BANDEBERG, gardsnr. 4.

Garden ligg på Omboheia, tunet ligg ikr. 224 m over havet. Han ligg i eit dalføre som går ned mot sjøen ved Bandura. Frå Bandeberg er det vid utsikt utover fjorden mot Nedstrandlandet. Garden grensar i søraust til Seltveit, i sør og sørvest til Kaltveit, Vatland og Nårstad, i vest og nordvest til utmarka til Bergeland, mot nordaust til Røykjenes.

Bandeberg høyrde til godset som Tallak Aukland åtte. I skifte på Aukland etter Tallak i 1522 får ei dotter gift med Olav Sevatsen Bandeberg utlagt Bandeberg og Røykjenes som arv. Same ætta budde på Bandeberg like til ikr. 1900.

I 1617 er Bandeberg oppført med 5 pund smør i skyld. Eigar Tore Bandeberg og hans medarvinger. I leidang 2 geitskinn, 2 kalvskinn og 3 skilling i pengar.

I ei sak mellom Bandeberg og Seltveit i 1622 legg Tore Bandeberg fram eit brev frå 1575. Det året selde Reidar Bjørnson og Asgaut Nilsson ½ pds. bol i Seltveit til Sevat Olson. Om dette sjå Seltveit.

I jordeboka 1649 er Bandeberg oppført med berre 4 pd. sm. i skyld. Tore og sonen Ola brukar 2 pd. sm. kvar.

Etter matrikkelen 1668 har Bandeberg matr.nr. 33, er på 2 laup smør, odelsgods. Sår 6 tn. korn. Før 29 naut og 2 hestar. Garden har kvernstad, har brenne til husbruk. Er ein fjellgard. Dei set garden som før i 2 1. sm. i landskyld, 1 bukkskinn og 2 geitskinn i leidang, 6 spann korn i tiende, 16 skilling i småreidsla.

I sjømilitært manntal 1706 skal Bandeberg 2 1. sm. utreida 2/7 av det det kosta å ha ein soldat ute. Husmannsplassen Ura nemnd.

Etter matrikkelutkastet 1723 er Bandeberg på 2 1. sm., Sjølegd (militært). Ein husmannsplass kalla «Urhev». Ei bekkekvern. Ordinær å vinna. Jon sår 7 tn. og haustar 38 tn. korn. Før hest, 16 naut og 24 sauer.

Ola Ura sår  ? tn. og haustar ¾ tn. korn. Før 4 sauer.

I 1812 var det frostår så fjellgardane fekk lite og inkje moge korn. Omboheia har likevel klart seg bra det året. Det var to bruk på Bandeberg då. Dei gjev opp til den nedsette kommisjonen at dei tilsaman har hausta 40 tn. korn det året. Men dei reknar ikkje med at kornet er av den kvalitet at det kan nyttast til såkorn og bed om 11 tn. korn av kornmagasinet til såkorn.

Frostår var det også 1836. Då var det ille på Omboheia. Per Bandeberg meinar han berre har fått ¼ av vanleg avling.

I matr. 1838 får Bandeberg nytt matr.nr. 69, løpenr. 169 og 170. Den gamle skyld, 2 1. sm., omgjort til 6 dl. 3 ort.

I matr. 1851 nytt matr.nr. 49, løpenr. 105 og 106. Skylda den same som i 1838.

I ny matr. 1886 med ny skyldeining, mark a 100 øre, får Bandeberg gardsnr. 4, br.nr. 1 og 2. Skyld 8 mark 80 øre.

Etter folketellinga i 1875 før dei på Bandeberg med husmannsplassane Ura og Slotta, 2 hestar, 14 kyr, 5 ungnaut, 95 sauer og 1 gris. Dei sår 11 ½ tn. havre og 11 ½ tn. poteter.

I 1811, tinglese 2/10 1812, får Johannes Ormson Bergeland og Per Torbjørnson Jørstad løyve til å setja opp ei bordsag i Bandebergsåa. Det hådde før vore sag der.

Bandeberg var einmannsbruk til ikr. 1742. Då vart garden delt i to like parter og var delt like fram til 1900. Men det var framleis teigblanding. Først i 1877 var det utskiftning av innmarka på Bandeberg. Frå då av fekk kvar brukar eit samla bruk.

Om eigetilhøva på Bandeberg sjå brukarlista.

År 1617 21.oktober var lensmann Stein Jelsa og 5 lagrettesmenn møtt opp på Bandeberg for å få i stand ei semja mellom odelsmannen Tore Olson Bandeberg (sjå brukar nr. 7) og verbror hans Jens Hansson (sjå br.nr. 8). Stefar til Tore og Åsa, Sevat Talgje var og tilstades.

Tore Bandeberg meinte at arven etter besteforeldra skulle delast etter den gamle lov, loven før 1604. Etter denne lova skulle han først ha halvparten av arven, og den andre halvpart delast slik at han fekk 2/3 og søstera 1/3. Han la og fram ein tidlegare lagmannsdom om dette. Men orskurden av domen var ikkje forsegla. Dei vart forlikte om arven: Tore skulle unna søster si, Åse, og mannen hennar ? av alt lausøyre. Men med omsyn til garden, som Tore ville bruka åleine, vart det denne gongen ikkje avsagt nokon endeleg dom.

Året etter, 26. juli 1618, er det igjen stemnestova på Bandeberg. Jens Hansson på vegne av kona si, Åsa Olsdtr., sakar verbror sin, Tore Bandeberg, for at han ikkje vil ta dei inn på Bandeberg og la dei få den søsterpart av Bandeberg ho har arva etter besteforeldra. Dei hadde elles ingen stad å bu. Tore meinte som før at arven skulle delast etter den gamle lov om arveskifte. Etter den skulle han ha først halvparten av garden og av den andre halvpart 2/3 til han og 1/3 til søstera. Garden, sa han, var ikkje på meir enn 5 pund smør og var ikkje så god at to huslydar kunne bu der utan det vert reine armoda.

