte til Botne ved Holmestrand der bror
hans var gardbrukar. Der døydde han i 1926.
Høyviktræ, f. 1868, g. m. Marie
Mikkelsdotter Finnvik, bur i Gjerde i 1900. Dei har då ingen barn.
Seinare flytte dei til Finnvik der ætta framleis bur.
f. 1874 på Randøy i Hjelmeland, g. m. Tomine Olsdotter, f. 1875 i
Sandvikhagen i Erfjord, foreldra budde seinare i Bandura, Ombo. På sine gamle
dagar kjøpte dei ytre (søre) Markusvik, kjøpte Gjerde i 1906. Han fekk
skjøte av Helmik Bjørnson, så truleg hadde ikkje Tomas Ivarson skjøte på
bruket.
Sonen Hans jensson har bruket nå (1963).