Gardshistorie

Ombo er frå gamalt av delt mellom Jelsa, Hjelmeland og Sjernarøy skipreider. Dei gardar som nå høyrer Jelsa herad til er 10 i talet og ligg i nordaustluten av øya. Det er Buer, Røykjenes, Bandeberg, Bergeland, Nådland og Bjerga langs sjøsida. Seltveit, Nårstad, Kaltveit og Vatland lenger oppe på Omboheia. Alle bruk langs sjøsida er gode fruktgardar og fruktdyrking er ei god innkome for desse bruka. Eit gamalt slag plommetrær (Omboplomma) veks vilt her.

BUER, gardsnr. 1.

Buer ligg på austsida av Ombo ved grensa til Hjelmeland. Til ikring midten av 1800 ­talet høyrde garden til Hjelmeland skipreide, men til Jelsa sokn. Garden var på 1 pund smør i skyld og kalla øydegard (gardar under 1 laup smør i skyld).

Buer var bondegods. Garden høyrde til det gods som Toresønene på Nord-Talgje og Randøy åtte. Han gjekk ved arv over til sonedøtre av Sæbjørn Toreson på Nord-Talgje, Karen Toresdotter, gift med Per Thorson Kåda Sjå Ætt og Heim 1956 side 11, av Asgaut Steinnes, og Dorte Toresdotter. Per Thorson og versøster hans Dorte Toresdtr. selde Buer truleg ikring 1600 til Ola Jonson Aukland. I 1617 eig Ola Aukland 16 m. sin. i garden og bror hans Jon Tøtland 8 m. sin. I auklandsfolket si eiga var Buer til garden i 1799 vart seld til oppsitjaren. Men av og til var Buer skjøtt over til framande, truleg for ådekkja pantegjeld, men alltid innløyst av auklandsfolk att.

I 1740 skjøter Gudmund Jensson Aukland Buer til Peder Vallentinson i Stavanger. Men pantegodset må vera innløyst heller snart., i 1743 sel Lars Jensson Pundsnes 6 m. sin. i Buer, søster hans Sofie Jensdtr. 4 m. sin. og Henrik Tandrevoll 10 m. sin. til sorenskrivar Røder i Knutsvik. I 1747 sel så sorenskrivar Røder dette til Orm Bergeland eller Orm Hausken som han då kalla seg avdi han då budde på Hausken i Hjelmeland. Samstundes sel Nils Jonasson på vegne av myndligen hans, Malena jensdtr. 4 m. sm. i Buer til Orm Bergeland. For kvar skyldmark betalte han 1 rd. 2 m. Både pundsnesfolket og Orm Bergeland høyrde til auklandsætta.

Men endå ein gong gjekk Buer over til pundsnesfolket. Jakob Kristofferson Aupehagen, busett i Hjelmelandsvågen, var gift med Sofie jensdtr. Pundsnes og fekk ved odelsprosessak i 1757 tilkjent Buer frå Orm Bergeland. I skiftebrevet etter Jakob Kristofferson får enka Sofie jensdtr. utlagt Buer 1 pd. sm. verdsett til 80 rd. Men dette pund smør i Buer var året før (1772) pantsett av Jakob Kristofferson til Anders Økstra for 60 rd. Bror til Sofie jensdtr. løyser inn pantet i Buer og sel, garden i 1789 til Osmund Jonson Vormelandsvik. Osmund Jonson selde Buer i 1799 til oppsitjaren Sjur Person. Frå den tid har oppsitjaren på Buer ått garden.

Ei stutt tid frå 1755 åtte ein Nils Tosteinson bruket. Han fekk Buer ved dom av 27. januar 1755. Tingbøkene vantar for det året, så me veit ikkje grunnen til at Nils Tosteinson fekk dom på at han åtte Buer. Han er nemnd som eigar og brukar i 1755, men seinare må han svara odelsskatt av Buer då han ikkje sjølv bur der, men sette inn lotbrukar. Truleg er dette også ei pantesak.

