Askvik ligg til Vindafjorden. Mot nord grensar garden til Østabø i Vikedal, mot sør til Hebnes, mot aust i utmarka til gardane Tveita og Mehus i Bygda, mot vest til Vindafjorden.
Garden var i 1617 på 3 laup smør, seinare 2 ½ 1. sm., og var odelsgods. Vanlegvis var det eit hovedbruk og eit øydegardsbruk på garden.
Jens Kraft skriv: «På Askvik
er ligeledes gravhøie, blandt hvilke udmerke sig to åbne jettegrave der
holdt omtrent 80 skridt i omkreds og hvori de av stene dannede og med store
flate stene bedekkede gravsteder ere i den ene av 7 ½ og i den anden av
6¼ alens lengde, samt i begge 1½ alen
brede ved hovedet og smalere ved føtterne, og av 1½ alens høide ved åbningen, men inderst kun ¾ alen. Derhos er
nedenfor gården ved sjøen trende store av kampestene sammenkastede
sirkelformige stendynger.»
Ikr. år 1600 var gardn mykje utpanta og lånt på, så bonden der åtte
lite og inkje i garden anna enn odelsretten. Me får ein tokke av det då
Olav. Halvarson i Askvik i 1619 stemner verbror sin, Gunhard Riveland, til
tinget
«Oluf Askvik hadde udi rette latt
stevne Gunhard Riveland for han for en seks års tid siden har fest og tatt et
lobs leie av fornevnte Gunhard Riveland i fornevnte Askvik og gitt ham derfor
hva de er blevne forlikt om. Og nu fortykker han sig og ei vil bygge ham samme
lobs leie for tredje bøgsel, hvorfor han formener ham urett å gjøre, og nu
å møte med hvis han ham samme høgsel forvende vil.
Berette videre at året etter
pestilensen 1601 leigde han 2 1. sm. av Ivar Tjemsland. Deretter bodde han i
halvannet år. Så løste Gunhard Riveland godset fra Ivar. Så kom han til
ham og begjærte førstebøgsel av ham. Der han veigrede sig det å gjøre sa
Gunhard: Vil du ikke leie av mig da skal du bruke ufrelst. Så måtte han gi
ham 13 daler. Siden deretter hadde han leiet av ham hver tredje måle. Nu for
6 år siden fikk Gunhard 1 1. til i fornevnte gård. Da forenn han kunne få
den av ham til de andre to, måtte han gi ham 15 daler og
en hest. Tredje år deretter leide han av ham og ga ham da
tredjeårsbøgsel. Nu i høst var hans måle ut, da bød han ham sin
tredjetage på samme 3 1. sm., hvilke han ingenlunde ville annamme mere enn to
daler av de to løbs leie, dem annammet han. Den tredje bød han ham her for
retten, dog han den ei annamme ville, men svarte dertil at han ikke kunne
imotsige jo av ham å ha bekommet i bøgselpenge en gang 13 daler. Hvor mange
penge han ga ham for alle 3 løbs leie sagde han sig ikke å kunne minnes, men
hesten fikk han. Årsaken at han ikke kunne leie ham den tredje løb smør,
som han begjærte, var at han hadde en søn som han derpå ville innsette.
Om hvilken leilighet de formedels
godtfolks bilegg og underhandlings skyld er blevne således venligen forlikte
med full håndebånde, at fornevnte Gunhard Riveland har annammet den ene
daler til de to forrige i bøgsel av fornevnte 3 løbs leie i tredjetage, og
derimot forærede han ham eller hans søn til leie sig jordfor, til en
behjelpning, en ko eller koværd til 3 daler, så allting dermed er dem klart
imellem.»
I tingboka 1625 les me «Ivar Toreson
bekjente at han på hans fader Tore Ivarsons vegne ompass for 20 år og nogle
år siden oppebar av Gunhard Riveland hans fader tilhørende 50 rd. og til sig
selv 2 rd. for 1 ½ 1. sm. i Askvik
og dermed skulle Gunhard det følge fra ham.»
Gunhard Riveland eig såleis i 1619 alt godset i Askvik, men før 1625 har
Stein Jelsa kjøpt godset. Frå 1625-35 kjøper så Stein Jelsa opp
odelsretten av dei som hadde odel i Askvik.
I 1625 14. des. tgl. Gunhard Riveland at han har seld Stein Jelsa 3
søsterparter i Askvik. Det er den parten som kona hans åtte, og parten til
søster hennar, Margrete Pedersdtr. Østerhus i Jøsen. Dessutan den brorpart
som Gunda Larsdtr. hadde rett til. For dei to første søsterparter vart
betalt 33 rd.
På Sauda og Suldals skipreideting 1. des. 1625 sel Ingebret Andersson på Tveit i Sauda til Stein Jelsa bunestaden som kona hans Gunda Larsdtr. har etter far sin Lars i Askvik, 17 ½ m. sm. for 17 rd. til evig odel. Ingebret set sitt merke under brevet og Aslak Sukka og Ingell Ness segla sine som vitne til handelen.
