Høgt og fritt under Fjetlandsnuten ligg Fjetland, 333 m. o. h. Garden er ein fjellgard som kornet kunne ha vanskeleg for å verta moge på i dårlege somrar. Elles var Fjetland ein gjæv gard i gamal tid. Her var beite nok om sommaren i Fjetlandsheia og nok av skavtoll- og beitskog om vinteren.
Frå Fjetland er det vidt utsyn over Refsbygda nedunder, og utover i sørvest ligg Jelsafjorden med Foldøy og Ombo og lengst ute Sjernarøy.
Inne på Fjetlandsheia skifter garden med Åserød og Øvrebø i aust, mot nord og nordvest til Bratland og Finneland i Imsland, mot sørvest til Li og Skimling, mot sør til Soland og Marvik.
Garden var etter gamal skyldsetning på 2 laup 1 pund 6 mark smør. Det var mange som hadde eit bein i Fjetland. Ser me i jordeboka frå 1617 finn me godset i Fjetland såleis delt:
Krongods
½ pd. sm.
Oluf Fjetland ½ 1. sm.
Ingvord Fjetland 2 ½ pd. sm.
Jon Fjetland 10 m. sm.
Nils Li
8 m. sm.
Tosten Fløgstad 18 m. sm.
Tallak Mosbakka ½ pd. sm.
Adelsgods
½ pd. sm.
Kyrkjegods 4 m. sm.
Tilsaman 2 laup 1 pund 4 mark smør eller 7 pund 4 mark.
Truleg er desse eigedomstilhøva på Fjetland i 1617 eit resultat av eit litt tidlegare arveskifte. I 1603 betalar ei enka på Fjetland landskylda av krongodset, men ho skal ikkje betala 3.årsbygsel fordi ho er «mestemann i gården.» Det kan vera at dei fleste private eigarar i 1617 er brør og verbrør. Om Ingvord er mannsnamn eller kvinnenamn veit eg ikkje. Er det kvinnenamn kan det vera den enka som er nemnd i lensrekneskapen 1603.
I 1617 er det berre to brukarar på Fjetland: Jon og Torgeir, den siste son av Nils Li.
Etter odelsjordeboka 1624 eig Stein Jelsa 2 pd. 6 m. sm. i Fjetland, enka Astrid Fjetland 3 pd. sm. Stein Jelsa hadde kjøpt inn gods i Fjetland i 1623 av Kolbein Fløgstad 18 m. sm. for 18 rd. og av Endre Mosbakka og hans søsken 12 m. sm. for 12 rd. I 1624 pantset Johannes Jonson Li 1 pd. sm. i Fjetland til Stein Jelsa for 16 rd., men Johannes sine søsken skal ha rett til å løysa godset inn att. Stein Jelsa kjøper og 25 m. sm. i Fjetland av Gaute Lauritsson Støle i 1640.
Etter Jordeboka 1649 er eigetilhøva på Fjetland:
Krongods ½ pd. sm.
Kyrkjegods ½ pd. sm. (Imsland kyrkje 4 m., Jelsa kyrkje 4 m. og soknepresten 4 m. sm.)
Adelsgods 18 m. sm.
Odelsgods 5 ½ pd. sm.
Brukarar då er Gaute 2 pd. sm., Anders 1 1. sm., Torgeir 1 pd. sm. og Astrid 1 pd. 6 m. sm.
I 1666 er det tri brukarar på Fjetland: Gaute Syvertson brukar 2 ½ pd. 6 m. sm., Anders Nilsson ½ 1. sm. og Knut Torgeirson 1 1. sm. Av desse er det berre Knut som eig gods i Fjetland, ½ 1. sm. Stein Jelsa er det året oppført med 1 1. sm. i Fjetland.
I futerekneskapen 1670 er Fjetland delt mellom:
Oberst Gersdorf ½ pd. sm. (Det tidlegare krongods).
Jelsa prestebol 4 m. sm.
Stein Jelsa 2 pd. 18 m. sm.
Katrina Munthe 12 m. sm. (Enke etter borgermester Søren Jensen i Bergen. Adelsgods).
Lars Jørstad ½ 1. sm. (Kjøpt av president Barman i Bergen).
Knut Fjetland ½ 1. sm.
Imsland kyrkje 4 m. sm.
Jelsa Kyrkje 4 m. sm.
I odelsskattemanntalet 1687 er dei oppført som eig i ein gard utan å bu på bruket. Dei som åtte og budde på bruket betalte ikkje denne skatten. Då er eigetilhøva på Fjetland:
Lars Jørstad ½ 1. sm.
Oberst Gersdorf ½ pd. sm.
Peder Sørensen ½ pd. sm. (Bergen)
Barnegods 12 m. sm. (Barn til enke eller enkemann som har halde skifte etter ektemake).
Det gods som Stein Jelsa åtte i Fjetland, 1 1. sm., er då skift mellom arvingane hans og seld til brukarane på Fjetland.
I futerekneskapen 1715 er desse eigarar av Fjetland:
Jelsa prestebol 4 m. sm.
Jelsa kyrkje 4 m. sm.
Imsland kyrkje 4 m. sm.
Tollar Peder
Sørensen ½ pd. sm.
Lars Jørstad ½ 1. sm.
