Nordvest av Vatland ligg Bjerga på Ombo. Garden ligg ikr. 280 m o. h. og vert rekna som fjellgard. Mot vest grenser Bjerga til Rørheim, Jørstad, Hetletveit og Kalheim i Sjernarøy herad, mot nord til Nådland, mot aust til Bjustveit u. Bergeland.
Bjerga var på 1 ½ 1. sm. Sjernarøy kyrkje åtte ½ 1. sm. Resten var odelsgods.
Etter jordeboka frå 1617 er eigetilhøva då: Madlena og Gjetleff ½ 1. sm., Tjerand Nådland 20 m. sm., Oluf Allstveit 16 m. sm., Sjernarøy kyrkje ½ 1. sm.
Stein Jelsa kjøpte opp mesteparten av odelsgodset i Bjerga, så nær som 18 m. sm. som brukaren åtte. Men det vart seinare pantsett til Stein Jelsa og seinare kjøpt. Stein Jelsa sel godset til versonen Stein Barkeland.
Det var Sjernarøy kyrkje som før hadde sett inn bygselmenn på Bjerga og teke mot både førstebygsel og tredjeårstake av garden. Men i 1634 då Stein Jelsa åtte mest i Bjerga meinte han at han hadde denne retten. Godske Pedersen på vegne av Sjernarøy kyrkje stemner Stein Jelsa til tinget same år. Stein legg fram to kjøpebrev på tilsaman ½ 1. 18 m. sm. tilkjøpt seg til evig odel og sa at då han åtte meir i Bjerga enn Sjernarøy kyrkje måtte han og vera rette bygselmann til garden. Dei vart så forlikte på tinget at Stein skulle rå med bygsla av heile garden, men Sjernarøy kyrkje skulle få tredjeparten av både førstebygselpengane og tredjeårsbygselen. Av den tredjeårsbygsel han hadde motteke i 1633 betalar Stein til Godske Pedersen straks ½ rd.
Stein Jelsa sin part av Bjerga arva dottera Eli Steinsdtr. g. m. Stein Barkeland. Stein Barkeland kjøper og dei 18 m. sm. som Stein Jelsa hadde i pant i Bjerga for eit lån på 18 rd.
Sønene til Stein Barkeland fekk utlagt Bjerga i skiftet etter mor deira i 1686. Men den eine, Sevat Steinson, kjøpte dei partane som fall på medarvingane hans og åtte dermed 1 1. sm. i Bjerga. I 1696 skjøter han Bjerga over til Ola Bjørnson Fister frå Aukland og Bjerga gjekk som mest alt gods på Ombo over til Auklandsfolket.
I skiftet etter Ola Bjørnson ikr. 1720 går Bjerga i arv over til brorsonen Kristen Gudmundson Bergeland. I skiftet etter Kristen Bergeland i 1759 vart 1 1. sm. i Bjerga utlagt i arv til versonen Ola Gudmundson Håland. I skiftet etter Ola Håland i 1773 vart godset i Bjerga skift mellom dei 5 barna med 18 m. sm. på kvar av dei 3 sønene og 9 m. sm. på kvar av dei 2 døtrene. Etter eit makeskiftebrev av 2. jan. 1775 går ½ 1. sm. i Bjerga over til sorenskrivar Barth i Knutsvik. Det er Gudmund og Kristen Råland som makebyter mot anna gods. Sorenskrivar Barth sel og skjøter sin part ½ 1. sm. til brukaren av dette bruket i 1775, Bjørn Hansson, for 180 rd. Det andre bruket i Bjerga vart i 1818 seld til brukaren på dette bruket, Ola Gunnarson.
I 1635 kravde Gamell Hetletveit at dei skulle gå over skifte mellom Hetletveit og Bjerga. Lagrettesmennene fann ut etter vitneprova at skifte gjekk frå ein bergås vest for søndre Bergstølen, derfrå mest i søraust og litt i sør til ein røysstein i ei høgd dei kalla Rongvehamaren. På Bjerga hadde dei alltid gjett til denne hamaren, der sto ein stein som var nedsett av menneskehender som skiftestein. Derfrå i søraust til ein stor stein på eit fjellbryn. Derfrå vidare over ei lita myr til ein stor stein dei kalla Kongssteinen. Dette skulle vera skifte mellom Hetletveit og Bjerga.