På same ting sel Per Sveinson på Tjelmeland til Stein Jelsa 9 m. sm. i Askvik som han har arva etter mor si Guri Pedersdtr. Godset er av godfar hans utsett og forpanta og Per Tjelmeland får nå 3 rd. for odelen som frå nå av skal fylgja Stein Jelsa til evig odel.
I 1628 sel Olav Halvarson i Askvik til Stein Jelsa 2 ½ pd. sm. i Askvik for 40 rd. Godset er kona hans Siri Pedersdtr. sitt gods. Brevet var skrive på pergament.
2 pd. sm. i Askvik kjøper Stein Jelsa i 1632 av Gunla Eivindsdtr. Fjelle i Helleland prestegjeld. Ho sel godset på eigne og bror sin Tallak Eivindsons vegne. Godset betalt med 60 rd.
I 1642 tgl. Stein Jelsa eit pantebrev utskrive av Nils Grønnevik på 10 m. sm. i Askvik.
Ei enke, Lisbet i Askvik, truleg enka etter Laurits (Lars) i Askvik, protesterar mot jordsalet i Askvik. Ho har rett til 18 m. sm. der, men Gunhard Riveland har seld også dette til Stein Jelsa. Ho stemner både Gunhard og Stein til tings gong etter gong, men alltid er det ein av dei som ikkje møter. Tilslutt tapar ho retten sin. Det er liten nytte for henne at Stein vart ilagt ei bot på 8 ørtug 13 mark sølv fordi han ikkje møter.
Elles prøver dei gamle odelsretthavarane fleire gonger å få bunestaden att i Askvik, men Stein Jelsa hadde så gode papir og brev på godset at det nytta ikkje.
Etter jordeboka 1649 er Askvik på 2 ½ 1. sm. Er odelsgods og bygslen fylgjer odelsmennene. Anders brukar 1 ½ 1. sm. Enka brukar 1 1. sm.
Etter matrikkelen 1668 har Askvik matr.nr. 31. Er på 2 ½ 1. sm. Odelsgods. Sår 8 tn. korn. Før 32 naut og 2 hestar. Er bjelke- og brenneskog det dei treng til husbruk og husvøling. Litt tømmerskog. Dei meiner han er god for 2 ½ 1. sm. i landskyld, 1 hud og 6 kalvskinn i leidang, 8 spn. korn i tiende og 22 skilling i småreidsla.
I matr.utkastet frå 1723 heiter det om Askvik: 2 ½ 1. sm. Sjølegd. Har skog til husvøling. Ei bekkekvern. Tung å vinna. Jørgen brukar 2 1. sm. Sår 4 ½ tn. og haustar 24 tn. korn. Før 1 hest, 16 kyr og 12 sauer. Truls brukar ½ 1. sm. Sår. 1 ½ tn. og haustar 7 tn. korn. Før 4 kyr, hest og 6 sauer.
Etter matrikkelen 1838 får Askvik matr.nr. 75, løpenr. 1. og 2. Holger Bjørnson brukar etter gamal skyldsetning 3 pd. 18 m. sm. Ny skyldnemning 3 dl. 3 ort 14 sk. Anders Larsson det same.
Etter matr. 1851: Nytt matr.nr. 57, løpenr. 128 Bjørn Holgerson 3 dl. 3 ort 14 sk. Løpenr. 129 Torger Larsson 3 dl. 1 ort 12 sk. Løpenr. 130 Bjørn Larsson 2 ort 2 sk.
Ikr. 1863 vart det nedsett ei nemnd til å verdsetja jordeigedomane og førebu ny matrikkel. Askvik vart vurdert såleis: Askvik matr.nr. 57 løpenr. 128, Bjørn Holgerson, gamal skyld 3 dl. 3 ort 14 sk. Sår 1/5 tn. bygg, haustar 2 tn., 4 tn. havre, haustar 30 tn. 4 tn. poteter, haustar 24 tn. Før 1 hest, 7 kyr, 2 ungnaut og 40 sauer. 13 mål åkerland, 50 mål engslått. Innmarka vurdert til 556 spd. Tillegg for lett åkoma til 124 spd. Nettoverdi av innmarka 680 spd. Beite 240 spd. Skog 440 spd. Vassfall 20 spd. Eigedomens samla verdi 1380 spd. Framlegg til ny skyld 3 dl. 110 skilling.
Løpenr. 129, Torger Larsson, gamal skyld 3 dl. 1 ort 12 sk. Sår 1/8 tn. bygg, haustar 2 tn., 4 tn. havre, haustar 27 tn., 3 tn. poteter, haustar 20 tn. Før 4 hest, 5 kyr, 1 ungnaut og 30 sauer. På ein husmannsplass sår dei 1 ½ tn. havre, haustar 8 tn., 1 ½ tn. poteter, haustar 8 tn. Før 1 ku, 1 ungnaut og 10 sauer. Heile brukets areal 13 mål åkerland og 30 mål engslått. Husmannsplassen 10 mål til ein verdi av 53 spd. Heile bruket sett til 494 spd. for innmarka, for lett å koma til 98 spd. Tilsaman 592 spd. Beite 208 spd. Skog 374 spd. Vassfall 20 spd. Verdien av bruket 1195 spd. Framlegg til ny skyld 3 dl. 47 sk.