Domen vart at Jens Hansson og kona skulle få bu og bruka 1/3 av Bandeberg i 3 år med hus, åker og eng. Husa og åkrane vart delt med det same, men enga skulle delast når ho stod i sin beste vokster. Når dei 3 åra var gått skulle Tore gje Jens 5 rd. i avstand og Jens med kona fara frå Bandeberg. Det gjorde dei og, men Jens og kona åtte framleis sin part av Bandeberg.

40 år etter dette, år 1657, er retten igjen sett på Bandeberg. Nå er det sønene etter Jens Hansson, Sevat og Hans jenssøner, som er frampå. Bonden på Bandeberg då er Ola Larsson, gift med ei dotter av den før nemnde Tore. Sevat Jensson hadde på ymse måtar kjøpt og panta til seg det gods i Bandeberg mor hans åtte. Nå hadde han sett bror sin Hans inn på ein plass ved Bandebergsjøen. Ola Larsson sa dette måtte vera mot all lov og rett og stemner dei inn for retten. Sevat jensson møter opp på Bandeberg, men sier han ikkje er stemna i rett tid, og reiser bort frå tinget.

Det gjekk triår før saka kjem opp att. I 1660 stemner Ola Bandeberg inn Hans Jensson i Ura til Jelsa skipreideting. Hans jensson har ulovleg trengt seg inn på hans hovedbøl og åsete i Bandeberg og teke inn framant krettur i beite og elles gjer han stor skade. Lagrettesmennene fann at Hans ingen rett hadde til å trengja seg såleis inn på Bandeberg og skulle flytta frå plassen innan mikkelsdagen s. å. om han då ikkje på annan måte kunne verta forlikt med Ola Bandeberg.

Truleg er eit slikt forlik kome i stand, for Hans bur i Bandura 20 år etter, i 1682. Hans jensson eig framleis 1 pd. sm. i Bandeberg. Ingen av sønene kom til å bu i Bandura.

Tore Bandeberg og søster hans åtte gods i Tjeltveit på Ombo. I 1624 på Hjelmeland skipreideting vart dette tinglyst: «Tore Olufson på Bandeberg, Jens Hansson på hans kvinne Åse Olufsdtr.s vegne solgte til Oluf Jonson på Aukland en full broderpart såvidt som di åg udi Tjeltvedt høy og bune på Omboden liggende for 38 rd. til evig odel. Dog derimot i et serdeles brev lovede Oluf Aukland på sin egen og medarvingers vegne, at di skal fri til brugs følge og nyte den stem på hans grunn ligger, til saug og kvernvann ubehindret og uten nogen avgift i nogen måte.

Oluf besegler selv med Rasmus Løgeland.»

Brukarar.

 

1. Olav Sevatson

g. m. ei dotter av Tallak Aukland, er den første me kjenner til av bøndene på Bandeberg. I skiftet etter Tallak Aukland i 1522 arva Olav Bandeberg gods i Bandeberg og Røykjenes. Olav skatta av Bandeberg både i 1519 og i 1521.

 

2. Sevat Olavson

var son av Olav Sevatson og overtek Bandeberg etter faren. I ein markegang mellom Aukland og grannegardane i 1568 er han nemnd som brukar av Bandeberg. I 1575 kjøper han av Asgaut Nilsson og Reidar Bjørnson ½ pd. sm. i ein utmarksteig som då høyrde Seltveit til, Bandebergslia vart det seinare kalla. Sevat Bandeberg er lagrettesmann i 1591 då dei valde utsendingar til kongehyllinga i Oslo. Elles er han nemnd i skattemanntala frå 1563 til 1606 (Grønlandsskatten 1606).

 

3. Olav Sevatson

son av nr. 2, har truleg aldri brukt Bandeberg, men for ættesamanhengen tek me han likevel med her. Olav Sevatson var gift med enka på Nord Talgje, Maritta Bergesdotter. Ho var enke etter Tore Sæbjørnson på Nord Talgje. Med Tore hadde ho to døtre: Karen Toresdtr. g. m. Peder Thorson på Kåda, og Dorte Toresdtr., g. m. Peder Juelson Saxe på Kårhus i Vats. Med Olav Sevatson hadde ho to barn: Tore Olavson som seinare overtok farfarens gard Bandeberg, og Åsa Olavsdtr., g. m. Jens Hansson, seinare lensmann i Jelsa. Olav Sevatson døydde på Talgje ikr. 1604. Enka Maritta Bergesdtr. gifter seg 3. gong og då med ein Sevat. Med han hadde ho sonen Olav Sevatson som seinare budde på Randa.

Maritta Bergesdtr. vart visstnok bortimot 100 år gamal. På sine gamle dagar hadde ho dottersonen Sevat Jensson til å styra garden for seg (sjå gardssoga).

 

4. Eivind Bandeberg

er nemnd i 1606 som øydegardsmann på Bandeberg. Truleg har han bygsla ein part av Sevat Olavson eller enka hans. Sonen til Sevat, Olav på Talgje var død, og sonesonen Tore Olavson for ung til å overta Bandeberg. Eivind sat ikkje mange år på Bandeberg. (Det kan godt vera same Eivind som bygsla Seltveit 1610-17.

 

5. Peder Bandeberg

skattar av garden i 1610. Truleg berre dette eine året.

 

6. Morten Bandeberg

skattar av Bandeberg frå 1610-17. Morten var gift med ei dotter av Knut Østerhus i Jøsenfjorden, Ingrid Knutsdtr., søster av Åge Knutson i Høyvik, Jelsa.

