Foldøy ligg ved innlaupet til Sandsfjord. Det er ei flat øy på ikr. 1,1 km² i storleik. Frå Foldøy og inn til jelsalandet er ikr. 2,5 km, sundet som skil mellom Hebnes og Foldøy omlag halvparten så breit.
Jens Kraft skriv i sin «Beskriveles over Stavanger Amt», 2. utgave 1842:
«På den udenfor Hemnes liggende
smukke og jevne øe Follerøen sees to bautastene 20 skridt fra hinanden, den
ene 4 og den anden 4 alen høi, hvis grund, der er lidet høiere end den
omliggende slette, har været adskilt fra denne ved endnu synlige grøfter i
en retvinklet aflang firekant, der igjen overskjæres af en mindre grøft.»
Første gongen me råkar på noko skrive om Foldøy er i eit brev frå bisp Torgils i Stavanger. Brevet er udatert, men er fastsett til å vera skrive ikr. 1275. D. N. X. side 12. Bispen gjev gods til det nyreiste hospital i Stavanger. Mellom godset var og «Folldøyar øy halva». Det gods som hospitalet i Stavanger eig seinare i Foldøy var 2 pd. sm. Heile garden var på 8 pd. sm. Det kunne tyda på at bispen har ått halvparten av Foldøy 4 pd. sm. og så gjeve bort halvparten av det att. Men etter teksten i brevet kunne det nok sjå ut som om bispen har gjeve halve øya til hospitalet.
I designasjonen over kongens gods i 1633 heiter det om Foldøy: «Folderøen 8 pd. sm. Ingen lunder. Kongen eier 1 1. sm. og råder bøxelen for 8 pd. sm. I 1. bøxel betales 10 rd. løpen.»
Etter matrikkelen av 1649 eig hospitalet 2 pd. Kongen 1 1. og resten 1 1. er odelsgods. Kongen rår med bygsla av garden.
Matrikkelen 1668: Foldøy matr. nr.19. 8 pd. sm. 1 laup odelsgods, 1 laup
adelsgods og resten 2 pund smør er hospitalgods. Då bygslar kvar sitt gods.
Dei før på garden 2 hestar og 28 naut. Sår 10 tn. korn. Ingen
brennevedskog. Garden sett i 8 pund smør, leidang 1 hud og 1 geitskinn,
tiende 10 spn. korn, småreidsla 22 skilling.
Nå er krongodset gått over til adelsgods. Det kom seg av at kong Fredrik III av Danmark-Norge hadde, som så mange gonger før, ført krig med Sverige i 1650 åra. Det kosta meir penger enn Kongens kasse kunne tåla. Difor måtte han ta opp lån av dei som hadde pengar. Det var serleg adelsmennene i Danmark. Ove Gjedde, admiral i den dansk-norske flåte, kom til å ha mykje tilgode av Kongen, som måtte setja jordegodset sitt i Norge til pant. Ove Gjedde døydde i 1660. I 1661 er alt kongsgodset i Jelsa utlagt sl. admiral Ove Gjeddes arvingar. Mellom dette godset var også 1 laup smør i Foldøy. Oberst Gersdorf, ein dansk adelsmann, var gift med ei dotter av Ove Gjedde, Dorthe Gjedde. Han får alt godset i Jelsa og mykje meir i Stavanger len.
I 1687 sel oberst Gersdorf godset 1 1. sm. i Foldøy til Marita sl. herr
Sørens etterleverske, «betalte ham derfor etter hans nøye.» Datert
Kjøpenhavn 20. november 1687, tgl. 4. juli 1688. Marita var presteenka Marita
Heljesdtr. Hofmann på Jelsa.
Brukarane på Foldøy åtte ikkje odelsgodset i Foldøy. I ein bygselsetel frå 1621 over halve Foldøy er velbyrdige Claus Brockenhus nemnt som eigar av odelsgodset. I 1661 er odelsgodset gått over til Torgils Olson Brommeland på Sand. Tingbøkene 1640-50 er borte. Truleg er det i denne tid Torgils Brommeland har kjøpt odelsgodset i Foldøy. Han og arvingane hans eig godset 1 1. sm. i Foldøy til 1691. Det året 6. juli vart det tinglese eit skjøte på 1 1. sm. i Foldøy frå Lars Torbjørnson Hanekam på kona si vegne på 2 pd. 6 m. sm. og Ola Ropeid på eigne vegne 18 m. sm. til Marita Heljesdtr. sal. herr Søren Sørensen Hofmanns. Marita Hofmann eig då alt godset i Foldøy, unnteke det som hospitalet i Stavanger eig.
Sonen til Marita Hofmann, Søren Sørensen Hofmann på Venja, sel i 1723 til oppsitjarane på Foldøy, 1 1. sm. på kvar.
I 1739 vart det halde auksjon over hospitalgodset i Foldøy, 2 pd. sm. Ingebret Mikkelson, ein av brukarane på Foldøy, fekk tilslaget for 48 rd.
Etter matrikkelutkastet 1723 er Foldøy på 8 pd. sm. Lett å vinna. Simon brukar 4 pd. sm. Sår 5 tn. korn og haustar 30 tn. Før hest, 14 naut og 2 sauer. Ingebret brukar, før og sår det same.
I 1596 vart det halde eit arveskifte på Foldøy. Mellom godset var også Indre Høyvik. Brukaren då på Foldøy, Østen, får utlagt 1 pd. sm. i Høyvik for hustømmerets skuld. Derifrå kunne dei henta det tømmer dei trong til å halda husa på Foldøy i stand med. På Foldøy var ingen nåleskog og så godt som ingen lauvskog.
Foldøy var alltid rekna for ein god korngard. I naudåret 1812 gjev Faltin Faltinson opp 60 tn. korn hausta på garden det året.
Det eldste matr.nr. me kjenner på Foldøy er frå matr. 1668, matr.nr. 19. I matr. 1838 får øya matr.nr. 74, løpenr. 99a Jon Olson 2 dl. 1 ort 14 sk., løpenr. 99b Torjils Olson 1 dl. 1 ort 18 sk., løpenr. 99e Sven Torbjørnson 2 ort 6 sk., løpenr. 100a Faltin Jonasson 3 dl. 4 ort 23 sk., løpenr. 100b Anders Nilsson 16 sk. Tils. 8 dl. 1 ort 5 skilling.
Etter matr. 1851 er det same matr.skyld på garden samla. Nytt matr.nr. 56. Løpenr. 121 Jon Olson 2 dl. 1 ort 14 sk., l.nr. 122 Lars Torjusson 4 ort 23 sk., l.nr. 123 Faltin Faltinson 1 ort 3 sk., l.nr. 124 Peder Ei vindson 16 sk., l.nr. 125 Tormod Nilsson 2 ort 6 sk., l.nr. 126 Faltin Jonasson 3 dl. 4 ort 23 sk., l.nr. 127 Anders Nilsson 16 skilling.
I 1881 2. aug. var det utskiftning av ei torvmyr som låg i buhagen til Jon Johannesson (nr. 29). Myra vart skift etter 8 skifteliner som alle gjekk parallelt frå aust mot vest. Den søre tilfalt Berdines Bårdson 7 ¾ alner i bredde, neste Jonas Faltinson 7 alner brei, Ola Bjørnson, 5 alner brei, Peder Pederson Tjuenes, 6 alner brei, Faltin Faltinson, 6 ¾ alner brei, Anders Faltinson, 4 alner brei og Eivind Pederson 2 ½ alner brei. Myra kalla Flintemyra. I Hellemyra tok dei ut to teigar som vart delt mellom Rasmus Jakobson og Anna Kristofersdtr.
I førebuinga til ny matr. som tok til i 1863 og enda med matr. av 1886 finn me om Foldøy: Foldøy matr.nr. 56, løpenr. 121 Jon Olson, nåverande skyld 2 dl. 1 ort 14 sk. Sår 6/10, tn. bygg, haustar 6 1/10 tn., 6 tn. havre, haustar 38 tn., 6 tn. poteter, haustar 36 tn. Før hest, 7 kyr, 4 ungnaut og 14 sauer. På ein husmannsplass til dette bruket sådde dei 1/10 tn. bygg, haustar 1 tn., 1 1/4 tn. havre, haustar 8 tn., 1 tn. poteter, haustar 6 tn. Fødde 1 ku og eit ungnaut og 10 sauer. Areal av åkrar og ekrer var 35 mål, 60 mål slåtteland. Bruket verdsett til 724 spd. med tillegg av 13 spd. for nydyrkningjord. For lett adkomst 123 spd. Innmarka tilsaman verdsett til 860 spd. For beite 126 spd. Frådrag for det ikkje var brenne og tømmer til husvøling vart sett til 183 spd. Heile eigedomen verdsett til 800 spd. Framlegg til ny matr.skyld 2 dl. 32 skilling.