Løpenr. 130, Bjørns enke, gamal skyld 2 ort 2 sk. Sår 11/2 tn. havre, haustar 5 tn., 1 ½ tn. poteter, haustar 8 tn. Før 1 ku og 12 sauer. Akerland 5 mål, -engslått 13 mål. Innmarka sett i 77 spd. For lett å koma til 8 spd. Tillegg for lett å vinna 8 spd. Nettoverdi av innmarka 93 spd. Beite 32 spd. Skog 22 spd. Heile bruket 145 spd. Framlegg til ny skyld 49 sk.
Resultatet vart matrikkelen av 1886: Askvik gardsnr. 12 bruksnr. 1, Bjørn Knutson, 6 mark 27 øre. Br.nr. 2, Torger Larsson, 5 mark 43 øre. Br.nr. 3 (Dalarstykket), Bjørn Larssons enke, 65 øre.
Matrikkel 1906: Askvik gardsnr. 12.
Br.nr. 1, Holger Bjørnson, 6,27 m.
Br.nr. 2, Jørgen Jonson, 4,43 m.
Br.nr. 3, Erik Erikson, 0,65 m. (Dalarstykket).
Br.nr. 4, Erik Erikson, 0,27 m. (Gullikstykket).
Br.nr. 5, Lars Hadleson, 0,73 m. (Nordbø).
År 1838 4. okt. gjekk dei opp skiftelinene mellom Østabø og Askvik.
År 1839 var det utskiftning av innmarka mellom oppsitjarane i Askvik. I 1843 27. mai utskiftning av utmarka.
bur i Askvik og betalar skatt i 1521.
i Askvik betalar i 1563 1 dl. i skatt.
er brukar i 1591. Det året er han mellom lagrettesmennene som valde ut
utsendingar til kongehyllinga i Oslo. Om far hans har butt i Askvik kjenner me
ikkje til. Per kan vera gift til Askvik.
Per Eivindson er truleg død ikr. år 1600. Det var det store peståret som seinare i hundre år vart nemnd som tidnemning. Det og det hende før eller etter den store pestilens, heiter det. Barn til Per Eivindson me visst kjenner til:
Truleg var det og ein son Eivind. Han er kanskje død omkring same tid som faren. Gunla Eivindsdtr. og Tallak Eivindson som sel gods, 2 pd. sm. i Askvik, i 1632 til Stein Jelsa må vera barn etter Eivind Person Askvik. Gunla har ein dotterson, Svein Didrikson, som i 1691 gjer krav på odelsretten i Askvik.
Lars i Askvik som i 1617 bur på eit småbruk i Askvik må anten vera son eller soneson av Per Eivindson. Då dotter hans Gunla Larsdtr. sel godset sitt i Askvik, 17 ½ m. sm., til Stein Jelsa, vart det sagt at både far og farfar hennar hadde sin
bune i Askvik. Stein Jelsa seier og at godset var opphaveleg av Per
Eivindson sitt gods.
g. m. Siri Persdtr.
(3 a) overtek 2 laup smør i Askvik i 1601. Verfar hans, Per Eivindson,
hadde panta godset i Askvik bort så Ola Halvarson måtte bygsla bruket av
Ivar Tjemsland. Seinare får han bygsla også ein laup smør til i Askvik og
skulle såleis bruka heile garden. Sjå gardssoga om Askvik.
Ola Halvarson brukar Askvik bortimot 40 år. I 1639 må
han vera avliden. Det året skattar enka av garden. Elles var Ola Askvik mykje
nytta som lagrettesmann både på heimetinget og til å fara til lagtinget i
Stavanger.
Enka brukar Askvik seinare. Nemnd i 1645 og 1649. Det
siste året brukar ho 1 1. sm. Kjenner ikkje noko barn etter Ola Halvarson.
I Askvik var det frå 1600 til 1645 eit lite bruk ved sida av hovedbruket.
Dette småbruket var truleg berre på 18 m. sm.
er nemnd som øydegardsmann i Askvik i 1603.
nemnd frå 1610 og utover.
er nemnd som øydegardsmann i 1617. Den Lisbet i Askvik som i 1624 eig og
brukar 18 m. sm. i Askvik er truleg enka etter Laurits. Me har framanfor sett
korleis ho tapar retten sin til desse 18 m. sm. Truleg var godset så utpanta
til Gunhard Riveland at det var berre bruksretten som Lisbet åtte. Dotter til
Laurits (Lars) Gunda Lauritsdtr. sel odelsretten til 17 ½ m. sm. i Askvik til
Stein Jelsa. Laurits i Askvik har då hatt eit bruk på ½ 1. sm. Enka Lisbet
set i belming med dei 18 m. sm.
er først nemnd i lensreknskapen i 1629. Han bur der med
kona i 1645, men i 1649 er han borte. Ein Sæbjørn bur og brukar ein part av
Framigard frå 1650 åra. Det er mogeleg at det er den same.
f. ikr. 1618, er komen til Askvik i 1649. Han brukar då
1 ½ 1. sm. Ei enka, truleg enka etter Ola Halvarson, brukar 1 1. sm.