 

7. Tore Olavson

(sjå nr. 3) f. ikr. 1595, kom truleg til Bandeberg for å overta farfarens gard ikr. 1617. Men søstera Åse og mannen hennar, Jens Hanssen, kom truleg samstundes til Bandeberg. Farmor deira er truleg død i denne tid eller straks før. Om striden mellom Tore og Jens sjå gardssoga om Bandeberg.

Tore Olavson var gift med Birgitte Paulsdtr. Steinsland i Hjelmeland. Tore døydde imellom 1650-­55. Enka Birgitte gifter seg då med Ola Tollefson Norheim i Sjernarøy og flytter dit. Det er skifte etter Birgitte Paulsdtr. på Norheim 24. mai 1667. Arvingane var enkemannen og barna hennar med Tore Bandeberg:

a.Paul Toreson, budde på Vareberg på Åmøy. Han gjorde fleire freistnader på å koma inn på 2 ½ pd. sm. i Steinsland som mor hans hadde arva der.
b.Berit Toresdtr. g. m. Ola Larsson Jørstad, busett Bandeberg.
c.Marit Toresdtr. g. m. Klemit Hellerås.
d.Inger Toresdtr. g. 1. g. m. Aslak Hervik, 2. g. m. Syvert Hervik.
e.Apelone.

I frå 1642 til 1649 er Tore Bandeberg nemnd som forarma leiglending, mesteparten av godset i Bandeberg var seld eller panta.

Tore må ha vore gift før han vart gift med Birgitte Paulsdtr. Ein son, Ola, mune han hatt i 1. ekteskap. Denne Ola Bandeberg må det vera som i 1649 er oppført som brukar av 2 pd. sm. i Bandeberg.

Tore Bandeberg møtte som lensmann i staden for verbror sin jens Hansson på skipreidetinget i 1635. Fleire gonger utteken som lagrettesmann til lagtinget i Stavanger.

 

8. Jens Hansson

g. m. Åsa Olavsdtr., søster til Tore (nr. 7) er kalla frå Helgøy første gongen me møter han. På Hesby skipreideting 18. des. 1616 hadde «Sevat på Talgø med velb. Gabriel Kruses stevning udi rette stevnet jens Hansen i Helgøen, for han udi hans hus og brød hadde beligget og bedraget hans stibdatter Åse Olufsdatter.» Nå, jens Hansson gifte seg med Åsa og alt vart berre vel og bra.

Jens Hansson fekk bruka 1/3 av Bandeberg nokre år. Han var seinare lensmann i Jelsa og busette seg på Vågane i Erfjord. Vart kalla jens Våge. Barn:

a.Sevat Jensson på Håkull i Vats.
b.Hans Jensson i Bandebergsura g. m. ei søster av Tore Johannesson Eie.
c.Kari Jensdtr. g. m. Tore Johannesson Eie, Sjernarøy.
d.Sussane Jensdtr. g. m. Laurits Johannesson i Stavanger.
e.Per Jensson.
f.Anna Jensdtr.

Åsa Olavsdtr. Vågane gifter seg som enke med enkemann Knut Torgeirson Åsland, seinare busett Vågane og kalla Knut Våge.

Jens Hansson gjorde seg sterkt gjeldande i Jelsa frå 1625-1640. Han var godt skrivefør og skreiv ofte brev som elles berre sorenskrivaren hadde rett på å skriva og få si betaling for. Jens Hansson gjekk sorenskrivaren i næringa. Dette kunne sjølvsagt ikkje gå i lengda utan å verta påtala. På Jelsa skipreideting 7. desember 1626 laut han møta og svara for seg.

«Anders Hansen, Ko: Ma: foged over Ryfylke len, hadde innstevnet Jens Bandeberg, først for han imot loven og junkerens befaling innfallen og saket seg i den sorenskrivers bestilling å skrive provsbreve . . . »

Det var ikke så reint lite futen hadde å klaga Jens Hansson for. Der falt ikkje dom i saka - det vart forlik:

«Etterdi for.ne Jens Bandeberg såvelsom Tallak Barkeland, nå frivillig og utiltvunget her for retten gjorde deres høyeste ed, aldri å ha visst eller tenkt, det samme brev noentid skulle været blitt brukt i den akt eller mening at K : M: sin tilbørlige rett eller sakefall skulle forsnilles eller fordølges, da på det de såvelsom andre flere godt folk kunne bli forskånet for lange rekster både til laugting og andre steder, har Anders Hansen på K M : og sin husbonds nådigste gode behag, hvorved saken denne gang etterladet, dog med så skjel og vilkår, det de lovet og dem tilforpliktet, aldri heretter enten i sådanne eller andre måter å skrive eller underskrive, hermed K : M : eller noen manns rett og tiltale at kan vorde fordølget eller forkrenket. Såvelsom óg Jens Bandeberg seg bepliktet, ikke heretter noen breve, som den sorenskrivers embed og bestilling kan være gemess, å skrive, under tilbørlig straff.»

 

9. Olav Toreson Bandeberg

(sjå nr. 7). Truleg døydde han ikr. 1650. To døtre let han etter seg,

Berette og
Anna Olavsdtr.

Desse to døtrene lever i skiftet etter Berette Paulsdtr. Norheim (sjå nr. 7), men er ikkje nemnde der. Difor er ho truleg ikkje mor til Olav Toreson. Ola Larsson Bandeberg (sjå nr. 11) kjøper i 1671 bunestadretten til Bandeberg av «sin kones brordøtre Birgitte og Anna Olsdtr.»