L.nr. 122a, Peder Pederson, skyld 2 ort 4 sk., verdsett til 137 spd. Tillegg for lett adkomst 30 spd., beite 4 spd. Frådrag for mangel på brenne 34 spd. Heile bruket verdsett til 135 spd. Framlegg til ny matr.skyld 46 skilling.
L.nr. 122b og 125, Tormod. Innmarka si verdi sett til 223 spd. + 1 spd. for nydyrkning, 50 spd. for lett adkomst, 42 spd. for beite. Frådrag 62 spd. for mangel på brenne. Heile bruket verdsett til 255 spd. Framlegg til ny matr.skyld 87 skilling.
L.nr. 122c, Nils, matr.skyld 2 ort 3 sk. Innmarka versett til 135 spd. Tillegg for lett adkomst 30 spd. Beite 4 spd. Frådrag for mangel på brenne 34 spd. Heile bruket verdsett til 135 spd. Framlegg til ny skyld 46 skilling.
L.nr. 123 (Haugen), Anders. Innmarka verdsett til 84 spd. Tillegg for lett adkomst 19 spd. Beite 4 spd. Frådrag for mangel på brenne 21 spd. Heile bruket verdsett til 85 spd. Framlegg til ny skyld 29 skilling.
L.nr. 124, Eivind, gamal skyld 16 skilling. Innmarka verdsett til 84 spd. Tillegg for lett adkomst 19 spd. Beite 4 spd. Frådrag for mangel på brenne 21 spd. Heile bruket verdsatt til 85 spd. Framlegg om ny matr.skyld 29 skilling.
L.nr. 126a, Jakob.
Gamal skyld 1 dl. 1 ort 8 sk. Innmarka verdsett til 356 spd. Tillegg
for nydyrkning 20 spd. For lett adkomst 78 spd.
Beite 42 spd. Frådrag for mangel på brenne 91 spd. Heile bruket
verdsett til 405 spd. Framlegg til ny matr.skyld 1 dl. 18
skilling. Under dette løpenr. er det i 1863 to andre bruk som ikkje
har fått løpenr.
Ola sitt bruk på gamal skyld 1 dl. 1 ort 7 sk. Innmarka verdsett til
382 spd. + 10 spd. for nydyrkning. Tillegg for lett adkomst
75 spd. Beite 42 spd. Frådrag for mangel på brenne 102 spd. Heile
bruket 405 spd. Framlegg til ny matr.skyld 1 dl. 18
skilling.
Faltin sitt bruk, Frøkenstykket, verdsett til 145 spd. Framlegg til ny
matr. skyld 45 skilling.
L.nr. 126b og 126c, Rasmus. Gamal skyld 2 ort 22 skilling. Innmarka verdsett til 151 spd. Tillegg for lett adkomst 33 spd. Beite 32 spd. Frådrag for brenne 43 spd. Heile bruket verdsett til 175 spd. Framlegg til ny matr.skyld 60 skilling.
L.nr. 126d, Bjørn. Gamal skyld 1 ort 8 sk. Innmarka verdsett til 72 spd. Tillegg for lett adkomst 21 spd. Beite 16 spd. Frådrag for brenne 26 spd. Heile bruket 85 spd. Framlegg til ny matr.skyld 29 skilling
L.nr. 126e, Peder Buer. Gamal skyld 1 ort 8 sk. Innmarka verdsett til 94 spd. Tillegg for lett adkomst 25 spd. Beite 16 spd. Frådrag for brenne 31 spd. Heile bruket 105 spd. Framlegg til ny matr.skyld 36 skilling.
L.nr. 127 (Nygård) Anders. Gamal skyld 16 skilling. Innmarka sett i 103 spd. Tillegg for lett adkomst 12 spd. Frådrag for brenne 24 spd. Bruket sett i 90 spd. Framlegg til ny matr.skyld 31 skilling.
Resultatet var matrikkelen av 1886: Der får Foldøy gardsnr. 11 og løpenr. erstatta med bruksnr. Dei gamle løpenr. står i parentes. Ny skyldnemning mark a 100 øre.
Br.nr. 1 (121a) Jonas Faltinson, 70 øre.
Br.nr. 2 (121 b) Jon Johannesson, 1 mark 41 øre.
Br.nr. 3 (121c) Frøkenstykket, Bjørn Knutson, 56 øre. Br.nr. 4 (121d) Varavika, Johannes Kristenson, 26 øre. Br.nr. 5 (121e) Faltin og Jonas Faltinsøner, 70 øre.
Br.nr. 6 (122a) Peder Pederson, 57 øre.
Br.nr. 7 (122b) og (125) Breivik, Ola Bjørnson, 1 mark 16 øre. Br.nr. 8 (122c) Faltin Faltinson, 59 øre.
Br.nr. 9 (122d) Litle Varavik, Johannes Kristenson, 7 øre. Br.nr. 10 (123) Haugen, Anders Faltinson, 39 øre.
Br.nr. 11 (124) Eivind Person, 39 øre.
Br.nr. 12 (126a) Anna Kristoffersdotter, 1 mark 84 øre. Br.nr. 13 (126b) Ole Johannesson, 1 mark 84 øre.
Br.nr. 14 (126c, d, h) Rasmus Jakobson og Faltin Faltinson, 79 øre.
Br.nr. 15 (126e) Peder Pederson Buer, 39 øre. Br.nr. 16 (126f) Peder Pederson Buer, 47 øre. Br.nr. 17 (126g) Frøkenstykket, Bjørn Pederson, 53 øre. Br.nr. 18 (126i) Varavika, Johannes Kristenson, 13 øre. Br.nr. 19 (127) Nygård, Anders Nilsson, 42 øre.
I matr. frå 1906 er det kome til 5 nye bruksnr., 24 br.nr. i talet.
Frå gamalt av var det visstnok to bruk på Foldøy. Ikr. 1600 er det visst berre eit. Men frå ikr. 1610 til 1757 to bruk. Frå 1757 til 1816 eit bruk. Frå 1816 til 1886 er bruka auka til 19 bruk. Og i 1906 24 bruk. Under brukarar vert desse tidbolkane handsama kvar for seg for å letta oversynet.
er nemnd som jordeigar i skattelista 1563. Han var frå Soland og flytte
seinare attende til Soland.
er same år nemnd som leilending. I eit gamalt brev opplese på
fjerdingstinget på Hebnes i 1637 er Svein Nilsson nemnd som leiglending på
Foldøy i farne tider. Også nemnd i eit brev frå 1566 (sjå Haug).
er brukar på Foldøy ikr. 1600. Første gong me råkar på han er som
lagrettesmann i 1590. Det vart det året teke ut utsendingar til kongehyllinga
i Oslo 1591. Øystein kom frå Soland (sjå Soland nr. 3).
Det er i tingbøkene fleire gonger nemnd eit arveskifte på Foldøy i 1595
og 1596. I det skiftet vart 1 pd. sm. i 1. Høyvik utlagt til Øystein for
husetømmers skuld som det ikkje var noko av på Foldøy. Det er mogeleg at
første kona til Øystein har vore enke då Øystein gifte seg med henne. Det
må vera henne det er skifte etter i 1595. Ser me på Nådland på Ombo, så
eig dei 1/2 pd. sm. i Høyvik, og sønene til Øystein eig gods i Nådland
seinare. Det mest rimelege er at ei stedotter til Øystein er gift til
Nådland.
Øystein bruka truleg heile Foldøy. Ingen annan frå Foldøy er oppført i lensreknskapen i denne tid.
I sakefallsmeldinga 1603-1604 står: «Østen på Follerøen for han sådde sin jord ulovlig og ikke udi rette tid tok sin måle igjen. Sonet derfor med 10 rd. Øystein har nok ikkje betalt sin 3-års bygsel i 1603, men sådde åkeren likevel. Difor måtte han bøta til Kongens kasse.
I 1610 må Øystein vera avliden. Det året skattar enka på Foldøy for
halve garden. Den andre halvpart skattar stesonen Anders Øysteinson av.
Me kjenner desse barna til Øystein, alle truleg med 1. kona:
Frå den tid (1610) til oberst Fasting kjøpte Foldøy i 1757 var det to bruk på Foldøy med 4 pd. sm. på kvart.
bygslar 1 1. sm. i Foldøy i 1611, «som
enken ibd. for hannem venligen opplod, leiede og gav 4 dl.» Enka, stemor
hans, har nok brukt resten ei tid frametter. Anders bruka denne halvparten av
Foldøy bortimot 40 år.