Me har tidlegare sett korleis Stein Jelsa kjøpte opp alt
godset i Askvik. Askvik vart delt mellom to av sønene til Stein Jelsa, Anders
og Syvert, med 1 1. 18 m. sm. på kvar.
Det var Anders som kom til å busetja seg i Askvik. I
1649 brukar han l ½ 1. sm., i 1652 heile garden, 2 ½ 1. sm. På
skipreidetinget på Jelsa 31. mars 1653 klagar Syvert Steinson på dette. Han
eig sjølv 1 1. 18 m. sm. der og meinar han burde ha rett til den ½ 1. sm.
som vart ledig etter enka i Askvik året før. Men Anders Steinson la fram
lovleg leigeavtale med far sin, Stein Jelsa, om garden Askvik og faren prova
at det var slik son Anders sa.
Det vart såleis dømt at då Syvert Steinson ikkje før jul hadde kome med noko krav på jorda måtte Anders ha retten som lovleg hadde fest garden.
Anders Steinson vart òg eigar av Framigard Hebnes, 2 1. sm. I 1666 bur eldste son til Anders, Stein Andersson, i Framigard 16 år gamal.
Det var fleire rettssaker om godset i Askvik. Me har framanfor sett at Ingebret Tveit i Sauda hadde seld godset i Askvik som kona hans, Gunla Lauritsdtr., åtte til Stein Jelsa. I 1667 var Gunda oppattgift med Isak Tveit. Sønene til Ingebret ville då overta Tveit og Isak og Gunda vart husville. Dei prøver då å få att bunestaden i Askvik, seier at både far og farfar til Gunda hadde bruket i Askvik all sin dag. Men Anders Steinson hadde gode papir på Askvik så han vart frikjent for kravet.
I 1677 stemner Ola Østebø Anders Askvik for 8 rd. Anders sa at han hjelpte han frå å verta utskreven til soldat. Derfor hadde Ola gjeve han 6 rd. For dei 2 andre hadde han fått 2 vett korn. Dette gjorde Anders eid på og vart frikjent. Ola Østebø vart seinare gift med dotter til Anders Askvik.
I 1682 stemner Nils Larsson Jelsa Anders inn for retten. Nils var g. m. enka etter Syvert Steinson Jelsa som åtte halvparten i Askvik. Anders skulle betala landskyld til Syvert eller barna hans for desse 1 1. 18 m. sm. Det hadde han ikkje gjort. Elles hadde han (Anders) bygsla bort av garden ½ 1. sm. til verson sin Truls Olson. Nils meinte at førstebygsla av dette som var 25 rd. skulle delast likt mellom Anders og barna etter Syvert.
Retten fann at Anders Askvik hadde forbrote seg mot loven og ville, han framleis ha den halvpart som broren hadde ått fekk han bygsla på nytt. Elles skulle den førstebygsel Truls hadde betalt for sin part delast mellom Anders og Syvertsbarna.
Men Anders let det skura som før. Så måtte Nils påny stemna han inn til
tinget. Domsmennene fann at det var grunn til å gå hardt fram mot Anders
Askvik for hans trass, men grunna svogerskapet skulle han ennå få 14 dagar
til å ordna seg på. Dessutan skulle han gje Nils 6 rd. for umak og
omkostningar.
I 1693, omlag, 45 år etter Anders kom til Askvik, vart han for siste gong stemnd for bunestaden i Askvik. Ein Svein Didrikson, dotterson til Gunla Eivindsdtr. (sjå nr. 3), meinte han hadde beste odelsrett til Askvik. Svein Didrikson hadde vore «fra sin fornuft» i 20 år, difor kom han så seint med kravet. På tinget var han uvøren i munnen, skjelte sal. Stein Jelsa for ein skjelm og på andre måter gjorde seg gal og var full. Han vart sett inn på vatn og brød i 8 dagar. Saka vist til overretten der Anders vann.
Det kan sjå ut som om Anders Askvik var ein vriden kar. Men det var nok
så at den som åtte mykje jordegods ofte måtte møta og forsvara seg på
tinget. Jamt over var han likså ofte frikjend som dømd.
Han var kyrkjeverge og lagrettesmann i mange år. 861/2 år var han då han
døydde i 1707.
Anders Steinson var gift 2 gonger. Andre gong ikr. 1675 med Birgitte Olsdtr. Kjølvik. Barn:
frå Sjernarøy, f. ikr. 1650, fekk då han gifte seg med
ei Andersdotter bygsla ½ 1. sm. i Askvik. Me har før sett at det vart strid
om denne bygsla, men Truls kom til å bu i Askvik all sin dag.
Truls Askviks kone døydde i 1709. Truls gifte seg oppatt
i 1710 med Marta Knutsdtr. Truls
Olson Askvik grl. 29. des. 1724. Skifte 16. mai 1725. Barn me kjenner til:
Til verge for enka møtte Åmund Knutson Grønnevik. Truls Olson hadde tent som soldat i 7 år. Elles ofte nytta som domsmann på skipreidetinget.