I 1675 var det skiftegang mellom Nådland og Bjerga. Det var Bjørn Aukland som eigar av Nådland som kravde dette. Det vart diskutert og vitna om kor skifte i gamal tid hadde gått. Jakob Bergeland viste ein lovleg skiftestein som skifte mellom 3 jorder, Bergeland, Nådland og Bjerga. Frå denne steinen gjekk lina i vest mellom Bjerga og Nådland. Skiftestrengen gjekk gjennom Killingskar, men då det var to skar der det kunne vera tale om vart det litt krangel om dette. Kvar ville ha det skaret som høvde best for han. Dei vart tilslutt samde om at skiftesteinar skulle setjast ned. Dei gjekk ut frå skiftesteinen mellom Bergeland, Nådland og Bjerga. Denne steinen sto i ei fjellnås som vart kalla Kry. Den andre steinen sette dei ned vest i Husåsen, den tredje stein i Smådalen, den fjerde nedsett rett ved Bjergavegen, den femte og siste nedsett i Vigleåsen ovanfor eit svaberg. Dette skiftet lova partane å ville rette seg etter.
Matrikkelen 1668: Bjerga matr.nr. 40, 1 ½ 1. sm., av det eig Sjernarøy kyrkje ½ 1. sm. Resten er odelsgods. Kvar sitt med bygsel. Sår 6 tn. korn. Før 24 naut og 2 hestar. Har brenne nok til det huset treng. Er ein fjellgard. Landskylda vert som før 1 ½ 1. sm. Leidang 1 bukkskinn og 1 geitskinn, tiende 6 spann korn, småreidsler 12 sk.
Matr. 1832: Bjerga nytt matr.nr. 71, løpenr. 167a og 1676. Samla skyld 3 dl. 3 ort 14 skilling.
Matr. 1851: Bjerga nytt matr.nr. 53, løpenr. 114, 115, 116.
Ved det førebuande arbeid til matr. av 1886, som tok til i 1863, vart Bjerga vurdert såleis: Bjerga matr.nr. 53 løpenr. 114, eigar Levard Bjerga, skyld 1 dl. 2 ort.22 skilling. Sår 3 tn. havre og haustar 16 tn., 2 tn. poteter og haustar 11 tn. Før hest, 2 kyr, 1 ungnaut og 20 sauer. 10 mål åker og ekrer, 10 mål engslått. Verdi på innmarka 328 spd. Verdi av utmarka 110 spd. Frådrag for mangel på brenne og skog til husvøling 24 spd. Nettoverdi 415 spd. Løpenr. 115 (Myra), eigar Anders Bjerga, skyld 1 ort 9 sk. Sår 1 tn. havre og haustar 4 tn., 1 tn. poteter og haustar 4 tn. Før 1 ku, 1 ungnaut og 10 sauer. 5 mål åker og ekrer, 10 mål engslått. Verdi av innmarka 84 spd. Frådrag for lite dyrkningsjord 3 spd. Tillegg for lett å vinna 9 spd. Utmarka verdsett til 17 spd. Frådrag for manglande skog 5 spd. Brukets nettoverdi 100 spd.
Løpenr. 116, eigar Henrik Bjerga, skyld 1 dl. 4 ort 7 sk. Sår 4 tn. havre
og haustar 20 tn., 3 tn. poteter og haustar 15 tn. Før hest, 3 kyr, 2 ungnaut
og 40 sauer. 11 mål med åker og ekrer, 29 mål engslått. Verdi av innmarka
355 spd. Tillegg for nydyrkning 10 spd. Verdi av utmarka 126 spd. Frådrag for
manglande brenne og skog til husvøling 28 spd. Brukets nettoverdi 465 spd.
Etter matr. 1886 får Bjerga gardsnr. 8 bruksnr.1, 2 og 3. Ny skyldhemning 4 mark 44 øre. Likeeins i 1906.
Bjerga har frå gamal tid vore ein eller to manns bruk, berre av og til tre manns bruk.
skattar av Bjerga i 1603 og brukar truleg heile garden. Me finn han i
skattelistene til framimot 1620. Han åtte truleg ikkje i Bjerga, men derimot
eig han i Bergeland 1 vett korn. Truleg er det konegods. Ei Marite
Bjerga eig i 1624 18 m. sm. ½ vett korn i Bergeland. Det må vera kona
hans.
f. ikr. 1585 var gift med dotter til Ingebret. I 1610 betalar han
førstebygsel av 18 m. sm. i Bjerga som verfar hans, Ingebret, hadde overlete
til han. Gav 2 rd.