Han var gift med Turi Olsdtr. Musland på Nedstrand. Kjenner berre ein son,
Det ser ut som om ei dotter av Anders Øysteinson er gift med Anders Jonson på andre bruket på Foldøy. I førstebygsel 1650 i lensreknskapen står: «Fest Anders Bjørnson (?) 1 pd. sm. i Foldøen som hans verfader for ham opplod, gav i l.bygsel 8 dl» Anders Jonson sat med 5 pd. sm. i Folldøy i 1666, mens son til Anders Øysteinson hadde 3 pd. sm. Bjørnson er truleg feilskrive for Jonson i lensrekneskapen.
Same år får Ola Andersson bygsla 1 1. sm. (3 pd.) i Foldøy, «som hans fader fradøde.» Han betalte i førstebygsel 18 daler.
f. ikr. 1630 overtek faren sin part av Foldøy = 1 pd. sm. som Anders
Jonson hadde fått. Dessutan arva han 12 m. sm. i Høyvik etter faren.
I manntalet 1666 har han to søner:
sm. at det var kona sitt arvegods etter hennar foreldre. Ho hadde ei ugift søster hjå seg i Høyvik, d. Marta Olsdtr., som døydde i 1730.
Ola Andersson døydde i 1707. Det står i kyrkjeboka at han var 96 år, men det er truleg omlag 20 år for mykje.
bygslar 4 pd. sm. i Foldøy av mor si i 1710. Utanom vanleg bygselvilkår
skal han fø for henne 2 kyr så lenge ho lever. Det er lite.truleg at Jakob
Sørensen nokon gong har butt på Foldøy. Kanskje held han tenestefolk der.
Aret etter (1711) bygslar ho dette bruket av Foldøy til soldat Kristoffer
Kristofferson.
g. m. Anna Olsdtr. Norheim i
Sjernarøy, bygslar 4 pd. sm. i Foldøy i 1711. Barn født på Foldøy:
Kristoffer Kristofferson brukar Foldøy til 1718. Då får han bygsla 7 vett korn i Norheim og flytter dit. Budde visstnok tilsist på Li i Fister. Anna Olsdtr. døydde i 1763.
f. ikr. 1677 i Vadla, var g. m. Eli Olsdtr.
Norheim, søster til Anna Olsdtr. i nr. 7. I 1706 tenar han på Kyle, er
sjøvan og innskriven matros. Då han vart g. m. Eli Norheim fekk han i 1714
bygsla 3 ½ vett kornsbruk i Norheim av Halsnøy kloster. I 1718 bygslar han
verbroren sitt bruk i Foldøy av Marita Hofmann, samstundes flytter verbror
Kristoffer til Norheim.
I 1723 får han skjøte på bruket sitt i Foldøy, 1 1. sm., av Søren
Sørensen Hofmannn på Venja, som hadde arva dette godset etter mor si.
Skjøtet dat. 23. juni, tgl. 2. nov. 1723.
I 1739 var det auksjon over hospitalgodset i Foldøy, 2 pd. sm. Ingebret
Mikkelson fekk tilslaget på 48 rd. Skjøtet utskrive 11. des. 1741, tgl. 25.
juni 1746.
Ingebret Mikkelson døydde i 1741. Skifte etter han halde 3. juli s. å. Han let då etter seg barna:
Enka Eli Olsdtr. brukte bruket etter mannen var død til 1751. Då skjøter ho bruket 4 pd. sm. i Foldøy over på sonen Jakob Ingebretson. Då Foldøy vart seld til oberst Fasting i 1757 skreiv obersten ut kårbrev til Eli Olsdtr. Ho skal ha 4 tn. havre a 8 spann, 1 tn. reint korn a 10 spann og ½ kvartel rug. Dessutan foster til ei ku og 6 sauer. Denne folgeytinga overtok sonen Ingebret Ingebretson Hebnes i 1761 mot 50 rd.
Eli døydde hjå dotter si i Askvik 1767 84 år gamal.
f. 1721 overtok i 1751 faren sitt bruk av Foldøy. Han vart i 1754 g. m. Berta
Kristensdtr., dotter til klokkaren Kristen Isakson. Då bruket i 1757 vart
seld til oberst Fasting flytter han til Nessa, seinare til Hebnes Litlastov.
Sjå der meir om Jakob Ingebretson.
(sjå nr. 3) sat nokre år med dette bruket etter at stesonen Anders hadde
overteke andre bruket. Men i 1616-17 vart bruket bortbygsla.
bygslar 4 pd. sm. i Foldøy i 1616-17. Ho betalte 20 dl. i førstebygsel.
Beritta hadde før vore gift med Njell Steinson på Jelsa og hadde ått og
brukt ein part av Jelsagarden. Då mannen døydde ikr. 1613 meinte Stein Jelsa
at han som eldste brorson hadde betre rett til åbruka dette bruket i Jelsa
enn enka etter farbror sin. Det var Stein som hadde leigt halve Foldøy til
henne og mot sin vilje vart ho tilslutt nøyd til å overta bruket i Foldøy
og overlata sitt bruk i Jelsa til Stein Sivertson. Men dei 2 pd. 4 ½ m. sm.
ho åtte i Jelsa skulle ho få bruka i 3 år saman med dei 4 pd. i Foldøy.
Ikr. 1622 vart ho g. m. enkemann Sevat Furre i Sjernarøy og flytte dit.
(I lensreknskapen står Sevat Sivertson, men i alle 3. bygsel seinare står
Eileff Sivertson) bygsla halvparten av Foldøy i 1621-22. Av denne halvpart
eig Kongen ½ 1. sm., velb. Claus Brockenhus ½
og hospitalet 1 pd. sm. Det ser difor ut som 1 1. sm. i Foldøy har
vore adelsgods før det gjekk over til odelsgods. Førstebygsla var 12 rd.
I 1626 makebyter Eileff Sivertson åsete med Halvar Andersson på Sæbø i Hjelmeland.
kom til Foldøy og betalte i førstebygsel 10 rd. Halvar Andersson var
kanskje av gamal Foldøyætt. Båe namna Halvar og Anders går att i barna til
Øystein (nr. 3). Kona til Stein Jelsa var òg ei Andersdtr. Det var Stein
Jelsa som fekk bygsla halve Foldøy til Beritte Olsdtr. i 1616 (sjå nr. 11).
Halvar Andersson sat med bruket til 1635. Då makebyter han bunestad på
nytt og då med Anders Jonson på Håkull i Skjold.
f. ikr. 1601, er truleg son av Jon Andersson Berakvam. I ei åstadsak på
Berakvam er Anders Foldøy innkalla som kjentmann på staden, og Torgeir
Fjetland seier på same ting at han for mange år sidan var med sønene til
Jon Berekvam, Anders og Tostein og skoga i Berakvamskogen.
Anders Jonson hadde før butt på Håkull i Skjold. Førstebygsel 1635-36 «Anders
Jonsen Håkull i Skjold fester 4 pd. sm. i Foldøen som Halvar ild. bytte med
hannem og Anders skal bo på hans gård igjen. Gav 12 rd.»
Anders Jonson var truleg verson til Anders Øysteinson (sjå nr. 4). I 1666
brukar han 5 pd. sm. i Foldøy mot 4 pd. før. Det må vera det pund smør som
verfar hans avsto til han i 1650. I 1666 har han sønene:
Den
som seinare budde på dette bruket må vera dotter hans.
Ingen av sønene til Anders kom til å bu på Foldøy.
finn me først på Føljesvoll i Erfjord, g. m. enka etter Ola
Føljesvoll, Marta Jonsdtr. Då han
vart enkemann får presteenka Sofie herr Markus' han til å seia opp bygsla
på Føljesvoll som ho sjølv vil bruka som enkesete, mot at han får bygsla
Rød i Erfjord. Det viser seg at ho kan ikkje halda ord, Simon kom ikkje inn
på Rød. Han budde seinare på Erøy hjå steson sin Rasmus Olson, så på
Fuglestein og truleg også ei tid i Romsbotn. Men ikr. 1680 vart han gift med Ingrid
Andersdtr. Foldøy og overtok Anders Jonson sitt bruk på Foldøy.