I 1818 vart Buer delt i to like bruk med 12 m. sm. kvar i skyld. (Utskiftningsforretning på Buer vart halde 30. mai og tinglest 8. juni 1826.)

Det gamle matrikkelnr. den tid garden låg under Hjelmeland skipreide var 85. I 1838 matrikkelen 46. Då garden vart lagt under Jelsa herad fekk han i 1886 gardsnr. 1.

Gamal skyld 1 pd. sm. Ved ny skyldnemning i 1838 1 dl. 7 sk. og ved nok ny skyldnemning i 1886 1 mark 50 øre.

Etter matr.utkastet 1723 heiter det om Buer «Buer 1 pd. sm., sjølegd. Ordinær å vinna. Sår 1½ tn. og haustar 6 tn. korn. Før 6 naut og 12 sauer. Det vart gjort framlegg om å leggja på garden 6 m. sm., men dette matr.utkastet vart aldri nytta.

I 1666 bur ei enka med to søner på Buer. (Gjentene vart ikkje nemnde då desse første manntal er militære.) I 1701 bur Per Bårdson på Buer, ingen andre nemnde. I 1706 ei enka med tri søner. Etter manntalet 1758 bur ingen husbond på Buer, men eigaren held nokre tenestefolk der. Det er i den tid Jakob Kristofferson i Hjelmelandsvågen eig Buer. I 1801 bur eit ektepar med ei tenestegjenta på garden. Den gamle mor til husbonden bur der som folgekona. I alt 4 personar. I 1875 er det fleire folk, i alt 16 personar. Dei to bruka på Buer fødde då tilsaman 5 naut, 1 ungnaut, 27 sauer og 1 gris.

Den gamle leidang av Buer var 2 kalvskinn.

Brukarar.

1. Halvar Buer

 gift med Liva Baltsersdotter, dotter av Baltser Helgeland, er brukar på Buer frå før 1640. Halvar døydde truleg ikring 1655. Barn:

a. Isak Halvarson, 24 år i 1666 og fødd på Buer.
b. Lars Halvarson, 16 år i 1666.

Isak budde seinare på Jelsaneset (sjå Jelsaneset 15).

 

2. Laurits Lauritson

borgar av Stavanger og tidlegare busett på Jelsastranda, vart ikr. 1656 g. m. enka etter Halvar Buer, Liva Baltsersdotter.

Det hadde vore bråk med Laurits og den tid han budde på Jelsaneset, det vart ikkje likare då han 1658 fekk bygsla Buer av Bjørn Aukland og flytte dit. Laurits held ikkje den kontrakten dei hadde sett opp seg imellom, og Bjørn Aukland stemner han til tings i 1662. Det var ikkje første gongen. På tinget 14. mars 1662 legg Bjørn fram ein tidlegare seksmannsdom under full forsegling der det står at om ikkje Laurits held seg etter kontrakten skal heile bygselbrevet vera forbrote. Laurits møtte ikkje opp, endå han var stemnd lovleg til tings av lensmann og to stemnevitne. Bjørn fekk lov å føra vitna sine fram for retten. Det var serleg sauebeite det var krangel om. Etter avtale skulle Laurits fø 4 naut for Bjørn om vinteren og halda dei i si mark på Buer om sommaren. At Laurits fødde dei ille om vinteren var si sak, men om sommaren jagde han dei opp i Haugs mark, som og høyrde Aukland til. Dessutan tok han inn framande krettur til beite og gjorde det same med dei. Då stemnevitna var på Buer for å stemna han til tinget såg dei minst kyrlag sauer som beita i Haugs mark.

Til slutt kom endeleg Laurits til tinget «med en meget ubeskeden munnbruk, ønsket smallerne at være fanden i vold, og du med» sa han til Bjørn.

Retten fann saka nokså opplagt, Laurits hadde, slik han hadde stelt seg og elles for fram her i retten, mist all rett til å bygsla Buer.

Laurits Lauritson kom likevel til å sitja på Buer til han døydde 3-4 år etter. I 1666 bur Liva som enke på Buer med sønene

Lars Halvarson, 16 år og
Halvar Larsson (Lauritson) 7 år.