(9 g) f. ikr. 1678, yngste son til Anders Steinson,
overtok Askvik etter faren. Eldste son i Askvik, Stein Andersson, hadde tidleg
overteke Framigard Hebnes og var død lenge før faren.
Anders Andersson var gift med Guro Nilsdtr., dotter til Nils Larsson Jelsa som faren Anders
Steinson ofte hadde hatt strid med på tinget. Då Anders Andersson gifte seg
var Nils Larsson flytt til odelsgarden sin, Raunes i Vats, så me veit ikkje
visst årstalet.
Godset i Askvik var då delt ut både til arvingane etter
Anders Steinson og etter Syvert Steinson. Anders Andersson meiner seg å ha
beste odelsrett til å løysa godset inn att, og får medhald på tinget.
Knut Sandvik hadde panta til seg ½ 1.
9 m. sm. i Askvik av Syvert Hidle for 30 rd. Anders løyser inn dette. Av
Gunnar Bratland, Søren Bjerga, Knut Sandvik og Jone Knutsvik løyser han inn
1 1. 10 ½ m. sm. Skjøte dat. 21. nov. 1718.
Elles høyrer me lite til Anders Andersson i tingbøkene. Han døydde i 1719 40 år gamal. Barn:
Anders Andersson var den siste av Stein Jelsa folket i Askvik.
frå Hårde i Vikedal vart i 1720 g. m. enka i Askvik,
Guro (Guri?) Nilsdtr.
Til hausttinget 4. nov. 1721 stemner Helge Toftøy på
vegne av myndlingen sin, Stein Pederson Helle, inn Jørgen Askvik. Stein
Pederson var dotterson til Stein Andersson Askvik-Framigard og Holger meinte
han hadde betre rett til odelen og bunestaden i Askvik enn Jørgen. Jørgen
Askvik møtte på tinget og sa at om nokon hadde betre rett enn han til å
sitja i Askvik så måtte det vera steson hans, Anders Andersson. Saka vart
vist til åstaden. Truleg har då Stein Pederson fått tilkjent retten til
Askvik. Men enka hadde rett til å sitja med garden så lenge ho levde. År
1742 vart det tinglese eit skjøte på odelsretten til Askvik frå Stein
Pederson Helle til Jørgen Askvik.
Etter at Truls Olson fall frå i 1725 bruka og åtte Jørgen Askvik heile garden, 2 ½ 1. sm.
Det er skifte etter Guro og Jørgen Askvik 14. juni 1748. Arvingane er:
(12 b) f. 1721 hadde i 1745 overteke halvparten, 2 pd. 9
m. sm., av Askvik. Då faren var avliden overtok han heile garden. Anders
Jørgenson var gift med Eli
Ingebretsdtr. Foldøy (Foldøy 8 e) f. 1727.
I 1758 døydde Anders Askvik 36 år gamal. Han let då
etter seg barna:
Elles var det to døtrer, begge kalla Torborg, som døydde som småbarn.
Ola Jakobson, mannen til Eli Andersdtr., døydde tidleg, Eli døydde som enke
i Askvik i 1834, 83 år gamal.
f. 1728 gifte seg 14 nov. 1758 med enka etter Anders
Jørgenson, Eli Ingebretsdtr. Dei
bruka heile Askvik, men eig 1 pd. 20 m. sm. i garden.
Det var det enka vart tildelt i skiftet etter Anders
Jørgenson. Då Guro Andersdtr. (13 a) som var odelsgjenta i Askvik i 1772
gifte seg med halvbror til stefaren, Lars Toreson Hamra, sa Lars og Eli frå
seg Askvik og flytte til Narrevik i Tysvær. Barn:
halvbror til nr. 14, får frå 1772 halvparten av Askvik
til bruks av halvbror sin Lars Larsson. Henrik Ringa åtte 1 1. 18 m. sm. i
Askvik då. Det var halvparten av garden. Henrik var òg verge for dei to
søstrene til Guro Andersdtr. Dei åtte tilsaman 1 pd. 6 m. sm. i Askvik. Lars
Toreson får i 1772 skjøte både på det Henrik Ringa åtte og det som
søstrene til kona åtte, betalte for det 160 rd. Med kona Guro Andersdtr.
hadde han fått 15 m. sm. i Askvik. Alt i alt eig då Lars Toreson 1 1. 2 pd.
15 m. sm. i Askvik. I 1775 får han skjøte på det vermor hans eig, 1 pd. 21
m. sm. For det betalte han 45 rd., dertil 30 rd. i avstand og 11 rd. i
førstebygsel. Tilsaman 86 rd. Legg me til det han før hadde kjøpt, kom
Askvik på 246 rd. Frå nå av set Lars Toreson som eigar og brukar av all
jord i Askvik.
Lars Toreson fekk premi av det nyskipa Stavanger Amts
Landhusholdningsselskab (nå Rogaland landbruksselskap) for jorddyrkninga
si, likeeins premi, ein sølvpokal, for avlagt «sedvanlig
bryllups yppighed». Skikken med brudlaup som
vara veka ut med mykje mat og drikk hadde teke reint overhand i sokna. Lars Toreson braut med denne skikken, difor premi.