Simon Johannesson døydde ved nyttårsskiftet 1694-95. Det er skifte etter han 15. mars 1695. Utanom enka Ingrid Andersdtr. let han etter seg barna:
Enka Ingrid Andersdtr. gifter seg 1. des. 1695 med Ivar Tjerandson f. ikr. 1660 i Vats.
har dette bruket til 1711. Kona Ingrid døydde i mai 1709. Dei var
barnlause. Då stesonen Simon gifte seg i 1711 overlet han bruket i Foldøy
til han og flytte truleg attende til Vats.
f. ikr. 1682, gifter seg i 1711 med Sussane
Larsdtr. Berakvam og overtek samstundes bruket på Foldøy etter
bygselbrev av Marita Hofmann. I 1723 kjøper han bruket av Søren Sørensen
Hofmann på Venja. Barn:
I 1736 sel Simon Simonson bruket sitt til son på nabobruket Mikkel Ingebretson. Han flytter då med huslyd til Alfseike i Vats. I 1758 finn me han som den eine brukaren på garden Fosen i Avaldsnes. Han er då 80 år gamal og kona Sussane Larsdtr. 78 år. Dei har då barna Simon og Guri heime. Sonen Lars er brukar på same garden.
f. 1710 (sjå Foldøy nr. 8) kjøper bruket til Simon i 1736. I 1740 vart
han gift med Malena Knutsdtr. Atletveit
f. 1712. Dei sat med bruket i Foldøy til 1757 då han selde til oberst
Fasting. Mikkel Ingebretson flytter då til Nårstad. Sjå Nårstad nr. 15.
var major i det 2. Vesterlenske nationale infanteregiment då han i 1757
kom til Foldøy. Seinare steig han til oberst og tilslutt til general. Han var
son av res. kap. Tomas Fasting og Alida Marie von Krogh.
Han såg seg om etter ein høveleg embetsgard og valet fall på Foldøy. Han kjøpte så opp heile øya og fekk skjøte på alt 13. jan. 1757, betalte 700 rd. og dessutan folga til Eli Olsdtr. (sjå Foldøy nr. 8).
Johan Jacob Fasting f. 1723 tok 16 år gamal tenest i hera. Han var 34 år då han kom som major til Foldøy. I 1759 18. januar vart han gift i Kristiansand med Kristiana Sofie Spidberg f. 1736, dotter til bisp Spidberg.
På Foldøy bygde han eit herskapshus i to høgder. Huset sto i over 100
år. Då garden seinare vart delt opp fekk kvar ny brukar sin del av huset
etter den landskyld der var på hans part. Likeeins med den store løa. Den
delte dei vertikalt etter som nye brukarar kom til. Tilslutt vart det litt
trøbbel med så mange huslydar i eit hus. Dei vart samde om å riva huset.
Kvar fekk tømmer til nytt hus etter storleiken av sitt jordegods. Min farfar
Johannes Bjørnson (28) som åtte omlag ein 9.part av Foldøy fekk tømmer til
to tømra stover. Skal ein rekna ut storleiken av huset etter dette skulle det
ha vore på 17-18 stover.
Fasting kjøpte og fjellgarden Hausland i Erfjord til beite i 1769. Dessutan åtte han Opsal sag i Vikedal. Alt kosta mange pengar og Fasting jonglerte med panteobligasjoner snart her snart der. Men i 1775 samla han alle gamle panteobligasjoner i ein stor på 5 000 rd. til kammerråd Hysing i Bergen.
I 1762 var major eller då oberstløytnant Fasting utkalla til krigsteneste. Han skreiv då ein kontrakt med tri «velagtede unge karle» som skal driva garden mens han og frua er bortreist.
«Jeg Johan Jacob Fasting, hans
kongelige majestets til Danmark og Norge bestaltede obrist-leutnant ved det
Vesterlenske Nationale Infanteriregiment, og va Åge Torchildsen, Askild
Christensen og Aslak Pedersen, alle for en og en for alle, gjør vitterlig at
have indgået følgende contract, ligesom vi ere contraherende.
Jeg Johan Fasting, som er beordret at
udreise udi Hans May's krigstjeneste, overdrager sålenge jeg med min frue
Christiane Sofie er fraværende, min eiende og brugende gård, således som
den til med sine huse og inventarium som efter underskrevne specifikation
udviser, alt til brug, forbedring og vedligeholdelse, undtagen alle de
underste værelser udi våningshusene, samt hvad derudi fines efter
underskrevne liste, til ovenskrevne velagtede unge karle.
Hvorimod vi Åge Torchelsen, Askild
Christensen og Aslak Pedersen forpligter os udi alle optænkelige måder at
tage udi all menneskelig ansvar ovennevnte våningshuse, indvendig at se til
med det derudi findes efter leverte underskrevne liste. Udvendig at holde det
under reparation når noget skulle formedelst vind og veir blive beskadiget,
mod billig betaling efter uvillige mænds sigende. I særdeleshed skal vi agte
det fri for dråp og drev på dette huset såvelsom det indistående intet
skal lide.
Ligesom vi haver antaget os at bruge
ovenmeldte gård Foldøen således at den aldeles ikke næst Gud skal
fordærves i henseende til ager og eng, hus og kreaturer med videre, som os er
levert efter underskrevne liste på alt. Likesom vi forplikter os i lige om
ikke i bedre stand at levere det i et og alt tilbage til hr. obristleutnant
Fasting når han eller hans arvinger dertil finder seg beføiet, som vi har
annammet det efter titmeldte liste.
Desuden leverer vi årlig avgift fra
dette år 1762 og fremdeles 60 tønder forsvarlig havrekorn, 10 tønder ditto
reent korn, 16 rd. udi penge for creaturene, indbereignet svineavlingen. Item
halvdelen av fåreavlen som legges årlig tal talet, som skal tage sin
begyndelse fra 1763 som vi skal gjøre rede for. Item halvdelen af dets uld og
rue, og endten va sælger af den del eller slagter, da at levere det med
ovenskrevne afgifter til hvem det ordineres til.
Derimod forpligter jeg, Fasting, mig
at betale hvad materialer som bruges til deres iboende og for husenes
reparation, gårdens skattestolløn undtagen som er 3 ort årlig, for veiters
optagelse efter anvist måde, nemlig tvers for østerageren tager sin
begyndelse af en tilforn 1761 optagen, og går ud ved et tverberg på
østersiden af ørageren. En ditto fra storageren som går øst om søre
Annåe og langs med den søreste ager. Nok en fra steenhaugen at få på en
side indløb i norre Annåes veite og at frie dugen for vands tilløb. Den
anden side udfald til tregarskloen. Item flere som er nødvendige at udtage
ved nylændet som for et år agtes til næbegjærde, men øvrige småe veiter
at optage efter muntlig aftale, og de gamle at holde ved lige, befales ikke.
Forresten for steengjærde at opsætte betales med 8 rd. Item til at omgjærde
med steen en kalvhage 7 rd. efter anvisningen.
Endvidere forpligter jeg, Fasting,
mig at tage skade med dem når Gud behager at straffe med almindelig misvægst
og busotter på creaturene, som ere store og dem umulig at erstatte. Iøvrig
forpligter jeg, Fasting, mig med arvinger at betale hvad ved leveransen som
bevises at være forbedret på nødvendige hus og ager og eng, fiskedam og
deslige, alt efter uvillige mænds sigende.
Dette til stadfæstelse under vores hånd og signetter, samt ombedet
sergiant mons. Hans Knoph og klokker mons. Christian Fredrik Roll dette med os
til vitterlighed at ville underskrive.
Foldøen 7. april 1762.
Johan Jacob Fasting
Åge Torchildsen
Aschild Christensen
Aslach Pedersen.»
Elles hadde Fasting etter han overtok bruket hatt mange tenarar på garden, ofte soldatar og sersjantar. Svein Bårdson f. 1744 i Time, son av Bård Klengson Ørekvada i Suldal, var truleg rådsdreng eller paktar hjå Fasting på Foldøy.
Om generalen å Foldøy gjekk det seinare mange segner. Det var ein mann som kunne litt meir enn- sitt Fadervår. Sjå Tor Skiftun: «Generalen på Foldøy» i R. H. nr. 19 1933.
General Fasting døydde 24. januar 1790, fru Fasting 2. august 1779. Ingen av dei er gr.l i Jelsa. Barn:
Dei 4 døtrene til general Fasting budde saman på Foldøy i 1801, dei
hadde ein liten pensjon og eit lite jordstykke kalla Frøkenstykke. Ei moster
deira, Anna Spidberg, bur hjå dei. Denne Anna Spidberg hadde år 1800 skrive
ein «fleedføringskontrakt» med søsterdøtrene sine. Fledføring var å
overlata alt eller noko av sitt gods til vederlag for å få bu hjå dei si
livstid ut. «Fleedføringscontract hvorved den med viriam sexus Viriam
sexus = rett for ei ugift kvinne å vera sin eigen kurator eller verje.
forsynede frøken Anne Catrine Spidberg, med kurators samtykke, fleedfører
sig til hendes umyndige søsterdøtre Alida Bergitte, Marie de Fine, Edel
Marie og Anne Catrine Fasting, underskrevet av deres formynder og broder kapt.
Th. Fasting. Dat. 2. april
1800.»
Anne Catrine Spidberg døydde på Foldøy i 1825, 88 år gamal.
Me får litt greie på kor det vart av arvingane etter Fasting i skiftet etter eldste dotter Alida Bergitte i 1825, arvingane då var
Desse fire døtrene etter general Fasting har nok ikkje hatt stor samkvem med si slekt.