Ola Fjetland 4 pd. 18 m. sm.
I rekneskapen 1735 er det berre kyrkjegodset som er att på Fjetland. Resten er odelsgods.
Matrikkelen 1668: Fjetland 7 pd. 6 m. sm. Derav ½ pd. De Gjedders (det er krongodset som nå er gått over til admiral Ove Gjeddes arvingar), 4 m. sm. til Jelsa prestebol, 4 m. sm. til Imsland kyrkje, 4 m. sm. til Jelsa kyrkje, ½ pd. adelsgods, resten odelsgods, kvar bygslar sitt. (Dette er truleg feil. Det var bonden på Fjetland som hadde bygselretten). Sår 7 ½ tn. Før 33 naut og 3 hester. Brenneskog og kvernstad til det huset treng. Er ein fjellgard. Vert halde god for: Landskyld 2 ½ 1. sm. Leidang 1 bukkskinn og 3 geitskinn. Tiende 7 ½ spann korn. Småreidsla 20 skilling.
I matrikkelutkastet frå 1723: Fjetland 2 1. 1 pd. 6 m. sm. Landlegd (militært). Ei bekkekvern. Tung å vinna. Knut brukar 1 1. 15 m. sm. Sår 2 ½ og haustar 9 tn. korn. Før hest, 8 naut og 12 sauer. Osmund sår, haustar og før det same.
Etter matrikkelen 1838: Fjetland matr.nr. 95 (gamalt matr.nr. 22).
Løpenr. 35 a, Svale Sveinson. Gl. skyld 1 pd. 19 ½ m. sm. Ny skyld 1 dl. 1 ort 4 sk.
Løpenr. 35 b, Ola Sveinson. Gl. skyld 1 pd. 19 ½ m. sm. Ny skyld 1 dl. 1 ort 4 sk.
Løpenr. 36 a, Endre Øysteinson. Gl. skyld 2 pd. 15 m. sm. Ny skyld 1 dl. 3 ort 23 sk.
Løpenr. 36 b, Salmund Øysteinson. Gl. skyld 1 pd. sm. Ny skyld 3 ort 9 sk.
Etter matrikkelen 1851 får Fjetland matr.nr. 70. Same skyld som i 1838 og same brukarar. Løpenr. då i same rekkjefylgje som i 1838: 166, 167, 168, 169.
I førebuinga til ny matrikkel som tok til i 1863 vart Fjetland vurdert
sfleis: Fjetland matr.nr. 70.
Løpenr. 166, Knut Nilsson, gl. skyld 1 dl. 1 ort 4 sk. Sår 4 tn.
havre, haustar 14 tn. 2 tn. poteter, haustar 10 tn. Før 3 kyr, 1 ungnaut og
16 sauer. 7 mål åkerland, 33 mål engslått. Innmarka vurdert til 200 spd.
Frådrag for tung å koma til 22 spd. Frådrag for tung å vinna 44 spd.
Frådrag for mangel på brenne 18 spd. Beite vurdert til 164 spd. Vassfall 5
spd. Heile bruket vurdert til 285 spd. Framlegg til ny skyld 97
skilling.
Løpenr. 167. Ola Sveinson, gl.
skyld 1 dl. 1 ort 4 sk. Sår 4 ½ tn. havre, haustar 17 tn. 3 ½ tn. poteter,
haustar 16 tn. Før 1 hest, 3 kyr, 1 ungnaut og 20 sauer. 10 mål åkerland,
53 mål engslått. Innmarka vurdert til 288 spd. Frådrag for vanskeleg åkoma
til 32 spd. Frådrag for tung å vinna 63 spd. Beite 164 spd. Vassfall 5 spd. Frådrag for mangel på brenne 21 spd.
Heile bruket vurdert til 340 spd. Framlegg til ny skyld 116 skilling.
Løpenr. 168. Lars Mikkelson, gl. skyld 1 dl. 3 ort 23 sk. Sår 5
½ tn. havre, haustar 23 ½ tn. 4 tn. poteter, haustar 15 tn. Før 1 hest, 3
kyr, 2 ungnaut og 20 sauer. 12 mål åkerland, 24 mål engslått. Innmarka
vurdert til 330 spd. Frådrag for vanskeleg å koma til 36 spd. Frådrag for
tung åvinne 37 spd. Beite 223
spd. Vassfall 8 spd. Frådrag for mangel på brenne 30 spd. Heile
bruket vurdert til 460 spd. Framlegg til ny skyld 1 dl. 37 skilling.
Løpenr. 169, Salmund
Øysteinson, gl. skyld 3 ort 9 sk. Sår 3 tn. havre, haustar 12 tn. 2 tn.
poteter, haustar 10 tn. Før 3 kyr og 10 sauer. 6 mål åkerland, 24 mål
engslått. Innmarka vurdert til 168 spd. Frådrag for vanskeleg å koma til
18 spd. Frådrag for tung å vinna 19 spd. Beite sett til 85 spd. Vassfall 3
spd. Frådrag for mangel på brenne 13 spd. Heile bruket vurdert til 205 spd.
Framlegg til ny skyld 70 sk.
Resultatet var matrikkelen av 1886. Då er det 5 bruk på Fjetland. Det er bruket til Ola Sveinson som er skift.