Isak Halvarson som budde på Jelsaneset var og son til Halvar Buer (sjå nr. 1).

 

3.Steffen Kjellson

gifter seg med enka Liva Baltsersdotter på Buer Somme stader også kalla Liva Assersdotter. Det var deira meining å bu vidare på dette bruket, men Bjørn Aukland seier dei opp. På sommertinget for Hjelmeland år 1669 legg Liva Baltsersdtr. Buer med fullmektig Asser Mæhle og mannen hennar Steffen Kjellson sak mot Bjørn Aukland. Liva hadde brev på at ho og mannen hennar skulle få bu på Buer all sin dag. Elles la ho fram for retten eit brev på at far hennar Baltser Gunnarson hadde seld Helgeland til auklandsfolket i 1604 for 30 rd. og i det brevet var det visse atterhald som ho meinte måtte koma henne til gode.

Saka vart ikkje avgjort på dette tinget. Seinare ser me ikkje meir om det, så forlik er nok kome i stand utanfor retten.

 

4. Per Bårdson

f. ikr. 1641 på Bokn i Fister, bur på Buer i 1701. Ein Per Olson Buer som i 1699 gifter seg med Ingeborg Larsdtr. er truleg dreng på Buer. Per Olson er fødd på Røykjenes og bur i 1706 på Jelsaneset. Fleire av barna til Per Olson er fødd på Buer. Om Per Olsen sjå Jelsaneset nr. 24 - Kjenner ikkje til når Per Bårdson flytte frå Buer, men i 1706 bur han på Tjuanes u. Aukland, hadde då ingen søner.

 

5.Ådne Annfinnson

f. ikr. 1675 er lotbrukar på Buer i 1706. Han er son av Annfinn Helland frå Sauda. Faren er død i 1706 og mora, Turi Ådnesdotter, fylgjer med son sin til Buer. Eldste bror til Ådne, Gunnar, bur i Illstadvika i Sand i 1706, ein yngre bror Knut Annfinnson f. 1687 bur hjå mor si på Buer i 1706.

Ådne Annfinnson vart i 1707 gift med Kari Gunnarsdtr. Dei bruka Buer til ikr. 1708. Då flytte dei og bygsla plassen Låvik u. Nådland. Der budde dei seinare. Barn:

a. Kari Ådnesdtr. dpt. 1707.
b. Turi f. 1711, d. samme år.
c. Annfinn f. 1712.
d. Turi f. 1716.
e. Gunnar f. 1719.
f. Barbro f. 1720.
6.Jens Reidarson

 kom etter Ådne Annfinnson til Buer. Jens Reidarson f. 1680 var son av Reidar Steinson Knutsvik frå Barkeland og Torborg Jørgensdotter. I 1706 bur Torborg med sonen jens i Ormannvik, jens Reidarsen hadde då tent 4 år som soldat. - Jens Reidarson Buer vart han kalla då han gifter seg i 1709 med Guri Kristensdotter frå Laugaland. Dei budde ei tid på Brekke u. Tysse. Der er sonen

Paul fødd 1714.

I 1717 er dei komne attende til Buer, det året vart sonen

Reidar fødd.

Det er skifte etter jens Reidarson på Vormeland i Hjelmeland 4. oktober 1732. Enka var Guri Kristensdtr. Barn han då let etter seg var

Paul 18 år,
Tore 14 år og
Torborg 21 år gamal.

Tilstades ved skiftet var bror til enka, Per Kristenson Laugaland. Elles var Ola Gunnarson Kvaløy og Jon Jonson Knutsvik verje for barna.

 

7. Hans Pederson

f. 1700 på Sande i Hjelmeland bur på Buer i 1734. Han er då gift, men me kjenner ikkje namn korkje på kona eller barn. Dei budde truleg ikkje så lenge på Buer.

 

8.Odd Ellingson

 f. ikr. 1690 på Sande i Hjelmeland kjem etter Hans Pedersen på Buer. Før den tid hadde han vore matros i Kongens flåte i 4 år.