 

10. Jon Bandeberg

skattar av Bandeberg frå 1650 og nokre år frametter. Eg held det for mest rimeleg at han har vore gift med Berit Toresdtr. som seinare vart g. m. Ola Larsson Jørstad. Den eldste sonen til Ola Larsson heiter også Jon. Det skulle peika i same leid.

 

11. Ola Larsson Jørstad

vart ikr. 1658 g. m. Berit Toresdotter Bandeberg. (Sjå nr. 7 og nr. 10.)

«Hernest av Ole Bandeberg i rette lagt et kjøpebrev av Jon Bandeberg til sl. Lars Jørstad utstedt på smør 3 ½ pd. hvorfor han har oppebåret og bekommet halv femtesindstjuge og seks riksdaler. Brevet dat. Venje 2. jan. 1649. Hvilket gods Ole Larsen etter sin fader nesten alt skal være tilfallen i arveskiftet etter ham.

For det annet i rette lagt et kjøpebrev av betr. Jon Bandeberg til fornevnte Ole Bandeberg utstedt på smør ½ pd. hvorfor er gitt 14 rd. Dat. Venje 3. jan. 1649.

For det tredje i rette lagt et kjøpebrev av Berette og Anne Olsdøtre til betr. Ole Bandeberg utstedt på bunestadretten a betr. Bandeberg, derfor de etter brevets innhold har bekommet 16 rd. foruten at han den ene av betr. selgende har oppfostret i fjorten år. Dat. Nessem 15. mai 1671.

For det fjerde i rette lagt et kjøpebrev på 1 pd. sm. i Bandeberg solgt til betr. Ole av Knud Torgeirsen på Våge som var hans hustrus gods, herfor gitt førretjuge rd. Dat. Nessem 20. febr. 1674.

For det femte av Ole i rette lagt en bøgselsettel av Sevat Håkull til ham utgitt på smør 2 pd. i Bandeberg. Dat. Hemnes 10. mai 1648.»

Barn til Ola Larsson og Berit Toresdtr.:

a. Jon Olson f. ikr. 1660.                                                                             
b. Tore Olson f. ikr. 1662.
c. Lars Olson f. ikr. 1664.

Ola Larsson gifter seg 2. g. ikr. 1687 m. Brita Olsdotter Skiftun. Det året skriv og tinglyser han eit gåvebrev til kona på ½ 1. sm. i Bandeberg som ho skal etter hans død ha rett til å bruka så lenge ho lever.

Brita Olsdtr. er grl. 1703 72 år gamal. Ola Larsson grl. 1704 82 år gamal.

 

12. Jon Olson

f. ikr. 1660 (11a) overtek Bandeberg ikr. 1687. Det året gifter han seg med Kari Jonsdotter. Same året skriv far hans eit brev på at sonekona skal, i fall sonen fell frå, ha rett til åbruka 1 1. sm. i Bandeberg all sin dag. Brevet dat. 18. mars 1687.

Då faren døydde i 1704 fekk Jon Olson bygselsettel på 1 1. sm. i Bandeberg av Siri Rasmusdtr. enke etter Nils Frette i Etne. Siri var dotter av Rasmus Gunnarson Tjelmeland i Sand. Det var faren Ola Larsson Bandeberg som hadde panta dette til Rasmus Tjelmeland i 1672 og 1674. Arvingane etter Siri Rasmundsdtr. sel dette godset attende til Jon Olson Bandeberg i 1713. Det var 1 1. 2 pd. sm. i Bandeberg og det svarar til dei 5 pd. sm. Rasmus Tjelmeland åtte i Bandeberg i 1687.

Kona Kari Jonsdtr. døydde i 1709. Ho let då etter seg barna:

a. Ola Jonson f. ikr. 1690, død 1711.
b. Lars Jonson f. ikr. 1695, busett seinare på Sør Våge i Bokn.
c. Jon Jonson f. 1698, død barnlaus før faren.
d. Malene Jonsdtr. g. 1. g. m. Knut Pederson Mehus i Bygda, g. 2. g. m. Ola Skiftun.
e. Brita Jonsdtr. f. 1701 g. 1731 m. Rasmus Larsson Hauske.
f. Jon Jonson f. 1704, seinare klokkar i Jelsa, g. 1. g. m. Liva Oddsdtr. Sigmundstad, 2. g. m. Ingeborg Hermannsdtr. Landsnes.

Jon Olson gifter seg oppatt med Birgitte Østensdtr. Vestersjø. Barn med henne var:

g. Kari Jonsdtr.
h. Øystein Jonson f. 1713, d. 1714.
i. Øystein Jonson f. 1714, bonde på Bandeberg.
j. Ola Jonson f. 1716.
k. Marta Jonsdtr. f. 1718, d. 1718.
1. Torborg Jonsdtr. f. 1720, g. m. Tore Dalva.
m. Marta Jonsdtr. f. 1723, d. 1724.

Det er skifte etter Jon Olson Bandeberg i 1742. Fire søner og fire døtre lever etter han.

Det gjekk ut økonomisk med Jon Olson Bandeberg. I 1722 pantset han Bandeberg 2 1. sm. til Ola Asgautson Hidle for 104 rd. Pantet vart nok ikkje innløyst, for i 1733 skjøter han Bandeberg 2 1. sm. til enka etter Ola Asgautson, Annikken Tiurholm, for 150 rd. I 1751 kjøper Jon Jonson Skjeldsnes 1 1. sm. i Bandeberg av madam Annikken Tiurholm for 82 rd., men han selde same året dette til Kristen Bergeland. I skiftet etter Kristen Bergeland i 1759 arvar sonedotter hans Kari Gudmundsdtr. gift med Gudmund Jonasson Nåden denne 1 1. sm. i Bandeberg. Den andre 1 1. sm. i Bandeberg vart seld til Svein Johannesson Hausken i Hjelmeland.