Den eine av døtrene, Edel Marie, vart i 1806 g. m. drengen deira, Ola
Jakobson Hebnes. Han vart seinare kalla Frøken-Ola. Dei fekk ein son døypt i
1806, Johan Jacob Fasting. Det vart ein sers lovande ung mann av han. Då han
vart konfirmert skreiv presten at han hadde «ypperlig kunnskap og fine
sæden» Då han vart vaksen fekk han skjøte på Frøkenstykket av dei to
oppsitjarane på Foldøy med 9 m. sm. på kvar. Men så døydde han brått på
same tid og Frøkenstykket gjekk då attende til seljarane. Faren Ola Jakobson
såg seg ikkje istand til å løysa inn jordstykket. Han døydde i 1841.
Frøken Anne Catrine Fasting døyde i 1835. Marie de Fine Fasting døydde i
1845. Enka Edel Marie Jakobson, f. Fasting, døydde i 1864, 95 ½ år gamal.
får heimel på Foldøy i skiftet etter far sin 18. nov. 1790. Han døydde
som nemnd året etter i Arendal, så han har truleg ikkje vore så mykje heime
på Foldøy etter han overtok garden. Dei fire ugifte søstrene brukar nok
garden ved hjelp av tenestefolk eit par år, men i 1793 vart Foldøy skjøtt
til Valentin Valentinson Aubø. Frøkenstykket har dei nok fått bygsla og ein
part av våningshuset til å bu i.
f. 1746 kjøper Foldøy i 1793 for 3 620 rd. Skjøtet vart utskrive av
auksjonsdirektør herr regimentskvartermester Hjelm, dat. og tgl. 9. okt.
1793. Med i handelen gjekk også Hausland i Erfjord. Mot 1.prioritets pant i
Foldøy og Hausland låner han 1 500 rd. av kapt. Johan Koren Dahl. Aret etter eit lån på 700 rd. mot 2. prioritets
pant av Jørgen Vaula. Resten hadde han nok sjølv då hån kom til Foldøy.
I 1804 møter Valentin Valentinson opp på tinget på Jelsa saman med to
naboar frå Hebnes: «Kom frem for retten Valentin Valentinsen Foldøen og
sa at hans aker på gården Foldøen den 31. juli
f. å. blev betydelig skadet med en sterk haglbyge som strakte seg over den
hele gård. Haglen var så store som hasselnøtter og nogle større, som
nedslog alle fullmodne og nær modne kornaks, samt mange vindusruter på 2de
sider av våningshuset. Den halve avling minst var tapt for eieren, av naboene
mist minst satt til et tap på 120 rd. etter de nu høye kornpriser. Begjærte
tingsvitne, som blev beskreven tilsendt.»
Valentin Valentinson vart i 1780 g. m. Karen Pedersdtr., dotter til Peder Ormson Fister. Dei budde då på Skjeldsnes i Sjernarøy. Der døydde Karen Pedersdtr nokre år etter. Ho let då etter seg to barn
Valentin Valentinson gifte seg i 1786 med Siri Ågesdtr. Nedre Hauge i Hjelmeland f. 1766. Barn med henne:
Eit barn er grl. i 1806, 2 dagar gl., døypt av faren.
Valentin Valentinson sat som brukar av heile garden til 1816. Då deler han garden mellom sonen Peder Valentinson og versonen Valentin Jonasson.
Valentin Foldøen døydde i 1820, 75 år gamal. Siri Agesdotter døydde i 1840, 73 år gamal.
Her vert nytta dei bruksnr. som bruka fekk i 1886.
overtok halvparten av Foldøy i 1816. Skjøtet dat. 2. mars 1816. Prisen
var 3 393 rd. 4 m. 8 sk. I 1822 gifte han seg med Dorte
Sofie Andersdtr. Lovra f. 1799.
Peder Valentinson selde sitt bruk på Foldøy i 1827 til Ola Jonson Hovden. Peder flytte då med huslyd til Dueland i Skjold, men kjem snart attende til Jelsa, budde ei tid i Djupedal u. Lovra og døydde som inderst» (truleg på Foldøy) i 1845. Han var då enkemann, 58 år gamal. Barn:
Det kan sjå ut til at alle desse barna er flytt frå Jelsa. Me finn ingen
av dei gift eller gravlagt i Jelsa. Heller ikkje finn me dei mellom utflytte.
kjøper Peder Valentinson sitt bruk 1 1. 1 pd. sm. i 1827. Med i handelen
fylgde beiteretten i Hausland. Kjøpesum 770 spd. og gamal folga som kvilde
på bruket. Skjøtet dat. og tgl. 30. mars 1827.
Ola Jonson var frå Kråmvika på Møsstrond i Telemark. Han hadde før brukt Loftsgarden i Mo i Telemark, seinare Hovden i Bykle. Han var ein eldre mann då han kom frå Hovden til Foldøy. Han døydde i 1830, 77 år gamal. Skiftet etter han tok til 1831 og avslutta i 1833. Grunnen til at det drog så ut med skiftet var at han hadde jordegods og lausøyre i Telemark og Setesdal som først måtte ordnast med. Enka Agot Torjusdtr. frå Gaustad i Tinn lever etter han. Ho døydde i 1843, 81 år gamal. Barn i skiftet etter Ola Jonson:
men let i ekteskap med Torjus Gjermundson Bakhus i Tinn etter seg to
barn:
Det er 422 spd. 3 ort 3 sk. å dela mellom arvingane.
f. ikr. 1798 på Loftsgarden på Byrte i Mo, fekk i skifte etter far sin
skjøte på garden 1 1. 1 pd. sm. i Foldøy og beiteretten i Hausland for 700
spd. og folga til mora, Agot Torjusdtr. Beiteretten vart seinare seld til
oppsitjaren på Hausland.
I 1834 sel han ein part av bruket til bror sin, Torjus Olson. Det nye bruk
vart skyldsett til 1 pd. 18 m. sm. og betalt med 277 spd. 60 sk. og
fjerdeparten av folga til mora. I 1838 får denne parten løpenr. 99b. I 1886
får bruket br.nr. 6.
Jon Olson vart i 1834 g. m. Marta Torgilsdtr. Rørtveit i Erfjord, f. 1804, kofirmert 1822 med attesten «meget godt oplyst og gode sæden» Ho døydde i 1850 47 år gamal. Marta og Jon hadde barna:
Jon Olson delte bruket sitt mellom eldste dotter Gunla og sonen Ola. Gunla sin part var på 4 ort 12 sk. Ola hadde då att 1 dl. 2 ort 2 sk.
Jon Olson døydde i 1866.
f. 1843 (sjå nr. 24 d)
overtek sitt bruk då faren var avliden i 1866. Han fekk i skiftet etter faren
lensmannsskjøte på sitt bruk av Foldøy for 250 spd. Han var ungkar og
døydde alt i 1870, 27 år gamal. Bruket vart seld på auksjon og Jone Olson
Skipavåg fekk tilslaget for 600 spd.
i Imsland f. ikr. 1830, var g. m. Liva
Karina Torbjørnsdtr. Buflåta u. Fuglestein f. 1846. Han får i skiftet
etter Ola Jonson (25) auksjonsskjøte på bruket. Jone Olson hadde før vore
vervstømmermann av yrke.
I 1872 sel han ein part av bruket, sin part av Frøkenstykke, til Bjørn
Knutson (sjå nr. 24 b). Parten vart skyldsett til 1 ort 16 sk. og betalt med
200 spd. Dette bruket fekk br.nr. 3 i 1886.
I 1873 sel han Varavika til husmannen der, Ommund Villumson, for 100 spd. Parten skyldsett til 21 øre i 1886 og fekk då br.nr. 4.
Nå var det att av hovedbruket 4 ort 11 sk. I 1880 sel han halvparten av det han har att til Berdines Bårdson Bjørnevåg, bruket skyldsett til 2 ort 5 sk. med løpenr. 121e. I 1886 br.nr. 5. Resten av bruket sel han samstundes til Jonas Faltinson. Barn:
I året 1875 fødde Jone Olson på bruket sitt 2 kyr, 2 ungnaut og 5 sauer, sådde 3/lo tn. bygg, 1 ½ tn. havre og 6 tn. poteter.
Jone Olson med huslyd flytte seinare til Hundvåg og dreiv båtbyggeri.
f. 1848, son av Faltin Faltinson (sjå nr. 46), kjøper bruket, br.nr. 1,
av Jone Olson Skipavåg i 1880. Han betalte då 2 400 kr. Bruket var då på 2
ort 6 sk. i skyld. I 1886 vart dette bruket set i 70 øre i skyld og fekk
br.nr. 1.
Jonas Faltinson åtte òg br.nr. 20, har båe bruk i 1906. Desse bruka hadde seinare Ola Fuglestein g. m. Sigrid Vigrestrand.