Det er skifte etter Odd Ellingson Buer 24. nov. 1752. Han let då etter seg døtrene:

a. Gro Oddsdtr., g. m. Aslak Thorson (sjå Sponevik u. Bergeland).
b. Randi Oddsdtr., g. m. Halvar Ellingson Bakken u. Landsnes.
c. Kirsti Oddsdtr. 25 år (1752)
d. Brita Oddsdtr. 23 år.

 

9. Njeld Østenson

bygsler Buer av Orm Hausken (Bergeland) i 1753. Bygselbrevet dat. 2/11 og tgl. 5/11 1753. Han budde der til fram mot 1758. Då brukar eigaren Jakob Kristofferson i Hjelmelandsvågen sjølv Buer og held tenestefolk der. (Det er også mogeleg at Njeld Østenson er den same som under, gardshistoria er kalla Nils Tostenson og som fekk kjøpa Buer ved dom av 27. jan. 1755.)

 

10. Helge Olson

f. 1709, g. m. Brita Ellingsdtr. Dale i Hjelmeland f. 1704, kom frå Nådlandshagen og bygsla Buer ikr. 1760. Dei budde nokre år på Buer, flytte så til Fosså i Hjelmeland der båe døydde i 1768. Barn:

a. Gjertrud Helgesdtr. f. 1744, g. 1778 m. Lorens Markusson Nevøy (?), busett Rossøysundet u. Hovda på Fogn. Som enke g. 2. g. 1799 m. Tore Knutson bonde på Gard på Talgje.
b.Børge Helgeson f. 1748, g. 1779 m. Marta Hansdtr., budde då på Fosså, men i 1801 bur Marta Hansdtr. som enke på ein husmannsplass u. Knutsvik med barna Helge 21 år, Hans 14 år, Brita 13 år, Bård 8 år og Børge 6 år gamal.

 

11. Jon Jakobson

f. 1722, g. 1755 m. Magla Ånonsdtr. f. 1728 vel dotter til Ånon Hanson på Seltveit. Jon og Magla bur på Seltveit det første året dei er gifte. Dei bygsla då Bandura og bur der til dei flytte inn på Buer etter Helge Olson ikr. 1764. Dei bur på Buer til 1768, då flytte dei til Skårsjøen u. Skår. Jon Jakobson døydde der i 1769, Magla Ånonsdtr. døydde i 1790. Barn:

a. Jakob Jonson f. 1756, budde i Skårsjøen der han døyde i 1785.
b. Jone Jonson f. 1768.
c. Anna Jonsdtr. f. 1760, g. m. Jonas Førre (Seltveit 14).
d. Helga Jonsdtr. g. 1786 m. Tore Sveinson Tjora og busette seg der.

I skiftet etter Jon jakobson i 1770 er Eilef jakobson Nedre Eike verje for barna.

 

12. Mikkel Olson

g. 1769 m. Rannveig Larsdtr., brukar Buer ikr. 1770. Nokre år etter flytter dei til Hestholmen u. Tjul. Der bur dei i 1801, 70 og 72 år gamle.

 

13. Per Levardson

f. 1728, son av Levard Nilsson Åssjøen i Erfjord og soneson til Nils Albertson på Jelsaneset, vart i 1758, g. m. Helga Sjursdtr. Natland f. 1728. Dei busette seg først i Eskevika u. Hamra. I 1762 bygsla dei Nådlandshagen på Ombo, budde der til 1773. Då kjem dei til Buer og der vert dei verande resten av sitt liv.

Per Levardson døydde i 1798. I skiftet etter han let han etter seg enka og barna:

a. Sjur Person 37 år (sjå nr. 14).
b. Malene Persdtr. 39 år grl. 1823, ugift.
c. Marta Persdtr. 38 år, grl. 1825, ugift.

Enka Helga Sjursdtr. grl. 1807 86 år gamal.