Etter Jon Olson si tid har Bandeberg vore delt i to bruk, det austre og det vestre.

Bruksnr. 1. Austre bruk.

13. Knut Ånonson

f. 1724 i Illstadvika. Faren var Ånon Hansson frå Hestholmen u. Tjul. Ånon Hansson budde først i Illstadvika, seinare som lotbrukar på Seltveit (sjå Seltveit nr. 10).

Knut Ånonson bygslar denne parten av Bandeberg ikr. 1745. Han vart i 1745 g. m. Eli Bjørnsdotter Kaltveit f. 1719. I 1759 kjøper han odelsretten til bruket av Jon Larsson Våge (sjå 12b) for 17 rd. Men i 1762 sel han odelsretten i Bandeberg til Bjørn Mikkelson mot at Bjørn skal ryddiggjera garden Vatland for han til bruk. Knut Ånonson flytter då til Vatland (sjå Vatland nr. 9).

Det er mogeleg at farfaren Hans i Hestholmen har brukt dette bruket av Bandeberg nokre år mellom 1740 og 1750. I 1745 er Hans nemnd som brukar på Bandeberg.

 

14. Bjørn Mikkelson
f. ikr. 1714, budde først på Vatland, men bytte bunestad med Knut Ånonson i 1762. Odelsretten til 1 1. sm. i Bandeberg fylgde med, men han måtte bygsla bruket av Gudmund Jonasson Nåden (sjå under nr. 12). I sjømilitær rulle frå 1734 er Bjørn kalla Bjørn Mikkelson Ås, 20 år gamal. I desse rullene er det alltid fødestaden som vart skriven.

Bjørn var gift 2. gong då han flytte til Bandeberg. Kven første kona var veit me ikkje, men ei dotter hadde han med henne, Berta Bjørnsdtr. f. ikr. 1748. Andre kona til Bjørn var Gunhild Eliasdotter Dale i Hjelmeland. Med henne hadde han ingen barn.

Bjørn Mikkelson er grl. 15. aug. 1782, Gunhild Eliasdtr. 30. okt. s. å. Det er skifte etter båe i 1782. Hans arving er dottera

Berta g. m. Nils Øysteinson Bandeberg.

 

15. Nils Øysteinson

f. ikr. 1748 på Bandeberg, son av Øystein Jonson på br.nr. 2 av Bandeberg. Nils Øysteinson vart i 1772 g. m. einaste dotter av Bjørn Mikkelson, Berta Bjørnsdtr. Han kjøper dette bruket i buet etter Gudmund jonasson Nåden i 1773. Kjøpesum 170 rd.

Nils og Berta Bandeberg døydde båe i 1820. Dei let då etter seg barna:

a. Bjørn Nilsson f. 1774, bonde Bandeberg.
b. Berta Nilsdtr. f. 1777, g. 1800 m. Torgils Nilsson Fløgstad, Sauda. Budde seinare på Vatland.
c. Øystein Nilsson f. 1779, busett Ålborg i Danmark der han døydde i 1839.
d. Torborg Nilsdtr. f. 1781, g. 1. g. 1801 m. Jakob Olson Flåtene i Hjelmeland, 2. g. g. m. Lars Larsson Flåtene.

 

16. Bjørn Nilsson

f. 1774, får skjøte av far sin Nils Øysteinson på 1 1. sm. i Bandeberg i 1801. Same året vart han gift med Magla Olsdtr. Skiftun, dotter av Ola Hansson Skiftun. For bruket i Bandeberg betalte han 400 rd. og dertil folga til foreldra.

a. Brita Bjørnsdtr. f. 1802, g. 1827 m. Per Eivindson Gjerde, Jelsa.
b. Ola Bjørnson f. 1805, bonde Bandeberg.
c. Nils Bjørnson f. 1811, g. m. Lisbet Pedersdtr. Hjelmelandsvågen.
d. Bjørn Bjørnson f. 1819, bonde på br.nr. 2 av Bandeberg.

Magda Olsdtr. døydde 19. mars 1839 59 år gamal. Bjørn Nilsson gifter seg oppatt i 1843 med enka Siri Jensdtr. Jårvik. Bjørn døydde 18. juni 1857.

 

17. Ola Bjørnson

f. 1805 får skjøte i 1838 av far sin (sjå nr. 16). Kjøpesum 400 spd. og folge. Ola Bjørnson vart i 1839 gift med Mallin Olsdtr. Skår f. 1815. Ola Bjørnson sat med garden til 1876, då overlet og skjøter han til eldste son Bjørn Olson. Kjøpesum nå 700 spd. og folga rekna i 5 år til 250 spd. Folgehuset og kvernhuset skulle ikkje fylgja med i handelen. Barn me kjenner:

a. Bjørn Olson f. 1841, bonde Bandeberg.
b. Ola Olson f. 1844, busett Egenes, Stavanger.
c. Inger Olsdtr. f. 1844, g. m. Lars Sjurson Vatland.
d. Magla Serine Olsdtr. f. 1849, g. m. enkem. Jon Bårdson Røykjenes.
e. Jens Olson f. 1851.

Ola Bjørnson døydde 15. sept. 1884, Mallin Olsdtr. 1. juni 1885.

 

18. Bjørn Olson

f. 1841 overtek bruket i 1876. Året etter krev han utskiftning av innmarka på Bandeberg. Bjørn Olson får søraustre delen og farbroren Bjørn Bjørnson den andre parten. Bjørn Bjørnson får husmannsplassen Hilleren, men Ura og Slåttå var serleg utskift til kvar. Utskiftningen dat. 18. mai 1877.

På dette bruket (Bjørn Olson) før dei i 1875 hest, 5 kyr, 3 ungnaut og 40 sauer, sår 5 tn. havre og 4 tn. poteter.