Erfjord f. 1819, son av Bjørn Sveinson Erfjord f. på Havrevoll i Suldal,
vart i 1856 g. m. Gunla Jonsdtr. Foldøy
(sjå Foldøy nr. 24 a). Dei får ikr. 1860 utskild frå hovedbruket 4 ort 12
sk. til å bruka og bu på. Skjøte på bruket får han i skiftet etter
verfaren utskrive av lensmannen og betalt med 250 spd. Johannes Bjørnson var
smed av yrke, utlærd hjå smeden i Hjelmelandsvågen. Han hadde og smidja på
bruket sitt på Foldøy og tok ofte arbeid langvegs frå. Det var i smidja han
lika seg best fortalde far meg. Han tok seg nær av at eldste sonen Jon ville
verta lærar. Det vart rekna for reine armoda den tid å vera lærar. Då
slutta han som smed og selde alt inventar til smidja, 3-4 år etter var han
død. Barn:
To barn, Bjørn og Margrete, døydde som spebarn.
Gunla Jonsdtr. døydde i 1879, 43 ½ år gamal. Johannes Bjørnson døydde i 1880, 60 år gamal.
I 1875 før dei på bruket 4 kyr, 1 ungnaut og 14 sauer, sår ? tn. bygg, 1 ? tn. havre og 4 tn. poteter.
f. 1857 overtek bruket på Foldøy etter faren (nr. 28). I 1875 gjekk han
på lærarskulen i Kopervik og Kristiansand og vart lærar i Refsbygda og
Marvik. Gift i 1890 med Kristine
Margrete Rasmusdtr. Østhus i Bygda (Bjørklund). Då gardeparten i
Bjørklund som verfar hans brukte vart ledig i 1897 kjøpte han og flytte dit.
(Sjå Bjørklund).
Bruket på Foldøy vart i 1898 delt i 3 partar. Ein part (tunet og den næraste jorda omkring det) vart skyldsett til 48 øre og seld til Ola Bjørnson Breivik Foldøy. Dette bruk får br.nr. 22. Ein part vestanfor hovedbruket., Vestbø kalla, vart skyldsett til 69 øre og seld til Per Eivindson og får br.nr. 21. Resten, 24 øre i skyld, kjøper Johannes Kristenson i Varavika. Dette siste bruk får det gamle bruksnr., br.nr. 2. Søndenå Planteskule, eigar Kristoffer Søndenå, hadde seinare dette br.nr. Arealet var då oppgitt til 28 mål dyrka og 8 mål udyrka jord. Om Johannes Kristenson sjå br.nr. 4.
f. 1819 frå Saglia u. Fuglestein, vart i 1863 g. m. Berta Ågote Jonsdtr. Foldøy (sjå Foldøy nr. 24 b). Dei får i
1872 kjøpa den part av Frøken stykket som Jone Olson Skipavåg åtte (sjå
nr. 26). Bruket vart sett i ei skyld av 1 ort 16 sk. og kjøpesumen 200 spd. I
ny matr. 1886 får bruket br.nr. 3 av skyld 56 øre.
I 1896 sel Bjørn Knutson bruket sitt til Ola Olson Østerhus i Erfjord. Kjøpesum 2 200 kr. Seljaren og kona skal ha rett til ein part av våningshuset og ein åker. Kontrakt om dette er skrive og dat. 14. april 1896, skjøte 1. okt. 1897.
I 1900 bur Berta Jonsdtr. som enke på bruket.
f. 1869 var gift med Anna
Johannesdtr. Tveit f. 1868. Dei sat på br.nr. 3 i 1900. Hadde då to
døtre:
Ein son Olav f. 1902 g. m. Magnhild Ramsfjell, Hålandsosen, er seinare bonde på dette bruket. Han er løytnant.
f. ikr. 1793 i Sjernarøy, son av Ommund Olson Aubø og Ingeborg
Villumsdtr. Eik, vart i 1817 g. m. Siri
Levardsdtr. Bjerga på Ombo f. 1791. Dei busette seg som husmannsfolk i
Varavika. Barn:
Villum Ommundson døydde i 1851, 60 år gamal. Siri Levardsdtr: døydde i 1882, 93 år gamal.
(nr. 32 e) vart i 1856 g. m. Guro
Larsdtr. Foldøy (nr. 38 c). Dei fekk bygsla Varavika etter Villum
Ommundson. Bygselbrevet skrive av Jon Olson (nr. 24) og dat. 19.. juli 1852.
Ommund og Guro sat som husmannsfolk i Varavika til 1873. Då kjøper dei
plassen av Jone Olson Skipavåg (sjå nr. 26). Plassen vart skyldsett til 21
sk. og betalt med 100 spd. I matr. 1886 får bruket br.nr. 4 og 26 øre i
skyld. I 1873 kjøper han 8 sk. av Bjørn Person sitt bruk, br.nr. 17. Dette
bruk fekk br.nr. 18. I 1875 før dei på bruket 1 hest u. 3 år, 2 kyr, 1
ungnaut og 6 sauer. Sår ? tn. bygg, 1 tn. havre og 5 tn. poteter. Utanom
bruket dreiv Ommund mykje med gråsteinsmuring. Barn:
har overteke dette bruket i 1882. Det var br.nr. 4 og 18. Eit bruk kalla
Litle Varavik kjøperi han i 1884 av Peder Pederson Tjuenes og Faltin
Faltinson med 3 skillings skyld på kvar = 6 sk. Dette bruk får i ny matr.
1886
br.nr. 9 og sett i 7 øre i skyld. Dessutan kjøper han 24 øre skyld av Jon Johannesson sitt bruk i 1898. Sjå br.nr. 2.
Johannes Kristenson sat med desse fire bruksnr. i matr. 1906. Johannes Kristenson var frå Gullsmedvika i Erfjord f. 1848 g. m. Siri Sjursdtr. Bog. Ingen barn.
I 1909 er Ola Bergeson Erøy eigar og brukar av br.nr. 2-4-9 og 18.
f. 1854, son av Bård Bårdson Bjørnevåg u. Østhusbygda, kjøper i 1880
dette bruket av skyld 2 ort 5 sk. av Jone Olson Skipavåg (sjå br.nr. 1 nr.
26). Berdines ga 1 600 kr. for bruket. Han var gift med Lene Larsdtr. Rødne f. 1857. Barnlause.
I 1884 sel han bruket til Faltin og Jonas Faltinsøner for 1 500 kr. Seinare kjøper han br.nr. 13 av Foldøy (sjå br.nr. 13). Før hadde Berdines og Lene butt i Framigard Hebnes, på Rødne i Imsland og tilslutt busett på Stranda i Nedstrand der båe døydde.
B. Bjørnevåg var kjend som songar og kjøgemeister i mange lag.
(sjå br.nr. 10 nr. 46) brukar dette bruket saman til 1891. Då deler dei
bruket i to like deler med 35 øre på kvart bruk i skyld. Jonas sitt bruk
får br.nr. 20. Br.nr. 20 eig Jonas Faltinson i 1906. Seinare er br.nr. 1 og
br.nr. 20 slått saman. Jonas Faltinson har båe. Jonas Faltinson var gift med
Johanna Rasmusdtr. f. 1857 (sjå nr.
14).
I 1835 selde han 10 ½ m. sm. av bruket sitt til smed Svein Torbjørnson Lovraslåtta for 248 spd. Det nye bruk fekk br.nr. 7 i 1886.
I 1841 selde Torjus Olson resten av bruket, som etter ny skyldsetning 1838
var på 1 dl. 1 ort 18 sk., til Lars Torgilsson Askvik for 393 spd. og gamal
folga som kvilde på bruket.
Torjus Olson kjøpte att ein part av Kaltveit på Ombo, men flytte året etter til Rygg i Randaberg. I 1845 reiste han med huslyd til Amerika.
Torjus Olson var g. m. Torborg Andersdtr. Nevøy f. 1810. Barn:
f. 1773 i Kjølvik, hadde før vore gift med enka i Askvik Guri Andersdtr.
(sjå Askvik). Han vart 2. g. 1836 g. m. Astrid
Jonsdtr. dotter til Jon Andersson Slottevik. I 1841 kjøpte dei Torjus
Olson sitt bruk på Foldøy og flytte dit.
I 1845 tok han til å selja frå bruket sitt. Først 16 sk. til Per Eivindson, skjøte dat. 6/10 1846. Dette bruket fekk i 1886 br.nr. 11.
Same dato sel han 1 ort 3 sk. til Faltin Faltinson. Dette bruket fekk i
matr. 1886 br.nr. 10.
I 1850 sel han frå eit 16 sk. stykke til naboen Tormod Nilsson. Tormod
Nilsson hadde før eit bruk av Foldøy. Desse to bruka fekk i matr. 1886
eit br.nr. 7.