Barn:
Lars Toreson vart grl. 7. april 1799 58 år gamai. I skiftet etter han i 1799 vart Askvik delt i to like partar. Den eine parten bruka enka Guro Andersdtr., andre parten eidste sonen Anders Larsson. Frå nå av kan me fyigja kvart bruk fram til dei bruksnr. dei har i dag.
f. 1773 vart i 1800 g. m. enka Guro Andersdtr. Askvik og
overtek enka sitt bruk i Askvik. Bruket var på 1 1. 18 m. sm. Dei set med
bruket til Guro Andersdtr. døydde i 1835. Ho var då etter kyrkjeboka 88 år
gamai. Det er skifte etter henne 7. juni 1836. Ved skiftet vart denne parten
av Askvik, 1 1. 18 m. sm., verdsett til 600 spd. til innløysing av
odelsmannen, eldste son Anders Askvik, som då i 36 år hadde bruka andre
halvparten i Askvik. I 1838 sel han dette bruket til Holger Bjørnson Topnes i
Nedstrand.
Lars Torgilsson gifte seg oppatt i 1836 med Astrid
Jonsdtr., dotter til Jon Andersson Slottevik. Lars er då 63 år, Astrid
27 år gamal. Dei kjøper i 1841 eit bruk på Foldøy og flytter dit. (Sjå
Foldøy nr. 38).
Topnes f. 1795 kjøper bruket etter Lars og Guro i 1838.
Odelsmannen Anders Larsson hadde fått innløysingsretten i skiftet etter mor
si i 1836, men truleg brukte stefar hans, Lars Torgilsson, bruket til 1838.
Holger Bjørnson ga 800 spd. for bruket.
Holger Bjørnson var då gift med enka i Hervik i
Tysvær, Magla Steinarsdtr. ira
-Meland i Hjelmeland f. 1793.
Med første mannen, Kristoffer Erikson Hervik, hadde ho
barna:
Holger Bjørnson døydde 2. mars 1844, 49 år gamal. Magla Steinarsdtr.
døydde 24. sep. 1878. Skifte 10. des. s. å.
f. 1826 får skjøte på Askvik br. nr. 1 av far sin 2.
aug. 1843. Kjøpesum 550 spd. og årleg folga til foreldra.
Bjørn Holgerson vart i 1845 g. m. Eli Johannesdtr. Kvam på Nedstrand f. 1816, dotter av Johannes Kvam
og Ane Ingebretsdtr. Hebnes. Barn:
I 1869 makebyter Bjørn Holgerson Askvik gard med Rasmus Bjørnson Kjølvik. Kjølvik då verdsett til 3000 spd. og Askvik til 2500 spd. 500 spd. vart betalt kontant (sjå Kjølvik). Rasmus Bjørnson overtok ikkje Askvik, men skjøter Askvik same dag over til Bjørn Knutson Solheim i Nedstrand, då gift med Kristine Holgersdtr. Askvik. (17 g).
f. 1832 på Solheim i Nedstrand, son av Knut Bjørnson
Solheim, kjøper Askvik br.nr. 1 av Rasmus Kjølvik for 2500 spd. i 1869.
Bjørn Knutson vart i 1862 g. m. Kristine Holgersdtr.
Askvik. Det er skifte etter Kristine Askvik 10. jan. 1877. Ho let då
etter seg barna:
Bjørn Knutson gifter seg oppatt med Ragna Nilsdtr., dotter av Nils Ivarson Hebnes Prestestova. Med henne hadde han barna:
Bjørn Knutson Askvik døydde 12. april 1896, skifte 18. august 1899. Enka Ragna Nilsdtr. lever etter han.
f. 1871 var i Amerika i skiftet etter faren i 1899. I
skiftet fekk han heimei på Askvik gr.nr.12 br.nr. 1 av skyld 6 m. 27 øre for
takstsum 7200 kr.
Holger Bjørnson var g. m. Dorte Olsdtr. Haug f. 1878. Barn:
Bjørn Holgerson har nå dette bruket av Askvik.
f. 1773, son av Lars Toreson (sjå nr. 15), får
halvparten av Askvik i skiftet etter faren i 1799. Bruket var på 1 1. 18 m.
sm. Skjøtet dat. 4. november 1800. 1 matr. frå 1838 får bruket ei skyld av
3 dl. 3 ort 14 sk. I 1839 vart det utskift og skyldsett ein part av bruket
kalla Dalarstykket. Det vart sett i 2 ort 2 sk. i skyld og seld til Bjørn
Larsson Dokkskar for 150 spd. Dette bruket får i matrikkelen 1886 br.nr. 3 av
Askvik.
Resten av bruket sat Anders Larsson med til 1844. Då
seide han bruket, som nå var på 3 dl. 1 ort 12 sk. i skyld, til Torger
Larsson Vetrhus i Suldal for 550 spd. og folga. Skjøte dat. og tgl. 5. juni
1844.