Bjørn Olson vart i 1876 g. m. Sofie Olsdotter Vestersjø f. 1857, dotter av Ola Larsson Vestersjø. Barn me kjenner:

a. Ola Bjørnson Bandeberg.
b. Marta Bjørnsdtr. f. 1882.
c. Mallin Bjørnsdtr. f. 1887, død 1888.

Bjørn Olson og kona selde bruket i Bandeberg og flytte til Stavanger.

 

19. Svein Jonasson

f. 1845, son av bonde Jonas Sveinson Breivik, Hjelmeland, og kona Eli Paulsdtr., hadde dette bruket i 1900. Han var gift med Margrete Knutedotter Øye i Hjelmeland, dotter av bonde Knut Sveinson Øye og kona Margrete Nilsdtr. Barn:

a. Serine Sveinsdtr. f. 1879.
b. Marta Sveinsdtr. f. 1884.
c. Jonas Sveinson f. 1888.
d. Mandius Sveinson f. 1889.
e. Anna Sveinsdtr. f. 1892.

Dette er dei barn som er heime i 1900, dessutan ein fosterson, Svein Nilsson, f. 1875, alle fødd i Hjelmeland.

Svein Jonasson , kjøpte etter 1900 også det andre bruket av Bandeberg. I futens kassabok for 1909 er han eigar av heile Bandeberg.

Bruksnr. 2. Vestre bruk.

20. Øystein Jonson

f. ikr. 1714 (sjå brukar nr. 12i), overtok det eine bruk i Bandeberg 1739. Han bygsla då av Lars Nedre Hidle (2.mann til Annikken Tiurholm, sjå nr. 12). Det var halvbroren Lars Jonson Bandeberg (sjå nr. 12b) som hadde odelsretten til Bandeberg. I 1759 kjøper Øystein odelsretten til dette bruket av son til Lars Jonson, Jon Larsson Sør Bokn, gjev 17 rd. for odelsretten. Odelsretten til det andre bruket kjøper Knut Ånonson, likeeins for 17 rd.

Kristen Jonson Austbø på Rennesøy som var son av kokkaren i Jelsa Jon Jonson (sjå 12f), meiner han er beste odelsmann til Bandeberg etter at brorsonen har sagt frå seg retten og i 1768 sto han fram på tinget på Jelsa: «Tilkjennegav å være odelsmann og nærmest løsningsberettiget til gården Bandeberg skyldende 2 1. sm., hvilken gård han i sin tid akter å innløse til eiendoms bruk og besittelse, imidlertid nu sin pengemangel bekjentgjøre og utbad seg en tingsattest, som av retten bevilges.» Men Kristen Jonson kom aldri til å løysa inn Bandeberg.

Øystein Jonson vart ikr. 1742 g. m. Berta Nilsdotter Hebnes, dotter av Nils Osmundson Hebnes, Litlastova. Barn:

a. Siri Øysteinsdtr. f. ikr. 1743, g. m. Lars Olson Ås i Erfjord.
b. Jon Øysteinson f. ikr. 1745, bonde Bandeberg (sjå nr. 21).
c. Nils Øysteinson f. ikr. 1748, bonde Bandeberg (sjå nr. 15).
d. Berta Øysteinsdtr. f. 1751, g. 1779 m. Ola Larsson Flåtene på Ombo.
e. Øystein Øysteinson f. 1755, g. 1782 m. Berta Pedersdtr. Berge, Finnøy.
f. Ola Øysteinson f. 1759, død ugift 1786.
g. Guttorm Øysteinson f. 1762, g. m. Siri Tormodsdtr. enke på Musland, budde der.

Øystein Jonson grl. 1. mars 1787. Berta Nilsdtr. grl. 30. mai 1784 62 år gamal.

 

21. Jon Øysteinson

f. ikr. 1745 overtek faren sitt bruk i Bandeberg i 1772. I 1790 får han skjøte på bruket sitt av Svein Johannesson Hausken (sjå nr. 12) Jon Øysteinson vart i 1777 g. m. Anna Hansdotter Skiftun. Truleg hadde dei berre ein son, Øystein Jonson f. 1778.

Anna Hansdtr. døydde i 1829 76 år gamal og Jon Øysteinson i 18-31 87 år gl.

 

22. Øystein Jonson

f. 1778 får skjøte på 1 1. sm. i Bandeberg i 1799. Han gifter seg i 1802 m. Brønla Kristensdotter Fuglestein f. 1779. Barn:

a.Anna Øysteinsdtr. f. 1803, g. 1819 m. Nils Rasmusson Helgeland (sjå nr. 23).
b.Liva Øysteinsdtr. f. 1805, død som barn.
c.Liva Øysteinsdtr. f. 1810, g. 1831 m. Nils Levardson Bjerga.

Øystein Jonson skjøter bruket over til versonen Nils Rasmusson i 1821 for 250 spd. og folga verdsett til 120 spd.

Øystein Jonson døydde i 1857 78 år og Brønla Kristensdotter i 1866 87 år gamal. I skiftet etter Brønla er båe døtrene i Amerika.

 

23. Nils Rasmusson

Helgeland på Ombo f. ikr. 1794, g. m. Anna Øysteinsdtr. Bandeberg får skjøte på Bandeberg i 1821. Barn mens dei budde på Bandeberg:

a. Kristen Nilsson f. 1821.
b. Rasmus Nilsson f. 1824, død 1830.
c. Øystein Nilsson f. 1820.
d. Åse Nilsdtr. f. 1829.

Nils Rasmusson sel Bandeberg i 1831 til Per Eivindson Gjerde for 600 spd. og gamal folge som var på garden. Nils og Anna reiste seinare med barna til Amerika.