Nils Olson brukar Bjerga i omlag 60 år. Rydningsretten til Bjerga hadde han kjøpt til seg av ei Magla Bergeland, det spørs om det ikkje er vermor hans, Marita Bjerga, som her er kalla Magla.
Lagrettesmann var Nils Bjerga i mange år, både til skipreidetinget,
fjerdingstinget og til lagtinget i Stavanger. Men embetsmennene held han ikkje
meir av enn turvande var. I 1611 måtte han bøta 4 rd. fordi kona hans kom
fortidleg i barselseng. I 1623 vart han innkalla til skipreidetinget på Jelsa
av borgarmeister Nils Høg i Stavanger. Nils Høg ville ha det vitnefast kva
Nils Bjerga hadde sagt til han då han skulle føra han til Talgje. Peder
Homann hadde vore med på reisa og han prova Nils sine ord slik: «Du haver overskjeldet hver mand på Jæderen og skild dem fra hæder og
ære og derfor nesten afkjørt, og nu er du kommen hid for at ville gjøre
ligeså vid oss.»
Nils Berga forklara seg på tinget. Han hadde ikkje sagt at Nils Høg hadde æreskjeldt nokon, men tretta kom av at Nils Høg hadde forlangt altfor mykje føring av han. Då hadde Nils Høg kalla han ein hundsvott. Det var eit stygt skjeldsord og Nils var vorten litt hastig og uvøren med orda sine.
Saka vart sendt over til første fjerdingsting, ifall Nils Bjerga ikkje
innan den tid hadde ordna opp med Nils Høg. Det var ikkje Nils Høg uvillig
til for godtfolks forbøn skyld.»
På fjerdingstinget på Hebnes i 1624 vart dei så forlikte «at
Nils Høg for Nils Bjerga og andre godtfolks flittige forbøn og
underhandlings skyld har latt sin tiltale uten dom falle, hvorimot Nils Bjerga
lovede å gi ham til St. Mikkelsdag førstkommende 10 rd. Og gor samme penge
rakte Steen Jelse hans hånd for betalingen, og Nils Bjerga igjen lovede Steen
at han for samme penge skal være all hans hjemmel mektig med vurdering uten
videre dom eller søksmål inntil samme 10 rd. blir ham nøyaktig betalt så
han blir skadeløs holden.»
Til fjerdingstinget på Hebnes i 1635 vart han innkalla for ei annor sak, Nils og to naboar skulle føra Kasper Friis frå Jelsa til Talgje. Friis sat bak i båten og det bar seg så uheppeleg til, at då dei var utanfor Hidle datt han overbord. Då dei fekk han opp i båten att var han død. Saka vart utsett då Ko: Ma: ombotsmann ville forhøyra seg meir om dette hende. Same året er Nils Bjerga kravd for 1/2 rd. til hospitalet i Stavanger. Det var vel bota for dei hadde vore litt seine med å dra Friis opp i båten.
Nils Olson Bjerga brukte truleg heile garden Bjerga etter at verfaren ikr. 1620 var fallen frå. Ein del har han nok ått i garden, men panta det litt etter litt over til Stein Jelsa. I 1666 brukar Nils 1 1. sm. og Tomas Josefson ½ 1. Truleg er Tomas verson hans og har fått tredjeparten av Bjerga til å bu på. Dette bruket av Bjerga som Tomas budde på var ½ 1. sm. like til i 1720-åra. Frå den tid var bruka truleg like store.
Nils Bjerga var truleg gift fleire gonger. Siste kona heite Siri, me møter henne i 1659 på kyrkjebåten frå Jelsa til Nådland. (Sjå Nådland nr. 8). Ein Knut Nilsson Bjerga er nemnd i 1664, er truleg son til Nils Olson. Sjå elles brukar nr. 3. Nils døydde ikr. 1670, 85 år gamal.