 

14. Sjur Person

(13a) overtok garden etter far sin. I 1799 får han kjøpa Buer av eigaren Osmund Vormelandsvik. Skjøte dat. 6. mai 1799. Frå nå av er det slutt med leiglendingane på Buer.

Sjur Person vart 1800 g. m. Hallgjerd Bårdsdtr. Vik i Erfjord f. 1771. Dei fekk ei gjenta,

Helga, døypt i 1801. Ho døydde i 1802.

I 1803 6. jan. døyper dei att ei gjenta kalla

Helga. Mora Hallgjerd Bårdsdtr. døydde straks etter og vart grl. 31. jan. 1803.

Sjur Buer gifter seg oppatt i 1804. Då med Ingeborg Olsddtr. Byrkja i Årdal f. 1766. Med henne hadde han ei dotter

Brita f. 1805.

I skiftet etter Hallgjerd Bårdsdtr. vart halve Buer, 12 m. sm., utl. dottera Helga. Vurderingssummen for desse 12 m. sm. var 70 rd. Faren, Sjur Person, løyste aldri inn desse 12 m. men let dei stå på namnet til dottera til ho vart vaksen og gift og tok det i bruk. I mellomtida brukar Sjur heile garden. I 1842 er han enkemann att. Ingeborg Olsdtr. døydde då, 81 år gamal. Sjur gifte seg for tredje gong i 1844 og då med Kari Johannesdtr. Helgeland, enka på Tveit i Erfjord. Sjur er då 81 år og Kari 61. Sjur Person døydde 1. sept. 1851 nær 88 år gamal.

 

15. Jon Olson

Sæbø var 26 år gamal då han i 1819 gifte seg med Helga Sjursdotter Buer 17 år gl. (Sjå nr. 14.) Året før mens han var trulova med Helga hadde han kjøpt verfarens bruk 12 m. sm. i Buer, betalte 55 spd. og folga til seljaren. Det vart og vedteke at folga skulle hefta også på det bruket som Helga tidlegare åtte i Buer. Jon Olson brukar så heile garden til 1826. Då sel han halvparten til svogeren sin Per Nilsson Helgeland. Dette bruket fekk i 1886 br.nr. 2. Kjøpesum 100 spd. og den folga som kvilde på bruket. 10 år etter sel Jon Olson resten av Buer til Tostein Torbjørnson for 200 spd. Skjøtet dat. og tgl. 3. juni 1836. Dette bruket fekk seinare br.nr. 1.

Jon Olson og Helga Sjursdtr. flytte då til Myra u. Sæbø i Hjelmeland, der bur dei i 1841. Barn:

a. Helene Jonsdtr. f. 1821.
b. Ola Jonson f. 1824, d. 1828.
c. Per Jonson f. 1827.
d. Karen Margrete f. 1830.
e. Bård Jonson f. 1834.

 

16. Tostein Torbjørnson

Førland i Suldal f. 1811, g. m. Talborg Knutsdotter Underbakke f. 1807 kjøpte Jon Olson sitt bruk av Buer, br.nr. 1, i 1836.

Dei set med dette bruket til 1842. Då sel han til Endre Aslakson i Hålandsos Kjøpesum 207 spd. og eldre folga.

Tostein Torbjørnson er død før 1846. Det året får enka Valborg Knutsdtr. flytningsattest. Ho reiser attende til Suldal saman med to søner,

Torbjørn 9 år
Knut 6 år gl.

 

17. Endre Aslakson

f. 1813, son av Aslak Aslakson Hålandsosen og Ingeb Endresdtr. Maribu, vart i 1839 g. m. Brita Bjørnsdotter Erfjord f. 1813, dotter Bjørn Sveinson Erfjord. Dei overtok Tostein sitt bruk på Buer i 1842. Endre Alakson døydde i 1872. Kona Brita Bjørnsdtr. døydde i 1857 44 år gamal. I ski etter Endre vart Buer matr.nr. 46 løpenr. 101 utlagt sonen

Aslak

for 200 spd. Elles hadde Endre døtrene

Margrete,
Ingeborg og
Berta Oline.