 

24. Per Eivindson

Gjerde på Jelsa f. 1796, vart i 1827 g. m. Brita Bjørnsdtr. Bandeberg f. 1807 (sjå nr. 16a). I 1831 fekk dei kjøpa bruket til Nils Rasmusson (nr. 23). Dei sat på dette bruket til 1840. Då går garden til auksjons og verbroren Ola Bjørnson Bandeberg (nr. 17) får tilslaget for 561 spd. og eldre folga. Per Eivindson flytter seinare til Foldøy der slekta bur framleies. Sjå Foldøy nr. 48.

Kanskje brukte Per Eivindson bruket i Bandeberg nokre år mens verbroren Ola Bjørnson åtte det. Men i 1844 sel Ola Bjørnson dette bruket til bror sin Bjørn Bjørnson for 650 spd.

 

25. Bjørn Bjørnson

f. 1819 (sjå 16d) g. m. Ingrid Olsdtr. Skår f. 1808, dotter av Ola Johannesson Skår på Ombo. Barn:

a. Magla Bjørnsdtr. f. 1843, g. m. Aslak Buer.
b. Ola Bjørnson f. 1845, bonde Bandeberg.
c. Inger Bjørnsdtr. f. 1849, g. m. Åge Sjurson Vatland.
d. Inger Mallin Bjørnsdtr. f. 1852, g. m. Gudmund Haug..

I 1875 bur Bjørn og Ingrid på Bandeberg. Dei før då på bruket hest, 7 kyr, 2 ungnaut, 40 sauer og 1 gris. Sår 5 tn. havre og 4 tn. poteter. Bjørn Bjørnson bur der som folgemann i 1900 og då oppattgift med Anna Sjursdtr. f. 1838. Første kona Ingrid Olsdtr. døydde i 1898.

 

26. Ola Bjørnson

f. 1845 (sjå 25 b) får i 1880 skjøte på bruket som då hadde ei matr.skyld på 3 dl. 1 ort 12 sk. Betalar 3 000 kr. og folga. Folgehuset skulle ikkje fylgja med i handelen.

Ola Bjørnson var gift med Marta Gunnarsdtr. Kaltveit f. 1844, dotter av Gunnar jensson Kaltveit. Barn:

a. Bjørn Olson f. 1878.
b. Marta Olsdtr. f. 1880.
c. Gunnar Olson f. 1883.

I 1900 bur og brukar Ola Bjørnson på br.nr. 2 av Bandeberg. Bruket var då på 4 mark 40 øre i skyld. Bruksnr. 2 vart seld truleg mellom 1906 og 1909 til eigaren av br.nr. 1 Svein Jonasson.

Husmannsplassar.

Frå gamalt av var det berre ein husmannsplass u. Bandeberg, Bandura. Bandura ligg nord av gardstunet på Bandeberg, ned mot sjøen. Plassen er nemnd frå midten av 1600-talet. Dei to plassane Hilleren og Slåtta er komne til først i slutten av førre hundraåret.

Bandura.

27. Hans Jensson

f. ikr. 1616 er den første me kjenner til som budde i Ura. Hans var son av Jens Hansson og Åsa Olsdtr. (sjå nr. 8). Tidlegare i gardssoga er Hans jensson og bror hans Sevat Jensson omtala. Mor deira, Åsa Olsdtr., hadde arva 2 pd. sm. i Bandeberg og desse Jenssønene syntes å ha ein viss rett til å nytta dette. Hans jensson sette seg sølv inn som brukar av Bandura. Tok også inn framant krettur om sommaren til å beite i Bandeberg si utmark. I 1660 vart det fastsett på tinget at Hans Jensson ikkje hadde nokon heimel på husmannsplassen og dømt til å flytta derfrå innan mikkelsdag s. å. Hans Jensson kom likevel til å bu i Ura så lenge han levde. I 1682 er han påny saka av bonden på Bandeberg. Det er serleg alle krettur han dreg inn i buhagen. 8 kyrlag med sauer hadde Hans sjølv i buhagen, sume år tok han attåt inn 50 sauer for andre og sette i beite der, sume år attåt 2 naut og 2 svin. For alt dette betalte han ikkje ein øyre korkje i skatt eller til Ola Bandeberg. Det vart forlik i saka, kva det går ut på er ikkje nemnd i tingboka, men Hans, som då er ein gamal mann, får truleg lov til å bu i Ura, men ingen av sønene hans bur der.

Hans jensson var gift med ei søster av Tore Johannesson Eie i Sjernarøy. I 1666 har dei sønene:

a. Jens Hansson f. 1658, budde i 1701 i Sørvika u. Fuglestein.
b. Ola Hansson f. 1662, budde på Røykjenes.
c. Knut Hansson f. 1664.

Det er berre sønene som er nemnd i desse manntale.

 

28. Eileff Knutson

f. ikr. 1676 på Nordmork i Suldal er husmann i Bandura i 1706. I 7 år tente han som matros i Kongens flåte. Seinare var han dreng på Seltveit og der gifte han seg i 1702 med Jorunn Knutsdotter. Barn:

a. Knut Eileffson f. 1701 på Seltveit, budde i 1734 på ein plass u. Fister.
b. Guri Eileffsdtr. f. 1702, død 1703.

Eileff Knutson flytte frå Bandura før 1720. Då bur han på plassen Hagen u. Nådland på Ombo.

 

29. Ola Sveinson

bur i Bandura i 1720 og 1723. Han sår ? tn. korn og haustar ¾  tn. Før 4 sauer.

 

30. Jon Jakobson

bur der i 1758. Flytte seinare til Buer (sjå Buer 11).

 

31. Knut Ura

døyper i 1768 dottera Anna. Knut Ura bur der og i 1772.