I 1675 er nemnd Ingebret, Gunnar og Tomas som brukarar av Bjerga.
overtek Nils Olson sitt bruk 1 1. sm. i Bjerga. Han er truleg dotterson av
Nils Olson. I 1663 stemner han Nils Bjerga til skipreidetinget for 18 m. sm. i
Bjerga som Ola hadde arva etter foreldra. Nils Bjerga hadde panta desse 18 m.
sm. til Stein Jelsa for 18 rd. Nils Bjerga sa på tinget at han hadde teke Ola
til seg då han vart foreldrelaus i barneåra. I 12 år hadde han fostra guten
og meinte desse 18 m. sm. i Bjerga ikkje kunne vera formykje for oppfostringa
av guten, som ingen då ville ta hand om. Retten kom til same resultat, 18 rd.
for 12 års oppfostring kunne ikkje vera formykje. Ville Ola Gunnarson ha
godset fekk han løysa det inn att av Stein Jelsa, eller Lars Barkeland som
nå åtte det. På tinget vart Lars Barkeland og Ola Gunnarson samde om at
når gamle Nils Bjerga fell frå skal Ola ha førsteretten til å bygsla
bruket.
Då denne semja med Lars Barkeland skulle tinglysast er Ola Gunnarson kalla Ola Helgeland. Han må difor ha butt på Helgeland på Ombo i den tid. Truleg budde han berre ei stutt tid på Bjerga, 1670-75. Ein son me kjenner:
f. ikr. 1646 har overteke bruket 1 1. sm. i 1675. Det året er han teken ut
til lagrettesmann. Han døydde i 1703. Barn:
f. ikr. 1686 set som brukar av 1 1. sm. i Bjerga i 1706. Me ser han ikkje
gift i Jelsa, så han har nok som så mange ombobuar henta si gifte frå
Sjernarøy eller Hjelmeland. Barn:
Kyrkjeboka for Jelsa er borte i tidbolken 1738-53. Truleg er Gunnarson og kona død i denne tid.
f. ikr. 1690, g. 1. g. 1726 m. Marta Isaksdtr.
Bratland, er komen til dette bruket av Bjerga ikr. 1740. Truleg kom han
då frå Helgeland på Ombo. Då han gifter seg 2. g. 1734 m. Anna Bjørnsdtr. er han kalla Osmund Jonson Helgeland. Anna
Bjørnsdtr. sjå Kaltveit nr. 8. Ho døydde i 1742 på Bjerga og let då etter
seg to barn, Marita 7 år og
Osmund Jonson gifter seg 3. g. m. Sari Samuelsdtr. f. på Mosnes i Fister i 1710.
Det er skifte etter Osmund Jonson Bjerga i 1769. Han let då etter seg enka Siri Samuelsdtr. og barna:
Enka Siri Samuelsdtr. brukte Bjerga nokre år etter mannen var avliden. Men i 1775 vart dette bruket seld og ny eigar og brukar flytte inn.
f. ikr. 1725 på Tveit i Nedstrand, kjøpte og fekk skjøte på dette
bruket 2 pd. 6 m. sm. i Bjerga i 1775 av sorenskrivar Barth i Knutsvik. Bart
hadde sett opp nye hus på Bjerga. Kjøpesum 180 rd.
Som enkemann gifte Bjørn Hansson seg i 1769 med Anna Olsdtr. Helgeland. Det er skifte etter Bjørn Hansson i 1786. Han let då etter seg enka Anna Olsdtr. og barna
Enka Anna Olsdtr. sat med bruket til 1790. Då sel dei bruket til grannen Levard Nilsson. (Sjå Bjerga br.nr. 3). Levard Nilsson brukte då heile garden Bjerga til han døydde i 1814. Enka Sofie Knutsdtr. sat etter mannen på dette bruket. Men då ho i 1815 vart g. m. Ola Gunnarson Bjørnevåg får han bygsla bygselbruket i Bjerga og dei brukar heile garden til 1830. Då får Nils Levardson skjøte på dette bruket.
f. 1810 får heimel på bruket i 1830 for 550 rd. norsk verdi og folga til
mor og stefar.
Nils Levardson vart i 1831 g. m. Liva Øysteinsdtr. Bandeberg. Sjå Bandeberg nr. 22 c. Barn født på Bjerga:
Nils Levardson sel bruket på Bjerga i 1837 til Knut Mikkelson Hole for 400 spd. og eldre folga. Nils Levardson reiser med huslyd til Amerika.