Anders Larsson Askvik vart i 1801 g. m. Sissel Reinertsdtr. Tjelmeland f. 1781. Med henne hadde han barna:
Sissel Reinertsdtr. Askvik døydde 26. okt. 1821. Anders Larsson gifter seg med Eli Andersdtr. Vik i Nedstrand. Med henne hadde han barna:
Eli Andersdtr. døydde i 1843 56 år gamai. Mannen og dei fire barna lever ette henne Anders Larsson gifter seg for tredje gong 71 år gamal med Marta Hermanns dtr. Midtvik i Sand 22 år gamai. Hadde ein son med henne:
Anders Larsson døydde i 1849. 1 skiftet etter han i 1850 lever to av barna
av første ekteskap, Malena og Sissel, dei fire barna av annet ekteskap og
sonen Her -iann av tredje ekteskap.
Eldste sonen, Lars Andersson, bur i Askvik i 1875. Han var g. m. Marta Sveinsdtr. frå Vikedal f. 1835. Ingen barn heime i 1875. Ei av døtrene til Anders Larsson, Ella Andrea, vart gift til Buøy eller Hundvåg. Etterkomarar bur der idag.
Enka Marta Hermannsdtr. døydde i 1853, 29 år gamai.
Vetrhus i Sauda f.
1809 kjøpte Anders Larsson Askvik sitt bruk i 1844. Han vart i 1832 g. m.
Mallin Ingemundsdtr. Tjelmeland i
Sand f. 1809. Ho var søsterdotter til 1. kona til Anders Larsson Askvik,
Sissel Reinertsdtr. Tjelmeland, så det var ikkje heilt framant folk som kom
til gards. Før dei kom til Askvik hadde dei ått og brukt sin lut av Helland
i Sand.
I 1870 krev han utskiftning av buhagen. Dei som skifter er Torger Larsson, Bjørn Knutson og Ingeborg Endresdtr. på Dalarstykke.
I 1891 6. okt. skil dei ut ein part av Torger Larsson sitt bruk. Bruket
vart skyidsett til 27 øre og seid til Erik Erikson for 720 kr. Dette bruket
kalla Gullikstykket vart br.nr. 4 av Askvik.
I 1902 vart seld ein part kalla Nordbø til Lars Hadleson Hebnes. Dette
bruk, br.nr. 5 vart skyidsett til 73 øre. Det var då att av Torger sitt bruk
4 mark 43 øre.
Mallin Ingemundsdtr. døydde nyårsdag 1893. Mannen lever etter henne og
barna:
Ein son til Torger Larsson, Ingemund Torgerson, døydde i 1861 17½ år gamal.
f. 1867 i Saga u. Vatland, g. m. Teodora
Faltinsdtr. f.
1872 på Foldøy, har br.nr. 2 av Askvik i 1900. Barn:
Jone Heljeson kjøper Sandvik, br.nr. 23 av Foldøy. Flytte seinare til Stavanger.
Br.nr. 2 av Askvik vart straks etter 1900 seid til Jørgen Jonson Vormestrand.
Dokkskar kjøpte dette bruket i 1839 av Anders Larsson. Matr.skylda på
bruket var 2 ort 2 sk. Seinare revidert til 1 ort 23 sk. og i 1886 sett i 65
øre i skyld.
Bjørn var gift med Ingeborg Endresdtr. f. i Nedstrand i 1815, dotter av Endre Olson på Askvikhaugen.
Barn:
Bjørn Larsson døydde i 1855 47 år gamal. Enka Ingeborg Endresdtr. sat med bruket til ho døydde ikr. 1884. 1 buet etter henne skjøter dei to søstrene Liva og Randi i 1885 bruket over på yngste søster Marta Bjørnsdtr. for 800 kr. (1 kjøpesumen var ikkje medrekna den tredjepart ho sjølv åtte i bruket).
f. 1854 overtek bruket etter mora. Seinare vart ho gift med Erik Erikson
på br.nr. 4 av Askvik. Desse bruka bart då slegne saman til eit bruk.
f. 1842 kjøper dette bruket av Torger Larsson i 1891. Bruket fekk br.nr. 4
av skyld 27 øre. Då Erik seinare gifte seg med Marta Bjørnsdtr., eigar av
Dalarstykket (sjå nr. 25), vart desse to bruka slegne saman. Erik og Marta
bur der i år 1900.
f. 1870, son av Hadle Olson Flåta u. Hebnes, kjøper bruket av br.nr. 2 i
1902. Lars var g. m. Gurina Tormodsdtr. Risvoll
i Sauda f. 1873. Son hans har bruket nå (1962).
Før slutten av 1700 talet finn me ingen husmann i Askvik. Utover 1800 talet er det fleire som freistar livet som husmenn i Askvik.