 

32. Peder Olson

Sæbø g. 1771 i Hjelmeland m. Berta Larsdtr. Dei budde før dei kom til Bandura på Bjelland og Breiland i Fister og Hjelmeland. I 1778 bur dei i Bandura. Seinare bur dei i Barkeneset og Rongarvik u. Barkeland. Peder Olson Rangarvik døydde i 1789 48 år gl. Berta Larsdtr. døydde i 1803 70 år gl. Barn:

a. Kirsten Pedersdtr. f. 1772.
b. Berta Pedersdtr. f. 1773.
c. Berta Pedersdtr. f. 1774.
d. Ola Pederson f. 1778.
e. Kristine Pedersdtr. f. 1779.
f. Lars Pederson f. 1781.
g. Ola Pederson f. 1785.

 

33. Jon Hansson

g. 1779 m. Marta Larsdtr. kom etter Peder Olson til Bandura. Dei er gift i Hjelmeland og er truleg derifrå båe. Jon tenar på Segadal i 1763. Ein son Hans er døypt frå Bandura i 1781.

 

34. Bjørn Pederson

Hole g. 1790 i Sjernarøy m. Mari Kristensdtr. Hidle. Dei busette seg først i Håla u. Fuglestein. I 1797 er dei komne til Bandura.

Barn:

a. Peder Bjørnson f. 1790.                                              
b. Mari Bjørnsdtr. f. 1794.
c. Kristen Bjørnson f. 1799.
d. Kristen Bjørnson f. 1809, busett Barkelandsberget.

 

35. Nils Tollefson

g. m. Barbro Olsdtr. bur i Bandura frå 1812 til 1816. Då flytte dei til Vasshus, ein husmannsplass u. Vatland på Ombo. Barn:

a. Ola Nilsson f. 1813.
b. Barbro Nilsdtr. f. 1816..
c. Tollef Nilsson f. 1818.
d. Barbro Nilsdtr. f. 1820

 

36. Bård Ellingsen

f. 1780 i Vårvik, Suldal, son av Elling Bårdson og kona Ingeborg Johannesdtr. Bård Vårvik vart konfirmert i 1796 og gift i 1801 med Brita Nilsdtr. Dei budde først på Øvrebø der sonen Nils vart fødd i 1805. Seinare budde dei på Daleteigen i Hamrabø. Brita Nilsdtr. døydde i 1812 49 år gl. Bård Ellingsen gifter seg same året med Brita Monsdtr. Litlehammar (truleg tente ho på Litlehammar då): I 1814 får Bård og Brita Daleteigen dottera

Brita.

Dei kom til Bandura ikr. 1816. To barn får dei der:

Ingeborg f. 1818, død same år, og
Elling f. 1820. Brita Monsdtr. døydde i Bandura i 1847 70 år gamal.

 

37. Ommund Oddson

f. 1826, son av Odd Andersson Hebnes, vart i 1854 g. m. Siri Villumsdtr. Foldøy (Varevika) f. 1817. Dei budde først i Nådlandshagen, men flytte til Bandura året etter. Barn me kjenner til:

a. Odd f. 1855.
b. Levard f. 1856.
c. Ommund f. 1861.
d. Villum.

Alle barna budde seinare i Hetland.

Ommund Oddson og kona budde i Bandura i 1875. Då fødde dei 1 ku og 5 sauer, sådde ½ tn. havre og 1 ½ tn. poteter.

Ommund Oddson døydde i 1881.

 

38. Ola Johan Olson

f. 1845, son av Ola Alfson Høyvik, brukar Bandura i 1900. I 1866 vart han gift med Brita Svalesdtr. Fjetland f. 1841. Han dreiv fiske attåt plassen. Dei hadde før butt i Ormannsvik. Barn:

a. Svein f. 1862.
b. Johanna f. 1867.
c. Brita f. 1871.
d. Tomine f. 1875.

Slåtta.

39. Salomon Olson

f. 1823, foreldre Ola Salomonson og Brita Nilsdtr. Helgeland på Ombo. Salomon vart gift i 1847 med Siri Rasmusdtr. Vestersjø f. 1822, dotter av Rasmus Knutson Vestersjø, seinare Brakehauen u. Rørheim, g. m. Marta Levardsdtr. Bjerga på Ombo. Barn:

a. Marta f. 1848.
b. Brita f. 1852.
c. Berta Serina f. 1856.
d. Rasmine Oline f. 1867.

Salomon og Siri bur i Slåtta i 1875. Dei før 9 sauer og sår ½ tn. havre og 1 tn. poteter. Mor til Salomon, Brita Nilsdtr., bur då hjå dei. Salomon og Siri bur der også år 1900.

Søre halvdalarstykke.

40. Nils Bjørnson

Bandeberg f. 1812 (sjå 16 c.) får bygsla dette stykke av verbror sin. Per Eivindson i 1836. Plassen låg på Bandebergs innmark og hadde truleg ikkje vore bygsla bort før. 2 spd. årleg i leiga. Truleg gjekk plassen attende til garden då Nils Bjørnson fall frå.

Nils Bjørnson var gift med Lisbet Nilsdtr. f. 1810 i Stavanger, men då busett i Hjelmelandsvågen. Barn:

a. Magla Kristine f. 1837, død som barn.
b. Magla Kristine f. 1839.
c. Elisabet f. 1842, død.
d.Bjørn f. 1843.
e.Elisabet f. 1847, g. 1874 m. gbr. Jakob Kvam på Nedstrand.
f. Berta Malena f. 1851.

Nils og Lisbet bur der i 1875. Før då 1 ku og 10 sauer, sår ½ tn. havre og 1 tn. poteter. Lisbet døydde i 1886.