Hole f. i Sjernarøy 1808 kjøpte
bruket til Nils Levardson i 1837. Han var gift med Ranveig Knutsdtr. Hole f. ikr.
1808. Barn:
I 1844 skifter han ut ein part av garden som vart skyldsett til 1 ort 9 sk. og sel til folgemannen sin Ola Gunnarson for 50 spd. Dette bruket, som vart kalla Myra, fekk seinare br.nr. 2 av Bjerga.
I 1854 sel han resten av garden, som nå var på 1 dl. 2 ort 22 sk., til
Levard Levardson Bjerga (sjå Bjerga nr. 10) for 530 spd. Knut Mikkelson budde
seinare på Hole i Sjernarøy. Han døydde i 1867.
f. 1813 (Bjerga 22 h) kjøper dette bruket i 1854. Levard gifter seg i 1857
med Mari Eivindsdtr. Bjergagjerdet
f. ikr. 1839. Barn:
I 1868 sel Levard Levardson bruket til Gunnar Andersson for 700 spd. og folga. Levard og Mari budde seinare i Nådlandshagen.
f. 1827 på Talgje, Finnøy, overtek og får skjøte på bruket i 1868. Han
var gift med Johanne Jonsdtr. f.
1832 på Finnøy.
Dei bur på Bjerga i 1875 og har då ei dotter,
Dei før då på bruket 1 hest, 3 kyr, 3 ungnaut, 25 sauer og gris. Sår 3 ½ tn. havre og 3 ½ tn. poteter.
Gunnar Andersson reiser frå Bjerga ikr. 1877.
f. på Bjerga 1826 (sjå Bjerga 16 og 24). Han hadde før butt på Myra,
br.nr. 2 av Bjerga, men Myra selde han i 1877 til bror sin Ola Henrikson. Han
overtek så br.nr. 1. Anders var g. m. Kari
Knutsdtr. Hole f. 1832
(sjå Bjerga nr. 9 a). Anders Henrikson døydde i 1881. Kjenner ikkje
til om han hadde barn etter seg.
hadde dette bruket ei stutt tid. Han døydde ugift på Bjerga i 1882, 28
år gamal.
f. 1852 i Hjelmeland, son av strandsitjar Hans Hansson Bakken, har dette
bruket etter Ola Nilsson. Han var g. m. Anna
Larsdtr. frå Saltkjærvik u. Nordre Knutsvik f. 1855.
Tjerand Hansson har bruket i 1906. Dette er br.nr. 1 av skyld 1 mark 88 øre.
Dette bruket vart skild ut frå br.nr. 1 i 1844 og seld av Knut Mikkelson til Ola Gunnarson (sjå nr. 3). Bruket kalla Myra vart skyldsett til 1 ort 9 sk. Etter ny skyldsetning i 1886 46 øre.
brukar Myra som folgemann på Bjerga. Han hadde folga både av br.nr. 1 og
br.nr. 2. Han døydde i 1860. Kona Sofie Knutsdtr. døydde i 1868.
f. 1826 (sjå Bjerga nr. 12 og nr. 24) har dette bruket etterpå. I 1877
sel han bruket til bror sin, Ola Henriksen, for 400 spd.
f. 1841 (Bjerga nr. 12-16-24) var g. m. Anne
Karine Levardstr. f. 1853 i Sjernarøy, dotter av Levard Rørheim. Dei har
dette bruket i 1900. Har då barna:
I 1886 får dette bruket bruksnr. 2 av skyld 46 øre.
f. ikr. 1606 er truleg verson til Nils Olson Bjerga (nr. 2) og får
på same måten som Nils Olson i si tid hadde fått, ein lut av Bjerga då han
gifte seg. Det var ½ 1. sm. Om dette er kyrkjegodset eller om heile
kyrkjegodset ligg i det største bruk på Bjerga skal vera usagt. Alle
brukarar på dette bruket brukte berre ½
1. sm. fram til 1720 åra.
Ei Ingeborg Bjerga som er vitne i ei sak i 1660 kan vera kona til Tomas. Ein son:
f. ikr. 1606 på Kalheim i Sjernarøy brukar ½ 1. sm. i Bjerga i
1701. Men Knutson vart i 1695 g. m. Anna
Olsdtr. Ho døydde i 1728, Eivind i 1731. Men Eivind Knutson må ha vore
gift ein gong før, då med Maren
Larsdtr. Barn me kjenner:
Alle barna er fødd på Bjerga, så Eivind må ha kome til Bjerga før
1689.
f. 1696 får bygselbrev på bruket etter far sin. Bruket er nå halvparten
av garden Bjerga og var på 2 pd. 6 m. sm. Bygselbrevet utskrive av Kristen
Bergeland var dat. 23. mars 1729.