Fjetland får då gardsnr. 25.
Br.nr. 1 (166), Knut Nilsson, ny skyld 1 mark 30 øre.
Br.nr. 2 (167 a), Johannes Olson, ny skyld 1 mark 32 øre.
Br.nr. 3 (167 b), Nils Olson, ny skyld 22 øre.
Br.nr. 4 (168) Lars Mikkelson, ny skyld 2 mark 9 øre. Br.nr. 5 (169) Øystein Salmundson, ny skyld 93 øre.
Matrikkelen 1906 same gardsnr. og skyld.
Br.nr. 1 Nils Knutson.
Br.nr. 2 Johannes Olson.
Br.nr. 3 Nils Olson.
Br.nr. 4 Mikkel Larsson.
Br.nr. 5 Jakob Salmundson.
Fjetland har til vanleg hatt fleire brukarar, men sumtid òg berre ein brukar. Frå 1600 til 1617 ein brukar, frå 1617 til 1640 to-tri brukarar, i 1649 fire brukarar, frå 1650-70 to-tri brukarar. Så kjem ein periode der ein brukar har heile garden. Det er i Knut Torgeirson og sonen Ola Knutson si tid fram til ikr. 1720. Ikr. 1722 vart Fjetland delt i to like bruk og då mellom to brør. Desse to like store bruk vart i 1830 delt att i to bruk, så frå den tid var det fire bruk på Fjetland. Seinare kom og eit femte bruk til.
I 1833 var det utskiftning på Fjetland. Før den tid var det teigblanding og brukarane budde i eit felles tun.
1 1870 var det utskiftning og i 1871 overutskiftning mellom br.nr. 1 og br.nr. 2. Det var Knut Nilsson og Ola Sveinson som då var brukarar på br.nr. 1 og 2.
I 1872 vart skiftene mellom Fjetland, Bratland, Eritsdal og Åserød oppgått.
Nokon serlig skog har det vel aldri vore på Fjetland. I ei melding til
amtmannen frå lensmannen i Jelsa i 1757 over gods som var benefisert og
skogen på desse bruk skriv han
«Hva nu denne (Fjetland) gårds skog
angår, da er den ei videre enn neppe så meget av furuskog som til gårdens
huses reparasjon og vedlikeholdelse er fornøden, likesom der ei heller finnes
av brenneved mere enn man til fornøden bruk behøves.»
I lensrekneskapen for 1653-54 står det at «Fjetland av vådeeld ganske avbrendt.» Sjølv om det då var fleire bruk på Fjetland, så låg alle hus samla i eit tun og braut ein lauseld ut vart heile tunet lagt i oska. Mesteparten av det dei åtte av krettur, mat og klede gjekk opp i flammar.
Nokon husmannsplass på Fjetland kjenner me ikkje til.
Det kan vera vanskeleg å fylgja det einskilde bruk før 1670 åra, men frå den tid kan me fylgja ei samanhangande brukarliste fram til matrikkelen av 1906.
betalte i 1563 2 mark 4 skilling i skatt. Han er nemnd både som jordeigar
og leiglending.
betalte landskylda av kongsgodset ½ pd. sm. i 1603. Det står i
lensrekneskapen at ho ikkje skal betala tredjetak av godset då ho sjølv er «mestemand»
i garden.
Ser me på jordeboka 1617 finn me Ingvord Fjetland som eig 2 ½ pd. sm. i Fjetland. Det er kanskje enka frå 1603, Nils Li og Jon Fjetland sønene hennar, likeeins Tostein Fløgstad og Tallak Mosbakka søner eller versøner. Ola Fjetland som eig ½ l. sm. i 1617 er kanskje òg son. Ein Ola Fjetland finn me i lensrekneskapen som øydegardsmann i 1611, men elles ikkje nemnd seinare.
har overteke Fjetland frå 1606. Det ser ut som han har brukt mesteparten
av garden. I lensrekneskapen er ikkje nemnd nokon annan som skattar av
Fjetland, bortsett frå 1611 då Ola Fjetland er nemnd som øydegardsmann.
Jon Fjetland var nok son av enka på Fjetland frå 1603. Han var gift med Gjøa (Gyda) Bårdsdtr., moster til lensmann Stein Jelsa. Eg har aldri sett ho nemnd med farsnamn, men då ho var søster til Gunhild Bårdsdtr. Ropeid og morbror til Stein Jelsa heite Erik Bårdson, så er det mest truleg at ho er ei Bårdsdotter.
Jon Fjetland flytte til Li ikr. 1620 då broren (?) Nils vart oppsagt der. Nils Li flytte då til Fjetland.
Om Jon Fjetland sjå Li nr. 3.
flytte til Fjetland ikr. 1620.
Han er nemnd i lensrekneskapen mange år framover. Truleg var Nils eldste son
på Fjetland meddi sønesønene hans i 1648 ættlegg seg frå eldste broren
med den rett som høyrde den eldste til. Om Nils Li sjå Li nr. 2.
son til Nils Li (4), flytter til Fjetland ikr. 1617. Truleg er det ein part
av Jon sitt bruk han då har overteke. Seinare brukte han truleg mesteparten
av Jon sitt bruk, då faren Nils er oppført i lensrekneskapen mellom
øydegardsmenn og husmenn.