Askvikhaugen g. m. Kirsten
Osmundsdtr. bur på Askvikhaugen i 1796. Det året har dei sonen Osmund til dåpen. I 1797 vart dottera
f. ikr. 1768, frå Meland i Hjelmeland, bur på Askvikhaugen i 1801. Han
vart i 1798 g. m. Brønla Nilsdtr., dotter
av Nils Larsson Hamra og enke etter Johannes Johannesson Lovra som var
gjestgjevar på Rottenes i Erfjord. Brønla Nilsdtr. fekk kgl. løyve til å
driva gjestgiveriet etter mannen var avliden i 1796. Då ho i 1798 vart gift
med Tjerand Sørenson slutta dei straks etter med gjestgiveriet og flytte til
Askvikhaugen. Bonden i Askvik, Lars Larsson, var farbror til Brønla.
Brønla Nilsdtr. f. ikr. 1764 hadde tri barn med første mannen sin:
Med Tjerand hadde ho dottera
og ei dotter
Brønla og Tjerand flytte til Evje i Tysvær. Skifte etter båe i 1849.
f. ikr. 1773, son av Ola Endreson Brakahaugen i Nedstrand, bygsla i 1823
Askvikhaugen. Då han flytte inn til Jelsa hadde han kona Randi Torbjørnsdtr. og barna:
Randi Torbjørnsdtr. døydde i 1832, 52 år gamal. Endre Olson gifter seg oppatt i 1833 med Mari Oldsdtr. Nordnes, dotter til Ola Samuelson. Ho var då 35 år gamal, han 69 år.
Dottera Ingeborg Endresdtr. vart gift med Bjørn Larsson Dokkskar som kjøpte Dalarstykket og busette seg der. Sjå br.nr. 3 av Askvik.
f. 1780 (sjå Jelsa strandstad nr. 81), g. m. Kirsti Olsdtr.
Mehus i Bygda, får bygsla denne plassen av Lars Torgilsson i 1810. Vilkåra er at han skal slå for 2 ort 16 sk. Han og kona arbeida 3 dagar årleg. For det skal han ha fritt beite for ei ku og så mange sauer han kan fø på plassen. Fritt brenne av nedfallsskog. Han skal arbeida på garden framfor hjå andre i bygda. Barn:
Erik Sveinson og Kirsti flytte visstnok til Mehus i Bygda seinare.
Askvikhaugen bygsla ein plass av Anders Larsson i 1837. Plassen vart då
kalla Træ, men det står i bygslebrevet at plassen, som ligg innangjerds,
ikkje hadde vore brukt av nokon husmann før. Skifte med garden elles går
frå sjoarle og etter ein køyreveg fram til steinbrua. Elles skifter sjøen
eller bøsgjerdet.
Vilkåra var: 3 spd. å betala kvart år til Vårfrumesse. Arbeida i vårvinna 6 dagar, d slåtten slår han eit dalarstykke enghøy, i skuren 10 lass korn. Om hausten eller vinteren arbeidar han 6 dagar i skogen eller anna arbeid. Skal ha fritt beite for ei ku, 4 geiter og så mange sauer han kan fø på plassen. Brenne det han treng av einer og anna avfall
I 1843 reiste Ola Endreson med kona Anna Asklaksdtr. og barnet
f. ikr. 1813 på Amdal i Nedstrand, vart i 1842 g. m. Berta Kristoffersdtr. Hervik i Tysvær f. ikr. 1816. Sjå Askvik 17
c. Dei bygsla plassen etter Ola Endreson i 1843. Barn:
I 1875 er denne plassen kalla Enden. Mikkel Rasmusson og kona bur der fram-is. På plassen før dei 2 kyr og 10 sauer, sår 1 1/10 tn. bygg, 1 tn. havre og 2 tn. poteter
Mikkel Rasmusson døydde 6. mai 1884. Brita Kristoffersdtr. i 1882.
Kristoffer Klausson g. m. Kristine Mikkelsdtr. bur også her i 1875. Har då ein son Konrad Kristofferson f. 1875. Kristoffer er skipstømmermann.
f. 1846 (Askvik 22 c) g. m. Mari Knutsdtr. f. 1859 i Sauda, seinare Kunes i
Nedstrand, bur på denne plassen i 1900. Torger er tømmermann. Barn heime
1900:
Ein son Torvald Malenius f. 1884 er ikkje nemnd i manntalet 1900, han vart sjømann.
f. 1805 i Hjertdal i Telemark, g. m. Brita
Olsdtr. konfirmert i Hjelmeland 1825, flytte inn frå Hjelmeland i 1835 og
får bygsla ein plass av Anders Larsson Askvik same året. Truleg er dette
same plassen som seinare vart kalla Gullikstykket br.nr. 4 av Askvik. Kjenner
ingen barn etter Gullik Tovson. Han døydde i 1856 50 år gamal.
Nordhelgeland i Sandeid f. 1805. Han vart i 1830 g. m. enka etter Åge
Faltinson Haugen på Foldøy, Marta
Hermannsdtr. frå Nordnes. Ho var då 26 år gamal. Dei bygsla
Askvikberget og busette seg der. Daniel Johannesson døydde i 1844 64 år
gamal. Barn:
Marta Hermannsdtr. lever år 1900 95 år gamal. Ho har då dottera Valborg heime hjå seg. Ein dotterson, Åge Thorson f. 1856, var sjømann, han døydde i 1880.