Knut Eivindson vart i 1725 g. m. Eli Larsdtr. Ho var søster til Borghild Larsdtr. på Vatland (sjå Vatland nr. 6). Mor til desse søstrene var Tora Ånonsdtr. som var gift med Lars (Vestersjø ?). Far til Tora var Ånon Steinfinnson som budde truleg i Karmsund. Skifte etter Barbro Steinfinnsdtr. Høyvik i Tysvær 20. juni 1732. Då er alle hennar heil- og halvsøsken opprekna.
Det er skifte etter Knut Eivindson i 1753. Barn som då lever:
Det var tungt for Knut Eivindson dei siste åra han levde. Me vantar tingbøker for skipreidetinget i åra mellom 1740-50. Men i lagmannstingboka frå 26. jan 1746 finn me dette: Knut Eivindson hadde fått eit barn med søsterdotter til kona si. Det vart i den tid rekna for blodskam og Knut og Marita Ommundsdtr. var på skipreidetinget i 1744 dømd frå livet. På lagmannstinget møtte kona til Knut Eivindson opp. Vitna at ho og Knut hadde all sin dag levd kjærlig og fredeleg saman og bad om Kongens nåde for mannen sin. Det må han også ha fått meddi han er grl. i Jelsa i 1753. Men Marita Vatland vart dømd til å «halshugges ved sverdet». Det var ein hard dom for eit brotsverk som dei idag ikkje hadde vorte tiltala for eingong.
Kona til Knut Eivindson, Eli Larsdtr., døydde i 1762, 76 år gamal.
f. 1727, son av Levard Nilsson frå Jelsaneset, seinare busett Åssjøen i
Erfjord, var gift med Mari Knutsdtr.
Bjerga, eldste dotter til Knut Eivindson. Dei overtok Bjerga 2 pd. 6 m.
sm. i 1753. Bygselbrev utskrive av Kristen Bergeland same året. Barn:
Mari Knutsdtr. Bjerga døydde i 1773. Nils Levardson gifte seg oppatt i 1774 med Siri Sjursdtr. Det er skifte etter Nils Levardson i 1793. Dei tri før nemnde barn lever etter han.
f. 1762 bygslar dette bruket etter far sin, truleg ikr. 1790. Same året
kjøper han Bjørn Hansson sitt bruk av Bjerga. (Sjå Bjerga nr. 7). Skjøtet
er utskrive av Johannes Bergeland og Svein Nådland på vegne av enka etter
Bjørn Hansson, Anna Olsdtr., og barna deira. I 1794 kjøper han óg odels- og
innløysingsretten til desse 2 pd. 6 m. sm. av eldste son til Bjørn Hansson,
Ola Bjørnson. Levard Nilsson flytter då over i dei nye husa på Bjerga som
sorenskrivar Barth hadde sett opp, men han brukar også bygseljorda si på
andre parten i Bjerga så lenge han lever.
Levard Nilsson gifte seg første gong 1789 med Siri Jonsdtr. Vestersjø f. 1767. Ho døydde i 1795 29 år gamal, og let då etter seg barna:
Levard Nilsson gifter seg 2. g. 1796 m. Sofie Knutsdtr. Hole i Sjernarøy f. 1777. Med henne barna:
Levard Nilsson døydde i 1814. Skifte same året. Enka Sofie Knutsdtr. gifter seg i 1815 med Ola Gunnarson f. 1784.
f. 1784, son av Gunnar Olson Eide på Sand og Kirsti Jakobsdtr. Oppistov
Hebnes. Dei budde i Bjørnevåg u. Østhus i Bygda der Ola Gunnarson voks opp.
I 1815 gifter han seg med enka på Bjerga og flytte dit. Han får bygselbrev
på dette bruket, men har truleg butt på bruket som kona hans åtte. I 1818
får han kjøpe bygselbruket. Skjøte dat. 9. juni 1819.