Torgeir var g. m. Astrid Knutsdtr., dotter av Knut Osmundson Bratland. Ho pantset i 1626 18 m. i korn og smør i Bratland til farbror sin Ola Osmundson på Bratland for 11 rd. til han får sine pengar att.
Torgeir Nilsson døydde ikr. 1625. Enka Astrid Knutsdtr. skattar av Fjetland til 1630 åra. I 1649 finn me igjen enka Astrid som brukar av 2 pd. 6 m. sm. i Fjetland, truleg var ho då enka for 2. gong. Barn me kjenner:
er nemnd i lensrekneskapen frå ikr. 1630. Det er mogeleg at han var gift
med enka Astrid Knutsdtr. Ikr. 1640
er han avliden og enka på Fjetland svarar for skatten.
f. ikr. 1616, truleg son Nils Fjetland (nr. 4), var brukar på Fjetland
frå 1642. I 1649 er han kalla forarma øydegardsmann, då brukte han 1 l. sm.
i garden. I 1660 får han det vitnemål på tinget at han er så forarma at
han ikkje kan betala landskylda av ½ l. sm. i Fjetland som han då brukar. I
1666 brukar han ½ 1. sm., er 50 år gamal og har ein son Nils 6 år gamal.
brukar ein part av Fjetland frå ikr. 1644. I hovedskatten 1645 ser det ut
til at han er enkemann, har ei søster hjå seg. I 1649 brukte han 2 pd. sm. i
garden, i 1666 2 ½ pd. 6 m. sm. Han var då 60 år gamal og hadde sønene:
Kanskje er Ragnhild Gautesdtr. på Skimling og ei dotter av Gaute Fjetland.
Gaute vart 2. g. g. m. Kari Hausland, truleg Kari Nilsdtr. Gaute Fjetland og kona hans Kari er nemnde i rettssaka mot Turi Hausland, mor til Kari, som vart skulda for trolldom. Det var ikkje heilt fritt for at Kari Fjetland og var saka i trolldom.
Gaute brukte sin part av Fjetland til ikr. 1675. Bruket hans vart då overteke av andre brukaren på Fjetland, Knut Torgeirson.
bur og brukar ein part av Fjetland frå ikr. 1640. Han kom i krangel med
Torgeir Fjetland (sjå nr. 10) med dryge skuldingar mot Torgeir for tjuveri og
meir slikt. Torgeir stemner han til tings, men Alf møtte ikkje. Presten herr
Markus stemner og Alf Fjetland inn til same ting i 1640. Han klaga over at Alf
Fjetland berre gjev han 2 spann korn i tiende endå han sår 4 tønner. Er det
rett som presten seier så må Alf bruka omlag halvparten av Fjetland. Etter
matrikkelen 1668 sår dei på heile garden 7 ½ tn. korn.
Alf kom ikke til å sitja lenge på Fjetland.
f. ikr. 1618 (sjå Fjetland nr. 3 og Li nr. 3), son av Jon Fjetland-Li, har
kome inn på eit mindre bruk av Fjetland ikr. 1640. Han var søskenbarn til
Stein Jelsa. Stein Jelsa hadde kjøpt opp mykje av godset i Fjetland og meinte
seg å ha retten til å bygsla Fjetland bort til den han ville. Men sønene
etter Torgeir Nilsson Fjetland (sjå nr. 5), Knut og Laurits Torgeirsøner
meinte dei hadde beste retten til åsetet og får medhald av retten. Sjå nr.
11. I 1666 finn me Torgeir Jonson som husmann på Li.
f. 1618, son av Torgeir Nilsson (nr. 5) vart bonde på Fjetland frå ikr.
1650. Frå nå av har me meir kjennskap til brukarane på Fjetland og kan
fylgja ættledane nedetter tidene.
Knut måtte venta lenge før han fekk overta farens bruk i Fjetland. Mora,
Astrid Knutsdotter, sat lenge med bruket, og når det vart ledig andre bruk
på Fjetland bygsla Stein Jelsa dei bort til andre som hadde mindre rett til
åsetet enn Torgeirsønene. Tingbøkene for Jelsa i tidbolken 1640-50 er
bortkomne, så der finn me ikkje noko om striden mellom Knut og Laurits
Torgeirsøner og Stein Jelsa. Men i lagmannsretten i Stavanger 14. jan. 1648
hadde Stein Jelsa stemnd inn skrivaren Jakob Tommesen og 6 lagrettesmenn frå
Jelsa fordi dei hadde dømt han, Stein Jelsa, til å ryddiggjera garden
Fjetland til bate for Knut og Laurits Torgeirsøner. Stein Jelsa meinte saka
ikkje var ført på rette måte og ville ha dommen underkjent.
Jakob Tommesen møtte og svarte at drengene som dei hadde tildømt garden var søner av eldste broren og han meinte far deira måtte vera den som hadde best rett til åsetet.
Leiglendingane som Stein hadde bygsla garden til møtte og ville ikkje godvillig røma garden.
Lagmannen kom til det resultat at dommen hadde reint formelle feil og vert å senda attende til ny sakshandsaming ved skipreidetinget.