I 1855 kjøper Steingrim Pederson eit bruk på 2 ort 3 sk. Skifteretten i
buet etter Lars Torgilsson skjøter dette til Steingrim i 1861. Seinare
br.nr. 8.
Resten av Lars Torgilsson sitt bruk, 2 ort 4 sk., får Peder Pederson Tjuanes auksjonsskjøte på i 1862. Barn:
Lars Torgilsson døydde i 1856, 85 år gamal. Skifte etter han 20-4-1861.
i Hjelmeland f. 1829 var g. m.
Liva Salomonsdtr. Helgeland på Ombo
f. 1841. Han får skjøte på det som var att av dette bruket i 1862. Betalte
212 spd. for det. Barn:
Lovraslåtta f. 1808, son av Torbjørn Sveinson Lovraslåtta, kjøpte dette
bruket av Torjus Olson i 1835 (sjå br.nr. 6 nr. 37). Bruket var på 10 ½ m.
sm. og betalt med 248 spd. I 1838 vart skylda rekna til 2 ort 6 sk.
Svein var utlærd smed og hadde før butt på Jelsaneset. I 1839 selde han bruket sitt på Foldøy til Tormod Nilsson Skjeldsnes for 450 spd. Svein med huslyd reiste seinare til Amerika. Kona var Anna Larsdtr. Føljesvoll.
f. 1799 i Sjernarøy, g. m. Siri
Olsdtr. som òg var frå Sjernarøy. Han kjøpte bruket til Svein
Torbjørnson i 1839. Seinare i 1850, kjøpte han ein part av Lars Torgilsson
sitt bruk, br.nr. 6. Denne parten vart skyldsett til 18 sk. og betalt med 70
spd. I matr. 1886 vart desse bruka slått saman til br.nr. 7 med matr.skyld 1
mark 16 øre.
Tormod Nilsson døydde 18. mai og Siri Olsdtr. 7. mai 1881. Dei var barnlause.
Sandvik i Erfjord f. 1847 kjøper bruket til Tormod Nilsson ikr. 1870.
Skjøte får han først i 1879. Huset som Tormod og Siri budde i fylgde ikkje
med i handelen. Kjøpesum var 1920 kr. og folga rekna i 5 år til 600 kr.
Skylda på eigedomen var då 3 ort 11 sk., som i 1886 vart sett til 1 mark 16
øre.
Ola Bjørnson kjøpte òg ein part av Jon Johannesson sitt bruk, br.nr. 2.
Denne parten fekk br.nr. 22.
Ola Bjørnson var gift med Johanna Sjursdtr. Bog f. 1849. Barn:
Ola Bjørnson hadde bruket sitt i matr. 1906, men i futereknskapen 1909 er Bjørn Olson oppført som eigar og brukar av br.nr. 7.
f. ikr. 1816 var frå Frogner i Aker sokn. Kom til Fjellberg sokn i
Hallingdal og der gift med Gunla
Jonsdtr. Stangeland. Kom som nygift til Tosteinbø i Imsland og derfra til
Jelsa. Han kjøper ein part av br.nr. 6 (sjå br.nr. 6 nr. 38). Bruket var på
2 ort 3 sk. og betalt med 240 spd. Dei sat med bruket til 1861. Då skjøter
han det til Nils Haldorson Kjølvik. Dei flytte då til Berakvam der dei hadde
ein husmannsplass. Kom seinare til Reiphammar u. Tveita og Kringlemyra. Barn:
I 1862 reiste Steingrim med kona og dei fem barna til Karmsund.
Kjølvik f. 1824, son av Haldor Larsson, kjøpte bruket av Steingrim i
1861. Kjøpesum 255 spd. I 1851 vart han gift med Randi
Holgersdtr. Askvik f. 1832. Ho døydde i 1865. Skifte etter henne i 1868.
Holet då etter seg barna:
Nils Haldorson gifte seg 2. g. m. Eli Jonasdtr. Haug. Dei busette seg der. Han døydde 21. des. 1881. Sjå Haug og Kleppa.
d. y. f. 1843, son av Faltin Faltinson (sjå nr. 46), kjøper dette bruket
av Nils Haldorson ikr. 1870. Faltin vart gift 1871 med Inger Johanne Ormsdtr. Alveskjær f. 1850.
Etter ny matr. i 1886 får dette bruket br.nr. 8 av skyld 59 øre. Barn:
Faltin Faltinson hadde bruket i 1906.
Dette bruk kom fram ved utskiftning i 1883 med 3 sk. av br.nr. 6 (Peder Pederson nr. 39) og 3 sk. av br.nr. 8 (Faltin Faltinson nr. 45). Tilsaman 6 sk. i skyld. Johannes Kristenson får skjøte på det i 1884 for 285 kr. Bruket fekk i matr. 1886 br.nr. 9 av skyld 7 øre. Johannes Kristenson bruka då br.nr. 4, br.nr. 9 og br.nr. 18. Dessutan kjøpte han i 1898 ein part av br.nr. 2 av skyld 24 øre. Tilsaman bruka han i 1906 eit bruk på 70 øre. Sjå br.nr. 4.
Dette bruk er utskild av br.nr. 6 (Lars Torgilsson nr. 38). Skyldsetningsforretning 7.10.1845. Bruket sett i 1 ort 3 sk.
f. 1809, son av Faltin Faltinson Aubø-Foldøy, kjøpte dette bruket av
Lars Torgilsson i 1845. Betalte 150 spd. for det.
Faltin vart i 1836 g. m. Anna Andersdtr. Nevøy f. 1816. Då han fekk kjøpa dette bruket, kalla Haugen, busette dei seg der. Barn:
I 1863 skjøter han bruket over til sonen Anders.
f. 1837 betalte 150 spd. og folga til foreldra då han overtok bruket i
1863.
Anders Faltinson var gift med Brita Nilsdtr. f. 1842. Ho var frå Kalhagen u. Økstra, dotter av Nils Jonson Kalhagen.
Anders Faltinson døydde i 1887, 50 år gamal. Enka sat i uskifta bu til
1899. Då skifter ho med barna:
Jordegodset var då br.nr. 10 av Foldøy av skyld 39 øre. Brita Nilsdtr. bur som enke på bruket i 1900. Har då vermor si Anna Andersdtr. hjå seg.
Andreas Kristofferson Foldøy f. 1902 har seinare hatt dette bruket.
f. 1796 på Jelsa Mehus, son av Eivind Knutson Jelsa, seinare Gjerde Jelsa,
vart i 1827 g. m. Brita Bjørnsdtr. Bandeberg
f. 1802. Dei kjøpte eit bruk på Bandeberg og budde der til 1840. Då gjekk
garden hans der til auksjon.
1 1845 kjøpte dei eit bruk skyldsett til 16 sk. av br.nr. 6 (Lars Torgilsson) av Foldøy. Betalte 90 spd. for bruket.
Per Eivindson døydde i 1851 55 år gamal. Brita Bjørnsdotter døydde i
1869. Barn:
f. 1828 får skjøte på bruket i skiftet etter far sin i 1852. Betalte 75
spd. for det. Han var g. m. Marta
Olsdtr. f. 1824 på Riveland i Årdal.
Eivind og Marta lever som folgefolk på bruket i 1900. Barn:
f. 1854 overtek bruket br.nr. 11 av skyld 39 øre etter faren. I 1898
kjøper han ein part av Jon Johannesson sitt bruk, br.nr. 2. Dette bruk vart
delt i tri parter og Per Eivindson kjøper den største parten, Vestbø kalla,
som vart skyldsett til 69 øre og betalt med 2147 kr. Dette bruk får br.nr.
21. Desse bruk, br.nr. 11 og br.nr. 21 vart då slått saman til eit bruk.
Per Eivindson var verftstømmermann før han overtok bruket etter faren. Han var g. m. Anna Karina Kristensdtr. f. 1848 i Gullsmedvika i Erfjord. Barn:
Alle sesse 11 bruksnr. skriv seg frå br.nr. 1, Peder Faltinson (Valentinson) sin halvpart av Foldøy i 1816. Når me i dag ofte høyrer folk på Foldøy fortel at det og det bruk er av Jonnajorda, så viser det til Jon Olson, br.nr. 1 nr. 24, som overtok denne halvpart samla i 1833.
Norheim i Sjernarøy, f. 1787, vart i 1814 g. m. Kari Faltinsdtr. Foldøy, f. 1789. (Sjå nr. 21 d). Dei får den
andre halvparten av garden Foldøy i 1816. Bruket var på 1 1. 1 pd. sm. og
betalt med 3393 rd. 48 sk. og folga. Med i handelen gjekk også halvparten av
stølsbeitet i Hausland. Skjøte dat. og tgl. 2. mars 1816.