I 1828 sel han dette bruket (br.nr. 3) til Henrik Andersson Vatland (sjå
Vatland nr. 10 e). I 1830 sel han br.nr. 1 til sonen til kona i første
ekteskap Nils Levardson, men har folga av båe bruk (sjå elles br.nr. 2 av
Bjerga).
Ola Gunnarson og Sofie Knutsdtr. hadde barna:
Sofie Knutsdtr. Bjerga døydde som enke i Nådlandshagen i 1868 90 ½ år gamal.
f. 1791 får skjøte på 2 pd. 6 m. sm. i Bjerga i 1828. Kjøpesum 300 spd.
og folga.
Henrik Andersson vart i 1825 g. m. Brita Jakobsdtr. Flåtene på Ombo, dotter av Jakob Olson Flåtene og Torborg Nilsdtr. Bandeberg (sjå Bandeberg nr. 15). Barn med henne:
Desse barna var det som levde i skiftet etter Brita Jakobsdtr. i 1842. Brita Jakobsdtr. døydde i 1842, 36 år gamal.
Henrik Andersson gifter seg oppatt med Torborg Jakobsdtr. Flåtene f. 1808. Barn med henne:
f. 1831 får skjøte på bruket i skiftet etter far sin i 1872. Han skulle
betala 550 spd. og folga til stemor si Torborg Jakobsdtr. Matrikkelskylda på
bruket var då 1 dl. 4 ort 7 skilling.
Jakob Henrikson var gift med Serine Halvorsdtr. Vik på Finnøy. Serine døydde i 1872. Ho let då etter seg barna:
Jakob Henrikson gifter seg oppatt i 1874 med enka Anna Sjursdtr. Vatland f. 1838 (sjå Vatland nr. 15). Med henne hadde han sonen
Jakob Henrikson døydde i 1896. Skiftet etter han er i 1899. Dei to eldste barna er då i Amerika. I 1900 var ingen igjen av huslyden på Bjerga.
f. 1872, son av Ola Larsson Vestersjø, bur på Bjerga br. nr. 33 1900.
Kona var Elen Jonsdtr. Halsne f. i Hjelmeland i 1875.
Hellevik u. Marvik f. ikr. 1770 vart i 1799 gift med Ragnhild Trondsdtr.
Løland på Ombo. Dei budde ei tid i Hellevik, seinare på Jørstadneset, men
flytte til Bjergagjerdet ikr. 1718. Barn:
Då bur foreldra i Porstuvågen i Sjernarøy, seinare budde Gaute i Jørstadvågen.
f. 1808 (Bjergagjerdet 1 c) får festesetel på halve Bjergagjerdet i 1833
av Henrik Andersson (sjå Bjerga nr. 24).
f. 1799 (Bjergagjerdet la) vart i 1820 g. m. Rannveig Levardsdtr. Bjerga (Bjerga 22 d) f. 1798. Dei budde først på Kro u. Rørheim. I 1835 fester dei halve
Bjergagjerdet av Nils Levardson, eigaren av denne halvpart av Bjergagjerdet.
(Sjå Berga nr. 8). Barn:
Rannveig Levardsdtr. Bjergagjerdet døydde i 1868, 70 år gamal. Eivind Gauteson døydde i 1884.
I 1875 før dei på Bjergagjerdet
1 ku og 10 sauer, sår ½ tn. havre og 1 ½
tn. poteter.
Øygarden u. Knutsvik budde, etter Hjelmelandsboka side 324, på Bjergagjerdet ei tid. Det må vera Bård Gauteson sin plass
dei budde på. Barn.
I 1875 er det berre ein husmann i Bjergagjerdet, Eivind Gauteson.
f. 1830, son av Odd Andersson og Kari Omundsdtr., busett Økstrafjorden og
Hebnes, vart g. m. enka Ragnhild
Eivindsdtr. Bjergagjerdet (sjå nr. 3 b) i 1852. Dei budde i 1875 på
plassen Tobbis u. Nådlandshagen og har då barna heime:
Ein plass u. Bjerga, Fløtebakken, bygslar Nils Levardson Bjerga til bror sin, Knut Levardson, i 1830. Knut Levardson vart i 1842 g. m. enka Mallin Olsdtr. Høydalen u. Atletveit. Han var då 36 år, ho 46. Truleg budde dei ikkje lenge på Fløtebakken.