Same året kom det til eit forlik mellom Stein Jelsa og enka på Fjetland, som då truleg sa opp bruket for Knut Torgeirson.
Knut kjøpte i 1665 1 pd. sm. i Fjetland av bror sin Laurits for 34 rd. I 1666 eig Knut ½ l. sm. og brukar 1 1. sm. av Fjetland.
I 1655 var Knut Torgeirson Fjetland utskriven soldat og var mellom dei som skulle sendast autover til grensa.
I 1673 bur det berre to oppsitjarar på Fjetland, Knut og Gaute. Seinare overtok Knut òg Gaute sin part av Fjetland.
Knut Fjetland var g. m. Torborg Olsdtr. Det er skifte etter Knut 26. juni 1682. Enka og sønene
Buet var på 138 rd. Av dette var og medrekna ½ l. sm. i Fjetland.
Elles var det to søner, Johannes og Ånon, som var døde før faren.
f. 1658 (8 år i 1666), overtek Fjetland etter faren. Truleg var Fjetland
samla til eit bruk i faren si tid. Ola Fjetland bruka iallfall heile garden.
I 1671 vart han utskriven til soldat og tente Kongen til 1680, då fekk han soldatpasset sitt og kunne reisa heim.
Han kjøpte i 1685 1 pd. 9 sm. i Fjetland av Magla Kilane. Ho hadde arva
det etter far sin, Stein Jelsa. I 1693 kjøpte han av bror sin Torgeir Knutson
14 m. sm. i Fjetland. Det ser ut til at ei av søstrene er død før den tid.
Den halve laup smør som faren åtte er nå delt med 14 m. sm. på kvar bror,
og 7-8 m. sm. på ei søster. Det vart litt krangel mellom brørne om desse 14
m. sm. Torgeir Knutson stemner bror sin Ola Knutson til tings fordi han ikkje
vil kjøpa desse 14 m. sm. av han, heller ikkje vil han ha han inn på
Fjetland så han kan bruka godset sitt der. Ola Knutson møtte på tinget og
baud bror sin førstebygsel av 14 m. sm. og for godset 1 rd. for marka. Men
Torgeir kravde 1 ½ rd. for marka og dessutan hans part av husa på Fjetland
som var over åbotet.
Saka vart utsett til neste ting. Torgeir Knutson og Ola Langeland skal møta på Fjetland 16. aug. s. å. til endeleg dom. Det kan sjå ut som om Ola Langeland er gift med ei søster av Ola og Torgeir Knutsøner. Elles er han ikkje nemnd under denne sakshandsaming.
På hausttinget 1693 kjem saka oppatt om desse 14 m. sm. i F i etland. Ola Fjetland møtte og la fram for retten «en gammel forslitt og sønderreven laugmannsdom dat. 16. sept. 1617 angående bunestaden i Fjetland.» Det var sikkert hans farfars innpassbrev på Fjetland. Han la og fram for retten sitt soldatpass dat. 1680, der det sto at Ola hadde tent som soldat og utskriven 1671. Likeeins ein dom av Jakob Tommesen, tingskrivar, og 6 menn, dat. 30. april 1647. Ola Fjetland la og fram bygselsetelen sin. Og tilslutt la han fram eit forlik mellom Stein Jelsa og enka på Fjetland, dat. 25. sept. 1648. (Sjå og under nr. 11).
Dommen gjekk ut på at Ola Fjetland skulle gje bror sin 15 rd. 2 m. for godset og i førstebygsel 1 støvlehud etter loven, verdsett til 2 rd. 6 m. Tilsaman 18 rd.
I 1693 kjøpte Ola Fjetland 1 pd. 9 m. sm. i Fjetland av Ola Nilson Solberg. Då eig han 4 pd. 6 m. sm. i garden. I 1715 auka til 4 pd. 18 m. sm.
Ola Knutson var gift med Ane Ommundsdtr. Finnvik. Dei hadde mange barn:
Ola Knutson delte Fjetland i to like parter i 1720. Frå den tid kan me fylgja kvart bruk på Fjetland fram til det bruksnr. dei fekk i 1906.
f. 1691 (12 a), får skjøte av far sin på 2 pd. 9 m. sm. i Fjetland i
1722. Til det kjem bygsel av 6 m. sm. av prestegodset. Samstundes får han
skjøte av ættlingane etter Lars Jørstad på 18 m. sm. med bygsel over 1 pd.
sm. i Fjetland. Han brukte då halve garden.
Knut Olson var g. m. Jorunn Øysteinsdtr. Fevoll, dotter av Øystein Øysteinson Fevoll som var frå Østhus i Bygda (Bjørklund). Sjå Østhus nr. 7 d.
Det er skifte etter Knut Fjetland i 1751. Enka Jorunn og sonen
lever etter han. Ola må vera død straks etter faren. Jorunn Øysteinsdotter bygslar bruket bort i 1753. Då ho døydde i 1761 er ho barnlaus. Hennar søsken deler arven etter henne. Jorunn vart 71 år gamal.
f. 1718 på Eritsdal i Sand, son av Elling Hermanson og Guro Persdtr.,
bygsla bruket til Knut Olson i 1753. Bygselbrevet lydde på 1 l. 15 m. sm. i
Fjetland og utskrive av enka Jorunn Øysteinsdotter. Ola Ellingson hadde
tidlegare tent som soldat.