Aslak skulle løysa ut søstrene sine med 49 spd. 21 sk. på kvar for den faste eigedom. Endre Aslakson godt i det økonomisk.

 

18. Aslak Endreson

f. 1851 overtok Buer etter faren. Han gifte seg med Me Bjørnsdtr. Bandeberg, f. 1843, dotter av Bjørn Bjørnson Bandeberg. Ekteskapet barnlaust. I 1875 fødde Aslak på bruket br.nr. 1 av Buer 2 kyr, 1 ungnaut, 15 sa og 1 gris. Sådde 1 tn. havre og 3 tn. poteter. Aslak sel bruket sitt ikr. 1909 til jo Jensson Langvik. Johan Jensson var g. m. fosterdotter til Aslak og Magla.

 

19. Johan Langvik

f. 1876, d. 1955, g. m. Mallin Jonsdotter Røykjenes  Sjå Røykjenes 23, budde seinare på Buer. Var ein vel kjendt notbas i Ryfylke. Fleire barn.

Bruksnr. 2 av Buer.

20. Per Nilsson

Helgeland i Erfjord f. 1793 vart 1825 g. m. Brita Sjursdo Buer f. 1805. (Sjå nr. 14 Buer.) Han får då kjøpa halvparten av Buer av svoge sin der. Barn:

a.Nils Person f. 1826, bonde på Buer ei tid.
b.Ola Person f. 1830, g. 1854 m. Tårunn Oddsdtr. Engeldalen i Hjelmeland Ola Persen var sjømann og døydde i Bergen i 1874.
c.Sjur Person f. 1833, g. 1864 m. Brita Johannesdtr. Varås f. 1827, då en Leirvik u. Erøy.
d.Per Person f. 1836, g. 1863 m. Siri Faltinsdtr. Foldøy, busett Foldøy.
e.Inger Persdtr. f. 1839, g. m. Ola Johanson Foldøy.
f.Ola Person d. y., d. før 1892.
g.Johannes Person f. 1846, matros, g. m. Karen Aletta Rasmusdtr. Foldøy.

Per Nilson Buer døydde i 1878.

 

21. Nils Person

f. 1826, g. m. Eli Johannesdtr. Kvaløy i Fister f. 1828, do av Johannes Hansson Rosså og Mallin Gudmundsdtr. Aukland, overtok Buer br.nr.2 men fekk visstnok aldri skjøte på bruket. Då dette bruk vart seld i 1882 skriv mora og alle barna under på skjøtet. Barn:

a. Per Nilsson f. 1857, i 1875 er han på reis til Sør-Amerika.
b. Gudmund Nilsson f. 1859.
c. Mallin Nilsdtr. f. 1861.
d. Berta Nilsdtr. f. 1864, d. 1875.
e. Nils Nilson f. 1866.
f. Elen Nilsdtr. f. 1868.
g. Ingeborg Nilsdtr. f. 1871.
h. Ingeborg Nilsdtr. f. 1875.

I 1875 fødde dei på dette bruket 3 kyr og 12 sauer, sådde 2 tn. havre og 1 tn. poteter. Huslyden reiste i 1882 til Amerika.

 

22. Henrik Knutson

Assjøen i Erfjord f. 1832, kjøper Buer br.nr. 2 i 1882. Han døydde ugift i 1888. Søstera, Brita Knutsdtr. f. 1837, som hadde styt huset for han, overtok så bruket. I 1900 bur ho der saman med ei søster, Anna Knutsdtr. f. 1842 hjå seg, ei dotter til Anna, Karina Johannesdtr. f. 1862, bur der óg.

Under dette bruket av Buer var det ein husmannsplass kalla Goren i 1875. Der budde ein erfjordbu Ola Johannesson Helgeland f. 1824 med kona Magla Larsdtr. Bakkane u. Østerhus i Hjelmeland f. 1826. På plassen fødde dei 6 sauer. Barn me kjenner:

a. Johannes f. 1850.
b. Liva f. 1852.
c. Borghild f. 1855.
d. Johannes f. 1864.