Faltin Jonasson selde ein parsel på 16 sk. av bruket sitt i 1838 til Anders Nilsson Solberg i Sjernarøy. Kjøpesum var 150 spd. Dette nye bruket fekk i 1886 br.nr. 19. Meir selde ikkje Faltin av bruket sitt, som han sat med til han døydde i 1859. Garden vart i skiftet verdsett til 1700 spd. Kari Faltinsdtr. døydde i 1871 84 år gamal.
I skiftet etter Faltin jonasson vart det vedteke at kvar av døtrene, 4 i talet, skulle få 1/15 av bruket og sonen 11/15. Det vart på kvar dotter 1 ort 16 sk. og på einaste son 2 dl. 4 ort 15 sk. Både hovedbruket og kvar av parsellane til døtrene skulle svara folga til mora. Bruka til døtrene vart i 1886 br.nr. 14, 15 og 16. Br.nr. 14 er to av arvelutene. Barn:
f. 1814 overtok hovedbruket etter faren og betalte 1283 spd. 1 ort 16 sk.
for bruket.
I 1863 sel han eit lite stykke av garden sin, sett i 6 sk. i skyld, til
verbror sin Rasmus Jakobson (sjå br.nr. 14). Same året skifter han ut eit
nytt, skyldsett til 1 ort 18 sk. Det var meininga at verbror hans Rasmus
Jakobson og ein Ola Olson skulle ha dette, men det ser ut til at det er han
sjølv som kom til å setja seg ned her. Dette bruket brukte han til han
døydde i 1868.
Det var nå att 2 dl. 2 ort 15 sk. av hovedbruket. Same tid deler han dette i to like parter med 1 dl. 1 ort 7 sk. og 1 dl. 1 ort 8 sk. Det første sel han til Ola Johannesson for 588 spd. Br.nr. 13. Det andre sel han til Jakob Jakobson for 588 spd. Begge skjøter dat. og tgl. 18. september 1863.
Faltin Faltinson døydde som ungkar i 1868. Det jordegods han då åtte, 1
ort 18 sk. i skyld, vart i skiftet utlagt Bjørn Person for 310 spd. Sjå
br.nr. 17.
fekk det gamle br.nr. på sitt bruk, br.nr. 12.
Jakob Jakobson f. 1816, son av Jakob Ingebretson Hebnes, paktar av prestegarden, vart i 1853 g. m. Anna Kristoffersdter. f. 1823, dotter av Kristoffer Villumson Skartveit. Kristoffer hadde bruka Breiland i Hjelmeland, men døydde i ung alder og enka gifter seg oppatt med Kleng Andersson i Hjelmelandsvågen. Dei flytter då til Håla u. Jelsa der Anna voks opp. Ho er kalla Anna Håla då ho gifter seg.
Jakob Jakobson var tømmermann og bonde på Foldøy. Han døydde i 1871.
Anna Kristoffersdtr. får løyve til å sitja i uskifta bu og garden sat ho
med til 1897.
Barn:
Anna Kristoffersdtr. lever som folgekona på bruket i 1900. Ho døydde i 1910.
f 1865 får skjøte av mor si i 1897. Etter ny matr. 1886 vart bruket
br.nr. 12 med skyld 1 mark 84 øre. Han betalte då 2800 kr. og folga til mor
si rekna i 5 år til 700 kr.
Kristoffer gifte seg med Anne Marie Andreasdtr. Hebnes f. 1872, dotter av Jakob Andreas Ingebretson i Prestestova. Dei har bruket i 1906. Kristoffer døydde i 1961, 96 år gamal. Anne Marie er nå snart 90 år (1961). Barn før 1900:
Barn etter 1900:
Eldste sonen Jakob Kristofferson har hatt bruket etter faren. Gift med lærarinne Anna Spilde frå Granvin.
Damsgård, f. 1823 i Egersund, kom til Jelsa som kyrkjebyggjar. I 1844 vart
han g. m. Anna Karina. Olsdtr. Sandane
f. 1824. Dei bygsla ein plass u. prestegarden i Jelsavågen. I 1863 kjøper
han av Faltin Faltinson på br.nr. 12 (nr. 52) ein halvpart av bruket
skyldsett til 1 dl. 1 ort 8 sk.
Anna Karina Olsdtr. døydde i 1871. Ola Johannesson sat i uskifta bu til
1876. Då skifter han med barna. I skiftet vart bruket vurdert til 800 spd.
Barn:
a og d døydde i barneåra.
Ola Johannesson gifter seg 2. g. m. Inger Pedersdtr. Buer f. 1839, søster av Peder Buer på br.nr. 15. Dei har bruket til 1890, då skjøter han det over på sonen Ola Olson for 3400 kr. og folga. Etter matr. 1886 har bruket br.nr. 13 av skyld 1 mark 84 øre.
I 1900 lever Ola Johannesson som folgemann på br.nr. 13.
f. 1845 overtek br.nr. 13 av Foldøy i 1890. Han hadde før hatt eit bruk
på Berakvam. Dette bruket selde han til lærar Jakob Martin Sandane då han
flytte til Foldøy. Ola Olson gifte seg 1869 med Marta
Samuelsdtr. Breivik i Erfjord.
I 1900 bur Berdines Bjørnevåg (sjå br.nr. 5 og nr. 35) på bruket. Om Berdines Bjørnevåg har kjøpt bruket eller sett inn pengar i det veit eg ikkje, men då bruket ikr. 1908 vart seld til Ola Osmundson Ramsfjell ser det ut som om både Ola Olson og Berdines Bjørnevåg har hatt med handelen å gjera.
Dette bruket har nå (1961) Teodor Olson Ramsfjell g. m. Agnes Pedersdtr. Foldøy.
Ein part av dette bruket vart i 1901 fråskild hovedbruket. Bruket kalla Sandvik og fekk br.nr. 23 med 18 øre i skyld. Sjå br.nr. 23. Hovedbruket hadde då att 1 mark 66 øre.
f. 1814, son av Jakob Rasmusson Sørnes Jelsa, fekk i skiftet etter
verfaren Faltin Jonasson heimel på 1 ort 8 sk. av br.nr. 12.
Rasmus Jakobson vart i 1846 g. m. Mette Kristine Faltinsdtr. f. 1818. Broren, Anders Jakobson, g. 1855 m. Eli Karine Faltinsdtr. fekk òg. 1 ort 8 sk. av verfarens bruk, men dei flytte frå bruket og reiste til Amerika. I skiftet etter broren i 1868 er Eli Karine nemnd som enke i Amerika. P. Thorsen får i 1861 auksjonsskjøte på Anders jakobson sitt bruk for 131 spd. 60 sk. Men P. Thorsen skjøter bruket i 1863 over på Rasmus jakobson for 172 spd. Dessutan får Rasmus i 1862 kjøpe 6 sk.s bruk av verbror sin Faltin Faltinson. Tilsaman var då bruket til Rasmus Jakobson på 2 ort 22 sk. I 1875 før dei på bruket 2 kyr, 2 ungnaut og 7 sauer. Sår 1/10 tn. bygg, 2 tn. havre og 3 tn. poteter. I matr. 1886 79 øre i skyld.
Mette Kristine Faltingsdtr. døydde i 1890. Rasmus Jakobson i 1891 eller 1892.
Barn:
f. 1848 får heimel på bruket av sine medarvingar i 1892. Han hadde i 1886
fått kjøpekontrakt av faren. Etter denne kontrakt skulle han betala 1200 kr.
og folga rekna i 5 år til 525 kr. Jonas overtok ikkje bruket før foreldra
var døde. Difor vart nå folga 525 kr. lagt til kjøpesumen som då vart 1725
kr.
Jonas Rasmusson var verftstømmermann før han overtok bruket og var truleg tømmermann etter han overtok bruket også. I 1900 er han gardbrukar og notarbeidar. Han var g. m. Anna Larsdtr. frå Skudesnes f. 1853. Barn:
Alle barna reiste til Amerika så nær som Severin.
Johannes Olson Skartveit har nå dette bruket (1960).
f. 1836, vart i 1863 g. m. Siri
Faltinsdtr. Foldøy f. 1817. I skiftet etter far hennar Faltin Jonasson
(sjå br.nr. 12) får Siri utlagt 1 ort 8 sk. skyld i br.nr. 12. Takstsumen
var 116 spd. 3 ort 8 sk. Av dette betalte ho 112 spd. 3 ort 8 sk. med arven
sin.
Peder Buer kjøper i 1868 br.nr. 16 som verbror hans Bjørn Person hadde
fått med kona si Marta Faltinsdtr. Br.nr. 16 var på same storleik 1 ort 8
sk. I matr. 1886 har han båe bruk, det første sett i 39 øre, det andre i 47
øre i skyld.
Peder Buer hadde ei dotter med