Ola Ellingson vart ikr. 1750 g. m. Kirsti Øysteinsdtr. Østhus i Bygda, f. 1719. Jorunn Øysteinsdotter på Fjetland var søskenbarn til far til Kirsti. Det var vel grunnen til at han fekk bygsla Fjetland.
Kirsti Øysteinsdotter døydde i 1770. Då gifte Ola Ellingson seg med Kari Johannesdtr. Soland. Straks etter flytte dei til Mehus i Bygda. Sjå Mehus i Bygda nr. 20.
f. ikr. 1739, son av Odd jensson Kjølvik som budde på Helland i Vikedal
(sjå Kjølvik nr. 7 h), kjøpte dette bruket av Fjetland i 1770 av Nils
Nilsson Fjetland (nr. 27). Det høvde seg så at konene deira var søskenbarn.
For bruket betalte han 115 rd.
Odd Oddson vart i 1765 g. m. Magla Persdtr. Dei busette seg då på Øvrabø. Flytte så i 1771 til Fjetland der dei bur til ikr. 1780. Då vart ein part av Kjølvik ledig. Dei selde då Fjetland og flytte til Kjølvik. Om Odd Oddson og ættlingane hans sjå Kjølvik nr. 23.
Gjerdesvik i Sunnhordland, f. 1764, vart i 1791 g. m. einaste dotter etter
Nils Nilsson Fjetland, Magla Nilsdotter (sjå
nr. 28). Magla hadde alt i 1781 fått skjøte på dette bruket av Odd Oddson.
Men då var ho berre 10 år gamal og stefar hennar, Ola Eivindson, styrte og
dette bruket. Då ho gifte seg i 1791 overtok dei sjølv bruket. Dei brukte
Fjetland i nærpå 50 år. Som ektefolk levde dei saman i 58 år. Barn:
I 1824 skreiv Svein Svaleson eit delingsdokument der han seier som sin siste vilje at bruket hans i Fjetland 1 l. 9 m. sm. med overbygsel til 6 m. sm. (prestegodset) skal delast mellom dei eldste sønene hans. Det vart likevel ikkje dei to eldste, men Svale og Ola som delte bruket.
Magla Nilsdotter døydde i 1848, Svein Svaleson i 1850, 88 år gamal.
f. 1799, får skjøte av far sin på 1 pd. 16 ½ m. sm. i Fjetland i 1832.
Det er halve bruket til Svein Svaleson. Han ga for det 150 spd. og folga til
foreldra. Etter ny skyldsetning i 1838 var bruket på 1 dl. 1 ort 4 sk.
Svale Sveinson vart i 1828 g. m. Brita Eivindsdotter Soland, f. 1802. Barn:
Svale Sveinson selde i 1855 mesteparten av bruket sitt til Knut Nilsson
Underbakke. Bruket var på 3 ort 2 sk. Kjøpesum 200 spd. Resten av bruket
selde han til same Knut i 1862 for 95 spd. og folga.
Svale Sveinson døydde i 1863. Brita Eivindsdotter budde seinare hjå døtrene sine i Kalveskjær i 1875, i Krossvik i 1881.
f. 1819 i juvet, Røldal, son av Nils Olson Rabbe og Barbro Knutsdotter
Botnen, g. m. Sofie Knutsdotter, f.
1831 i Suldal, dotter til Knut Knutson Underbakke. Mor til Sofie var og
frå Botnen i Røldal. Dei flytte inn på Fjetland i 1855. Barn:
I 1875 før dei på bruket 3 kyr, 2 ungnaut og 19 sauer. Sår 3 tn. havre
og 2 tn. poteter.
Etter folketellinga i 1900 lever Sofie Knutsdotter som folgeenke på Fjetland. Knut Nilsson er då død.
brukte bruket på Fjetland ei tid etter 1886. Barn fødd der er:
f. 1855, overtek bruket etter faren truleg ikr. 1880. Han var g. m. Eli Laurentsa
Larsdotter, f. 1860, dotter av lærar Lars Larsson Sagen.
I året 1900 bur dei på Fjetland og har då barna:
I matrikkelen 1886 fekk dette bruket br.nr. 1 av Fjetland med 1 mark 30 øre i skyld.
Nils Knutson har òg bruket i 1906.
Dette bruket kom fram då Svein Svaleson (nr. 16) delte bruket sitt mellom to søner.
f. 1802, får i 1838 skjøte på bruket av far sin. Skylda på bruket var
lik den broren hadde på sitt bruk, 1 pd. 16½ m. sm. Ved ny skyldsetning i
1836: 1 dl. 1 ort 4 sk. Kjøpesum 150 spd. og folga.
Ola Sveinson vart i 1843 g. m. Marta Johannesdotter Soland, f. 1820, dotter av Johannes Osmundson. Barn:
I 1871 overlet Ola Sveinson bruket til eldste son Johannes Olson og tok folga. Folgestykket var så stort at han i 1875 fødde 2 kyr og 6 sauer på det.
f. 1850, overtek br.nr. 2 av Fjetland etter skjøte av faren i 1871.
Kjøpesum 200 spd. og folga rekna i 5 år til 270 spd.
