Ikkje alle bønder åtte den jord dei brukte. Somme åtte ein part av garden sin og måtte bygsla resten. Eigaren av jorda elles, jorddrotten, kunne vera kongen, kyrkja, adelsmenn eller bønder som var komen til makt og medel. Retten til å bygsla bort ein gard hadde den som åtte mest i han.
Når ein bonde overtok leigejord betalte han førstebygsel av jorda. Seinare kvart tredje år ei mindre avgift, oftast kalla tredjeårsmåle eller tredjeårstak. Ved sida av desse faste avgifter betalte han årleg leiga av garden, landskyld kalla. Frå gamalt skulle landskylda ytast i det som kunne avlast på garden, seinare vart det meir i bruk å yta landskylda i pengar etter offentleg landskyldtakst.
I Jelsa vart landskylda betalt for det meste i smør, reint unntaksfall i korn eller never. Eininga var 1 laup smør = 3 bismerpund = 72 merker. Ein laup smør var omlag 18 kg.
Då det var storleiken (bruksverde) på ein gard landskylda var eit mål på, så vart landskylda seinare nytta til å rekna ut skattar på. Leidangen var ein slik skatt som oftast vart betalt i huder eller skinn. Eininga var ei lytefri kuhud. Var huda garva vart ho rekna jamngod med 1 laup smør, ugarva det halve.
Ei hud vart rekna likt med 2 bukkeskinn = 4 geitskinn = 8 sauskinn = 12 kalvskinn.
Utarbeid etter landskylda vart også matrikkel eller jordlistene. I matrikkelen av 1838 vart den gamle landskyld i smør og korn erstatta med daler, ort og skilling. I matrikkelen av 1886 vart den samla matrikkelskyld for heile landet sett i ein halv million skyldmark a 100 øre.
Utanom leidangen måtte ein betala tiend til kyrkja. Det ser ut til, etter dei gamle matrikkellistene, at det var tiandeparten av det korn dei sådde som vart betalt i tiend.
Ein gard på 2 laup smør eller meir vart kalla fullgard, mellom ein og to laup smør halvgard, under 1 laup smør øydegard (må ikkje mistydast med ein gard som er lagt øyde).
|
alb. |
= album (liten mynt) |
m. |
= mark |
|
br.nr. |
= bruksnummer |
m. sm. |
= mark
smør |
|
d. |
= død |
pd. |
= pund (bismerpund) |
|
dat. |
=
datert |
pd.
sm. |
= pund
smør |
|
D. N. |
=
Diplomatarium Norvegicum |
rd. |
= riksdaler |
|
dtr. |
= dotter |
spd. |
= speciedaler |
|
f. |
= fødd |
spn. |
= spann |
|
gl. |
= gamal |
sk. |
= skilling |
|
g. m. |
= gift med |
skf. |
= skifteforretning |
|
grd.nr. |
= gardsnummer |
tgl. |
= tinglese |
|
grl. |
= gravlagt |
tn. |
= tønne |
|
ikr. |
= ikring |
u. |
= under |
|
1. |
= laup |
d. c. |
= dansk curant |
|
1. sm. |
= laup smør |
|
|