Johannes vart i 1876 g. m. Astrid Salmundsdotter Fjetland, f. 1844, dotter av Salmund Øysteinson på br.nr. 5 (35 b).
I 1878 skifte Johannes ut eit bruk av br.nr. 2 og selde det til broren Nils Olson. Bruket vart skyldsett til 22 sk. og fekk i 1886 br.nr. 3 av Fjetland av skyld 22 øre.
Astrid Salmundsdotter døydde 28. jan 1897. Ho let då etter seg barna:
Utanom dei var det ei dotter,
som døydde som spebarn, likeeins ein son,
som døydde som barn.
I buet vart Fjetland garsdnr. 25 br.nr. 2 av skyld 1,32 mark verdsett til 2 000 kr. folgefritt.
Johannes Olson gifte seg oppatt i 1898 med Jorunn Trulsdotter Soland, f. 1865. I 1900 bur dei på Fjetland og har då barna:
f. 1878, hadde br.nr. 2 av Fjetland etter faren. Han var ungkar og let på
sine eldre dagar bruket over til ein son av halvsøstera Astrid Li.
f. 1853, kjøpte dette bruket av bror sin Johannes Olson (nr. 21) i
1878. Bruket fekk i 1886 ei skyld på 22 øre.
Nils vart i 1877 g. m. Jørgine Bjørnsdotter Hellevik, f. 1856, dotter av Bjørn Gauteson. Barn:
a. Anna Serine Nilsdtr., g. m. Ola Osmundson Soland, busett Marvik.
Nils Olson brukar br.nr. 3 etter matrikkelen av 1906.
f. 1695 (sjå nr. 12 b), fekk skjøte på 2 pd. 9 m. sm. i Fjetland av far
sin Ola Knutson i 1720. I 1726 får han skjøte av mor si, Ane Ommundsdotter,
på 6 m. sm. i Fjetland. Faren må vera død ikr. 1725.
Av ættlingane etter Lars Jørstad, Lars Ølfarvik, Johannes Eie, og Sigrid
Larsdotter Ullestad, får han kjøpa 18 m. sm. Tilsaman eig då Ommund 1 l. 9
m. sm. Utanom dette bygslar han halvparten av kyrkjegodset, 6 m. sm. Han
brukar då 1 l. 15 m. sm. som var halve garden Fjetland.
Ommund Olson vart i 1721 g. m. Kari Hansdotter. Dei var truleg barnlause. I skiftet etter Kari i 1739 vart det som buet åtte i Fjetland utlagt til kreditorane.
Ommund g. 2. g. m. Malena Tormodsdotter Soland. Med henne hadde han barna:
I 1742 selde Ommund Olson bruket sitt i Fjetland til Ola Knutson Vatland. Truleg døydde Ommund ikkje så lenge etter. Enka, Malena Tormodsdotter, gifte seg oppatt med Gaute Olson Bratland. Dei kom til å busetja seg på Soland.
Vatland (sjå Vatland i Rep nr. 18) kjøpte Fjetland 1 l. 9 m. sm. av
Ommund Olson i 1742. Gift med Magla Persdotter. Det er skifte etter henne
utpå hausten 1742. Ho let då etter seg sonen
Kråkedal i Imsland, f. 1717, son av Samuel jakobson og Guri Olsdotter,
vart gift med Sissel Olsdotter (25
c). Ein gong før 1750 overtok han verfaren sitt bruk av Fjetland. Barn i
1758:
Jakob og Sissel brukar halve Fjetland til 1768. Truleg flytte dei då til Kråkedal der Jakob var eldste sonen.
f. ikr. 1745, son av Ommund Olson Fjetland (24 a), meinte seg å ha
odelsretten til heile Fjetland etter farfaren. I 1767 legg han sak om dette og
vinn. I 1768 12. jan. tingles Ola Ommundson si skjøte på 2 l. 18 m. sm. og
med overbygsel til 12 m. sm. i Fjetland, utgjeve av Knut Olson Vatland m. fl.
mot 124 ¼ rd.
Ola Ommundson var då i tenest hjå general Fasting på Foldøy og kom aldri til å overta Fjetland. Han døydde på Foldøy som ungkar same året. Han var då 23 år gamal. Men skjøtet og retten til Fjetland gjekk samstundes over til søstera, Kari Ommundsdotter.
f. 1734 på Jelsaneset, son til skyss-skaffar Nils Nilsson og Magla
Persdotter, vart i 1769 g. m. Kari
Ommundsdotter Fjetland (sjå nr. 24 b og 27). I skiftet etter bror sin i
1769 fekk Kari Ommundsdotter utlagt jordegodset, 2 l. 18 m. sm. i Fjetland,
til innløysing med 135 rd. Nokon arv etter broren var det ikkje. På Kari
fall 3 ½ ort.
Kari og Nils som då var gifte, flytte til Fjetland og overtok bruket til Jakob Samuelson. Det andre bruket på Fjetland flytte leiglendingen frå i 1771. Då sel Nils Nilsson dette bruket til Odd Oddson som var gift med søskenbarnet til kona hans. (Sjå nr. 15).
Nils Nilsson vart ikkje gamal på Fjetland. Han er gravlagt i 1772. Då let han etter seg to barn:
Soland, f. 1740, gifte seg i 1773 med enka på Fjetland, Kari Ommundsdotter. Dei brukte dette bruket på Fjetland til
1787-88. Ola Eivindson vart grl. 5. juli 1787, Kari Ommundsdotter er grl.
året etter 17. februar. Barn:
I buet etter Ola og Kari Fjetland vart dette bruket seld i 1788.
på Jæren kjøpte bruket 1 l. 9 m. sm. i Fjetland med rett til bygsel av 6
m. sm. av det benefiserte gods. Han betalte 215 rd.
Lenge sat ikkje jærbuen på Fjetland. I 1792 selde han bruket sitt til Øystein Endreson. Ein son til Jon Hansson, Hans Jonson, vart i 1792 g. m. Brita Persdotter Øvrebø.
f. 1752, var frå Måkestad i Hardanger. Han kjøpte og fekk skjøte av Jon
Hansson i 1792 på dette bruket. Same dato pantset han bruket til Lars Jonson
Oppedal for 100 rd.
Til Fjetland kom han med kona Marta Olsdotter, f. 1754. Ho døydde utan livsarvingar i 1804. Hennar arvingar er brørne Lars Olson Reyseter i Hardanger, Ola Olson og Berge Olson i Ølen og søstera Marit Olsdotter g. m. Nils Tomasson Haustveit.
Øystein gifte seg oppatt i 1805 med Eli Viarsdotter. Ho døydde i 1833, 69 år gamal. Eli var dotter til Viar Tomasson Haustveit i Ullensvang.
Barn i skiftet etter Eli Viarsdotter:
Øystein Endreson Fjetland døydde 17. november 1827.
f. 1806, får skjøte på bruket i skiftet etter faren 5. aug. l828. Same
dag skriv han ut folgebrev til mor si, Eli Viarsdotter.
Endre Fjetland vart i 1828 g. m. Gundla Isaksdotter Øvrebø, f. 1803.
I 1832 selde han ein part av bruket sitt til Nils Larsson Måkestad, truleg ein slektning. Det utskifte bruk var på 1 pd. sm. og betalt med 150 spd. Det nye bruk fekk i 1886 br.nr. 5 av Fjetland. Barn:
Desse tvillingane var altså dei første barna til Endre og Gundla.
Endre Øysteinson og Gundla budde som folgefolk på Fjetland i 1875. Endre døydde i 1881, 75 år gamal.
Bratland, f. 1820, son av Mikkel Samuelson, vart i 1852 g. m.
Eli Endresdotter Fjetland (32 a). I 1854 får han skjøte på verfaren
sitt bruk av Fjetland. Bruket var då på 1 dl. 3 ort 23 sk. Kjøpesum 200
spd. og folga. Lars dreiv ved sida av bruket som bøkker. Barn:
I 1875 før Lars på bruket 1 hest, 3 kyr, 2 ungnaut og 14 sauer. Sår 6 ¼ tn. havre og 41/2 tn. poteter. Folgefolket før 1 ku, 1 ungnaut og 7 sauer.
Både Lars og Eli lever i 1900.
f. 1852, får i 1886 skjøte av faren på bruket i Fjetland. Ved ny
matrikkel i 1886 får bruket br.nr. 4 av Fjetland av skyld 2 mark 9 øre.
Kjøpesum 2 000 kr. og folga verdsett i 5 år til 600 kr.
Mikkel Larsson bur på Fjetland i 1900. Kona var Eli Eivindsdotter, f. 1849, frå Kunes. Barn 1900:
Måkestad i Ullensvang, f.
1794, kom til Fjetland i 1832, og kjøpte ein part av Endre Øysteinson
sitt bruk. Skylda på det nye bruk vart sett til 1 pd. sm. Ved ny matrikkel
1838 vart skylda sett til 3 ort 9 skilling. Kjøpesum 150 spd. Skjøtet dat.
og tgl. 3. okt. 1832.
Nils hadde kona Herborg Olsdtr. Eide, 26 år og sonen
med seg då han flytte inn på Fjetland.
Nils Larsson brukte bruket til 1836. Då selde han til Salmund Øysteinson (31 e) og flytte til Skjold. Han hadde då sønene
f. 1811 (31 c), vart i 1836 g. m. Brita
Jakobsdotter Ytre Åserød, f. 1810. Same året kjøpte han dette bruket
på Fjetland. Kjøpesum 300 spd. Barn:
Salmund Øysteinson døydde i 1890. Brita Jakobsdotter lever etter han.
f. 1841, g. 1873 m. Astrid
Jakobsdotter Ytre Åserød, f.
1846. Truleg hadde dei ikkje barn. Då han døydde i 1887 er han kalla
gardbrukar, så han har nok brukt br.nr. 5 ei tid. Då han gifte seg slo han
seg ned på Fjetland som bøkker og husmann utan jord.
Enka, Astrid Jakobsdotter, g. 2. g.m. Rasmus Rasmusson Jøsang i Tysvær.
f. 1846 (36 c), overtok bruket etter broren. Han vart i 1880 g. m. Marta
Kristine Knutsdotter Berekvam, dotter til Knut Olson (Kjødnamyra). Barn:
Jakob og Marta Kristine har bruket i 1900.